Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Skulehaldarar i det førmoderne Noreg – mellom barken og veden?

Teachers in Ambulatory Schools in Pre-modern Norway – Between the Bark and the Tree?
Høgskulelektor i historie, Høgskulen i Volda

Denne artikkelen freistar å analysere kva posisjon omgangsskulelæraren hadde i norske bygder før midten av 1800-talet i forhold til den påståtte kulturelle todelinga i ein embetsmannskultur og ein bondekultur. Er det rimeleg å seie at skulehaldaren inntok ein posisjon mellom desse to kulturane? Gjennom analysen av ein konflikt mellom bønder og styresmakter i Vågå tidleg på 1800-talet vert maktaspekt ved posisjonen til skulehaldarane tematisert. Sjølv om skulehaldaren kan seiast å stå i ein mellomposisjon i kraft av å vere i ein relasjon til presten, forankra i den såkalla hustavle-ideologien, var denne posisjonen ikkje nødvendigvis stadfesta innanfor bondekommunale arenaer. Førekomsten av ulike ideologiar og maktprinsipp innanfor bygdesamfunnet gjer såleis at posisjonen til skulehaldaren ikkje var nokon eintydig mellomposisjon. For dei fleste var dessutan stillinga som skulehaldar avgrensa i tid til perioden før ein gifta seg og stifta levebrød, noko som gav mellomposisjonen deira ein flyktig karakter. Skulehaldarar som gjorde lærarstillinga til ein livsveg, kunne likevel – gjerne gjennom utviklinga av ein personleg relasjon til presten – akkumulere tilstrekkeleg kulturell kapital til at ein posisjon mellom embetsmanns- og bondekulturen vart fastare og meir stabil. Uansett gjorde førekomsten av ein slik posisjon som skulehaldaren representerte, at forholdet mellom dei to kulturane i det store og heile vart mindre skarpstilt enn det ein gjerne har sett føre seg.

Nøkkelord: embetsmenn, lærarar, omgangsskule, kulturhistorie, skulehistorie

This article attempts to analyze the position of the teachers in ambulatory schools in rural districts in Norway before the middle of the 19th century, in relation to the alleged cultural division into an official culture and a peasant culture. Is it fair to say that the rural schoolmaster occupied an intermediate position between these two cultures? Through the analysis of a conflict between peasants and the government in the parish of Vågå in the early 1800s, the power aspects of the position of the teachers in the ambulatory school are discussed. Although one may regard the rural schoolmaster as in an intermediate position by virtue of being in a formal relationship with the vicar, anchored in official ideology of the government, this position was not necessarily confirmed within self-governing institutions based on communal-egalitarian principles within the peasant society itself. The existence of different ideologies and principles of power within rural communities thus means that the position of the schoolmaster was not an unambiguous middle position. For most schoolteachers in rural ambulatory school, moreover, the occupation as teacher was limited in time to the period before one married and made a proper living, something that gave their middle position a transitory character. Schoolteachers who made the teaching a lifelong calling could nevertheless – often through the development of a personal relationship with the vicar – accumulate sufficient cultural capital so that a position between the official culture and peasant culture was firmer and more stable. In any case, the existence of such a position as the schoolmaster represented meant that the relationship between the two cultures was, on the whole, less sharp-edged than has often been claimed.

Keywords: Officials, teachers, ambulatory school, cultural history, history of education

Innleiing

Ikkje alle individ i det norske bygdesamfunnet på 1600-, 1700- og 1800-talet lèt seg utan vidare innpasse i dei to kulturane som ein har meint dominerte bygdene på denne tida: embetsmannskulturen og bondekulturen. Ofte talar ein om grupper som ligg mellom dei to kulturelle polane – ein form for halvkondisjonerte – som sameiner trekk frå båe kulturane. Karakteristisk for slike mellomposisjonar er at individa hadde band som knytte dei til begge dei to samfunnsgruppene som dei to påståtte kulturane sprang ut av: embetsmenn og bønder.

Ofte var bakgrunnen for slike mellomposisjonar at styresmaktene greip stadig meir inn i lokalsamfunna, til dels for å hente ut meir ressursar frå befolkninga.1 Ei gruppe som det kan vere rimeleg å plassere i ein slik mellomposisjon – underoffiserane – oppstod såleis i samband med behova til statsmakta for å mobilisere bondesoldatar innanfor rammene av ein norsk hær frå 1600-talet av.2 Fleire slike mellomposisjonar er knytte til aukande kontaktflate mellom stat og befolkning som følgje av at statsmakta gradvis viste større vilje til å utøve makt over befolkninga. Det vart naudsynt med eit meir finmaska nettverk av stillingar og posisjonar for å setje statleg politikk ut i livet. Typiske mellomposisjonar kunne oppstå ved at allmugefolk vart rekrutterte inn i lågare stillingar i offentleg regi, underordna embetsmenn. På sikt kunne den aukande statlege involveringa i bygdesamfunna på denne måten påverke også dei sosiale og kulturelle formasjonane i lokalsamfunna.

Illustrasjon 1:

Forordninga av 1739. Med forordninga av 1739 vart obligatorisk allmugeskule innført på bygdene i Noreg.

Kjelde: Anno Domkirkeodden / Digitalt Museum. https://digitaltmuseum.no/021015729637/rp-forordning-skolene-pa-landet-1739

Denne artikkelen har fokus på ei slik gruppe: omgangsskulelæraren i den norske allmugeskulen på bygdene før midten av 1800-talet. Under statspietismens glanstid i Danmark-Noreg på 1730-talet innførte sentralmakta obligatorisk skulegang for allmugeborn i bygdene i Noreg.3 Skipinga av allmugeskulen følgde få år etter innføringa av konfirmasjonen, og den religiøse bakgrunnen for tiltaket gjorde at allmugeskulen i stor grad vart ein del av kyrkja sitt ansvarsområde, der presten hadde eit særleg ansvar for gjennomføringa av tiltaket på lokalnivået. Sjølv om styresmaktene hadde ein ambisjon om å opprette fastskular i bygdene, var det omgangsskulen som i all hovudsak vart skuleforma i bondesamfunnet. Med skulekista, bøkene og riset som symbolske markørar og potensielt distingverande trekk i forhold til resten av allmugen, var skulehaldaren sjølve manifestasjonen av skulen på bygdene fram til midten av 1800-talet, då fastskulane gradvis erstatta den gamle omgangsskulen. Skulehaldaren var rekruttert frå bondesamfunnet, samstundes som han stod i relasjon til presten som overordna embetsmann. I utgangspunktet – på eit overflatisk plan – kan denne tvitydige orienteringa gje grunnlag for eit syn på skulehaldaren som innehavar av ein mellomposisjon mellom allmuge og embetsmann. Grundige undersøkingar om praktiseringa av denne skulehaldarrolla er likevel avgjerande for å få eit betre grep om kva som ligg i denne mellomposisjonen for skulehaldaren sin del. Kva var forholdet mellom skulehaldaren som aktør og dei to kulturane som historikarar har påstått dominerte landsbygda i Noreg på 1700- og 1800-talet? Er det korrekt å seie at skulehaldaren – i kraft av sitt virke – gjekk inn i ein posisjon mellom dei to sosiale og kulturelle formasjonane som dannar utgangspunkt for tekstane i dette heftet?4 I så fall: Vart rolla utøvd på ein måte som minska ei i utgangspunktet skarp todeling? Låg det i rolla som skulehaldar eit potensial til å overskride kulturelle skiljelinjer?

Ein lokal konflikt der skulehaldarane inntok ei sentral, men tvitydig rolle, utgjer kjernen i denne analysen. Konflikten gjaldt innføringa av «Den Evangelisk-Christelige Psalmebog» i Vågå tidleg på 1800-talet, eit tiltak frå biskopen si side som utløyste strid mellom prestane og delar av allmugen. Denne striden varte i fleire år, og protestane frå allmugen kom til uttrykk både gjennom passiv og aktiv motstand, legale og illegale reaksjonsformer. Bøndene i Vågå vende seg til styresmaktene med skriftlege protestar i tråd med gammal sedvane, og dei heldt seg tause under salmesongen i kyrkja. Men dei gjekk også meir offensivt til verks, med til dels trugande åtferd mot sokneprest og kapellan. Og ikkje minst song kyrkjelyden frå den gamle salmeboka til Kingo når klokkaren freista å leie songen med utgangspunkt i den nye evangelisk-kristelege salmeboka.

Illustrasjon 2.

Evangelisk-Christelig Psalmebok, her i ei utgåve frå 1843. Salmeboka vart godkjent av styresmaktene i 1798, men den rasjonalistiske karakteren til salmeboka vekte motstand hos pietistiske bygdefolk.

Foto: Harald Krøvel.

Valet av denne konflikten som inngang til analysen av skulehaldaren sin moglege mellomposisjon i kulturell forstand, kan grunngjevast med fleire forhold. Fokuset på ein konflikt på mikronivå gjer det mogleg å studere den kulturelle og sosiale identiteten til skulehaldaren under press, konfrontert med aktørar med ein annan identitet – både embetsmenn og bønder – innanfor ulike fasar av konflikten. Konfliktar utfordrar og set sosiale og kulturelle identitetar i spel, noko som gjer studiet av konfliktar eigna til å sirkle inn posisjonar som er karakterisert ved fleirtydigheit, slik mellomposisjonar nødvendigvis vil vere. Konfliktar utløyser maktbruk, og ved å bruke ein konkret konflikt som eit kikhol inn til sosiale og kulturelle aspekt ved eit lokalsamfunn vil ein vonleg også kunne gripe maktdimensjonen ved posisjonen til skulehaldarane. Rådde skulehaldaren over maktressursar som gjorde han i stand til å forsvare og vedlikehalde ein mellomposisjon i ein konflikt?

Som bakgrunn for drøftinga av konflikten er det naudsynt å seie litt allment om det sosiale og kulturelle utgangspunktet for omgangsskulelærarane i første halvdel av 1800-talet. For å illustrere den viktige relasjonen mellom presten og omgangsskulelæraren løftar artikkelen fram eit konkret døme, også det henta frå Vågå, på eit dynamisk miljø av skulehaldarar kring sokneprest Hans Peter Schnitler Krag i 1830- og byrjinga av 1840-åra. Den sentrale skulehaldaren er her Hans Hansson Pillarviken, men også brørne Fredrik, Paul og Engebret Hougen har vore ein del av analysen som omtalen her er basert på.5 Førekomsten av personlege brev og sjølvbiografiske skisser frå fleire av desse aktørane har gjort det mogleg å kome nær dette blømande skulemiljøet i Nord-Gudbrandsdalen.

Illustrasjon 3.

Portrett av sokneprest Krag. Hans Peter Schnitler Krag (1794-1855) var sokneprest i Vågå i perioden 1830-42. Han var ein opplysningsprest som klarte å skape eit rikt kunnskaps- og lærdomsmiljø i Vågå, der m.a. dei lokale omgangsskulelærarane fann sin naturlege plass. Kunstnar: Portrettmålar Olsen (1849).

Kjelde: Vågå bygdebokarkiv.

