Med den rike norske avisfloraen er det altfor tidkrevjande å gå gjennom den samla pressa i ein så lang tidsperiode. Framstillinga vil derfor vere konsentrert om viktige hendingar i staten Israel si historie; frå statsdanninga i 1948 og fram til Seksdagarskrigen i 1967. Hovudvekta er lagt på leiar- og kommentarartiklar i riksavisene Aftenposten, Dagbladet, Arbeiderbladet og Verdens Gang, regionsavisa Bergens Tidende, kommunistavisa Friheten og dei to kristelege dagblada Vårt Land og Dagen. Dei tre siste var relativt små i opplag, men representerer kvar på sin måte interessante perspektiv. Andre aviser er nytta meir sporadisk. I tillegg til dette avismaterialet har òg ein del hovudfagsoppgåver innafor det aktuelle saksfeltet vore til stor nytte.1

Tradisjonelt er pressa blitt tillagd ei viktig rolle i offentleg debatt og meiningsdaning. Men pressefolk skriv ikkje i eit vakuum. Den politiske og samfunnsmessige konteksten endrar seg over tid, og dermed òg det journalistiske fokus. Såleis er det vanskeleg å forstå det avisene skreiv om jødane og staten Israel 1945–1967 «baklengs» – ut frå situasjonen i dag. Særleg gjeld dette den fyrste etterkrigstida, både fordi desse åra ligg fjernast i tid, og fordi det som då skjedde, fekk så store konsekvensar for utviklinga seinare. Før sjølve avisanalysen, og som ei ramme for denne, er det derfor nødvendig å seie litt om den israelske statsdanninga i eit jødisk/sionistisk perspektiv og skissere bakgrunnen for stormaktene sin politikk i Palestina og Midtausten i denne perioden.

Staten Israel blir til 1945–1949

Holocaust og skiping av staten Israel utgjer dei to viktigaste hendingane i nyare jødisk historie. På mange måtar er dei motpolar: Medan føremålet med Holocaust hadde vore å utslette det jødiske folket, representerte statsdanninga i 1948 ei gjenoppretting av den jødiske nasjonen. Likevel var det ein samanheng mellom desse hendingane. Skuldkjensla og skamma over det som skjedde under krigen, skapte auka sympati for tanken om ein eigen jødisk stat. Det galdt Europa, der massemordet på jødane hadde gått føre seg. Og det galdt endå meir USA, der verken dei fem millionar jødane eller resten av befolkninga hadde hatt større syn for sionismen før krigen. Etter 1945 vart Holocaust ikkje berre eit symbol for all jødiske liding, men òg sett på som eit prov på at ein jødisk nasjonalstat var nødvendig.

På denne bakgrunn kan ein lett dra den slutninga at Holocaust var sjølve fundamentet for den israelske statsdaninga i 1948. Leiande Holocaust-forskarar har likevel problematisert ein så direkte samanheng. Professor Yisrael Gutman, «chief historian» ved Holocaust-senteret (Yad Vashem) i Jerusalem, legg rett nok vekt på at Holocaust skapte ein opinion og eit politisk klima med større sympati for den sionistiske tanken – og dermed for FN sitt framlegg om å dele Palestina i ein jødisk og ein arabisk stat. Gutman meiner likevel at det er feil å seie at staten Israel vart etablert «because of the Holocaust». Det er ikkje berre ei forenkling, «[but] also a misunderstanding in regard to the mammoth undertaking of the Zionist movement.»2

Dette er spørsmål som ikkje kan takast opp i si fulle breidde her. At stormaktene sin politikk i Palestina-spørsmålet var lite konsistent, er det likevel brei semje om. USA sitt ja til delingsframlegget i FN hang såleis i ein tynn tråd. Mange meinte at det burde takast meir omsyn til amerikanske oljeinteresser i den arabiske verda. Med unntak av presidenten sjølv, Harry Truman, gjekk så å seie alle sentrale aktørar i amerikansk utanrikspolitikk imot at USA skulle røyste for delingsframlegget. Det galdt både embetsverket i Utanriksdepartementet, utanriksminister George Marshall, forsvarsminister James Forrestal og FN-delegasjonen. Når Truman på si side sa ja, er dette blitt forklart med at han frykta for å tape jødiske røyster ved presidentvalet i november. Alt i 1946, då Truman fyrste gong kom ut med støtte til ein jødisk stat, vart denne forklaringa brukt. Då var det omsynet til det tilstundande kongressvalet dette året som skulle vere grunnen.3

Tautrekkinga om Palestina-politikken heldt fram til Israel vart proklamert som jødisk stat 14. mai 1948. Utanriksminister Marshall truga med at han ville gå imot Truman ved presidentvalet i november dersom USA godkjende den nye staten. Samstundes hevda jødiske interesser at eit amerikansk nei kunne føre til at Sovjet vart Israels nærmaste allierte – og dermed fekk fotfeste i det strategisk viktige Midtausten. Truman venta i det lengste med å bestemme seg, og få hadde noka aning om kva veg det bar. Men berre nokre timar etter proklamasjonen av staten Israel sende Det kvite hus ut ei melding som innebar ei de facto godkjenning. I FN slo denne meldinga ned som eit sjokk. I telegramstoffet frå Reuters heitte det at det ikkje ville ha blitt større kaos om ei bombe var blitt kasta inn i Hovudforsamlinga. Kaoset og forvirringa vart ikkje mindre då ein av USAs representantar gjekk på talarstolen og opplyste at ingen i den amerikanske delegasjonen var informert om presidenten si avgjerd.4

I motsetning til USA avstod Storbritannia frå å røyste då spørsmålet om deling av Palestina var oppe i FN. Storbritannia venta òg lenge med å godkjenne Israel som stat. På bakgrunn av Balfour-deklarasjonen i 1917 kan dette synest som eit paradoks. Gjennom Peel-kommisjonen i 1937 hadde jamvel Storbritannia som mandatmakt sjølv gjort framlegg om deling av Palestina i ein jødisk og ein arabisk stat. Denne planen kom det likevel ingenting ut av. I åra etter torde ikkje Storbritannia å føre ein politikk som kunne føre til at Tyskland og Italia styrka stillinga si i arabarverda. Samstundes vart det, som for USA sin del, lagt aukande vekt på oljeressursane i Midtausten. Dette prega Kvitboka om Palestina, som britiske styresmakter gav ut i 1939. Her vart det teke til orde for strenge restriksjonar på den jødiske innvandringa – så strenge at dei i praksis ville blokkere planen om ein eigen jødisk stat.

Etter Labour sin valsiger over dei konservative i 1945 vona dei sionistiske leiarane på ein ny politikk. Ingen andre sosialistiske parti i Europa hadde hatt ei så positiv innstilling til sionismen som Labour. Den nye statsministeren, Clement Attlee, var såleis blant dei som hadde gått hardast imot Kvitboka i 1939. Våren 1944 hadde elles landsstyret i Labour uttalt at tanken om ein jødisk nasjonalheim ikkje hadde noka meining om ein ikkje let så pass mange jødar få flytte inn i Palestina at dei utgjorde ein majoritet. På denne bakgrunn var det forståeleg at sionistleiarane hadde voner til den nye britiske regjeringa. Men desse vonene slo ikkje til. Særleg utanriksminister Ernest Bevin gjekk hardt ut mot ein jødisk stat, og prøvde med alle middel å setje ein stoppar for den store illegale immigrasjonen av overlevande jødar frå krigen og andre jødar som søkte til Palestina. Reaksjonane let ikkje vente på seg. Særleg blant sionistar innafor arbeidarrørsla vart Bevin sedd på som ein svikar. Seinare statsminister Golda Meir skreiv i memoarane sine at ho ikkje visste om den britiske utanriksministeren «var litt gal eller om han bare var antisemitt eller kanskje begge deler».5

Var Storbritannia sin politikk eit vonbrot, var den positive haldninga til Sovjet til staten Israel ei gledeleg overrasking for sionistleiarane. -Ideologisk hadde marxistar og kommunistar, i motsetning til mange revisjonistiske og reformerte sosialistar, vore heilt imot tanken om ein eigen jødisk stat. I staden burde jødane gå inn for ei rask assimilering ved å delta i den revolusjonære rørsla. Somme sovjetiske leiarar som Mikhail Kalinin, sovjetstatens formelle statsoverhovud frå 1919, hadde likevel lita tru på assimilasjonstanken. Kalinin ville heller at jødane skulle samlast innanfor eit avgrensa område, gjerne knytt til store nydyrkingsprosjekt i jordbruket. I 1934 kom det så langt at eit område i Asia, Birobidsjan, på grensa mot Kina, vart etablert som ein autonom, jødisk region. Av fleire grunnar mislukkast dette forsøket på å skape eit «sibirsk Palestina», og mot slutten av 1930-åra gjekk Stalin hardt til verks mot alle former for organisert sionisme.6

Etter krigen heldt denne politikken fram. Målet var fyrst og fremst å øydeleggje den intellektuelle jødiske eliten. På det utanrikspolitiske plan, derimot, signaliserte Sovjet ei ny haldning etter at Storbritannia overlet Palestina-problemet til FN. Under debatten om Palestina i Generalforsamlinga uttalte Sovjet sin representant, Andrej Gromyko, at det ikkje fanst noko anna alternativ enn å dele landet mellom jødar og arabarar. Jødane hadde lidd meir enn noko anna folk under krigen, og det var i det lyset ein måtte forstå kampen dei førte for sin eigen stat: «And it will be unjust if we ignore this aspiration and deny the Jewish people the right to realise it.»7 Sovjet og resten av austblokka røysta såleis for delingsframlegget. Og ved proklamasjonen av Israel året etter, var Sovjet saman med USA (og Guatemala) dei fyrste som godkjende den nye staten. Sameleis var det våpen frå det kommunistiske Tsjekkoslovakia som vart berginga for Israel då arabiske styrkar gjekk til åtak dagen etter at staten var proklamert.

At denne velviljen var eit resultat av ei nyvurdering av sionismen som ei progressiv rørsle, var det berre enkelte sionistar på venstresida som trudde. Dei fleste forklarte både då og seinare den sovjetiske haldninga ut frå realpolitiske og strategiske grunnar. I 1947–1948 hadde Sovjet ingen allierte i området, og ved å gå inn for ein jødisk stat kunne Sovjet både styrkje sine eigne interesser og slå eit slag mot den britiske imperialismen, gjerne òg forsterke dei motsetningane som alt fanst mellom Storbritannia og USA i dette spørsmålet.8 Same kva grunnen var, så stod Sovjets politikk i høve til Israel frå 1947 og fram til byrjinga av 1950-åra i rak motsetning til den antisionistiske linja som landet følgde både før og etter.

