Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Bedrestilte forstadsbuarar frå hovudstaden? Dei norske velforeningane 1872–1940

Have Better-off Suburban Residents Moved in from the Capital? Norwegian Neighbourhood Associations 1872–1940
Forskar 1, NORCE Norwegian Research Centre AS

Frå 1870-åra vart ei rekke velforeningar til i kommunane rundt hovudstaden. Fram til andre verdskrig speler vella ei viktig rolle i måten desse landkommunane vert til forstadskommunar. Vella var sentrale i middelklassen si modernisering av desse forstadene ved hovudstaden der etableringa av nye villastrøk var eit særleg tydeleg trekk. Artikkelen forklarer og analyser utviklinga i desse nye forstadskommunane, og kvifor det var her vella fekk størst utbreiing og innverknad i denne perioden. Samtidig blir det vist korleis det også blei etablert velforeningar utanfor dei typiske middelklassestrøka, med eit sterkare bygde- eller arbeidarpreg. Innslaga av velforeningar med slike trekk kan vera med å forklara at vella etter andre verdskrig kunne utvikla seg til ein type forening og ei rørsle som i dag famner over foreningar over heile landet, i tillegg til forstadene i så vel bygd som i by.

Nøkkelord: velforening, organisasjonsformer, kommuneutvikling, byhistorie

From the 1870s a new type of neighbourhood association was formed in the municipalities around the Norwegian capital. Until World War II these organizations took part in the transformation of these rural municipalities to suburbs. They played an important role in a middle-class-led modernization of which their new residential areas were a profound feature. The article describes and analyses this process in these suburban municipalities and explains why these neighbourhood associations were most prevalent and had most impact in the examined period. At the same time, some similar organizations with rural and working-class members came about outside the middle-class residential areas of these suburbs. The element of such broader but less numerous neighbourhood associations in this period can help to explain why this kind of association developed into a kind of community association and a neighbourhood movement with member organizations from both the suburbs, the cities and the rural areas.

Keywords: neighbourhood association, organizational forms, municipal development, urban history

Innleiing

2. oktober 1872 kalla kammerherre Gjerdrum inn eigedomssitjarane på Ladegaardsøen til møte i Frimurerlosjen i Kristiania.1 Møtet vedtok å oppretta «Selskab for Ladegaardsøens Vel», med konsul Schieldrup, kaptein Engelstad og kammerherren i «bestyrelsen». Selskapet skulle virka for «Ladegaardsøens vel i alminnelighed og dets medlemmers interesser på øen i særdeleshed» (§1). Under virkeområdet låg «anlæg og vedligeholdelse af hensigtsmæssige veie, underholdning af tidsmæssige kommunikationer mellem Christiania og Ladegaardsøen, lettet fremskaffelse af vand, brød og andre nødvendighetsartiklar, fornødent politioppsyn o.s.v.» (§2) Då Ladegaardsøen nokre år etter fekk nytt namn, galdt det same for vellet, i kortform som Bygdø Vel.

Vellet på Bygdøy var det første av ei rekkje tilsvarande foreningar som kom til i dei store kommunane rundt hovudstaden mot slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet. I forstadskommunane rundt hovudstaden – Aker, Asker, Bærum og Nesodden – var det rundt 1940 om lag 130 vel.2 Det fantes vel fantes nokre andre stader i landet, men det var i området rundt hovudstaden dei fekk størst utbreiing og spela den viktigaste rolla frå oppkomsten og fram til etter andre verdskrig.3 Etter krigsåra og særleg frå 1970-åra fekk velforeningane eit langt større omfang, dei blei landsdekkande og fekk frå 1974 ein nasjonal paraplyorganisasjon. I 2021 fins det truleg rundt 8 000 velforeningar i Noreg.4

Oppkomsten av vella vert av norske historikarar først og fremst sett som ein måte utflytte bybuarar organiserte seg på for å ivareta sine interesser og som var med å endre Aker, Asker, Bærum og Nesodden til forstadskommunar for hovudstaden. 5 At dei også var ein del av den sterke organisasjonsvoksteren som skjedde i Noreg i siste del av 1800-talet, har i liten grad blitt løfta fram.6 I samfunns- og frivilligdomsforskinga har vella i første rekke blitt sett som uttrykk for pågåande endringar i det norske organisasjonssamfunnet, utan at linene har blitt trekte lenger tilbake enn til 1970-åra. Merksemda har vore knytt til frivillige organisasjonar si rolle i lokaldemokratiet og med vella som uttrykk for eit aukande engasjement mot nærmiljøet på kostnad av saker som viste utover det lokale.7Vella blir her rekna inn som ein type områdeforeningar eller nærmiljøorganisasjonar, som ei samanslutning av bebuarar i eit avgrensa område, som eit nabolag, eit byggjefelt eller ei grend, som arbeider for interessene til medlemene og talerøyr for området overfor andre.8

Vella og velrørsla i Noreg har særtrekk samanlikna med liknande organisasjonar i andre nordiske land.9 Nærmiljørørsla i 1970-åra gav opphav til mange av nærmiljøorganisasjonane elles i Norden.10 Organisasjonane representerer i første rekke landsbyar og bygder, medan vella i Noreg har tyngda i forstader og andre bynære område.11 Samtidig tok velrørsla og deira nasjonale organisasjon i Noreg opp nærmiljøorganisasjonar i både by og bygder etter at den kom til i 1974. Måten dei norske vella blei til på og etablerte seg i lokalsamfunna dei blei ein del av, kan vera med å forklara denne skilnaden til andre nordiske nærmiljøorganisasjonar.12

Her står oppkomsten og utviklinga av velforeningane frå 1870-åra og fram til andre verdskrig i sentrum. For det første går eg inn på kva faghistorie og historisk materiale som eksisterer om oppkomsten av velforeningane og utviklinga i denne perioden. Dette dannar bakgrunnen for å sjå kor velforeningane kom, kva som kjenneteikna dei då dei blei til, og kva som endra seg ved dei som fenomen. Kva oppgåver skulle dei løysa, og korleis søkte dei å løysa desse oppgåvene? Korleis var forholdet mellom vella og kommunane dei etablerte seg i, og i kva grad endra dette forholdet seg i tida fram til andre verdskrig? Hovudmerksemda blir retta mot kommunane rundt hovudstaden, men der Fana utanfor Bergen blir trekt inn som ein samanliknbar forstadskommune.

Illustrasjon 1

Historikkane til velforeningane gjev ofte interessante blikk på og opplysningar om oppkomst og utvikling, og kan vera gode lokalhistoriske inntak der slike foreningar fanst.

Velforeningane som historie

Før andre verdskrig finn ein i første rekke velforeningane i Aker, Asker, Bærum og Nesodden.13 Rolla til velforeningane i desse kommunane blir handsama av Jan Eivind Myhre og Lars Thue i Asker og Bærums historie, av Knut Kjeldstadli i Oslo bys historie som Aker vart ein del av i 1948 og av Christian Hintze Holm i kommunehistoria om Nesodden.14 I historiefaglege framstillingar som dekker tida før andre verdskrig, er det få bidrag der velforeningar er omtala eller spelar ei rolle.15 Eit unntak er her Karl-Egil Johansens framstilling om Fana kommune.16

I tillegg til kommunehistoriane ser nokre andre faghistoriske arbeid på kva velforeningane har hatt å seia i ulike lokalsamfunn i området rundt hovudstaden. Dette gjeld særleg i tidlegare Aker kommune, der Lars Thue ser på Malmøya, medan Finn Erhard Johannessen har tatt for seg Ljan og Nordstrand.17 Etnologen Anne Sætren gjev i ei kulturhistorisk orientert framstilling om Solemskogen innblikk i dei første åra til nybyggarforeninga ved Maridalen, også i Aker, rett etter 1900.18 Morten Haaves arbeid om Malurtåsen i Bærum er langt på veg ei faghistorisk velhistorie, sjølv om nabolaget dannar utgangspunktet.19

Anna historisk materiale om vella speglar det same geografiske området som faghistoriane.20 Eit oversyn over digitaliserte bygdebøker som omfattar historikkar om enkeltvel, omfattar meir enn 25 vel i Bærum, 10 i Asker, samt minst 15 frå tidlegare Aker kommune. I tillegg har fleire vel lagt ut digitaliserte versjonar av eldre historikkar.21 Som i andre samanhengar er det foreningane som har klart seg over tid det helst fins materiale om. Historikkane ligg gjerne tett på protokollar og eigne erfaringar. Mange er gode kjelder til hendingar og aktivitetar, med skildringar av korleis vella kom til, over nabo- eller grendelaget dei blei etablerte i, over oppgåver i eigen regi og kva som kunne eller burde skje gjennom kommunen. Koplinga til verda utanfor nabolag og vel er derimot jamt over lite utvikla.

