Mannedauden i Noreg 1349-50 har tradisjonelt vore rekna for pest (forårsaka av Yersinia pestis). Internasjonal og norsk forsking har i seinare år reist tvil om dette. Eitt argument har vore at pest ikkje kunne spreie seg med slik fart som vi ser i Noreg 1349-50, eller i Europa 1346-53. Nyare forsking har også hevda at mannedauden i Noreg strekte seg over tre kalenderår (1348-50), ikkje berre over to, og hadde ein særskild introduksjonsstad i Oslo 1348. - Dersom epidemien varde så lenge, er det også meir rimeleg at det var pest. Positive opplysningar om spreiinga i Noreg er få og problematiske. I det fylgjande er den norske spreiinga studert på tre måtar: Ved fallet i totalt diplomtal (som indikator på epidemi), ved auken i talet på testament (som indikator på det same), og ved drøfting av dei positive vitnemåla som finst. Konklusjonen er at det tradisjonelle biletet i hovudsaka er rett: Epidemien tok til i Bergen sommaren/hausten 1349 og varde i Noreg til hausten 1350. Der var ingen særskild introduksjon til Oslo, eller i 1348. Teorien om art epidemi (patogen) må vere sameineleg med dette.

1. Problem, bakgrunn, studiemåte

Den store mannedauden, som pågjekk i Noreg frå 1349 – eller kanskje 1348? – til 1350, vert framleis kalla «den største katastrofen man noen gang hadde stått overfor.»1 Den norske kjeldesituasjonen er likevel slik at vi mykje lyt slutte til omfanget av denne katastrofen og andre farangar i seinmellomalderen, ikkje minst mortaliteten, ut frå observasjonar av tilhøve som berre indirekte reflekterer epidemiane. Det gjeld variasjonar i busetnad, jordprisar, jordleige, skattar og avgifter.2 Tanken er at rørslene i desse storleikane er forårsaka av og speglar variasjon i folketalet, og dermed i mortaliteten. – Det siste under elles uendra demografiske tilhøve. Dei grove draga i norsk demografisk, økonomisk og fiskal historie i seinmellomalderen har vonleg blitt bra klårlagde på denne måten. Men som metode til studium av epidemiane generelt og mannedauden 1349–50 spesielt har framgangsmåten store veikskapar. Dei observerte økonomiske og fiskale endringane kan ha andre årsaker enn epidemiar, særleg variasjonar i klima, jordutpining og marknadsøkonomiske tilhøve.3 Dei nemnde økonomiske og fiskale storleikane endra seg også berre gradvis, og let seg dels berre observere i kjelder fram til 1500-talet (tal på skattebetalarar). I tidsrommet fram til byrjinga av 1500-talet var der i Noreg også ei rekkje andre store farangar enn mannedauden 1349–50, i alle fall i 1370, 1379, 1391–92, og meir uklårt på ei rekkje mogelege tidspunkt på 1400-talet.4 Det er då klårt at det slett ikkje alltid er råd å vite kva for økonomiske og fiskale endringar som er forårsaka just av epidemien 1349–50. Langt mindre let den nærare karakteren til den sistnemnde epidemien, eller det kronologiske og geografiske spreiingsmønsteret, seg studere skarpt ved agrarhistorisk framgangsmåte. (Ein gard kan såleis vere lagd øyde fordi folk der døydde, eller fordi dei flytte.)

I dei seinaste åra har eit mest mogeleg nitid studium av den kronologiske og geografiske spreiinga av mannedauden 1349–50 fått ny, sterk aktualitet. Temaet heng saman med det mest grunnleggjande spørsmålet, om farangen 1349–59 og andre i seinmellomalderen var pest, for-årsaka av bakterien Yersinia pestis, som ein hadde meint.5 Granskarar som S. Scott og C. Duncan,6 S. Cohn7 og G. Twiggs8 er «revisjonistar». På noko varierande grunnlag meiner dei at pandemien (serien av epidemiar) i seinmellomalderen som har vore rekna for pest, ikkje kan ha vore identisk med eller likna pest frå nyare tid. Mellom grunnane for dén konklusjonen er særskilt aktuelt her at spreiingsfarten for pest, slik den mellom anna er kjend frå nyare tid i India, er reint for låg til at same sjuk-domen kan ha blitt spreidd med den farten vi ser under mannedauden i Europa 1346–53.9

Men om dette rår det inga semje. Raoult, Didier m.fl. meinte å ha funne DNA av Yersinia pestis i tannrøter frå 1300-talet i Montpellier.10 Dette vart ikkje stadfest av omfattande granskingar av Gilbert m.fl. Ein lyt avvente vidare forsking, mellom anna over spreiingsfarten.

Tradisjonell oppfatning i norsk forsking har vore at mannedauden 1349–50 i Noreg var pest (Yersinia pestis), som vart innførd til Bergen på seinsommaren eller hausten 1349, og spreidd derfrå til resten av landet, til den var over på eit noko uskarpt tidspunkt i 1350.11 Særleg å merke er at Holmsen 1984 meinte at farangen på det næraste rasa ut vestafjells og nordafjells i løpet av 1349; og at på Austlandet var det «pestfri tid» meir enn tre fjerdedelar av 1349, pesten der herja mest vinteren 1349–50.12

Dei to moderne norske pesthistorikarane, O.G. Moseng13 – som rett nok har lagt hovudarbeidet sitt på dei farangane som fylgde etter 1350 – og O.J. Benedictow,14 har kome til sterkt ulike resultat. Benedictow legg til grunn, utan å drøfte eksplisitt synsmåtane til «revisjonistane», at farangen i Noreg 1349–50 var pest. Mellom anna på dette grunnlaget har han funne det mogeleg å gje eit nytt og nokså detaljert «itinerarium» for denne epidemien i Noreg. Ulikt tidlegare forskarar, finn Benedictow at der må ha vore ein tidlegare og uavhengig introduksjon av farangen til Oslo på seinhausten 1348. Førebels stoppa av vinterkulden, vart pesten spreidd til resten av Austlandet frå omkring april 1349. Både der og i resten av landet varde farangen etter Benedictow berre til før eller kort over nyttår 1350.15 Sidan det finst svært få, problematiske og oftast seine norske kjelder som beinveges tillet tidfesting av farangen på ulike stader (nærare omtala stykke 4 nedanfor), er Benedictows noko detaljerte framstilling av framfarten til pesten, liksom slutninga om introduksjonen til Oslo i 1348, berre mogeleg ved først å leggje til grunn at det var pest. Dinest at eigenskapar ved pest, kjende frå ulike land i nyare tid, var dei same i Noreg under mannedauden 1349–50. Det gjeld slikt som inkubasjonstida for bakterien, og at det gjekk seks veker frå smitten kjem til ein stad før epidemien tek til å utvikle seg,16 at den spreier seg i «metastatiske sprang» på 0,5–2,5 km per dag17 (eller 1,5 km per dag).18 Alt dette føreset at samspelet mellom dei fire artane som er implisert i pesten (bakterie, loppe, gnagar og menneske) var nokolunde uforandra over dei hundreåra det gjeld, uaffisert av dei mogelege biologiske endringane (mutasjonar, genkombinasjonar og seleksjon), og uendra av dei kulturelle ulikskapane (til dømes i bygningsskikk, kommunikasjonstilhøve og hygiene) som kan ha påverka spreiingsfarten. Slike føresetnader kan ein openbert ikkje gjere, særleg så lenge det er uklårt om epidemien var pest.

Benedictows teori om ein særskild introduksjon av epidemien til Oslo i 1348 kviler også på uprova føresetnader av meir ordinært historisk slag, særleg vedkomande dødsdatoen for biskop Hallvard av Hamar (stykke 4 nedanfor).

