Med dette nummeret av Historisk tidsskrift har Tromsø overteke redaksjonsstafetten frå Trondheim. Det er andre gongen det skjer. Fyrste gong var i 1997, og Trondheim- og Tromsøredaksjonane i 1990-åra var dei fyrste som låg utanfor aksen Oslo-Bergen. Vi vil takke den avtroppande redaksjonen under Ida Bull og redaksjonssekretær Ragnhild Green Helgås for deira innsats gjennom fem år og for å ha lagt så godt til rette for ein ryddig, oversiktleg og smidig overgang nordover.

I dette fyrste nummeret vårt kjem stoff som var innlevert og delvis vurdert under den føregåande redaksjonen. Det er som det skal vere: eit tidsskrift med ei så lang historie inviterer ikkje til radikale omleggingar ved redaksjonsskifte. Vi kan utan vidare slutte oss til dei måla Trondheim-redaksjonen formulerte i si tid: at Historisk tidsskrift skal vere det viktigaste tidsskriftet å gå til for den som vil orientere seg om norsk historisk forsking og forsking med relevans for norsk historie. Hovudtyngda av materialet i tidsskriftet har vore, vil vere og bør vere norsk historie på norsk språk. Skal Historisk tidsskrift halde på posisjonen sin, så må det avspegle det som skjer i norsk historievitskap og i forsking på norsk historie i vid forstand, meir enn å fremje eigne fagpolitiske prioriteringar.

Vi vil òg, som den førre redaksjonen, framheve at prioriteringa av norsk historie kan og bør gå saman med internasjonal orientering, på fleire måtar. Vi vil oppmode til at emne frå norsk historie blir analyserte i internasjonale og transnasjonale kontekstar og med referanse til internasjonal forsking. Vi vil gjerne at bidraga i Historisk tidsskrift ikkje berre skal vere bidrag til norsk historieforsking og norsk vitskap, men at problemformulering, perspektivering og teoretisk orientering er slik at resultata kan ha internasjonal og gjerne tverrfagleg relevans. Vidare vil vi gjerne ha engelskspråklege bidrag frå forfattarar som ikkje er tilstrekkeleg fortrulege med å skrive på norsk, men som arbeider med emne av relevans for norsk historie. Og endeleg vil vi òg ta imot bidrag av norske historikarar skrivne for eit norsk publikum om ikkje-norske emne. Mange norske historikarar arbeider no med ikkje-norsk historie, og også det bør avspeglast både i artiklar, debattinnlegg og bokmeldingar.

Skal vi formulere ein sjølvstendig ambisjon, så må det vere eit ynskje om å vere med å fremje den historiografiske og teoretiske refleksjonen i faget. Dette blei etterlyst i evalueringa av norsk historieforsking i 2008, og i kjølvatnet av evalueringa er det gjennomført fleire historiografiske prosjekt. Det er viktig at teoretisk-metodiske spørsmål stadig blir gjennomtenkte på ny og at norske historikarar er orienterte om internasjonal teoretisk debatt. I denne samanhengen vil vi òg gjerne etterspørje artiklar som gjer opp forskingsstatus på sentrale område eller som introduserer nye historiefaglege tendensar og retningar.

Då det nye systemet for resultatbasert finansiering av universitet og høgskular blei innført, lukkast det i fyrste omgang å få aksept for at Historisk tidsskrift skulle klassifiserast som eit nivå 2-tidsskrift. Dette blei endra i 2012. Så langt synest ikkje denne endringa å ha hatt så destruktive konsekvensar som ein kunne ottast. Tilgangen på artiklar har til no ikkje endra seg vesentleg, norske historikarar har ikkje umiddelbart lagt om sine publiseringsstrategiar. Det må vel seiast å vere ein sunn reaksjon og uttrykk for ei realistisk oppfatning av at denne nivåplasseringa like mykje er eit resultat av institusjonelle forhandlingar, faglege maktkampar og slump som av dokumenterbare kvalitetsforskjellar. Historisk tidsskrift var gjenstand for internasjonal evaluering ved siste tiårsskiftet (årgangane 88 og 89) og oppnådde 6 («excellent»), nest høgste karakter, for vitskapleg kvalitet. Det som er heilt sentralt i denne samanhengen, er at HT er i stand til å tilby den mest kompetente vurderinga av innsende bidrag som er å oppdrive. Her er fagfellene tidsskriftets viktigaste ressurs, og alt no kan vi slå fast at her blir det gjort mykje arbeid av svært høg kvalitet. Fagfellearbeidet er anonymt og ikkje-kreditert, og ikkje minst i det lyset er kvaliteten på det arbeidet som blir gjort imponerande. Historisk tidsskrift er heilt avhengig av at denne dugnadsinnsatsen, som også omfattar våre nordiske kollegaer og av og til ikkje-nordiske, blir halde oppe på det nivået det jamt over har i dag. Det same gjeld bokmeldingstenesta. Den er vital for eit levande fag, og bokmelding burde vere ei sjølvsagd og sentral vitskapleg oppgåve. I det noverande systemet for registrering av publikasjonar er bokmeldingar likevel rekna som ikkje-vitskapleg aktivitet.

