Framleis relevant, med behov for oppdatering

Boka Med kjønnsperspektiv på norsk historie er ei tjukk bok med mykje tekst, og det kan trengast når ho skal dekke ei periode på over 1200 år. Sjølv er eg ikkje historikar, men kulturvitar og kjønnsforskar, med samtida og nær fortid som interesseperiode, og mannsforsking og maskulinitet som interessefelt. Eg les dermed både som student i faget og som akademikar, og med vissa om at også andre har delt sine lesarinntrykk av boka (jamfør Hilde Gunn Slottemo, Anders Ahlbäck og Knut Dørum i Historisk tidsskrift nr. 3, 2020). Her presenterer eg hovudinntrykket mitt. Eg byrjar med ei skildring av dei ulike delane av boka før eg seier noko om styrker og svakheiter.

Om boka

Boka byrjar med ei innleiing der Gro Hagemann og Hilde Sandvik tar for seg nokre meir overordna tema, ikkje minst kva kjønnsperspektiv kan vere innanfor historieskriving. Det handlar om «en relatering og sammenlikning av forholdet mellom kvinner og menn samt en diskusjon av hvilken betydning denne relasjonen har hatt i tilsynelatende kjønnsnøytrale historiske sammenhenger» (s. 13). Dei gjer vidare greie for perspektiv og sentrale omgrep. Innleiinga gir også nokre lange historiske linjer.

Del 1 er kalla Fra vikingtid til reformasjon. Kvinner, kjønn og samfunn. Ingvild Øye er middelalderarkeolog, og tar for seg perioden frå om lag 800 til om lag 1537. Her blir kjeldegrunnlaget viktig å gjere greie for. I innleiinga til del 1 gjer Øye greie for kva slags kjelder som er nytta, og kva dei kan seie noko om, frå arkeologisk materiale som fortel om den tidlege delen av perioden, til skriftleg materiale frå den seinare delen av perioden. Øye introduserer temaa for del 1 i det fyrste av sine 7 kapittel. I det neste fokuserer ho på religion, og endringa som skjedde frå norrøn religion til kristendom. Dette påverka også kvinners liv, til dømes gjennom endring av institusjonar som vigsel og forståinga av barsel. Kristendomen opna vidare for inkludering av kvinneliv i kloster. I det tredje kapittelet viser ho korleis forståinga av slekt og familie endra seg i same perioden til i mindre grad å inkludere kvinnesida av familien, og fokusere meir på mannslinja. Tilgang til og råderett over arv og eigedom blir også gjort greie for og diskutert i dette kapittelet. Rettsstillinga for kvinner er også inkludert her. Som med spørsmål om arv og eigedom, er dette eit klassespørsmål, ikkje berre spørsmål om kjønn. Det fjerde kapittelet handlar om endring i busetnad og befolking over tid gjennom perioden, med fokus på fødselstal, giftemål og levealder. Det femte kapittelet handlar om kjønna arbeidsdeling. Det sjette viser til utviklinga av bylivet, og kva plass kvinner kunne ha i byane. Til sist tar Øye for seg ulike forståingar av makt og tilgang kvinner kunne ha til posisjonar med høve til å utøve makt.

Del 2 handlar om perioden 1500–1800, Tidlig moderne tid. Historikar Hilde Sandvik byrjar med eit kritisk blikk på kjeldene og spørsmål tidlegare stilt i forsking på felt innanfor denne perioden. Så tar Sandvik for seg arbeid og økonomisk vekst i samfunnet med spennande skildringar av til dømes kvinner sin tilgang til arbeid i byane, som eit framhald av nokre av diskusjonane Øye hadde med i førre del. I sitt tredje kapittel viser Sandvik til korleis staten vaks fram. Her diskuterer Sandvik dei ulike temaa som hos Øye fekk eigne kapittel, i tillegg til fleire tema som høver inn i perioden, alt sett i lys av framveksten av ein meir overordna statleg organisering. Det fjerde og siste kapittelet handlar om forholda i Noreg sett opp mot forhold elles i Europa, og forsking gjort på andre stader. Også her har Sandvik eit kritisk blitt på forskinga som er gjort, og viser til både fellestrekk og variasjon mellom land og regionar innanfor og på tvers av land.