Hovudkonklusjonane til Moseng om karakteren (patogenet) til epidemiane 1349–50 og seinare i mellomalderen er slik: Yersinia pestis er «et svært – kanskje ekstremt – fleksibelt patogen […] i tid og rom er pest ikke nødvendigvis pest». Pest i Europa i seinmellomalderen «kunne [ikkje] ha opptrådt på samme måten som i India ved slutten av 1800-tallet […]. Forløp og spredningsmåter kan følgelig ha vært annerledes …».19 Mosengs nølande svar vedkomande epidemiane i seinmellomalderen er: «Ja det kan ha vært den samme sykdommen [som nyare pest]. Men på den annen side: Nei, hvis forutsetningen er at pest er det samme som opptrådte i India.»20

Det er i særklasse Austlandet som har best kjelder til å fylgje framfarten til epidemien 1349–50 nokolunde klårt, ved bruk av ordinær historisk framgangsmåte. – Av 66 norske diplom i alt mellom 1350 og 1500 som nemner mannedauden, er 59 frå Austlandet, 5 frå Vestlandet og 2 frå Trøndelag (nærare stykke 4 nedanfor). Men også om Austlandet seier Moseng: I «det sørøstlige Norge» (som må vere Austlandet, sidan Lom i Gudbrandsdalen er med) «er det i realiteten ett eneste diplom – skrevet på Lom i 1380 – som tillater datering og stedfesting av epidemien i 1349 med noen grad av sikkerhet.»21 Så mykje vanskelegare er problemet elles i landet.

Den granskinga som fylgjer her går ut frå fylgjande: Det spreiingsmønsteret som er teikna av Benedictow byggjer på uhaldbare, eller i det minste uprova føresetnader. Det Moseng skriv om Lom-diplomet frå 1380, er feil (stykke 4 nedanfor), og gjev eit reint for pessimistisk bilete av kva som er råd å finne ut. Og det er trass alt viktig, også i det allmenne, internasjonale ordskiftet, å studere det norske spreiingsmønsteret nøye.

Det fylgjande er ei alternativ framstilling i høve til dei nemnde av Benedictow og Moseng, basert på alternativt materiale og metode. Framgangsmåten her er slik: Først, i stykke 2, studerer eg den samla diplommengda i åra før, under og etter dei påståtte peståra, så vidt mogeleg også variasjonar innan år og mellom mindre område, som mogeleg vitnemål om framfarten til farangen.

Dinest, i stykke 3, studerer eg den særskilde dokumentgruppa som testamenta utgjer, også dét med sikte på den kronologiske og geografiske distribusjonen. – Testamenta seier aldri kva for sjukdom testator lid av, og ikkje alltid om han er sjuk eller frisk. Difor er det nødvendig også her å nøye seg med å sjå på sjølve testamenttalet – tilsvarande som det totale diplomtalet – som ein usikker indikator på epidemi. Også her må ein ta méd tala i åra før og etter dei påståtte peståra. Ein kan ikkje gå ut frå at alle testament frå den pårekna pestperioden vitnar om pest, eller om epidemi i det heile, som det har vore ein noko for sterk tendens til.

Dei tala ein finn i stykke 2 og 3 viser realitetar, som ein får gje den mest plausible forklåringa på. Her høyrer den med, også etterrøknaden i stykke 4, som gjeld dei få uttrykkelege, men gjerne problematiske, kvalitative vitnemåla om farang i Noreg i desse åra.

I stykke 5 vert så gjeve ei samanfatting av kvar dei ulike, usikre indikasjonane peikar, samanhaldne.22

2. Mannedauden etter tal og distribusjon av diploma

«Diplom» er brev frå mellomalderen som har overlevt til notida, er utgjevne i Diplomatarium Norvegicum – (DN)23 og i kronologisk ordna ekstraktar i Regesta Norvegica (RN).24 I den statistiske granskinga i dette stykket er brukt og vist til RN V og VI, som dekkjer åra 1337–69. (I den kvalitative granskinga i stykke 4 er brukt og vist til DN.)

Dei diploma vi no har, kan ikkje vere eit statistisk representativt – tilfeldig – utval av alle brev som vart utferda. Våre diplom er for det meste oppsette og tekne vare på fordi dei gjev rettsleg heimel for eit krav.25 Dei gjeld sal, leige, gåver, andre avtalar, dommar. Slike brev må ha overlevt i langt større mon enn det som gjeld alle slags brev under eitt. Dei må då gje eit særleg godt uttrykk for omfanget av den type verksemd som dei vitnar om.

Dei a priori hypotesane som grunngjev å bruke tal og distribusjon av diploma som kjelde til spreiinga, og eventuelt omfanget (mortaliteten), til farangar, er desse: Tal på utferda brev av alle slag må først forutsetjast å vere ein funksjon av folketalet, bestemt under elles uendra demografiske tilhøve av mortaliteten. Men utferdingsfrekvensen må venteleg også vere påverka av andre tilhøve; Andreas Holmsen legg vekt på «sinnsstemninga».26 – Depresjon under høg mortalitet vil redusere utferdingsfrekvensen. Men særleg må ein tenkje at tilstanden til dei offentlege, kyrkjelege og kongelege institusjonane med tilknytt personale, dei som mest utferda eller medverka til utferding av slike brev som vi no har, påverka utferdingsfrekvensen. Når mortaliteten ved mannedauden 1349–50 i Noreg og andre område vert sett så høgt som opp til 50–60 prosent,27 må ein vente at også dei offentlege institusjonane kom i slik uorden, at diplomutferdinga minka meir enn folketalsfallet åleine medførde. Her kan det òg vere viktig at dei særleg skriftkunnige, dei geistlege, vert hevda å ha hatt særleg høg mortalitet under mannedauden. – Nidaros bispedøme skal ha hatt berre 40 prestar i 1371, mot 300 før mannedauden.28 I motsett lei, når det gjeld samanheng mellom epidemi og diplomtal, kan dra at visse slags brev, særleg testament, rimelegvis vart utferda med særleg høg frekvens under epidemi. Men det talet på testament frå perioden vi har, veg lite; det er berre 38 frå heile bolken 1345–53. (Nærare stykke 3.)

Av dei grunnane som er nemnde, vil eit observert fall i utferdings-frekvensen for diplom rimelegvis gje eit overdrive mål på folketalsfall og mortalitet. For vårt føremål her er det viktig at just dette same tilhøvet venteleg vil gjere diplomfrekvensen til eit særleg kjenslevart mål for den kronologiske og geografiske framrykkinga til ein epidemi.

Desse hypotesane grunngjev den statistiske granskinga som fylgjer. Om hypotesane er treffande, vil ein få ei viss prøve på, berre ved å ordne diplomtalet etter år og område. Ein ser då om det gjev utslag for dei pårekna epidemi-åra. Men elles får ein kontrollere ved prosedyrar, også på anna grunnlag (stykke 3 og 4 nedanfor).

Ein grovare test på korrelasjonen mellom diplomtal og mannedaude ligg også alt føre, med ei meir grovmaska gransking, utførd av Andreas Holmsen i 1984.29 Hovudresultatet hans er vist på figur 1. Føremålet til Holmsen var å bruke diplomfrekvensen som mål på graden av den sosiale og økonomiske krisa mannedauden skapte, med utslag som folketalsfall, øydegardsdanning med meir. Holmsen var ikkje i 1984 oppteken av å prøve dei tesane som seinare forsking har gjort aktuelle: om det var tale om pest, om epidemien spreidde seg frå eitt eller fleire sentra i Noreg, frå 1348 eller 1349, eller om spreiingsfarten i det heile. Difor ordna Holmsen diplommaterialet i så grove grupperingar som figur 1 syner. Han viser talet per tiår, geografisk berre delt på Austlandet og resten av landet. Holmsens resultat kan då ikkje vise noko om variasjon i diplomtalet mellom eller innan einskildår, eller mellom eller innan mindre geografiske einingar enn dei to store han brukar.30 Holmsens resultat på figur 1 er likevel eit godt utgangspunkt for den her fylgjande, meir mikroprega studien. Dét er også fordi Holmsen med si grove oppdeling får stort materiale i kvar gruppe, og dermed temmeleg sikre slutningar.

