Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

I kvar si verd?

Eit prosjekt om norske embetsmenn og bønder 1660–1870
In different worlds?
A project about Norwegian civil servants and farmers c. 1660–1870
Professor emeritus i historie, Høgskulen i Volda

Artikkelen presenterer eit forsøk på samandrag av ei heil rekke undersøkingar knytt til eit større forskingsrådsstøtta historieprosjekt som starta ved Høgskulen i Volda i 2008: «Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder ca. 1660–1870». Ved sida av å fortelje kva problemstillingar og hypotesar som låg til grunn, presenterer vi også organiseringa av heile prosjektet, og kva avgrensingar dette i seg sjølv innebar i høve til dei nokså vidfemnande målsettingane. Hovudsaka var å sette spørjeteikn ved om det er rett å hevde at dei norske rurale lokalsamfunna bar preg av ei klar sosial og kulturell kløyving mellom embetsmannsmiljø på den eine sida og sjølve bondesamfunnet på den andre. Har vi gjennom dei mange større eller mindre undersøkingane klart å svare på spørsmåla? Svaret er langt på veg ja, men likevel ikkje eintydig. Ikkje alle førehandshypotesane var lette å ta standpunkt til. Likevel var vi påtakeleg ofte i stand til å spore personlege band mellom representantar for embetsstanden og bondestanden, noko som i alle fall inneber ei klar nyansering av den såkalla «tokulturlæra».

Nøkkelord: kulturhistorie, embetsmenn, bønder, prosjektoppsummering

The article presents an attempt to sum up a number of investigations linked to a major history project, supported by the Research Council of Norway, which started at Volda University College in 2008: Cultural Perspective on the meeting between civil servants and farmers ca. 1660–1870. In addition to the research questions and hypotheses, we also present the organization of the project, and what demarcation this in itself entailed in relation to the somewhat far-reaching objectives. The main issue was the question as to what degree it is right to argue that the Norwegian rural communities bore the hallmarks of a clear social and cultural division between the civil servants' environment on one hand and the peasant community on the other. Have we, through the number of larger or smaller studies, been able to provide an answer to the hypotheses? The conclusion is to a large extent ‘yes’, but still not unambiguously. Not all the questions were easy to verify. Nevertheless, we were quite often able to trace personal links between the representative of the civil servants and the peasants, which at least represents a clear nuancing of the so-called “two-culture doctrine”.

Keywords: Cultural history, civil servants, peasants, summary of project

Innleiing

I 1979 gav Hans Try sitt band i Cappelens Norgeshistorie tittelen «To kulturer – en stat» (band 11).1 Boka dekte perioden 1851–1884. I det endå meir påkosta tolvbindsverket Aschehougs Norgeshistorie frå 1990-åra vart det i band 7, som dekte perioden 1780 til 1830 og var skrive av Ståle Dyrvik og Ole Feldbæk, sterkt poengtert at embetsmennene på bygdene levde i ei lukka og sjølvrekrutterande verd med sin eigen kultur, klart avsondra frå allmugen. Dette innebar jamvel at embetsmannsgruppa meir enn noka anna gruppe fullt ut fylte krava til å vere ein eigen stand.2 Nokre har på eit litt anna plan funne det fruktbart å arbeide ut frå ei oppfatning om eit fundamentalt skilje på denne tida mellom dei som beherska latin, og dei som ikkje gjorde det: «den lærde tradisjon» og «den folkelige tradisjon».3

Læra om dei to kulturane, ein elitekultur og ein folkekultur (bondekultur), er langt frå ny. Ho kan sporast like tilbake til 1700-talet (sjå lenger ute i artikkelen og Hyviks bidrag i dette heftet). Debatten kring dette er elles ikkje særnorsk, men er også kjent i fleire europeiske land. Særleg har den engelske kulturhistorikaren Peter Burkes Popular Culture in Early Modern Europe frå 1978 blitt eit nærast obligatorisk referanseverk.4

