Maria Ågren

Domestic secrets. Women & property in Sweden 1600–1857

Chapel Hill: The University of North -Carolina Press, 2009. 285 s.

Hovudtittelen på denne avhandlinga av Maria Ågren er ikkje heilt enkel å omsetje til norsk. Det første ordet har ei lang rad tydingar etter ordboka, dei fleste knytt til heim og familie. Ein muleg norsk variant kan vere «hushaldsløyndomar», men omgrepet slik Ågren nyttar det kan òg relaterast til eit spekter av taus, handlingsboren, tradisjonsformidla og/eller illitterær kunnskap kring samliv, ekteskap, familie og lokalsamfunn.

Utgangspunktet for denne boka var ifølgje forordet eit spørsmål forfattaren fekk om eldre svensk arvelovgjeving frå ein ikkje-historikar: kvar fekk den som overtok eit gardsbruk ved arveskifte pengar til å løyse ut syskena sine frå? Det førte ho til ei interesse kring juridiske rettar og fråver av slike rettar innafor ekteskapet i Sverige i tidleg nytid. Ekteskapsinstitusjonen, kombinert med familien og hushaldet, har i fleire hundre år vore, og er til dels framleis, det sentrale punktet i samfunn over store delar av verda. Dei variasjonane ein likevel finn, kan ifølgje Ågren forståast ut frå at konsekvensane av ekteskapet har vore regulert på forskjellig vis over tid og frå kultur til kultur. Til og med mellom to såpass like samfunn som Sverige og Noreg har det vore viktige forskjellar i dei rettar gifte kvinner har hatt særleg i høve fast eigedom.

Boka behandlar perioden frå slutten av 1500-talet til midten av 1800-talet, og gir såleis høve til systematiske studiar av utviklinga over eit langt tidsrom. Undervegs drøftar Ågren tilhøva både i Noreg og i andre land det er naturleg å samanlikne med. Ho påpeiker ved hjelp av døme at sjølv om ekteskapsinstitusjonen er allmenn, kan den ikkje forståast lausreve frå den juridiske og kulturelle konteksten den er ein del av.

Ekteskapet etablerte i prinsippet eit hushald. Det er så den faste jordeigedomen som klassisk innsatsfaktor i hushaldsøkonomien og kanskje den viktigaste kjelda til rikdom, som er det sentrale i boka. Rettar i høve jordeigedom var sentralt i lovverket, og Ågren legg stor vekt på korleis svensk familielovgjeving vart tolka, drøfta og tilpassa til den allmenne samfunnsutviklinga gjennom perioden, som nemnt med hovudvekt på dei rettane gifte kvinner hadde til slik eigedom.

I innleiingskapitlet gjer Ågren greie for kva ho eigentleg legg i hovudtittelen på boka. I dei neste kapitla etablerer ho så status for rettar til jordeigedom kring 1600, og følgjer utviklinga fram til Sverige i 1845 fekk ny arvelov med lik arverett for begge kjønn, og 1857, da dei siste slektsrettane til jordeigedom vart avskaffa.

Kjeldematerialet Ågren har utnytta er stort sett det same vi har for Noreg: lovverket med forordningar og førebuingar for revisjonar, praksis slik den syner seg gjennom referata i tingbøkene, økonomiske tilpassingar slik dei òg viser seg i skifte, testament og det som tilsvarar våre føderådskontraktar. Med ein framveksande ny offentlegheit bygd på ny trykketeknologi og opningar i lovverket for trykkefridom i siste del av 1700-talet, fekk store grupper ein ny kanal til å gjere utfordringar kjent for allmugen og påverke lovgjevarane.

Sverige i tidleg nytid var tynt folkesett, og behovet for jord for å overleve galdt store grupper. Derfor er det ikkje rart at så mykje konflikt på 1600-talet galdt jordspørsmål: korleis staten skulle utnytte krongodset, på kva vilkår adelen skulle få ta over krongods, forholdet mellom gods-eigarar og leiglendingar, og i kva grad sjølveigande bønder kunne skattleggjast av jordeige-domen sin.

Som i Noreg var gardsbruket den grunnleggjande driftseininga; busetjing som kunne likne engelske landsbyar fanst berre i nokre få område. Gardsbruka kunne vere einbølte, men dei fleste var nok av ei form tilsvarande våre mangbølte, der jorda kunne vere spreidd og teigblanda i til dels betydeleg grad. Inna-for slike mangbølte gardar måtte derfor hushalda samarbeide tett, på same måte som her til lands.

Realhistorisk hadde Sverige som kjent si «stordomstid» frå Trettiårskrigen til avslutninga av Den store nordiske krigen med at Karl 12. fall i 1718. Krigsaktiviteten førte med seg store demografiske problem; 30 % av alle mannfolk fødde i denne perioden døydde før tida, og dermed fekk dei mange heimeverande konene og enkjene større økonomisk ansvar. Utover 1700-talet normaliserte den demografiske situasjonen seg, med allment svekka handlingsrom for vaksne svenske kvinner.

Arverettsleg var dei svenske kvinnenes situasjon fram til 1845 lik Noreg: dei arva bilateralt og fekk det halve i høve mennene. Ved ekteskapsinngåing var det fast tradisjon at kvinna skulle ha morgongåve, gjerne i form av jordeigedom. Svensk lov gav kona rett til ein tredjepart av jordeigedom som vart innkjøpt medan ekteskapet bestod, og beskytta òg kvinnas del av den samla jordeigedomen ektefolka disponerte. Den bestod altså av tre skilte komponentar: jord mannen hadde arva, jord kvinna hadde arva og jord dei eigde saman. Ved inngangen til undersøkings-perioden hadde lovverket ymse restriksjonar på mannens høve til å disponere hennar jord: han kunne berre selje ved akutt naud, t.d. militært angrep og behov for løysepengar, hungersnaud o.l. Viss ein mann elles ville selje jordeigedomen til kona, måtte han by den til hennar slekt først, og han måtte selje dobbelt så mykje av eiga jord samstundes slik at den innbyrdes fordelinga ikkje vart skipla. Makeskifte av konas jord kunne berre gjerast mot jord av betre kvalitet og godkjenning av hennar slekt eller arvingar. Sverige hadde ikkje regelen om åsetesrett, og heller ikkje det norske skyld-eige-systemet i same grad, slik at svenske kvinner var i betydeleg grad eigarar av reelle jord-eige-domar.

Lovverket hadde gjennom bördsretten sterkt fokus på rettar knytt til jordeigedom, og hovudvekta låg på dei rettane ein familie (i utvida tyding) hadde til den jorda som hadde vore i slektas eige over tid. For å forhindre at handlingar av enkeltpersonar førte til at jord gjekk ut av slekta, trekte loven altså eit skarpt skilje mellom jordeigedom som var arva og jordeigedom som var kjøpt. Arva jord kunne ikkje seljast; eigaren forvalta ho på vegner av den utvida familien, og den skulle bli verande i slekta, enten ved at barna eller andre i slekta overtok når eigaren gjekk bort. Dette galdt begge kjønn, og i eigedomsrettsleg samanheng karakteriserer Ågren ekteskapet som berre ei mellombels ordning som ikkje sette spor etter seg viss det ikkje gav barn.

På 1600-talet var altså familielovgjevinga ein av dei viktigaste regulatorane for redistribusjon av verdiar i samfunnet. Reglane for arv og eigedom i ekte-skapet styrte ressursstraumen mellom generasjonane og mellom ektefellane. Men dei var òg viktige for «eldreomsorga» og økonomiske forhold utafor familien, særleg krav frå kreditorar og arvingar. Også staten hadde hovudinntektene sine frå familiane og var interessert i familie-lovgjevinga. Ho var ifølgje Ågren dermed ikkje mindre enn sjølve navet i det tidlegmoderne økonomiske livet i Sverige, både på mikro- og makronivået. Det var heller ikkje tilfeldig at dette kom til overflata i siste del av 1600-talet, da Sverige var på makttoppen. Landet hadde gått gjennom store strukturendringar som sette det eldre samfunnssystemet under press, og det presset verka òg mot denne lovgjev-inga.

Det var så juristar i svenske appellrettar som karakteriserte familielovgjevinga på 1600-talet som ein «hushaldsløyndom». Utanforståande hadde problem med å forstå kven som eigde kva innafor hushaldet. Mannen i eit hushald hadde ikkje full eigedomsrett over den jorda han tilsynelatande disponerte, av fleire grunnar. Kona kunne t.d. ha arva sjølveigd jord, og/eller barn frå tidlegare ekteskap kunne ha arva jord etter ei avdød mor. Dei utanforståande var kreditorar, og dei juridiske diskusjonane gjekk på kva som var viktigast: beskytte krav frå kredito-rar, eller rettane gifte kvinner og barn hadde. Det Ågren ser som teikn på eit sofistikert rettssystem – med klart skilje mellom det ektefolka eigde kvar for seg – vart for desse juristane eit hovudproblem. Dei meinte at alt hushaldet disponerte skulle vere tilgjengeleg for mannen sine kreditorar. Den juridiske drøftinga sist på 1600-talet viste at familie-lovgjevinga ikkje var statisk; det prinsippet ein forsøkte å få til var forenkling, til kostnad for kona og hennar slekt. Dette koplar Ågren til studiar av James C. Scott, som argumenterer for at moderne statar ønskjer å gjere samfunnet meir oversiktleg eller transparent, og at måten det blir gjort på ofte har ført til at avgjerande detaljar i det sosiale livet – kunnskap, rettar – vart oversett, tilsidesett og gløymd. Scott peiker iflg. Ågren t.d. på at både eigedoms- og kredittlov-gjevinga er to av dei tidlegaste og beste døma på slik statleg forenkling.

Den måten lokalsamfunna og det lokale bygdetinget fungerte på, forsterka òg maktposisjonen til slekta. Ågren har gått inn i lokal rettspraksis og funne saker der menn ulovleg selde kona si jord, men der det er tydeleg at den lågaste rettsinstansen, bygdetinget, hadde godt oversyn over dei lokale eige-domsforholda og tok på alvor at mannen i eit hushald kunne disponere eigedom som høyrde til mange forskjellige personar. Sjølv om dommarane (lagrettemennene) kunne vere utanbygds frå, aksepterte dei ikkje å bli stilt overfor slike «hushaldsløyndomar», men etterforska alle sider ved ei sak.

Ågren har ikkje funne mange saker frå tida kring 1600, men det finst døme på at ein mann selde konas land i direkte strid med hennar eller slekta sine interesser. Da kom saka straks for retten med uttrykkeleg tilvising til lovverket, noko som viser at det var godt kjent lokalt.

To maktfaktorar verka likevel mot slektsgruppa: staten -som ville ha stabile skattebetalarar, og kyrkja som ville ha hardt arbeidande og fredeleg innstilte ektefolk. Desse institusjonane støtta krefter som ville at ein eigar skulle ha rett til å bruke eigedomen sin som han ville utan omsyn til krav frå slekt. Alle samfunnslag støtta det at hardt arbeid og kjærleik skulle «lønne seg», og retorikken gjekk i retning av å underminere slektas kontroll.

Det var særleg ein kredittmarknad under stadig utvikling som pressa på. Også den svenske staten selde etter kvart unna jordegods, eigedom som da kom i sjølveige utanfor slektskontroll, men der kona likevel etter loven skulle ha eksklusiv eigedomsrett til ein tredjepart. Jordprisane steig, og for å kjøpe jord måtte bøndene ta opp lån med sikkerheit i jorda, men med særeigesystemet vart det krevjande å vete kven som eigde kva og kva kreditorane eigentleg fekk som sikkerheit for låna.

Sist på 1600- og først på 1700-talet gjennomgjekk det svenske lovverket derfor betydelege endringar, og den nye loven frå 1734 hadde stort potensial for å skiple makt-balansen i samfunnet. Den påverka og reorganiserte relasjonane mellom generasjonane, slekta og ektefolka, kreditorar og debitorar og internt mellom ektefolka.

Med 1734-loven forsvann den kontrollen slekta hadde over jord ei kvinne tok med inn i eit ekteskap. Samstundes vart jordmarknaden meir og meir dynamisk, m.a. ved at krav om utskifting av teigblanda jord auka på. Dermed vart det meir tungvint å halde oppe separat jordeigedom for kvinnene, og det vart meir og meir aktuelt å selje frå slike jordpartar og reinvestere i anna jord. Sjølv om lovverket ikkje hadde reglar for det, påviser Ågren at hushalda no utvikla strategiar for å kompensere kvinnene på forskjellige måtar: testament, skifteregistreringar eller meir og meir formaliserte føderådskontraktar utover 1700-talet.

Eit nytt element som kom inn frå midten av 1700-talet, var som nemnt den offentlege opinionen gjennom trykt skrift. Her har Ågren eit viktig poeng: den var av eit anna slag enn den eldre, som hadde vore verksam i lokalsamfunna i uminnelege tider og gjorde det muleg å fastslå kva som var rett eller gale. Den «gamle» offentlegheita var lokal og personleg; vitne og dommarar på tinget kjente dei lokale tilhøva og kunne ta omsyn til dei. Tilhøva vart berre «hushalds-løyndomar» for utanforståande, t.d. dommarar i ankedomstolane, ikkje for lokalbefolkninga. Ifølgje Ågren var det reformene først på 1700-talet som gjorde hushalda meir private og «hemmelege».

Oppkomsten av ein ny offentleg sfære skipla denne balansen igjen. Det vart muleg å opne opp hushalda med deira interne problem til eit publikum som ikkje var lokalt og personleg, men regionalt/nasjonalt og upersonleg. Gjennom trykksaker vart det muleg å gjere interne tilhøve i hushalda kjent for ei uavgrensa gruppe anonyme lesarar. Denne nye offentlegheita vart derfor prinsipielt forskjellig frå den gamle. Det at den var uavgrensa gav den òg ei formidabel kraft og medverka til dei drastiske endringane i det svenske lovverket som tvang seg fram i første halvdel av 1800-talet.

Ågren meiner det kan vere sjølve den offentlege debatten om kvinnenes bidrag til samfunnet som avgjorde resultatet i Riksdagen. Det er verd å merke seg at Riksdagen la vekt på det tunge kroppsarbeidet og reproduksjonsforpliktingane til kvinnene. Dette var noko bøndene sjølve hadde lagt vekt på attende på 1600- og 1700-talet. 1845-reformen førte likevel ikkje til nokon allmenn og generell oppgradering av kvinnearbeidet, det vart verande isolert i hushaldet, usett og lite verdsett av andre enn familien. Det nye borgarskapets ekteskapsideal gjorde kvinnenes bidrag mindre, ikkje meir, synleg.

På imponerande vis kombinerer Maria Ågren svensk økonomisk og sosial historie med retts- og kulturhistorie i denne avhandlinga. Ho gir mange referansar til internasjonal forsking på tilgrensa felt, også norsk, t.d. Ingeborg Fløystads artikkel i Historisk tidsskrift nr. 4, 1990 om innføring av lik arv for kvinner og menn i Noreg med loven av 31.7.1854. Ågren har, med utgangspunkt i eit lovverk under press og i endring og særleg i korleis dette lovverket vart handtert i faktiske konfliktsaker, vist at det er muleg å få oversikt over korleis menn og kvinner kvar for seg har bidrege i hushalds-økonomien gjennom perioden. Eg kan ikkje forstå anna enn at det må vere muleg å gjere interessante samanliknande under-søkingar på tilsvarande norsk materiale, særleg fordi vi truleg har ein meir rikhaldig og kvalitativt betre lokalhistorisk litteratur her til lands. Ei spanande oppgåve ventar på rette vedkomande!