Figur 1. Stigning og fall i tallet på innenlandske diplomer pr. tiår på 1300-tallet.

Kjelde: A. Holmsen, Den store mannedauden, Oslo 1984: 101.

Det svære fallet i diplomtalet både for landet (innpå 50 prosent) og for Austlandet frå 1340-åra til 1350-åra på figur 1 er det urimeleg å ikkje setje i årsakssamanheng med mannedauden – med folketalsfallet og dei andre tilhøva vi har nemnt. Holmsen skriv: «Det er ikke noe som så klart demonstrerer det avgjørende skillet som kom med den store mannedauden 1349–50.»31

Nokre trekk ved resultata i figur 1 tilseier likevel ei viss varsemd med slutningar. Ein ser den store auken i diplomtal frå første til femte tiår på 1300-talet. Folketalet skal i den perioden ha vore stagnert, kanskje veikt fallande.32 Stigninga i diplomtala i desse fem tiåra må då forklårast ved andre variablar enn folketalet – tilhøve som også kan ha verka i andre tidsrom. Holmsen forklårar stigninga fram til 1340-åra slik at for kvart år som gjekk, fekk «dokumentene dermed […] stadig litt mindre tid til å bli ødelagt eller somlet bort.»33 Men forklåringa på den sterke stigninga i diplomtal i denne perioden er venteleg meir samansett. (Det verkar lite truleg at det påverka sannsynlegheita for overleving fram til vår tid så svært mykje, om diplomet var utferda eitt år før eller seinare.) I denne samanhengen merkar ein seg den store overfrekvensen av diplom frå Austlandet. Landsdelen hadde etter figur 1 i 1350-åra heile 73 prosent av alle norske diplom, i 340-åra 57 prosent av diploma. Austlandet sin del av gardbrukartal og folketal i landet skal i 1340-åra ha vore berre ca. 35 prosent, ved utgangen av mellomalderen ca. 37 prosent.34 Austlandstala understrekar det vi sa, at korrelasjonen mellom diplomtal og folketal (eller mortalitet) ikkje kan vere éin til éin. Det fører for vidt å gå nøye inn på grunnane til overfrekvensen av diplom frå Austlandet, både før og etter mannedauden. Venteleg ligg hovudforklåringa i sosiale strukturskilnader mellom Austlandet og kystområda. Gjennomgåande større bruk og – i nokre område – meir sjølveige på Austlandet,35 har venteleg gitt bønder der som hadde større evne til å få sett opp slike dokument som diploma er, og til å ta vare på dei sidan.

Desse resonnementa understrekar at eit observert fall i diplomtal i eit pårekna epidemiår, til dømes 1348, vil vere ein funksjon av to hovudvariablar: folketalsfall, og forstyrring av dei sosiale mekanismane som produserte og tok vare på diplom. Dermed vert diplomtalet som før sagt eit overdrive mål på omfanget av den reint demografiske katastrofen, med mortaliteten, men eit tilsvarande kjenslevart mål for framfarten til epidemien.

Det må då vere grunn til å gå vidare med eit nærare studium av tal og distribusjon av diploma som eit – usikkert – mål for spreiingsmønsteret til epidemien 1349 – eller 1348 – til 1350. Hovudresultat av eit slikt studium er gjeve i tab. 1, fig. 2, tab. 2–4, og i vedlegg A.

Tabell 1. Tal på klårt tidfeste og stadbestemte innanlandske diplom 1345–1353, fordelt etter landsdel og år
134513461347134813491350135113521353Sum
Austlandet*28362846333121422222
Agder---1-----1
Vestlandet1211141497711186
Trøndelag og Nord-Noreg**77756-32441
Sum475449664810222727350
* Medrekna Båhuslen ** Medrekna Jemtland Kjelder: Regesta Norvegica V og VI, Oslo 1979 og 1993. * Medrekna Båhuslen ** Medrekna Jemtland

Figur 2. Tal på klårt tidfeste og stadbestemte diplom frå Austlandet 1345–1353

Kjelder: Som tabell 1.

Tabell 2. Tal på klårt tidfeste og stadbestemte innanlandske diplom 1345–1353, i byane Oslo, Tønsberg og Bergen
134513461347134813491350135113521353Sum
Oslo10891811174775
Tønsberg-2314131116
Sum Oslo og Tønsberg10101219152105891
Bergen535862410-43
Sum1513172721414158134
Kjelder: Som tabell 1.
Tabell 3.Tal på klårt tidfeste og stadbestemte innanlandske diplom 1345–1353, fordelt på første og andre halvår
134513461347134813491350135113521353Sum
1.2.1.2.1.2.1.2.1.2.1.2.1.2.1.2.1.2.1.2.
Austlandet226181814142719221112486813912795
Resten av landet1189910111010105525549-56464
Sum331427272425372932166491310171314191159
Kjelder: Som tabell 1.
Tabell 4. Tal på klårt tidfeste og stadbestemt innanlandske diplom 13451353, fordelt på første og andre halvår i byane Oslo, Tønsberg og Bergen
134513461347134813491350135113521353Sum
1.2.1.2.1.2.1.2.1.2.1.2.1.2.1.2.1.2.1.2.
Oslo917145135741-2513434827
Tønsberg--113-1-22-1121-1-106
Sum Oslo og Tønsberg91827514596113723535833
Bergen23121444332-1319--1528
Sum114948918912931410312537361
Kjelder: Som tabell 1.

Dei diploma som er talde i tabellane er geografisk dei som kan plasserast i eit bestemt fylke, etter grensene i 2007. Diplom frå byane Oslo, Tønsberg og Bergen er i tab. 2 og 4 kvar for seg utskilde særskilt, men i tab. 1 og 3 talde med i vedkomande landsdel.

Sidan det er diplomet som vitnemål om aktivitet på ein identifiserbar stad ein eigentleg er interessert i, er breva plasserte etter utferdingsstad, ikkje etter den staden der objektet for transaksjonen kan plasserast. (Som døme er RN V 1032 plassert på utferdingsstaden Oslo, ikkje i Akershus fylke, der den selde garden Sundby i Enebakk ligg. Ein veit ikkje ut frå diplomet at der var aktivitet på Sundby ved dette tidspunktet.) Utferdingsstaden er normalt gjeven i diplomet; her er akseptert den plasseringa utgjevaren av RN gjev. I ein del tilfelle der utferdingsstad ikkje er opplyst, er brevet likevel talt med i tabellane, når det klårt vitnar om aktivitet på ein identifiserbar stad ved utferdingstidspunktet.

Sidan tanken var å kunne fylgje den kronologiske framrykkinga av farangen så nøye som råd, er det i tabellane talt med berre dei diplom som er tidfeste innan ein viss månad.

I tillegg til diploma frå dei påståtte farangsåra 1348, 1349 og 1350, er talt med i tabellane dei som er frå alle åra frå og med 1345 til og med 1353. Dette for å kunne sjå biletet i farangsåra i samanheng med dei næraste tidsromma før og etter.

Er så diplommaterialet stort nok til å kunne fylgje framrykkinga av farangen frå månad til månad? Det året som har størst tal brukande diplom etter dei nemnde kriteria er 1348, med 66 diplom. Fordelinga av desse diploma på kvar månad i kvart fylke36 og i kvar av dei nemnde byane er vist i vedlegg A. Det går fram der at berre i tre lokalitetar (fylke/byar) er talet på overlevande diplom frå 1348 i einskildmånader høgre enn 2. – Oslo har 6 diplom frå februar og 5 frå mars, Oppland 3 frå september, Bergen 3 frå august. Dei aller fleste månadene i toppåret 1348 har berre eitt eller ingen diplom per fylke/by.

