Det kan seiast at alle tre artiklane i det første heftet 2006 dreier seg om politikk der påstandar om god moral har vore ei avgjerande drivkraft for dei som har ytra seg og handla. Det er då verd å merke seg at det er eit tematisk spenn på tusen år mellom dei tre artiklane. Dei som hevdar at det meste er nytt i einkvar periode kan kanskje få noko å tenkje på? Men elles framstår artiklane som svært ulike i emne og innhald, den første tek for seg eit stykkje norsk helgenhistorie i mellomalderen, den andre haldninga til jødane og Israel 1945–67, og den tredje globaliseringa av norsk moralpolitikk i dei siste 15 åra.

Olav Tveito undersøkjer når den kyrkjelege legenda om St. Hallvard vart utforma. Var ho basert på historiske fakta, eller var ho ei seinare oppfinning? Tveito hevdar at legenda var tufta på historiske fakta som gjekk tilbake til misjonstida. Hallvard frå Huseby vart nok først gravlagd heime i Lier, men translasjonen av lekamen til Oslo må ha teke plass tidleg, kanskje alt få år etter at Hallvard døydde kring 1043. Tveito argumenterer for at det var Grimkjell, den leiande anglosaksiske misjonæren i Noreg, som kan ha spelt ei rolle i ein strategi som tok sikte på å styrkje misjonsarbeidet og organiseringa av den tidlege kyrkja i det austlege Noreg. Ved at ein valde ein lekmann til helgen fekk trua ei lokal forankring, og den heroiske innsatsen til Hallvard appellerte til eit norrønt syn på heltemot.

Karl Egil Johansen ser på eit tema som i åra etter den andre verdskrigen har teke ein større plass i media enn dei aller fleste andre spørsmåla som har vore oppe i tida: synet på Israel, og i samband med dét synet på jødane. Han viser korleis dei pro-sionistiske haldningane voks seg stadig sterkare i norsk presse fram til seksdagarskrigen i 1967. Denne sympatien henta mykje av krafta si frå det veksande medvitet om dei nazistiske ugjerningane mot jødefolket. Her spelte Eichmann-saka i 1961 ei sentral rolle som katalysator. At Sovjetunionen vende seg mot Israel i 1960-åra, fekk media til å sjå på Israel som svært sårbart for følgjene av den kalde krigen. Johansen konkluderer med at Israel-sympatiane faktisk var sterkare i Noreg enn i noko anna land, og at den karakteristikken Hilde Henriksen Waage har gjeve av Noreg i 1950-åra som Israels beste venn, er endå meir treffande for norsk presse og opinion på 1960-talet.

Terje Tvedt har markert seg som ein kritikar av det han ser som eit omfattande samrøre i norsk utviklingshjelp og utanrikspolitikk retta mot «sør», det han kallar det sørpolitiske systemet av statlege organ og statsfinansierte hjelpeorganisasjonar. Han seier at forskinga og forskarane har vorte vevd inn i dette konglomeratet, og her formulerer han ein samla analyse, utmeisla i ei rekkje omgrep om det han karakteriserer som ein av dei viktigaste institusjonelle og politiske innovasjonane som har funne stad i Noreg etter den andre verdskrigen, med aksellererande fart i dei siste 15 åra. Han poengterer at arbeidet med omgrepa er viktig for å etablere ein analytisk distanse til ei slik konglomerat-verksemd; ho har sjølv gjennom eit propagandaapparat greidd å dominere måten det har blitt tenkt om ho på, og dermed sikra seg ein heilt uvanleg grad av moralsk og politisk legitimering i ein sørpolitisk diskurs, som bryr seg mindre om kva som er sant enn kva som er rett. Tvedt brukar omgrep som det nasjonale godhetsregimet, fleirpartistatens nasjonalkorporatisme, innsidehjelp, elitesirkulasjon og eit strategisk kommunikasjonsregime for å konseptualisere fenomenet. Og han konkluderer med at det slik har gått føre seg ei nasjonalisering av eit internasjonalt fenomen og ei internasjonalisering av nasjonale tradisjonar og ordningar. Til slutt spør han korleis alt dette har verka inn på andre delar av det norske samfunnet. HTs lesarar bør kunne bidra til svar på det spørsmålet.

Knut Dørum gir på debattplass eit svar til Hans Jacob Ornings debattartikkel i HT 2005, nr. 3 om den materielle basisen til den norske kongemakta i høgmellomalderen. Dørum vender seg mot at den antropologiske vendinga i 1990-åra var så epokegjerande som Orning hevdar: Det er ikkje rett at historikarane tidligare på 1900-talet såg bort frå sagaene som historiske kjelder. Dei berekningane som er gjort om inntektene til krona gjeld for tida etter den perioden som sagaene omtalar, frå åra mellom 1300 og 1350, basert på samtidig og seinare jordeboks- og rekneskapsmateriale. Sagaene fortel om konfliktar som galdt innkreving av skattane på slutten av 1100- og byrjinga av 1200-talet. Lovene gir dessutan viktigare haldepunkt enn Orning vil innrømme. Dørum er samd med Orning i at dei metodiske problema burde ha vore drøfta mykje meir i mellomalderforskinga, og han gir så ei prøve på drøfting av grunnlagsproblema når det gjeld dei økonomiske overføringane til kongemakta. Endeleg drøftar han om den norske kongemakta var sterk eller svak, det er eit klassisk spørsmål, til liks med det spørsmålet som samstundes blir tatt opp: Kor sterkt var aristokratiet, og kvar (om i det heile tatt) gjekk det sosiale skiljet mellom dette og bøndene?

Vi publiserer i dette nummeret 16 bokmeldingar, først fire meldingar om bøker som tek for seg viktige tema frå norsk mellomalder: eit ruvande verk om det norske erkebispedømmet, ein ny biografi om kong Sverre, ein analyse av rettsutøvinga i kristenrettssaker og ei omfattande handbok i norrøn filologi. Så følgjer meldingar av dei tre banda om norsk innvandringshistorie (900–1814, 1814–1940 og 1940–2000). Deretter kjem tre meldingar om bøker som tek for seg emne frå tidleg nytid: ekteskapsøkonomi i Skandinavia og Storbritannia 1400–1900, rettsstell og kriminalitet i Jemtland på 1500- og 1600-talet, og privathandelen til dei tilsette i det engelske Ostindiakompaniet i Madras 1660–1740. To meldingar omtalar tre bøker om det norsk-svenske hopehavet 1814–1905, den eine bøkene om det norske statsministerembetet i Stockholm 1898–1903 og om ministerhotellet i Stockholm. Den andre meldinga analyserer ein svensk-norsk antologi om 1905. Så følgjer meldingar om to bedriftshistoriar, om Orkla 1654–2004 og om Falconbridge 1910/1929–2004. Så kjem ein omtale av ei kommentert kjeldeutgåve om den kyrkjelege motstanden under den tyske okkupasjonen 1940–45, og endeleg meldinga om ei lærebok om synet på det athenske demokratiet, slik det har vorte påverka av haldningar og konfliktar i ettertida.

Redaksjonen