Alle dei ulike delane i artikkelen byggjer på eit avhandlingsarbeid som tek føre seg omgangsskulelærarane i prestegjelda Vågå og Lesja i Nord-Gudbrandsdalen, samt Kvernes på Nordmøre.6

Sosial bakgrunn, nettverk og kulturell kapital

Frå styresmaktene si side var det i utgangspunktet ikkje intensjonen å gje rom for etableringa av ein posisjon mellom bønder og embetsmenn ved opprettinga av allmugeskulen på bygdene. Tvert imot vart det føresett at skulehaldarane skulle rekrutterast frå bondesamfunnet, og allereie i plakaten av 1741 vart det understreka at skulehaldaren skulle vere «Landets Levemaade og Kost bevandte».7 Dette hadde sjølvsagt si praktisk-økonomiske side. Undervisninga skulle gå føre seg i bondeheimar, og skulehaldaren skulle nyte kosten her som ein del av godtgjersla for lærargjerninga. Men den kulturelle identiteten til skulehaldaren var stadig gjenstand for debatt, særleg i periodar med forsøk på å heve statusen hans. Dette ser ein tydeleg ved forsøka på å opprette eigne seminar for omgangsskulelærarar frå siste del av 1700-talet.8 Like viktig som distinksjonen bonde/embetsmann var likevel skiljet mellom by og land, der frykta for at bondelærarane skulle tileigne seg ein fornem bykultur, låg under mykje av debatten. Diskusjonen rundt skulehaldarane på bygdene stadfester langt på veg at det var ein kulturell tvitydigheit ved dei som aktørar som gjorde det naudsynt å forsøke å dra opp nokre kulturelle grenselinjer.

For å få eit nærare grep om den sosiale og kulturelle identiteten til skulehaldarane har det vore gjennomført ei kartlegging og analyse av skulehaldarane i to undersøkingsområde: Lesja og Vågå prestegjeld i Nord-Gudbrandsdalen og Kvernes prestegjeld på Nordmøre.9 Mellom dei til saman 100 skulehaldarane kunne ein, som forventa, konstatere ein nærast total dominans av menn. Berre tre kvinnelege skulehaldarar i Kvernes bryt med mønsteret. Når det gjeld den sosiale bakgrunnen til skulehaldarane, kan ein slå fast at alle hadde sitt opphav i bondesamfunnet, med eitt unntak, også det i Kvernes.

I den tradisjonelle oppfatninga av omgangsskulelæraren har marginaliserande trekk fått ein framskoten plass.10 Denne «marginaliseringshypotesen» vert avkrefta i gjennomgangen av den sosiale og økonomiske bakgrunnen til skulehaldarane i undersøkingsområda.11 Verken i Nord-Gudbrandsdalen eller i Kvernes vart skulehaldarane rekrutterte frå huslydar med spesielt svakt næringsgrunnlag.12 Rett nok var ein del av skulehaldarane husmenn, men det var fleire som hadde gardbrukarbakgrunn. Jamt over synest skulehaldarane med gardbrukarbakgrunn å kome frå eit midtsjikt i bondesamfunnet. Det er særleg verdt å merkje seg at i det lagdelte Vågå var ingen av skulehaldarane rekrutterte frå dei største og mest velståande gardane.

Både i Kvernes og i Nord-Gudbrandsdalen finst det mange døme på at skulehaldarar var knytte til kvarandre gjennom familieband og slektskapsnettverk.13 Det er eit poeng at desse relasjonane eller nettverka svært sjeldan kryssa standsskilja. Med ytst få unntak gifta skulehaldarane seg ikkje med kvinner frå embetsstanden, og skulehaldarane synest heller ikkje å ha spelt noka framskoten rolle som fadrar for embetsfolk. Ei førebels undersøking av fadderskap i Kvernes i perioden 1795–1819 tyder heller ikkje på at skulehaldarane var nytta i spesielt høg grad som fadrar av andre bønder.14 Verken ekteskaps- eller fadderskapsrelasjonane underbyggjer såleis oppfatninga av skulehaldarane som innehavarar av ein mellomposisjon i bondesamfunnet i dei undersøkte områda.

Førekomsten av fleire skulehaldarar både innanfor den nære familien og meir vidgreina slekter kan tolkast på fleire måtar. Det ligg nær å nytte omgrepet «kulturell kapital» frå Bourdieu sin tankebygnad som ei mogleg forståingsramme.15 Gjennom oppvekst, oppseding og sosialisering inn i eit bestemt miljø der særeigne normer og kompetanse er internalisert, vil individ knytte til bestemte familiegrupper vere disponerte for å gå inn i ei rolle som skulehaldar. Den høge førekomsten av skulehaldarar i bestemte familiar og slekter kan såleis tolkast som eit resultat av opphoping av kulturell kapital. Denne forklaringsmodellen vert i enkelttilfelle underbygd ved at ein kan vise til at medlemmer av familiar/slekter med mange skulehaldarar også har sete med bygdekommunale verv (lagrettemenn, forlikskommissærar, prestens medhjelpar, kyrkjeverje mm.) eller ei militær rolle som til dømes underoffiser.16 Men eit slikt samanfall er likevel ikkje noko gjennomgåande drag i materialet.

Kulturell kapital som forklaringsmodell har også sine avgrensingar. I kor stor grad hadde den teoretiske, praktiske og sosiale dugleiken som vart kravd i stillinga som skulehaldar, ein verdi utover seg sjølv? Det er snakk om dugleikar som hadde ulik status for ulike sosiale grupper, samstundes som statusen òg kunne variere mellom forskjellige samfunnsarenaer. Krava til formell utdanning og realkompetanse var låge, sjølv om det gjennom presten ofte skjedde ei utsiling på grunnlag av dugleik og personlege eigenskapar. Det er her grunn til å skilje mellom skulehaldarar med ei livslang teneste for skulen og typiske «7- eller 10-årslærarar», det vil seie lærarar som var i omgangsskulen i eit bestemt tal år slik at dei fekk fritak for militærteneste. Bakgrunnen for dette skiljet er ikkje først og fremst at kompetansen til omgangsskulelæraren auka med åra han verka i omgangsskulen. I realiteten var arbeidsoppgåvene hans rutineprega, utan store moglegheiter til fagleg utvikling. Men ein skulehaldar som via livet sitt til skulen, hadde gjerne ei personleg interesse for bokkultur, ofte som autodidakt. Både denne personlege orienteringa og lang tenestetid i skulen gjorde dessutan at skulehaldaren kunne utvikle ein relasjon til opplysningsorienterte prestar, slik ein ser fleire døme på både i Kvernes, Lesja og Vågå.17 Likevel fanst det knappast noko felt (i bourdieusk forstand) der dugleiken til skulehaldaren var høgt verdsett eller hadde høg symbolsk verdi. Avstanden i formell utdanning og lærdom i forhold til presten og andre embetsmenn var for stor til at skulehaldaren sin kulturelle kapital kunne ha nokon høg verdi i embetsmannsmiljø, samstundes som teoretisk kunnskap i liten grad var verdsett i bondesamfunnet. Ein kan ikkje handsame ein bestemt dugleik som kulturell kapital uavhengig av verdivurderinga av denne kapitalen på ulike felt i samfunnet.18

Eit alternativ til å sjå opphopinga av skulehaldarar i bestemte familiar og/eller slekter som akkumulasjon av kulturell kapital vil vere å sjå på det som rein sosialisering: å ha ein far eller bror som skulehaldar auka moglegheitene for at eit individ valde denne rolla, uavhengig av kva status eller kulturell kapital som var knytt til stillinga. Innanfor den nære familie var det slett ikkje uvanleg at ein hadde fleire skulehaldarar mellom brør, eller at søner etterfølgde faren som skulehaldar. Når det gjeld den sistnemnde rekrutteringsmåten, er det grunn til å vurdere om ikkje dette berre er ein kulturell variant av det vanlege suksesjonsmønsteret i eit patriarkalsk bondesamfunn, som gav seg uttrykk i at son følgde far som brukar på eit gardsbruk. Ei slik kopling er særleg tydeleg i Kvernes på Nordmøre, der det var lagt ut eigne gardar som lærarane fekk bruksretten til.19

Prest og skulehaldar − eit blikk på mikrofysikken til makta

Sjølvbiografiske nedteikningar og personlege brev utgjer eit særleg verdifullt materiale for analysar av forholdet mellom skulehaldarar og prestar. Mikrohistoriske tilnærmingar til denne type kjeldemateriale gjer det mogleg å studere makta i denne relasjonen, samstundes som vi stundom får auge på dei kulturelle markørane som vert artikulerte i møte mellom embetsmenn og skulehaldarar med bondebakgrunn.

I sjølvbiografien til skulehaldaren Hans Hansson Pillarviken frå Vågå finn vi prov på ei selektiv og medviten haldning til prestane han står i ein relasjon til, og forholdet varierer frå avvising og tilbaketrekking, til den nære og fortrulege vennskapen.20 Det Pillarviken held fram som den avgjerande føresetnaden for at relasjonen til presten skal utvikle seg til nærleik, er eit felles interesseområde knytt til opplysning og lærdom. Det er også på dette området Pillarviken kan få stadfesta sin eigen identitet som skulehaldar og bygdeintellektuell. For at relasjonen mellom presten og læraren skal verte vellukka, sett frå Pillarviken sin synsstad, må presten forvalte embetsrolla si på ein måte som opnar for og inviterer til eit standsoverskridande vennskap.

Også i det biografiske materialet om Hougen-brørne, også dei lærarar frå Vågå, kjem det fram at det først og fremst var den boklege interessa som batt dei til presten Krag.21 Der perspektivet på forholdet mellom prest og skulehaldar i Pillarviken sin sjølvbiografi vekslar mellom nærleik og distanse, dominerer nærleiken heilt i dei sjølvbiografiske nedteikningane til Fredrik Hougen. Ein kan kanskje seie at denne framstillinga av eit harmonisk vennskap mellom ein prest og tre brør som alle tok seminarutdanning, underspelar eller til og med aktivt tilslører maktforholda i relasjonen. Men det er knappast slik at maktutøvinga vert mindre effektiv dess nærare og meir jamstilt aktørane står. Tvert imot kan ein argumentere for at makta vil vere mest produktiv der avstanden er minst, der forholda er prega av relativ likskap (eller tilsynelatande likskap) og felles referansepunkt. Presten var ikkje berre embetsmann, men også ein hyrde som skulle leie flokken sin til frelse. Den franske filosofen og idéhistorikaren Michel Foucault har påvist korleis pastoral metaforikk med kristendommen kom til å verte sentral i leiinga av menneske i ein verdsleg røyndom.22 Dette er ein annan måte å utøve makt på enn den som førekjem i byråkratiske organisasjonar der formelle posisjonar ordna i ein hierarkisk struktur ligg til grunn for maktutøvinga.23 Det liknar meir maktutøvinga i nettverksrelasjonar eller i eit patron–klient-forhold. Ein føresetnad for maktutøvinga er at presten har kunnskap om det indre livet til dei «fåra» han skal leie, og den mest kjende maktteknikken her er den individuelle vedkjenninga, skriftemålet, som vert gjort gjeldande i ein ikkje-religiøs samanheng. Kombinasjonen av det fortrulege forholdet mellom partane og kravet om lydnad overfor presten gjer ifølgje Foucault at makta går over til å fungere som «sjølvleiing», leiing av andre si leiing av seg sjølv. Denne modellen av pastoral maktutøving høver godt med det biletet av forholdet mellom presten Krag på den eine sida, og Hougen-brørne og Pillarviken på den andre, slik dette er skildra i det biografiske kjeldematerialet som er analysert.24 Ein tradisjonell maktteknikk med lange røter i den kristne sivilisasjonen kom såleis til å opne for opplysning og modernisering i det norske bygdesamfunnet i første halvdel av 1800-talet.