Eit skjøn tilseier at desse skilnadene mellom tala frå månader, slik dei er viste i vedlegg A, er reint for små til å byggje noko på, dei er eller kan vere tilfeldige.37 Dette gjeld desto meir for dei andre åra 1345 til 1353, sidan dei alle har mindre materiale enn 1348 (tabell 1).

For å få så stort materiale i kvar gruppe at det kan gje grunnlag for rimeleg sikre slutningar om skilnader mellom gruppene, er då diplom-talet gruppert i tabell 1 etter heile år og fire landsdelar, og summerte for landet. Tabell 1 viser at året 1349 set eit svært klårt skilje i diplomtala, for landet og for dei einskilde landsdelane. Det siste med eit visst unntak for Trøndelag/Nord-Noreg. Der kjem det markerte fallet i diplomtal først i 1350, men tala derfrå er små.

I prosent fall diplomtalet for landet i 1349 ned til 73 prosent av talet i 1348, og i 1350 vidare ned til 15 prosent av landstalet i 1348. I heile bolken 1350 til 1353 kjem dei årlege diplomtala for landet aldri oppatt i meir enn ca. tredjedelen av dei årlege tala 1345 til 1348. Så langt diplomtala speglar framrykkinga til farangen, kan ein ikkje dra andre slutningar av landstala enn at det tradisjonelle biletet er rett: Det første farangsåret er 1349.

Med tanke på den nyare tesen, at første pestår på Austlandet (Oslo) skal ha vore 1348, er særleg å merke seg ved tabell 1 at tala snarast tyder på at farangen kom til Austlandet noko seinare i 1349 enn til Vestlandet, den andre landsdelen som har noko store tal. 1348-talet på Austlandet er heilt særskilt høgt. Også der fell nok talet i 1349 ned til 72 prosent av talet året før. Men ulikt Vestlandet kjem det største fallet på Austlandet frå 1349 til 1350, med berre 3 diplom i 1350 mot dei 46 i 1348. Totalbiletet av tabell 1, så langt ein vil byggje på den, blir at farangen kom både til Vestlandet og Austlandet i 1349, men at den på Austlandet og i Trøndelag/Nord-Noreg etter denne indikasjonen skal ha herja verst i 1350. Den rimelege lesinga av tabell 1 må vere at det var i 1351, ikkje i 1350, at restitusjonen etter epidemien kom, særleg på Austlandet, og at farangen der pågjekk for fullt i 1350.

Utviklinga i byane Oslo, Tønsberg og Bergen er i tabell 2 framstilt særskilt. Ein farang frå utlandet kom både rimelegvis og ut frå kjeldene (stykke 4) først til byane, og byane har relativt sett langt det største kjeldematerialet. Oslo-biletet i tabell 2 stadfester Austlands-biletet frå tabell 1. Også i Oslo ligg diplomtalet i 1348, som etter den nyare tesen skal ha vore første pestår der, heilt særskilt høgt. Det største fallet kjem også i Oslo frå 1349 til 1350. Diplomtala gjev såleis ikkje grunn til å slutte at farangen kom til Oslo i 1348.

Tønsberg-tala i tabell 2 er for små til å byggje noko på, om denne byen særskilt. Store er heller ikkje Bergens-tala. Men dei gjev ikkje grunn til å endre det som vart sagt om heile Vestlandet etter tabell 1.

Diplomtalet i første og andre halvår

Etter det forskinga har hevda, kom mannedauden både til Bergen (i 1349) og til Oslo (i 1348) på haustparten. På den tid, eller på seinsommaren, er vel også den mest forventelege utbrotstida, om det var tale om pest. Difor er det grunn til å studere variasjonen i diplomtala i halvår og landsdelar. Det er gjort i tabell 3 og 4.

Tabell 3 og 4 gjev neppe grunnlag for å seie at det er vist sikker skilnad mellom diplomtala i første og andre halvår, som eventuelt kunne forklårast ved farang. I tabell 3 er rett nok tala i andre halvår markert lågare enn i første halvår i begge hovudlandsdelane i 1349, på Austlandet i 1348 og i «resten av landet» i 1350 (små tal dette året). Alle desse tre åra er som før nemnt pestår, etter tradisjonell eller ny (1348) meining. Men markert lågare diplomtal i andre enn i første halvår er det også i begge hovudlandsdelane i 1345 og på Austlandet i 1353, som ikkje kan setjast i samband med mannedauden eller kjend farang elles. Om Austlandet i 1348 er det viktigaste i tabell 3 at også diplomtalet i andre halvår i 1348 er klårt høgare enn talet i andre halvår i noko anna år. Det vil då vere søkt å forklåre dette talet ved at det skulle vere farang på Austlandet hausten 1348.

I tabell 4, som gjeld byane særskilt, er også tala i andre halvdel av 1348 lågare enn i første halvdel i Oslo. Men det same er endå meir markert tilfellet der i 1345 og 1346, og i 1353, før og etter farangsåra.

Totalvurderinga av tabell 3 og 4 må bli at skilnadene mellom diplomtala i første og andre halvår er bygde på så små tal, og viser eit så sprikande bilete, at dei ikkje ville vere signifikante («sikre»), om ein brukte matematisk-statistiske testar på dei.38

Dei granskingane som er samanfatta i vedlegg A kunne berre vise at diplomtala ikkje er store nok til å vise sikre statistiske skilnader mellom månader i geografiske einingar som fylke og byar. Mykje det same gjeld altså skilnadene mellom halvår i tabell 3–4. Framrykkinga av farangen kan då knapt visast ved diplomtaladette kronologiske og geografiske nivået. Annleis med skilnaden mellom år.

3. Mannedauden etter tal og distribusjon av testament

«Frisk på sinnet men sjuk på lekamen» gjorde Elin Tordsdotter testamentet sitt, 15. oktober 1352 (DN IV 359). Dette er den vanlege uttrykksmåten i testamenta frå tida. Det er ikkje råd å vite kva for sjukdom Elin eller andre som ordlegg seg likeeins var offer for. Det kan likevel gje ein – usikker – indikasjon på spreiinga av ein epidemi å studere tal og distribusjon av testament før, under og etter pårekna farangsår.39

– Testamenta er medtalde i tabell 1–4 og i vedlegg A, men vert no utskilde og studerte for seg. Testamenttalet, inkludert 7 tilfelle som RN kallar «testamentgåve», er i heile niårsbolken 1345–1353 38.40 Av desse fell 15, eller i medel 3,8 per år, på dei 4 åra 1345 til 1348 (to på 1348), 15 på året 1349, 2 på 1350, og i alt 4, eller 1,3 per år, i dei tre åra 1351 til 1353.

Året 1349 skil seg såleis radikalt ut med høgre testamenttal. Det må vere urimeleg å tenkje anna enn at dette er forårsaka av at 1349 var det første store farangsåret. Sidan ein må tru at testamenta vart oppsette i byrjinga av farangen i vedkomande område, er det rimeleg at overfrekvensen fell i hovudsaka på 1349, endå om farangen strekte seg inn i 1350.

Frå året 1348 er det eigentleg berre eitt testament som er skikka for føremålet her, RN V 1042, datert Oslo 9. april. Korkje denne dateringa eller testamenttalet frå 1348 kan då gje støtte til den nyare tesen, at pesten kom til Oslo hausten 1348.41 (RN V 1025, utferda Avignon 8. mars 1348, nemner berre tidlegare testamentgåver, mellom anna frå Noreg.)