Prosjektet og hypotesane

Prosjektet «Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder ca. 1660–1870», som vi starta ved Høgskulen i Volda i 2008, gjekk ut på å sette spørjeteikn ved den ovanfornemnde tokulturlæra. Læra impliserer homogenitet og dekker over mangfald. Målet vårt var ikkje nødvendigvis å avkrefte læra, men vi meinte det i det minste måtte vere grunnlag for å nyansere ho ein god del. Særleg ville vi vurdere dette gjennom ei rekke større eller mindre nærstudiar frå ymse lokalsamfunn. Vi framheva i utgangspunktet at det fanst eit sjikt mellom dei to gruppene i dei fleste bygder: bondelensmenn og klokkarar, kanskje også skulehaldarar og underoffiserar. I tillegg rekna vi med at det fanst uformelle nettverk der både bønder og embetsmenn var involverte. Generelt sette dermed prosjektet fokus på møta mellom dei to gruppene: korleis dei varierte regionar imellom, og korleis dei endra seg over tid innanfor den perioden prosjektet dekker.5

Prosjektnamnet «Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn i perioden ca. 1660–1870» tilseier i seg sjølv at dette skulle handle om rurale strok. Starten på perioden vart sett til innføringa av eineveldet, som innebar etablering av eit verkeleg kongeleg embetsverk i Danmark-Noreg. Slutten på perioden vart sett til då tida for «embetsmannsstaten», for å nytte Jens Arup Seips omgrep, verkeleg ebba ut.6 Prosjektet vart organisert i tre delprosjekt, som likevel til ein viss grad kom til å overlappa einannan: 1. «Embetsmenns og bønders orienteringsverd, eigenoppfatning og kulturelle særtrekk – ein regional komparasjon». 2. «Embetsmennene sine sosiale og økonomiske relasjonar i høve til bondesamfunnet. Mikrohistorisk tilnærming». 3. «Maktbasis, maktutøving og regionale tilpassingar».

Begrepet «kulturperspektiv» inneber nettopp at vi primært var opptekne av om interaksjonen mellom dei to samfunnsgruppene verkeleg tilseier at dei høyrde heime i kvar si kulturverd. Det dreidde seg i alle tilfelle om møte mellom desse samfunnsgruppene, også inkludert tenkte møte: korleis gruppene oppfatta eller vurderte einannan på avstand (mest knytt til delprosjekt 1). Her må ein ta høgd for at det kan vere skilnad på korleis dei framstilte dette skriftleg for den målgruppa dei vende seg til (rådande diskurs), og korleis haldningar og handlingar var i røynda.

Delprosjekt 2 og 3 har gått ut på å studere i kva samanhengar bønder og embetsmenn møttest (arenaer), og vidare korleis møta arta seg. Det har også vore viktig å få fram korleis dei to gruppene tolka si eiga rolle kring dei meir fysiske møta. I kjeldene finn ein mest det den amerikanske sosialantropologen James C. Scott har kalla «public transcripts», det vil seie den opne eller offisielle dialogen mellom samfunnsgruppene. 7 Det er verre å få fatt i «hidden transcripts», altså den motstanden og kritikken av makta som skjedde uoffisielt og tilslørt, og som makthavarar ikkje såg (kanskje ikkje vil sjå), ikkje høyrde (ikkje ville høyre) eller ikkje kunne eller ville spore opphavet til. Men også ulike former for hersketeknikk eller maktovergrep frå elitens side kan ha skjedd på løynde måtar. Det avgjerande er såleis kva som skjedde i praksis.

