Simon Larsson

Intelligensaristokrater och arkivmartyrer. Normerna för vetenskaplig skicklighet i svensk historieforskning 1900–1945

Lund: Gidlunds förlag 2010. 339 s.

Simon Larssons doktorgradsavhandling, som granskar normene i svensk historieforsking på første halvdel av 1900-talet, føyer seg fint inn i ei ny interesse for historiografi dei siste tiåra. Historiografi forstått som historia om historieskriving er rett nok ikkje av ny dato, men tilnærminga har endra seg drastisk i nyare undersøkingar. Der Herbert Butterfield i ein av dei klassiske historiografiske analysane, The Whig Interpretation of History (1931), stort sett var oppteken av feil og manglar i den såkalla Whig-historieskrivinga, er nyare tilnærmingar til historiografi langt meir interesserte i å forstå eit gjeve historiografisk uttrykk. Forståing inneber i sin tur kontekstualisering; ikkje berre må dei vidare rammene (politisk, økonomisk, sosialt og kulturelt) innlemmast i analysen, men relasjonen mellom dette såkalla vitskapseksterne må granskast i ljos av det vitskapsinterne. Med referanse til Steven Shapin – og med front mot tidlegare undersøkingar som berre har fokusert på den eine dimensjonen (den vitskapsinterne) – plasserer Larsson seg inn i ein vitskapssosiologisk tradisjon som nettopp understreker relasjonen mellom det vitskapsinterne og det -eksterne. I tillegg til denne historiografiske plasseringa av eige prosjekt, passar også Larsson på å understreke den verdien historiografi har i ei tid prega av fragmentering: «Upplösningen av historiens idé har ju på sätt och vis berövat historikern hans/hennes forskningsobjekt – en verklighet sammanhängande som historia» (s. 14). Kanskje burde denne hevdinga om oppløysinga av historiens idé ha vorte diskutert og ikkje berre slått fast – særleg sidan skilnaden på historiens «social autonomi» på 1800-talet og «Upplösningen» i nyare tid dannar ytterpunkta i den kronologiske ramma for undersøkinga.

Larsson undersøkjer historieforskingas normer ved å ta utgangspunkt i uttalingane til dei sakkyndige i ti tilsettingssaker: Lund 1904, Uppsala 1914, Lund 1917–18, Uppsala 1922–23, Lund 1923–25, Göteborg 1927, Uppsala 1930, Lund 1938 og Uppsala 1941–42. I tillegg til uttalingane har Larsson også nytta seg av seksjonsprotokollar, samt det som har vorte kalla ein særeigen svensk akademisk sjanger, dei såkalla «besvärskrifterna». I desse skriftene, som var offentlege og gjerne prenta i svensk Historisk tidskrift, kunne søkjarane ytra seg om uttalinga til dei sakkyndige. Rett nok endra desse sjeldan den opphavlege innstillinga, men om «besvärskrifterna» var av høg kvalitet kunne dei bli sett på som meritterande.

Dette er ramma for analysen, og for å omgrepsfeste normene og endringar i desse, opererer Larsson med to idealtypar, «intelligensaristokrat» og «arkivmartyr». Idealtypane vert innleiingsvis gjeve innhald ved ei kort drøfting av forholdet mellom «historievetenskapen och specialiseringen» (kap. 6) og «metodologin vid sekelskiftet 1900» (kap. 7). Dei viktigaste lærebøkene i historisk metode i denne tida, hovudsakleg dei til Charles Seignobos og Charles-Victor Langlois, Ernst Bernheim og Kristian Erslev, opererte i større eller mindre grad med eit skilje mellom «kritik» og «konstruktion» der sistnemnde inneber syntetiske innslag og dermed også subjektive element. Eit aspekt til dette skiljet var eit medvit om at for sterk vekt på «kritik» ville leie til spesialisering som i sin tur ville isolere historieforskinga frå samfunnet – og med det øydeleggje for historiefagets uttalte danningsfunksjon. Idealtypane, som rett nok ikkje vert definerte før i avslutningskapitlet, er eit forsøk på å omgrepsfeste dette skiljet mellom «kritik» og «konstruktion», og med dette, kampen mellom to typar forskarpersonlegdom i svensk historieforsking i perioden: «Den karismatiska forskarpersonligheten: intelligensaristokraten, avtecknade sig som tydligast i närvaro av sin glanslösa motbild: arkivmartyren. Där den förre höjde sig över källorna var den senare begravd under dem» (s. 311).

I ni av dei ti tilsettingssakene råda det strid om såkalla «vetenskaplig skicklighet», og del II av Larssons undersøking tek oss systematisk igjennom denne materien. I dei -første sakene er idealtypane relativt lette å få auge på, og kampen mellom dei er relativt jamn – med ei overvekt til fordel for arkivmartyren. Ved tilsettinga i Uppsala i 1914 ser Larsson derimot tydeleg «dubbel-heten mellan historievetenskapens inre modernisering (specialisering) och det humanistiska forskningssamhällets behov av historia/historiker just som motvikt mot specialiseringen» (s. 126). Sjølv om stillinga i dette tilfellet gjekk til «den harmonierande holisten» Ludvig Stavenow i konkurranse med «den kritiska -specialisten» Sam Clason, innebar ikkje dette ein endeleg siger for intelligensaristokraten. Tilsettinga i Lund i 1917–18 er eit eksempel på dette, sidan den utprega intelligens-aristokraten Lauritz Weibull tapte konkurransen mot Clason. Om forskarpersonlegdommen spela ei viktig rolle i desse to tilsettingane, samt i Uppsala 1922–23, er dette momentet mindre framtredande i dei to neste tilsettingane, den i Lund 1923–25 og den i Göteborg 1927. Pendelen svingar derimot tilbake i Uppsala 1930 og Lund 1938: «Vetenskaplig skicklighet» blir meir eller mindre synonymt med «karismatisk auktoritet» (s. 260). Det er likevel tilsettinga i Uppsala i 1941–42 som klarast stiller idealtypane opp mot kvarandre. Dette kjem til uttrykk ved at framstillingane til dei sakkyndige, Lauritz Weibull, Nils Ahnlund og Erland Hjärne, stort sett er samsvarande, medan vurderingane av forskarpersonlegdommen skil seg drastisk; der Ahnlund premierer dygdene til arkivaristokraten, audmjuk haldning og arbeidsprestasjonar, uttrykker Weibulls og Hjärnes uttalingar ei sterk vekt på det karismatiske der Weibull til dømes knyter ein profeti om historievitskapens framtid til den av søkarane som vann fram, Erik Lönnroth.

Det er ei fascinerande reise Larsson tek oss med på; ikkje berre syner arbeidet striden mellom to ideal-typar som i større eller mindre grad prega historiefaget i alle vesteuropeiske land i denne perioden. Avhandlinga bør såleis danne utgangspunktet for komparative undersøkingar med andre kontekstar. Frå eit norsk perspektiv er det i så måte interessant at den einaste norske historikaren som var sakkyndig i desse tilsettingane, Halvdan Koht, hadde eit relativt avslappa forhold til spørs-målet om forskarpersonlegdom. Avhandlinga syner også klart føremonene ved ei vitskapssosiologisk tilnærming som eit supplement til ei vitskapsteoretisk eller vitskapsfilosofisk. Larsson har i denne samanhengen truleg eit poeng at tidlegare forsking har gjort for mykje ut av den «paradigmatiske» rolla som Weibulls vitskapssyn spela i denne perioden. I staden peiker Larsson på at dei skilnadane som til dømes finst i uttalingane til Weibull og Ahnlund har lite å gjere med vitskapsteori, men først og fremst dreier seg om skil-nader i den vitskapssosiale tilnærminga: Der Ahnlund er kommunikativ og perspektivistisk, er Weibull budd for kamp og dramatisk i forma.

Om Larssons arbeid stundom er tung lesing og der somme av ana-lysekapitla nyttar vel mange sider for å kome til konklusjonar, har dette delvis å gjere med avhandlingsformatet. Kanskje burde revisjonen og redigeringa blitt gjort med ei strengare hand, nettopp for å redusere det empiriske detaljnivået. Men arbeidet lid til tider også av at det vit-skaps-interne perspektivet er langt meir framtredande enn det vitskapseksterne. Ut over dei historiografiske og vitskapsteoretiske perspektiva i innleiinga, er det etter måten få blikk mot slike moment i den empiriske analysen. Dei som finst er stort sett knytt til diskusjonen kring Weibull – det kanskje mest debatterte emnet i nyare svensk historiografi. Universitetsmiljøa sjølv vert framstilte nesten som sjølvoppretthaldande einingar med liten eller ingen kontakt med samfunnet kring. Den deskriptive – meir enn forklarande – forma i avhandlinga er eit tredje resultat av ei vekt på det vitskapsinterne. Det er indikerande at når Larsson i avslutningsdiskusjonen kjem med tentative forklaringsforsøk, er desse utelukkande knytt til individnivået. Det er til dømes Ludvig Stavenows rolle som sakkyndig som, i følgje Larsson, forklarar den klarare artikulasjonen av idealtypane på byrjinga av hundreåret. Her saknar eg, i tråd med den vitskapssosiologiske tilnærminga, ei vurdering av i kva grad vitskaps-eksterne faktorar påverka normene – i sin tur kanalisert gjennom dei sakkyndige. Larsson inviterer innleiingsvis, gjennom etablering av idealtypar, til ei meir syntetiserande analyse enn den som føreligg – i så måte syner forfattaren i dette arbeidet seg som ein arkivmartyr meir enn ein intelligensaristokrat.