Med tanke på den nemnde, nyare tesen, er mønsteret for testamenta frå 1349 særleg viktig. Av dei 14 som kan geografisk nærare plasserast, fell 7 på Austlandet og 7 på resten av landet. Av alle 14 fell 11 i siste halvår, 10 etter 19. september. Av dei 7 Austlands-diploma frå 1349 fell berre eitt i første halvår, nemleg RN V 1113, datert Ås i Follo 6. januar (men med spørsmålsteikn til årstalet 1349). 5 av dei nærare tidfeste Austlands-testamenta frå 1349 er daterte frå 9. oktober til 14. november. Det finst ikkje noko Oslo-testament frå første halvdel av 1349, og som vi har sett heller ikkje noko testament der frå 1348, seinare enn 9. april. Det første sikkert daterbare Oslo-testamentet frå 1349, RN V 1207, er frå 9. oktober. (RN V 1183 er under tvil datert mellom 26. august 1348 og 25. august 1349.)

Dateringa av testamenta frå 1348 og 1349 høver såleis slett ikkje med at farangen skal ha komme til Oslo hausten 1348, og derfrå spreidd vidare frå april 1349. Tvert imot stadfester testamentfordelinga det same som fordelinga av det totale diplomtalet tyder på: Farangen har etter begge spreiingsbileta kome til Austlandet som til Vestlandet i 1349, men heller noko seinare på året 1349 til Austlandet.

– Også i 1349 kan sjølvsagt testament ha blitt sette opp av grunnar som ikkje har noko med farang å gjere. Sidan det er så mange fleire testament frå just dette året, er det likevel grunn til å merkje seg endå meir detaljert den geografiske og kronologiske plasseringa av dei einskilde. Frå Vestlandet er der eitt testament frå Stavanger 15. mars 1349. (Forutan eitt Stavanger-testament, usikkert datert «før 15. mars 1349», RN V 1130). Desse har venteleg ingenting med mannedauden å gjere. Elles berre tre testament frå Bergen, to daterte 19. september, eitt 26. september dette året.

Frå Trøndelag/Nord-Noreg er alle dei tre 1349-testamenta frå Nidaros, to er daterte 23. september og 17. oktober, det tredje usikkert til «omkring 9. oktober» (RN V 1208).

Frå Austlandet har vi frå 1349 det før nemnde testamentet frå Ås i Follo frå 6. januar, usikkert plassert under 1349. Elles sikkert plasserte testament frå Oslo 9. oktober, Tønsberg 2. november og 14. november, forutan det tidlegare nemnde, usikre «mellom 26. august 1348 og 25. august 1349». Vidare eitt frå Oslo, plassert under året 1349 (RN V 1219), og eitt usikkert frå Våler i Østfold som ikkje er nærare datert (RN V 1220).

Denne nærare plasseringa av testamenta frå 1349 kan gje ein – usikker – indikasjon på at farangen var komen til Bergen omkring 19. september, til Oslo omkring 9. oktober og til Tønsberg omkring 2. november, alt i 1349. Det einskildståande Stavanger-testamentet frå 15. mars 1349 er det endå vanskelegare å slutte noko frå i denne samanhengen, sidan einskilde testament som vist også finst frå før-farangsåra 1345–1348 og etter-farangsåra 1351–1353.

4. Mannedauden etter positive, kvalitative vitnemål

Dei vitnemåla som beinveges og positivt fortel om spreiinga av mannedauden 1349 (1348?)–1350 i Noreg er, som før sagt, svært få, og til dels uklåre og omstridde. Dei fleste vart omtala av P.A. Munch i 1862, og i seinare tiår av Andreas Holmsen og i fleire arbeid av Ole J. Benedictow.42

Sentrale er dei islandske annalane; den viktigaste er Lagmannsannalen, skriven av Einar Havlidason (1307–93).43 Einar seier under året 1349 at sotta kom med skip frå England til Bergen; tidspunktet er ikkje nærare oppgitt. Men det må ha vore i seglingssesongen. Einar nemner fire bispar på ein måte som vi bør leggje svært nøye merke til. I omsetjing: «Av denne sotta døydde Arne erkebisp […] Likeeins (item) døydde Torstein biskop i Bjørgvin. Likeeins døydde Guttorm biskop i Stavanger. Hallvard biskop i Hamar døydde også då.»44 Einar bryt såleis av opprekninga av bispane og omtalar Hamar-bispen på ein særskild måte. Det kan innebere at sistnemnde ikkje nødvendigvis vert sagt å ha døytt av same årsak som dei andre bispane, eller heilt samtidig. – Annalen fortel også om andre viktige ting enn mannedauden, og tidfestinga, også til året, er allment ikkje skarp. (Jamfør om Stavanger-bispen her nedanfor.)

Om erkebisp Arne meiner ein å vite at han døydde 17. oktober 1349. Dette verkar svært merkeleg. Det utvilsame er at han vert omtala som i live i eit testament frå just denne dagen.45 Men dødsdatoen kan visst likevel vere rett.46

Stavanger-bispen Guttorm døydde 7. januar 1350.47 (Benedictow skriv at Guttorm «er den aller siste personen som vi vet døde i svartedauen.»48 Men det er nesten ingen vi har sikker dødsdato på, i noko år.)

Endå Einar ikkje tidfester nærare når Bergens-bispen Torstein døydde – og tilfellet Stavanger-bispen provar at Einar under året 1349 kan ta med hendingar også frå 1350 – er det rekna for sikkert at Torstein døydde i 1349, og «etter 8. september».49 Datoen er likevel basert på at bispekrøniken for Hamar seier at mannedauden «begyntes her i Norge» 8. september. Men årstalet i krøniken er uttrykkeleg 1350; og «her i Norge» tyder der visstnok Hamar-området.50 – Krøniken vart skriven 1542–53, og finst først i avskrifter frå 1600-talet.51 (Nærare nedanfor.)

Hamarbispen Hallvard er vanskelegast – og viktigast. Dødstidspunktet hans er ein berebjelke i konjekturen om introduksjon av mannedauden til Oslo hausten 1348. Kolsrud seier Hallvard er «død 1349», bygt på Lagmannsannalen.52 Benedictow skriv at denne bispen må vere død -seinast først i september 1349.53 Dét er basert på at Hallvards ettermann, biskop, Olav, skal vere vigd av erkebisp Arne, som døydde (truleg) 17. oktober 1349. Faktum er likevel at vi ikkje veit kven som vigde biskop Olav, eller når. Det vi veit, er at Olavs ettermann, biskop Håvard, vart vigd av Oslo-bispen Salomon, før ca. 11. april 1351.54 – Det siste er datoen då erkebisp Arnes ettermann, erkebisp Olav, kom attende til Noreg.55 Biskop Olav i Hamar, som vi har heilt eksepsjonelt få opplysningar om56 (tvillaust som fylgje av den røra, med dei raske personskifta i embeta, som mannedauden skapte), kan under vakans i erkesætet likså godt ha blitt vigd av Oslo-bispen (eller av nokon annan) som ettermannen biskop Håvard notorisk vart slik vigd.

Til dette biletet høyrer så det vi nemnde ovanfor, at Lagmannsannalen ikkje reknar opp Hallvard mellom dei bispane som «likeeins» døydde av sotta. Den seier som vi såg at han «døydde også då». Utskiljinga av Hallvard kan vere meint som markering av at Hallvard døydde av anna årsak, men nokolunde samtidig. For den del kan biskop Hallvard også vere død tidlegare på året 1349 (så erkebispen hadde god tid til å vie ettermannen før 17. oktober 1349). Hallvard er elles sist nemnd i april 1347. Eller Hallvard kan vere død i 1350, liksom Stavanger-bispen, trass i årsplasseringa i annalen.

Kolsrud set konjekturen om at Hallvards ettermann Olav vart vigd før 17.10.1349 i klammer.57 Det markerer at dette veit vi ikkje, og heller ikkje når Olav døydde, bortsett frå at det må ha vore ei tid før 11. april 1351.

Summering vedkomande biskop Hallvard i Hamar: Vi veit ikkje at han døydde av mannedauden (ordlegginga i annalen kan peike motsett). Vi veit ikkje kven som vigde ettermannen Olav, og då heller ikkje om vigsla skjedde før eller etter 17. oktober 1349. Av desse grunnane kan ikkje biskop Hallvards død brukast som belegg for at mannedauden kom til Hamar i august 1349, og – etter farten til pestspreiinga, 1,5 km per dag – må ha kome til Oslo hausten 1348.58 (På siste punkt kjem også dét til, at vi heller ikkje veit om dette var pest, eller om det var same slags pest som i India på 1800-talet, og altså heller ikkje kan leggje til grunn ein på førehand kjend spreiingsfart for epidemien (stykke 1 ovanfor). Det er spreiingsfarten vi må finne ut, ikkje leggje til grunn.)

Det sikraste vi kan slutte av det Lagmannsannalen seier om dei døde bispane, er då: Farangen må, med eit visst atterhald, ha brote ut i Trondheim seinast 17. oktober 1349, og i Stavanger seinast 7. januar 1350. Sidan det ikkje kan vere større grunn til å tvile på at epidemien kom til desse byane, eller i alle fall til Trondheim, frå Bergen, støttar dette den tradisjonelle meininga, at epidemien kom til Bergen ei tid før 17. oktober 1349.

Om den vidare spreiinga av farangen i Noreg seier Lagmannsannalen ikkje noko anna, etter at han har omtala sotta i Bergen, og før namngjevinga av dei døde bispane, enn dette: «Då fôr sotta over heile Noreg og øydde slik at ikkje tredjeparten av folket i landet overlevde».59 Utan at det er uttrykkeleg sagt, er det rimelegast å tolke dette slik at annalisten meiner farangen spreidde seg frå Bergen til resten av landet. Hadde han visst om eit tidlegare utbrot, til dømes i Oslo i 1348, må det vere rimeleg han hadde nemnt dette. Det verkar også urimeleg at Einar Havlidason skulle vere ukjend med ein så dramatisk ting som eit utbrot av mannedauden i Oslo i 1348,60 innan same kongerike og same kyrkjeprovins. Han kjenner mannedauden i andre land. Jamfør at han rapporterer at Hamar-bispen er død, og fortel om eit nokolunde samtidig jordras i Gauldalen, mellom mykje anna.61

Også fire andre islandske annalar dekkjer tidsrommet, og omtalar mannedauden. Annalbrotstykket frå Skålholt, i eit handskrift som sluttar i 1362,62 omtalar farangen i hovudsak som Lagmannsannalen: den kom med skip til Bergen i 1349 og fôr over heile Noreg.63 Endå nærare samsvar er det med Flatøybokannalen, skriven sist i 1380-åra.64 Ordlyden er så lik at dei to sistnemnde annalane nærmast må ha inkorporert Lagmannsannalen, vedkomande mannedauden.

Gottskalksannalen i den form vi har han, er skriven ca. 1524–90.65 Men fram til 1394 skal han byggje på ein annalredaksjon frå sist på 1300-talet som no er tapt. Denne annalen seier sameleis at sotta kom til Noreg i 1349, men har også sjølvstendige opplysningar om at sju sokner på Agder vart lagde øyde, og at biskopen av Stavanger sende prestar dit, med meir.66 Denne annalen seier ikkje uttrykkeleg at sotta først kom til Bergen, men utmålar tilhøva i denne byen særskilt.

Skålholtsannalen, som vi har i kopi, truleg skriven kort tid etter 1362,67 har innførsla om mannedauden i Noreg under 1348.68 Omtalen av sotta er kort og summarisk. Det er ikkje sagt kvar ho tok til, eller noko om spreiingsmønsteret. Når ein – så vidt vi har sett utan unntak69 – går ut frå at 1348 her er feil for 1349, må det byggje på fylgjande tilhøve: Først at dei andre annalane har året 1349, jamfør også andre kjelder og haldepunkt. (Sjå nedanfor.) Det er eit særskilt poeng at Skåholtsbrotstykket, som vi har i original, og som har året 1349, må gjevast forrang for den yngre kopien, Skålholtsannalen. Dessutan er det i kopien ein lakune, just ved 1348–49, som skal vere fylt ut «ex conjectura».70

Så langt dei fem annalane er uavhengige av kvarandre, er det verdt å merke seg at ingen av dei veit om nokon annan innføringsstad for mannedauden i Noreg enn Bergen. Og alle har året 1349, med atterhald for at 1348 i Skålholtsannalen (kopien) er feilskrift for 1349.

Når det gjeld andre vitnemål enn annalane, lyt ein omtale nærare den kort nemnde Hamarkrøniken. Den seier at «udi den store mannedød» vart ein del rydningsplassar i Nes (Hedmark) og andre stader lagde øyde, av den grunn at der var ingen til å bruke dei, «som skiede anno domini MCCCL, oc begyntis her i Norge nativitatis Marie oc stod paa til alle helgens tidt.»71

Sidan det her er tale om Hamar og Hedmark, seier krøniken greitt nok at mannedauden der herja i 1350. At den tok til 8. september og varde til 1. november «her i Norge», er det vel også rimelegast, trass i ordlyden, med utgjevaren Storm å tolke slik at «Norge» her gjeld «Oplandene».72 Om årstalet 1350 seier Storm og fleire etter han: «rigtigere 1349».73 Om biskopslista i krøniken, som opplysningane om mannedauden her er henta frå, seier Storm likevel at den «vel […] stammer fra Biskopernes Bøger, har bevaret flere ægte Notitser, f. Ex» det som vart sitert ovanfor om mannedauden.74 Hamarkrøniken finst berre i avskrifter frå 1600- og 1700-talet, men vart forfatta mellom 1542 og 1553 av ein person som må ha hatt tilgang til dei gamle bispearkiva.75 Ein tenkjer seg altså at 1350 i biskopslista er feil i avskriftene for 1349.76 Ei slik flytting av årstal i ei kjelde er alltid ein naudutveg, ein hjelpehypotese som berre er forsvarleg dersom andre kjelder gjer det umogeleg, eller svært usannsynleg, at det årstalet som står kan vere rett. (Slik må det vere med Skålholts-annalen sitt årstal 1348 her ovanfor.) Men det er året 1350 i Hamarkrø-niken som stemmer med andre kjelder.

Ei klår datering av farangen finst også i ei messebok frå Toten i katolsk tid, innteken i ein bok av C.U. Schøning frå 1754.77 Sitatet frå messeboka lyder i omsetjing: «Pesten tok til siste dagane i september 1350 (MCCCL) og varde i seks veker medan det regna heile tida.»78 Benedictow går ut frå at året 1350 her også, som i Hamarkrøniken, er feilskrift for 1349.79 Til dette må ein seie: Dersom ein ikkje kan sannsynleggjere at kjeldene byggjer på kvarandre, vert det raskt drastisk mindre sannsynleg at fleire kjelder feilskriv just det same talet. Den statistiske både–òg-lova seier, eksemplifisert: Dersom det er 1/10 sannsynleg at to uavhengige kjelder skriv eit einskilt tal feil, er det berre 1/100 (1/10 x 1/10) sannsynleg at begge kjeldene skulle skrive same talet feil.80 Og ville gransking vise at så mykje som 1/10 av oppgåvene i bispelista i Hamarkrøniken og i messeboka frå Toten kvar for seg er feilskrifter?

