I år er det 1000 år sidan Olav, den seinare helgenkongen, blei norsk konge. Sverre Bagge går i den fyrste artikkelen i dette nummeret gjennom dei rike, men også mangelfulle, sprikande og til dels motstridande kjeldene vi har til Olavs regjeringstid. Bagge set den tidlege kanonisasjonen inn i ein europeisk samanheng, der Olav er ein av mange kongehelgenar. Han meiner Olav gjorde gjeldande eit arvekrav på riket, og at den tidlege kanoniseringa markerer overgangen frå konkurranse mellom tre dynasti – Hårfagreætta, den danske kongeætta og ladejarlane – til den definitive sigeren for Hårfagreætta.

Forskingsinnsatsen som blei utløyst av fjorårets grunnlovsjubileum, ber enno frukter. Per Kristian Aschim tek i sitt bidrag opp diskusjonen av forholdet mellom kyrkje og stat i Danmark-Noreg frå 1770-åra og fram mot oppløysinga av foreininga. Han viser at kyrkjeparagrafane i Grunnlova ikkje bør forståast som ei rein vidareføring av eineveldets lovgjeving, men at det både i dei såkalla politi- og kameralvitskapane og i naturrettslitteraturen var viktige diskusjonar av dette spørsmålet i tida fram mot 1814. Denne litteraturen gav nye argument og grunngjevingar for den ordninga av kyrkja og religionsutøvinga som blei nedfelt i Grunnlova.

Geir Grenersens artikkel er basert på nærlesing av søknader om lønnstillegg frå det såkalla «Finnefondet» i byrjinga av 1900-talet. Fondet var oppretta for å vere eit instrument i fornorskingspolitikken overfor samar og kvenar og er blitt oppfatta som ein effektiv stimulans til lærarar som la ekstra innsats i å fremje overgangen til norsk språk. Av søknadsmaterialet synest likevel tillegget å ha vore oppfatta som eit nærast obligatorisk og allment lønnstillegg, og det var svake krav til dokumentasjon av kva som skjedde i skulekvardagen. At lærarane kunne samisk og kvensk og aktivt bruka det i undervisninga, kunne bli nytta som argument for å få tillegget. Med atterhald om at kjeldematerialet er frå ein svært avgrensa periode, reiser funna spørsmål om kva som blei forstått med «fornorsking» og om fondet var eit effektivt incitament til å fremje statens politikk.

Nokre av våre lesarar, forfattarar og fagfeller vil ha oppdaga at Historisk tidsskrift har byrja å ta i bruk eit nytt nettbasert system for innlevering og vurdering av manuskript, ScholarOne Manuscripts. Det nye systemet har fordelar og ulemper. Dei mest openberre ulempene er at alt av standardbrev som redaksjonen no får tilgang til, er på engelsk, og at den standardiserte forma kan verke framandgjerande. Nokre av dei vanlegaste breva vil vi lage norske versjonar av. Vi har vore redde for at terskelen for å levere bidrag på denne måten kunne kjennast så høg at vi mista nokre forfattarar, men så langt synest ikkje det å ha vore tilfellet. For redaksjonen inneber systemet lette på fleire måtar, og vi trur at også forfattarar og fagfeller kan sjå nokre fordelar. Men vi er spente på brukaranes reaksjonar, og vil måtte vurdere systemet når vi også sjølve får meir erfaring med det. I samband med omlegginga er forfattarinstruksen skrive om med tanke på det nye systemet. Merk at vi også har oppdatert andre sider av instruksen, særleg når det gjeld utforminga av fotnotar der vi går over frå initial til fullt fornamn på refererte forfattarar. Med bruk av fornamn blei det dessutan påkrevjande å endeleg få ein viss kjønnsbalanse inn i utvalet av eksempel på korrekt noteutforming.