I samfunnsforskinga har velforeningane si rolle i lokalsamfunna vorte sett på ulike måtar: for det første i høve til bumiljø og sosialt miljø, for det andre i høve til lokaldemokratiet, og då særleg knytt til samspelet mellom frivilligdom og styresmakter, og for det tredje som del av den norske frivilligdomen.22 I frivilligdomsforskinga har den manglande merksemda til mange vel mot verda utanfor lokalsamfunna gjort dei til ein kontrast til andre lag og organisasjonar i norske lokalsamfunn.23 Ungdomslag, misjonslag og idrettslag kom til lokalt og på grendenivå i siste del av 1800-talet, men som gjekk med i regionale og nasjonale organisasjonar.24 Medan historia til desse organisasjonane blei ein viktig del av forklaringa på deira suksess og tilbakegang mot slutten av 1900-talet, blei velforeningane i første rekke sett som uttrykk for ein organisasjonstype som hadde kome til i 1970-åra. Samla synes vella si rolle i forminga av norske lokalsamfunn før dette tidspunkt lite kjent i norsk samfunnsforsking.

Velforeningane kjem

Kva karakteriserte så vella då dei kom? For det første namnet. Av dei første kalla ikkje alle seg «vel», men var det som festna seg som hovudnemning. «Vel» var kjent som omgrep gjennom Selskapet for Norges Vel (SNV) som hadde kome til i 1809 med embetsmenn som stiftarar. Kanskje er det som Lars Thue har føreslege ei kopling frå bruken av «vel» i SNV og til den nye foreningstypen.25 Embetsmennene si sentrale rolle i dei første vella er ein indikasjon på at dei kan ha tatt med seg omgrepet inn i den nye typen forening.

For det andre var eit vel ei medlemsforening som representerte medlemene sine interesser og skulle utføra oppgåver i tråd med desse, i motsetnad til sokneselskapa, som i utgangspunktet hadde kome til som lokale avdelingar av SNV. Sokneselskap eksisterte i mange av lokalsamfunna der vella var, men hadde som SNV meir generelle og samfunnsnyttige føremål.26 Etableringa av dei første vella skjedde i ein periode der sokneselskapa mange stader blei reorganiserte av lokale embetsmenn som ei motvekt til foreningar som representerte andre – spesielt bøndene – sine interesser.27

For det tredje blei vella som type organisasjon tidleg knytt til forstadene rundt hovudstaden og dei utflytte bybuarane der. Såleis er det vanskeleg å sjå vella som eit uttrykk for den generelle veksten i foreningslivet utanfor byane i tida før og etter 1900. Dei var i staden reiskapar dei betrestilte i byane kunne nytta i sine forsøk på å leva liva sine på ein ny måte.

Illustrasjon 2

Akershus og Kristiania i 1920. Dei første velforeningane vart til som «sommervel» på feriestadene rundt byfjorden. Dermed låg dei oftast i det som då var Aker herred, som nesten heilt omslutta ein veksande storby. Her eit av karta som blei til under planlegginga av vidare byvekst.

Kjelde: Kartverket, Amtskartsamling. Kristiania 84-4: Forslag til utvidelse av Kristiania bys grenser. 1920.

Sommarvella i byfjorden

Då Drammensbanen kom i 1872, gjorde dette at borgarane i Kristiania «kunde flytte sine sommerboliger længere ut på landet».28 Frå 1830-åra hadde øyene og strandlinene i fjorden blitt tekne i bruk som feriestader for dei kondisjonerte, som Bygdøy, Malmøya og Nesodden.

I 1870-åra utgjorde dei sommarbuande rundt ¾ av dei vel 1000 som heilt eller delvis budde på Bygdøy.29 Statsrådar, skipsreiarar og fabrikkeigarar søkte ut mot halvøya og etablerte villastrøk der det skulle vera fred og ro, men med så gode kommunikasjonar til byen at dei kunne skjøtta sine stillingar og forretningar der. Det hadde vore båtruter sidan 1850-åra , og frå 1880-åra var betre og oftare avgangar med å auka farten i villautbygginga. Drammensbanen hadde med stasjon på Skøyen også korta ned landverts reisetid mellom Bygdøy og byen.30 Frå 1894 var det også sporveg til Skøyen, og i 1923 bussrute frå Kristiania til Bygdøy, der det då knapt var andre enn fastbuande.31

Vellet på Bygdøy hadde kome for å sikre vegar, lys og kloakkanlegg til sommarhusa, og då villastrøka var etablerte, freden mot urostiftarar, restaurantgjester og badande. Bygdø Vel blei av Edvard Bull d.e. – i eigenskap av å vera arbeidarpartipolitikar _ kalla ein «utpræget overklasseforening». Karakteristikken er treffande, sjølv om dei i vellet meinte den neppe var «helt korrekt».32 I 1927 viser historikken ei sjølvmedviten forening som meinte ho både hadde rett til å stilla krav til «myndigheterne» og kunne vente at desse følgte opp krava. Så hadde foreninga då også Kongsgården som medlem.33I åra vidare fram mot krigen skjedde det ei vidare utparsellering.34 Vellet var skeptisk til at nybygginga førte med seg oppføringa av meir beskjedne bustader; hus som var «ordinære» og nokre estetisk sett «mindre heldige».35 Å byggja slike hus stridde mot reguleringa av Bygdø som ein «åpen, villamessig bebyggelse», heitte det frå vellet. Der gledde dei seg derimot over at det kom handelshus med butikkar, forsamlingshus og museumsbygning.

På Bygdøy spela vellet utvilsamt ei viktig rolle for utviklinga av lokalsamfunnet. Innsatsen bleiknar likevel samanlikna med det vellet på Malmøya i Bunnefjorden rett utanfor Bækkelaget stod for. På Malmøya laga 17 «eiendomsbesittere» frå hovudstaden i 1884 eit vel på øya mange av dei oppheldt seg på frå tidleg i mai til slutten av september.36 Med ein halvtimes båttur til sentrum kunne arbeidet i byen skjøttast også i sommarmånadene. Kven dei var, endra seg så raskt. Då vellet blei til, var nesten halvparten av medlemene embetsmenn, men ved inngangen til 1900-talet var dei nesten heilt borte. Sommarbuene var då industrieigarar, kjøpmenn, restauratørar og andre som utgjorde ei økonomisk overklasse på ei øy med få fastbuande.37

Vellet opparbeidde vegar og skaffa betre båtforbindelse til byen med høgare standard på ferja. Det ordna telefonlinje, betra tryggleiken for vintertomme hus som gjerne blei plyndra, og skaffa drikkevatn. Sommargjestene tok over øya i ein kommune der dei styrande meinte landliggarane sjølve måtte ta seg av slike oppgåver.38 Når Lars Thue skriv om vellet på Malmøya, held han fram at avstanden mellom ønska til økonomisk velstilte velmedlemer vante med byens tilbod og kommunale service og tilstanden på øya var stor, og at dette var ei viktig årsak til at vellet blei til.39 Thue meiner at denne opplevde avstanden mellom ønske og tilbod kan vera ei generell forklaring på oppkomsten av vella.40 I kor sterk grad dette er ei rimeleg forklaring, kjem eg tilbake til. Vellet på Malmøya fekk ein særeigen posisjon, med ein nærast kommunal autoritet.41 I tillegg til ein lite tilstadeverande kommuneinsitusjon, var dette eit resultat av måten vellet etablerte seg med strenge krav til medlemer og hadde formelle og juridiske rettar til veg og brygge. Vellet fekk kontroll og høve til sanksjonar overfor dei som ikkje innretta seg.42 Posisjonen endra seg i 1930-åra då det oppstod motsetnader mellom ein aukande del fastbuande og sommargjestene rundt kva funksjonar som måtte vera i gang om vinteren.43 Diskusjonen spegla ein overgang der dei fastbuande kom i fleirtal etter krigen.44