Den siste av «tre gode kilder»81 som etter Benedictow finst for tids-bestemminga av mannedauden på Austlandet (i tillegg til dei islandske annalane – rekna som éi kjelde – og dei som gjeldbispeskiftet på Hamar) er eit brev frå kong Magnus i Lödöse, av forskinga noko usikkert datert til september 1349.82 Kongen seier der at det er pest «overalt i Noreg», og han er oppteken av tiltak som kan hindre at sotta trenger inn i Sverige frå grannelanda. Brevet provar at på det tidspunktet brevet vart skrive (ikkje heilt nøye daterbart), var farangen vidt utbreidd i Noreg. – Endå «overalt» sjølvsagt ikkje kan takast bokstavleg. Brevet provar også at kong Magnus var oppteken av å førebyggje farangen før han kom til Sverige frå grannelanda. Det må vel vere utelukka at kongen ikkje visste om ein slik ting som eit eventuelt utbrot av mannedauden i hans norske, administrative hovudstad Oslo i 1348. Og ville utbrot av mannedauden i Oslo hausten 1348 kunne ha blitt avgrensa til Oslo, inntil våren 1349? Dersom der verkeleg var utbrot av mannedauden i Oslo hausten 1348, som spreidde seg over Austlandet og vidare frå april 1349, må det då vere underleg at kongen ikkje skreiv eit slikt brev i 1348, eller i alle fall tidlegare enn september 1349? Brevet frå kong Magnus hausten 1349 må rimelegast reknast som eit indisium i same lei som dei islandske annalane peikar: Ingen visste om nokon mannedaude i Oslo hausten 1348. Dét var mest rimeleg av den grunn at der ingen mannedaude var der då.

Positive vitnemål om spreiinga i dei norske diploma

Etter Holmsens oppteljing finst det som nemnt 66 norske diplom i alt frå 1300- og 1400-talet som nemner mannedauden.83 Av desse er 59 frå Austlandet, 5 frå Vestlandet og 2 frå Trøndelag. Breva seier praktisk tala aldri kva år farangen pågjekk i.84 Dei tidfester i ettertid ei hending til eit visst tal år «etter mannedauden», eller liknande (DN I 353, 370), utan at det av dette går fram kva for år mannedauden var. Eit særskilt problem ved bruk av slike brev til tidfesting av mannedauden, er også at der i Noreg var epidemiar i alle fall i 1370, 1379 og 1391–92, forutan – meir uklårt – i ei rekkje mogelege år på 1400-talet, som tradisjonen i ettertid til dels kan ha forveksla med mannedauden 1349–50.85

Etter dei refererte tala på «mannedaudebrev» er det mest berre frå Austlandet det kunne vere opplysningar. Men også om denne landsdelen seier Ole Georg Moseng, som tidlegare nemnt, at det berre finst eitt, DN III 425 frå Lom i 1380, som tillet «datering og stedfesting av epidemien med noen grad av sikkerhet».86 Men heller ikkje dette brevet seier anna enn at Magnhild på Hamre døydde «helgamesseaftan (31. oktober) i den store mannedauden», også kalla «den store mannedaudehausten» i same brevet. At året er 1349, kan vi ikkje vite av dette brevet, men må eventuelt slutte det frå andre kjelder. Det kan altså gjelde hausten 1350, slik bispelista i Hamarkrøniken og messeboka frå Toten tidfester sotta der.

Men det finst i alle fall eitt Austlands-diplom som gjev mykje betre opplysning, DN VIII 156, datert Sigdal 20. juli 1350. Det har vi i original, så feilskrift bør vere utruleg. Brevet vitnar at ombodsmannen for fehirden i Tunsberg med fleire denne dagen var på Vad i Sigdal og tok opp prov om kven som døydde sist av folket på Hoffar. Det er tale om dei som gjekk bort «i denne usedvanlege dauden». Vi veit såleis at mannedauden i Sigdal pågjekk ei tid før 20. juli 1350. Kor lenge før, eller om sotta var slutt 20. juli, kan vi ikkje vite. Men brevet nemner halv-månadsfrist for stemnet den 20. juli. Sidan det gjeld å ordne med arv, må ein tru det ikkje vart drygt svært lenge. Holmen gissar på at farangen 20. juli 1350 var over i Sigdal «for i alle fall noen måneder siden».87 Seier vi at den siste på Hoffar døydde til dømes 20. april 1350, ville det vere eit merkverdig statistisk treff, dersom det einaste Austlands-brevet som tidfester mannedauden nærare, også skulle gjelde den aller siste personen som døydde av epidemien i Sigdal, eller i endå meir perifere Austlands-bygder, eller i Noreg i det heile.

Ordlyden i alle dei få kjeldene vi har som seier noko bestemt om tidspunktet, går då ut på at det store farangsåret på Austlandet, i alle fall i dei nordlege delane, var 1350. I det minste pågjekk sotta der også i 1350. Men det finst også nokre andre tidfestingar av mannedauden i diploma som er av interesse. Det er dei som talar om «mannedaudeåret», «mannedaudesommaren», «mannedaudehausten» og «mannedaudevinteren». Der er ein viss systematikk i den geografiske fordelinga av desse nemningane. Om «mannedaudeåret» eller «daudeåret» talar DN III 290, datert Våler 1357, DN I 357, datert Flesberg 1358, DN III 311, datert Idd 1360 og DN III 420, datert Sandsvær 1378. Dette er alt bygder på det sørlege eller meir sentrale Austlandet. Dersom sotta i denne landsdelen strekte seg over tre kalenderår, eller to vintrar, er det merkeleg at kjeldene alltid talar om «mannedaudeåret», aldri så langt kjent om «mannedaudeåra». Pågjekk farangen berre éin vinter, 1349–50, er det rimeleg nok at det heiter «mannedaudeåret», sidan også «vinter» (vetr) i tidsoppgåver oftast stod for året, ikkje spesielt for årstida.88

«Mannedaudesommaren» er det tale om i DN III 298, datert Berg i Eiker 1359.

«Mannedaudehausten» høyrer vi om i DN V 269, datert 1372 utan stad, men det gjeld gardar i Valdres; forutan i det ovanfor omtala DN III 425, datert Lom 1380.

«Mannedaudevinteren» er det tale om i DN I 355, datert Rollag 1358 og i DN II 478, datert Fiskum i Eiker 1383. I tråd med det som vart sagt ovanfor, inneber ikkje denne siste nemninga nødvendigvis at sotta pågjekk midt på vinteren. Men ho må vel ha pågått på begge sider av vintersolsnu, dersom meininga er å tale om heile året.

Det er grunn til å leggje merke til at alle dei kjeldene som talar om «mannedaudeåret» og «mannedaudevinteren» (truleg i begge tilfelle med same meining), forutan den eine som talar om «mannedaudesommaren», er frå søndre eller sentrale delar av Austlandet. Dei diploma som talar om «mannedaudehausten» er derimot frå dei nordlege dalbygdene Lom og Valdres. Den siste nemninga peikar mot at farangen her var meir konsentrert på éi årstid, hausten, enn på det sørlegare Austlandet. Og det er ingen grunn til å ta det for gjeve at hausten her nord skulle vere i 1349.89 Sotta burde komme sist til dei nordlege områda i landsdelen. Og dersom ho nådde Oslo og dei sentrale distrikta seinare på hausten 1349 enn Bergen, og også sentralt pågjekk godt inn i 1350, som både kjeldeterminologien, Sigdalsbrevet frå 1350 og dei andre indikasjonane (stykke 2 og 3 ovanfor) tyder på, er det rimeleg nok at ho nådde nordområda på Austlandet hausten 1350. Trass alt er det også dette året som er sagt i dei uttrykkelege opplysningane vi faktisk har, frå Hamar og Toten (ovanfor).