Bondemotstand – skulehaldaren i ein mellomposisjon?

For å kunne analysere dynamikken i den kulturelle identiteten til skulehaldaren har eg studert skulehaldarane si rolle i ei konkret konflikt: den såkalla «salmebokstriden» i Vågå i åra 1806–09.25 Kjernen i striden var «Den Evangelisk-Christelige Psalmebog», ei salmebok med rasjonalistisk preg som biskop Bech freista å føre inn i kyrkjelydane i Akershus stift.26 Gjennom ein breispektra motstand innanfor ulike kanalar greidde allmugen i Vågå å hindre at denne salmeboka erstatta den gamle salmeboka til Kingo i prestegjeldet. Motstanden gjev klart inntrykk av ein høgt utvikla politisk kultur på lokalplan, med inngåande kjennskap til det eineveldige maktapparatet i perioden. Dette står i kontrast til tidlegare oppfatningar om folkeleg motstand og opprør i førmoderne tid som hovudsakleg spontane og med låg organiseringsgrad.27

Illustrasjon 4.

Vågå kyrkje. I kyrkja i Vågå demonstrerte bøndene mot innføringa av ei ny salmebok hausten 1808 ved å syngje frå den gamle salmeboka til Kingo, medan klokkaren song frå den nye framme i koret.

Foto: Harald Krøvel.

Dei fire skulehaldarane i hovudsoknet i Vågå inntok ei sentral rolle i salmebokkonflikten i Vågå, først og fremst i samband med aksjonar under sjølve salmesongen i kyrkjerommet. Under desse aksjonane flytta dei seg frå sine vante plasser ved koret, tok plass saman med allmugen og leidde songen etter den gamle salmeboka, i opposisjon til klokkaren sin song frå den nye salmeboka. Kva fortel denne sentrale rolla om skulehaldarane sin generelle posisjon i Vågå-samfunnet?

Hustavle-ideologi og bondekommunalisme

Med utgangspunkt i omgrepet «Hustavlans värld» har den svenske kyrkjehistorikaren Hilding Pleijel sett forklaringa til det fjerde bodet i Luthers vesle katekisme som ein ideologi som på religiøst grunnlag plasserte menneske i tre sideordna og hierarkisk oppbygde sfærar: den politiske, den religiøse og ei sfære knytt til grunneininga i lokalsamfunnet, hushaldet.28 Denne ideologien strukturerte makta i samfunnet med foreldre–barn-relasjonen som analogi og føredøme: somme vart sette til å styre, andre til å lyde. Innanfor den politiske sfæren var såleis kongar, fyrstar og andre øvrigheitspersonar oppfatta som foreldre, medan undersåttane var å rekne som borna deira.29 Innanfor hierarkiet i kvar sfære inntok menneska overordna og underordna roller, men likevel slik at innehavarane av rollene var bundne saman av gjensidige pliktar og rettar. Dei ulike sfærane var kopla saman i underordninga under kongen, «far sjølv» i København, og normene som hustavla uttrykkjer, skulle derfor prege samfunnet frå topp til botn. Kjønns- og aldersdimensjonen ved ideologien gjer at ein talar om eit patriarkalsk system eller ideologi, og i svensk forsking har òg omgrepet «fadersväldet» vore nytta.30

Hilding Pleijel hevda at normene i hustavla gjennomsyra det svenske samfunnet i tidleg moderne tid på ein måte som prega både tenking og handling i alle sosiale lag. Dermed vart hustavla noko meir enn eit religiøst samfunnsprogram - ein ideologi - som statsmakta freista å implementere i bondesamfunnet. Samfunnssynet i hustavla vart etter Pleijel sitt syn å rekne for ein mentalitet. Fleire svenske forskarar, mellom andre Peter Aronsson og Börje Harnesk, stilte på 1980- og -90-talet spørsmål ved denne oppfatninga av hustavla som uttrykk for ein mentalitet i det svenske samfunnet i eldre tid.31 Aronsen og Harnesk var samde i at ideologien i hustavla fanst nedfelt i religiøse og statlege tekstar, som ein del av styresmaktene sin strategi for å legitimere samfunnsmakt og ei hierarkisk samfunnsordning. Aronsson har peika på at internaliseringa av hustavla - i tråd med maktteoretiske perspektiv hos sentrale forskarar som Norbert Elias og Michel Foucault - kan oppfattast som ein måte å disiplinere allmugen på i ein fase der reint repressive åtgjerder ikkje lenger var tenlege for målsetjingane til statsmakta. I denne fasen vart det viktig å legitimere maktforholda i samfunnet og skape lydige undersåttar gjennom bruk av «mjuke» maktteknikkar som obligatorisk undervisning og formidling i skriftlege medium. Den betydninga katekisma - med hustavla - fekk i opplæringa av born og unge, illustrerer dette.

Aronsson sjølv er likevel tvilande til om statsmakta faktisk lukkast med dette disiplineringsprosjektet i noko stor grad. Han viser til dei mange normbrota som kjeldene fortel om i tilknyting til mellom anna manglande kyrkjegang og uro under kyrkjelege ritual, og han argumenterer for at allmugen hadde ei anna forståing for og ein annan bruk av kyrkjerommet enn den som låg i kravet ovanfrå om audmjuk underkasting.32 I motsetning til Pleijel, som først og fremst såg allmugen som rå og ukultivert, meiner Aronsson at dei dokumenterte normbrota avspeglar to kulturar når det gjeld kyrkjelivet.33 Sjølv om desse kulturane delte sentrale symbolelement og ritual, fanst det ein skilnad både i forståing av sosiale tilhøve og religiøs praksis, noko som gjorde at allmugen kunne yte motstand mot ein bruk av kyrkjerommet som streid mot den folkelege kulturen og interessene til representantane for denne. Til dels knyter Aronsson denne kulturen til egalitære, kommunalistiske prinsipp der lokal kontroll over både kyrkje og politikk var sentrale målsetjingar. Samstundes hevdar Aronsson at bøndene oppfatta seg sjølve som «i varierande grad självstendiga subjekt, såvel i relation till kyrka og Gud som till övrighetspersoner och stat».34 På dette grunnlaget avviser Aronsson at hustavla kan stå som uttrykk for ein homogen mentalitet i eldre tid. Han held likevel fast ved hustavla sin verdi som metafor for ideologien i standssamfunnet, men at denne ideologien berre vart ein del av samansette, konfliktfylte og ambivalente samfunnskontekstar på lokalplan. Med utgangspunkt i ei undersøking av lokale konfliktar i tre sokn i Småland på 1700-talet oppfattar han møtet mellom øvrigheit og allmuge på eit overordna plan som eit møte mellom hustavle-ideologi og bondekommunalisme.

Salmebokkonflikten i Vågå utspelte seg innanfor den sfæren som etter hustavla vart rekna som «lærestanden», der først og fremst presten var den overordna autoriteten overfor kyrkjelyden sin. Det er likevel verdt å merkje seg at også skulemeisteren i Pontoppidan si forklaring vert omtalt som far overfor sine disiplar.35 Sandhed til Gudfrygtighed av Erik Pontoppidan frå 1737 var ei av grunnbøkene i den eldre norske skulen, og boka var i mange generasjonar heilt sentral i formidlinga av religiøse, sosiale og kulturelle verdiar. No var det vel knappast den norske omgangsskulelæraren som var modellen for skulemeisteren i hustavla, men det er likevel interessant at det vart teikna opp eit bilete av maktforholda som la grunnlag for den hierarkiske linja prest–skulehaldar–kyrkjelyd. Og i instruksjonen for skulehaldarar frå 1739 er faktisk skulehaldaren pålagt oppgåver i tilknyting til bøn, song, tekstlesing og preike som nærast plasserer han i rolla til presten overfor allmugen.36 Slike oppgåver skulle skulehaldaren utføre i annekssokna på dei søndagane der det ikkje vart halde gudsteneste. Og i samband med omgangsskulen er skulehaldaren i den same instruksjonen pålagd å halde «saadanne Morgen og Aften-Bønner med alle Huus-Folk og Naboer som sig dertil vil indfinde».37 At skulehaldaren si rolle her er utleidd av autoriteten til presten, kjem til uttrykk ved påbodet om at han skal nytte salmar og bøner som er tilrådd han av presten og i siste instans biskopen. Slik vert rolla hans overfor allmugen innskriven i eit formelt hierarki av kyrkjeleg karakter. Det er interessant at gjennomføringa av gudstenesta i Vågå-kyrkja synest å stadfeste ein slik autoritetskjede innanfor den såkalla «lærestanden». Klokkarane og skulehaldarane var såleis plasserte framme ved koret, mellom presten og kyrkjelyden. Det er likevel eit spenningsforhold mellom det formelle hierarkiet innanfor kyrkja og paternalismen som kjenneteikna hustavla, der den personlege karakteren til gjensidige plikter og rettar spelar ei større rolle. I verda til hustavla kunne også ein og same person innta ulike roller innanfor dei ulike sfærane. Ein bonde var såleis leiar for hushaldet, men samstundes undersått både i kyrkjeleg og verdsleg forstand. Og til og med kongen var ein undersått i den religiøse sfæren, underlagd autoriteten til prest og biskop.

Skulehaldarane som aktørar i motstanden

Ein kan sjølvsagt ha som utgangspunkt at rolla skulehaldarane kom til å spele i konflikten, var avhengig av den praktiske rolla deira i kyrkjesongen, at det så å seie var det funksjonelle aspektet ved lærarrolla som gjorde at dei kom i ein «skvis» mellom prest og allmuge. Men dette perspektivet vert etter mitt skjøn for snevert. Når skulehaldarane forlét den ordinære plassen sin i kyrkja for å ta plass saman med allmugen (rett nok i «offisersstolen»), kan det vanskeleg vurderast som noko anna enn eit vellukka forsøk på å undergrave autoriteten til presten. Den autoritetsrelasjonen som eksisterte mellom lærar og prest, vart sett opp mot, og i praksis underordna, dei horisontale banda som knytte allmugen saman. Dermed vart relasjonen mellom prest og lærar omdefinert, snudd om 180 grader, og gjort til eit symbolsk våpen i kampen som allmugen førte mot øvrigheita. Og ikkje minst var dette eit medvite brot med den samfunnsideologien som kom til uttrykk i den vertikale, fleirledda maktrelasjonen prest–skulehaldar–kyrkjelyd, det vil seie ideologien knytt til den religiøse sfæren innanfor hustavla. Gjennom å endre og manipulere iscenesetjinga av desse maktforholda gav allmugen kraft og styrke til det som var lokalsamfunnet sitt alternative maktprinsipp til det embetsinitierte hierarkiet: den kollektive og egalitære bondekommunalismen. Denne symbolske forskyvinga innebar at skulehaldarane i denne bestemte konteksten vart omdefinert frå å vere presten sine lojale underordna til å verte ein del av det kollektive bondesamfunnet.