Det viktigaste feriemålet for borgarane i Kristiania blei likevel landet mellom Oslofjorden og Bunnefjorden. Nesodden var dit hovudstadfolk flest helst reiste i siste del av 1800-talet og utover i mellomkrigstida. Også her starta dei nye grunneigarane raskt velforeningar. Christian Hintze Holm skriv i kommunehistoria om Nesodden korleis byfolka i 1894 oppretta Flaskebekk vel som den første foreninga av dette slaget.45 Då nye og store område blei bygde ut etter hundreårsskiftet, skjedde utbygging og veldanning nesten samtidig: «Opprettelsen av velforeninger avspeiler dermed hvordan sommerbebyggelsen tetter seg til langs Nesoddens kyster».46 Vella var i praksis foreningar for grunneigarar med reglar som heldt uønskte ute, og der medlemer både måtte bli anbefalt av andre medlemer og bli godkjent av styret for å få bli med.47 Sommarvella var – som på Bygdøy og Malmøya – i praksis «eksklusive foreninger for byfolk» heilt inn i krigsåra.48

Illustrasjon 3

Jernbane og bustadsbygging i Oslo frå 1930. Jernbaneutbygginga og seinare forstadsbanar førte mange bybuarar ut av hovudstaden og inn i einebustader langs lina, særleg ved Drammensbanen og Smålensbanen. Slik kunne dei urbane tilflyttarane bu i landlege omgjevnader og samtidig passa arbeidet i byen.

Kjelde: Forstadsbaner og boligplaner i Oslo gjennom 150 år. Byutviklingsavdelingen. April 1999, s. 6.

Forstadsvella

Kommunikasjonsutviklinga i siste del av 1800-talet gjorde at «landet» kunne bli bustadadresse og sommarbustadene til bustadshus. Lange sommaropphald enda for stadig fleire med permanent flytting. For byfolket på øyene og landområda på andre sida av fjorden, sett i forhold til hovudstaden, var det avgjerande med heilårs båtruter med mange avgangar og raske båtar. Som kommune omslutta Aker heile hovudstaden og gjorde at dei næraste «nybyggarområda» rundt låg i denne kommunen, både dei langs Drammensbanen og langs Smålensbanen (Østfoldbanen).

Knut Kjeldstadli viser i byhistoria til Oslo korleis Aker som den første av omeignskommunane blei ein forstad til stor-Oslo.49 Her kom det vel alt frå 1870-åra, som fekk følge av så mange at det var 63 vel i kommunen rett etter krigen. Langs Drammensbanen blei Skøyen på- og avgangsstad for mange av dei som slo seg til på den næraste delen av Bygdøy. På stoppestadene Sandvika og Vækkerø slo mange tidlegare bybuarar seg ned.50 Det same galdt etter at Smålensbanen kom i 1878. Nybygginga på Bækkelaget, Nordstrand og Ljan frå slutten av 1880-åra gjorde området til det Finn Erhard Johannessen kalla ein jernbaneskapt vestkant i østkanten av hovudstaden.51

Togforbindelsen gjorde det råd for byfolk å bu på Nordstrand.52 Frå Nordstrand stasjon til Østbanen tok det 14 minutt, men innflyttarane måtte sjølve gjera ein innsats for at dette skulle bli «et godt og komfortabelt boligområde».53 Då trengtes velforeningar, med Nordstrands Vel som den første i 1889, følgt av Ljans vel i 1890 og Bekkelagets Vel i 1892. Dei viktigaste oppgåvene – etter som andre vel å ha begynt med å sørga for gatelys – var å få toget til å følga tidtabellar som passa med arbeidet i byen, og elles få lagt til rette for best mogleg kommunikasjon – også den som skjedde gjennom post, telefon eller telegraf. Vellet fekk også som oppgåve å halda ro og orden i villastrøket «og gjorde en stor innsats for å bekjempe alt som på noen som helst måte kunne være en trussel mot det rolige og fredelige villasamfunnet.»54

Johannessen stadfester biletet av Aker som ein kommune som ikkje ønskte å bruka pengar på villabuer med større krav enn det som var vanleg på landet.55 Han meiner også at stiftinga av velforeningar kan sjåast som ei forlenging av det kommunale sjølvstyret.56 I det siste synes det å ligga at når vella såg at kommunen helst burde ta over flest mogleg oppgåver, var dette eit forhold kommunen sjølv bestemte, med medlemene i vella som myndige borgarar som kunne påverka om dette skulle skje eller ikkje.

I Asker og Bærums historie legg Lars Thue og Jan Eivind Myhre vekt på vella si rolle i måten desse to store landkommunane blei endra til å bli forstadskommunar til hovudstaden.57 Lars Thue tydeleggjer korleis hovudstadsbefolkninga spreidde seg utover nabokommunane, først til Aker, deretter til Bærum og så til slutt til Asker.58 Reiseavstanden til byen var avgjerande for tilflytting, samt terreng og landskap. For Bærum viser Myhre korleis ein middelstand sett saman av private og offentlege funksjonærar og mindre næringsdrivande, voks fram frå byrjinga av 1900-talet.59 Thue viser ei nokolunde tilsvarande utvikling for Asker, med noko forseinking. Utgangspunktet for pendlinga var som for Bærum Drammensbanen.60 Frå 1910 tok forstadbuene sine villaer til å prega Asker, men der sjølve omvandlinga frå landkommune til forstadskommune først skjedde etter krigen.

Asker låg landverts lengre unna hovudstaden enn Bærum, med ei kystline mot Oslofjorden som gav stor båttrafikk frå og til hovudstaden alt før Drammensbanen. «Det Vestbanen betydde for forstadsboerne, betydde dampskip som Duen, Oscar og Asker for landliggerne. Forstadsboerne bygde sine villaer rundt stasjonene, mens landliggernes landsteder lå ved dampskipsanløpene», skriv Thue.61 Det var på ein slik anløpsplass første velforening kom i Asker, med «Voldenbugten Diskutionsklub» i 1900 (Vollen Vel frå 1916),62 men det var då forstadsbuene blei innflyttarar, velforeningane kom for alvor.63 Det kom vel i Heggedal, ved Asker stasjon, på Holmen og Landøen, og Hvalstad fram til 1913.

Korleis vella både som organisasjonstype og gjennom kven som var med, representerte ei ny tid, kjem fram hos Myhre. Bærums sogneselskap var eit av sokneselskapa som hadde vorte starta opp att etter midten av 1800-talet, og var som andre slike selskap dominert av embetsmenn då innflyttinga til Bærum tok til frå 1880-åra. Arbeidsoppgåvene var vide og omfatta så vel opplysning som det å stø allmennyttige føremål og generell næringsutvikling, rett nok med utgangspunkt i jordbruket.64 Dei siste tiåra av 1800-talet hadde sokneselskapet stor gjennomslagskraft i bygda, trass i det som blei kalla eit «aristokratisk preg».65 Etter 1915 vart det meir eller mindre slutt. Sokneselskapet blei nesten overflødig, etter at nye foreningar kom til. Den breie innrettinga av oppgåver knytte sokneselskapet til eit Bærum som var i ferd med forsvinna, til fordel for ein kommune der nye samfunnsgrupper og interesser rådde. Kontrasten til velforeningane som ei forening for innflyttarane og deira stilling som forstadsbuer var stor. I velforeningane blei interessene til dei nye bærumsbuene målborne i ein medlemsorganisasjon knytt til ein ny epoke i kommunen.

Mange av grenseoppgangane i forholdet vel – kommune skjedde i Bærum. Bærum var eit svært skiftande sosialt landskap, frå overklassa rundt Fornebu til arbeidarstrøk rundt fabrikkane og dei gamle brukssamfunna.66 Eit viktig spørsmål blei kor langt det kommunale ansvaret skulle gå. Dei fleste vella pressa på kommunen for at han skulle ta over vegvedlikehaldet, som kunne vera ei tung bør for medlemene. Men konservative villaeigarar ønskte låge skattar og avgrensa offentleg engasjement, heitte det hos Myhre, som kommenterer at «Her gikk det gjerne et skille mellom strøk med mange arbeidere, og mer borgerlige områder.»67

Morten Haave har i gått inn på etableringa av eit nytt nabolag med velforening på Malurtåsen i Østre Bærum – «[e]t villastrøk først og fremst med mange ressurssterke beboere.»68 Vellet blei i 1914 til i framhaldet av ein «velferdskomite» tomteeigarane laga då dei kjøpte tomtene sine.69 Ein gjennomgang av kven medlemene i vellet var i 1939, var framleis ressurssterke: kontorsjef, disponent, forretningsførar, kassarar, revisor, ingeniør, professor, byråsjef og politi.70 Nokre handverkarar og arbeidarar var rett nok også medlemer.