At haldninga til jødane var meir prega av politisk pragmatisme enn av moralske vurderingar, galdt ikkje berre stormaktene. I boka Da staten Israel ble til. Et stridsspørsmål i norsk politikk (1989) har Hilde Henriksen Waage særleg fokus på oppfatningane i Arbeidarpartiet. Rett etter krigen, fram til hausten 1946, stod tanken om ei assimilering av jødane i dei ulike europeiske landa sterkast. Deretter, frå hausten 1946 til utpå vinteren 1947, gjekk regjeringspartiet inn for ei jødisk kolonisering av tynt folkesette, oversjøiske område – høgfjellet i Uganda vart nemnt som døme. Men etter at Storbritannia gav opp mandatet for Palestina, snudde stemninga, og Noreg slutta seg til dei landa som ville ha ei deling av Palestina i ein jødisk og ein arabisk stat. For mange i regjeringspartiet var likevel delingsplanen nærmast som «en nødutvei» å rekne.9

At ikkje haldninga var eintydig positiv, kom òg fram seinare. Noreg, og dei andre nordiske landa, venta såleis lenger enn mange andre med å gje Israel ei de facto godkjenning. Fyrst kring årsskiftet 1948/1949 synest ei meir pro-sionistisk haldning å ha fått gjennomslag i Arbeidarpartiet. Når dette ikkje skjedde før, kom det mykje av allianseforholdet og dei nære vennskapsbanda som vart knytte til Storbritannia i krigsåra. Å føre ein politikk som gjekk rakt imot Storbritannia si pro-arabiske linje, var derfor vanskeleg. Etter kvart som USA stod fram som «storebror» i det vestlege samarbeidet, og med skipinga av NATO i 1949, talde dette momentet monaleg mindre. Henriksen Waage har elles lagt vekt på at embetsverket i Utanriksdepartementet synte lita forståing for jødane sin situasjon, særleg for tanken om ein eigen jødisk stat. Tautrekkinga mellom embetsverket og den politiske leiinga kunne til tider minne om situa-sjonen i USA. Når embetsverket til sist måtte gje seg, blir dette forklart med at «den politiske ledelsen og antakelig et flertall i den norske opinionen ønsket stadig sterkere å føre en motsatt politikk.»10

Kva oppfatninga var i norsk opinion på dette tidspunktet, er uvisst. Noko tidlegare, sommaren 1947, tok derimot Norsk Gallup opp ei meiningsmåling der eit av spørsmåla var korleis ein best kunne skape ei framtid for dei europeiske jødane som hadde overlevd krigen. Av svara gjekk det fram at 37 prosent ville at Palestina burde opnast for jødane, to prosent gjekk inn for ein eigen jødisk stat, medan ti prosent ville at alle land burde ta nokre jødar kvar. Ut over dette hadde 20 prosent diverse andre forslag, 36 prosent inga løysing, og fem prosent ville ikkje svare.11 Nokon sterk opinion i den eine eller andre retning er det ikkje råd å lese ut av desse tala. Rett nok svarte vel tredjeparten at Palestina måtte opnast for jødane, men berre eit lite fåtal nemnde ein jødisk stat. Dei mange som ikkje hadde noka løysing, eller ikkje svarte, kan tyde på at mange var lite engasjerte av spørsmålet eller var rådville.

Norske styresmakter hadde nett på denne tida sagt seg villeg til å ta imot 600 jødiske flyktningar. I meiningsmålinga vart det òg spurt om dette var eit rett eller galt standpunkt. Knapt tre fjerdedelar (73 prosent) sa seg samd i at Noreg burde ta imot desse flyktningane, medan vel fjerdeparten (27 prosent) var imot. Partipolitisk var velviljen for flyktningane størst i Kristeleg Folkeparti (91 prosent for), minst i Bondepartiet (53 prosent for).12

Kva haldningar som fanst ein stad i «folkedjupet», er likevel av mindre interesse enn dei haldningane som kom til uttrykk i det offentlege rom, særleg gjennom avisene. Det var meiningane og standpunkta her som kunne tenkjast å påverke politikarane. Henriksen Waage har synt korleis Arbeidarbladet var med på å forme og formidle Arbeidarpartiet sin politikk på dette området. Men kva med resten av norsk presse? Kven var det som fyrst og sterkast signaliserte ei positiv haldning til sionismen og Israel si sak? Og motsett, kven hadde mest forståing for arabarane?

NORSK PRESSE SI HALDNING TIL DEN NYE STATEN

Ut frå kva som hadde skjedd under krigen, skreiv norske aviser heller lite om det jødiske folket i den fyrste etterkrigstida. I dekninga av den store Nürnberg-prosessen i 1945–1946 fekk såleis jødane sin lagnad beskjeden plass. Rett nok kom det fram ein del konkrete opplysningar, mellom anna om talet på drepne jødar.13 Andre forhold under naziregimet vart likevel meir vektlagde enn antisemittismen. Jamført med prosessen mot Adolf Eichmann femten år seinare (sjå s. 46), var fokuseringa på denne sida ved nazismen minimal. I tillegg vart det meste av telegramstoffet og nyhendeartiklane ståande ukommenterte. Interessa for jødane auka rett nok då situasjonen i Palestina tilspissa seg i 1947–1948. Men heller ikkje då opptok jødane og arbeidet for å få til eigen jødiske stat mykje spalteplass i norske aviser.

Materialet er likevel stort nok til å kunne peike ut to aviser som særleg jøde- og israelsvenlege. Den eine var det kristelege dagbladet Dagen, som kom ut i Bergen frå 1919. I byrjinga av 1947 vart situasjonen i Palestina teken opp i ein leiarartikkel med tittelen «Palestina-floken». Her vart Storbritannia skulda for å ha drive ein uansvarleg politikk ved å ha gjeve lovnader til både jødane og arabarane, lovnader som landet korkje kunne eller ville halde. Dette britiske dobbeltspelet burde avsluttast og Palestina-spørsmålet overlatast til FN, heitte det. Ei deling av landet hadde likevel Dagen lita tru på, med mindre dei jødiske områda kunne få «en permanent militær beskyttelse mot de overmektige og aktivistiske araberstatene som omgir dem.»14

Ein ny leiar eit par månader seinare gav uttrykk for større optimisme på jødane sine vegne. Og då staten Israel vart proklamert i mai 1948, var Dagen den fyrste avisa som gjekk inn for at Noreg burde godkjenne den nye staten. Ei slik godkjenning, vart det sagt, burde «ikke falle vanskelig for regjeringen i Henrik Wergelands fedreland».15 Denne haldninga var ikkje sjølvsagd ut frå Dagens kristelege ståstad. Kollega Vårt Land, som kom ut i hovudstaden frå 1946, hadde såleis ei avvisande haldning til sionismen og staten Israel dei fyrste åra. Det same galdt andre i kristen-Noreg, kanskje særleg den organisasjonen som burde ha eit særleg syn for jødane: Den Norske Israelsmisjon.16

Den avisa som stod nærmast Dagen si pro-sionistiske linje, var faktisk kommunistavisa Friheten. Allereie i ein kronikk i 1946 vart det uttrykt sympati for dei forfølgde og heimlause jødane som hadde redda seg unna nazistane sine gasskammer. Europa såg ikkje ut til å ha plass for dei, den einaste vona for dei overlevande var Palestina, heitte det.17 Dette var før Sovjet hadde gjeve si støtte til ein israelsk stat, på ei tid då dei fleste trudde at stormakta i aust ville støtte arabarane. Den positive haldninga i Friheten forsterka seg då Sovjet året etter tok eit klart pro-sionistisk standpunkt til Palestina-spørsmålet i FN. At USA vinteren 1948 gjekk bort frå vedtaket i FN om å dele Palestina i ein jødisk og arabisk stat, vart framstilt som eit svik både mot jødane og verdsorganisasjonen. Under overskrifta «Verre enn München», skreiv Friheten at denne endringa av amerikansk politikk var venta etter at dei arabiske landa hadde truga USA med å inndra oljekonsesjonar. Konklusjonen var at engelsk imperialisme var blitt avløyst av amerikansk.

Ved proklamasjonen av staten Israel i mai 1948 var Friheten nesten like tidleg ute som Dagen med å krevje ei norsk godkjenning. I ei brei utanrikspolitisk orientering 28. mai («De forente nasjoner og staten Israel. Når skal Norge anerkjenne Israel?»), vart jødane sine lidingar under «det fascistiske barbariet» framheva:

De vesteuropeiske statene greidde ikke å forsvare sine jødiske medborgere (…) Dette gjør det enda mer tvingende nødvendig å reise spørsmålet om å skape en jødisk stat der jødene kan leve som medborgere med fulle rettigheter og ikke som en pariakaste som evig og alltid forfølges av angsten for nye ghettoer og tilintetgjørelsesleire. Opprettelsen av en slik stat strider ikke på noen måte mot arabernes virkelige interesser. De reaksjonære, sjåvinistiske arabiske kretsene har skapt et skadelig hysteri omkring Palestinaspørsmålet, som har opptent lidenskapene og tilslørt sakens kjerne. De har festet den arabiske verdens oppmerksomhet på en bitte liten jordflekk (…) og dermed fått dem til å glemme de grunnleggende nasjonale oppgaver som består i å befri millioner av arabere for den koloniale undertrykkelsen [og] tilkjempe seg virkelig uavhengighet.18

I ein leiarartikkel nokre veker seinare vart det spurt om den norske regjeringa var så tilbakehalden med å godkjenne Israel på grunn av påverknad frå Storbritannia. Friheten si framstilling av forholda i Midtausten var elles mykje den same ein fann i sovjetiske utsegner og materiale. Ein god del plass gjekk såleis med til å sitere og forklare Sovjet sitt standpunkt i Palestina-spørsmålet. Som hovudorgan for NKP var ikkje det meir enn ventande. Ut frå den antisionismen som seinare voks fram i Sovjet, og som òg nedfelte seg i Friheten – om enn ikkje i same grad – er det likevel forunderleg å lese kommunistavisa sin rosande omtale av jødane og Israel i desse fyrste etterkrigsåra.

