John Peter Collett

Universitetet i Oslo 1811–2011. Bok 1: 1811–1870: Universitetet i nasjonen

Oslo: Unipub 2011. 552 s.

Våren 1993 vart det starta arbeid på eit prosjekt som m.a. skulle syta for utgjeving av eit bokverk om Universitetet i Oslo til jubileet i 2011. Det omfattande tiltaket skal ikkje nærare omtalast her, berre bind 1 i ein serie på ni bind som alle kom ut i jubileumsåret. Av desse vert seks bind presenterte som kronologiske framstillingar av «integrert» universitetshistorie i oppgjevne periodar. Bind 7 omhandlar «Samtidshistoriske perspektiver», bind 8 tek føre seg «Akademikere mellom universitet og samfunn», og bind 9 ber tittelen «Studentminner».

At framstillinga i dei einskilde kapitla skal vera integrert, skal særleg innebera at dei ulike fakultet og fagfelt ikkje skal omhandlast i spesielle bøker eller bolkar, men det skal leverast ein samla vevnad som gjev oss «en historie om universitetet i en bred samfunnsmessig kontekst». Tanken er at dette skal gje betre innsikt i «universitetet som institusjon, i kreftene bak dets utvikling, og dets plass i så vel det nasjonale som i det internasjonale samfunn» enn i tidlegare tilsvarande verk. Til Københavns Universitet sitt 500-års jubileum i 1979 vart det planlagt eit verk i 14 bind som det tok innpå 30 år å få ut.1 Der er den såkalla «Almindelig historie» framstilt i tre kronologiske bind, medan dei andre stort sett tek føre seg einskilde fakultet. Vekta vert dermed liggjande på fag- og vitskapshistorie, som er viktig nok, særleg for spesialinteresserte, medan det norske opplegget meir vender seg til eit breiare publikum. Det er eit godt val, som også er meir naturleg i dette hundreåret enn i det førre.

John Peter Collett står som hovudredaktør for heile verket, og det er han som har ført dette første bindet i pennen. Alt i 1999 gav han ut ei bok som på mange måtar var eit førearbeid til heile det store verket. På 283 sider vart det gjeve ei framstilling av «Historien om Universitetet i Oslo».2 Det er framleis all grunn til å tilrå den boka som innføring for alle som ikkje ser seg syn med å gå laus på dei omfangsrike bøkene i det store verket. Det nyare og grundigare arbeidet med universitetshistoria har nok gjeve mange nye innsikter, men få av slik avgjerande karakter at det dramatisk endrar hovudtrekka i den korte skissa.

Collett skriv i føreordet at han for dette første bindet har sett seg fem målsetjingar eller «formål» som han kallar det. For det første vil han visa korleis universitetskravet kunne bli så viktig at nordmenn viljugare enn nokon gong elles gav midlar til saka, og samstundes forklara kongens langvarige motstand mot tiltaket. For det andre skal det visast korleis drøftingane om eit norsk universitet gjekk inn i ein samtidig internasjonal debatt som innverka på dei planane som vart lagde i 1812. Dernest skal det forklarast korleis universitetet etter 1814 vart viktig på ein annan måte enn planlagt. Vidare skal det forklarast korleis universitetet gjennom 1830- og 1840-åra endra retning. Den femte og siste målsetninga, som nok er den minst skarpe, er å «føre historien frem til universitetets 50-årsjubileum i 1861, … og peke på noen av de utfordringer universitetet stod foran ved overgangen til en ny epoke i dets historie». Desse fem «formål» som forfattaren skisserar, er likevel ikkje nytta direkte til disposisjonen av boka der 552 sider er disponerte i 17 kapittel. Ein vil heller ikkje finna tydelege oppsummerande formuleringar om desse målsetjingane. Som overskrift har han nytta «Universitetet i nasjonen».

Å skriva denne boka har vore ei stor, viktig og krevjande oppgåve. Ikkje minst i tida omkring etableringa av universitetet er universitetshistoria så sterkt innvevd i generell norsk historie at det kan liggja nær å skriva brei noregshistorie. Forfattaren har søkt å finna balanse mellom dette og på den andre sida å skriva snevrare fag- og vitskapshistorie. Han har lykkast godt med det. Og la det med det same vera sagt at boka har mange gode kvalitetar. Det er gjort eit imponerande arbeid med både originalkjelder og sekundærlitteratur av svært omfang, og boka formidlar stor og velfundert innsikt. Vi har fått ei interessant og svært leseverdig framstilling av den eldste historia til Universitetet i Oslo, og det er viktig, ikkje minst fordi denne institusjonen har slik ei sentral rolle i utviklinga av heile nasjonen. Denne sterkt positive vurderinga av boka skal understrykast, sidan spørsmål og merknader i det følgjande vil få ein del plass og lett kan skapa eit utilsikta heilheitsinntrykk.

