Hefte 1 i 2008-årgangen av Historisk tidsskrift har tre artiklar med eit spenn frå førhistorisk tid til 1900-talet, tre debattartiklar og 16 bokmeldingar.

I artikkelen «Samer på Dovrefjell i vikingtiden» legg Jostein Bergstøl og Gaute Reitan fram resultatet av ei arkeologisk undersøking ved Aursjøen i Lesja kommune i 2006. Her vart det funne fire hellelagte eldstader på ei rekkje. Slike rekkjeeldstader er berre kjende frå samisk kultur i vikingtid og mellomalder. Forfattarane skriv at ein må forstå buplassen ved Aursjøen som ein materiell leivning etter samar som har heldt til her fleire gonger i første del av vikingtida. Dei peikar på at det samsvarar med sagaforteljingane om møtet mellom Harald Hårfagre og samane på Dovre. Bergstøl og Reitan skriv at den nyoppdaga buplassen ved Aursjøen må tolkast slik at det fanst samiske grupper i Dovrefjell-området i vikingtida, og dermed gir dei eit nytt bidrag til ein langvarig debatt om sørgrensa for den samiske folkesetnaden; debatten gjekk i HT i 1970-åra, og både før og etter den tid i fleire publikasjonar og fora.

I artikkelen «Først vore egne!» gir Carl Emil Vogt ein pressehistorisk analyse av redaktørmakt i ein artikkel om korleis Aftenposten i 1922 saboterte Fridtjof Nansens innsamling til ofra for hungerkatastrofen i Russland. Vogt skriv at redaktør Thorstein Diesen regisserte ein sabo-tasjekampanje mot Nansen-innsamlinga, og dette gjorde Aftenposten ved å setje i gang ei alternativ innsamling for fattige fiskarar i Nord-Noreg. Nord-Noreg-kampanjen dominerte avisa i vekevis, med sortert og manipulert informasjon. Drivkrafta for kampanjen var sterk mot

stand mot det kommunistiske regimet i Russland, og denne antikommunismen henta stoff og inspirasjon frå konservative aviser i Frankrike og Storbritannia som hevda at kommunistregimet misbrukte katastrofehjelpa til eigne formål. Med Nord-Noreg-kampanjen slo dessutan Aftenposten to fluger med ein smekk: Avisa diskrediterte ikkje berre dei russiske kommunistane, men òg det norske forbodet mot alkohol, som skapte vanskar for fiske-eksporten til vinlanda i Sør-Europa. I avisspaltene kunne det sjå ut som om desse verknadene av forbodet var fullstendig katastrofale i fiskeridistrikta i nord.

I artikkelen «Ideologi og kompleksitet?» tar Yngve Nilsen for seg motstanden mot vasskraftutbygging i Noreg i 1970-åra. Utgangspunktet er den store offentlege merksemda som har vore retta mot denne motstanden i samtid og ettertid. Det inntrykket har festa seg at motstanden i hovudsak var ideologisk motivert, med brodd mot økonomisk vekst og sentralisering. Men Nilsen seier at det var berre motstanden mot utbyggingane av Mardøla og Altavassdraget som var sterkt prega av ideologiske føresetnader. Elles fanga sakshandsaminga opp mykje av alle dei komplekse omsyna som spelte inn. Der dei fann fylkesinterne løysingar vart utbyggingane gjennomført, dei som støytte på motsetningar inter-regionalt og nasjonalt vart skrinlagde i den administrative og politiske prosessen. Utbyggingane vart fragmenterte og prosjekta til statskraftverka sterkt reduserte. Dei regionale utbyggingsinteressene sikra seg i det heile ei sterk stilling. Også utbyggingsmotstand bidrog til at dei regionale løysingane vann fram, ved at fylkeskommunane sikra seg store eigedelar i dei utbyggingane som statskraftverka stod for.

I debattartikkelen «Bør der anlægges en købstad et sted i Oplandene?» tar Hans Chr. Johansen for seg bakgrunnen for det engasjementet professor Gregers Fougner Lundh la for dagen i åra rundt 1820 for at Hamar skulle bli kjøpstad for mjøsregionen. Tidlegare har det vore framheva at Lundh her gjorde ein innsats for å fremje den økonomiske utviklinga på Opplanda. Johan

sen har som opponent i ein disputas lagt fram sterke indisiar på at dette engasjementet var motivert av personlege økonomiske omsyn, og her gjer han greie for dei kjeldene som gir innblikk i dette – og for den offentlege saksgangen som enda med at Stortinget i 1827 valde Lillehammer framfor Hamar som plassen for den nye kjøpstaden på Opplanda.

Arnved Nedkvitne svarar på Knut Dørums melding av boka hans, The Social Consequences of Literacy in Medieval Scandinavia