I denne årgangens fyrste bidrag tek Åslaug Ommundsen opp grunnlegginga av Nonneseter kloster i Bergen, Noregs største og rikaste kvinnekloster. Etter at det blei klart at klosteret må ha høyrd til benediktinarordenen og ikkje cisterciensarordenen, slik ein tidlegare trudde, kan òg grunnlegginga mest sannsynleg tidfestast til 1120-åra. Dette opnar igjen for å ta på alvor dei kjeldene som har kreditert «fremfarne Konger og Dronninger» for grunnlegginga. Noko definitivt resultat er det ikkje mogleg å kome til, men Ommundsen held kongsbrørne Øystein (d. 1123) og Sigurd (d. 1130) og dronningane deira, Ingebjørg og Malmfrid, som sannsynlege grunnleggjarar og drøfter kva motiv dei kan ha hatt og kva rolle dei kan ha spelt i klosteretableringa.

Trond Bjerkås tek i «Fellesskap, lederskap, utenforskap» opp endringar i normer for politisk autoritet og fellesskap i Noreg med innføringa av formannskapslovene i 1837 som dreiepunkt. Artikkelen har delvis ei omgrepshistorisk tilnærming, der Bjerkås ser på endringar og kontinuitet i bruken av «allmue» og «menighet» frå einevaldsstaten, via 1814-grunnlova og over i det lokale sjølvstyret. Delvis gjennomfører han ein empirisk studie av fire formannskapsdistrikt med omsyn på sosial samansetjing, møtekultur, formyndarrolle og haldning til utvida politisk deltaking. Konklusjonen er at formannskapa i stor grad førde vidare gamle autoritets- og fellesskapsideal og tilpassa dei til den nye konstitusjonen, og at lokale økonomiske og sosiale forhold i avgjerande grad påverka haldninga til politisk representasjon og deltaking.

Resten av dette nummeret er i all hovudsak vigd historiografi og teori/metode-debatt. Stefan Berger har i lang tid arbeidd med nasjonalhistorie og komparativ historie, og han var leiar av det omfattande forskingsprogrammet finansiert av European Science Foundation (ESF), «Representations of the Past. The Writing of National Histories in Nineteenth and Twentieth Century Europe». I artikkelen i dette nummeret samanfattar han mykje av det nordiske bidraget til programmet samstundes som han set nordisk nasjonalhistorie inn i ein allmenn europeisk kontekst. I samanheng med artikkelen hans står tre bokmeldingar av til saman seks bøker i publikasjonsserien frå prosjektet; Bo Stråth drøfter i si melding dessutan nokre generelle sider ved organiseringa av prosjekt av denne typen i lys av dei store økonomiske og politiske omslaga Europa har opplevd dei siste ti åra. Ytterlegare to bøker i serien vil bli melde i eit seinare nummer.

Fredrik W. Thue publiserer i dette nummeret den fyrste av to artiklar om ein av 1900-talets fremste norske historikarar: Jens Arup Seip. Thue, som baserer seg både på trykte og utrykte kjelder, nyttar eit omgrep om «modernisme» til å historisere Seip: lokalisere han i ein bestemt intellektuell tradisjon og identifisere mellomkrigstida som den viktigaste formative perioden i Seips intellektuelle utvikling. I Seips modernisme låg det ei oppfatning av kjeldekritikk som radikal tradisjonskritikk. Denne oppfatninga levde i eit spenningsfylt forhold til eit like sterkt krav om å leve seg inn i fortida, og i denne spenninga finn Thue det som kjenneteiknar Seips vitskaplege grunnhaldning. I neste nummer av Historisk tidsskrift vil Thue følgje opp denne analysen med ein studie av Seip som 1800-talshistorikar.

I debattseksjonen kritiserer Anne Minken Erling Sandmo for måten han har bruka ein passasje i ei eldre svensk reiseskildring på i den faglege innføringsboka Tid for historie. Noko av denne debatten har gått i andre fora tidlegare, og Sandmo har etter kritikk frå mellom andre Minken gjort nokre rettingar i andre utgåva. Minken held fast på at Sandmo også i den andre utgåva driv med eksotisering, og meiner at fenomen Sandmo vil halde opne kan identifiserast relativt enkelt. I svaret sitt avviser Sandmo grunnlaget for Minkens tolkingar, hennar kontekstualisering av den aktuelle forfattarskapen og heile Minkens forståing av kva boka hans handlar om.

Redaksjonen