Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Korfor redda Christian Frederik grunnlova i 1814?

f. 1955, professor dr. juris, Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo.

I historieforskinga er det semje om at noko av det viktigaste Christian Frederik gjorde var å berge grunnlova frå mai 1814 inn i unionen med Sverige hausten 1814. Det skjedde gjennom Mossekonvensjonen. Kva som motiverte innsatsen, har det vore spekulert ein god del over utan at ei tilfredsstillande forklaring har vore funnen. Med utgangspunkt i den lite påakta striden om innhaldet av Christian Frederiks abdikasjonserklæring frå 10. oktober 1814 viser artikkelen at for han var det å halde fast ved grunnlova den einaste måten å sikre arveretten for hans etterkommarar når han sjølv skulle abdisere. Frå Christian Frederik kom i mai 1813 til han reiste i oktober 1814 var han konsekvent opptatt av slektsarveretten. Grunnlova var ikkje for han det sentrale, men eit nødvendig instrument i kampen for denne. I erklæringa ville Christian Frederik ikkje inkludere etterkomarar. Det blei likevel av Stortinget tvinga inn den 10. oktober, men då var grunnlova redda.

Why did Christian Frederik save the Constitution in 1814?

In Norwegian historical research, it is generally agreed that protecting the Constitution of May 1814, and safeguarding it as a foundation for the Swedish–Norwegian Union established in the autumn of that year, was one of the most important achievements of King Christian Frederik. This was achieved in the Convention of Moss on 14 August 1814. No satisfactory explanation of what motivated him has been found. The article takes as its starting point the little studied dispute about the content of Christian Frederik’s abdication document in which he did not want to include his descendants. It demonstrates that upholding the Constitution was the only way in which he could maintain the right of inheritance to the Norwegian throne that had been established through his election in May 1814. This made the Constitution instrumental in his fight for inheritance rights. On 10 October 1814, Parliament (Stortinget) forced an abdication also with respect to descendants, but by then the Constitution had already been saved.

Keywords: Christian Frederik, Norwegian Constitution, abdication, Moss Convention 1814.
Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon