Eitt av dei tema som har vore mykje framme i etterkant av evalueringa av norsk historieforsking i 2008, er det store omfanget som lokalhistorie har i Noreg. Evalueringsutvalet sette lokalhistoria inn i ein samanheng som understøtta påstanden om at norsk historieforsking er kjenneteikna ved såkalla «metodologisk nasjonalisme». I den lokalhistoriske forskinga, heiter det, er «nasjonen den selvfølgelige sammenhengen eller referanserammen. Stedet som studeres profileres gjerne som pioner eller ettersleper, som typisk eller atypisk.»1 Utvalet vurderte òg samanhengen mellom lokalhistorie og nasjonal historieskriving. Her vart det hevda at dei nasjonale syntesane i stor grad er tufta på lokale studiar «som kontekstualiseres på nasjonalt nivå». Omvendt vert mange lokalhistoriske arbeid skrivne med utgangspunkt i «det bildet som de nasjonale fremstillinger presenterer».2 Både omgrepet «metodologisk nasjonalisme» og lokalhistorie og anna oppdragshistorieforsking si stilling i Noreg har vorte heftig debattert etter at evalueringa kom.3 Det same gjeld tilhøvet mellom lokal- og rikshistorie. Utvalet har òg vorte kritisert for å ha eksponert eit for snevert syn på lokalhistoria sin funksjon i norsk historieforsking, mellom anna ved at ein ikkje har fått med seg at innsikter frå lokalhistorisk forsking i mange tilfelle har vore med på å problematisera hevdvunne nasjonale mytar.4

Ærendet i dette innlegget er å problematisera tilhøvet mellom byhistoriesjangeren og dei nasjonale forteljingane i norsk historieskriving på det tekstlege nivået, noko evalueringsutvalet sin rapport innbyr til. Utgangspunktet mitt er ei erkjenning av at forteljinga er historiefaget si form. Tilhøvet mellom forteljingar innanfor ulike historiefaglege sjangrar må difor ta utgangspunkt i likskapar og ulikskapar i forteljingane sine strukturar, i måten dei er oppbygde på og korleis dette bidrar til å understøtta handlinga eller plottet i dei.5 Her spør eg i kva grad ein finn dei nasjonale forteljingane om utviklinga av det moderne norske samfunnet att i byhistoriske tekstar, i måten byhistorie vert skriven på. Men først skal eg drøfta tilhøvet mellom lokalhistorie, byhistorie og rikshistorie meir allment.

Lokalhistorie, byhistorie, rikshistorie

Norsk byhistorieskriving er både urbaniseringshistorie og lokalhistorie. Som urbaniseringshistorie dreier byhistorie seg om å studera ulike sider ved bysamfunna si historie for å vinna innsikter om korleis urbaniseringsprosessar har utspelt seg til ulike tider og i ulike geografiske rom. Dette forskingsfeltet er internasjonalt, og institusjonalisert i tidsskrift som Journal of Urban History og Urban History.6 Som lokalhistorie er byhistorie kjenneteikna ved dei store bymonografiane, der dei enkelte byane si historie vert skildra i syntetiserande verk som går over mange band.7 I Noreg står båe desse tradisjonane sterkt. Mange vil likevel hevda at bymonografien har ein særskilt plass i norsk byhistorieskriving, og at det er denne som har danna utgangspunktet for den historiske forskinga kring urbanisering. Mellomalderhistorikaren Geir Atle Ersland konstaterte til dømes i ei avhandling frå 1994 at «studiar kring den norske byveksten i hovedsak [har] vore knytta til enkeltbyar si historie» og at bymonografien i mindre grad har «vore nytta til å kasta lys over byen som fenomen».8 Ei slik erkjenning låg òg til grunn for seminaret «Norsk byhistorie – tid for syntese?» i 1999. Utgangspunktet for dette seminaret var at det hadde meldt seg ein trong for meir syntetiserande oversiktar over norsk byhistorie som forskingsfelt. Det var særskilt trong for å leggja til rette for å jamføra urbaniseringsprosessane mellom byar både nasjonalt og internasjonalt, vart det hevda.9 Seminaret i Trondheim vart det første i rekkja av tilsvarande seminar som i sum førte fram til utgjevinga Norsk byhistorie. Urbanisering gjennom 1300 år i 2006. Her vart den kunnskapen som var samla gjennom arbeidet med mange enkeltbyar si historie søkt samanfatta i ein syntese over norsk byutvikling i fire historiske fasar.10

Norsk byhistorie. Urbanisering gjennom 1300 år var altså eit forsøk på å skriva ei syntetiserande framstilling over norsk urbanisering, eller, som Knut Helle skriv i eit innleiande kapittel, å «karakterisere den bredere urbaniseringen i hver av de hovedfasene vi deler den norske byutviklingen inn i».11 Verket var slik sett å rekna som ein syntese over forskinga innanfor eit spesifikt historisk felt, av den typen som det etter kvart har vorte produsert mange av i norsk historieforsking.12 Men vegen gjekk frå monografiar til syntese, og dette kan seiast å vera karakteristisk: Som sjanger er ikkje bymonografien spesiell for Noreg, heller ikkje at desse vert skrivne av profesjonelle og etablerte historikarar. Slike finst òg i dei andre nordiske landa. Men det som ser ut til å vera særskilt for Noreg, er at det er arbeidet med monografien som dannar underlaget for urbaniseringshistorie som forskingsfelt. I ei jamføring av norsk og dansk byhistorieskriving frå slutten av 1990-åra, syner Ole Degn at norske byhistoriske verk i ein heilt annan grad enn danske, byggjer på primærkjelder. Dei danske bymonografiane var i jamføring kjenneteikna ved at innsikter som var henta frå det urbaniseringshistoriske forskingsfeltet, vart oppsummerte. Ein annan skilnad var at dei norske byhistoriske verka i stor mon hadde form som kronologisk organiserte synteser skrivne av éin forfattar. I Danmark var verka gjerne meir tematisk innretta, med mange fleire bidragsytarar. Her gjekk vegen såleis frå felt til monografi eller, meir presist, frå felt til antologi.13 Slike karakteristikkar kan òg knytast til svensk byhistorieskriving.14 Motsett er hovudinntrykket at det er den stort opplagte monografien som framleis dominerer norsk byhistorieskriving òg på 2000-talet.15 Skilnadane mellom Noreg på den eine sida og Danmark og Sverige på den andre, indikerer at norske oppdragsgjevarar er villige til å bruka mykje større ressursar på denne type prosjekt enn ein er i grannelanda. Dette er på same tid eit uttrykk for at det er lokalhistorie heller enn urbaniseringshistorie som har primat i norsk byhistorieskriving.

Lokalhistoria si plassering innanfor ei nasjonal ramme – som evalueringsutvalet meinte å påvisa – må vi sjå i samanheng med det historiske opphavet som sjangeren har. Sjangeren vart etablert, ikkje berre parallelt med, men som del av, norsk nasjonsbygging på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Lokalhistorieskrivinga var litteratur og folkerørsle på éin og same gang. Dette vart institusjonalisert i dei lokale historielaga som vaks fram frå byrjinga av 1900-talet av. Sjangeren gjekk inn i ein samanheng der han på éin og same gang skulle utmeisla lokalsamfunnet si historie og gje tilskot til utviklinga av ein norsk nasjonal identitet.16 Men i utgangspunktet var det nettopp lokalhistoria si kopling til det nasjonale som gjorde at det vart stilt vitskapelege krav til henne, og det frå fleire hald. I 1918 hevda den marxistisk orienterte historieprofessoren Edvard Bull d.e. at lokalhistoriske studiar måtte til for å skjøna og skildra «den moderne kapitalismens inntrengen i det norske samfunn». Lokalhistoria representerte viktige byggjesteinar for rikshistoria, sa Bull, og den rikshistoriske forskinga var avhengig av «en vitenskapelig underbygget bygdehistorisk forskning».17 Arne Bergsgård – professor og historikar i den nasjonale venstretradisjonen – hevda i ein artikkel i Heimen i 1934 at lokalhistoriske studiar kunne gje sentrale tilskot til den politiske rikshistoria i Noreg, mellom anna fordi norsk politisk historie i åra fram til 1814 «til gagns [var] ei bygdesoge».18

Ein slik byggjesteinsfunksjon ser ein òg har vorte vektlagt i nyare arbeid om den byhistoriske forskinga i Noreg. Jan Eivind Myhre hevdar til dømes i eit oversyn frå 1997 at byhistoriske syntesar – anten direkte eller indirekte – har danna utgangspunkt for nasjonalhistoriske syntesar. Her viser han mellom anna til Knut Mykland sitt band i Trondheim bys historie, og korleis dette vart eit utgangspunkt for Francis Sejersted si framstilling av den borgarlege offentlegheita i Noreg frå 1840-åra i bandet sitt i Cappelens Norgeshistorie.19

Frå splid til nasjonal integrasjon

At innsikter frå lokalhistorisk forsking generelt og byhistorisk spesielt har gjeve tilskot til nasjonale syntesar, er vel i røynda ikkje særskilt kontroversielt å hevda. Men korleis verkar dette tilhøvet andre vegen? I kva grad vert nasjonale forteljingar reproduserte i byhistoriske tekstar?

For å drøfta dette spørsmålet, vil eg ta utgangspunkt i ei forteljing om utviklinga av det moderne norske samfunnet som ser ut til å ha ein særskilt sentral posisjon i nasjonal historieskriving. Denne handlar om korleis samfunnet var djupt splitta – sosialt, politisk og kulturelt – ved starten av mellomkrigsperioden, for så å gå inn i ein integrasjonsprosess i midten av 1930-åra.20 Denne forteljinga finn vi att i eit utval nasjonale historieverk frå dei siste tiåra. I Edvard Bull d.y. si framstilling i Cappelens Norgeshistorie frå 1970-åra heiter det til dømes at det var fleire økonomiske kriser som prega samfunnet frå inngangen til mellomkrigsperioden fram til om lag 1935. Krisene «glir sammen til én hvis vi ser perioden fra et sosialt og politisk synspunkt». Den politiske krisa synte seg mellom anna i dei ustabile regjeringskonstellasjonane som prega perioden og den sterke kontrasten dette representerte, jamført med periodane før og etter.21 I Bull si forteljing er året 1935 eit vendepunkt. Oppslaget for framstillinga er det store bonde- og arbeidaropptoget i Oslo den 2. juni 1935. Opptoget vert ståande som uttrykk for dei to klassekompromissa som manifesterte seg dette året, i form av hovudavtala mellom Landsorganisasjonen og Norsk Arbeidsgiverforening og regjeringsdanninga til Johan Nygaardsvold, som kom til etter eit forlik mellom Arbeiderpartiet og Bondepartiet. Det er såleis ein integrasjonsprosess Bull skildrar, som leia fram til noko nytt, det han karakteriserer som teikn «til nye former for nasjonal enhet, med arbeiderbevegelsen som leder av en ny nasjonalfølelse.»22

Knut Kjeldstadli sitt band i Aschehougs Norgeshistorie frå 1990-åra er òg ei forteljing om eit samfunn som er splitta, og som går inn i ein integrasjonsprosess midt i 1930-åra. Framstillinga, som startar i 1914, har utgangspunkt i det som vert kalla «Den norske trekanten»: «Tre samfunnsklasser stod mot hverandre, bønder, borgere med bymiddelklasse og arbeiderklassen».23 I framstillinga vert det fortalt om korleis spliden og kampane som følgde i kjølvatnet, manifesterte seg innanfor ulike samfunnsområde – politisk, kulturelt og sosialt. Utgangen er – som for Bull – «de to ‘klassekompromisser’ i 1935», altså hovudavtala og kriseforliket.24 På same vis som hjå Bull, ber integrasjonen òg bod om noko nytt. Der Bull såg konturane av ei ny nasjonalkjensle, er det ein ny modernitet som representerer det nye i Kjeldstadli si forteljing: «Veien gikk framover, inn i det moderne samfunnet.»25

I det til no nyaste noregshistorieverket som har kome ut, er det ei liknande forteljing om denne perioden som vert fortalt. I May-Brith Ohman Nielsen si framstilling er det òg dei økonomiske og sosiale krisene og kampane mellom dei sosiale klassane i mellomkrigssamfunnet det handlar om. Vi får vita korleis denne tilstanden prega så vel arbeidsliv, politikk, kultur som kvardagsliv ved inngangen til mellomkrigsperioden. I denne teksten vert kulturkampen i samfunnet meir vektlagt enn i dei andre framstillingane, og særskilt stridane rundt det nasjonale spørsmålet. Klassekompromissa og integrasjonen ved midten av 1930-åra er sentral òg i denne forteljinga. Men her vert integrasjonen utlagt gjennom det som vert kalla ein «moderne og fremadskuende» nasjonal retorikk, som hadde som mål å samla dei sosiale klassane. Eit viktig innslag i integrasjonsprosessen slik han vert framstilt her, er såleis at Arbeiderpartiet forsona seg med dei nasjonale symbola.26 Trass i nyansar i høve til Bull og Kjeldstadli, må plottet i denne forteljinga seiast å vera det same. Som hjå Bull, handlar May-Brith Ohman Nielsen si framstilling òg om korleis integrasjonsprosessen vert forsterka gjennom okkupasjonstida:

Menneskene i Norge har trolig aldri følt seg så like som i disse etterkrigsårene. Det kulturelle klimaet fremmet likhet både i tenkemåte og hverdagsvalg. Likhet styrket følelsen av samhold og solidaritet.27

Hjå Bull heiter det: «Krigsårene forsterket tilnærmingen, og svært store deler av folket følte i 1945 begreper som ‘Norge’ og ‘det nasjonale’ som noe langt viktigere enn før.»28

Her ser vi såleis ei forteljing om utviklinga av det moderne norske samfunnet som har vorte formidla i eit utval nasjonale historieverk frå dei tre siste tiåra. I kva grad kjem denne forteljinga til uttrykk i byhistoriske tekstar?

Dei nasjonale forteljingane i byhistoriske framstillingar

Det er tre byhistorieverk eg skal sjå nærare på her. Dette er for det første Steinar Aas sitt band i Narviks historie frå 2001: Byen, banen, bolaget, 1902–1950. Vidare er det Øyvind Bjørnson sitt bidrag i Haugesunds historie frå 2004: Dei trødde sjøen. Haugesund 1914–1950. Endeleg vil eg sjå på Knut Kjeldstadli sitt bidrag i Oslo bys historie frå 1990: Den delte byen. Frå 1900 til 1948. Desse tre tekstane er valde fordi dei posisjonerer seg på ulike vis med omsyn til den nasjonale forteljinga. Aas og Bjørnson sine framstillingar peikar programmatisk ut over det nasjonale. I Narviks historie får vi tidleg vita at Narvik var ein «nettverksby». Byen «var knutepunkt i et handelssystem. Den inngikk som en del av et nettverk der malmen var det sentrale elementet.»29 Forteljinga tek såleis mål av seg å overskrida den nasjonalstatlege ramma, og dette vert jamvel postulert som vitskapleg program: «En svensk forsker har framholdt at byhistorier oftere bør sees på med andre øyne enn nasjonalstatens. Først da vil nye og uvante mønstre tre fram».30 Narvik hadde «få berøringspunkter og relasjoner til andre nordnorske og norske byer, men var samtidig sentral i et verdensomspennende handelsnettverk for jernmalm.»31 I Øyvind Bjørnson si forteljing om Haugesund er det hendingane på verdsscena som vert meisla ut som forteljinga si ramme. Eitt av utgangspunkta er – heiter det – å visa korleis verdssituasjonen vart vevd inn i byen og folka sine liv: «Slik sett kan vi kalle denne boka en framstilling av verdenshistorien sett fra Haugesund.»32 Knut Kjeldstadli si forteljing om Oslo har ikkje noko program om å overskrida dei nasjonalstatlege rammene. Her får ein tvert om inntrykket av at teksten legg seg tett opp til den nasjonale grunnforteljinga om eit samfunn som skreid fram mot ein ny og anna form for integrasjon i slutten av 1930-åra, og at denne prosessen vart forsterka som følgje av okkupasjonen. Dette er ei forteljing om uforsonlege motsetnadar – mellom klassar og mellom livssyn – som til slutt nærmar seg kvarandre. I ein avsluttande del heiter det: «Den gamle byen ble mer samlet på tvers av klasseskillene. Tilnærmingen varte ved gjennom okkupasjonen. Fortellingen runder av med en by som er lys og optimistisk, enn så lenge».33

Aas har såleis eit eksplisitt program om å overskrida den nasjonale forteljinga, Bjørnson eit implisitt. Kjeldstadli si historie om Oslo kan sjå ut som å ta mål av seg til å vera ei nasjonal forteljing i miniatyr. Om ein ser nærare etter, vil ein likevel finna at det er variasjonar i korleis dei tre tekstane stiller seg i høve til desse postulata.