Del 3 står historikar Gro Hagemann for, og Fra husholdsøkonomi til markedsøkonomi handler om perioden 1800–1900. Hagemann byrjar med å plassere denne framstillinga i tråd med det sosiale og økonomiske fokuset som elles har vore vanleg innanfor historikarar sine framstillingar av dette hundreåret. Ho legg i tillegg vekt på korleis moderniseringsprosessane gav ulike utslag for menn og kvinner. Som i dei to tidlegare delane av boka, er også her demografiske faktorar og utvikling sentrale tema, her plassert i kapittel ein. Kapittel to handlar om hushaldsøkonomien, og korleis denne måten å organisere heim og arbeid på vart mindre viktig utover i perioden. Dette påverka naturleg nok kvinner sin kvardag sidan hushaldsøkonomien i stor grad var ei samanfletting av arbeid knytt til produksjon og til reproduksjon. Endringa av dette arbeidet skjedde gradvis og i ulikt tempo ut frå klasse og kvar ein budde. Hagemann viser vidare til korleis stell av hus og heim i større grad vart profesjonalisert og sett som del av ein offentleg debatt. Det tredje kapittelet skildrar korleis kvinner i større grad vart inkludert i arbeidslivet utanom hushaldet, men oftast på andre premiss enn menn. I det fjerde kapittelet er det opplysning, utviklinga av skulevesenet og moglegheiter innanfor religiøse samanhengar som står i fokus. Dette var med på å legge grunnen for den borgarlege offentlegheita som gjorde endringar i kvinners stilling mogleg mot slutten av 1800-talet. Det fjerde og siste kapittelet i denne delen tar for seg endringar for kvinner i tilgangen til det offentlege ordskiftet, og prosessen i retning høve til sjølve å delta som myndige borgarar.

Del 4, av historikar Kari Melby, tar for seg Husmortid, perioden 1900–1960. I innleiinga plukkar Melby opp tråden elegant plassert til sist i del 3, med fokuset på formell likestilling mellom menn og kvinner på sentrale områder. Her peikast det på stemmer på 1900-talet som viser korleis samfunnsstrukturane ikkje på same måte legg til rett for deltaking i det offentlege rom for kvinner. Melby viser vidare til korleis kvinner som var gifte vart definert som husmødrer uavhengig av om dei gjorde anna arbeid i tillegg. Gardsarbeid eller ulike former for arbeidsinntekt knytt til kvinner vart rekna inn i familieøkonomien, og sett som del av mannens inntekt og ansvar. Fyrste kapittel går inn i demografien i perioden, med fokus på ekteskap og tal på barn. I det andre kapittelet tar Melby for seg arbeidsmarknaden og forståingar av arbeid. Det tredje kapittelet handlar om sosialpolitikk, og overføring av ein del av oppgåvene som tidlegare hadde høyrt til familien og kvinnene, til storsamfunnet og det offentlege. Seksualmoral, fødselskontroll og ivaretaking av svake i samfunnet vart no heftig debattert, også blant kvinner. I det fjerde kapittelet står kampen for stemmerett for kvinner, og kvinners behov og evne til å vise nasjonalkjensle og vere aktive deltakarar innanfor politikken, i fokus. Det femte kapittelet handlar konkret om politikk og kvinners rettigheiter som borgarar.

I Del 5 tar historikar Hege Roll-Hansen for seg dei siste 60 åra, frå 1960, under overskrifta Velferdsstat, likestilling og mangfold. I innleiinga viser ho kort til ulike hendingar og prosessar frå perioden, og argumenterer for at kjønnsperspektiv gjer det tydeleg korleis mange av desse heng saman. Vidare gjer ho greie for endringar i forståinga av likestillingsomgrepet til å gå utover det formelle, og til å inkludere større globale prosessar. Til liks med dei andre delane er det også her fokus på endringar i kven som bur i landet ut frå alder, fødselstal og familieliv, her plassert i kapittel ein. Kapittel to handlar om økonomiske forhold og høve til arbeid, med gardsdrift, industri og auka behov for arbeidskraft i velferdssektoren. Her trekk Roll-Hansen også inn korleis arbeidsstokken endra seg med arbeidsinnvandrarar frå 1970-talet av. Kapittel tre omhandlar forholdet mellom velferdsstaten og familien med utviklinga av barnehagane som sentralt. Det fjerde kapittelet tar for seg skule og utdanning. I det femte kapittelet er det kjønnspolitikk som blir skildra, og endringar i politiske forhold. Her drar ho historia fram til dei siste åra og merksemda rundt at det enno er relevante skilnader på kvinner og menn i næringsliv og i posisjonar med tilgang til makt, og legg til eit etnisitetsperspektiv, og ei forståing av at det ikkje lenger blir tatt for gitt at det finst berre to kjønn.

Lesarinntrykk

Informative deloverskrifter gjer det lett å gå direkte til det som interesserer lesaren. Slik blir det også eit slags oppslagsverk. Boka er kronologisk ordna i ulike periodar, men forfattarane viser gjerne bakover og framover der dette høver. Eg set pris på oppsettet der kvar tidsepoke er sett opp for seg. Det gjer det enkelt å orientere seg i periodane. For ein del er det kan hende også av interesse å kunne slå opp direkte i ein historisk periode for å kunne gå djupare inn i den. Dei ulike tematikkane går inn i kvarandre, slik at familielivet, politikken og arbeidslivet påverkar kvarandre på svært ulike måtar innanfor epokane. Ei innvending har eg til formgjevinga i boka. Ho er tjukk, som ho nødvendigvis må vere, men samanlikna med førre utgåva er denne vanskelegare å lese. Teksten er veldig kompakt. Det er fint med luft rundt teksten, men eg kunne tenke meg meir luft mellom linjene i praktisk forstand.

Som kjønnsforskar med mannsforsking som felt, er det lett å legge merke til at det ikkje er så mange menn med. Eg forstår at prosjektet til boka er å få kvinner inn i historiefeltet, og at delane av samfunnslivet som har vore viktige for kvinner, også bør vere ein del av historiefaget som felt, ikkje som eigne kapittel eller eigne underkapittel eller bøker. Mykje vitskap har, og kan bli, kritisert for å vere androsentrisk – at det er ein tendens til å tenke og skrive om menn som nøytrale, normale og ideelle, og kvinner som perifere og marginale. Det mannlege har blitt oppfatta som det andre blir måla ut frå. Ein måte å løyse opp i dette på, er å skrive om kvinner og kvinner sine erfaringar. Ein annan måte er å fokusere på menn som kjønna. Her har forfattarane velt ein tredje veg, nemleg å skrive om relasjonen mellom kjønn. Dette inneber for forfattarane å løfte «fram områder som særlig har vært kvinners ansvar, ettersom disse svært ofte har gått under radaren når de store linjene i historien skal trekkes» (s.14). Slik sklir det også over i den fyrste måten å løyse problemet med androsentrisme på. Dette heng nok saman med når kapittela blei skriven, og utviklinga i faget frå 1990-talet, då arbeidet med boka starta, og 2019, då denne utgåva var ferdig skriven. At den siste delen som omhandlar perioden frå 1960 til i dag er nyskriven, speglar dette. Her er kvinner og menn i større grad inkludert som kjønn, og behovet for å trekke fram tema som særleg har prega kvinners liv, er mindre framtredande. Mens innleiinga i førre utgåve (2005) gjorde greie for kjønnsperspektivet og behovet for å inkludere kvinner i historieforskinga, tar det mindre plass her, men inngår som underliggande forklaring og er gjennomgåande gjennom innleiinga. Betyr dette at det ikkje lenger er like viktig å forklare kvifor kjønnsperspektiv er viktig, men heller korleis det høver inn? Kan dette vere teikn på ei positiv rørsle i historieskrivinga? Det er i så fall fint. Etter å ha fått følgje Heimen gjennom dei siste åra som medlem av redaksjonsrådet, veit eg at det er eit stykke igjen til kvinner og menn blir inkludert på lik linje. Eg veit også at dette blir arbeidd med, og at det ikkje skjer av seg sjølv.

Skapingshistoria til verket gir ei ramme for prosjektet som motiverer behovet for i særleg grad å trekke fram kvinner og arenaer særleg viktige for kvinner. Å spørje etter mennene blir også ein litt for enkel kritikk, som om kvinners erfaringar ikkje er generelle nok eller viktige nok når norgeshistoria skal skrivast opp mot ein kontekst av norgeshistorie der erfaringane til menn har blitt tatt for gitt i lang tid. Vidare, ved å spørje etter kvinnene (og for så vidt også mennene) i noregshistoria, kan ho framstillast på ein meir korrekt måte enn om kjønn ikkje vart inkludert. Sandvik viser til dømes til at forsking på den industrielle revolusjonen har tatt utgangspunkt i dei mannlege arbeidarane, og dermed utelate kvinner og barn som tidleg var med på å gjere fabrikkarbeidet som fenomen mogleg (s. 151). Hagemann viser til korleis ekskludering av kvinner i forståinga av arbeidet på 1800-talet var ein måte å gjere usynleg den nødvendige innsatsen kvinner gjorde, som også mogleggjorde arbeidet for menn (s. 242). Det gjeld anten det ser ut som at menn har gjort alt, ved at familiane vart forstått som ein felles økonomisk eining styrt av mannen, eller ved å ignorere at det var kvinner sin innsats som gjorde at mennene kunne ta lønsarbeid utanfor heimen. Notidas forståing av kvinner som heimeverande i fortida kan farge tolkinga av informasjonen om praksisane i fortida, noko mellom andre Melby (s. 346), men også Hagemann og Sandvik, er inne på. Hagemann diskuterer korleis historikarar også i nyare tid har tona ned kvaliteten på arbeidet kvinner gjorde (s. 272). Kjeldekritikk er såleis viktig, og det viser denne boka godt. Ein annan styrke med eit kjønnsperspektiv er at inkludering av kvinner viser kva som blir tatt for gitt. Til dømes blir det lettare å få auge på korleis makt blir gjort og posisjonar fordelt når kvinner trer inn i posisjonar elles heldt av menn, jamfør Sandvik si skildring av Mor Sigbrit (s. 179–180).

Ei mogleg innvending mot verket er at ein kjønnsdikotomi blir tatt for gitt. Det er relasjonen mellom menn og kvinner forfattarane er opptekne av. Det er uklart for meg om det er med utgangspunktet i ein slik dikotomi det historiske materialet blir forstått, eller om det er det historiske materialet som gir denne forståinga av kjønn. Kjønnsperspektiv inneber her å sjå korleis ulike felt i samfunnet og delar av livet gjerne har arta seg ulikt for kvinner som gruppe og menn som gruppe. Kven som inngår i desse gruppene blir ikkje diskutert. Kanskje er ikkje det eit viktig tema her, men eg saknar likevel ein refleksjon rundt desse to omgrepa. Tattforgittheita er synleg til dømes i noko av omgrepsbruken. Eit døme er når Øye brukar ordet «kvinnearbeidet» (s. 125) når ho skildrar endring for kvinner mellom land og by. Er dette ein ordbruk som vart nytta historisk eller er det eit moderne ord? Her får eg nærast inntrykk av at det skildrar ein statisk aktivitet som endrast av seg sjølv når kvinner flyttar til byen uavhengig av enkeltindivida sine praksisar. Det same gjeld når Sandvik skriv om «kvinnearbeidet» og «mannsarbeidet» (til dømes s. 165). Her er det uklart for meg om dette er nemningar på ei fast eining med oppgåver eller ansvarsområde, om det er omgrep som mennene og kvinnene nytta sjølve, eller om det er omgrep nytta av forskarane. For meg kjennest den sjølvsagte bruken av desse omgrepa litt umoderne.

Sandvik brukar i ein samanheng omgrepet «kvinnearbeid» (s. 161) i si skildring av barnedødelegheit. Det er «kvinnearbeid» som gjer at kvinner ikkje hadde høve til å ta seg godt nok av barna, og dermed døydde fleire av spedbarna, men kven og kva avgjer kva som er kvinnearbeid? Og når det gjeld ivaretaking av barna, høyrest det nesten ut som at det er kvinnene si skuld at dei forsømte barna. Og kor var fedrane til desse barna? Høyrde barnestellet inn i kategorien «kvinnearbeid» slik at mennene ikkje kunne vere til hjelp? Her tenker eg at eit kjønnsperspektiv som ikkje tok det for gitt at kvinner tok seg av barna, kunne hatt noko for seg. Altså ei slags fordeling av skuld, så å seie, der også mennene spela ei rolle, anten ved at dei forsømde barna sjølve, eller at både mennene og kvinnene, ikkje berre kvinnene, var del av eit arbeidssystem som gjorde at barna vart overletne til seg sjølv i større grad. Seinare i teksten kjem Sandvik tilbake til barnedødelegheit, og mennene si rolle ved at noko av forklaringa kunne vere «kjønnsarbeidsdeling» som følgje av «stormaktskriger» der menn vart kalla ut som soldatar. Dei var altså ikkje til stades, og kvinnene måtte utføre alle delar av arbeidet som trengtest for å halde liv i seg og sine (s. 207), men korleis høver i så fall omgrep som «kvinnearbeid» og «mannsarbeid» inn då? Kvinnearbeid her blir vel alt som må gjerast for å halde heimen og hushaldet med mat og det som elles trengtest, altså arbeid i meir ukjønna forstand?

Ein stad viser Hagemann til korleis «levebrødet verken var garantert for bondesønner eller for husmannssønner» (s. 220). Her er det ikkje klart for meg kvifor bondedøtrer eller husmannsdøtrer ikkje er inkludert, og eg opplever ikkje at eksempla som blir vist til grunngjev denne kjønninga. Hagemann viser ein stad til korleis kvinner kunne få arbeid som «tjenestemenn» (s. 265). Igjen kan det tenkast at det var dette kvinnene vart kalla, men då skulle eg gjerne sett at det her i boka vart vist til at omgrepet kjem av dåtids bruk. Seinare viser Hagemann til Camilla Collett som «forfatterinnen» (s. 318). Er dette fordi Collett sjølv omtala seg slik? Er dette noko anna enn ein forfattar, eller ligg det noko anna bak nemningsbruken? Roll-Hansen viser derimot til ein bevisst bruk av omgrep som «bemannes» ved å legge til «(sic)» bak (s. 458). Til skilnad frå «tjenestemenn» og «forfatterinne» har det ikkje blitt etablert eit alternativt kjønnsnøytralt omgrep i daglegtalen til «bemanne» (sjølv om det saktens kan omformulerast).

No les eg teksten litt vrangt, for i samanhengen omgrepa står, med den historiske konteksten til denne boka, tenker eg at dette er noko som heng att frå tidlegare utgåver. Eg trur at dette vil vere ei relevant historiebok også framover. I arbeidet med neste utgåve høver ein gjennomgang av slik omgrepsbruk til.

Alle er vi vel på sett og vis studentar til ein kvar tid, men har også eit sett med erfaringar som vi les ut frå. Skal ein berre lese ei noregshistorie, synst eg godt det kan vere denne. Her får ein oversikt over prosessar og hendingar dei siste 1200 åra. For min eigen del lærte eg veldig mykje og har fått ei større og djupare forståing av det historiske samfunnet eg er i. Best likte eg boka når ho viste til korleis forsking med eit blikk for kjønn viser manglar ved eller nyanserer tidlegare forståingar av fortida. Det er mange spennande kvinner nemnt i boka, kvinner som fekk den indre filmen for augelokka mine til å gå på høggir. Her er det tips til kinofilmar som kunne komplettert Kongens nei og Kontiki!