Hovudartiklane i dette nummeret spenner emnemessig over vitskapshistorie, økonomisk historie, emigrasjonshistorie og sosialhistorie, og kronologisk over perioden frå 1700-talet til mellomkrigstida.

Gunnar Ellingsen vil i artikkelen sin om Hans Strøm kome ut over eit perspektiv på Strøm som ein perifert lokalisert og isolert pioner for vitskaplege disiplinar. I staden blir Strøms syn på kunnskap analysert med omgrep som «verdslesing», «naturhistorie» og «sanning mot naturen». Strøms vêrstudiar står i sentrum, men blir sett i samanheng med forfattarskapen hans på ei rekkje andre område. Med den kunnskapstradisjonen Strøm arbeidde innanfor, argumenterer Ellingsen, var ikkje lokaliseringa hans på Sunnmøre eller i Eiker fyrst og fremst hindringar han måtte overvinne. Dei var partikulære lokalitetar i Guds skaparverk som gjorde det mogleg for han å gi eit sjølvstendig og unikt bidrag til internasjonal vitskap. «[…] en agtsom Tilskuer kan paa eet Sted finde Anledning til Anmerkninger, som ikke gives paa et andet», skreiv Strøm i 1775, «og dette er det, som kommer mig til at troe, at de mange Tilskuere, vi have havt i Stæderne, ikke vil giøre denne nærværende paa Landet overflødig eller unyttig».

Ragnhild Hutchisons artikkel om norsk tømmereksport startar om lag på same tid, rundt 1780, og følgjer marknadsendringar, krig og omstillingar fram til ca. 1840. Forfattaren byggjer på velkjent toll- og handelsstatistikk, men òg på til no ukjent handelsstatistikk og på lite nytta utanlandske kjelder. Etter Napoleonskrigane og bortfallet av Storbritannia som hovudmarknad, blei norsk eksport lagt om til billig tømmer av lågare kvalitet og for andre europeiske marknader. Emnet for artikkelen er å vise kva dette innebar og korleis det skjedde. Eit mål for Hutchison er å vise at Noreg som trelasteksportør ikkje var låst fast i ein strukturell periferiposisjon, men var ein aktør som kunne omstille seg og som kunne nytte «sentrums» avhengigheit av tømmer til eigen fordel.

Bidraget frå Andrew Linn byggjer på eit digitalt forskings- og formidlingsprosjekt om norsk utvandring til Amerika. I prosjektet blei det konstruert ei tredimensjonal virtuell verd som tok sikte på å gjenskape etappar av reisa frå ein gard på Voss via Bergen og England til New York i 1882. Særleg blei det lagt arbeid i å rekonstruere den mindre kjente engelske transmigrasjonsbiten av reisa frå Hull til Liverpool. Linn drøftar ei rekkje erfaringar frå dette prosjektet: arbeidet med å lage historiske virtuelle rom, kva dei kan bidra med til forståing av migrasjonserfaringa, og ambisjonen om å nytte dette prosjektet til å kome i kontakt med og samle kjelder frå etterkomarar og andre interesserte. Sjølv om resultata i visse måtar ikkje innfridde forventingane, argumenterer Linn for at slike nettbaserte interaktive rom er og vil kome til å vere ein vesentleg reiskap for historikarar.

Anna Peterson drøftar nokre av verknadene «dei castbergske barnelovene» av 1916 hadde for einslege mødrer og jordmødrer. Einslege mødrer blei lova økonomisk hjelp, men på ein slik måte at autoriteten til helse- og sosialvesen over svangerskap, fødsel og omsorg på same tid blei styrka. Peterson viser ved fleire døme korleis mødrer reagerte på dette ved å ikkje søkje hjelp eller ved å prøve å kome seg unna kontrollregimet, og korleis jordmødrer på si side prøvde å nytte lovene til å styrke si stilling i helsevesenet. Den individuelle og kollektive responsen til desse aktørane var med på å forme tolking og endring av lovverket, hevdar ho, og slik blir dette òg ei historie om korleis kvinner var aktivt med på å skape velferdsstaten og definere grensene for statsmakt.

I debattseksjonen har Hans Jacob Orning eit innlegg om kongemakta i mellomalderen. Det avsluttar ein debatt som starta med Ornings kritikk av Sverre Bagges oppfatning av dette spørsmålet i nr. 2, 2014 og som fekk tilsvar frå Bagge i nr. 1, 2015.

Redaksjonen vil nytte høvet til på same tid å gratulere Sverre Bagge med tildelinga av Gad Rausings pris for si forsking på Europas historie i mellomalderen. Prisen blir delt ut kvart år av svenske Kungliga Vitterhetsakademien og går til ein framståande nordisk forskar innan humaniora og samfunnsvitskap. Prisen, som er på ein million svenske kroner, blei delt ut i Stockholm den 20. mars. Det er andre gongen prisen går til ein norsk historikar, etter at Einar Niemi fekk han i 2003.