Sovjets vennskap med Israel tok meir eller mindre slutt allereie i 1952–1953. Den pro-sionistiske linja vart altså berre ein relativt kort historisk parentes. Før dette hadde landet sin eigen politikk overfor jødane vore basert på assimileringstanken. Ikkje berre kommunistar, men òg ein del meir moderate sosialistar, hadde sett på denne politikken som ein modell og eit eksempel til etterfølging. Slike tankar kom mellom anna til uttrykk i ein utanriksartikkel i Arbeidarbladet i august 1945, med understreking av at assimilasjonen måtte innebere respekt og godtaking av jødane som eit nasjonalt mindretal. Liknande synspunkt kom fram fleire gonger i Arbeidarpartiet sitt hovudorgan både i 1945 og fyrste halvdel av 1946, jamvel på leiarplass. Dels vart sionismens mål om å samle jødane i ein eigen stat i Palestina sedd på som urealistisk, dels vart det sagt at jødeproblemet var eit problem som heile det internasjonale samfunnet måtte vere med på å løyse.19

Utover hausten 1946 vart assimileringsalternativet svekka, mellom anna på grunn av manglande vilje til å ta imot jødiske overlevande etter krigen. I januar og februar 1947 skreiv såleis den nye utanriksredaktøren i Arbeiderbladet, John Sannes, fleire artiklar som representerte eit brot med den negative haldninga til sionismen som Arbeidarpartiet til då hadde stått for. I ein av desse artiklane sa han beint ut at den einaste løysinga var «en deling av Palestina i en jødisk og arabisk stat».20 I mellomtida var det blitt lansert eit tredje alternativ: jødisk kolonisering av eit oversjøisk område. Då heller ikkje dette alternativet synte seg mogeleg å gjennomføre, røysta Noreg for delingsplanen for Palestina i FN. Nokon stor entusiasme var likevel ikkje å spore i regjeringspartiet på det tidspunktet (jf. s. 30). Ved proklamasjonen av staten Israel året etter, helsa derimot Arbeiderbladet den nye staten velkomen i svært vennlege ordelag:

Jødefolket inntar en særstilling i verden. Trass i alle forfølgelser holder det sammen, bevarer sin egenart og livskraft. Det er et folk med sterke nasjonale instinkter, en dyp religiøs tro og som mener det har en historisk misjon å oppfylle. (…) Arbeiderpartiet og dets regjering er jo interessert i at ethvert folk så fort råd er får selvstyre. (…) Mye står på spill. Det gjelder den nye staten Israel, jødefolkets nasjonalhjem. At dette folket atter kan få et virkelig fotfeste og høve til å utfolde sine beste egenskaper på det kulturelle som økonomiske område. Det vil ikke bare være en vinning for dette utsatte, og om en vil legge til, utvalgte folk, men for verden for øvrig.21

Den positive haldninga vart likevel ikkje kombinert med krav om å godkjenne den nye staten. Halvanna veke seinare kom ein ny leiar som spesielt tok opp dette spørsmålet. Kravet om norsk godkjenning av Israel vart her karakterisert som velmeint og sympatisk, men ikkje særleg gjennomtenkt. Henriksen Waage har kopla denne leiarartikkelen til ein uttale frå arbeidarane ved Aker og Nyland, som bad regjeringa om å godkjenne Israel, sameleis ein uttale frå det kristelege Karmelinstituttet. Vel så viktig var det at dette kravet like før var blitt fremja av dei mest -israelsvennlege avisene, Dagen og Friheten, talerøyr for relativt store og viktige grupper i den pågåande samfunnsdebatten.22

Som organ for regjeringspartiet var det rimeleg at Arbeiderbladet måtte halde litt meir igjen i sine leiarartiklar. Den fremste talsmannen for Israel i Arbeiderbladet i denne perioden var forfattaren Odd Bang-Hansen, seinare leiar av Den norske Forfatterforening. Sommaren 1948 skreiv Bang-Hansen ein serie oppglødde reisebrev frå Israel. Ut på hausten same året vart han vald til formann i den nyskipa foreininga Norge–Israel. I karakteristikkar av den norske politikken overfor Israel kunne Bang-Hansen til tider vere svært kvass. Særleg tok han det ille opp at Noreg nølte då spørsmålet om å ta Israel opp i FN kom på dagsorden vinteren 1949. Noreg røysta til slutt for, men fyrst etter ein god del tautrekking. I ein kronikk i Arbeiderbladet ironiserte Bang-Hansen over det vesle landet langt mot nord som i sin «fariseiske renhet» var blant dei siste som hadde godkjent den nye staten Israel – jamvel etter Storbritannia – og som no ikkje med ein gong støtta søknaden om å ta opp Israel i FN, «en stat hvis demokratiske sinnelag er så uomtvistelig.»23

Kva så med haldninga i dei borgarlege avisene? Korleis stilte dei seg til sionismen og staten Israel? Dei fyrste åra etter krigen ser det ut til at det sionistiske statsprosjektet i Palestina møtte mykje den same skepsisen som i Arbeiderbladet. Dagbladet, til dømes, gav i fleire leiarartiklar i 1946 og 1947 støtte til tanken om ein tilhaldsstad for jødane i Afrika. Madagaskar vart spesielt nemnt som ei god løysing. Ut frå den historiske bakgrunnen var det oppsiktsvekkjande. Ideen om å sende jødane i Europa til Madagaskar vart fyrst sett fram av ein tysk orientalist og teolog, Paul de Lagarde, i ein artikkel i 1885. Ideen fekk etter kvart stor tilslutning i antisemittiske krinsar, særleg i åra etter fyrste verdskrig. Tilhengarane av denne drastiske løysinga på jødeproblemet brukte nemninga «full-sionisme» («Voll-Zionismus»). I 1930-åra vart Madagaskar-løysinga diskutert i fleire land, mellom anna i Polen, som hadde den største jødiske befolkninga i Europa. Sommaren og hausten 1940 vurderte òg nazistane dette alternativet.24

For Dagbladet sin del var Madagaskar-forslaget ikkje uttrykk for antisemittisme eller antijødisk haldning. Tvert om fordømte Dagbladet den nazistiske råskapen som hadde ført til slike ufattelege lidingar for det jødiske folk under verdskrigen. Som i Arbeiderbladet i desse åra var skepsisen mot ein jødisk stat i Palestina mest grunna i praktiske forhold – at landet var for lite til å ta imot så mykje folk, og vanskane som dette ville medføre i høve til arabarane. Då det synte seg at både koloniserings- og assimileringsalternativet var urealistisk, gjekk òg Dagbladet inn for å dele Palestina i ein jødisk og ein arabisk stat. Etter proklamasjonen av staten Israel og det påfølgjande åtaket frå arabarlanda, var Dagbladet mest oppteken av å få slutt på krigen. Mellom linjene var det likevel ikkje vanskeleg å lese kor sympatien låg, som i denne leiarartikkelen:

Det er riktig nok at Palestina-problemet er så komplisert at en helst skulle bruke en hel bok til å greie ut om det. Men noe som er meget lite komplisert er FN’s klare plikt til å gripe inn i Palestina og få stanset krigen, før det hele ender med en tragedie, så blodig og uhyggelig at den vil bli husket i historien. Det er i den retningen utviklingen går nå. (…) Araberstatene taler like foraktelig om organisasjonen som japanerne, fascistene og nazistene i sin tid gjorde. De vil diktere. (…) FN har vedtatt en delingsplan. Araberne har gått til krig mot delingsplanen. Det er klart nok. Denne krigen får en ikke stanset med henstillinger og spørreskjemaer.25

Ei utanrikspolitisk orientering same dag hadde overskrifta: «Jødene taper hvis de ikke får hjelp», med referanse til ein svensk militærekspert. Trass i denne sympatien for jødane sin kamp, gjekk ikkje Dagbladet på leiarplass inn for at Noreg burde godkjenne staten Israel. Sjefredaktør Einar Skavlan var derimot ein av underskrivarane på eit opprop til regjeringa med nettopp dette kravet!

Elles skreiv Ragnar Vold, ein av dei mest profilerte nazimotstandarane i norsk presse i mellomkrigstida, fleire artiklar der han uttrykte frykt for lagnaden til den nye jødestaten. Den fremste forkjemparen for Israel i Dagbladet sine spaltar både då og seinare var likevel forfattaren og journalisten Ragnar Kvam. I kjenslefulle ordelag appellerte han om å hjelpe det vesle folket i kampen for å overleve. Mest appellerte Kvam til det intellektuelle miljøet, og etter kvart var det stadig fleire i denne gruppa, mange av dei med radikale eller sosialistiske sympatiar, som gav sin støtte til jødane og staten Israel. Berre blant forfattarane kan nemnast namn som Torborg Nedreaas, Inger Hagerup, Halldis Moren Vesaas, Gunvor Hofmo, Sigurd Hoel, Arnulf Øverland, Johan Borgen, Arne Paasche Aasen, Hans Heiberg, Helge Krog, Odd Bang-Hansen, Kåre Holt, Sigurd Evensmo og Jens Bjørneboe. Med eit mogeleg unntak for avisa Dagen i Bergen, og kanskje Arbeiderbladet, var det ingen aviser som i 1950- og 1960-åra stod meir på barrikadane for jødane og Israels sak enn det kulturradikale Dagbladet.

Den meir varsame haldninga i perioden 1945–1949, særleg i leiar-artiklane, må sjåast i lys av den uvissa og «famlinga» som prega Palestina-spørsmålet rett etter krigen. Politisk sokna Dagbladet til Venstre. Det same gjorde Bergens Tidende, utan at dei dermed var på linje verken i dette spørsmålet eller mange andre spørsmål. Bergens Tidende var såleis den av dei større avisene som lengst heldt på assimileringstanken: Fleire land burde opne portane sine for jødane, det var den einaste realistiske løysinga. Når det galdt tilhøvet mellom jødane og arabarane i Palestina, vart det, med referanse til ein artikkel i The Times, hevda at rett stod mot rett – ikkje rett mot urett. Denne balanseringa eller rettferdiggjering av begge partar i konflikten innebar ei positiv vinkling på arabarane sin situasjon som var sjeldan i norsk presse, i alle høve i 1947–1948.26

For Bergens Tidende sin del er det likevel rett å seie at avisa var meir pro-britisk enn pro-arabisk. Både leiarartiklar og utanrikspolitiske kommentarar var gjennomsyra av sympati for den britiske politikken, kombinert med frykt for at det kommunistiske Sovjet stod klar til å overta i Midtausten om vestmaktene støytte arabarane frå seg. Den pro-sionistiske politikken til president Truman hadde Bergens Tidende lite til overs for. Vona var at amerikanarane ville snu når dei skjøna kor viktig den arabiske oljen var for amerikansk økonomi. Etter FNs delingsvedtak for Palestina i november 1947 vart dette vedtaket kommentert slik:

En skal ikke glemme at bak den isolerte motsetning mellom arabere og jøder ligger oljekildene i den arabiske verden, og oljeledningene fram til Middelhavet, veldige britisk-fransk-amerikanske investeringer som står og faller med arabisk goodwill, og endelig vestmaktenes strategiske posisjon i de trakter som også er avhengig av arabisk nøytralitet. Alle disse ting går i jødenes disfavør, til deres gunst teller i grunnen bare den medfølelse som kom til uttrykk i FN-vedtaket, og den støtte de kan få framfor alt hos sine amerikanske rasefeller i et valgår, og den militære innsats de kan gjøre i kraft av bedre organisasjon, bedre våpen og frykten for igjen å bli landflyktige.27

Når det galdt det forventa militære oppgjeret, rekna Bergens Tidende likevel med at arabarane i Palestina ville få hjelp av dei omkringliggjande arabarlanda. Det ville truleg gjere Palestina til «en ny tilintetgjørelsesleir for jødene».28 Trass i denne frykta for kva som kunne skje med jødane når britane trekte seg ut, gjorde Bergens Tidende ingen freistnad på å forstå det sionistiske statsprosjektet, korkje i lys av Holocaust eller jødane si lidingssoge meir generelt.

Den same kjølege, distanserte haldninga til sionismen fann ein i Aftenposten. Til og med leiarartiklane hadde eit sakleg, refererande innhald. Sjølv om det ikkje vart uttrykt direkte motvilje mot ein jødisk stat i Palestina, kom det i fleire høve fram at føresetnadene for ei slik statsdaning ikkje var til stades. Som i Bergens Tidende vart fokus sett på stor-politikken og den faren som truga frå Sovjet dersom dei vestlege landa ikkje spelte korta sine rett. Når det galdt den pågåande striden mellom jødar og arabarar, tok Aftenposten ikkje stilling. Då krigen mellom partane braut ut i 1948, heitte det at det var useieleg trist og tragisk at «det land hvor Menneskesønnen engang vandret på jorden, nu vanhelliges av en barbarisk krig, som også truer med å utslette de hellige minnesmerker som ennu er i behold.» For augneblinken såg det likevel ikkje ut til at det var anna løysing enn å la krigen gå sin gang, «til den ene av partene, d.v.s. jødene, er beseiret eller tilintetgjort.»29

Både Aftenposten og Bergens Tidende la mest vekt på stormaktperspektivet. Dermed kom jødane og arabarane sitt perspektiv meir i bakgrunnen. Den siste avisa som skal nemnast her, Verdens Gang, synte mindre forståing for stormaktene sine interesser og strategi i Midtausten. Stormaktene burde i staden sjå det som ei plikt til å bøte på den skaden som det ulukkelege jødefolket hadde lidd under krigen, hevda Verdens Gang. Ingen kunne seie noko på at dei no ville bort frå den verdsdelen som hadde gjeve rom for Auschwitz. Dette måtte vere utgangspunktet for «enhver moralsk vurdering av Palestinaproblemet».30 Verdens Gang gjekk òg til eit uvanleg hardt åtak på Vårt Land då denne avisa ved bibelske allegoriar nærmast gjorde jødane kollektivt ansvarleg for drapet på FN sin fredsmeklar, grev Folke Bernadotte, i september 1948.31

Norske aviser si haldning til staten Israel i åra 1945–1949 peikte altså i ulike retningar. Som vi har sett, kom særleg to aviser, den kristelege Dagen og kommunistavisa Friheten, tidleg ut med ei positiv haldning. Motsett gav Aftenposten, Bergens Tidende og Vårt Land – Dagens kollega i hovudstaden – uttrykk for den mest reserverte haldninga. Både i desse avisene og endå meir i Arbeiderbladet, Dagbladet og Verdens Gang gjekk likevel utviklinga i pro-sionistisk retning, særleg etter proklamasjonen av staten Israel og krigen med arabarlanda som då vart utløyst. Det var likevel meir tale om sympati enn begeistring, i alle fall når det galdt leiarartiklane og utanrikskommentarane. Varmare kjensler for den nye nasjonen inst i Middelhavet kom til uttrykk i lesarinnlegg og reisebrev frå Israel. Eit godt eksempel er fire artiklar av partisekretæren i Arbeidarpartiet, Haakon Lie, som vitja Israel i desember 1949, og Martin Tranmæl, den tidlegare redaktøren i Arbeiderbladet, som vitja landet halvanna år seinare.32

Samstundes kom det ein god del litteratur om Israel som verka i same lei. Til desse høyrde ei sjølvbiografisk bok av Israels fyrste president, Chaim Weizmann: Et liv for Israel (1949), og Anne Franks dagbok (1952), i norsk oversetting ved Inger Hagerup. I tillegg kom bøker som kombinerte bibelhistorie, reiseskildring og politiske vurderingar. Ein forfattar som skilde seg ut var journalisten og NRK-medarbeidaren Albert Henrik Mohn, som òg lånte øyre til den arabiske sida.33 Mesteparten av litteraturen var likevel klart pro-sionistisk og hadde nok, saman med avisene, innverknad på opinionen. Likevel syner ei meiningsmåling i 1955 at den pro-sionistiske haldninga ikkje må overvurderast. Rett nok var det fleire som sympatiserte med Israel enn med arabarane. Av dei spurde uttrykte såleis 26 prosent av dei spurde sympati med Israel, mot berre to prosent for arabarane. Men det er verdt å merke seg at heile 72 prosent var usikre eller ikkje hadde noka meining.34 Jødane og staten Israel stod elles mindre i fokus i denne perioden enn i åra kring statsskipinga. Fyrst i 1956 var den enno unge staten tilbake for fullt i avisoverskriftene.

SUEZKRIGEN I 1956

I 1952 skjedde det ei stor omvelting i Egypt. Dette året vart det korrupte regimet til kong Faruk styrta av ei revolusjonær offisersrørsle leia av general Mohammad Naguib og oberst Gamal Abdel Nasser. I byrjinga var den relativt moderate Naguib frontfigur, men i 1954 klarte den yngre og meir karismatiske Nasser å skuve Naguib til sides. Nasser gjennomførte mellom anna ei jordreform og omorganiserte statsforvaltninga. Han fekk òg til ein avtale med Storbritannia om å avvikle dei britiske basane ved Suez. Derimot var Storbritannia og dei andre vestmaktene lite villege til å selje våpen til det nye egyptiske regimet. Det gjorde at Nasser vende seg til austblokka. Sovjet hadde fyrst sett på dei nye leiarane i Egypt som ei gruppe reaksjonære offiserar med tilknyting til Storbritannia og USA.35 Men etter kvart skifte Kreml syn, og sommaren 1955 kom det i stand ein avtale om ein omfattande våpenhandel.

Denne dreiinga i egyptisk politikk vart forsterka av det som skjedde med finansieringa av Aswan-dammen. Tidlegare hadde vestmaktene lova å gje lån til dette gigantprosjektet, men etter våpenkjøpet frå austblokka vart desse lovnadene trekte tilbake. Det gjorde at Nasser såg seg om etter andre inntektskjelder, og i juli 1956 erklærte han at Suezkanalen skulle nasjonaliserast. Kanalen vart driven av eit britisk-fransk selskap, og av britane hadde denne transportvegen blitt sedd på som livsviktig. Det galdt både oljen frå Midtausten og sambandet med India og landa i Det fjerne austen. Motviljen mot Nasser var like stor hos dei franske styresmaktene, som var overtydde om at opprørsstyrkane i Algerie fekk forsyningar frå Egypt. Det oppstod derfor ein spent situasjon. Langvarige forhandlingar både i og utanfor FN førte ikkje fram, og i oktober gjekk Storbritannia og Frankrike til militær aksjon i kanalsona.

Med seg fekk dei Israel, som hadde sine eigne grunnar til å aksjonere mot Egypt. Dei verbale utfalla frå Nasser mot den jødiske staten var blitt stadig hardare. Samstundes skapte åtak frå militante grupper (fedayeen), som infiltrerte Israel frå Sinai, problem i grenseområda. Den viktigaste grunnen til at Israel gjekk med i den britisk-franske militæraksjonen var likevel Egypts blokade av Tiranstredet, ein blokade som hindra israelske skip å nå hamnebyen Eilat inst i Akababukta. Etter nasjonaliseringa av Suezkanalen i juli nekta òg Egypt alle skip som skulle til Israel å bruke kanalen. Israel vart derfor samde med Storbritannia og Frankrike om at israelske styrkar skulle rykke inn i Sinai og vidare fram mot kanalsona. Deretter skulle britiske og franske styrkar setje inn troppar i Suez, under påskot av å ville sikre ferdsla gjennom kanalen og skilje dei stridande partane.

Militært sett gjekk alt etter planen. Den israelske framrykkinga i Sinai i slutten av oktober skjedde i snøgt tempo, og etter eit kraftig fly- og flåtebombardement kunne franske og britiske styrkar gå i land i Port Said. Krigen vart likevel avgjord på det diplomatiske plan. Både USA og Sovjet mislikte sterkt militæraksjonen mot Egypt – Sovjet truga jamvel med atomvåpen. Verdsopinionen stod òg på Egypts side. Storbritannia og Frankrike måtte derfor avblåse den militære aksjonen, og det prestisjenederlaget som dei hadde trudd dei skulle påføre Nasser, vart no dei sjølve til del. For Storbritannia var konsekvensen ei nærmast fullstendig tilbaketrekning frå heile Midtausten. Israel måtte på si side dra seg ut av Sinai, der ein FN-styrke vart sett inn for å hindre nye samanstøytar. Israel oppnådde likevel sitt viktigaste mål med aksjonen. I mars 1957, då dei siste israelske styrkane vart trekte ut frå Sharm-el-Sheik ved Akababukta, garanterte nemleg USA og FN fri passasje gjennom det viktige Tiranstredet, og dermed fri tilgang for israelske skip til Eilat – viktigaste grunnen til at Israel hadde gått med i aksjonen.