Haave viser korleis vellet på Malurtåsen raskt fekk direkte inngang til politikken og kopla seg stadig tettare mot ein kommune som engasjerte seg meir og tok på seg fleire oppgåver.71 Ønsket til vellet på Malurtåsen om kommunal overtaking av vegar høver ikkje i Myhres bilete av at vel i dei meir velhavande strøka ikkje ønskte eit slikt offentleg engasjement.72 I Malurtåsen vel synes haldninga å ha vore at kommunen skulle koma inn etter initiativ frå vellet. Det skulle først visa veg – det gjekk ikkje berre å overlata oppgåver til kommunen utan tilvising.73 Kor langt ei slik meir positiv haldning til kommunal overtaking galdt for vella i Bærum, slik Haave meiner, eller om haldning til kommunal overtaking skifta mellom strøk med ulike samfunnsgrupper slik Myhre meinte, er vanskeleg å slå fast. Hovudutviklinga blei uansett kommunal overtaking av vegane, også i nabolaga med dei mest politisk konservative veljarane.74 Når vella ikkje lenger skulle utføra dette infrastrukturarbeidet, førte det dei så over på oppgåver som å betra trivnaden i nabolaget, med bygging av velhus og grendehus, leikeplassar og å laga til festar.

I vella kunne medlemene foreina felles krefter både i arbeidet i nabolaget, og for å kunne stå sterkast mogleg overfor ein kommune dei ønskte spesifikke tenester frå, men samarbeidet mellom vel frå større område var likevel ikkje så omfattande før krigen. Verken i Bærum, Asker, Aker eller Nesodden fekk organiseringa av foreningar over større deler av kommunen særleg utbreiing eller kontinuitet, sjølv om det blei etablert fellesråd både i Asker, Bærum og Nesodden.75 Eit fellesråd i Østre Bærum i 1917 fekk berre kort levetid, medan eit liknande råd i Asker i 1922 ikkje synes å ha hatt særleg mykje å seia før etter krigen. På Nesodden kom eit fellesvel til rett før krigsstart. I Aker gjekk vella først saman då kommunen blei ein del av Oslo i 1947. Samla var det som tidlegare nemnt rundt 1940 om lag 130 vel i omeignskommunane til hovudstaden,76 Dei imellom var det samarbeidet likevel avgrensa.

Illustrasjon 4

Bybuene flytte også på landet i andre norske byar enn Kristiania, men gjekk i tida før andre verdskrig i liten grad saman i velforeningar. Såleis kom det heller ikkje mange velforeningar i Fana, den store forstadskommunen til Bergen, som elles hadde utflyttinga av velmidla byfolk og andre trekk felles med Bærum.

Kjelde: Kartverket, Amtskartsamling (Hordaland Vegkontor). Bergen med omegn. Hordaland Vegkontor. 1938.

Forstadsbuarane i Fana

Det var ikkje berre rundt hovudstaden omeignskommunane blei til forstader. Folk med råd og høve til det flytte også i andre norske byar til meir landlege strok etter kvart som kommunikasjonslinene betra seg: «Det er mange som i de senere år har flyttet fra Bergen til Fane. Det samme foregaar jo ogsaa andetsteds, f.eks. i Høiland og Hetland ved Stavanger, i Aker og Bærum ved Kristiania», heitte det i 1910 i eit lesarbrev i lokalavisa i Fana, den største forstadskommunen til Bergen.77 Det var ikkje tilfeldig at det var i Fana utviklinga blei kommentert. Innflyttarane frå Bergen gjorde at Fana snart kom til å veksa raskare enn både Asker og Bærum.78

I Fana hadde tilflyttinga auka kraftig etter at jernbanelina frå Bergen til Voss stod ferdig i 1884. Med jernbanen blei det råd å dagpendla til byen, og ny busetnad og tettstader voks fram langs jernbanelina.79 Dei som reiste til og frå byen med tog, var helst folk som var kjøpmenn, skipsreiarar eller høgare funksjonærar.80 I mellomkrigstida og framover blei Fana gjerne sett som kommunen «midt i smørauget». Som Karl-Egil Johansen viser i bygdeboka var Fana eit vestlandsk Bærum, der det alt før krigen truleg var langt fleire villaer enn i kommunen utanfor Oslo.81 Innflyttarane frå byen stod i brodden for det som blei kalla «Villa-Fana».82

Velforeningane kom i dei mest tettgrendte områda, med Foreningen til Nesttun og Hops Vel i 1908 som den første.83 Sjølv om villaeigarane pressa på for å få bygd ut veg, vatn og kloakk i dei nye tettstadene i mellomkrigstida, blei det lite fellesutbygging i eigne nabolag før etter krigen. Johansen slår fast at «aktiviteten synes laber» frå velforeningane si side, samanlikna med slik dei arbeidde i forstadskommunane til hovudstaden.84 Ein indikasjon på at dette er rett, er at ingen av vella, i motsetnad til dei som kom til rundt hovudstaden, synes å ha eksistert i same form frå dei blei til og fram til krigen.85 Vella i Fana var også langt færre – i Bærum var det 42 vel i 1938, i Fana neppe meir enn fire–fem. Innflyttarane frå Bergen fram til krigen kom frå eit kapitalsterkt byborgarskap utan særlege behov – eller ønske – om å løfta i flokk.86 Mange rekna seg meir som byborgarar enn fanabuer lenge etter at dei flytta til kommunen, og tok særleg i tida fram til rundt 1915 generelt lite del i politisk liv og foreningsliv i bygda.87

Hos innflyttarane var identiteten som villaeigarar likevel sterk, både blant dei som let vera å engasjera seg i vella, og dei som gjorde det. Uroa for svekka sosial status var tydeleg til stades. Rett før krigen vendte vellet på Paradis seg såleis til kommunen for å sikra at villastrøka blei haldne oppe. Vellet meinte det tok til å bli for tettbygde område med for store hus og små eigedommar.88 Kanskje var ei årsak til at vella ikkje blei så sterke i Fana som i Bærum, nettopp måten villabygginga skjedde på i bergensforstaden. Utbygginga skjedde gjerne med fleire tomteeigarar og «spekulantar» og gjorde at den enkelte villaeigar i Villa-Fana i større grad sjølv tok hand om interessene sine for seg sjølv enn huseigarane i Bærum.

Busetnaden i Fana blir beskrive som ueinsarta og rotete, ofte laga etter eigne og dermed avgrensa planar.89 Det som blei bygd skjedde sjeldan etter ein samla plan for eit nytt bustadområde, men med kapitalsterke innflyttarar som gjerne ikkje trong å alliera seg med naboane. I Bærum bygde dei i større grad samtidig og hadde meir att for felles tilrettelegging av vatn, kloakk og vegar.90 Behovet for – eller rettare sagt vinsten ved – å etablera vel for å løysa fellesoppgåver blei mindre i Fana enn i Bærum. Felles infrastruktur blei i liten grad bygd ut – om vi skal forstå etterslepet på slike tilbod til langt uti etterkrigstida rett. Etter krigen synes vella å ha fått ei meir sentral rolle, og fekk som i omeignskommunane til Oslo fellesråd.91 Då skjedde utbyggingane av nye bustadområde meir koordinert, og det er rimeleg at interessene til nybyggarane likeins lettare let seg kanalisere inn i velforeningane som kom til etter krigen.