Ei vektlegging av dei symbolske aspekta ved medverknaden til skulehaldarane vil naturleg nok innebere at den individuelle kompetansen deira som skulehaldarar, til dømes knytt til skriftleg og munnleg kommunikasjon, vert vurdert som mindre viktig for rolla deira i konflikten. Det føreligg ingen opplysningar som knyter skulehaldarane til utforminga av den skriftlege kommunikasjonen mellom Vågå-bøndene og ulike administrative styringsorgan under konflikten. Skulehaldaren Ole Råstad måtte rett nok forsvare seg sjølv og dei andre skulehaldarane munnleg overfor kapellan Bøyesen i sakristiet etter ein av aksjonane, men i samband med den første konfrontasjonen i kyrkja unnlét skulehaldarane å møte opp då kapellanen kalla dei til seg.38 Den kulturelle kapitalen til skulehaldarane vert i det heile ikkje tematisert i kjeldene, med unntak av songen deira.

Illustrasjon 5.

Portrett av kapellan Bøyesen. Ulrik Frederik Bøyesen (1773-1841) var kapellan i Vågå då striden om innføringa av ny salmebok gjekk føre seg i åra 1806-09. Dei fargerike skildringane hans av konflikten i breva han skreiv til biskop Bech, kastar lys over skulehaldarane si rolle i striden. Kunstnar: Johan Sebastian Welhaven.

Kjelde: Riksantikvaren

Trass i rolla dei fekk i kyrkjerommet i samband med salmesongen, er det i det heile lite som tyder på at dei var å rekne som leiande aktørar for motstanden mot den nye salmeboka sett under eitt. For det første synest rolla deira i konflikten å ha vore avgrensa til eitt aspekt ved motstanden, den konfronterande songen i kyrkja. Det faktum at alle dei fire skulehaldarane i hovudsoknet gjekk inn i den same, avgrensa rolla, talar også mot at det skulle vere dei personlege eigenskapane til skulehaldarane som var avgjerande for medverknaden deira. Ei viss differensiering førelåg likevel, i alle fall i augo til kapellan Bøyesen, som peika ut Ole Råstad som «formanden» for skulehaldarane.39 Denne nemninga avspeglar truleg først og fremst at Råstad var den mest erfarne av dei fire skulehaldarane.

Ein kan heller ikkje vurdere rolla til skulehaldarane som uttrykk for ein sjølvstendig involvering i ein konflikt, basert på personleg overtyding i ei sak. Tvert imot synest medverknaden deira å vere eit resultat av at dei stod under påverknad av allmugen, anten dette skjedde etter trugsmål (slik kapellan Bøyesen påstod) eller etter oppmoding (slik allmugen påstod). Her er det rett nok all grunn til å vere kritisk til den framstillinga dei ulike aktørane gav om forholdet mellom skulehaldarane og allmugen. For prestane ville det vere eit prestisjenederlag om skulehaldarane frivillig braut lydnadsbanda som batt dei til deira overordna, og eit slikt forhold ville også kunne undergrave maktstillinga presten hadde i lokalsamfunnet. For skulehaldarane ville eventuelle trugsmål frå allmugen kunne verke formildande ved rettsprosessen i ettertid, og både prestane og skulehaldarane var derfor tente med å framstille medverknaden til dei sistnemnde som eit resultat av trugsmål og press. Allmugen kunne derimot ikkje ope innrømme trugslar, og etter forklaringane deira under rettsforhandlingane hadde skulehaldarane vorte overtalte til å vere med på aksjonane. Det synest openbert at ein i dette tilfelle må vente at avstanden mellom det antropologen James Scott har kalla «hidden transcript» og «public transcript», var stor.40 Det er i denne samanhengen for så vidt ikkje viktig å avklare graden av trugsmål og press så lenge det er sannsynleg at initiativet ikkje låg hos skulehaldarane.

Samla sett er det lite som tyder på at skulehaldarane handla som sjølvstendige aktørar eller myndige bønder. Straffa som skulehaldarane vart dømde til, var då også kopla til den konkrete oppførselen deira i kyrkja, ikkje minst at dei hadde trassa presten, og ikkje til noka rolle som leiarar av aksjonane. Truleg hadde prost Ancher rett då han i brevet som kunngjorde straffereaksjonen overfor skulehaldarane, skulda dei for å ha late seg «bruge at Almuen til at fremme uordentligt og uanstændigt Forhold under Gudstienesten».41 Skulehaldarane vart nytta som ein reiskap av leiarane for aksjonane i kyrkja, og dei ressursane som gjorde at skulehaldarane kunne vere eit maktmiddel i denne konteksten var ikkje knytte til den kulturelle kapitalen til skulehaldarane som individuelle aktørar, men den symbolske og sosiale kapitalen dei representerte i kraft av å vere i ein vertikal relasjon til presten, som ein del av autoritetslinja som var utforma i tråd med hustavle-ideologien.

To kulturar i kyrkjerommet?

Ideologien til hustavla var representert og iscenesett i kyrkjerommet under gudstenestene, men i røynda spegla kyrkjerommet samfunnsmodellar med ulikt sosialt opphav. I tillegg til den hierarkisk ordna autoritetslinja prest–klokkar/skulehaldar–allmuge, tilsvarande den religiøse sfæren («lærestanden») innanfor maktstrukturen i hustavla, var også den politiske sfæren («regjeringsstanden») representert i kyrkjerommet ved offiserane. Det var nettopp offisersstolen skulehaldarane inntok under salmebokkonflikten då dei slutta seg til allmugen og leidde songen deira i direkte motsats til klokkaren sin song frå den nye salmeboka. I tillegg kom den sosiale rangordninga innanfor bondesamfunnet sjølv til uttrykk ved at dei største gardane disponerte dei fremste stolane i kyrkjeskipet.42 Men i praksis var representasjonane av dei ulike sosiale modellane tvinna i kvarandre innanfor rammene av kyrkjerommet. Fleire av dei verdslege embetsmennene brukte såleis stolen som høyrde til embetsgarden dei sat på, samstundes som bonden på Håkåstad inntok ein eigen losje oppe på veggen, høgt over både prest og allmuge, i ein kyrkjestol som opphavleg var bygd for presteenkja Anne Glostrup på slutten av 1600-talet.43

Det sentrale i denne samanhengen er likevel at den hierarkiske ordninga i tilknyting til lærestanden vart broten på ein symbolsk ladd måte då skulehaldarane forlét plassen sin i koret og slutta seg til allmugen både reint fysisk og i songen. Dette viser at skulehaldarane og allmugen var i stand til å stille seg kritisk til samfunnsideologien som styresmaktene freista å gjere til ei sosial sanning for heile samfunnet, anten ein no knyter denne ideologien spesifikt til hustavla eller ser han meir som ein generell strategi for statskyrkjeleg disiplinering.

Illustrasjon 6.

Adolph Tidemand: «Gudstjeneste i en landskirke». For kyrkjelyden på 1800-talet var salmesong eit velkjent og kjært innslag i gudstenesta, og det kunne vekkje strid når styresmaktene ville gjere endringar, t.d. ved å byte salmebok. Basert på skisser frå Sauland stavkyrkje.

Kjelde: Nasjonalmuseet.

Måten Vågå-allmugen handla på i kyrkjerommet under salmebokkonflikten, kan peike mot at det også i dette lokalsamfunnet fanst to kulturar knytt til bruken av kyrkja, slik Aronsson har påvist for eit utval lokalsamfunn i Småland.44 I Sverige var det lokale kyrkjelivet underlagt det bygdekommunale organet «sockenstämman», men også i Noreg var vesentlege kyrkjeoppgåver forvalta av bygdefolket, til dømes gjennom ombodet som kyrkjeverje og frå 1741 også i skulekommisjonane.45 Det kollektive ansvaret allmugen hadde hatt for kyrkjebygga, fall i mange tilfelle bort i samband med salet av kyrkjene frå 1723. Men slik det òg skjedde mange andre stadar, gjekk allmugen i Vågå saman og kjøpte kyrkja av kongen.46 Allmugen i Vågå hadde etter dette på sett og vis eigedomsrett til kyrkja både i praktisk og overført betydning, og det verkar i det heile rimeleg å anta at banda mellom allmugen og lokalkyrkja som institusjon og sosial arena kan ha gjeve opphavet til ein eigen kyrkjekultur hos allmugen, vaksen ut av lokale føresetnader og praksisar, som delvis skilde seg frå tilsvarande kultur hos øvrigheita. Ein slik kulturskilnad kan også kaste eit forklarande lys over striden mellom allmugen og prestane som falda seg ut i kyrkjerommet under salmebokkonflikten. Som Aronsson påpeikar, var det først og fremst når bruken av kyrkjerommet streid mot bondesamfunnet sine interesser at motsetningane mellom dei to kulturane kom til overflata.47 Aronsson meiner at pliktene allmugen hadde overfor den lokalkyrkjelege institusjonen, ikkje berre var ei byrde for bondesamfunnet, men også utgjorde ein moglegheit for bøndene til å utøve kontroll over den ideologiske ressursen som kyrkja og religionen representerte.48

Ei forståing av kyrkjerommet som arena for møte mellom to ulike, men overlappande kulturar − ein allmugekultur og ein øvrigheits-/embetsmannskultur − stør opp under førestillingane om dei to kulturane som har vore utgangspunktet for det overordna prosjektet som arbeida i dette heftet spring ut av.49 I tråd med Aronsson sine funn ligg det nær å knyte desse uttrykka for allmugekultur som ein kan observere i salmebokkonflikten i Vågå, opp mot ei form for bondekommunalisme der bøndene sjølve tok ansvar for å løyse samfunnsoppgåver innanfor lokalsamfunnet − i dette tilfellet i tilknyting til lokalkyrkja −, på bondesamfunnet sine eigne premissar. Denne bondekommunalismen var for Vågå sin del langt ifrå kopla opp til nokon egalitær struktur, noko ikkje minst organiseringa av kyrkjerommet viser prov på. Når heile bygdesamfunnet i avgjerande fasar av salmebokkonflikten kunne opptre som eit kollektiv, har dette tidlegare vore tolka som eit uttrykk for taktiske vurderingar i møte med trugselen om straff for individ som var sentrale i motstandshandlingane. Og det er også først stilt opp mot embetsmannshierarkiet og statsapparatet at bondesamfunnet i Vågå kan oppfattast som eit sosialt fellesskap av meir eller mindre likestilte.

Konkurrerande samfunnsideologiar skapar handlingsrom

Salmebokkonflikten i Vågå tidleg på 1800-talet avslører at den hierarkiske forståinga av samfunnet som kjem til uttrykk i hustavla, knappast var internalisert hos bøndene i Vågå i den grad at ein kan tale om ein utbreidd mentalitet. Fleire aspekt ved handlingane under konflikten står i strid med ein slik mentalitet, til dømes då allmugen truga med å stengje kyrkjedøra for presten, noko som ikkje akkurat tydde på utprega vilje til lydnad overfor ein føresett innanfor den religiøse sfæren.