Mykje av det politiske og diplomatiske spelet kring Suezkrigen prøvde partane å halde hemmeleg. Storbritannia, Frankrike og Israel nekta såleis i mange år for forhandlingane som hadde funne stad før krigsutbrotet. I byrjinga var det derfor ikkje lett å danne seg eit rett bilete av konflikten. For norske aviser kunne det òg komplisere biletet at to av våre fremste vestlege allierte var innblanda. Så pass ulike aviser som Arbeiderbladet, Morgenbladet, Aftenposten og Vårt Land hadde alle vanskar med å sjå at det låg føre noko avtalt spel mellom Storbritannia, Frankrike og Israel. Det motsette synet fann ein i aviser som innbyrdes var minst like ulike: Dagbladet, Nationen, Dagen og Friheten. Alle desse avisene kopla det israelske åtaket i Sinai med den britiske og franske aksjonen i kanalsona. I ein leiarartikkel med tittelen «Den fransk-britiske aggresjon» skreiv såleis Friheten:

Når Israel sendte sine tropper over Egypts grense i retning av Suez-kanalen, var det den britiske og franske regjering som stod bak. De ville skaffe seg et påskudd for sitt brudd på freden, et påskudd til ved maktbruk å skaffe seg herredømme over Suez-kanalen. (…) I FN’s sikkerhetsråd har de to lands representanter nedlagt veto mot de forslag som USA og Sovjetunionen la fram. Her skulle det kriges. Det skulle ikke forhandles for å finne en fredelig løsning. (…) Den britisk-franske aggresjon avslører på ny hva slags allierte Norge er brakt sammen med gjennom NATO.36

Den klare svinginga i sovjetisk politikk i pro-arabisk favør utover i 1950-åra gjorde det lett for Friheten å ta Egypts parti i konflikten med Noregs allierte. Om Israel heitte det at landet hadde gått til ope åtak på Egypt. Den kjærleiken og solidariteten organet til kommunistane tidlegare hadde uttrykt til Israel, var likevel ikkje heilt borte. I alle høve vart det meste av skulda for krigen velta over på Storbritannia og Frankrike. Eller som det vart sagt i ein annan leiar: Det var NATO-land som stod for bombinga av byar og menneske i eit anna land og var ansvarlege for «denne krigsforbyterske framferd». Forståeleg nok hadde andre norske aviser ikkje så lett for å kritisere Noregs allierte. Dagbladet var likevel ikkje langt unna når dei skreiv at britane og franskmennene hadde lokka eller truga Israel til å starte ein preventiv krig mot Egypt – ja, dei hadde skuva det ulukkelege jødefolket framfor seg i eit kynisk spel. Heller ikkje Bergens Tidende var i tvil om at dei to vestmaktene hadde ønskt og «kanskje til og med forberedt Israels angrep.»37

Både dei avisene som såg ein slik samanheng og dei som ikkje gjorde det, uttrykte forståing for Israels situasjon og prøvde å forklare kvifor landet hadde gått til eit så drastisk steg. Særleg vart trugsmåla frå arabarlanda mot den vesle jødiske staten trekte fram. Arbeidarbladet, til dømes, hevda at Egypt var skuld i det israelske åtaket sidan dei egyptiske leiarane aldri hadde prøvd å løyne at målet var å utslette Israel. Sameleis skreiv Aftenposten at innbyggjarane i Israel levde i ein atmosfære av «fortvilet selvoppholdelsesdrift». Fleire drog parallellar mellom Nasser og Hitler: Som den tyske diktatoren ønskte Nasser med sin nasjonalisme å skape eit storrike – i hans tilfelle av arabarar – samstundes som han hata og forfølgde jødane. Sjølv om ingen støtta det israelske åtaket på Egypt, gjekk forståinga for den militære aksjonen stundom så langt at det nærma seg ei godtaking. Blant dei få som tok til motmæle, var ein utanriksmedarbeidar i Morgenbladet som karakteriserte åtaket som «grov selv-tekt».38

Jamført med dei andre aktørane i konflikten, Egypt og Storbritannia/Frankrike, vart det likevel fokusert relativt lite på Israel. Samla sett er det neppe grunn til å tru at Israel verken vann eller tapte så mykje sympati under Suezkrigen.39 To år seinare, i 1958, kunne den jødiske staten feire tiårsjubileum. I det høvet vitja ein del norske journalistar landet. Krigen var då komen i bakgrunnen, og dei fleste var mest opptekne av kva den nye staten hadde utretta både innafor næringsliv og på andre samfunnsområde. Israels ambassade likte desse reportasjane så godt at dei gav dei ut i eit lite skrift, Israel sett med norske øyne (1959). Nokre av journalistane drog samanlikningar med Noreg. I ein artikkel i Bergens Arbeiderblad omtalte såleis Per Øisang hamnebyen Haifa som «Bergen i Israel»:

«En livlig havneby, ved foten av sin Fløien – Karmelfjellet, en solid arbeidende by (…) Vi kom ned til Haifa utpå kvelden og ble møtt med pøsende regnvær. Lysene speilte seg i regnblank, våt asfalt. (…) Ul fra skipsfløiter nede ved havnen, ungdommer i sydvest og oljehyre, paraplyer. Jo, dette var så mye israelsk Bergen på ett brett som en kunne forlange.»40

Ved overgangen til 1960-åra skjedde det noko som gjorde at merksemda igjen var retta mot Israel. Våren 1960 klarte israelsk etterretning å oppspore den tyske SS-offiseren Adolf Eichmann i Argentina. Den dramatiske pågripinga av Eichmann og rettssaka mot han året etter fekk enorm pressedekning. Men allereie før dette, kring årsskiftet 1959–1960, hadde jødefiendtlege aksjonar og demonstrasjonar over store delar av verda vore ei påminning om at det gamle hatet mot jødane ikkje berre var eit fenomen som høyrde fortida til.

DEN ANTISEMITTISKE BØLGJA I 1959–1960

Det byrja julekvelden i 1959. Den nye synagoga i Köln, som var blitt opna av forbundskanslar Adenauer i september same året, vart då tilgrisa med hakekors og nazistiske slagord («Deutsche fordern Juden raus»). Frå Köln spreidde dei jødefiendtlege aksjonane seg til andre byar i Vest-Tyskland, til resten av Europa, til USA, Canada, Sør-Amerika, Sør-Afrika og Australia. I dei fleste tilfelle vart det aksjonert mot jødiske gravplassar og synagoger, men òg mot forretningsbygg åtte av jødar og ulike typar minnesmerke. Då den antisemittiske bølgja ebba ut i februar–mars, var det i alt registrert nærmare 2500 aksjonar.

Vanæringa av synagoga i Köln, som utløyste det heile, kom ikkje heilt uventa. Eit år tidlegare hadde det vore ei liknande tilgrising av ei synagoge i Düsseldorf. Det nye var det veldige omfanget som aksjonane fekk i 1959–1960, og at dei kunne spreie seg så snøgt frå land til land. Dette vart det spekulert mykje på både i samtida og seinare. Gjerningsmennene i Köln var to unge menn, som begge synte seg å vere medlemer av Deutschen Reichpartei (DRP), eit høgreradikalt parti som berre hadde fått éin prosent av stemmene ved valet til Forbundsdagen i 1957. Men mange meinte at det var gamle nazistar som stod bak og trekte i trådane. Særleg frå DDR kom det slike skuldingar, sameleis frå ein del jødiske leiarar og organisasjonar. Motsett knytte sentrale politikarar i regjeringspartiet (CDU/CSU), blant dei forsvarsminister Franz Josef Strauss, aksjonane til den kalde krigen og det kommunistiske trugsmålet frå aust. At kommunistane hadde ein finger med i spelet, var ei oppfatning som òg hadde stor tilslutning blant folk flest.41

I Noreg kunne den antisemittiske bølgja merkast tidleg på nyåret i 1960. Den fyrste episoden skjedde i Oslo. Natta til 2. januar hadde nokon måla jødefiendtlege slagord på Roosevelt-monumentet ved Skansen ut mot Rådhusplassen. Seinare vart det måla hakekors på fleire bygningar både i hovudstaden og andre stader i landet. Ein jødisk forretningsmann mottok eit brev der avsendaren truga med «å koke såpe» av han. Trass i slik ordbruk var det, særleg i byrjinga, ein tendens til at både styresmakter og andre prøvde å bagatellisere dei antisemittiske ytringane, i alle høve dei som skjedde i Noreg. Då Aase Lionæs frå Arbeidarpartiet tok opp saka i Stortinget, svarte såleis justisminister Jens Haugland at han såg på aksjonane som «infantile pøbelstreker».42 Same karakteristikken vart brukt i ein leiarartikkel i Verdens Gang:

Den bølge av antisemittiske pøbelstreker som vi i det siste dagene har vært vitne til, er skremmende og høyst beklagelige, men den kjensgjerning at den har spredt seg til en rekke land – bl.a. også nordiske – synes å bekrefte den oppfatning vi tidligere har gitt uttrykk for: at det neppe er tale om noen dyptgående ny-nazistisk bevegelse (…) Vi tror det ville være for galt å tillegge disse fenomener for stor betydning: i de fleste tilfelle synes det å være tale om rampestreker begått av ansvarsløs og tankeløs ungdom.43

Bergens Tidende meinte for sin del at det for Vest-Tyskland sin del var rimeleg å rette søkjelyset mot «hardkokte nazister i gode stillinger». Utanfor Vest-Tyskland derimot, var påverknaden frå Hitler liten, og det kunne ikkje sporast noka politisk overtyding bak pøbelstrekane.44 Same tendensen såg ein i Sverige: Medan dei antisemittiske ytringane i Vest-Tyskland vart kopla direkte til nazismen, vart tilsvarande aksjonar i eige land ofte omdefinerte og forklarte som «något mycket osvenskt», eit utslag av «klåfingrighet, raggarbråk og omognad».45

Det var likevel stadig fleire som stilte spørsmålsteikn ved denne tolkinga. I Noreg kom biskopane i Den norske kyrkja og 23 leiarar for dei kristne organisasjonane med eit opprop der dei uttrykte sorg og uro over den nye antisemittismen, «også her hos oss». På bakgrunn av ugjerningane mot jødane under krigen såg dei på det som no hadde skjedd som svært farleg. Alt måtte derfor gjerast for «å bringe disse demonstrasjoner til opphør».46 Mange aviser sa det same. Overskrifta på ein del leiarartiklar er illustrerande: «Rydd opp straks» (Arbeiderbladet), «Skyggen av hakekorset» (Dagbladet), «Ikke noe å le av» (Dagbladet), «I Adolf Hitlers ånd» (Dagen), «Jeg skal koke såpe av deg» (Friheten, med referanse til brevet som er nemnt ovanfor).

Sjokk og vantru over at jødehatet kunne syne seg så openlyst etter det som hadde skjedd under krigen, kom òg fram gjennom kommentarar og lesarinnlegg. I eit innlegg i Dagbladet, med overskrifta «Til våre jødiske medmennesker», heitte det:

For 22 år siden opplevde jeg jødeforfølgelser for første gang. Tilfeldigvis ble jeg en av dem som fikk se jødenes skjebne under krigen på nært hold. Det som er et utrolig, skrekkelig eventyr for de fleste – massenedslaktingen av jødiske medmennesker – er virkelighet for oss som har sett kolonner av apatiske individer vente på gassdøden. Det er 15 år siden ilden sluknet i nazistenes krematorier. Og nå blaffer hetsen opp igjen. Vi er alle medskyldige. Vi hadde skyld forrige gang – som våre forfedre hadde det i tidligere århundrer – fordi vi fant oss i det. De mange mishandler de få. Det er visst gått oss i blodet. Jeg skammer meg, både som nordmann og europeer, overfor dem som rammes av hetsen. Det som skjer nå, er kanskje ikke alvorlig. La oss bare huske: det var alltid slik det begynte.47

Dagbladet var blant dei avisene som utmerka seg mest ved sitt fokus på antisemittismen i notid og fortid. Det galdt både gjennom leiar- og kommentarartiklar, kronikkar, lesarinnlegg, telegramstoff og nyhende. Men òg for norsk presse som heilskap må det kunne seiast at dette temaet vart teke alvorleg desse vekene i byrjinga av 1960 – truleg meir alvorleg enn nokon gong tidlegare i etterkrigstida. To nye filmar som kom dette året, var med på å forsterke den aukande interessa for jødisk historie generelt og antisemittismen spesielt. Den eine var dokumentarfilmen Sannheten om hakekorset, basert på tyske og allierte krigsarkiv. Den andre var spelefilmen Exodus, etter romanen med same namn av spenningsforfattaren Leon Uris. Særleg den siste filmen, eit breitt utforma epos kring opprettinga av staten Israel, med Paul Newman i hovudrolla, fekk rosande omtale. Sjølv ein så blasert kritikar som Arne Hestenes karakteriserte denne filmen som «en brannfakkel av meningsfylt kunst».48

Når det galdt antisemittismen, var det eit stadig sterkare krav både i Noreg og andre land at embetsverket i Vest-Tyskland måtte reinskast for gamle nazistar. Mange av dei hadde rett nok berre hatt mindre viktige stillingar under krigen. Men det vart òg jakta på større krigsforbrytarar, som hadde klart å flykte til andre land og levde i skjul. Særleg var Israel oppsette på at desse måtte få sin dom. I ein kronikk i Verdens Gang fortalde Ragnar Kvam at han i Haifa hadde møtt Tuviah Friedman, som leia eit institutt for registrering av nazistiske krigsbrotsverk. Friedman hadde spesielt nemnt Adolf Eichmann. Ut frå Kvam sitt referat av samtalen, formulerte Friedman seg slik: «Vi har et utmerket håp om å pågripe Eichmann i en ikke altfor fjern fremtid.» Denne kronikken i Verdens Gang vart trykt 6. januar. Tre og ein halv månad seinare var dette ein realitet.

Eichmann-saka: «Historiens viktigste prosedyre»

Klokka 16.00 23. mai 1960 gjekk statsminister Ben Gurion opp på talarstolen i Knesset, den israelske nasjonalforsamlinga. Tidlegare på dagen hadde statsministeren hatt eit kort møte med regjeringa, og ryktet gjekk om at han ville kome med ei viktig erklæring. Både blant representantane og blant dei mange tilhøyrarane på galleriet rådde det derfor stor spenning. Med ei røyst full av kjensler og høgtid erklærte Ben Gurion at israelsk etterretning hadde pågripe Adolf Eichmann, ein av dei viktigaste personane bak nazistane si «endelege løysing» på jødeproblemet, og at denne massemordaren snart ville bli stilt for retten. Nokre sekund var det heilt stille – så braut det fram ein langvarig og veldig applaus, uavhengig av parti og politiske skiljeliner.49

Eichmann hadde klart å kome seg til Argentina i 1950. Ti år seinare, i mars 1960, fann israelske agentar mannen dei hadde jakta på i årevis. På spørsmål frå dei israelske agentane som pågreip han, vedkjende Eichmann seg straks sin identitet. Nokre dagar seinare vart han i løynd førd til Israel med fly. Rettssaka tok til 11. april 1961 og varte fram til byrjinga av desember, då Eichmann vart dømd til døden ved henging. Tre månader seinare avviste høgsterett ein søknad om benåding. Dødsdomen vart eksekvert i slutten av mai – den fyrste og einaste gongen Israel har gjort bruk av dødsstraff.

Prosessen mot Eichmann samla ei enorm medieinteresse. Mange opplevde at det ikkje berre var Adolf Eichmann, men heile det nazistiske Holocaust som stod på tiltalebenken, ja, antisemittismen gjennom alle tider. Rettssaka gjekk føre seg i ein stor sal med 750 plassar, og av dei tok journalistar og reporterar frå heile verda opp 450. I veke- og månadsvis var avisene fulle av stoff både om sjølve rettssaka og relaterte tema i fortid og notid. Det same galdt radio, TV og filmaviser. I tillegg kunne kinogjengarar sjå ein dramatisk spelefilm om forspelet og pågripinga av den tyske krigsforbrytaren (Operasjon Eichmann). I løpet av 1961 kom det òg fire bøker på norsk om Eichmann og rettssaka. Ei av dei var skriven av før nemnde Tuviah Friedman: Men Eichmann var ikke død.50 To år seinare kom den kjende boka til den jødiske samfunnsvitaren og filosofen -Hannah Arendt: Eichmann i Jerusalem (1963), deretter følgde nazi-jegeren Simon Wiesenthal med Morderne iblant oss (1967), og til sist Isser Harel, leiaren av Mossad, med Huset i Garibaldigaten (1976).

I norsk presse, frå høgre til venstre, var det små skilnader i synet på Eichmann og rettssaka mot han. Dei fleste uttrykte stor glede over at han endeleg kunne stillast for retten. Då argentinske styresmakter klaga på at den israelske aksjonen hadde krenka Argentinas suverenitet, og kravde Eichmann utlevert, vart dette kategorisk avvist av blant andre Friheten. I ein leiarartikkel ironiserte kommunistorganet over at det landet som i alle desse åra hadde halde Eichmann skjult, no stod fram og ville «demonstrere moralsk forargelse overfor verden».51 På motsett side av den politiske skalaen skreiv Aftenposten følgjande ved byrjinga av rettssaka:

Få rettsoppgjør, om noe i det hele tatt, har slike dimensjoner konsentrert om en enkel manns uhyggelige handlinger. Anklagede er den fanatiske antisemitt, som med alle de midler en moderne diktaturstat råder over, gikk inn for å utslette det jødiske folk. (…) Symbolsk og reelt favner Eichmann-saken om ytterpunktene i det jødiske folks eksistenskamp. Den omfatter både de krefter som arbeider for dets utslettelse og jødenes egen selvoppholdelsesdrift og forsvarsvilje. Sakens rekkevidde kan ikke overskues på forhånd. Men ett er sikkert: Den vil virke som en vekker. (…) Eichmann har sitt forsvar og får anledning til å legge fram alt hva han mener taler til hans unnskyldning. De millioner som døde hadde intet forsvar. De ble myrdet fordi de var jøder. Ikke av noen annen grunn.52

Alle sider ved saka såg ut til å ha interesse for avisene. Det galdt biografiske opplysningar, ikkje berre om Eichmann, men om dommarane, aktoratet, forsvararane og dei mange vitna som vart førde fram. Det galdt sjølvsagt òg faktiske opplysningar om det jødiske Holocaust 1941–1945, og i kva grad Eichmann hadde vore involvert i dette. Ikkje minst fekk forhold som vedrørte Noreg stor merksemd. I tillegg kom meir generelle kommentarar og vurderingar. På grunn av den lange tida rettssaka tok (14 veker), fekk journalistane i tillegg høve til å skrive om den unge jødiske staten, og om Jerusalem, der prosessen gjekk føre seg. Kor mange spaltemeter som vart produsert i alt, er uråd å seie, men interessa for jødane og Israel overgjekk i denne perioden det meste.

Mange namn kunne nemnast, men neppe nokon skreiv med slik intensitet og innleving som forfattaren og journalisten Axel Kielland i Dagbladet. Sjølv kalla han saka mot Eichmann «historiens viktigste prosedyre», ein prosedyre som «i sin enorme fylde unndrar seg ethvert referat».53 Som mange andre, både blant dei som pågreip Eichmann og dei som følgde rettssaka, hadde Kielland venta å finne eit monster av eit menneske. Men bak den skotsikre glasveggen i rettssalen fann han ikkje noko monster, berre «et ulykksalig kryp», «en halvgammel, tynnhåret pusling», «en personifisert alminnelighet». Sjølv om gjerningane hans var som eit rop mot himmelen, meinte Kielland at Eichmann si livshistorie i eit anna land, under andre omstende, kunne ha blitt ei heilt anna. Elles var Kielland for sin eigen del forferda over kor vanskeleg det var å ta ugjerningane inn over seg:

Forbrytelsens enormitet sprenger den menneskelige fatteevnen. Med en slags skamfull fortvilelse har jeg oppdaget at den også sprenger føleevnen. For et enkelt menneske kan en føle medlidenhet, når det blir seks millioner hører liksom alt opp, forstanden står stille – og det er som om også hjertet gjør det. I dagevis har jeg gått omkring og vært rystet over at jeg egentlig ikke følte noe. (…) Bare på noen dager er nervene blitt tynnslitte, skulle en følge denne prosessen gjennom alle dens tre måneder, tror jeg det ville spøke for forstanden. Det er sunt og godt at denne veldige byllen av menneskelig nedrighet blir skåret grundig opp, men den som er tilstede ved operasjonen får varige mén av det, og vil aldri riktig bli den samme. En kjenner det nesten demoraliserende å være i samme rom som denne iskalde Eichmann, og det er fysisk ubehagelig – som å se en kongekobra i bur.54

For å kome litt bort frå rettssaka, drog Axel Kielland på ein reportasjetur til Negev-ørkenen og Dødehavet. Overalt var han imponert over kva den unge jødiske staten hadde fått til, særleg jordbrukskollektiva. Då han skulle skrive heim om denne delen av Israel, var overskrifta deretter: «Et slikt folk kan ingen Eichmann utrydde».55 Tilbake i Jerusalem let han seg òg imponere av feiringa av nasjonaldagen. For ein nordmann var det i denne samanheng uvant med ein militærparade. Men slik Kielland opplevde det, hadde ikkje denne paraden noko med militarisme og sjåvinisme å gjere:

Når massen langs troppeparadens rute jubler og klapper, er det neppe fordi den liker å se soldater – jødene hater soldater, har gjort det helt fra tidenes morgen, har hatet romernes legioner og Hitlers SS-formasjoner. (…) Men de jubler fordi de for første gang i sin nyere historie har – ikke en trygghet – men et alternativ. «Vi må alle dø», sier en klok eldre herre – «og vi jøder er vant til å dø en voldsom død. Men fra nå av skal ingen jøde dø en nedverdigende død. Endelig er vi kommet dithen at vi skal dø på barrikaden – på kulturens og fremskrittets barrikade. Da Warszawas jøder reiste seg i ghettoen og sloss, da var det i desperasjon; de sloss heroisk, men håpløst – og en har lov å bruke det stygge bildet av rotten som er drevet opp mot muren. Men nå vil vi slåss annerledes, om det kreves. Skulder ved skulder, kvinner og menn, unge og gamle.»56

Når det galdt sjølve rettssaka, fanst det enkelte juristar som var kritiske til Israel si handtering av Eichmann-saka, mellom dei høgsterettsadvokat Johan B. Hjort og dr.juris. Edvard Hambro, professor i rettsvitskap. Dei hevda at både pågripinga av Eichmann i Argentina og rettssaka mot han i Jerusalem var eit brot på folkeretten – mellom anna fordi staten Israel ikkje eksisterte på den tida brotsverka som Eichmann vart skulda for gjekk føre seg.57 Fleire reagerte på denne formaljuridiske argumentasjonen. Sterkast til motmæle tok forfattaren og journalisten Ragnar Kvam (s. 37 og 46). I ein harmdirrande artikkel i tidsskriftet Samtiden karakteriserte han dei juridiske innvendingane som ein sjølvrettferdig «skolemester-reaksjon». Folk måtte ikkje bli sitjande med ei kjensle av at Eichmann var «en forfulgt uskyldighet» og Israel «en slyngelaldernasjon med gangstertendenser». I staden for å setje Israel i gapestokken på denne måten, meinte Kvam at alle burde vere djupt takksame for at «jødene fakket Eichmann for å føre til protokolls litt av den sorg og uhygge han har vært med på å føre inn i alle de jødiske hjem over hele verden.»58

Dei fleste delte denne vurderinga, og den enorme pressedekninga av Eichmann-saka forsterka fokuset på jødane og Israels sak som var blitt skapt under den antisemittiske bølgja året før. Som Axel Kielland i Dagbladet, kopla mange prosessen mot Eichmann med den dagsaktuelle situa-sjonen, særleg dei fiendtlege haldningane til jødane i arabarverda. Frykta for at den jødiske staten i lengda ikkje ville kunne stå seg mot dei omkringliggjande arabarlanda, var påtakeleg. At det ville kome til eit nytt, militært oppgjer, var noko dei fleste rekna med.

Seksdagarskrigen i 1967

Frå våren 1966 sette den palestinske Fatah-organisasjonen i verk ei rekkje aksjonar innover i Israel, dei fleste med Syria som base. Desse aksjonane råka både sivile og militære, og førte til aukande spenning på den syrisk-israelske grensa. Året etter, 7. april 1967, kom det til eit regulært tankslag mellom Syria og Israel, sameleis til luftkampar der Israel med nyinnkjøpte franske Mirage-fly skaut ned seks syriske MIG-jagarar. Dette resulterte i at Egypt sende store troppestyrkar inn i Sinai, samstundes som Nasser kravde full tilbaketrekning av FN-styrkane på grensa til Israel. FNs generalsekretær, U Thant, gav straks ordre om ei slik tilbaketrekking, utan at spørsmålet vart drøfta i noko FN-organ – ei avgjerd U Thant vart sterkt kritisert for, både av Israel og mange vestlege land.

Endå meir alvorleg vart situasjonen då Nasser på ny stengde Tiranstredet for israelske skip og for andre skip med strategiske varer til Israel. Det skjedde 22. mai. Dei stormaktene som etter Suezkrigen i 1956 hadde stilt seg som garantistar for den frie sjøfarten i dette området, fyrst og fremst USA og Storbritannia, såg ikkje ut til å vere villige til å bruke makt for å få til ei gjenopning. Israelske styresmakter hadde for sin del gjort det klart at dersom tilgangen til hamnebyen Eilat igjen vart hindra, ville det kunne bli årsak til krig. Nokre dagar seinare erklærte Nasser at dei arabiske landa no var fast bestemte på å øydeleggje Israel.59 At det vart inngått forsvarspakter mellom Egypt og Syria, og mellom Egypt og Jordan, var òg illevarslande teikn. Det same var utplasseringa av irakiske styrkar både i Jordan og Egypt.

I norske aviser fortalde overskriftene på mange fyrstesideartiklar 27. mai at det gjekk mot ein ny krig. I Aftenposten, til dømes, vart det referert til ein uttale frå Nasser: «Vi er rede til å knuse Israel», medan det i rapporten frå Israel heitte: «Vi kan ikke vente stort lenger på løsninger». To dagar seinare var overskriftene like krigerske: «Utelukket at vi firer» (Nasser), «Vi vil forsvare oss mot Egypts blokade» (Israels statsminister, Levi Eshkol).60 Det vart òg referert til ein uttale frå redaktøren av Kairo-avisa Al Ahram, som vurderte det slik at Israel ville kome til å gå til åtak på Egypt på grunn av sperringa av Tiranstredet, men at landet denne gongen ville tape krigen.

Fyrste del av denne «prognosen» skulle syne seg å halde stikk – men ikkje den siste. Då det vart klart at USA ikkje ville setje i verk tiltak for å gjenopne Tiranstredet, valde Israel å slå til fyrst. Om morgonen den 5. juni retta israelske flystyrkar eit knusande slag mot det egyptiske flyvåpenet. Israel hadde erklært at landet ville respektere våpenkvileavtala av 1949 med Jordan dersom Jordan heldt seg ute av krigen. Jordan valde likevel å gå med i krigen på Egypts side – truleg fordi dei vart feilinformerte av Nasser om verknaden av det israelske flyåtaket.61 Syria og Irak kom òg med på arabisk side. Likevel sigra Israel på alle frontar. Den 7. juni kontrollerte israelske styrkar Vestbreidda, som Jordan hadde annektert etter krigen i 1948–1949. Dagen etter stod dei israelske styrkane ved Suezkanalen. Og på den sjette dagen av krigen, 10. juni, sikra dei seg dei strategisk viktige Golan-høgdene i grenseområdet til Syria. Dermed var det heile over.

Trass i at krigen starta med eit israelsk lynåtak mot egyptiske flyplassar, var norske aviser ikkje i tvil om at ansvaret for krigen låg ein heilt annan stad. I ein leiarartikkel i Arbeiderbladet 5. juni, same dagen som krigen braut ut, vart det sagt på denne måten:

Vår reaksjon på den farlige utviklinga i Midt-Østen, på randen av krigens avgrunn, blir bestemt av at en rekke arabiske statsledere oppfordrer til folkemord, til å utslette staten Israel og dens befolkning i en hellig krig. (…) Så lenge Israels folk er omgitt av naboer som har som offisielt mål for sin politikk å utrydde det, har det ikke annet å gjøre enn å ta trusselen alvorlig og innrette hele sin politikk på å verge sin eksistens. Det kan ikke la seg terrorisere eller svekke, det må la all sin holdning til alle konkrete stridsspørsmål bestemmes ut fra hva som er forenelig med sin sikkerhet. Slik må det være til trusselen er fjernet.62

Haakon Lie – ved sida av Kåre Kristiansen i KrF den mest ihuga talsmannen for Israel i norsk politikk etter krigen – oppheldt seg i Israel like før og under Seksdagarskrigen. Han nytta høvet til å skrive ei rekkje situasjonsrapportar for Arbeiderbladet. I ein av desse, nokre dagar før krigsutbrotet, spurde han retorisk om eit stort tal jødar igjen skulle gå til grunne mens verda passivt såg på, «slik den engang lot Hitler sette en storkrig igang.»63 Ved inngangen til krigen var Bergens Tidende like tydeleg på kor ansvaret måtte plasserast. I ein leiarartikkel med overskrifta «Brann i Midt-Østen» heitte det mellom anna:

Ansvaret for krise og krig må denne gangen legges på araberlandene (…) Hatet mot Israel har vært holdt i live i nesten 20 år, og før Nasser blokkerte Akaba-bukten, hadde han sikret seg Moskva som medspiller, undertegnet forsvarspakter med de andre araberlandene, og kommandert FN-troppene vekk fra den kritiske grensen. På israelsk side mangler fullstendig slike diplomatiske og offensive forberedelser. Denne arabiske oppbygging måtte i Israel tolkes som krigsforberedelser, og spørsmålet om hvem som fyrte det første skudd i går morges, får dermed mindre betydning.64

Dagbladet skreiv at dei veldige provokasjonane mot Israel før krigen måtte gje det inntrykket at eit arabisk åtak var nær føreståande. Israel hadde difor ikkje noko anna val enn å slå til før det var for seint. Verdens Gang på si side hevda at Israel kunne ha vunne enda større siger om landet hadde slege til tidlegare, straks FN-troppane vart tvinga ut av Sinai av Nasser. I alle høve ville Seksdagarskrigen «utvilsomt øke den sympati den modig kjempende lilleputt-staten nyter i de fleste land».65 Dei fleste plasserte mykje av ansvaret for krigen på personen Nasser. Ikkje minst i karikaturteikningar vart det teikna eit svært fråstøytande bilete av den egyptiske statsleiaren.

I den grad det var nokon skilnad mellom dei større avisene i synet på Seksdagarskrigen, gjekk skilnaden helst på FN og stormaktene si rolle i konflikten. Somme aviser var kritiske til stormaktene. Andre, kanskje særleg Verdens Gang, meinte at det berre var stormaktene som kunne skape nokon varig fred i Midtausten.66

Meir avvikande synsmåtar fann ein i mindre aviser på venstresida. Ein leiar i Friheten, signert av redaktøren, Reidar T. Larsen, hadde tittelen «Maktspillet i Midt-Østen». Larsen slo her fast at den israelske staten var komen for å bli. Det var heller ikkje rart at det jødiske folk, som hadde blitt påført så store lidingar, hadde stor sympati i vårt eige folk. Likevel meinte Larsen at ein måtte erkjenne dei djupe nasjonale «rivninger» som opprettinga av staten Israel hadde ført til. Dei arabiske folka måtte òg ytast rettferd. Israels ulukke var at landet berre hadde søkt støtte hos stormakter som var fiendtlege til arabarane. Det var dette som hadde ført Israel inn i Suezkrigen i 1956, saman med Frankrike og Storbritannia, og den nye krigen i 1967. Det som no måtte til, var at dei involverte partane sette seg ned og forhandla fram ein avtale som både kunne sikre Israel og legge «grunn for vennskapelige forbindelser med de arabiske nabo-stater».67

Vekeavisa Orientering, som på denne tida var blitt organ for Sosialistisk Folkeparti, trykte på leiarplass ein uttale frå sentralstyret i partiet. Her vart det òg sagt at det hadde vore rett å gje jødane sin eigen stat, og at landets to millionar innbyggjarar måtte ha lov til å leve i tryggleik i det samfunnet dei hadde bygt opp med store offer. Men like sikkert var det at opprettinga av staten Israel hadde råka arabarane så hardt at dei såg på denne statsdanninga som urettferdig, ja, som eit overgrep. Særleg dei mange palestinske flyktningane representerte eit stort problem. Israel og arabarlanda burde derfor saman prøve å finne ei fredeleg løysing som òg tok omsyn til dei.68 Sosialistisk Folkeparti sin ungdomsorganisasjon, Sosialistisk Ungdomsforbund (SUF), gjekk mykje lengre. I ein landsmøteuttale heitte det at Israel hadde brukt «alle slags bestialske midler» for å få gjennomført sine planar. I si noverande form, som «brohode for imperialismen», måtte derfor staten Israel «opphøre å eksistere».69

Heilt fram til då hadde sosialistiske studentar valfarta til sommaropphald på israelske kibbutzar, som dei oppfatta som politiske verkstader eller laboratorium for sosialismen. Landsmøteuttalen vekte derfor sterke kjensler, og vann, i alle høve i byrjinga, lite gehør i moderpartiet. På leiar-plass i Orientering vart det sagt at resolusjonen var uttrykk for ein djup meiningsskilnad mellom partiet og ungdomsorganisasjonen. Det store fleirtalet både blant medlemene og veljarane stilte seg «uforstående til SUFs uforsonlige og lite veloverveide syn på denne saken».70 Heilt åleine stod likevel ikkje SUF – i lesarinnlegg i andre aviser kunne ein òg finne israelskritiske standpunkt. Men i heilskapen drukna dei i den veldige bølgja av sympati for den jødiske nasjonen som var kringsett av fiendtlege arabarland. Eller som det heitte i Vårt Land si utlegging av konflikten:

Med intens interesse og engstelse følger ikke minst vårt kristenfolk begivenhetene i Israel og hele Midt-Østen. Det er selve eksistensen av Bibelens folk, det nye Israel, det dreier seg om. (…) Situasjonen minner i en henseende om den to–tre tusen år gamle historien om David og Goliat. Det lille jødefolket i Davids skikkelse overfor den fiendtlige filisterverdens kjempe – Goliat. Det var som ved et Herrens under at Goliat ble nedlagt og Israels folk ble reddet fra trelldommen. Det kan synes som om det trenges et liknende under om det i dag skal gå Israel godt.71

Dei bibelske referansane var like mange i avisa Dagen, som i større grad enn Vårt Land sokna til den pietistiske lekmannsrørsla. Meir sjeldne var slike bibelske analogiar i sekulære aviser – med eit unntak for det nemnde David–Goliat-biletet. Men sjølv om innfallsvinkelen ikkje var den same, kunne sympatien med Israel vere like djup og ekte i den «beste-borgarlege» Aftenposten, i det kulturradikale Dagbladet og det sosialistiske Arbeiderbladet. Særleg situasjonsrapportane til Haakon Lie i Arbeiderbladet og andre aviser i arbeidarpressa var sterk lesnad. Det ville seg slik at Haakon Lie var den fyrste «sivilist» som ønskte Israels dåverande statsminister, Levi Eshkol, velkomen til Klagemuren etter at dei israelske styrkane hadde erobra Aust-Jerusalem. I eit brev til Arbeidernes Presskontor måtte Lie medgje at dette var ein dag «da selv en nordboer er kastet fra vill jubel til gråt og tilbake fra gråt til jubel (…) århundrers drømmer og spådommer har gått i oppfyllelse.»72

Folk flest synest å ha delt dette synet. I ei meiningsmåling i juli 1967 var spørsmålet: «I konflikten mellom Israel og araberstatene – vil De si at De sympatiserer mest med Israel eller araberstatene?». Vel ein femtedel var nøytrale, eller visste ikkje kva dei skulle svare. Av dei resterande sympatiserte 74 prosent med Israel og berre fem prosent med arabarlanda. Dette resultatet låg for Israel sin del langt høgare enn ei liknande måling midt i 1950-åra (jf. s. 39). To år seinare, i 1969, vart det gjort ei ny opinionsgransking med det same spørsmålet. På dette tidspunktet var det blitt fleire israelskritiske røyster å høyre i det politiske miljøet. I opinionen derimot, var haldningane nesten uendra: 76 prosent svarte at sympatien deira låg hos Israel, sju prosent hos arabarane.73

I skuggen av Holocaust – avslutning

Den utbreidde sympatien for jødane og staten Israel etter andre verdskrig oppstod i skuggen av Holocaust. Det tok likevel litt tid før denne haldninga for alvor fekk gjennomslag i norsk presse og opinion. Rett etter krigen var engasjementet mindre og meiningane meir nyanserte enn seinare. Med unntak av småaviser som Dagen og Friheten var det såleis sjeldan at leiar- og kommentarartiklane uttrykte sterke pro-sionistiske haldningar. Det same galdt store delar av 1950-åra.

Men etter kvart skjedde det ei endring, og under Seksdagarskrigen i 1967 stilte ei nesten samla norsk presse seg begeistra og reservasjonslaust på israelsk side. Det hadde fleire grunnar. At Sovjet skifte side i konflikten mellom Israel og dei arabiske landa, gjorde at denne konflikten vart ein del av den kalde krigen og den aukande spenninga mellom aust og vest tidleg på 1960-talet. Det drog utan tvil opinion i favør av Israel.74 Det same galdt vennskapen som gradvis hadde utvikla seg mellom arbeidarrørsla i Noreg og Israel. I 1961 besøkte såleis statsminister Einar Gerhardsen, som den fyrste vestlege statsleiaren, Israel.

Dette var faktorar som verka over tid. Meir beinveges verka den antisemittiske bølgja kring årsskiftet 1959–1960, og pågripinga og rettssaka mot naziforbrytaren Adolf Eichmann like etter. Desse hendingane skapte ein enorm sympati for det jødiske folk. Det galdt både i Noreg og andre land. Særleg er det interessant å sjå på dei tyske reaksjonane. I ei bok om Eichmann-prosessen i tysk presse blir det påvist store skilnader mellom dei to tyske statane.75 I Aust-Tyskland synest Eichmann-saka mest å ha blitt nytta som grunnlag for hatske åtak på Vest-Tyskland som tilhaldsstad for gamle nazistar. I Vest-Tyskland derimot, la Eichmann-saka grunnlaget for ein kritisk refleksjon over den nazistiske fortida og den enkelte tyskar sitt ansvar for det som då skjedde. Denne bearbeidinga av fortida – «Vergangenheitsbewältigung» – synest å ha gjeve ei meir positiv haldning til jødane.

Meiningsmålingar som gjekk på haldninga til staten Israel, peikar i same lei. I 1967 svarte 59 prosent av vesttyskarane at dei sympatiserte med Israel, mot berre seks prosent for arabarlanda sin del. Vi legg likevel merke til at Israel ikkje scora så høgt som i den norske opinionen (74 prosent). Av andre vestlege land var det Nederland som kom nærmast Noreg på dette tidspunktet. Der var 66 prosent for Israel. To år seinare, då prosenten israelsympatisørar i Noreg hadde auka frå 74 til 76, markerte den norske opinionen seg endå klarare som den mest israelsvennlege. I mange andre land hadde sympatien med Israel teke til å kolne litt på dette tidspunktet. I USA, som no kom nærmast Noreg, var det såleis «berre» 49 prosent som sympatiserte med Israel og seks prosent med arabarane (Nederland hadde inga måling dette året).76

Hilde Henriksen Waage har gjeve doktoravhandlinga si om norsk Midtausten-politikk i perioden 1949–1956 tittelen: Norge – Israels beste venn.77 Ut frå det vi her har sett, må dette vere ein endå meir treffande karakteristikk for norsk presse og opinion på 1960-talet. I denne perioden var både jøde og Israel bokstaveleg talt honnørord. Seinare skulle sympatien gå i ei anna lei. Kva rolle pressa (og andre media) spelte i den «snu-operasjonen», er eit interessant spørsmål. Men det er ikkje tema her.