Henrik P. Thommessen

Fra triumf til tragedie. Avisbedriften Tidens Tegn 1910–1941

Avhandling for dr.philos.-graden ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Oslo 2008. 377 s.

Det er uomtvisteleg ei spennande og interessant avhandling Henrik P. Thommessen har gjort i si Fra triumf til tragedie. Avisbedriften Tidens Tegn 1910–1941.

Dette er ei avhandling om Tidens Tegn, men kanskje vel så mykje om redaktørane Olav og Rolf Thommessen, som forfattaren er direkte etterkomar av.

Avhandlinga handlar om avisa Tidens Tegn sin vekst og sitt fall, og har som sitt bakteppe ein hendingsrik og på mange måtar dramatisk epoke i norsk historie.

Eit viktig utgangspunkt for avhandlinga er forfattaren si eiga hovudoppgåve frå 1991, Verdens Gang og redaktør O. Thommessen – fra Johan Sverdrup i 1884 til Christian Michelsen i 1903. En analyse av redaktørens politiske bevegelse fra det «rene» Venstre til borgerlig samling. Ein del av denne hovudoppgåva er teken inn i doktoravhandlinga. Det handlar om grunnlaget for og tida før Tidens Tegn vart oppretta i 1910.

Avhandlinga er delt inn i 14 kapittel og 3 hovuddelar. I tillegg kjem det eit innleiings- og eit avslutningskapittel. Avhandlinga deler inn historia om Tidens Tegn i tre periodar på denne måten:

Triumfen (1910–1917)

Mellom barken og veden (1917–1927)

Tragedien (1927–1941)

Forfattaren presenterer sjølv formålet med avhandlinga i innleiinga, på side 9:

Hensikten med denne avhandling er å presentere en monografi over Tidens Tegn, med vekt på økonomi og styring i denne avisen. Hensikten er ikke å foreta analyser av innholdet ut over det som er nødvendig for å gi billeder av avisens politiske tekster som kan ha fått konsekvenser for aksjeselskapets økonomiske stilling til enhver tid.

Formålet blir utdjupa på side 12:

Avhandlingens formål er å beskrive de bedriftsøkonomiske årsakene til «det som skjedde». Tekstene i en avis kan være så spennende, så provoserende, så interessante og så lærerike som tenkes kan, men hvis ikke den bedriftsøkonomiske delen blir tatt like godt vare på som avisens innhold, da kan det gå galt. Det er bedriftens økonomiske historie som denne delen er opptatt av. Det fokuseres på aksjeselskapets gjøren og laden, med startvisjoner, produktutvikling, ansettelser, regnskapsførsel, styrefunksjoner og alt annet som hører med i driften av den juridiske enhet som et aksjeselskap er.

Hovudproblemstillinga fortel forfattaren, på side 12, er arva frå Odd Hølaas og denne Tidens Tegn-mannen si erindringsbok De talte dagene frå 1946. Det handlar, både for Hølaas og for Thommessen, om å finna ei forklaring på «denne store avistragedien», som det blir fortalt at Tidens Tegn-historia i «bunn og grunn» er. Avhandlinga leitar etter ei forklaring på korleis Tidens Tegn kunne gå frå ein påfallande stor triumf til ein merkeleg eller for mange ein heilt uforståeleg tragedie.

I denne programerklæringa ligg det eit svært ambisiøst og svært utfordrande prosjekt. Dette heng saman. For det første skal mykje behandlast. For det andre blir det trukke opp problematiske avgrensingar til det som ikkje skal behandlast. For det tredje ligg forfattarens nærleik til studieobjektet der som eit ibuande problem.

Forfattaren reiser ei rekkje hypote

sar tidleg. Eg har i alle fall notert meg desse:

  1. Det var tida før danninga av Tidens Tegn i 1910 som var grunnlaget for avisa sin suksess frå aller første dag.

  2. Det var avisa sine politiske utspel som til sjuande og sist utgjorde investorars interesse i å engasjera seg økonomisk i aksjeselskapet, i tillegg til viljen til kjøparane og lesarane til å kjøpa produktet. Også annonsørane sin godvilje overfor avisa hang saman med politikken.

  3. Det er redaktør og gründer Olav Thommessen som er forklaringa på Tidens Tegn sin formidable oppstart-suksess.

  4. Tidens Tegn kom i stadig aukande grad i utakt med utviklinga i det politiske landskapet, særleg knytt til radikaliseringa og til utviklinga i partiet Venstre. Dette var ein vesentleg årsak til at avisa mista truverde som medspelar i det politiske landskapet.

  5. Det var avisa si politiske tilhøyrsle – og seinare mangel på tilhøyrsle – som avgjorde avisa sin lagnad.

  6. Dei forpliktelsane som avisa tok på seg som deltakar på den politiske scena, utvikla seg til ei brennande lunte.

  7. Redaktørane sitt partipolitiske engasjement fekk dei mest alvorlege følgjer for drifta.

  8. Styret som vart etablert i 1919 var berre ein formalitet, for å leva opp til handelsregisteret sitt krav til at aksjeselskap må ha eit ansvarleg styre.

Desse hypotesane kan me sjå på frå ulike synsvinklar. Ein første måte er å seia at dette er eitt grep mellom dei grepa som forfattaren har valt i si framstilling av historia om Tidens Tegn. Det handlar om den tolkinga og den framstillinga av historiske hendingar og handlingar som forfattaren har valt: Korleis er utval og tolking prega av at dette er ei historie om eit fall, om eit forfall? Forfattaren problematiserer i liten grad eigne sjanger- og stilmessige val. Dette blir spesielt synleg på grunn av den openberre nærleiken til studieobjektet forfattaren har: Det er forfallshistoria til forfattarens forfedre. Grepa burde ha vore drøfta tydeleg i staden for å vera gøymt unna. Er det først og fremst familiemedlemmet og ikkje forfattaren eller historikaren si stemme me møter i viktige passasjar? Forfallshistoria er historia om forfallet også til nære familiemedlemmer. Jens Arup Seip har ein stad skrive at historikaren si oppgåve ikkje er å kle på, men å kle av, å avsløra dei eigentlege motiva til aktørane i historia: Vil ikkje ein nærståande intuitivt i større grad ønskja å kle på enn å kle av i si tolking og framstilling? Spesielt i samband med omtalen av utviklinga på 1930-talet synest det utfordrande for forfattaren å vurdera Rolf Thommessen sine val og prioriteringar på analytisk og distansert vis.

Språkleg blir det gjort ei rekkje val, på ulike nivå. Det skjer til dømes i overskrifter og i innkapsling av tema, som når Tidens Tegn si histo

rie blir delt inn i tre epokar og epokane blir gitt styrande namn: TriumfenMellom barken og vedenTragedien. I denne språklege namngivinga blir det lagt til grunn mange ting: Etableringa av Tidens Tegn var ein triumf, ein «siger», for nokon, over nokon andre. Det blir definert to pressfaktorar, ein bark og ein ved, som pressar mot dei som driv Tidens Tegn i den definerte midtperioden. Siste epoke blir så definert som noko tragisk, for nokon, på grunn av nokon osb. Spørsmålet som naturleg ligg langt framme i lesinga av denne avhandlinga er om tolkinga av og forteljinga om historiske hendingar er blitt vridd systematiske vis på grunn av historikaren sine verdiar og forforståing. Eg finn heltar og skurkar i denne historia, eg finn komiske figurar og tragiske figurar, men eg finn svært lite drøfting av grepa som gir meg som lesar desse figurane.

Litteraturgrunnlaget for avhandlinga kunne vore rikare. Dessutan er ein del av den sentrale litteraturen tydeleg svært selektivt brukt. Tormod Valaker si bok om avisene i mellomkrigsåra sitt forhold til fascismen blir til dømes ganske kort avvist. Valaker framstiller på den andre sida nærmast Rolf Thommessen og Quisling som gode venner og nære allierte, i alle fall i bisetningar og mellom linjene. Dette burde nok ha vore drøfta nærare i denne avhandlinga. Andre kjelder, som Oskar Hasselknippe, har forfattaren eit litt av-og-på-forhold til når det gjeld kjeldas truverde.

Forfattaren er nær på stoffet sitt i fleire tydingar. Han er i nær slekt med dei mest sentrale aktørane i det. Samtidig er han så nær på studieobjektet meir generelt at det kan seiast å rå ei form for kontekstfattigdom i delar av framstillinga. Kunne ikkje til dømes omtalen av Olav Thommessen si politiske vandring vore tematisert tydelegare i forhold til utviklinga av det partipolitiske landskapet i Norge i perioden? På side 127 kan ein lesa: «Frisinnede Venstre var egentlig ikke noe parti i konvensjonell forstand», men så kan ein spørja seg: kva for parti var no parti i «konvensjonell» forstand på denne tida? Kanskje burde nettopp konteksten, med dei lite definerte partigrensene og den etter måten svake politiske institusjonaliseringa i Norge, vore langt sterkare framme som forklaringsfaktor.

Noko kontekstlaust, eller i alle fall kontekstfattig, blir også omtalen av profesjonaliseringsprosessen i norsk presse. 1910 og etableringa av Presseforbundet har ein heilt sentral plass i framstillinga. Men her får me veta lite om organisasjonars og redaktørars relasjonar til og reaksjonar på konflikten i gamle Verdens Gang. Til dømes blir redaktør Nils Vogt i Morgenbladet sitt forhold til eige styre behandla ganske så innforstått. På side 71 står det: «Da som nå var journalistene uhyre hårsåre når det gjaldt enhver form for ’innblanding’ eller meningsytringer omkring det de i tide og utide velger å kalle ’pressens hellige kall’, eller ’den redaksjonelle frihet’.» Her synest det som om skildringa av journalistane og pressa blir tidlaus, at dei kan omtalast på

same viset enten det er i 1910 eller i 2010.

Kontekstfattigdommen gjeld også bruken – eller ikkje-bruken – av Pierre Bourdieu. Avhandlinga kunne sikkert vore godt skriven også utan noko bruk av Bourdieu, men når forfattaren først har valt å nemna han, skaper det særlege utfordringar. For det første får me ein solid dose «kapital-dropping» gjennom avhandlinga, utan at kapitalomgrepet blir knytt til Bourdieu: her er «pekuniær kapital», «kulturell kapital», «sosial kapital», «politisk kapital» … For det andre kunne Bourdieu sitt felt-perspektiv verkeleg fått grep om det innbyrdes forholdet mellom Verdens Gang og Tidens Tegn. Det handlar her om å forstå korleis dei ulike kapitaltypane kunne verka slik dei gjorde nett i den studerte perioden. På den andre sida har forfattaren ein svært fin relasjonell analyse av forholdet mellom Aftenposten og Dagbladet. Det burde vore meir av denne typen!

Ei hovudinnvending mot avhandlinga er altså at sentrale val og framstillingsgrep synest å ligga under, meir enn at dei er løfta opp, vist fram og drøfta. I intervju i samband med doktordisputasen sa forfattaren at det ikkje ville vore noko VG utan Tidens Tegn. Dette er ein interessant påstand, som forfattaren har belegg for i alle fall langs éin dimensjon (den økonomiske), men den er også diskutabel langs andre dimensjonar. Både forfattaren og hans inspirasjonskjelde Odd Hølaas slår fast at Tidens Tegn si historie er ei tragisk historie. På eit vis blir den gjort mindre tragisk dersom den førte til noko. Og forfattaren seier på mange vis at Tidens Tegn førte til den nye avisa Verdens Gang, som kom ut første gongen 23. juni 1945. På side 355 blir dette slege fast slik: «Ut fra de foreliggende opplysninger kan det neppe være tvil om at det var Tidens Tegns aksjonærer som skal ha æren for at det i det hele tatt ble mulig å stable den nye avisen Verdens Gang på bena.» Men blir ikkje den historiske tolkinga då styrt utelukkande av økonomi og aksjar? Og – på side 356 – kjem poenget om at det vart gitt medviten feilinformasjon om at det var Heimefronten sine folk som stod bak den nye Verdens Gang. Uttrykket «idémakernes retorikk» blir nytta. Her får forfattaren det til å høyrast ut som om «Heimefrontorganet» berre var retorikk. At det også var det, synest forfattaren å ha belegg for, men påstanden om at det berre var det, heng mulegeins saman med forfattarens overordna grep om forteljinga?

Det finst ein god del småting å irritera seg over, til dømes når det gjeld språk og referansar. Bruken av «VG» som forkorting – ei rekkje stader – for gamle Verdens Gang er eitt slikt irritasjonsmoment. Mistanken ligg langt framme om at denne bruken også heng saman med det tette forholdet forfattaren ønskjer å knyta mellom gamle Verdens Gang, Tidens Tegn og dagens VG.

Avhandlinga har altså overordna problematiske sider. Samtidig må det slåast fast at den også er grundig, god og interessant. Den gir verdifull innsikt i ein svært viktig bit av norsk

pressehistorie, frå ein spennande epoke i norsk historie.

Den gir nyansert kunnskap om fleire forhold som er gjengangarar som refererte sanningar i kortare eller lengre pressehistoriske arbeid. Det gjeld til dømes 1910-historia, historia om «hodet eller portemoneen», om starten for Norsk Presseforbund, om mytene og heltehistoriene frå dette i norsk pressehistorisk samanheng segnomsuste året. Den gir også nyansert kunnskap om den vedtekne sanninga om at Tidens Tegn og Rolf Thommessen «lefla med fascismen» i 1930-åra. Nei og ja og nja og tja, kan me kanskje seia etter å ha lese denne avhandlinga grundig. Biletet er rett og slett blitt rikare og meir nyansert.