Når salmebokkonflikten avslører at innhaldet i hustavla ikkje utgjorde nokon fasttømra mentalitet i Vågå tidleg på 1800-talet, inneber det likevel ikkje at ideologien var utan nedslag eller gjennomslagskraft i bygdesamfunna i Nord-Gudbrandsdalen. Den sentrale rolla Den vesle katekisma hadde i undervisninga, skulle tilseie at samfunnsmodellen i det minste var kjend og hadde ein viss klangbotn hos allmugen. Og maktforholda under eineveldet tillét knapt at individ eller grupper kunne stå fritt i forhold til denne ideologien når dei stod andsynes staten sine representantar i bygdesamfunnet. Når ideologien likevel ikkje hadde nokon hegemonisk status, innebar det at individuell og kollektiv handling kunne forankrast i konkurrerande samfunnsmodellar, først og fremst representert ved bondekommunalistiske tenkemåtar og styringsprinsipp. I seg sjølv var hustavle-ideologien kjenneteikna av ein kompleks dynamikk mellom individuelle roller og gruppeidentitet. På den eine sida fanst det over- og underordna roller, bundne saman av gjensidige plikter og rettar. Dei ulike sfærane var på den andre sida dels sideordna, dels uttrykk for ei vertikal ordning. Når denne ambivalente ideologien dessutan vart broten mot normer og ideal knytte til bygdekommunale tradisjonar, innanfor eit lokalsamfunn prega av store sosioøkonomiske skilnader, ville det nødvendigvis opne seg eit relativt stort handlingsrom både for enkeltmenneske og grupper. Dette siste gjeld ikkje minst ettersom det både innanfor hustavle-ideologien og i det fremste mediet som formidla denne ideologien til allmugen − Pontoppidans forklaring −, fanst ei utsegn som i røynda underminerte heile det ideologiske systemet. Det var då også dette bibelsitatet skulehaldaren Ivar Råstad greip til då han overfor kapellan Bøyesen skulle forsvare seg mot skuldinga om brot på lojalitetskrava som hustavla påla han overfor presten: «Man skulde lyde Gud mer end Menneskene» (Apg 5,29).50 Bruken av dette bibelsitatet, som altså også var eit element i Pontoppidans forklaring av hustavla, viser at representantar for Vågå-allmugen kunne handle som sjølvstendige subjekt andsynes Gud, kyrkje og stat. Og her må ein hugse på samfunnskonteksten. Det første tiåret av 1800-talet var også i Gudbrandsdalen prega av framveksten av ein lekmannskristendom med klare autonome trekk. Haugerørsla var i ferd med å etablere seg i dalen.51

Gjennomgangen av salmebokkonflikten i Vågå har vist at det openbert fanst ei spenning mellom styresmaktene og allmugen som i alle fall delvis kan tolkast i kulturelle termar. Slik sett kan ein seie at konflikten stadfestar den kulturelle todelinga som var utgangspunktet for forskingsprosjektet som artiklane i dette heftet spring ut av.52 Men gjennomgangen viser også at ei deling i to kulturar representerer ei grov forenkling når det gjeld maktutøving. Kyrkja og statsmakta sin ideologi og samfunnsmodell slik den kom til uttrykk i hustavla, innebar i seg sjølv ei oppdeling som til dels skar over det enkle skiljet mellom embetsmenn og allmuge. Salmebokstriden i Vågå tyder dessutan ikkje på at denne ideologien oppnådde hegemonisk status i dette bygdesamfunnet. Tvert imot viser motstanden at allmugen var i stand til å stille seg kritisk til denne samfunnsmodellen og yte motstand når styresmaktene forsøkte å fremje tiltak, i tråd med hustavle-ideologien, som støytte mot interessene deira. Og allmugen kvidde seg ikkje for å bruke kyrkjerommet – sjølve hovudarenaen for iscenesetjinga av dei paternalistiske makttilhøva innanfor den religiøse sfæren i den dansk-norske staten – til open motstand og direkte inngrep i både representasjonen av maktforholda og sjølve maktutøvinga.

Denne motstanden kan nok delvis forståast innanfor rammene av bondekommunalisme, som i seg sjølv kan koplast opp til tokulturlæra i den forstand at kommunalismen stadfestar ei todeling mellom eit sosialt fellesskap som ivaretek oppgåver i lokalsamfunnet på lokalsamfunnet sine eigne premissar, og øvrigheita, som styrer på statsmakta sine vegner. Dei kollektive og egalitære kvalitetane som vanlegvis vert oppfatta som sentrale aspekt ved kommunalisme − i alle fall i den idealtypiske varianten av omgrepet −, må likevel modifiserast dersom vi skal forstå salmebokkonflikten i Vågå. I praksis handla ikkje allmugen eller bøndene som eit kollektiv under konflikten, men var til dels delt etter sosioøkonomiske variablar. Ein representant for bondeeliten som Iver Håkåstad tok såleis initiativ til å lette styresmaktene sitt forsøk på å føre inn den nye salmeboka,53 samstundes som ein del av allmugen faktisk skaffa seg den nye salmeboka i ein tidleg fase, før motstanden hadde utvikla seg. Og som nemnt utgjorde verken allmugen generelt eller gruppa av bønder noka homogen gruppe i Vågå, eit bygdesamfunn der dei sosiale og økonomiske skilja var relativt store. Som Mette Vårdal har vist i si avhandling, utgjorde nettopp den mangfaldige og motsetnadsfylte samansetjinga av dette lokalsamfunnet ein viktig føresetnad for det handlingsrommet som fanst for enkeltmennesket når det gjaldt å etablere relasjonar som gjerne var standsoverskridande.54 Eit handlingsrom var det også Iver Råstad nytta då han opponerte mot kapellan Bøyesen og proklamerte at han ville lyde Gud meir enn menneske. Dette handlingsrommet var skapt av motsetnadsfylte drag i ideologi og maktstruktur i ein komplisert samfunnskontekst på lokalnivå, i eit bygdesamfunn i Nord-Gudbrandsdalen tidleg på 1800-talet.

Skulehaldarane – mellom allmuge og øvrigheit

Når skulehaldarane kunne innta ei slik symbolsk rolle i allmugen sin motstand mot øvrigheita i saka om innføringa av den nye salmeboka, føresette det langt på veg at skulehaldarane i Vågå stod i ein posisjon mellom øvrigheit og allmuge, embetsmenn og bønder. At dei faktisk var i ein slik mellomposisjon, viser det retoriske spørsmålet kapellan Bøyesen stilte skulehaldarane då han hadde lukkast i å få dei samla i sakristiet etter ein av protestane under salmesongen i kyrkja. Ved denne konfrontasjonen spurde han dei om «de skyldte Bønderne, eller Præsterne, Lydighed».55 Dette spørsmålet viser at lojaliteten til skulehaldarane, i alle fall i kapellanen sine auge, kunne tenkast å vere knytt til to partar, det vil seie at det var ein tosidigheit ved skulehaldarane sin identitet. Utsegna viser også at denne tosidigheita var knytt til maktforhold, og det vert på sett og vis stadfesta at skulehaldarane var i ein underordna posisjon både til presten og allmugen. Denne posisjonen var likevel uttrykk for eit embetsmannsblikk, og det kan vere særleg grunn til å stille spørsmål ved i kva grad denne posisjonen var anerkjent av allmugen utanfor ein konfliktsituasjon.

Innanfor dei to dominerande ideologiske strukturane hadde ikkje skulehaldarane same rolle eller posisjon i kraft av å vere skulehaldarar. Den mellomposisjonen dei var tildelte av styresmaktene innanfor hustavle-ideologien, hadde ikkje noko motstykke innanfor den bondekommunalistiske modellen. Kjernen i bondekommunen var bøndene, medan husmenn, tenestefolk og kvinner først og fremst kunne reknast med i det større fellesskapet som omfatta heile allmugen. Denne bondeidentiteten vart også aktualisert i konfrontasjonen mellom kapellanen og allmugen då ein av aksjonistane insisterte på at også han var ein av bøndene, trass sin unge alder.56 Og det var sjølvsagt bøndene som skreiv under dokumenta som vart sende til styresmaktene i forsøka på å stogge innføringa av den nye salmeboka. Etter alt å dømme hadde ingen av dei fire lærarane oppnådd status som husbonde i 1808. Dei var ugifte, og det er lite truleg at dei hadde fått hand om eit gardsbruk, noko som innebar at dei ikkje hadde nokon sjølvstendig posisjon innanfor den bondekommunale styringskulturen.

Innanfor undersøkingsområda har vi sett at stillinga som skulehaldar i stor grad var knytt til livsfasen før ekteskap og etablering innanfor levebrødsøkonomien.57 Slik sett må ein gå ut ifrå at fråværet av ein sjølvstendig posisjon innanfor bygdekommunen var eit allment drag ved ein hovuddel av skulehaldarane tidleg på 1800-talet. Dette talar openbert imot at dei som gruppe kunne inneha ein leiande posisjon innanfor bondesamfunnet eller ein mellomposisjon i forhold til embetsmennene når det kom til maktutøving med utgangspunkt i bondekommunale prinsipp. Dei av skulehaldarane som passerte dette hinderet som statusen som bonde utgjorde, kunne derimot delta på lik linje med andre bønder. Først då kunne kulturell kompetanse som ein hadde tileigna seg i rolla som skulehaldar, eventuelt ha nokon praktisk verdi for politisk medverknad på ulike arenaer.

Ein kan forsøke å knytte dei to samfunnsmodellane som er handsama ovanfor, til skiljet som James C. Scott set mellom open («public») og skjult («hidden») «transcript».58 I eit samfunn prega av ufridom vil det utvikle seg ein kommunikasjon mellom styresmakter og undersåttar som stadfestar maktforholda, og denne kommunikasjonen kallar Scott «public transcript». «The hidden transcript» var derimot kommunikasjon som ikkje vart registrert av motparten. Her kunne maktforhold og kritikk uttalast ope, og undersåttane kunne utvikle ein motkultur som gjerne stod i skarp kontrast til innhaldet i «the public transcript».

Til vanleg aksepterte allmugen langt på veg hustavle-ideologien som staten og embetsmennene freista å gjere til røyndom, til dømes ved at dei underordna seg staten og presten sine krav om at borna skulle gå i omgangsskule. Det er også rimeleg å tenkje seg at kommunikasjonen mellom embetsmenn og allmuge til dagleg var i samsvar med denne ideologien. Til gjengjeld aksepterte styresmaktene verksemda til bygdekommunale organ så lenge denne verksemda skjedde innanfor rammene som var trekte opp for lokalstyret i einevaldsstaten. Innanfor bondekommunale samanhengar var nok rommet for kritikk mot embetsmenn og styresmakter større, i alle fall der embetsmenn ikkje var representerte (jf. omgrepet «the hidden transcript»). Ettersom skulehaldarane sin posisjon var ein del av hierarkiet som hustavle-ideologien vart forsøkt realisert gjennom – det vil seie ein del av ideologien sitt administrative apparat – vart skulehaldaren i bondesamfunnet råka av ei dobbelt form for utanforskap. Den mellomposisjonen han var tildelt i den administrative strukturen til hustavle-ideologien, kunne ikkje utan vidare overførast til den bondekommunale sfæren fordi dei ideologiske og sosiale ressursane knytte til skulehaldarrolla ikkje hadde noko forankringspunkt innanfor bondekommunen. For det andre gjorde koplinga til hustavle-ideologien – først og fremst konkretisert gjennom relasjonen til presten – at skulehaldaren stod i fare for å verte råka av same kritiske vurdering som embetsmennene og embetsmannsstyret innanfor «the hidden transcript». Når «the public transcript» braut saman i samband med konfliktar, ville skulehaldarane kome i ein mellomposisjon, men det var ein posisjon som ikkje var prega av styrke, men heller avmakt. Dei ville rett og slett kome i ein skvis mellom embetsmennene og bøndene. I salmebokkonflikten vart dei sosiale ressursane som låg i sjølve rolla som skulehaldar (først og fremst relasjonen til presten), snudd om og brukt til å undergrave prestane si maktstilling og forsøket deira på å innføre den nye salmeboka. Sjølv om også denne bruken av den symbolske kapitalen til skulehaldarane på sett og vis stadfesta at dei var i ein mellomposisjon, viser aksjonen at denne posisjonen langt frå var stabil eller allment anerkjent på same vilkår, innanfor dei to ulike maktfelta som var gjeldande i bygdesamfunnet i Vågå tidleg på 1800-talet.