I Steinar Aas si framstilling om Narvik vert det programmatiske utgangspunktet følgt opp ved at komparasjonen – i tydinga å visa kontrastar – kan seiast å utgjera ein metode for å understøtta plottet i forteljinga. Her er det særleg kontrasten mellom Narvik og andre byar i landsdelen, Bodø og Tromsø, som er gjennomgåande. I motsetnad til Narvik var Bodø og Tromsø ikkje nettverksbyar, men sentralstader, får ein stadig vekk vita. Og denne kontrasten vert uløyseleg knytt til den materielle produksjonen i Narvik, som er annleis enn i Bodø og Tromsø. Narvik er malmbyen:

Næringsstrukturen i Narvik […] ble forskjellig fra andre nabobyer. Svært mange av den voksne, mannlige befolkninga i malmbyen tjente sine penger i bedrifter som var direkte eller indirekte knytta til malmeksporten.34

Malmbyen var knytt til eit internasjonalt kapitalistisk nettverk, og dette rammar inn framstillinga. Innanfor desse rammene skrid forteljinga fram på eit vis som i det ytre kan arta seg som relativt uavhengig av den nasjonale forteljinga. Dette er ei historie om Narvik og dei vilkåra som følgde av statusen som nettverksby. Denne statusen konstituerte historia sin gang i byen, som til dømes historia om arbeidarrørsla, som har ein sentral plass. Narvik sin status som nettverksby gjorde at internasjonale økonomiske konjunkturar prega byen på andre måtar enn det som var tilfellet i landet elles. I Narvik slo ikkje krisa etter første verdskrigen inn på same vis som i andre byar: «I motsetning til andre nordnorske byer opplevde Narvik en sterk folkevekst i 1920-årene.»35 Dei relativt gode økonomiske tilhøva i byen i byrjinga av 1920-åra understøttar ei forteljing om kvifor det er dei moderate elementa i arbeidarrørsla – sosialdemokratane – som vert dominerande etter spliden i Det Norske Arbeiderparti i 1921 og 1923. I malm- og nettverksbyen gjennomgår ikkje arbeidarrørsla den same utviklinga som i landet elles. Her vert dei radikale elementa i rørsla tvert om meir synlege i 1930-åra, etter ein økonomisk nedgangskurve som arta seg som meir dramatisk i Narvik enn i andre norske byar.36

Historia om Narvik kan såleis arta seg som ei motforteljing til den nasjonale integrasjonsforteljinga. På ei anna side er dette òg ei forteljing om byen og landsdelen sitt tvitydige tilhøve til, og gradvise integrasjon i, det nasjonale fellesskapet. I det lange underavsnittet «Vekst, krakk og krise» vert Georg Rokkan via mykje plass. Rokkan var i ein periode redaktør i avisa Fremover. I ein pamflett han forfatta i byrjinga av 1930-åra, tok han eit oppgjer med staten si krisehandtering overfor Nord-Noreg, får vi vita. Perspektivet var «regionalpolitisk», og landsdelen og «Narviks kolonialistiske rolle i statsøkonomien» vart framheva. Her får vi òg vita at Georg Rokkan var far til «den verdenskjente statsviteren Stein Rokkan», som ved eit høve hadde uttalt at han «var sterkt inspirert av farens regionalpolitiske engasjement da han seinere utforma sine teorier om sentrum, periferi, motkulturer og regioner i Norge.»37 Stein Rokkan sine mest sentrale arbeid handla nettopp om korleis kulturelle, religiøse, økonomiske og territorielle interesser vart integrerte i og var med på å forma det nasjonalstatlege fellesskapet.38 Forteljinga om Narviks historie skriv seg inn i denne forteljinga. På same tid skriv ho seg her inn i ei forteljing om landsdelen sin integrasjon i det nasjonalstatlege fellesskapet.39 Her er det er såleis ei metaforteljing om nordnorsk integrasjon i nasjonen som tilfører forteljinga om nettverksbyen meining. Ei tilsvarande spenning er til stades òg på eit anna nivå. Motforteljinga om dei – i høve til landet elles – ulike vekst- og nedgangskurvane i Narvik i mellomkrigsåra vert tilført meining frå den nasjonale forteljinga: For å skjøna plottet i den lokale forteljinga, må ein kjenna plottet i den nasjonale. Dette vert tydeleggjort ved at opningsreferansen i det kapitlet som handlar om den økonomiske utviklinga i mellomkrigsåra, går til Berge Furre sitt mykje leste og brukte verk om norsk historie på 1900-talet, Vårt hundreår.40 Meir enn at dette er ei forteljing som overskrid eller frigjer seg frå den nasjonale forteljinga, kan ein difor heller tala om at ho utgjer eit korrektiv. Og når framstillinga når etterkrigstida, glir ho rett inn i den nasjonale forteljinga, om enn då på eit metanivå, der arbeida til folkloristen Anne Eriksen er referansen:

