Kirsti Strøm Bull (red.)

Natur, rett, historie

Oslo: Akademisk Publisering 2010. 249 s.

Dette er ein vitskaplig antologi der fellesnemnaren er naturressursrett i eit rettshistorisk perspektiv. Boka spenner frå delemne om eigedomsrett og bruksrettar til fast eigedom som har lange historiske røter, til miljø- og klimaspørsmål, eit felt som ikkje har vore eksplisitt lovregulert like langt attende. Likevel kan det visast til at forvaltning av skogressursane ut frå ein bærekraft-tankegang skjedde allereie midt på 1700-talet.

Boka er resultat av eit seminar ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo, der det finst ei forskargruppe med spesialisering i rettshistorie og ei med spesialisering i naturressursrett. Bidragsytarane til seminar og bok er også frå kretsar utafor desse forskargruppene, og dei fleste tar utgangspunkt i igangverande eller nylig avslutta forskingsprosjekt. Å formidle frå forsking er viktig og ein plikt ein har i dei fleste prosjekt og institusjonar. Boka kan sjåast som formidling frå aktuelle prosjekt, og kapitla kan fungere som inngang til meir omfattande publikasjonar frå dei same forfattarane.

Mange av dagens lover og reglar er basert på tidligare lovgiving, og det er viktig å forstå dei eksisterande rettigheitsforholda, understrekar redaktøren i innleiinga. Dette synest å vere ei viktig motivering for bokprosjektet. Ei styrking av denne motiveringa er påpeikinga av at det i dag er stort press på utmarksområde, men det blir både feil og sjølvmotseiande når det blir understreka at utmarksområde «for mindre enn 100 år siden var nærmest urørt natur» (s. 11). Den kunnskapen vi har om natur- og kulturhistorie tilseier at pågang på ressursar i utmark går mange hundre år attende, og bokas ulike bidrag om reguleringar i utmarksområde i tidligare tider understrekar nettopp dette. I det heile er det få areal i Noreg som kan karakteriserast som urørt.

Boka legg eit vidt forvaltningsbegrep til grunn. Forvaltning skjer ikkje berre i regi av det offentlige apparatet, men blir også utøvd av dei som har rettar til areal og ressursar. Derfor er innsikt i rettigheitsforhold viktig for å få eit heilskaplig bilde av forvaltninga. Rettar kan vere opparbeidd på ulike måtar gjennom bruk, ved okkupasjon eller kolonisering, eller ved det som svarer til dei juridiske termane hevd eller alders tids bruk.

Redaktøren viser til at innlegga er vevd saman, mellom anna med mange felles referansar og gjensidige referansar. Det ser ut til å stemme eit godt stykke på veg, men det finst også døme på at same fenomen er handsama av to forfattarar utan at det er krysstilvisingar mellom dei, eksempelvis fenomenet kompensasjon av tapte allmenningsrettar ved sal som eit par av forfattarane er inne på.

Forfattarane tar for seg ulike ressursområde, tidsperiodar og geografiske nedslagsfelt. I den eine enden av spennet ligg Andreas Aures presentasjon av «Hugo Grotius’ rettsteori om det frie hav – erverv av herredømme (dominium) og regjeringsmakt (imperium) på havet». Denne læra vart utvikla for 400 år sidan, og har gyldigheit også i nyare tid ved at den har vore ein premiss for norsk fiskeriforvaltning i etterkrigstida og har lege til grunn for utforming av havretten internasjonalt.

Dei internasjonale aspekta blir følgd opp av Aage Thor Falkanger i det han skriv om «Sjøulykker på det åpne hav som truer miljøet». I dette kapitlet blir det peika på miljøutfordringar i vår tid som krev nye rettslige løysingar, demonstrert gjennom grunnstøytinga til oljetankaren «Torrey Canyon» utafor Cornwall i 1967. Falkanger følgjer rettens utvikling i eit historisk perspektiv og peiker på at den gode rettshistoria har linjer opp mot vår tid. Han går inn på tanken om fundamentale retter for statar til å ta vare på seg sjølv, og nød som unnskyldningsgrunn. Etter den nemnde ulykka og den Intervensjonskonvensjonen som følgde, har unnskyldningsgrunnar gått over til å bli omstende som gir kyststatane rett til å gripe inn i høve til fartøy på det opne hav.

Det tredje bidraget med havet som ressursområde er Susann Funderud Skogvangs kapittel om «Innføringen av fartøykvoter for torsk i kystfiskeflåten i 1990». Med utgangspunkt i oppfatninga om at fisket i saltvatn er fritt for alle og fisken som ein nasjonal ressurs, viser ho det som har skjedd fram til at vi i dag har eit fiske som er gjennomregulert nasjonalt og internasjonalt. Fartøykvotene for torsk i kystfisket vart innført ved lov av 1983 saman med deltakarlova av 1972, lover som er avløyst av havressurslova og deltakarlova av 1999. Internasjonalt blir fisket regulert gjennom fastsetting av totalkvoter for kvart enkelt fiskeslag (Total Allowable Catches – TAC). Det problematiske slik Funderud ser det, er at det som var løysinga på ein akutt situasjon på 1980-talet, er blitt gjort permanent utan nærare vurdering av grunnlag og konsekvensar.

«Forurensningsrettens røtter» er tema for Hans Chr. Bugges kapittel. Med referansar til dei gamle landskapslovene får han synt at sjølv om overordna miljøperspektiv er av nyare dato, har ein frå gammalt av vore opptatt av å hindre forsøpling av nærområda sine. Lovgivinga tiltok i moderne tid med industrialisering og byvekst. I ein debatt på juristmøtet i 1878 kan ein sjå røtene til dagens prinsipp om at den som forureinar skal bere byrdane. Avsnittet om hovudlinjer sett i lys av dagens reglar er klargjerande. Forureiningsretten har i betydelig grad rot i kompensasjons- eller rettferdigheitssynspunkt. Prinsippet for regulering av forureining har gradvis blitt endra frå opplisting av forbodne eller erstatningspliktige handlingar til eit prinsipp om at alt som ikkje uttrykkelig er tillatt, er forbode, eit såkalla spegelvendingsprinsipp.

Tre av bidraga tar for seg rettigheits- og bruksforhold i utmark. Gunnar Eriksen skriv om «Foreldelse, hevd og alders tids bruk». Alders tids bruk fungerer i dag som komplementære reglar til hevdsreglane og blir nytta ved særlig lange bruksperiodar. På 1700-talet herska det ei tid forvirring om hevd i høve til dokumentert erverv. Utsegna «Hævd viger for Adkomst» vart misforstått som at hevd ikkje kunne vinne viss motparten kunne dokumentere tidligare erverv, uansett kor lang tid som hadde gått. Dette prinsippet vart avvist av generalprokurør Henrik Stampe i 1759. I moderne tid er det blitt sondra mellom hevd, alders tids bruk og reine foreldingsreglar. Dagens hevdsreglar inneber legalisering av ein rettsstridig tilstand. Fokus ligg på utøving av rådigheit over tingen, og det er stor vekt på aktsam, god tru. Det siste kom inn som krav for hevd på tidlig 1800-tal i Noreg. Mot slutten av 1800-talet kom også god tru-kravet inn ved alders tids bruk, da vart dette eit sjølvstendig ervervsinstitutt. Eriksen kallar dette eit hamskifte. Samtidig veks rettsfiguren «festnede rettsforhold» fram. Der er kravet om god tru ikkje til stades, eller i alle fall sterkt nedtona.

Allmenningsrett er tema for Geir Stenseth i kapitlet om «Bygdeallmenningenes rettshistorie og dens møte med fremtidens landbruk». Bruksrettshavarane er ei dynamisk gruppe. Ein må skilje bruksrett og eigedomsrett i bygdeallmenningar, men i ein høgsterettsdom i 2001 vedrørande småeigedomar gjekk både eigedomsrett og bruksrett tapt. Stenseth antyder manglande kunnskap om opphavet til grunneigedomsretten i bygdeallmenningar som årsak til nokså lågt presisjonsnivå i lovforarbeid og i Høgsterett. Stenseth konstruerer eit ekstremeksempel som viser mulige konsekvensar av at eigedomsrett til allmenning fell bort saman med bruksretten. Viss alt landbruk er lagt med og bygdeallmenningen blir omdisponert til fritids- og turistformål, kan resultatet bli at ingen i bygda lenger har eigedomsrett til allmenningen.

Katrine Broch Hauge har skrive «Om det pihlske sameige – frå allmenning til moderne bedrift». Den aktuelle utmarkseigedomen ligg i Hedmark fylke og dekker heile 250 000 daa. Eigedomen vart etablert i 1811 ved frådeling av Ringsaker og Næss konge- og bygdeallmenning. Arealet består av både produktiv skog, myr, høgfjellsskog og snaufjell. Tradisjonelt var det 20 sætervangar i området med over 200 stølar. I dag er det ca. 2800 hytter i området. Delar av området er freda i medhald av naturvernlova av 1972, men store myrområde var alt blitt «freda» på sameigets eige initiativ i 1970. Forvaltninga av eigedomen har ikkje vore særlig prega av at det har vore sameige; det har vore meir preg av allmenningsforma. Eigedomen er i seinare år omdanna til aksjeselskap. Den har utvikla seg til ein veldriven utmarkseigedom der bortfesting av hyttetomter er blitt hovudaktiviteten.

Bidraget til Christina Voigt er om «Den evige skog – opprinnelsen til konseptet ’bærekraftig bruk’». Voigt tar avstamp i naturmangfaldslova som krev at naturen med biologisk, landskapsmessig og geologisk mangfald og økologiske prosessar skal takast vare på ved berekraftig bruk. Det blir i denne lova gjort forsøk på å definere terminus technicus «berekraftig bruk» i norsk rett. Begrepet finst ikkje i anna norsk lovgiving, men synonyme uttrykk som «berekraftig forvaltning», «berekraft» eller «berekraftig utvikling» finst. Voigts eldste kjelde er den engelske vitskapsmannen John Evelyn (1620–1706). Han tok til orde for gjenoppbygging av økosystem for framtidige generasjonars behov. Tyskaren von Carlowitz er berekraftbegrepets far. Han skreiv i 1713 om «Immerwährend Holznützung». I hans forståing av berekraft kan ein allereie sjå forsøket på å balansere mellom sosiale, økonomiske og økologiske forhold. Ideen om berekraftig skogbruk låg til grunn for økologien, lansert som vitskaplig disiplin 1864 av Ernst Haeckel. I dagens norske skogbrukslovgiving finn ein att den økologiske tenkinga. Berekraftig bruk av naturressursar er forstått som eit økologisk rammekonsept som definerer det økonomiske og sosiale handlingsrommet innafor naturens egne rammer.

«Fremveksten av helhetstenkning i norsk utmarksforvaltning» er emnet for kapitlet til Nikolai K. Winge. Han gjennomgår lovgivinga på dette området og peiker på problemet med at arealforvaltninga har vore splitta mellom ulike sektorstyresmakter og ulike forvaltningsnivå. Rettssystemet og forvaltningas organisering var ikkje heldig med tanke på heilskaplig forvaltning av arealressursane. Auka press på areala og meir konflikt om arealbruken gjorde at ein kring 1970 for første gong byrja sjå på areal som eit gode og ein viktig ressurs. Ressursutvalet kom med si innstilling i 1972, og same år vart Miljøverndepartementet oppretta. Intensjonen bak plan- og bygningslovgivinga som har komme i dei siste 20–30 åra, er mest mulig heilskaplige løysingar for ein berekraftig arealbruk, men utbyggingsorientering og økonomiske omsyn legg framleis viktige premiss for arealbruken.

Etter lesing av denne artikkelsamlinga sit ein igjen med spørsmål om kven som er målgruppe for publikasjonen. Etter vaskesetelen kan ein tru at det først og fremst er forvaltning og politikarar/lovgivarar. Det juridiske og rettshistoriske fagmiljøet er vidare ei nokså opplagt målgruppe, men allmennheita, eller i alle fall dei som er særlig interessert i rettshistoriske problemstillingar, har kanskje også vore i tankane til redaktør og forfattarar?

Om denne artikkelsamlinga treffer historikarar og andre historisk interesserte, til dømes innafor felta kulturminneforvaltning, naturhistorie og kulturlandskapsforsking, er heller usikkert. Enkelte stykke i boka er svært krevjande å henge med i, sjølv for den som har interessert seg ein god del for rettshistorie. Formidling til publikum utafor eige fagmiljø krev noko meir enn formidling til fagfeller, så på dette området lykkast ikkje boka heilt.

For lesarar utafor det juridiske og rettshistoriske miljøet ville ei innføringsbok bygd opp etter nokre overordna tema ha fungert betre. For det behovet får ein heller ty til dei mange innføringsbøkene på feltet: om fast eigedoms rettsforhold, tingsrett, areal- og eigedomsrett og miljøforvaltningsrett. Mange av bidragsytarane til denne antologien er forfattarar til slike innføringsbøker. For den som søkjer meir kunnskap og innsikt på området, er det berre å følgje temaa vidare.