Fem år har gått, og åremålet til redaksjonen vår er dermed eit avslutta kapittel. Vi tok over ansvaret i ein periode då mykje var usikkert når det galdt framtida til Historisk tidsskrift. Vi har møtt denne utfordringa med ønske om å kombinere kontinuitet med fornying både i innhald og form i dei 3600 sidene vi har hatt til rådvelde.

Vi har forsvara HTs plass som vitskapleg tidsskrift i ei tid då nedvurderinga av nasjonale vitskaplege tidsskrift truga HT med ei farleg svekking av status og prestisje. Samtidig har vi vendt oss til dei stadig fleire og større gruppene av historikarar og andre historiekyndige som no er spreidde i ulike stillingar og miljø over heile landet. Vi ser inga motsetning mellom denne breidda og å vere fagleg framifrå, tvert imot – breidda hindrar innavl, og god historie vert dyrka over heile landet, både i større og mindre miljø. Vi har opna HT for mange ulike felt i norsk historie, og for tema og perspektiv på tvers av landegrensene, helst i komparativt lys.Vi har arbeidd med å halde i hevd det norske fagspråket, både på bokmål og nynorsk, og derfor har vi oppmuntra til å utvikle morsmålet i heile si breidd som eit umisteleg reiskap til refleksjon og analyse.

Vidare har vi i høg grad villa gjere noko med bokmeldingstenesta ved å løfte fram, analysere og diskutere ein stor del av den historielitteraturen som kjem ut i Noreg. Vi har òg ønskt å omtale litteratur frå andre land som norske historikarar bør syne merksemd – ideelt sett burde vi ha hatt meir plass til ikkje-nordisk litteratur, men vi har sett det som ei særleg viktig oppgåve for oss å dokumentere, oppmuntre, analysere og diskutere norske historieverk som altfor ofte havnar i skuggen. Slik har vi villa redusere den faglege isolasjonen som forfattarar kan komme til å oppleve når bøkene deira ikkje i tilstrekkeleg grad blir melde og drøfta. Og med det har vi òg gått inn for å gi ein impuls til meir fagdebatt og til integrasjon av ulike historikarmiljø, som gjennom dette stoffet har fått sjansen til å få auga opp for kvarandre.

Endeleg har vi villa gjere merksam på at artikkelforfattarar og bokmeldarar i HT ikkje uttrykkjer seg ex cathedra, at det ligg i fagets natur at mykje er gjenstand for ulike tolkingar og at det derfor kan bli diskutert. Følgjeleg har vi opna for svar på og debatt om artiklar og bokmeldingar i større grad enn vanleg. Men spalteplassen er knapp, tilgangen på stoff er stor, og vi har måtta administrere debattane slik at sluttstrek har blitt sett tidleg. Ein slik praksis kan vonleg stimulere til pregnans som virkemiddel i historieskrivinga. Historikarar er ordglade menneske – og for lite glade i dei ordsparande formuleringane.

Då står det att å takke alle artikkelskrivarane som har gjort sitt for å halde nivået oppe i den tevlinga dei har delteke i om spalteplassen. Takk til hundretalet sakkundige fagfellar over heile Norden som kvart år har gjort ein stor innsats i lesing, rådgiving og siling av artiklar. Vidare takkar vi den store skaren av historikarar i Noreg, Sverige og Danmark som har skrive 264 meldingar i desse fem åra. Mange av dei er unge historikarar som for første gong har publisert i HT. Vi takker òg debattantane for deira augeopnande innspel; dei har mint oss om at dette er eit fag med sprengkraft i seg.

Og sist, men ikkje minst vil vi takke lesarane våre. Det sporar til innsats å vite at tidsskriftet blir følgd med argusauge, det fortel oss at det har ein eigen plass i medvitet til mange historikarar. Som forskarar veit vi at det er det klare lyset frå den ærlege sanninga som hjelper oss framover i faget.

Eit godt mannskap i Trondheim tek no over det redaksjonelle roret. Vi ønsker dei og oss alle god seglas med eit farty som vil føre oss vidare på den lange ferda gjennom nye vendingar og fasar i norsk historieskriving.

Lev vel!

Redaksjonen