I det komande året må det gjerast nokre viktige vegval. Norges forskningsråd vil frå 2017, med søknadsfrist april 2016, berre gi driftsstøtte til tidsskrift som går over til open tilgang (Open access). Den norske historiske forening (HIFO) som eigar av Historisk tidsskrift må ta stilling til om dei framleis vil søkje slik støtte. Gjer ein det, og går over til open tilgang, så vil ikkje lenger institusjonelle tingarar av tidsskriftet måtta betale for det og alle vil kunne lese tidsskriftet gratis på nettet. Det vil stadig vere utgifter til redaksjonssekretær og til produksjon sjølv om papirutgåva skulle bli borte, og desse utgiftene vil då måtte dekkjast på annan måte enn gjennom abonnementsinntekter. Det er i denne samanhengen det er tale om å innføre «betaling» for å publisere (Article Processing Charge, APC). Skulle det skje, må vi ta for gitt at det blir funne institusjonelle løysingar som gjer at slik avgift ikkje vil kome til syne som ei individuell utgift for den enkelte forfattaren, med eller utan institusjonstilknyting.

HIFO kan òg velje å ikkje lenger søkje tilskot frå NFR, eit tilskot som alt har gått kraftig ned dei siste åra. Eit spleiselag mellom dei historiske fagmiljøa ved universitet, høgskular og andre institusjonar vil kunne dekkje inn dette bortfallet. Ei særleg utfordring for HIFO er at medlemskap i foreininga er så tett forbunde med tinging på Historisk tidsskrift. Om HT ikkje lenger er ein del av medlemspakka fordi det er gratis på nett, kan det ha konsekvensar for medlemsrekruttering og foreiningsidentitet.

Eit meir avgrensa redaksjonelt spørsmål gjeld mogleg overgang til nytt teksthandteringssystem. For forfattarane våre vil det innebere ein ny måte å sende inn manuskript på. Mange er alt kjent med slike system, og for oss vil det vere avgjerande at eit nytt system er enkelt for brukarane. Vi nemner dette fordi det aktualiserer ei oppdatering av forfattarinstruksen, m.a. standarden for referansar. Vi gjer ikkje noko med det i fyrste omgang, men vil uansett kome tilbake med nokre justeringar seinare på året.

Dette nummeret opnar med ein artikkel av Yngve Flo om dei langsiktige planane Nasjonal Samling hadde for lokalstyre og distriktsforvalting i eit nasjonalsosialistisk Noreg. Nyordninga skulle som før baserast på fylke og kommunar, men styringsorgana skulle straumlineformast og inngå i eit einskapleg hierarkisk system der det ikkje var rom for sektorautonomi, lokalt sjølvstyre eller politiske usemje. Skiljet mellom lokale og statlege oppgåver skulle gjerast irrelevant. Dei lokale organa skulle få større styringskapasitet, men som instrument for den sentrale statsmakta. Fylkesmenn og ordførarar skulle stå ansvarlege berre overfor autoritetar på høgare nivå, ikkje overfor innbuarane og deira representantar. Som krigens taparar fekk NS aldri høve til å gjennomføre dei omfattande planane, og Flo spør òg om det i det heile hadde vore mogleg å implementere dei.

Utgangspunktet for Gunnar Thorvaldsen er opplysningane om trussamfunn i dei norske folketeljingane. I desse blei livssyn registrert på individnivå frå 1865 til 1980, og det gjer dei norske folketeljingane til ein av verdas lengste seriar med kjelder til studiet av religiøs variasjon. I den perioden det her gjeld, var Noreg massivt protestantisk. Men også innan luthersk kristendom fanst det avvikande retningar, og i somme lokalsamfunn kunne dissentarsamfunn stå svært sterkt. Thorvaldsens artikkel presenterer ei kartlegging av geografisk og tidsmessig variasjon i dissentaraktivitet i perioden før statskyrkja for alvor blei utfordra av sekularisme og ikkje-protestantisk innvandring.

Harald Espeli går i sitt bidrag gjennom ein serie debattar heilt frå 1814 om organisering av den statleg revisjonsordninga. Revisjon av statens utgifter var lenge delt slik at Stortinget reviderte regjeringas budsjett medan dei talrike rekneskapa til andre statlege etatar blei reviderte hovudsakleg av regjeringas eige Revisjonsdepartementet. Espeli legg hovudvekta på dei konstitusjonelle sidene ved desse debattane og framhevar at det var konstitusjonelle omsyn og prosedyrekrava til grunnlovsendring som gjorde det så vanskeleg å få oppslutning om ei anna løysing. Det skjedde fyrst i 1918 då Gunnar Knudsen greidde å drive gjennom ei ordning som Stortinget hadde sett seg imot så seint som i 1915, og som innebar at revisjonen frå no blei underlagt ein særskilt Riksrevisjon under ein Riksrevisor.

Birgit Sawyer tar opp karakteren Sigrid Storråde, ei svensk stormannsdotter som var gift med Erik Segersäll, mor til Olof Skötkonung og seinare gift med Svend Tveskæg av Danmark. Ho er å finne i både Fagrskinna og Heimskringla, men er ifølgje Sawyer ein heilt fiktiv person. Spørsmålet er då kvifor ho opptrer i kongesogene. Sawyer meiner ho blei funne opp for å avlaste Olav Tryggvason for skuld i konflikten med Svend Tveskæg, og at ho er modellert etter den russiske prinsesse Olga.

Nummeret inneheld også eit lengre debattinnlegg frå Sverre Bagge. Det er eit svar på den kritikken av oppfatninga hans av borgarkrigane som blei framført av Hans Jacob Orning i Historisk tidsskrift nr. 2, 2014. Bagge tek avstand frå Ornings tolking, men reviderer på same tid sine eigne, eldre synspunkt. Ei fyldig avdeling med bokmeldingar avsluttar nummeret.

God lesing!

Redaksjonen