Vella og kommunen

Lars Thue peikte i historia om Malmøya-vellet på at det var stor avstand mellom krava og ønska til økonomisk velstilte velmedlemer og det som Aker herred kunne tilby.92 Her fann han også ei forklaring på kvifor vella som fenomen kom til – det var «nettopp denne avstanden mellom landkommunens tradisjonelle virkefelt og byfolkets forventninger og krav som skapte vellene.»93 Vella blei altså til fordi kommunen ikkje kunne oppfylla krava byfolka hadde. Ved å organisera seg stod dei sjølve for opparbeidinga av infrastruktur og tenester, men ønskte heile tida at kommunen skulle ta over desse oppgåvene. Slik verka dei også til å omforma kommunen og gje eit betre tenestetilbod på dette området.94

Samtidig er det skilnader mellom kva byborgarar på ferie på Malmøya eller Nesodden og det ein som nytilflytt innbyggar i Bærum og seinare Asker både kunne venta og krevja. Vella blei til i ein periode då norske kommunar blei langt meir aktive enn før og bygde ut sine tenester på ulike nivå.95 Krava vella stilte, var med på å utfordra grensene for kva som skulle vera eit kommunalt ansvar, og ikkje. Slik var dei i sterkare grad eit uttrykk for at sokneselskap og andre organisasjonar med vide og generelle oppgåver blei avløyst av interesseorganisasjonar med meir avgrensa føremål.96 Villaeigarane var knappast fanestormarar for å utvikla kommunen på område som ikkje tente dei sjølve. Det var ikkje å utvikla velferdsordningar for dei svakarestilte i kommunal regi og med kommunale skattemidlar som stod i sentrum.97

Utviklinga av kommunale velferdsordningar var nok tydlegare i byen villaeigarane forlet enn i omeignskommunane dei flytte til – sjølv om både Aker og Bærum var tidleg ute med kommunale ordningar knytte til sjukeforsikring, uføre- og alderspensjon og alderstrygd.98 Derimot var lågare skattetrykk i kommunane dei flytte til, ikkje uvesentleg når hovudstaden blei forlate til fordel for Bærum eller Fana til fordel for Bergen.99 Velforeningane si rolle var likevel meir eit uttrykk for kravet om meir kommunal aktivitet i kommunar som i prinsippet og i det kommunale sjølvstyret sitt namn kunne ta på seg dei fleste typar oppgåver. Slik ekspanderte også kommunar som Fana og Bærum.100

Arbeidar-vel og andre nybyggarforeningar

Villaeigarane som flytta ut av byen, representerte middel- og til dels overklasse. Var så vella ei organisasjonsform som høvde også for andre samfunnsgrupper som etablerte seg med eigne hus eller som på anna vis kunne ivareta interessene til eit nabolag? Her kan igjen eit svar søkast i kommunane rundt hovudstadsområdet, der det også kom vel som representerte andre enn velbeslåtte villaeigarar. Myhre var inn på korleis Vestre Bærum skilte seg frå Østre Bærum, med Lommedalen som fremste døme.101 I dalføret eller «lomma» mot Kolsås blei det i 1922 etablert eit vel med utgangspunkt i dei fastbuande, ikkje minst bøndene. Styret var sett saman av svært ulike folk politisk og ideologisk – frå målfolk til sosialistar – og med to kvinner.102 Styret samla seg likevel om felles saker og med effektivitet og handlekraft.103 Myhre meinte forstadsutviklinga i den austre delen av Bærum hadde skapt ein ubalanse i høve til Vestre Bærum. Ønska om lys, betre kommunikasjonar og offentlege tenester gjorde at vellet i Lommedalen og andre stader i Vestre Bærum, som Flaten og Skui, kom.104 Desse vella var mindre knytt til nyetablering av nabolag, slik som i aust. Det vi kan kalla «bygdevel» minte her om ei vidareføring av det tradisjonelle samarbeidet i bygdene om felles oppgåver.105

I det Johannessen kallar «Villabebyggelsens andre fase» frå 1910 og fram til andre verdskrig, blei større område på Nordstrandhøgda og austover teke i bruk som tomteland.106 Desse innflyttarane hadde ikkje nødvendigvis felles interesser med dei tidlegare innflyttarane som no var etablerte i sine nabolag.107 Nykomarane laga velforeningar for sine nabolag. Dei nye velforeningane søkte seg så saman i ein felles overbygnad sist i 1920-åra. Her blei dei etablerte vella inviterte til å bli med. I staden for å gå inn i Nordstrand Velforeningers representantskap, slo dei i lokalavisa fast at den nye samanslutninga ikkje representerte deira vel, og at dei ikkje ville ha noko å gjera med representantskapen.108 Bakgrunnen synes både å ha vore å halda på den opparbeidde posisjonen og at dei nye nabolaga og deira vel blei oppfatta å stå for andre politiske oppfatningar enn dei etablerte foreningane..109 Mellom dei ulike innflyttargenerasjonarane i Nordstrand var det såleis også politiske skilnader mellom medlemene og nabolaga, som også spegla skilnader i sosial status.

Det var forskjell på vella og folka der også andre stader enn på Nordstrand. I Bærum var Myhre innom skilnadene mellom Østre og Vestre Bærum, og på dei sosiale skilnadene elles i kommunen. Handverkarar og arbeidarar etablerte fleire stader i Bærum nye nabolag, eller budde der frå før då det blei aktuelt å danna velforeningar.110 Heller ikkje i Østre Bærum var det berre nabolag som Malurtåsen og Stabekk. I Vestbygda, rundt dagens Spikkestad, hadde Drammensbanen lagt grunnlaget for teglsteinindustri frå 1897. Arbeidarane som pendla frå hovudstaden blei fastbuande, bygde hus i grenda og danna nye foreningar.111 Under første verdskrig var Vestbygda eit lokalsamfunn med fabrikkarbeidarar, arbeidarforeningar og 1. mai-feiring. Vestbygda vel kom til i 1924, der dei på god vellagsmanér tok fatt på å skaffe medlemene veglys, trygg kryssing av jernbane og betre tilgang på drikkevatn og kloakkanlegg.112 I form og innhald var dette «arbeidar-vellet» såleis nokså likt vella elles i Bærum, sjølv om medlemene var andre enn i «villa-vella».

Ei meir organisert utbygging tilpassa mindre bemidla bybuarar skjedde i det som då var Vestre Aker sogn, då brukseigar Anton Tschudi ved inngangen av 1900-talet la ut tomteland mot Solemskogen, Oppsal og Høybråten.113 Dit kom det så arbeidarfamiliar frå område som Vålerenga, Grünerløkka og Gamlebyen, der mange av familieforsørgarane var jernbanefolk. Storparten av området låg inntil Hovudbanen mot Eidsvold, mellom dagens Lørenskog og Grorud. I 1903 byrja utbygginga på Høybråten i eit ingenmannsland utan vegar, elektrisitet, eller vatn. Tomtekjøparane danna i 1905 Øvre Høybråten Nybyggerforening.114 Oppgåvene til foreninga var i hovudsak som i andre nybyggarfelt, men der ho hadde eit heilt anna syn på politikk både i innhald og som verkemiddel enn «villa-vella». Der heitte det for dei fleste i vedtektene at vella skulle vera upolitiske, i tydinga ikkje å vera knytte til eit bestemt politisk parti. Villaeigarar var helst konservative folk med ønske om låge skattar og avgrensa offentleg engasjement.115 Samtidig var velforeningane deira ofte effektive lobbyistar som blei høyrte politisk i saker som galdt deira nabolag, slik Myhre viser frå Bærum.116 På Høybråten hadde verken medlemer eller forening noko ønske om å vera upolitisk. Det blei i staden bestemt at foreninga nettopp måtte arbeida og engasjera seg politisk for å få gjennomslag for sakene sine.117 Frå 1912 slutta foreninga seg til Arbeidarpartiet. Bakgrunnen til medlemene i foreninga forklarer kvifor: i Kristiania hadde dei fleste vore fagorganiserte, med tilknyting også til nettopp Arbeidarpartiet.

Bank- og låneforhold var ei viktig sak for eit vel med medlemer som nok hadde fast, men likevel beskjeden inntekt. Som innflyttarar i Aker kommune fekk ikkje medlemene i Nybyggerforeningen kommunal garanti for tomtelåna sine, noko dei ville fått om området hadde lege i Kristiania. Foreninga var her svært delaktige i arbeidet med å få gjennom ei lov som endra dette forholdet.118 Elles var saker som opparbeiding av vegar og vedlikehaldet av dei, arbeid for elektrisitetsforsyning og for eigen jernbanestasjon slike vi kjenner frå andre vel.119 Etableringa av innkjøpslag viste på si side mot samvirke og kooperativ.