Men det er spørsmål om ikkje desse inndelingane i «public transcript» og «open transcript», hustavle-ideologi og bondekommunalisme, er for enkle og grove i møte med kompleksiteten ved den konkrete konflikten. Skulehaldarane kunne innta ein einskapleg mellomposisjon dersom allmugen i Vågå – heilt eller delvis – hadde internalisert verdiane til hustavle-ideologien, det vil seie at dei godkjende den rolla skulehaldaren var tilskriven av styresmaktene i den hierarkiske samfunnsordninga. Ovanfor er det peika på trekk ved salmebokkonflikten som openbert braut med hustavle-ideologien, noko som talar mot at denne ideologien hadde oppnådd hegemonisk status. Det er likevel interessant å sjå korleis bøndene i aksjonane sine hadde ei differensiert haldning til embetsmennene på ulike nivå. Dei hadde openbert ein lågare terskel for direkte konfrontasjon med kapellanen, samanlikna med soknepresten og biskopen. Ja, det var faktisk eit direkte samsvar mellom graden av intensitet i aksjonsformene og kva nivå i embetshierarkiet protesten var retta mot. I samband med bispevisitasen var det ingen protestar eller motstand, i møtet med soknepresten ytte ein passiv motstand (tausheit), medan kapellanen vart ope og direkte konfrontert med høglydt «motsong» frå Kingos salmebok. Rett nok jamna skilnaden i aksjonsformer retta mot høvesvis kapellanen og soknepresten seg ut etter kvart som konflikten gjekk inn i ein meir intensiv fase. Men i hovudsak spegla aksjonsformene det geistlege embetshierarkiet, og bak aksjonsformene kan ein skimte ei fordeling av kjensler som fortrulegheit, respekt og frykt hos bøndene, både som gruppe og individ, som var nøye tilpassa autoritetsstrukturen i samfunnet. Dette vil i så fall innebere at styresmaktene sitt eige bilete av maktforholda i samfunnet, det vil seie makta sitt sjølvbilete, var internalisert hos bøndene på ein måte som stadfesta hustavle-ideologien. Samstundes har vi tidlegare identifisert trekk ved aksjonane som openbert braut med denne lydnadsideologien.

Meir enn noko viser dette at skulehaldarane i Vågå ikkje var i ein eintydig mellomposisjon som hadde relevans for ulike aspekt ved maktutøvinga (ulike maktfelt) i Vågå-samfunnet. Tydlegast trer mellomposisjonen fram i den formelle relasjonen til presten innanfor hustavle-ideologien. Dette var ein mellomposisjon som var initiert ovanfrå, som eit ledd i den statlege skulepolitikken, og denne mellomposisjonen kunne anten aksepterast eller avvisast av allmugen. I salmebokkonflikten vert denne mellomposisjonen på sett og vis oppheva gjennom ein symbolsk manipulasjon som paradoksalt nok medverkar til å stadfeste den same mellomposisjonen. Det bondekommunale maktfeltet, som aksjonane hadde sitt opphav i, var dei fire skulehaldarane i Vågå ikkje deltakarar i, fordi dei rett og slett ikkje hadde status som bønder. Dette tyder på at mellomposisjonen var «einstrenga», det vil seie einsidig knytt til funksjonen som lærar, relasjonen til presten og forankringa i hustavle-ideologien.

Skulehaldaren og dei to kulturane

Dersom ein ser bygdesamfunnet i Noreg frå eit tokulturperspektiv, er det gode grunnar til å vurdere skulehaldaren som innehavar av ein posisjon mellom dei to kulturane. Denne posisjonen hadde først og fremst ein individuell karakter, men kunne også danne utgangspunkt for strukturelle trekk i lokalsamfunna, til dømes gjennom konsentrasjon av kulturell kapital innanfor bestemte grupper.

Utgangspunktet var den vertikale relasjonen mellom prest og skulehaldar, regulert på rettsleg grunnlag og praktisert innanfor ideologien til hustavla. Som salmebokkonflikten i Vågå viser, var denne relasjonen likevel ikkje tilstrekkeleg til at ein kan snakke om nokon mellomposisjon i meir allmenn forstand. I motsetning til i siste halvdel av 1800-talet, då utdanning, organisering og profesjonalisering gav lærarane ein heilt annan status, var det forholdet til presten som langt på veg var avgjerande for den sosiokulturelle posisjonen til skulehaldaren i første halvdel av 1800-talet. For at posisjonen som skulehaldar skulle overskride den kulturelle dikotomien, var føresetnaden at skulehaldaren og presten utvikla ein fleirsidig relasjon som kunne leie fram mot ein varig endring av den sosiokulturelle statusen til skulehaldaren. Ein kulturell og sosial nærheit mellom prest og omgangsskulelærar kunne berre utvikle seg under dei mest gunstige personkonstellasjonane. Dersom vi vender attende til det blømande lærdomsmiljøet kring prost Krag i Vågå på 1830- og -40-talet, finn ein talande døme på slike forhold mellom prest og skulelærarar. I sjølvbiografien til ein av Vågå-lærarane, Hans Hansson Pillarviken, er nettopp forholdet til ulike prestar eit berande tema.59 I den første tida som skulelærar i Vågå opplevde han å få lite støtte hos presten i skulearbeidet, og presten hadde ei nærast avvisande haldning til Pillarviken sine forsøk på å få råd av han om undervisningsspørsmål. Det er ikkje urimeleg å tolke slike avvisingar som forsøk på å markere ein kulturell avstand og trekkje opp ei kulturell skiljelinje mellom to ulike identitetar, men avvisinga kan også skuldast at presten rett og slett ikkje hadde interesse for skulen. I tillegg fortel Pillarviken at den opplysningsorienterte kristendommen til presten stod i kontrast til hans eiga tru. Forholdet mellom Pillarviken og sokneprest Fietzens illustrerer såleis at det fanst mange moglege barrierar mellom ein prest og skulehaldaren. Då Pillarviken seinare vart skulehaldar i Kvam i Nord-Fron, møtte han i sokneprest Schnitler ein embetsmann som han kunne tale alvorleg med om religiøse spørsmål, men det var først då han kom attende til Vågå og vart kjend med sokneprest Krag at han vart i stand til å realisere sine eigne, personlege mål når det gjaldt skule og utdanning. I Krag fann han ein støttespelar for opprettinga av ein fastskule i Sel, og Krag var også ein prest han kunne ha eit fortruleg forhold til.

Måten Pillarviken teiknar opp forholdet sitt til dei ulike prestane, viser dei mange vilkåra som måtte vere til stades for at relasjonen prest–skulehaldar kunne overskride den sosiale og kulturelle avstanden mellom dei to aktørane. Vilkåra var knytte til skulehaldaren si evne og vilje til å tileigne seg kulturell kapital i form av bokleg lærdom og interesse for skulen, men det var også avgjerande at presten forvalta sitt eige embete på ein måte som inviterte skulehaldarar og eventuelt andre frå bondesamfunnet inn i ein open relasjon til han sjølv. Det er nettopp det siste som er tilfelle for prestar av Krags type. Gjennom ei imøtekomande haldning overfor skulehaldarane, basert på felles interesse for skule og opplysning, vart relasjonen mellom prest og lærar utvikla til å omfatte fleire dimensjonar. Men overskridinga leidde knappast fram mot sosial og kulturell likskap. Til det var ulikskapen i ressursar og levemåte, kapital og habitus, i utgangspunktet for stor. Ubalansen prega òg sjølve dynamikken i den overføringa av ressursar som gjekk føre seg i relasjonen mellom skulehaldar og prest, noko som heller verka i retning av å stadfeste ulikskapen enn å viske han ut, trass den personlege nærleiken som kunne oppstå mellom aktørane. Denne kombinasjonen av nærleik og distanse, som analytisk kan gripast i ein patron–klient-modell, kan nettopp stå som kjenneteikn på ein mellomposisjon mellom to kulturelle polar.

Men ein eventuell mellomposisjon må også analyserast nedanfrå, med utgangspunkt i bondesamfunnet. Mykje tyder på at det ikkje nødvendigvis var nokon eintydig samanheng mellom denne typen standsoverskridande relasjonar og statusen og rolla til skulehaldaren innanfor bondesamfunnet. Den mikrohistoriske undersøkinga av patron–klient-relasjonar mellom presten Krag og ei gruppe skulehaldarar i Vågå (Pillarviken, Hougen-brørne) gjev ikkje grunnlag for å seie at statusen til skulehaldarane vart heva i bondesamfunnet som følgje av den standsoverskridande relasjonen.60 Pillarviken fekk aldri den statusen mellom allmugen i Vågå han sjølv drøymde om, og han måtte gje opp fastskulen han hadde skipa i Sel med støtte frå Krag, etter at sistnemnde forlét kallet i Vågå tidleg på 1840-talet. Hougen-brørne vart på si side løfta ut av lokalsamfunnet som følgje av utdanningsvegen om Klæbu seminar som Krag leidde dei inn på.61 I salmebokkonflikten i Vågå har vi sett at skulehaldarane ikkje handla som sjølvstendige aktørar. Den sosiale og symbolske kapitalen som både relasjonen til presten og rolla dei hadde i kyrkja, gav dei, vart av allmugen nytta til å undergrave autoriteten til presten og manipulere iscenesetjinga av maktforholda i kyrkjerommet. Når det gjeld deltaking på politiske arenaer som valmenn, formenn, representantar og ordførarar, viser ein gjennomgang for Vågå sin del at skulehaldarane nesten var heilt fråverande i perioden fram til 1850.62 Forholda i Vågå peikar i det heile ganske tydeleg i retning av at ressursane skulehaldaren fekk tilgang til gjennom relasjonen til presten, ikkje nødvendigvis kunne overførast til andre arenaer i bondesamfunnet.

Kan ein etter dette framleis snakke om at skulehaldaren hadde ein mellomposisjon mellom embetsmenn og bønder, plassert i eit tvitydig kulturelt landskap mellom embetsmannskultur og bondekultur? Det er openbert at ein ikkje kan snakke om ein slik posisjon i seg sjølv, altså ein posisjon som skulle plassere skulehaldaren mellom dei to kulturane som totalitetar i økonomisk, sosial og kulturell forstand. Dersom ein tenkjer samfunnet som eit spenn (ei linje) frå botnen av samfunnet, gjennom bondesamfunnet og opp til embetsmennene på toppen, ville det knappast vere dekkjande å plassere skulehaldarane mellom bondeeliten og embetsmennene. Som vi har sett i analysen av salmebokkonflikten i Vågå, kunne skulehaldarane vere i ein sårbar og underlegen posisjon både i forhold til presten og bondefellesskapet. Det er elles ingen grunn til å tru at omgangsskulelærarane på 1700- og første del av 1800-talet skilde seg nemneverdig frå allmugen økonomisk eller med omsyn til ytre kulturelle variablar (bustad, kle, matvanar, levesett). Som vi har sett, var føresetnaden i skulelova nettopp at dei skulle vere vant til levekåra som gjaldt i dei heimane dei dreiv undervisning i.63 Den sosioøkonomiske og allmennkulturelle avstanden mellom embetsmennene og skulehaldaren må i hovudsak oppfattast som tydeleg og ikkje noko mindre enn avstanden mellom embetsmannen og bonden, med eit mogleg unntak for skrive- og lesekunne. Sett i forhold til alder og livsfasen som dei fleste skulehaldarar var i, kan avstanden faktisk vurderast som større enn for hushaldsoverhovuda i bondefamiliane. Likevel sette relasjonen til presten skulehaldaren i ein heilt annan posisjon enn ein vanleg bonde. I denne posisjonen kunne han opptre som autoritet, så å seie på vegner av presten, med påfølgjande krav på lydnad frå andre allmugemedlemmer, ein lydnad som var forankra i hustavle-ideologien. Dette gjaldt i sjølve undervisningssituasjonen, men også i samband med at skulelova påla han å halde andakt i heimane etter at undervisninga var over for dagen.

Denne mellomposisjonen mellom prest og allmuge var likevel ustabil og flyktig. For det første var stillinga som skulehaldar for dei fleste avgrensa til overgangsfasen mellom ungdom og vaksenlivet. For det andre var det ikkje nødvendigvis slik at denne mellomposisjonen og autoriteten som følgde med han, utan vidare kunne overførast til andre samfunnsarenaer. I hovudsak avgrensa autoriteten og statusen til skulehaldaren seg til saksfeltet stillinga var knytt til, og slik sett er skulehaldaren eit tidleg døme på den differensieringa av autoritet i ulike samfunnsroller som skulle verte eit karakteristisk drag ved siste del av 1800-talet. Men denne situasjonen er også til dels uttrykk for at det fanst ulike ideologiske bilete av korleis samfunnet skulle styrast, først og fremst den bondekommunale tradisjonen og den eineveldige styringstradisjonen forankra i hustavle-ideologien. Desse to tradisjonane eller ideologiane fordelte makt, status og posisjonar på ulik måte, noko som avgrensa verdien av den sosiale og symbolske kapitalen til skulehaldaren.

Det flyktige og flytande ved mellomposisjonen til skulehaldarane kunne likevel under bestemte vilkår omformast til noko fastare og meir stabilt. På individuelt plan kunne dette skje ved at skulehaldaren gjorde lærargjerninga til livskall og ikkje slutta i skulen i samband med giftarmål og etablering av levebrød innanfor den tradisjonelle bondeøkonomien, slik mange gjorde etter dei sju eller ti åra som gav fritak frå militærtenesta.64 Den standsoverskridande relasjonen med presten kunne i så fall styrke og tilføre posisjonen ressursar over lang tid. Gjennom patron–klient-relasjonar med presten kunne skulehaldaren auke kunnskaps- og danningsnivået sitt og slik sett nærme seg den boklege lærdomstradisjonen som fanst i embetsmiljø. Slike patron–klient-relasjonar kunne medføre sosial mobilitet for skulehaldarane, slik vi ser det hos Hougen-brørne i Vågå. På gruppeplan kunne mellomposisjonen styrkast ved at skulehaldarfunksjonen følgde bestemte familiar, frå ein generasjon til neste, slik ein kan finne fleire døme på i alle dei prestegjelda som her er undersøkt, det vil seie Vågå, Lesja og Kvernes. Til liks med den individuelle kontinuiteten kunne denne kontinuiteten over generasjonar medføre konsentrasjon og opphoping av kulturell kapital hos individ og familiar. Mellomposisjonen til skulehaldaren kunne også få ein fastare og meir stabil karakter gjennom institusjonelle tiltak innanfor skulevesenet, slik vi har sett det i Kvernes med ordninga som innebar eigne lærargardar.

Det er ikkje tvil om at ein dynamisk patron–klient-relasjon mellom skulehaldar og prest kunne skape rom og arenaer for opplysing i lokalsamfunnet. Spørsmålet om desse patron–klient-relasjonane kunne endre dei sosiokulturelle forholda i bygdesamfunna på nokon grunnleggande måte, er meir ope. Svaret på dette spørsmålet er ikkje minst avhengig av kontinuiteten og fastheita til mellomposisjonen til skulehaldaren. Her vil det føreliggje store variasjonar lokalsamfunn imellom, noko som understrekar behovet for fleire lokale undersøkingar.

Patron–klient-relasjonen mellom prest og skulehaldar var ikkje ein formasjon som peika framover i tid. Med utviklinga av seminarutdanninga for lærarane og den påfølgjande profesjonaliseringa av læraryrket frå midten av 1800-talet miste relasjonen si kraft i takt med organiseringa av lærarane i yrkessamanslutningar, samstundes som presten og kyrkja gradvis fekk mindre makt over skulen.65 Utdanning og organisering var ein del av ei generell samfunnsutvikling i retning spesialisering og differensiering som kjenneteikna siste halvdel av 1800-talet. Desse utviklingstrekka skulle endre vilkåra og heve statusen for skulehaldarane på landsbygda, noko som også påverka den sosiokulturelle posisjonen deira innanfor lokalsamfunnet.

Når ein set mikroskopet på eit historisk fenomen, vil ein nødvendigvis kunne konstatere at den historiske røyndommen var meir samansett enn overordna omgrepsbruk og syntesar skulle tilseie. Fokuset på gruppa av skulehaldarar i denne studien har nyansert det store biletet av den kulturelle dikotomien som ein til no har meint kjenneteikna landsbygda i Noreg i perioden ca. 1660–1870. Relasjonen som skulehaldaren stod i overfor presten, hadde eit potensial i seg til å opne dei to kulturane mot kvarandre, noko som i det praktiske liv dempa den skarpstilte motsetjinga som kjenneteiknar modellen. Fram til midten av 1800-talet skjedde dette likevel utan å rokke ved grunnleggande kulturelle skilnader mellom bønder og embetsmenn.

Kjelder

Averøy kommune: Regnskabs Protocoll for Qvernæs, Kornstad og Bremsnæs Sogners Schole-Casse 1756-1845.

Digitalarkivet: Christians amt. Gudbrandsdalens fogderi. Lesja tinglag. Matrikkel 1838. https://media.digitalarkivet.no/view/35477/88

Digitalarkivet: Christians amt. Gudbrandsdalens fogderi. Vågå tinglag. Matrikkel 1838. https://media.digitalarkivet.no/view/35477/73

Digitalarkivet: Romsdals amt. Nordmøre fogderi. Gjemnes tinglag. Matrikkel 1838. https://media.digitalarkivet.no/view/35487/122

Digitalarkivet: Romsdals amt. Nordmøre fogderi. Kvernes tinglag. Matrikkel 1838. https://media.digitalarkivet.no/view/35487/127

Innlandet fylkesarkiv. IKA Opplandene: skulekasseprotokoll Vågå prestegjeld 1759-1812, 1813-83.

Kirkehistorisk arkiv ved Norsk Lærerakademi: Forordning om Skolerne paa Landet i Norge, og hvad Klokkerne og Skoleholderne derfor maa nyde (…) den 23. Januar. Anno 1739. http://www.fagsider.org/kirkehistorie/lover/indexlover.htm

Kirkehistorisk arkiv ved Norsk Lærerakademi: Instruction For Degne, Klokkere Og Skoleholdere paa Landet i Norge (…) den 23 Januari Anno 1739. http://www.fagsider.org/kirkehistorie/lover/1739_innstruks.htm

Kirkehistorisk arkiv ved Norsk Lærerakademi: Placat og nærmere Anordning angaaende Skolerne paa Landet i Norge (…) den 5te Maji 1741. http://www.fagsider.org/kirkehistorie/lover/1741_placat.htm

Lesja kommunearkiv: Lesja prestegjeld skule- og fattigkasseregnskap 1811-65.

Opplandsarkivet, avdeling Vågå: Hougen, Fredrik: «På seminar og almueskole for hundred år siden». Upublisert sjølvbiografisk nedteikning med avskrift av diverse brev. Udatert.

Opplandsarkivet, avdeling Vågå: Hougen, Poul: «Optegnelser og Erindringer». Upublisert sjølvbiografisk nedteikning. Udatert.

SAH: Valgprotokoll for Nordre Gudbrandsdalen fogderi 1837-1891.

SAO: Oslo bispearkiv. Ritualer. troslære. Diverse pakkesaker 2. Salmebok, bispens myndigheter m.v. 1807-1898.

SAT: Ministerialbok for Kvernes prestegjeld, Kvernes sokn 1780-1819.

SAT: Ministerialbok for Kvernes prestegjeld, Kornstad sokn 1789-1819.

SAT: Ministerialbok for Kvernes prestegjeld, Bremsnes sokn 1759-1805, 1805-1819.

SAT: Skulesaker 1741-1848. Nordmøre prosti. Pk. Nr. 61. Skulefundas for Kvernes prestegjeld, 1754. Trondheim 1756.

SAT: Privatarkiv. Sjølvbiografisk skisse og brevsamling etter Hans Hansen Pillarviken.

Litteratur

Aronsson, P. (1993). Hustavlans värld – Folklig mentalitet eller överhetens utopi. I C. Ahlberger & G. Malmstedt (red.), Västsvensk fromhet. Jamförande studier av västsvensk religiositet under fyra sekler (s. 11–42). Göteborg: Göteborg universitet.

Aronsson, P. (1995). Mentalietet, norm, verklighet – Hustavlan i lokalsamhället. I I. Brohed (red.), Hilding Pleijel Symposium 19.oktober 1893-19.oktober 1993. Ett hundradaårsjubileum (s. 51–69). Lund: Lund University Press.

Bang, A.C. (1910). Hans Nielsen Hauge og hans samtid. Et tidsbillede fra omkring aar 1800. Kristiania: Gyldendalske Boghandel.

Bechholm, A. (1920). Folkeskolelærerutdannelsen i Norge i de første 300 år efter reformasjonen. Kristiania: Norli.

Berg, G. (1979). Averøy bygdebok, bd. 1, Busettingssoge fram til 1500. Gards- og ættesoge for Kvernes sokn. Bruhagen: Averøy kulturstyre.

Bourdieu, P. (2006). Kapitalens former. Agora. Journal for metafysisk spekulasjon, 24(1–2), 5–26.

Dahl, H. (1959). Norsk lærerutdanning frå 1814 til i dag. Oslo: Universitetsforlaget.

Dyrvik, S. (2011). Norsk historie 1536–1814. Vegar til sjølvstende. Oslo: Det Norske Samlaget.

Dørum, K. & Sandvik, H. (2012). Nytt om opptøyer og opprør. I K. Dørum & H. Sandvik (red.), Opptøyer i Norge 1750-1850 (s. 9–35). Oslo: Scandinavian Academic Press.

Døssland, A. (2009). Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder: arbeidshypotesar om tid og rom (Notat 1 / 2009). Volda: Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.

Hagemann, G. (1992). Skolefolk. Lærernes historie i Norge. Oslo: Ad Notam Gyldendal.

Hasselberg, Y., Müller, L. & Stenlås, N. (2002). Åter till historiens nätverk. I H. Gunneriusson (red.), Sociala nätverk och fält (s. 7–31). Uppsala: Historiska institutionen, Uppsala universitet.

Helgheim, J. (1980). Allmugeskolen paa bygdene. Oslo: Aschehoug.

Holten, E. (1995–2004). Averøy bygdebok. Gards- og ættesoge (bd. 2–4). Bruhagen: Averøy kulturstyre.

Hougen, F. (1933). Salmebokstriden i Vågå-kyrkja 1808. Årbok for Dølaringen, 98–103.

Hougen, F. (1940). Omgangsskolehaldaren Hans Hansen Pillarviken og heimbygda hans. Edda, 40(4), 337–423.

Hovland, B. (1999). For fedreland og Broderband. Allmugeskulelærarane si møteverksemd i det nasjonale gjennombrotet 1850-1870. Volda: Høgskulen i Volda.

Høstaker, R. (2006). Sosiale felt – ein kritisk analyse. Agora. Journal for metafysisk spekulasjon, 24(1-2), 171–197.

Høverstad, T. (1918). Norsk skulesoga. Det store interregnum 1739-1827. Kristiania: Steenske Forlag.

Høydal, R. (1996). Omgangsskulelæraren som bygdeelite. Skriftkulturell meistring som sosial ressurs. Heimen, 33(3), 201–206.

Karlsen, M. (2008). Pastoralmagt – om velfærdssamfundets kristne arv. København: Anis.

Kjelland, A. (1989–1996). Bygdebok for Lesja (bd. 1–3). Lesja: Lesja kommune.

Kjelland. A. (2012). Underoffiserane i bygdesamfunna på 1700-talet. Eit «forbindende mellomledd» mellom bønder og embetsmenn? I A. Døssland, A. Kjelland, H. Krøvel & M. Sinderud (red.), Frå Volda til verda – fjerne og nære kulturmøte. Historiestudiet i Volda 40 år (s. 287–311). Trondheim: Akademika.

Krøvel, H.J. (u.å.). Omgangsskulelæraren – mellom prest og allmuge? Ei undersøking av omgangslæraren si sosiokulturelle orientering i to regionar på 1700- og 1800-talet (upublisert manus til doktoravhandling).

Kaas, G. & Engen, A. (2003–2007). Bygdabok for Dovre. Gardar, hus og folk (bd. 1–4). Dovre og Lillehammer: A. Engen.

Lindström, J. & Jansson, K.H. (2017). Pigan i fadersväldet. Regler, undantag och mikrohistoriske möjligheter. Historisk tidskrift (svensk), 137(3), 351–378.

Lyngstad, J. (1987–2011). Eideboka. Gard og slekt (bd. 1–7). Eide: Eide kommune.

Mediås, O. (2010). Skolehistoriske holdepunkt. Norsk og nordisk skolehistorie i årstall. Oslo: Didakta Norsk Forlag.

Pleijel, H. (1951). Från hustavlans tid. Stockholm: Svenska kyrkans diakonistyrelses bokförlag.

Pontoppidan, E. (1783). Sandhed til Gudfrygtighed. udi en eenfoldig og efter Muelighed kort, dog tilstrekkelig Forklaring over Sal. Doct. Mort. Luthers Liden Catechismo, indeholdende alt det, som den, der vil blive salig, har behov, at vide og giøre…. Kjøbenhavn.

Scott, J.C. (1990). Domination and the Arts of Resistance. Hidden Transcripts. New Haven og London: Yale University Press.

Skaar, J.N. (1900). Den evangelisk-kristelige salmebogs historie i Akershus bispedømme. Norsk theologisk tidsskrift, 1, s. 287–324.

Slettebø, T.D. (2012). Strilekrigen i Bergen i 1765. I K. Dørum & H. Sandvik (red.), Opptøyer i Norge 1750-1850 (s. 45–101). Oslo: Scandinavian Academic Press.

Teigum, I. (2004). Bygdebok for Vågå og Sel, bd. 2, Frå 1600-talet til 1907. Otta: Sel kommune og Vågå kommune.

Vårdal, M. (2018). Ligesaavel i Vadmel som i Fløiel. Uformelle relasjoner mellom embetsmenn, bønder og husmenn i Vågå ca. 1745-1844 (doktorgradsavhandling, Universitetet i Bergen).

1Dyrvik 2011: 285.
2Kjelland 2012.
3Helgheim 1980: 26 ff.; Høverstad 1918: 1 ff.; Forordning om Skolerne paa Landet i Norge, og hvad Klokkerne og Skoleholderne derfor maa nyde … den 23. Januar. Anno 1739; Placat og nærmere Anordning angaaende Skolerne paa Landet i Norge … den 5te Maji 1741. Kirkehistorisk arkiv ved Norsk Lærerakademi, http://www.fagsider.org/kirkehistorie/lover/indexlover.htm. Sjå også Mediås 2010: 10 f.
4Døssland 2009. Sjå òg innleiinga til dette heftet.
5Krøvel. Upublisert manus til doktoravhandling.
6Krøvel. Upublisert manus til doktoravhandling.
7 Placat og nærmere Anordning angaaende Skolerne paa Landet i Norge … den 5te Maji 1741e, § 5. Kirkehistorisk arkiv ved Norsk Lærerakademi, http://www.fagsider.org/kirkehistorie/lover/indexlover.htm.
8Becholm 1920: 48, 73.
9Lesja kommunearkiv. Lesja prestegjeld skule- og fattigkasseregnskap 1811-65; Innlandet fylkesarkiv. IKA Opplandene. Vågå prestegjeld skulekasseprotokoll 1759-1812, 1813-83; Averøy kommunearkiv. Regnskabs Protocoll for Qvernæs, Kornstad og Bremsnæs Sogners Schole-Casse 1756-1845.
10Høverstad 1918: 198.
11Krøvel. Upublisert manus til doktoravhandling.
12Identiteten til skulehaldarane er kjend gjennom dei bevarte skulekasseprotokollane, og den sosioøkonomiske bakgrunnen til kvar skulehaldar er kartlagt gjennom bruk av bygdebøker som dekkjer Lesja og Kvernes prestegjeld på 1700- og 1800-talet, i tillegg til kyrkjebøker og matrikkelen frå 1838. Kjelland 1989–1996; Kaas & Engen 2003–2007; Berg 1979; Holten 1995–2004; Lyngstad 1987–2011.
13Krøvel. Upublisert manus til doktoravhandling.
14SAT. Ministerialbok for Kvernes prestegjeld. Kvernes sokn 1780-1819; SAT. Ministerialbok for Kvernes prestegjeld. Kornstad sokn 1789-1819; SAT Ministerialbok for Kvernes prestegjeld. Bremsnes sokn 1759-1805, 1805-1819.
15Bourdieu 2006: 8 ff.
16Sjå også Høydal 1996: 201.
17Krøvel. Upublisert manus til doktoravhandling.
18Høstaker 2006: 172.
19SAT. Nordmøre prosti. Skulesaker 1741-1848. Pk. Nr. 61. Skulefundas for Kvernes prestegjeld, 1754, § 7. Trondheim 1756.
20SIT. Privatarkiv. Sjølvbiografisk skisse og brevsamling etter Hans Hansen Pillarviken. Om Pillarviken, sjå Hougen 1940.
21Opplandsarkivet, avdeling Vågå. Fredrik Hougen: «På seminar og almueskole for hundred år siden». Upublisert, sjølvbiografisk nedteikning; Opplandsarkivet, avdeling Vågå. Poul Hougen: «Optegnelser og Erindringer». Upublisert, sjølvbiografisk nedteikning.
22Karlsen 2008: 24.
23Hasselberg mfl. 2002: 14 f.
24Krøvel. Upublisert manus til doktoravhandling.
25Ibid.
26Om konflikten, sjå Skaar 1900: 294–304; Hougen 1933. Analysen er i stor grad basert på korrespondansen mellom biskop Bech og dei lokale prestane, sokneprest Wang og kapellan Bøyesen. SIO. Oslo bispearkiv. Ritualer. troslære. Diverse pakkesaker 2. Salmebok, bispens myndigheter m.v. 1807-1898.
27Dørum & Sandvik 2012: 14 ff.
28Pleijel 1951; Lindstrøm & Jansson 2017: 362.
29Pontoppidan 1783: 45.
30Lindstrøm & Jansson 2017: 351.
31Lindstrøm & Jansson 2017: 363; Aronsson 1995: 51 ff.
32Aronsson 1995: 62 f.
33Aronsson 1993: 16.
34Aronsson 1995: 65.
35Pontoppidan 1783: 45.
36 Instruction For Degne, Klokkere Og Skoleholdere paa Landet i Norge … den 23 Januari Anno 1739, § 22. Kirkehistorisk arkiv ved Norsk Lærerakademi. http://www.fagsider.org/kirkehistorie/lover/1739_innstruks.htm [15.09.2020].
37Ibid, § 13.
38SIO. Oslo bispearkiv. Ritualer. troslære. Diverse pakkesaker 2. Salmebok, bispens myndigheter m.v. 1807-1898. Brev frå kapellan Bøyesen til biskop Bech, datert 25. november 1808.
39Ibid.
40Jf. Scott 1990: 2 ff.
41SAO. Oslo bispearkiv. Ritualer. troslære. Diverse pakkesaker 2. Salmebok, bispens myndigheter m.v. 1807-1898. Brev frå prost Ancher til skulehaldarane Ole Jonsen Raastad og Syver Jonsen Raastad, datert 12. april 1809.
42Dessutan kom kjønnsdimensjonen til uttrykk ved delinga i ei mannsside (sør) og kvinneside (nord) i hovud- og sideskip, sjå Teigum 2004: 30 f.
43Teigum 2004: 32.
44Aronsson 1995: 65.
45Dyrvik 2011: 201.
46Teigum 2004: 147.
47Aronsson 1995: 63.
48Aronsson 1993: 16.
49Døssland 2009.
50Pontoppidan 1783: 47.
51Bang 1910: 216 f., 301.
52Døssland 2009. Sjå òg innleiinga til dette heftet.
53SAO. Kopibok for Oslo bispedømme, 1808-10. Brev frå biskop Bech til Regjeringskommisjonen, datert 29. november 1808.
54Vårdal 2018: 283 f.
55SAO. Oslo bispearkiv. Ritualer. troslære. Diverse pakkesaker 2. Salmebok, bispens myndigheter m.v. 1807-1898. Brev frå kapellan Bøiesen til biskop Bech, datert 5. og 25.november 1808.
56Ibid.
57Krøvel. Upublisert manus til doktoravhandling.
58Scott 1990: 4 f.; Slettebø 2012: 52 f.
59SAT. Privatarkiv. Sjølvbiografisk skisse og brevsamling etter Hans Hansen Pillarviken.
60Krøvel. Upublisert manus til doktoravhandling.
61Opplandsarkivet, avdeling Vågå: Hougen, Fredrik: «På seminar og almueskole for hundred år siden», Upublisert sjølvbiografisk nedteikning med avskrift av diverse brev. Udatert.
62SAH. Valgprotokoll for Nordre Gudbrandsdalen fogderi 1837-1891; Krøvel. Upublisert manus til doktoravhandling.
63 Placat og nærmere Anordning angaaende Skolerne paa Landet i Norge, § 5. Kirkehistorisk arkiv ved Norsk Lærerakademi. http://www.fagsider.org/kirkehistorie/lover/1741_placat.htm [17.9.2020].
64Helgheim 1980: 41.
65Dahl 1959: 9 f.; Hovland 1999: 25 ff.; Hagemann 1992: 40f.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon