Det første heftet i 2005 startar med ein artikkel av idéhistorikaren Thomas Krogh. Han hevdar at den idéhistoriske forskinga i dei seinaste tiåra mest har blitt ein diskusjon om modernitet og modernisering. Han kritiserer denne forskinga for einsidig å gå ut frå at det moderne åleine er eit intellektuelt fenomen. Han tek til orde for ei meir tverrfagleg tilnærming og legg sjølv vekt på grunnleggjande endringar i samfunnet, særleg i det økonomiske feltet.

Den andre artikkelen går inn midtveges i den lange norske unionshistoria: Ranveig Låg Gausdal analyserer opptakten til organiseringa av det moderne embetsverket i Noreg ved hjelp av eit djupdykk i det norske statthaldarembetet på 1600-talet. Her peiker ho på paradoksale trekk, at den sterke statsvoksteren i dette krigsdominerte hundreåret fann stad i ein kombinasjon med føydale styringsformer. Statthaldaren var i ein overgang den drivande embetsmannen/politikaren i militariseringa og skatteopptrappinga. Så vart det bygt opp nye permanente fagetatar som tok over styringa, og det gjorde statthalderen mindre viktig.

Den tredje artikkelen, av Tore Jørgen Hanisch og Jan Vea, tek for seg ei krisetid for den moderne økonomien i 1930-åra. Dei argumenterer for at det ikkje var utanriks-

handelen som gav impulsane til ny vekst og modernisering, men heimemarknaden som gav rom for ei omlegging frå eksport av råvarer til produksjon av ferdigvarer for marknaden i Noreg. Slik vart ny teknologi tatt i bruk i tilverking av nye produkt i ei fornying av norsk økonomi.

I debattseksjonen presenterer og analyserer Pamela Price nye trendar i tolkinga av kolonitida i Sør-Asia. Dei har særleg gått ut på å markere opposisjon mot tidligare hegemoniske tolkingar og å sjå historia nedanfrå, konsentrert til ulike distrikt og folk. Så har dette i seinare år utløyst ei nyorientering som legg større vekt på dei store samanhengane i tid og rom. Er det nokon som kjenner seg att i norsk historiografi?

Arnved Nedkvitne tek for seg et tema som i seinare år har vekt aukande interesse, spørsmålet om bøndene i Noreg i eldre tid var i stand til å bruke skriftspråket, til og med slik at dei sjølve kunne skrive og sette opp skriftlege dokument. Han peiker på kjelder frå mellomalderen som kan tyde på at fleire kunne skrive, særleg innanfor toppsjiktet som deltok i offentleg-rettslege funksjonar. Dette er eit viktig tema som fortener vidare gransking.

Endeleg kjem eit svar frå Finn Olstad til Ottar Dahl i diskusjonen om den språklege vendinga. Her tek Olstad særleg til orde for at diskursen ikkje einsidig kan førast tilbake til den sosiale røynda, men at ulike diskursar kan ha bode seg fram som moglege i den stoda menneska har vore i. Vi ser det nå slik at dei som har deltatt i denne debatten har avklåra sine standpunkt, og set sluttstrek.

Vi er glade for å publisere sju bokmeldingar om ei rekkje tema: analyse av språket i historiefaget, Jacob Aalls nasjonsforståing, opphavet til den moderne norske kongefamilien, norske altarfrontalar frå høgmellomalderen, spanske trolldomskjelder, dokument i dei norske statsarkiva og dagbøkene til Arne Ording.

God lesing!