Det første heftet av 2009-årgangen inneheld tre artiklar om fiskerettar, misjon og komparasjon, tre debattartiklar om evalueringa av historiefaget og barn i antikken og tolv bokmeldingar om tretten bøker.

I ein artikkel som Jørn Øyrehagen Sunde har kalla «Fiske Grunden […] udgjør Landets Fortog og endeel af dets Ejendom», analyserer han sedvaneretten til fiskerett i saltvatn i Nordhordland mellom 1642 og 1802. Gjennom heile perioden gav fiske på visse stader nær kysten store inntekter til nærbuande gardbrukarar og eigarane av gardane, noko som styresmaktene sjølve la til grunn i skatt av fiskevågar. Men i 1728 utferda kongen eit reskript som avskaffa den retten til fiske som låg til visse gardar i nærleiken av fiskevågane. Sunde undersøkjer korleis dette påverka rettspraksis. Han finn at reskriptet aldri vart tinglyst i Nordhordland, og det vart aldri vist til i retts-referata. Domstolane heldt fram etter 1728 med å handsame fiskerettar i saltvatn som sedvanerett, og prinsippet om fritt fiske vart ikkje innført i Nordhordland på 1700-talet. Frå 1772 var dette avviket frå lova i samsvar med ei endring i politikken til sentraladministrasjonen i København. Men frå midten av 1800-talet har det vore usikkert kva historisk fundament som har knytt seg til fiskerettar i saltvatn.

I artikkelen «Herren har givet mig et rigt virkefelt» tek Inger Marie Okkenhaug for seg karrieren til Bodil Biørn frå Kragerø. Ho var misjonær mellom armenarane i Tyrkia i åra 1905–14. Artikkelen har fleire tema; ikkje berre Biørns misjonsarbeid, men òg korleis ei norsk kvinne frå borgarskapet rydda seg eit handlingsrom fjernt frå sitt opphavlege miljø i det som blir kalla ein transnasjonal karriere, og dermed analyserer Okkenhaug også kva misjonskallet utvikla seg til i praksis. Vidare blir det eit spørsmål om dei europeiske haldningane andsynes dei innfødde armenarane som ikkje var kvite protestantar – og dei pragmatiske vala som vart gjort i misjonsstrategien då misjonen ikkje kom nokon veg med muslimane. I staden konsentrerte misjonen seg om medlemmene av den urgamle armenske kyrkja, og dei vart i eit visst omfang omvende til protestantismen.

At den tredje artikkelen, den til Leidulf Melve, handlar om komparasjon, høver godt etter Okkenhaugs artikkel. Melve spør: «Komparativ historie: ei utfordring for historiefaget?». Komparasjon er av dei metodane som alle er samde om er gode, men som dei færraste klarar å gjere til ein integrert del av sin analyse. Melve viser kva problem som har meldt seg i bruken av metoden, og slår fast at det finst ytst få undersøkingar som er systematisk komparative. Og det er slike systematiske samanlikningar Melve drøfter, til skilnad frå granskingar som nyttar eksemplifisering, analogi og andre former for perspektivering. Han tek for seg ulike typar jamføringar, og sluttar med å gi eit eige døme på komparering med omsyn til fire utvalde debattar i mellomalderen, i ei diakron jam-føring. Han minner om at det då er viktig at dei same spørsmåla (og variablane) blir gjort gjeldande for alle einingane.

I debattseksjonen kjem to artiklar som vurderer evalueringa av den norske historieforskinga som vart utført på oppdrag av Noregs forskingsråd og som vart lagt fram sommaren 2008.

Knut Kjeldstadli presenterer evalueringa, drøftar underlaget for rapporten, utvalet av miljø og historikarar og diskuterer om dei typar teori som evalueringsutvalet går inn for gir tilstrekkjelege inntak til å løyse historiske problem. Vidare tek han for seg den kritikken som utvalet reiser mot den såkalla metodologiske nasjonalismen og drøfter alternativa til denne. Endelig diskuterer han spørsmålet om forskingsstrategi, mellom anna kritikken mot oppdragsforskinga og allment dei føringane som gjer seg gjeldande i offentleg forskingspolitikk i Noreg og i EU.

Tor Egil Førland kommenterer at utvalet valde ikkje å samanlikne med historieforskinga i andre land, men i staden å setje norsk historieforsking i relieff mot ei ideal-typisk metaramme, i ønsket om at forskinga skal utvikle eit nyansert tids- og forandringsperspektiv. Førland peiker på at denne målestokken er subjektiv og prega av det historie-synet medlemmene av utvalet har og at det ekskluderer vektlegging av meir lovmessige historiske år-saker.

Jan Frode Hatlen kritiserer Odd Magne Bakkes artikkel om «Barn i den kristne seinantikken» i HT 2008/3. Hatlen hevdar at Bakke legg for stor vekt på dei endringane som kristendommen førte til når det galdt utsetjing av spedbarn og sex med barn. Ifølgje Hatlen kom det alt før kristendommen sterk kritikk av og aukande sanksjonar mot desse praksisane. Han peiker dessutan på at vi har lite sikker kunnskap om omfanget av praksis både før og under kristendommen, og han konkluderer med at ein bør leggje mindre vekt på kristendommen som endringsfaktor i oppvekstvilkåra for barn i seinantikken.

Bokmeldingsseksjonen startar med omtalen av ei norsk doktoravhandling om giftarmål mellom samar og nordmenn i Karlsøy 1770–1900.

Dernest kjem ei melding av ei svensk doktoravhandling om bondemotstand i Skåne og Småland og omtaler av ein rettshistorisk antologi om nordisk mellomalder og ein antologi om konge- og kyrkjemakta i dansk seinmellomalder.

Vidare følgjer meldingar av ein monografi om kriminalitet på Agder 1550–1700, ein antologi om handels-patrisiatet i Christiania med hovudvekt på 1700-talet, og ei bok om byløkkene i Christiania frå 1600- til 1900-talet.

Meldingane om bøker med emne frå dei seinaste to hundreåra dreier seg først om Den Kongelige Mynt 1806–2004, så om to band av Norsk Sjømannsforbunds historie, vidare om Fridtjof Nansens kamp mot hungersnauden i Russland 1921–23, om norsk homohistorie 1920–1970 – og endeleg ein omtale av ei bok om Nord-Afrika på 1800- og 1900-talet.

Redaksjonen