Anne Sætrens skildring av folkevandringane frå Grünerløkka mot Solemskogen ved Maridalen, med plankar på skuldrene og barnevogner fulle av utstyr, viser også korleis dei som her søkte ut i skogen, skilte seg frå tilflyttarane i Østre Bærum og på Nordstrand. Mange hadde først flytta til byen frå andre deler av Austlandet, og fleire arbeidde på fabrikken til Mustad på Kjelsås.120 Då Solemskogens nybyggerforening blei til i 1903, var formannen ikkje grosserar, men vaktmester, og dei andre i styret ikkje kjøpmenn eller arkitektar, men oppdagelsesbetjent (politimann), lossearbeidar og mursteinsmurar.121 Hovudoppgåva var å få fram veg til «skogsbygda i storbyen».

I motsetnad til nybyggarforeninga på Høybråten, klarte ikkje foreninga på Solemskogen å samla kolonistane. Foreninga sprakk, og blei oppløyst i 1906.122 Fellesarbeidet tok likevel ikkje slutt, men blei i staden organisert gjennom vegstyre og andre komitear som blei laga til etter behov.123 Ei velforening var ikkje den einaste måten fellesarbeidet i eit nyetablert nabolag kunne organiserast på. Men nybygginga i Solemskogen stoppa opp. Nærleiken til Maridalsvannet og drikkevatnet til byen hindra både vidare utbygging alt frå om lag då foreninga blei til i 1903, og i tillegg innlegging av kloakk og vatn i husa som hadde kome opp.

Ei anna velforening var Tschudiskogen vel som i 1926 kom til i det som då var ei bakevje i høve til resten av Høybråten, med ei samling av nokre hytter og ein handfull fastbuande, Denne velforeninga endte likevel som den leiande i Tschudi-området. Etter krigen skifta ho namn til Høybråten Velforening.124 Velforeninga var i 1947 den som tok initiativ til å samle vella i Aker i Aker Velforbund då Aker skulle bli ein del av Oslo.

Sjølv om vi såg at fellesarbeidet i eit nyetablert nabolag kunne organiserast på andre måtar enn gjennom velforeningar, ser vi at vella heile tida representerer medlemer med sjølveigande tomter, enten dette var dei som budde i villastrøka i Bærum, bønder og andre grupper som ikkje var innflyttarar som i Lommedalen, eller arbeidarar i Tschudiskogen. Slik blei vella ei organisasjonsform som femna om mange ulike samfunnsgrupper, men som for alle var knytte til å vare på interessene knytte til hus og nabolag.

Illustrasjon 5

Etter andre verdskrig blei Akers velforbund til for å organisera fellesinteressene til velforeningane i det gamle herredet etter at Aker blei ein del av Oslo. Å organisera nabolagsinteresser gjennom velforeningar vart frå då av også sett som eit alternativ for nabolag inne i byen.

Berre bedrestilte forstadsbuarar?

Dei første vella kom til på feriekoloniar og i nyetablerte nabolag i området rundt og i Oslofjorden, i Aker, Bærum, Asker og Nesodden. Vella skulle i første rekkje løysa problem som følgte med etableringa av sommar- eller permanente bustader, særleg knytt til opparbeidinga av vegar, skaffa vatn og driva vedlikehald, og ikkje minst hjelpa medlemene med å få skaffa best mogleg transport til og frå hovudstaden.

Utover i mellomkrigstida blei dei heilårsbusette på stader som Nesodden og øyene i fjorden fleire, og vella der meir prega av deira behov. Dermed blei dei gamle sommarvella likare vella langs jernbanelinene med innflyttarar og nyetablerte villastrøk.

Forholdet mellom vella og kommunane dei var i, endra seg i løpet av perioden. Vella forsøkte i mellomkrigstida dei fleste stader å få kommunen til å overta mest mogleg av ansvaret. Dei var her med på å auka det kommunale ansvarsområdet, særleg når det galdt å legga til rette for bustadutvikling og kommunikasjonsutvikling. Overgangen var ein del av ein breiare kommunaliseringsprosess som førte private oppgåver over til kommunen. For vella gjorde den kommunale overtakinga av mange tidlegare oppgåver, som rolla som vaktpost og interesseforvaltar for medlemene i sitt nærområde, viktigare. Å skapa trivnad og eit godt bustadmiljø i nærområda sine blei ei viktig oppgåve for dei fleste vel.

I den største norske villakommunen Fana fekk ikkje vella ein tilsvarande posisjon som i forstadskommunane til hovudstaden. Utbygginga av slike strøk i Fana skjedde i stor grad utan organisering i vel. Det blei etablert vel også av andre grupper enn den urbane mellomklassen, særleg i områda rundt Grorud, samt i «lommer» med meir ruralt preg eller arbeidarklassepreg i Asker og Bærum. «Arbeidar-vella» hadde same behov som «villa-vella» for oppbygging av infrastruktur, men kunne ta i bruk andre verkemiddel, også politisk, der dei var nærare og i eit tilfelle direkte tilknytt Arbeidarpartiet. I Vestre Bærum var det også medlemer frå det tradisjonelle gardbrukarsamfunnet med. Slike «bygde-vel» synes meir enn vella i dei urbane villastrøka å ha knytt saman dei som alt budde på staden med dei som flytte til. Erfaringane frå slike «bygde-vel» og frå «arbeidarvella» elles i Bærum og Vestre Aker, viser at vellet også var ein aktuell organisasjonsmåte for andre grupper hus og som del av eit nabolag.

Ei forklaring på at vella kom, var at medlemene – enten dei var sommargjester eller nytilflytte villaeigarar – sjølve måtte etablera infrastruktur og tenester fordi kommunane rundt hovudstaden ikkje kunne møta krava dei stilte. Vella og innflyttarane kom i ein periode då norske kommunar var i endring, og var sjølve uttrykk for ein ny måte å organisera og målbera interesser på. Kontrasten mellom vella som auka sin innverknad, medan dei breitt orienterte og allment retta, men embetsmannsprega sokneselskapa vart svekka, er markant.

Gjennom utviklinga av sine nabolag med medlemer som arbeidde i byen, var vella også viktige bidragsytarar i urbaniseringa av omeignskommunane til hovudstaden og av omvandlinga av desse til forstader i eit stor-Oslo fram til andre verdskrig. Samtidig viser utflyttinga frå Bergen til Fana fram til same tidspunkt at sterke vel neppe var drivarar i ei slik utvikling. Der dei klarte å organisera interessene til bustad- og tomteeigarar, var vella effektive reiskapar for å få innverknad overfor kommune og andre samfunnsaktørar på.

Vella spela ei særleg viktig rolle i middelklassen si modernisering av rurale forstadskommunar med etablering av villastrøk som ein sentral indikator. Samtidig er dette biletet mindre eintydig enn det som har kome fram i dei faghistoriske framstillingane. Som organisasjonshistorie representerer vella ei organisering nedanfrå, i hovudsak for andre grupper enn dei som gjekk inn i dei store folkerørslene som kom til om lag i same tid. Dei var samtidig ei organisasjonsform som så å seia berre spela ei rolle i forstadskommunane rundt hovudstaden – ikkje i denne eller andre byar og stader i landet. Frå oppkomsten i 1870-åra og fram til andre verdskrig er vella i Noreg i første rekkje ein del av historia om korleis forholdet mellom hovudstaden og omeignskommunane endrar seg.

  

Artikkelen har blitt til som del av utviklinga av eit prosjekt saman med Vellenes Fellesorganisasjon om historia til dei norske vella. Historiegruppa til Vellenes Fellesorganisasjon med Lars Thue, Harald Koht, Odd Einar Dørum og Erik Sennesvik har gjeve gode innspel. I tillegg takk til Karl-Egil Johansen for kommentarar, samt fagfellane til Heimen.

Nettressursar og lenker

Lenkene her og i notane er lasta ned i perioden mars 2020 til og med januar 2021.

Digitalarkivet til Bergens Tidende

Nasjonalbibliotekets digitalsamling

Oslobyesvel.no

Litteratur

Arnesen, Daniel. (2020). Finansiering av frivillighet. Frivillig sektors økonomi og lokallagenes rammevilkår. Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor. Rapport 20:6.

Arnesen, D. (2018). Mellom organisering, politikk og forvaltning En studie av nasjonale paraplyorganisasjoner i Norge. Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor. Rapport 18:1.

Asp-Larsen, M.(red.). (1996). Lenge det gikk før Høybråten fikk –. Høybråten velforening.

Berg, A. (1938). Selskapet for Oslo Byes vel 1811–1936. Oslo.

Bærum. Bærum velforbund 1982.