Det er universitetshistorie frå 1811 til 1870 som skal framstillast, men den framstillinga må sjølvsagt gå litt lenger tilbake i tid. Kor langt tilbake, og kor stort omfang framstillinga av tankar og planar før 1811 bør ha, kan det vel vera delte meiningar om. Collett dreg ei tynn linje frå dei eldste universiteta, vidare til Københavns Universitet frå 1479, og koplar så på tankar om ein høgre læreinstitusjon her i landet frå 1661. I to kapittel skildrar han så universitetsreform i Danmark og norske universitetskrav 1760–1772, og «universitetsurolighederne i Norge» i 1790-åra, før han går laus på utviklinga dei siste par åra før vedtaket om universitet i Noreg vart gjort 2. september 1811. Framstillinga er grundig og interessant, og følgjer stort sett dei oppfatningar som også tidlegare har vore kjende.

Universitetssaka har hatt ein viktig i plass i forteljinga om utviklinga av nasjonen og den nye staten. Når Collett brukar overskrifta «Universitetet i nasjonen» både som overskrift på heile bindet og på eit eige kapittel om perioden 1815–24, har det gode grunnar. Men det må vera grunn til å pirka litt på det vanlege inntrykket av ei sterk unison nasjonal rørsle knytt til universitetssaka. Collett sitt første «formål» skulle vera å visa korleis universitetssaka var så stor ei sak «for Norge og nordmennene» at dei viljugt satsa sine midlar på ho. Gjorde nordmennene det? Kva fortel eigentleg resultatet av den store innsamlinga til universitetet i 1811? Collett er klår over den «skjeve geografiske fordelingen» i ytingane, og gjer greie for at 80 % av innsamla midlar kom frå «Østlandet og fra kystbyene nedover til Arendal» (s. 111). Resten av landet, langt den største delen, omfatta m.a. den desidert største byen i landet, Bergen, og Trondheim, som var om lag på storleik med Kristiania i folketal. Blir ikkje «eventyrlige gevinster» på lisensfarten med trelast litt utilstrekkeleg forklaring på innsamlingsresultatet? Kan vi slå oss til ro med påstanden om at innsamlinga «etterlot ingen tvil om at universitetskravet hadde bred oppslutning i Norge og i alle lag av befolkningen» (s. 112)? Også gjennomføringa av den store nasjonalfesten 11. desember 1811, som skulle vise glede og takksemd for vedtaket om universitetet, viser at det nok kan reisast tvil om det var heile Noreg og alle nordmenn som heldt fest.3 Alt i samtida vart det lagt merke til dei store regionale variasjonane både i gjevarglede og festing, og i litteraturen finn vi at t.d. Arne Bergsgård, som er særleg oppteken av den nasjonale rørsla, strevar med tolkinga av det som skjedde. «Det må undra ein at forretningsmennene på Vestlandet og i Trøndelag kom så lite eller slett ikkje med». Det «vekte ei lei oppsikt», meinar han.4 Han stiller spørsmålet om det skulle vera utslag av lokal uvilje mot å følgja «ein agitasjon som hadde midstaden sin i Oslo, og som rimelegvis ville føra til at universitetet kom til å liggja på Austlandet ein stad?». Han finn at innsamlinga er eit sterkt vitnemål om kor mykje det vanta på at det norske folket «var nasjonalt samanstøypt i ei stor fedrelandsk sak». Men slik eventuell lokal uvilje vert det ikkje gått vidare innpå, det er den store nasjonale rørsla som står i sentrum.

Det kan vel tenkjast at Bergsgård er inne på noko viktig når han undrast på om innsamlinga til universitetet vart rekna som ei austlandssak. Når Collett vil skriva om universitetet i nasjonen, er dette av dei spørsmål som gjerne skulle ha vore nærare avklåra. Som det blir vist, fanst det mange ulike tankar om universitetet, kva det var og kva det skulle verka i Noreg. Å få ein slik institusjon til landet var ei stor sak, men det vart tidleg også snakk om lokalisering. Synspunkta og argumenta var mange og varierte. Det kunne leggjast ulikt innhald i kva eit norsk universitet burde bety. Sjølv om ei oppfatning av at universitetet nok ville bli plassert på Austlandet var vanleg, truleg frå 1790-åra, var lokaliseringa ikkje definitivt avgjort før 12. februar 1812. Slik sett er universitetet i Oslo eit lite halvår yngre enn universitetet i Noreg som vart vedteke oppretta 2. september 1811, noko som godt kunne ha vore betre markert. Collett har valgt å leggja mindre vekt på lokaliseringsdebatt enn på t.d. debatten om innhald, og det er eit greitt val. Men det er lett å skapa ei oppfatning av at resultatet, plasseringa i Oslo, var meir opplagt enn det i realiteten var. Motstand kom frå fleire hald, om ikkje ofte så markert som frå Carsten Anker. Då saka var avgjort av kongen 12. februar 1812, gjorde Anker alvor av å trekkja tilbake sitt tilsagn om økonomisk stønad.5 For han var det Kongsberg eller Trondheim som ville ha vore det rette valget. Kanskje får vi både i tidlegare litteratur og i denne nye framstillinga eit litt for ukomplisert syn på kva rolle innsamlinga til universitetet og heile universitetssaka spela i samtida? Det hadde vore nyttig med ei drøfting av i kva grad universitetet ved opprettinga og den første tida verkeleg var ei sak for heile landet, og ikkje hovudsakleg ei sak for den framveksande hovudstaden.