Krigen og den medfølgende okkupasjonstida har blitt beskrevet som en bestemt, relativt kort periode med en veldig symbolbetydning. Krigen som minne har blitt brukt til å skape et felles norsk verdigrunnlag, og den har ellers skapt et nettverk av forestillinger og symbol som har vært aktive og levende i norsk kultur i hele etterkrigstida.41

Her er det eksplisitte utgangspunktet den nasjonale forteljinga, og teksten munnar ut ved å visa korleis slike utslag av okkupasjonstida på det nasjonale nivået òg forma livet i Narvik.

Øyvind Bjørnson si framstilling om Haugesunds historie 1914 og 1950 har i utgangspunktet få referansar til den nasjonale forteljinga. Sjølv om det ikkje vert utlagt som eit klart uttrykt program som i boka om Narvik, vert Haugesund òg skildra som ein nettverksby. Eit sentralt tema i framstillinga er at Haugesund var landverts isolert.42 Forteljinga om Haugesund er ei forteljing om ein by som, på same vis som Narvik, var prisgjeve eit nettverk med forgreiningar ut i den store verda. Som for Narvik sin del, var det den materielle produksjonen i byen som var utgangspunktet for dette. Der Narvik var malmbyen, vert Haugesund karakterisert gjennom fleire rubrikkar, men som alle knyter byen si historie til utviklinga i den internasjonale kapitalismen: I utgangspunktet var Haugesund «sildebyen». Under første verdskrigen vart han til «jobbebyen». Etter krigen, og som ein rubrikk for perioden 1920–1940, er det historia om «sjøfartsbyen» som vert fortalt.43 Haugesund var ein «by nesten uten oppland», får vi vita. Men så lenge nokon ute i verda ville kjøpa produkta i byen, «kunne Haugesund fortsette å vokse.»44 Dette er historia om ein by der opninga utetter og isolasjonen innetter er både lykke og lagnad. Då etterkrigskrisa kom frå om lag 1920, opplevde byen eit nådelaust fall. Det brutale fallet er eit vendepunkt i denne framstillinga, og historia som vert fortalt handlar i stor grad om ulike aspekt ved fallet. I lange underkapittel får vi vita korleis dette manifesterte seg i kommunal fattigdom og familiar i krise, samt i innsatsen som vart gjort for å avdempa verknadane av fallet, i helse- og omsorgsabeid, foreiningsliv og lokalpolitikk.45 Og denne historia vert i stor grad fortalt med få direkte referansar til den nasjonale forteljinga om perioden. Vi kan heller tala om ei forteljing som vekslar mellom å framheva internasjonale, regionale og lokale rammer for dei hendingane og prosessane som vert omtalte.46 Eit godt døme er eit avsnitt som handlar om kampen mot tuberkulosen. Avsnittet startar med ei skildring av sjukdomsomfanget i Haugesund, før forteljinga går over på dei personlege kostnadane ved å verta ramma av sjukdomen. Deretter får vi vita om nyvinningar i internasjonal medisin mot slutten av 1800-talet, som dreidde sjukdomskampen over frå arvelære til kamp mot smittespreiing. Forteljinga går så over til å handla om ulike overvakings- og kontrollordningar som kom til i kampen mot sjukdomen, før fokuset vert retta mot det lokale arbeidet i Haugesund. Dei nasjonale aktørane – staten, Nasjonalforeningen mot tuberkulose, Norske Kvinners Sanitetsforening osb. – er med berre i kraft av i kva grad dei er til stades i byen, og like mykje som at «Norge» representerer den overordna ramma for kampen mot sjukdomen, er det den universelle nemninga «samfunnet» som figurerer i teksten.47

Den nasjonale forteljinga er likevel til stades òg i Haugesunds historie. Dette vert meir tydeleg der forteljinga dreiar over på den politiske utviklinga i mellomkrigsåra. Det lange kapitlet «Politikken gylne middelveg» fortel om det særeigne politiske landsskapet i byen, der til dømes Frisinnede Venstre – det som her vert utlagt som ein «vestlandsk høyrevariant» – har ei relativt høg oppslutning. Vidare er Haugesund prega av at Venstre har høg oppslutning, samt at det er dei sosialdemokratiske straumdraga i arbeidarrørsla som står sterkast i heile mellomkrigsperioden. Perspektivet frå splid til nasjonal integrasjon er ikkje eksplisitt til stades i teksten. Heller kan vi tala om at «middelvegen» vert utlagt som normaltilstanden.48 På dette punktet må den nasjonale forteljinga om perioden likevel seiast å tilføra forteljinga om Haugesund meining. Og på slutten trer den nasjonale forteljinga tydeleg fram: «Andre verdenskrig hadde […] stimulert nasjonalfølelsen», heiter det. Men denne utsegna vert moderert like etterpå, då forteljinga sitt reisverk vert sluttført: «Haugesund mellom 1914 og 1950 var sterkt preget av første verdenskrig.»49

Knut Kjeldstadli sitt band i Oslo bys historie, Den delte byen. Fra 1900 til 1948, handlar om det delte Kristiania i 1900 som har vorte til det samla Oslo i 1948. Utgangspunktet er ein by som er sterkt fragmentert, ikkje berre sosialt og geografisk, i ein austkant og vestkant, men òg ved at motsetnadane som pregar landet elles går tvers gjennom byen. «Konflikten mellom by og land ble også en strid om miljøer i byen», heiter det tidleg i forteljinga.50 Dette er forteljinga om ein by som vert arena for dei stridane som utspeler seg nasjonalt fram til i byrjinga av 1930-åra, og som peikar fram mot ein integrert nasjonalstat ein stad der framme. Det er ei forteljing om uforsonlege motsetnadar – mellom klassar og mellom livssyn – som til slutt nærmar seg kvarandre og går opp i ei ny legering. Okkupasjonstida 1940–1945 forsterkar denne prosessen. Og det er moderniteten som vert utlagt som sjølve det integrerande elementet i forteljinga. «Drømmen om den moderne byen» er namnet på den siste hovuddelen, og underkapitla går under nemningar som «Den nye byen», «Storbydrømmer» og «Fri tid».51

Dette er såleis ei forteljing som spelar saman med den nasjonale forteljinga om perioden, og på eit anna vis enn framstillingane om Narvik og Haugesund. Men det er ikkje nødvendigvis slik at byen si historie vert utlagt som ei nasjonal historie i miniatyr, slik det kan arta seg på overflata (jf. ovafor). Heller kan ein tala om ei forteljing der byen – Kristiania og Oslo – gradvis vert del av det nasjonale fellesskapet. Ved starten – i 1900 – står byen utanfor dette fellesskapet. Etter kabinettet til Francis Hagerup mellom 1903 og 1905 var det ikkje før Gerhardsen danna den første regjeringa si i 1945 at byen dominerte på den nasjonale politiske arenaen att, vert det slått fast. Og talande i så måte er ein bilettekst som viser statsminister – og bergensar – Christian Michelsen tala i Kristiania 17. mai 1905 under illustrasjon av ein bonde innhylla i norske flagg: «Til og med i Kristiania var det utenkelig med en handelsbetjent eller en industriarbeider som symbol. Byfolk var liksom ikke helt nasjonale.»52

Eit sentralt tema i denne forteljinga er den spenninga som låg i byen sin funksjon som hovudstad – og med det ein valplass for heile nasjonen – og byen som urbanitet. Denne spenninga kjem mellom anna fram i dei mange møta som skjer i byen. Oslo var ein innflyttarby, men hadde òg ei eiga befolkning. Bondestudentane vart lærarar i Oslo, og desse nasjonaliserte borna: «På skolen møtte osloungene det øvrige Norge – personifisert i de mannlige lærerne.» Borna møtte her ein bodskap om at «bygda var det egentlige Norge», vert vi fortalt.53 Men skilja som utkrystalliserte seg i slike møte, vert mindre og mindre viktige etter kvart som historia om byen skrid fram. Oslo bys historie er ei forteljing der Oslo vert skrive inn i den nasjonale forteljinga, eller hendingane sin gang gjorde at Oslo kunne vinna tilbake posisjonen sin i det nasjonale fellesskapet. Okkupasjonstida er ein katalysator i så måte, med på den eine sida okkupasjonsstyresmaktene sin sentralisme med Oslo som sentrum og, som følgje av dette, Heimefronten si Oslo-binding: «med motstandsarbeidet erobret Oslo virkelig landet og ble med frigjøringa anerkjent som en verdig hovedstad».54

Oppsummering

Om vi vender tilbake til evalueringa av norsk historieforsking frå 2008, har eg i dette innlegget argumentert for at det på sett og vis er eitt av dei historiske utgangspunkta for lokalhistorisk forsking at ho skulle bidra til nasjonale syntesar. Det er òg mange døme på at dette har skjedd. Men tilhøvet andre vegen, at lokale framstillingar vert skrivne med utgangspunkt med det biletet dei nasjonale forteljingane har skapt, er meir komplisert og må nyanserast. Her har eg studert eit utval byhistoriske tekstar for å problematisera dette. Eg tok utgangspunkt i den nasjonale integrasjonsforteljinga som pregar ei rekkje nasjonale historieverk frå dei siste tiåra. Utan tvil er dette ei forteljing som har ei sterk utstrålingskraft, og vi finn henne òg att – implisitt så vel som eksplisitt – i dei byhistoriske tekstane eg har sett på her. Men dette ovrar seg på ulike vis. Ho kan fungera som ei motforteljing, som hjå Steinar Aas, ho kan skimtast i bakgrunnen utan å spela noko stor rolle, som hjå Øyvind Bjørnson. Ho kan vera den forteljinga som forteljinga om byen gradvis vert skriven inn i, som hjå Knut Kjeldstadli.

Desse skilnadane reiser ein del perspektiv som bør vera med vidare i ordskiftet om metodologisk nasjonalisme generelt og lokalhistoria sin posisjon og status i norsk historieforsking spesielt. Om ein går under tekstane si overflate, er det gjerne ei fleirstemmigheit som kjem fram. Tekstane er ikkje nødvendigvis det dei gjer seg ut for å vera. Når det gjeld byhistorieskrivinga, tilseier det doble grunnlaget som sjangeren kviler på, at han kommuniserer med ulike typar lesarar, jamvel med ulike sosiale felt. På den eine sida rettar teksten seg mot fagfellar i vitskapssamfunnet, på den andre sida mot den opplyste ålmenta, fortrinnsvis i lokalsamfunnet.55 For denne siste kategorien kan ei nasjonal metaforteljing som ramme ha eit pedagogisk siktemål. Omvendt vil fagfellar gjerne etterspørja omgrep og forståingsformer frå det urbanseringshistoriske feltet, og vil lesa tekstane på andre vis.56

Eit anna perspektiv som bør vera med vidare, gjeld tilhøvet mellom tida og rommet. I dette innlegget har eg vist at forteljingane om den nordnorske malmbyen Narvik, den vestnorske sjøfartsbyen Haugesund og den austnorske hovudstaden Oslo står i eit ulikt tilhøve til den nasjonale forteljinga om det norske samfunnet frå første halvdel av 1900-talet. I kva grad skuldast slike ulikskapar sjølve studieobjekta? Er det – sett på spissen – mogleg å fortelja historia om landet sin hovudstad frå denne perioden utan å gjera dette i tett samband til den nasjonale metaforteljinga? Er det lettare å frigjera seg frå denne forteljinga når historia om andre norske byar skal forteljast? Korleis stiller dette seg når historia om andre periodar skal forteljast?

Her ligg oppslag til fleire rundar om lokalhistoriesjangeren si stilling i norsk historieskriving.