Dagsland, S. Hamre. (1999). Nytte og lys – midt i Bergen: Det nyttige selskab 225 år. Bergen.

Fra Ladegaardsøen til Bygdøy. Utgitt til 75-årsjubileet av Selskapet for Bygdø Vel. Oslo. 1947.

Grønlie, T. (2004). Fra velferdskommune til velferdsstat – hundre års velferdsvekst fra lokalisme til statsdominans. Historisk Tidsskrift, bind 83, 2004.

Grønlie, T. (1991). Velferdskommunen i dette århundre. Kommunes rolle som initiativtaker i sosiale reformspørsmål, i Nagel (red.) (1991).

Holm, C. Hintze. (1995). Nesoddens historie. Bind 2. Fra 1800 til 1930. Nesodden historielag.

Johansen, -K.-E. (1993). Fana Bygdebok 3. Fanabu og bymann 1870–1972. Bergen.

Johannessen, F.E. (2000). Utsikt over Nordstrands historie. Oslo.

Johannessen, F.E. (1990). «III. Villabebyggelsens tid». I Johannessen, F. E; L.Henriksen, M. Schulerud. Fint folk i bratte bakker: Ljans historie. Selskapet av Ljans Vel.

Kjeldstadli, K. (1990). Oslo bys historie 4. Den delte byen. Fra 1900 til 1948. Oslo.

Kirkeby, K. (1972). Lommedalens vel 1922–1972. [Bærum] Lommedalens vel.

Koht, H. (2011). «Grasrota lever. Samspillet mellom kommune og områdeforeninger.» Paper, NEON konferansen 16–18. november 2011.

Koht, H. (2013). Dugnadsånd og samstyring i lokalsamfunnet. Velforeningenes politiske og sosiale betydning. Rapport 2013, nr 2. HiOA.

Koht, H. (2018). «Tilbakeslag for organisert medvirkning i kommunalt planarbeid?» I Plan 2/2018.

Klouman, H. (1927). Bygdø. Nu og i gammel tid. Selskabet for Bygdø Vel, Oslo.

Kraus, K. (1996). Viktige trekk fra Norges vels historie 1809–1995. Oslo.

Langestrand – fra enevelde til republikk. Langestrand Nyttige Selskab 1877–1997. Larvik.

Myhre, J.E. (1982) Asker og Bærums historie. Bærum 1840–1980. Oslo.

Nagel, A.-H. (red) (1991). Velferdskommunen. Kommunens rolle i utviklingen av velferdsstaten. Bergen.

Nerbøvik, J. (1986). Norsk historie 1870–1905. Oslo.

Nyseth, T. m.fl. (2000). Arbeidsformer i grasrot-politikken. Rapport fra feltarbeid i 16 lokalutvalg. Nordlandsforsking, 1005/2000.

Pryser, T. (1985). Norsk historie 1800–1870. Frå standssamfunn til klassesamfunn. Oslo.

Selle, P. (1996). «Frivillige organisasjonar som etterkrigshistorisk forskingsfelt.» I: Selle, Per. 1996. Frivillige organisasjonar i nye omgjevnader. Bergen.

Strømsnes, K. og P. Selle. (2012). Organisasjonene og det offentlige: Har vi fått en ny frivillighetspolitikk? 2012–6. Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor.

Sundby, I. J., A. S. Dolven og M. Kolbenstvedt. (2019). «Kunnskapsbasert politikk i praksis.» Stat & Styring, 3/2019.

Sætren, A. (2003). Solemskogen: skogsgrenda i storbyen: 1903–2003. Solemskogen vel.

Thue, L. (1984a). Askers og Bærums historie. Asker 1840–1980. Oslo.

Thue, L. (1984b). «Vellet – det lokale selvstyret på Malmøya». I: Sør i Aker. Søndre Aker historielag. Årbok 1984. Oslo.

Thue, L. (2020). «Fra steinalder til Høgda IF». Upublisert, manus til Lambertseter IFs historie.

Try, H. (1985). Assosiasjonsånd og foreningsvekst i Norge: forskningsoversyn og perspektiv. Øvre Ervik.

Vellene i Bærum. Bærum velforbund 1982.

Vestbygda gjennom tidene og Spikkestad vel gjennom 50 år.

Velposten. Velarbeid i Norge (Vellenes Fellesorganisasjon)

Wollebæk, D. og P. Selle. (2002). Det nye organisasjonssamfunnet. Demokrati i omforming. Bergen.

1Klouman 1927: 37.
2Jf. gjennomgangen av materialet i neste underkapittel.
3I tillegg til 130 i Aker, Asker, Bærum og Notodden var det i alle 5–6 vel på Austlandet (Nittedal og Larvik er sikre), omtrent det same i Fana rundt Bergen, samt Verdal i Nord-Trøndelag. Vel frå før krigen som eksisterte i 2007, var alle frå austlandsområdet, flest frå Akershus. Jf. Koht 2013: 30.
4Ca 2300 er med i den landsdekkande Vellenes Fellesorganisasjon. Jf. «Kommunal- og forvaltningskomiteen» i Velposten, 3/2019. Talet 8000 er ikkje sikkert, men eit estimat som går tilbake til undersøkinga av omfanget i 2007. Merknad frå Koht som opparbeidde materialet, november 2020. Jf. Koht 2013.
5Jf. Myhre 1980, Thue 1984a, Kjeldstadli 1990.
6Jf Try 1985: 27–28. Sjå til dømes for perioden 1879–1885, der kombinasjonen byborgarleg og embetsmannsbakgrunn var råkande for nye vel som det på Malmøya, jf. Thue 1984b.
7Jf. Selle 1996, Wollebæk og Selle 2002, Strømsnes og Selle 2012, Arnesen 2018 og 2019.
8Jf. Koht 2013: 14.
9Koht 2011, Koht 2013; Halhead 2005: 7.
10Jf. Halhead 2005: 2. Sjå også VFOs organ Velposten 2015: «Velarbeid i nabolandene: Nærmiljøforeninger i andre nordiske land».
11Jf. kven som er med i det nordiske nettverket Hela Norden ska leva, sjå landoversikt http://helanorden.se/
12Jf. Halhead 2005: 2.
13Slike velforeningar er ikkje byvel som Oslo Byes vel eller Trondheim bys vel som kom til gjennom Selskabet for Norges Vel (1809) og deira tilknytte sokneselskap, eller Det nyttige selskap i Bergen (1774). Jf. Berg 1938, Kraus 1996, Dagsland 1999, samt Pryser 1985: 344 om SNV under framvoksteren av organisasjonssamfunnet frå midten av 1800-talet.
14Myhre 1982, Thue 1984a, Kjeldstadli 1990, Holm 1995.
15Jf. note 4.
16Johansen 1993.
17Thue 1984b, Johannessen 1990 og 2000.
18Sætren 2003.
19Haave 2014.
20 https://www.genealogi.no/wiki/index.php/Liste_over_digitaliserte_bygdebøker på Slektshistoriewiki (lasta januar 2021) – Slektsforskernes encyklopedi. Det fins elles etter kvart mange digitaliserte historikkar på heimesidene til eldre, eksisterande velforeningar.
21Som historikkane om Malurtaasen vel – sjå www.malurtaasen.com/skrifter, som også inngår i materialet til Haave 2014.
22Sjå Sundby, Dolven og Kolbenstvedt 2019, Nyseth m.fl. 2000, Koht 2013, Koht 2018, Selle og Wollebæk 2002.
23Wollebæk og Selle 2002: 45 med «Typologi, organisasjonane sine eksterne relasjonar»; 73–76.
24Pryser 1985: 349–350; Nerbøvik 1986: 128–129.
25Thue 1984b: 80 om Malmøya. Då vellet blei til her i 1884 var formannen tidlegare sekretær i SNV. Samtidig synes det ikkje å ha vore noko kopling til SNV då vellet på Bygdøy blei til i 1872. Langestrands nyttige selskap i Larvik, som kom til i 1877, brukte altså «nyttig», og ikkje «vel». Jf. likevel Det nyttige selskap i Bergen i 1774 som ein slags forløpar på bynivå for SNV.
26Pryser 1985: 344; 249–350.
27I første rekkje bondevenforeningane. Jf. Pryser 1985: 350–351, men det kom til fleire nye organisasjonar på bygdene rundt 1870 i det som var den andre perioden med stor foreningsvekst.
28 Bestums vel 1892–1917: 3. Jf. https://www.bestum.no/images/historie/Bestum_vel_1892-1917.pdf.
29Fra Ladegaardsøen til Bygdøy: 39–40.
30Fra Ladegaardsøen til Bygdøy: 71.
31Fra Ladegaardsøen til Bygdøy: 45
32Fra Ladegaardsøen til Bygdøy: 50.
33Fra Ladegaardsøen til Bygdøy; 54–55.
34Fra Ladegaardsøen til Bygdøy: 62–64.
35Fra Ladegaardsøen til Bygdøy: 64.
36Thue 1984b: 53–55;70.
37Thue 1984b:70–71; 75.
38Thue 1984b: 82. «Gårdbrukerne stod sterkt i kommunens formannskap og kommunestyre».
39Thue1984b: 81.
40Thue 1984b:82.
41Thue 1984b, s. 83.
42Thue 1984b: 88–89.
43Som brøyting, båtavgangar og heilårs vannledning. Thue 1984b: 102–106.
44Thue 1984b:108.
45Holm 1995.
46Oksval (1904), Fjellstrand og Helvik (1912), Bomansvik (1914), Blylaget (1916), Søndre Flaskebekk (1917, frå 1923 Sjøstrand), Ursvik, Nesoddtangen og Helvikskog (1920). Holm 1995: 385.
47Holm 1995: 386.
48Holm 1995: 386.
49Kjeldstadli 1990: 398; 400 (oversikt over forstadsbanane); 404.
50Jf. Sandvika vel.
51Johannessen 1990: 89–90 i «Nybyggertid 1875–1910»; jf. Johannessen 2000:106; 49.
52Johannessen 2000: 53;63; 70.
53Johannessen 2000: 94.
54Johannessen 2000: 153
55Johannessen 1990: 97.
56Johannessen 1990: 97.
57Thue 1984a, Myhre 1982
58Thue 1984a: 157–160.
59Myhre 1982: 233.
60Thue 1984a: 153–155.
61Thue 1984a: 168.
62Thue 1984a: 223.
63Thue 1984a: 210.
64Myhre 1982: 175–177; 245.
65Myhre 1982: 176.
66Myhre 1982: 234–235.
67Myhre 1982: 254.
68Haave 2014: 10.
69Haave 2014: 18.
70Haave 2014: 37–40.
71Haave 2014: 19–20; 23.
72Haave 2014: 25.
73Haave 2014: 34.
74Myhre 1982: 254. Haave 2014: 35–36.
75Myhre 1982: 253–254 og Vellene i Bærum. Bærum velforbund 1982; Thue 1984a: 223; Holm 1995: 385. Jf. også «Historie» og «Vedtekter» hos www.askervelforbund.no.
76Sjølv om dei sikre tala er frå litt ulike tidspunkt i dei fire kommunane, er 130 velforeningar i 1940 neppe mykje feil. I 1938 var det 42 vel i Bærum (Myhre 1982: 253–254), i 1939 var det 15 velforeningar på Nesodden (Holm 1995: 385) i 1940 21 velforeninger i Asker (Thue 1984a: 223; 333), og rett etter krigen 63 i Aker (Kjeldstadli 1990: 407).
77Johansen 1993: 166–167; 306–307. Høyland og Hetland var dei største landkommunane ved Stavanger, med Jærbanen (1878) som forstadsbane på strekninga Sandnes-Stavanger, der det altså også kom villabebyggelse med dagpendling.
78Johansen 1993: 194–195.
79Johansen 1993: 295.
80Johansen 1993: 312. I alt arbeidde rundt 20% utanfor kommunen i 1920; dei langt fleste i Bergen.
81Johansen 1993: 301–302. I 1972 var 50% av bustadsmassa «frittliggende einebustader», mot 28% i Bærum. Johansen 1993, s. 304. Skilnaden er så stor at heile gapet neppe hadde oppstått etter krigen.
82Johansen 1993: 274; 278.
83Johansen 1993: 274.
84Johansen 1993: 208; 309–311. Det kom såleis velforeningar også på Paradis, Fjøsanger og Minde. Jf. note under.
85Basert på søk etter vella i digitalarkivet til Bergens Tidende frå 1900 til 1940 – sjå BT 10.3.1926: «Minde og Fjøsangers vel»); BT, 22.2.1936: ««Hops Vel»» (lesarinnlegg); BT, 7.4.1938: «Jernbaneundergangen på Nesttun», BT 30.3.1938: ««Paradis og omegns vel» arbeider for beskyttelse av villabebyggelsen». Oppslaga viser at det er fire eller fem vel rett før krigen, etter at namn og kjerneområde skifta noko over tid.
86Jf. Johansen 1994 s. 140–141 om storborgarskapen i Fana som alt rundt hundreårsskiftet blei kalla ein «rikmannskoloni» og i kommentar 24.11.2020.
87Johansen 1993: 145.
88BT. 30.3.1938, der «beskyttelse av villabebyggelsen» blir omtalt som «foreningens viktigste sak».
89Johansen 1993: 312–313.
90Jf. BT 30.3.1938.
91Fana Velforeningers Fellesråd kom etter krigen, og omfatta i slutten av femtiåra 12 foreiningar. Johansen 1993: 464. Rett før krigen synes det berre å ha vore tre aktive vel i Fana (jf. gjennomgangen i BT over).
92Thue 1984b: 82.
93Thue 1984b: 81.
94Til skilnad frå sosial boligbygging, som er sett som eit uttrykk for kommunalt initiativ som den første offentlege innsatsen på bustadreising. Sjå Hovland 1987: 142–143.
95Hovland 1987: 107 om den kommunale ekspansjonen 1890–1920.
96Try 1985: 21–22 om trekka ved foreningane slik dei stod fram frå 1880-åra og Myhre 1982: 175–176.
97Jf. Grønlie 2004: 633–634 om velferdskommunen som omgrep for å fange korleis det i norske kommunar fann stad ei velferdsutvikling. Jf. også Grønlie 1991; Nagel (red.) 1991.
98Myhre 1982: 288.
99Jf. Myhre 1982:289–290; Johansen 1993: 191–192.
100Myhre 1982: 279–280; Johansen 1993: 190–191.
101Kirkeby 1972: 7.
102Kirkeby 1972: 10.
103Kirkeby 1972: 17.
104Myhre 1982: 254.
105Slike bygdelag som organisert uttrykk kan visa til måten gardsbruk utgjorde Jf, fellesskapet mellom gardar som rundt arbeidsoppgåver og i samver i bryllup og gravferder (bedarlag)). Jf. Try 1985: 19. «Bygdelag» kom opp att som nemning på foreningane i bygde-Noreg som særleg kom til frå 1990-åra, og som vart ein del av velrørsla. Jf. Koht 2013.
106Johannessen 2000: 109–110; 168
107Johannessen 2000: 169.
108Johannessen 2000: 169–170.
109Kritikken blei då også framført i den sosialistisk orienterte Nordstrands-Vellenes Avis, i kontrast til den borgarlege Nordstrands Avis, som Nordstrand Vel helst ytra seg i. Lars Thue utdjuper nokre av skilnadene Johannessen antyder i eit nytt bidrag om Lambertseter (Thue 2020, under publisering: 5–7), der han går inn på dei ideologiske og sosiale skilnadene mellom «kommunist-vellene» eller «fagforeningsvellene» og dei eldre vella i området.
110Jf. Vestbygda gjennom tidene og Spikkestad vel gjennom 50 år.
111Vestbygda gjennom tidene: 31–34; 45–48.
112Vestbygda gjennom tidene: 51–56.
113Asp-Larsen (red.) 1996: 30–32.
114Asp-Larsen (red.)1996: 11–12. Frå 1921 var namnet Høybråten Nybyggerforening.
115Haave 2014: 19–20; 34–35 med døme frå velaktive frå Malurtåsen vel i Bærum før andre verdskrig.
116Myhre 1982: 254.
117Asp-Larsen (red.) 1996: 12.
118Asp-Larsen (red.) 1996: 12–13.
119Asp-Larsen (red.) 1996: 13–16.
120Sætren 2003: 11–17; 29–32.
121Sætren 2003: 50.
122Sætren 2003: 62–64.
123Sætren 2003: 64.
124Asp-Larsen (red.) 1996: 12–13; 176–177.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon