Svante Lundgren

I svärdets tid – Det osmanska folkmordet på kristna minoriteter

Sahlgrens förlag, Otalampi 2009. 218 s.

Folkemordet på armenarane er, nest etter Holocaust, det mest utforska folkemord i verdshistoria. Kvart år kjem det ut eit titals nye vitskaplege bidrag i form av monografiar eller artiklar, ofte i form av detaljerte empiriske studium rundt folkemordets organisering. Men det har vore lita interesse i forskarmiljøa for å innplassera folkemordet i ein breiare kontekst av ungtyrkisk og kemalistisk befolkningspolitikk. Som fylgje av statlege tiltak vart talet på kristne osmanarar busette innanføre grensene til dagens tyrkiske stat redusert frå fem millionar i 1913 til ein halv million i 1924. Av 4 œ millionar kristne som i mellomtida hadde forsvunne hadde i overkant av 2œ million vorte drepne, om lag 1 œ million, stort sett grekarar, vorte tvungne til å forlata landet, medan anslagsvis 250 000 kvinner og born hadde vorte tvangskonverterte til islam. Den tyske genocidforskaren Tessa Hofmann1 har lenge teke til orde for å gjera bruk av eit slikt større perspektiv i den vitskaplege tilnærminga til folkemordet, for å få fram at armenarane ikkje var dei einaste ofra for den ungtyrkiske og kemalistiske befolkningspolitikken. Andre genocidforskarar har gjeve uttrykk for det same, i det dei har byrja referera til folkemorda på dei osmanske kristne.2 Denne breiare tilnærminga har vidare skapt fokus på spørsmålet om det går an å tala om ein mogleg kontinuitet mellom befolkningspolitikken til det ungtyrkiske regimet og det påfylgjande kemalistiske regimet.

Det er ei slik breiare tilnærming som dannar utgangspunkt for boka til finske Svante Lundgren. Forfattaren er ikkje berre oppteken av folkemordet på armenarane, men fokuserer i like sterk grad på korleis fyrst det ungtyrkiske og deretter det

kemalistiske regimet gjekk fram mot dei greske og arameiske minoritetane frå 1913 til 1924. Han har dessutan inkludert omtale av den etniske reinsinga som spesielt dei greske minoritetane vart utsette for.

Ei slik tilnærming byr på visse utfordringar, all den tid tiltaka som vart retta inn mot dei ulike kristne gruppene var av ganske ulik natur. Tiltaka mot den gresk-ortodokse befolkninga stod i ei særstilling; grekarane hadde i motsetning til dei to andre gruppene ein nasjonalstat å emigrera til, og kunne i stor grad unngå døden gjennom å godta tvungen landsforvising;3 ein utveg som vart aktivt motarbeidd av styresmaktene for armenarane sin del. Lundgren har då også unngått ei direkte komparativ tilnærming. I staden for har han vald å presentera lagnaden til dei tre gruppene i kvart sitt kapittel.

Lundgrens bok er skriven på eit praktfullt svensk. Om dette har si forklaring i forfattarens finlandssvenske bakgrunn skal vara usagt; her får ein nøya seg med å minna om at svenske litteraturkritikarar i lang tid har trekt fram finlandssvenske forfattarars sikre språkføring som eit førebilete for rikssvenske forfattarar.

Det er ei imponerande stoffmengde Lundgren har makta pressa inn på drygt 200 sider. Framstillinga framstår som kompakt, og boka er empirisk tung. Stoffmengda er så stor at dei færraste vil makta å lesa boka i ein jafs. Det passar betre å ta eit kapittel om gongen.

Boka omfattar fem kapittel. Fyrste kapittel er vigd omtalen av det armenske folkemordet, andre kapittel folkemordet på dei arameiske kristne og tredje kapittel folkemord og etnisk reinsing retta mot dei gresk-ortodokse minoritetane. Det fjerde kapitlet omtalar nordiske augevitne til hendingane samt døme på nordisk engasjement på diplomatisk og politisk nivå. Nordisk hjelpearbeid blant overlevande kvinner og born vert òg trekt fram. Det femte og siste kapitlet er vigd analyse av dei strategiane dagens tyrkiske stat gjer bruk av i sin aktive fornektingspolitikk. Heilt til slutt fylgjer ein kommentert bibliografi, som vel er meint å fungera som eit orienteringsverkty for dei som ynskjer å fordjupa seg ytterlegare i tematikken.

Forlaget har vald å sløyfa det vitskaplege noteapparatet frå Lundgren si bok. Lundgren har freista bøta på denne openbare mangelen ved å referera til kjeldene sine i sjølve teksten.

Det fyrste kapitlet byrjar med ein introduksjon til det armenske folkets historie, med vekt på kulturelle særtrekk. Deretter kjem ein relativt omfattande omtale av dei hamidiske armeniarmassakrane i 1895–96. Imidlertid stussar eg over at Lundgren har vald å gå i djupna på to enkeltståande massakrar som i gjennomføringsmetode skil seg ut frå dei

fleste andre, nemleg armeniarmassakren i Istanbul den 1. oktober 1895 samt innebrenninga av 3000 armenarar i katedralen i Urfa4 den 28. desember 1895. Det hadde vore meir naturleg av Lundgren å fokusera på den intensive massakreringsperioden 21. oktober–18. november 1895, som retta seg mot den armenske befolkninga i 21 byar. Det er mogleg Lundgren på dette område ikkje er heilt oppdatert på forskingssituasjonen.5 Men forfattaren fortener ros for at han har vald å leggja vekt på det parallelt utførte kulturmordet retta mot den armenske religiøse identiteten, som i fylgje Lepsius6 medførte at 645 kyrkjer og kloster vart plyndra eller øydelagde og at 328 andre kyrkjar vart gjorde om til moskear. Men Lundgren er på to stader unøyaktig i si attgjeving av Lepsius. Med referanse til Lepsius syner han til at 456 landsbyar hadde vorte tvangskonverterte til islam. Men Lepsius sitt tal er 646. Lepsius si veldokumenterte framstilling frå 1896 hadde fortent å verta korrekt gjeve att.

Lundgren kunne med fordel ha gått meir i djupna kva gjeld den politiske utviklinga i Istanbul i perioden 1908–1914. Eg saknar spesielt ein presentasjon av verksemda til armenske og greske politikarar i det osmanske parlamentet i tidsbolken 1909–1913.7 Ei grundigare omtale av perioden mellom den ungtyrkiske revolusjonen i juli 1908 og sultanen sitt statskupp i april 1909 hadde heller ikkje vore å forakta. Lundgren synest å vara ukjent med den detaljerte framstillinga til tidsvitnet Paul Farkas.8 Presentasjon av aktørar som Den liberale union, Den muhammedanske komité og det armenske Dasjnakpartiet ville ha gjort det lettare for lesaren å skaffa seg oversikt over utviklinga i osmansk politikk i åra forut for folkemordet.

Framstillinga av sjølve folkemordet i 1915–16 framstår som fagleg botnsolid. Det er openbart at det er på nettopp dette område at Lundgrens kompetanse best kjem til si rett. På berre 13 sider maktar forfattaren det imponerande kunststykke å gje ei kronologisk og tematisk utfyllande framstilling av folkemordet si utføring. Forfattarens omtale av det osmanske rettsoppgjeret etter krigen mot politikarane som var ansvarlege for folkemordet er imidlertid i kortaste laget. All den tid dette var verdshistorias aller fyrste rettsoppgjer mot politikarar ansvarlege for folkemord, hadde rettsoppgjeret fortent ein breiare presentasjon.

I kapittel 2 er det folkemordet på dei arameiskspråklege (syriske) kristne i Det osmanske rike som står i fokus. Dette folkemordet vert ofte referert til som Seyfo. Denne gruppa, som har ulike typar av arameisk som språk, er oppsplitta i to hovudtradisjonar: den vestsyriske og den austsyriske.9 Berre den sistnemnde gruppa kan kallast assyrisk. Men Lundgren gjer bruk av assyrisk som fellesnamn på alle arameiske kristne. Dette har skapt nokre uklarheitar; i teksten er det stundom uklart kva for etnisk gruppe Lundgren siktar til.

I omtalen av Seyfo har Lundgren openbart gjort bruk av litteratur publisert gjennom kanalane til dei store kaldeiske og assyriske diasporamiljøa i Sverige. Denne litteraturen, som i stor grad tek utgangspunkt i augevitneskildringar av massakrane i 1915, baserer seg på tekstar som har vorte omsette frå arameisk til svensk. Dette har skapt den interessante situasjon at ei rekke viktige kjelder til folkemordet, som ikkje er å oppdriva korkje i engelsk, tysk eller fransk språkdrakt, faktisk ligg føre i svensk omsetjing. Lundgren har her utnytta ein nesten ukjend memoarlitteratur som så absolutt fortener å verta underlagt vitskapleg gransking. Sjølv om den svenske genocidforskaren David Gaunt,10 som Lundgren til ei viss grad har drege vekslar på, har nyttiggjort seg nokre av dei same kjeldene, må Lundgren sin innsats likevel verta kvalifisert som eit nybrottsarbeid.

Kapitlet byrjar med ei velutforma framstilling av aramearane si historie like attende til antikkens assyriske rike. Framstillinga av den assyriske kyrkjas veldige geografiske utbreiing før islam er interessant lesnad. Lundgren har vidare fått på plass ei oversiktleg framstilling av aramearane sin situasjon etter at dei i 1516 kom inn under osmansk herredøme.

I sin presentasjon av sjølve folkemordet har Lundgren ikkje berre lagt vekt på dei relativt velkjende massakrane som fann stad i dei to osmanske distrikta Hakkari og Tur-Abdin, men òg på massakrane i Urmia – eit iransk område som stod under osmansk okkupasjon.

Det er vel og bra at Lundgren er oppteken av å dokumentera sine påstandar. Men i omtalen av Seyfo vert han kan hende litt i overkant kjeldenær. Det vert så mykje og detaljert fokus på einskilde massakrar at lesaren i verste fall kan mista oversikten.

Forfattaren har fått fram lagnaden til dei aramearane som klarte å overleva folkemordet i 1915. Dei fekk ikkje vara lenge i fred. Dei vart totalt fordrivne frå Urfa og Adana i løpet av perioden 1921–22. Overlevande som hadde søkt seg attende til Tur Abdin og Hakkari vart jaga bort

av Kemal Atatürks nye regime i 1924. Men kvifor har forfattaren vald å inkludera omtale av den irakiske Simele-massakren på 3000 arameiske kristne i august 1933? Denne irakiske massakren hadde den tyrkiske staten ikkje noko ansvar for.

I det tredje kapitlet kjem Lundgren inn på lagnaden til dei osmanske grekarane. Lundgren har gjeve god plass til omtale av den greske minoriteten si stilling før 1914. Han fokuserer mellom anna på deira dominans i utanrikshandelen. Meir interessant er likevel hans omtale av dei greske kryptokristne si stilling, i det han refererer til 20 000 kryptokristne si «returkonvertering» til kristendomen i Kappadokia i 1910.

Trass i at minst 700 000 osmanske grekarar mista livet i tidsbolken 1913–1924, i stor grad som fylgje av genocidale tiltak, har genocidforskinga inntil nyleg synt lita interesse for tematikken. Fyrst og fremst heng nok dette saman med kjeldesituasjonen; dei fleste grekarar mista livet i område utan vestleg konsulær representasjon. Vidare har nok det sterke fokuset på den store befolkningsutvekslinga mellom Tyrkia og Hellas i 1924, som medførte landsforvisning av drygt 1,1 million gresk-ortodokse frå tyrkisk territorium, medverka til redusert interesse for genocidale overgrep retta mot den greske minoriteten før 1924.

Lundgren representerar eit etterlengta korrektiv til denne tendensen. Han gjev omtale til tvangsfordrivinga av 330 000 trakiske grekarar i 1914, den etniske reinsinga retta mot fleire greske samfunn i Lilleasia same året, dei store interne tvangsfordrivingane av grekarar i 1916 som førte til mange dødsoffer, den genocidale politikken retta mot grekarane i Bafra og Alazam i 1920 samt den kemalistiske fordrivinga av Smyrna11 si greske befolkning i september 1922. Men sjølvsagt har heller ikkje Lundgren utelete omtale av den store gresk-tyrkiske befolkningsutvekslinga i 1924.

I kapittel 4 omtalar Lundgren på den eine sida nordiske augevitne til folkemordet, på den andre sida nordiske aktørars humanitære, diplomatiske og politiske engasjement for dei overlevande. Lundgren presenterar oss for eit stort persongalleri. Han har ikkje berre fått med seg augevitne som norske Bodil Biørn, svenske Alma Johansson og danske Maria Jacobsen, men har òg gjeve brei omtale av Karin Jeppe sin innsats for foreldrelause armenske born. Lundgren har lukkast godt med si framstilling av Alma Johansson si skriftlege rapportering rundt folkemordet. Men eg saknar omtale av norske Thora Wedel-Jarlsberg, som òg skreiv detaljerte rapportar om folkemordet basert på samtalar med osmanske soldatar.

Lundgren har oppnådd god tematisk breidde i kapitlet, i det han heller ikkje har gløymd engasjementet

til skandinaviske diplomatar. Han nemner til dømes Carl Ellis Wandel. Denne danske diplomaten si rapportering rundt folkemordet på armenarane har det vorte fokusert ganske mykje på i Danmark, både gjennom ein serie i Dansk Radio samt i ei nyleg publisert bok.12 Langt viktigare er Lundgren si omtale av rapporteringa til sjefen for den svenske legasjonen, Per Cosswa Anckarsvärd. Forfattaren peikar på at Anckarsvärd, forutan å rapportera rundt folkemordet på armenarane, i heile 11 rapportar omtalar døme på massakrar og etnisk reinsing retta mot andre kristne grupper. Særs interessant er Lundgren si omtale av rapporteringa til den svenske militærattacheen i Istanbul, Einar af Wirsen, som pleidde nær selskapeleg kontakt med Talaat Pasja, den hovudansvarlege for folkemordet på armenarane. Genocidforskinga har til dags dato ikkje gjort bruk av rapporteringa til Anckarsvärd og Wirsen. Lundgren fortener takk for å ha brakt desse viktige kjeldene fram i ljoset.

Forfattaren har ikkje gløymd Fridtjof Nansen sin innsats for armenske flyktningar etter krigen. Men vel så interessant er omtalen av engasjementet til den seinare svenske sosialdemokratiske statsministeren Hjalmar Branting, som på eit stormøte i Stockholm den 27. mars 1917 omtalte folkemordet på armenarane som ett fullt organiserat folkmord.

Kapittel 5 omtalar den tyrkiske statens sterke engasjement for å fornekta kva som skjedde i 1915. Men i omtalen av denne fornektingskampanjen har ikkje Lundgren lukkast spesielt godt. Han har ikkje makta å få fram kor variert og allsidig den tyrkiske statens fornektingskampanje verkeleg er. Dels er det tale om ein grovkorna kampanje retta mot det breie publikum, dels ein meir finmaska og manipulerande kampanje retta mot utanlandske akademiske miljø. Lundgren fokuserer stort sett berre på den meir grovkorna del av kampanjen, i det han bruker fleire sider på å visa attende påstandane i to revisjonistiske bøker prega av absurde påstandar. Det hadde vore meir matnyttig om Lundgren hadde teke for seg den finmaska kampanjen retta inn mot akademiske miljø; propaganda som til dømes har utgått frå amerikanske lærestolar i tyrkiske studiar, etablerte og finansierte av den tyrkiske stat.

Lundgren omtalar òg dagens gresk-tyrkiske relasjonar sett i ljos av det offisielle Tyrkias manglande oppgjer med si eiga fortid. Dette er ganske interessant lesnad.

Mot slutten av boka har Lundgren inkludert ein kommentert bibliografi, som omfattar så vel tysk- som engelsk- og franskspråkleg faglitteratur. Men det heftar diverre ein del svakheiter ved denne bibliografien. Lundgren har utelate mange av dei aller mest sentrale nyare vitskaplege verk. Til dømes er dei sju store monografiane/antologiane rundt tematikken som dei siste åra har

kome ut på sveitsiske Chronos Verlag ikkje nemnt av forfattaren.13

Om eg til slutt skulle retta ein liten peikefinger mot Lundgren si framstilling måtte det vara at han i for liten grad har referert til dei tusenvis av tyrkiske og kurdiske muslimar som, med fare for sine eigne liv, redda livet til tusenvis av armenarar og assyrarar gjennom å halda desse skjult. Han kunne dessutan gjerne ha fokusert sterkare på lagnaden til dei mange osmanske embetsmenn som i 1915 gjorde seg skuldige i ordrenekt gjennom å nekta å stå for koordineringa av armeniarmassakrane i embetsdistrikta sine. Desse embetsmenna, som av Istanbul vart fjerna frå sine stillingar, måtte i nokre tilfelle bøta med livet. Det er viktig å få fram denne sida ved historia.

Ein og annan kritisk merknad til tross, Lundgren har gjort eit imponerande stykke arbeid med denne boka. Han har makta å presentera ein uhyre komplisert tematikk i eit lett forståeleg språk og på ein lett tilgjengeleg måte, utan at det har gått merkbart ut over den vitskaplege kvaliteten. Og han har brakt ein del fram til no ukjent kjeldemateriale fram i ljoset. Honnør til Lundgren for framifrå innsats.