Når det gjeld den andre delen av forfattarens uttalte målsetjing for den første delen av boka, intensjonen om å forklara kongens motstand mot eit universitet i Noreg, vert dette gjort utan at han fell for freistinga til å gå langt inn i heile den politiske situasjonen. Samla får vi ei interessant framstilling av universtetssaka fram til realisering kan ta til frå 1811.

Også når det gjeld utviklinga gjennom dei følgjande turbulente åra i norsk historie, har forfattaren gjort eit godt arbeid med på kunnig måte å føra oss gjennom eit terreng der det kan vera vanskeleg å halda universitetet i fokus. Målsetjinga om å kopla dei norske drøftingane til internasjonale trendar blir i rimeleg grad oppfylte. Når det så skal visast korleis universitetet i Oslo vart noko anna og viktigare enn det som først var planlagt, kunne ein nok ønskt seg ei meir eksplisitt drøfting av skilnaden mellom tankar og planar fram til 1814 og realitetane i den følgjande perioden.

Kronologisk blir framstillinga delt i bolkar med meir eller mindre klåre skiljelinjer i 1824, 1832, 1845 og 1861. Dette fungerar greitt, og det blir ei instruktiv framstilling som for lengste perioden både er stoffrik og samstundes teiknar gode linjer. Vi blir kjent med mange viktige saker og interessante personar. Både fundasar og regelverk, eigedomar og bygningar, lærarar og administratorar, studier og studentar og mykje meir er omhandla. Boka vil kunne fungere både som oppslagsverk og som inspirasjon til vidare forsking.

Sjølv om omfanget har blitt stort, er det likevel mykje ein gjerne skulle sett hadde fått plass, og då helst litt meir linjer på kostnad av detaljrikdom. I vår tid er vi gjerne opptekne av undervisning, forsking og formidling som sentrale funksjonar. Ein interessant ting ville ha vore ei meir eksplisitt drøfting av forskingsfinansieringa, ikkje minst fordi det også ville ha fortalt noko om hovudtemaet «Universitetet i nasjonen». Korleis vart ny forsking finansiert? Korleis samverka universitetet i Oslo med andre miljø og forskingsinteresser, kva finansielle kjelder fanst? Collett viser fleire døme på at fram til 1860-åra fekk t.d. mange professorar ved universitetet og unge forskarrekruttar stipendmidlar frå Det Kongelige Norske Videnskapers Selskab (DKNVS) i Trondheim, der dei også gjerne var medlemmer. Kva rolle spela dette?

Det er lett å be om meir der ein alt har fått mykje. Dei få kommentarar og ønskje eg har trekt fram her, ber kanskje tydeleg preg av tilknyting til ein annan del av landet, men det er kanskje også ein effekt av at boka, trass i intensjonen om også å gjelda universitetet i nasjonen, likevel synest ha klårast preg av å gjelda Oslo og bli relativt nærsynt.

Diverre kan ein ikkje la vera å peika på at arbeidet har blitt framtungt. Medan ein med rette brukar plass på tida før 1811, rekk ein liksom ikkje heilt fram til 1870. Boka skal dekkja tida så langt fram, og sluttar rett nok med Schweigaards død det året. Men siste kapitlet er kort og heiter «Avslutning av en epoke», det nest siste har overskrifta «Mot 50-årsjubileet 1845–1861». Tida etter ca 1850 får relativt liten plass. Bind 2 for tida 1870–1911 held seg til den oppgjevne tidsavgrensinga utan å hjelpa til med utfylling for dei føregåande tiåra. Dermed blir denne ubalansen i første bindet litt generande.

Boka er på mange vis eit godt og solid arbeid som både forfattaren, det jubilerande universitetet og vi interesserte lesarar kan gleda oss over. Ho gjev både omfattande og inspirerande innsikt i den første delen av universitetshistoria vår, og fortener mange lesarar som også vil få lyst til å gå vidare med dei neste binda i det samla jubileumsverket.