Sidan indikasjonane går ut på at epidemien kom til Oslo og det mest sentrale Austlandet noko seint på hausten 1349, er det særleg grunn til å merke seg den eine kjelda, frå Eiker, som nemner «mannedaudesommaren». Det kan vanskeleg gjelde anna enn sommaren 1350, sidan sotta neppe kan ha komme tidlegare til Eiker enn til Oslo, eller til Bergen.

Når der ikkje er kjelder frå andre landsdelar enn Austlandet som på same måten refererer til årstida for epidemien, har det nok den enkle forklåringa at diplomtalet allment (tabell 1 i stykke 2 ovanfor) og talet på «mannedaudebrev» der er så lågt.

Med tanke på den nyare tesen, at farangen kom til Oslo hausten 1348 og vart spreidd for alvor på Austlandet frå ca. april 1349, kan ein merke seg at inga kjelde talar om «mannedaudevåren», ulikt alle dei andre årstidene. Våren er då den einaste årstida der korkje spesifikke opplysningar, kjeldeterminologi eller andre indikasjonar gjev belegg for epidemi.

5. Samanfatting av spreiingsmønsteret for mannedauden i Noreg

Så langt har vi sett på dei ulike kjeldeslag og indikasjonar mest kvar for seg. Meininga har nettopp vore å sjå kva desse kan seie om spreiinga kvar for seg, utan å leggje inn uprova allmenne føresetnader, til dømes om art sjukdomskim (patogen) eller spreiingsfart. Til slutt lyt vi likevel samanfatte på hovudpunkta kvar summen av alle indikasjonane peikar, når dei vert haldne saman. – Ikkje alle indikasjonar kan vege like tungt. Konklusjonane blir:

  1. I Farangen kom utan større tvil til Noreg i 1349.

Dette byggjer særleg på fylgjande:

  1. Dei islandske annalane seier at året er 1349.

  2. Fallet i totalt diplomtal kom først frå 1348 til 1349.

  3. Auken i talet på testament kom i 1349.

  4. Dei kjende, nokolunde sikre einskildtilfella stemmer med at første sottåret er 1349, som dødstidspunkta til Stavanger-bispen Guttorm og erkebisp Arne.

  1. II Etter det som er kjent, kom farangen til Bergen først, og truleg i august/september.

Dette byggjer særleg på fylgjande:

  1. Dei islandske annalane seier at sotta kom med skip til Bergen, og det må ha vore i seglingssesongen.

  2. Etter auken i talet på testament, kan farangen ha komme til Bergen ei tid før 19. september, til Oslo før 9. oktober, til Tunsberg før 2. november, alt i 1349.

  3. Etter annalane, samanhaldne med andre kjelder, døydde biskop Guttorm i Stavanger 7. januar 1350, erkebisp Arne venteleg 17. oktober 1349; og det er rimeleg at smitten kom til desse byane frå Bergen.

  1. III Farangen kom seinare på året til Austlandet enn til Vestlandet; der var ingen særskild introduksjon til Oslo hausten 1348, og inga spreiing frå Oslo til resten av Austlandet våren 1349.

Dette fylgjer delvis av det som er sagt under punkt I og II, men er elles særleg bygt på fylgjande:

  1. Fall i totalt diplomtal kom i Oslo og på Austlandet som i resten av landet frå 1348 til 1349, men i Oslo og på Austlandet meir enn elles i landet frå 1349 til 1350.

  2. Auken i tal på testament kom i Oslo og på Austlandet meir enn elles i landet i andre halvår i 1349.

  3. Ingen av dei islandske annalane, og heller ikkje kong Magnus eller andre kjelder kjenner nokon epidemi i Oslo i 1348.

  4. Ingen kjelder talar om «mannedaudevåren», ulikt alle dei andre årstidene.

  5. Konklusjonen her i punkt III heng også saman med det fylgjande punkt IV.

  1. IV Farangen var ikkje slutt på nyåret 1350, men pågjekk langt inn i dette året, i alle fall på det nordlege Austlandet.

Dette er særleg bygt på fylgjande:

  1. Det som alt er sagt under punkt III, at det største fallet i totalt diplomtal på Austlandet kom frå 1349 til 1350; men der var også fall då elles i landet.

  2. Ordlyden i dei få uttrykkelege kjeldene vi har frå Austlandet (Hamar–Toten-området) seier at farangsåret der var 1350, om vi ikkje vil rekne med feilskrift på same punkt i fleire truleg uavhengige kjelder.

  3. Dei Austlands-diploma som fester sotta til ei årstid, talar til vanleg om «mannedaudeåret» eller «mannedaudevinteren», i tillegg til eitt som talar om «mannedaudesommaren». Dette peikar mot ei sott som pågjekk på begge sider av vintersolsnu. Diplom frå Lom og Valdres talar dessutan om «mannedaudehausten», som i samanheng med punkt b) mest rimeleg er i 1350.

  1. V Det er vanskeleg å seie noko meir bestemt om spreiinga av mannedauden i Noreg, særleg om ein ikkje vil leggje til grunn at ein på førehand veit at farangen var pest, og dessutan at denne spreidde seg med eit overhistorisk gitt tempo likt gjennomsnittsfarten på eit visst tal kilometer i døgnet i nyare tid, som i India på 1800-talet.

Det beste provet for at mannedauden 1349–50 verkeleg – i samsvar med verbale utsegner og tradisjon – spreidde seg til alle norske landsdelar, har ein kanskje i jordprisane.90 Slike har ein ikkje frå alle tiår eller lokalitetar. Men i 21 lokalområde kan ein sjå at jordprisane har falle til eit radikalt lågare nivå i 1350-åra eller 1360-åra, såleis før neste store farang i 1370. Og når jordprisfallet ikkje kan konstaterast like tidleg i dei andre norske områda, er det venteleg i hovudsaka berre av den grunn at det finst ikkje noko jordprismateriale der då.

– Jordprisar frå Nord-Noreg frå det aktuelle tidsrommet finst likevel mest ikkje.

6. Var mannedauden i Noreg 1349–50 pest (forårsaka av Yersinia pestis)?

Dette spørsmålet kan desse studiane ikkje gje noko definitivt svar på – som ein vil forstå. Berre fylgjande kan seiast: Den teorien ein formar om kva som var sjukdomskimen (patogenet) her, må vere sameineleg med at farangen kom til Bergen ca. august/september 1349 og spreidde seg til dei andre norske landsdelane fram til hausten 1350. Er denne spreiingsfarten ikkje sameineleg med at det var tale om pest, så var ikkje dette pest. – Eller pesten den gongen måtte ha eit anna spreiingstempo enn pest i nyare tid. Det siste kan allment vere forklårleg ved biologiske endringar (mutasjonar, genkombinasjonar, seleksjon) av dei impliserte artane, bakterie, lopper, gnagarar, menneske. Eller forklåringa på ulik spreiingsfart kan vere kulturelle ulikskapar, til dømes i kommunikasjonar, ulik tettleik på busetnaden, hygiene, bygningsskikk.

Emnet for denne granskinga var avgrensa til spreiingsmønsteret i Noreg.

Vedlegg A. Tal på klårt tidfeste og stadbestemte innanlandske diplom 1348, fordelt på månader i fylke og byar

JFMAMJJASONDSum
Båhuslen12-1--------4
Østfold---------11-2
Akershus-1111-1--1--6
Oslo-642----111218
Tønsberg---1--------1
Buskerud--1-------1-2
Oppland----1--131--6
Hedmark-11-1-2---2-7
Agder----------1-1
Stavanger---1--2---1-4
Hordaland----1-------1
Bergen-2-11--3--1-8
Sogn og Fjordane-------1----1
Trondheim----1-------1
Jemtland2-1-------1-4
Sum312985-55458266
Kjelder: Som tabell 1.