Viktige delmål vart elles å vurdere den samla empirien vår opp mot etablerte modellar og teoriar for maktutøving. I prosjektpresentasjonen er såleis disiplinerings- og siviliseringsteorar, til dømes etter Michel Foucault (1926–84) og Norbert Elias (1897–1990), nemnde særskild. Vidare kjem Max Weber (1864–1920) sitt skilje mellom patrimonial og legal autoritet. I tillegg rekna vi med at patron–klient-forhold ville stå sentralt. Innanfor ein samfunnstypologi vil samfunn basert på patron–klient-forhold skilje seg frå på den eine sida såkalla slektskapssamfunn, som var baserte på personlege band, og på den andre sida statssamfunn, som var baserte på upersonlege band. Undervegs har også andre etablerte teoriar og modellar blitt nytta. Til dømes er Antonio Gramsci (1891–1937) sitt omgrep «organisk intellektuelle» drøfta av fleire. Desse teoriane har i praksis vore trekt inn i fleire av prosjektarbeida, sjølv om dei ikkje har fått fokus i denne oppsummeringa.

I eit eige notat, publisert i 2009, supplerte Atle Døssland dei opphavlege måla og problemstillingane med nokre grunngjevne arbeidshypotesar.8 Den eine hypotesen gjekk ut på at forholda mellom embetsmenn og bønder sannsynlegvis endra seg over tid innanfor den perioden prosjektet skulle omfatte. Den første endringa kan ha komme frå 1760-åra og utetter, då fleire embetsmenn fekk formell utdanning. Samstundes vart også lønsvilkåra betre og ryddigare. Ein større del av inntekta vart fast løn. Det vart også vanskelegare å kombinere embete med ulike typar privat økonomisk aktivitet. Gruppa vart no meir oppteken av sjølve embetsrolla og trekte seg meir unna dei opne folkelege arenaene og inn i sin eigen eksklusive kulturelle sfære. I høve til allmugen vart embetsmennene meir opptekne av ei oppdragarrolle for å opplyse og foredle han og gjere flest mogeleg til «nyttige medborgarar».

Den andre hypotesen gjekk ut på at det kunne finnast mønster for vesentlege skilnader regionar imellom på dette feltet. Det er rimeleg å tenke seg at der embetsmennene var mest involverte i økonomisk aktivitet utanom sjølve embetsgjerninga, oppstod det lettast patron–klient-band mellom dei og ein del av bøndene. Vidare må vi tru at der det var store skilnader bøndene imellom, heva bondeeliten seg over dei andre også ved å ha tettare kontakt med embetsmennene. Der det var jamn sosial struktur, stod derimot bondeallmugen meir samla. Der embetsmannen ikkje utan vidare kunne sette fysisk makt bak krava sine, helst i periferien, var han også meir open for å søke alliansepartnarar innanfor bondesamfunnet.

Men det fanst også lokalsamfunn med såpass sterkt innslag av embetsmenn og andre såkalla kondisjonerte at dei seg imellom kunne dyrke eit tett og langt på veg sjølvtilstrekkeleg sosialt nettverk. Situasjonen var heilt annleis i meir perifere bygder, der prestefamilien gjerne var det einaste kondisjonerte innslaget, omgjeven av «lutter bønder».9

I tråd med dette kan det også vere grunn til å vente skilnader mellom bynære og perifere strok. Embetsmenn nær byar hadde i større grad enn i perifere strok høve til å knyte seg opp mot eit omfattande elitenettverk i og kring byen.10 Her kunne dei ha omgang både med andre embetsmenn og med framståande borgarar. Slik sett kan også desse embetsmennene meir ha levd i si eiga lukka eliteverd enn den einsame embetsfamilien i periferien.

Snur vi på perspektivet, kan vi gå ut frå at bønder nær tunge administrative senter meir enn bøndene i periferien var påverka av den hegemoniske kulturen til byeliten, inkludert embetsmennene. Likevel kan dette slå andre vegen: Bønder nær byen kan ha kjent seg så dominert og plaga av skyss og andre plikter at dei vart «tvers og kontra» – generelt negative til både by- og embetselite. Dei kjende seg gjerne også trakasserte i bygatene. Dette synest særleg å ha vore tilfelle med «strilane» kring Bergen. Vi kunne elles ha venta at bønder i bynære område meir enn andre var opptekne av å tileigne seg lese- og skrivekunnskap, endre kledrakt og byggestil og så vidare for å hevde seg i høve til byfolket. For strilane verkar det som dette slo ut i motsett retning: i det vi kan kalle ein motkultur.11

Kva som er blitt undersøkt

Prosjektsøknaden og prosjektbeskrivinga inneheldt heilt klart fleire og breiare aktuelle temafelt for undersøking enn det som kunne vere realistisk å gjennomføre. Det er heller ikkje mogeleg å førehandsbestemme den nøyaktige vinklinga på det som skal undersøkast, når ein lyser ut forskarstipend. Ein må nøye seg med å kontrollere at tematikken som er skissert i søknadene, synest tilstrekkeleg relevante i høve til mål og delmål for prosjektet. Det same gjeld dei sju masterstipenda vi delte ut. Det er altså grenser for kor stringent ein kan organisere eit slikt prosjekt. Til dømes vart det vanskeleg å gjennomføre systematisk regional komparasjon i eit såpass stort omfang som prosjektskissa og notatet frå 2009 la opp til. Endå undersøkingane vart nokså spreidde, og såleis ei utfordring for ei samla oppsummering, er det likevel nokre hovudvinklingar det kan vere grunnlag for å trekke fram her. Prosjektet har resultert i to doktorgradsavhandlingar12, to undersøkingar publiserte som bøker, sju masteravhandlingar og 37 større eller mindre artiklar i ulike typar publikasjonar. I tillegg kjem nær 70 innlegg og foredrag på større og mindre seminar og andre typar samlingar.

Prosjektet har hatt mange medarbeidarar: ein post.doc.-stipendiat13, to doktorgradsstipendiatar14, fem tilsette på Høgskulen i Volda som har bidratt med delar av forskingsdelen i stillingane sine15, og ein tilsett på Norsk lokalhistorisk institutt16. Alle desse har vore rekna som medlemer i prosjektgruppa, som har hatt opp til fleire årlege møte. I tillegg kjem to bidragsytarar frå det skotske historikarmiljøet17, sju mastergradstudentar (tre av dei ved Høgskulen i Volda og fire knytt til dei historiske institutta i Oslo og Bergen)18 og ein frivillig og ulønt medarbeidar19. Det var også viktig å få drahjelp av ei ekstern høgt kvalifisert nettverksgruppe knytt til dei veletablerte universiteta. Desse spelte ei rolle som kontaktpersonar og kommentatorar, særleg i den første fasen.20 I tillegg kunne vi henta impulsar frå ei rekke andre forskarar som vi inviterte som kommentatorar eller føredragshaldarar på internseminara våre.

Når det gjeld geografisk undersøkingsområde, har vi hatt stor spreiing innanfor landets grenser. Likevel har Nord-Gudbrandsdalen, særleg Vågå, blitt eit kjerneområde for dei mest omfattande undersøkingane, og fleire av medarbeidarane har bidratt her (Mette Vårdal, Harald Krøvel, Ivar Teigum, Arnfinn Kjelland). Elles har det vore ei viss vekt på Ytre Nordmøre (Kvernes prestegjeld), Ytre Sunnmøre (Herøy), Nordhordland og Aust-Agder/Telemark. Ei undersøking omfatta heile det det nordafjelske Noreg. Samanliknande studiar frå andre land, kom i praksis berre til å gjelde Skottland og vart også tematisk langt meir snevert enn det som var intensjonen.

Eit viktig og grunnleggande tema har vore korleis oppfatninga om dei to klart skilde kulturane i norske bygdesamfunn, «tokulturlæra», oppstod. I samsvar med prosjektskissa har det elles vore eit klart fokus på grupperingar som fanst i skjeringspunktet mellom embetsmenn og bønder. Det har også vore lagt stor vekt, særleg gjennom masteroppgåver, på forholdet mellom embetsmenn og bønder under opne konfliktar (såkalla bondeaksjonar), då situasjonen var tilspissa og samspelet dermed svært sårbart. Vi har også på nokre felt, i mangel av eigne fullførte prosjektarbeid, valt å trekke inn eit par eldre, men lite kjende vitskaplege arbeid. Dette gjeld særleg allmugens syn på embetsmennene.

Metodisk har nokre medarbeidarar i særleg grad forsøkt seg på mikrohistoriske tilnærmingar med tette analysar av lokalsamfunn. Først og fremst gjeld dette Vågå prestegjeld, der det også budde nokså mange embetsmenn til landsbygd å vere. Uformelle sosiale relasjonar er ikkje så lette å kartlegge på ein konkret måte, men vi har særleg satsa på relativt omfattande analysar av fadderbruk både hos embetsmenn og bønder. Spørsmålet har særleg vore om fadderskapsrelasjonar gjekk på tvers av dei sosiale grupperingane. Også giftarmålsmønster og slektskapsrelasjonar har vore inne i biletet. Lokale brevsamlingar etter enkeltpersonar har også vore av stor verdi for kulturanalysen av sosialgruppene i Vågå-samfunnet.21

Eit anna vektlagt tema har ei meir religionshistorisk vinkling. Dette gjeld særleg prestane si oppfatning av rolla si overfor allmugen. Innanfor dette har patron–klient-forhold vore særleg vektlagd.

I prosjektskissa prøvde vi også å definere nærare dei to grupperingane det var snakk om. I praksis kom vi likevel til å også bruke omgrep som «kondisjonerte», som sjølvsagt inkluderte fleire enn embetsmenn i snever forstand. Bønder har heller ikkje vore eit eintydig omgrep. Brynjulv Gjerdåker har i eit notat om ymse historikarars bruk av bondeomgrepet supplert det som stod i prosjektskissa om dette. Ved bruk av omgrepet «bondeallmugen» er såleis også husmenn inkluderte.22

Tokulturlæra

Post.doc.-stipendiat Jens Johan Hyvik har som hovuddel av arbeidet sitt, i tråd med utgangspunktet for heile prosjektet vårt, vore særleg oppteken av kvifor førestillingane om to skilde kulturar oppstod og gav såpass fasttømra oppfatningar at dei heng ved endå i dag. Hyviks studie vart i januar 2016 publisert av Samlaget som eiga bok i serien Utsyn&innsikt.23

Hyvik si bok er såleis ikkje ein empirisk studie av det faktiske forholdet mellom embetsmenn og bønder, slik dei fleste andre bidraga i prosjektet er. Det dreiar seg i staden om ei konkretisering av den oppfatninga som har inspirert sjølve hovudproblemstillinga for prosjektet vårt. Innanfor prosjektet høyrer dette samstundes til delprosjekt 1, om korleis dei to gruppene oppfatta einannan.

Spørsmåla er altså både korleis ei slik oppfatning vart til, og korleis ho vart brukt. Nærare bestemt gjekk tankegangen ut på at bønder og embetsmenn utgjorde to klart skilde kulturar, der embetsmannskulturen høyrde til elitekulturen, eller den lærde kulturen, og bondekulturen til folkekulturen. Denne oppfatninga hadde røter tilbake til 1700-talet, men fekk frå 1860-åra verkeleg brei oppslutning som ledd i opposisjonen mot embetsmennenes språklege, kulturelle og politiske hegemoni. Ho utgjorde såleis eit viktig ideologisk grunnlag for den politiske venstrerørsla frå 1870-åra og utetter. Bønder i vanleg forstand var ikkje deltakarar i denne debatten, men nokre aktørar med bakgrunn i bondestand og bondekultur, som Ivar Aasen og Arne Garborg, var likevel aktive. Språkspørsmålet vart ein sentral del av debatten.

På 1700-talet rekna embetsmenn og annan elite fenomenet «kultur» som resultat av danning. Ei slik danning gav også innsyn i felleseuropeiske eliteverdiar. Det fanst altså berre ein kultur. Bønder var udanna, men kunne, teoretisk sett, få del i den eigentlege kulturen gjennom skolering. Den patriotiske embetsmannen skulle medverke til ein slik prosess for å heve kulturnivået hos vanlege innbyggarar.

Først godt ut på 1800-talet vart det vanlegare å også godta at det fanst ein allmugekultur eller bondekultur. Elitekulturen burde ta omsyn til dette i arbeidet med å skape ein nasjonal identitet. Faktisk vart den norske bonden eit heilt sentralt symbol i nasjonalromantikken som hadde opphav i samfunnseliten. Å skape ein nasjonal identitet var altså tenkt som ein eliteleidd prosess. Motsatsen var eit nedanfråperspektiv der ein hevda at det var bøndene som forvalta den eigentleg norske kulturen og at embetsmannskulturen var eit framandelement. Nokre gjekk jamvel så langt at dei kulturelt sett tala om to «nasjonar», der berre bøndene utgjorde ein norsk nasjon. Dersom eliten skulle bli ein del av denne nasjonen, måtte han tilpasse seg bondekulturen på bøndenes premissar.

Hyvik trekker på fruktbart vis inn postkoloniale teoriar som forklaring på kvifor tokulturlæra spelte ei så viktig rolle og vart «kanskje det viktigaste ideologiske straumdraget» på 1800-talet.24 Å sette «det heimlege» opp mot det «det framande», der det første var undertrykt og det andre dominant, er eit generelt trekk ved avkoloniseringsprosessar.25 «Dei framande» vart her embetsmennene og den øvre byeliten. Dei hadde sterke band til Danmark, men også vidare ut i Europa. Denne eliten heldt fram å dominere både politisk og kulturelt også etter at bøndene hadde fått politiske rettar gjennom Stortinget og det kommunale sjølvstyret. «Dei heimlege» var knytte til norske bønder, som no var i ferd med å bli meir sjølvmedvitne, og som altså hadde fått tildelt politiske rettar utan i første omgang å ta desse fullt i bruk. I ein slik samanheng vart tokulturlæra «utgangspunkt for ein motstandsideologi som handla om nasjonal reising og folkeleg frigjering (…) frå strukturane unionen med Danmark etterlet».26

I dei innleiande kapitla til Hyvik går det elles fram at tokulturlæra slett ikkje berre var eit 1800-talsfenomen. Langt utetter 1900-talet vart ho brukt av fleire historikarar, som Sverre Steen og Knut Mykland, og ho kan framleis «bidra med nyttige og fruktbare perspektiv på utviklinga av det norske samfunnet under foreiningstida og på 1800-talet».27

Underforstått er førestillinga om at ei slik kulturkløft var ekstra sterk i Noreg i høve til andre land, endå Hyvik ikkje trekker inn særleg empiri for å vise dette. Likevel er han inne på mogelege årsaker til dette i artikkelen sin i dette heftet. Elles har han, saman med Robert McColl Millar og Andrew G. Newby (som også har vore prosjektmedarbeidar), prøvt å samanlikne norsk og skotsk separatisme når det gjeld førestillingar om to skilde kulturar og konstruksjon av eit eige nasjonalt skriftspråk. I Skottland spelte likevel språkstrid ei svært underordna rolle i høve til i Noreg.28

Underliggande i drøftinga av tokulturlæra er altså at det dreiar seg om ein konstruksjon eller modell som av ulike årsaker oppstod på 1800-talet. I sterk grad var dette knytt til politiske strategiar, der allmuge vart kontrastert mot sosial elite, og det rurale mot det urbane. Dette er ein modell som eit godt stykke på veg har forma synet på sosiale og kulturelle trekk ved rurale strok i denne perioden.

Embetsmenns syn på bønder

Innanfor delprosjekt 1 har Knut Sprauten godtgjort at norske embetsmenn i større grad enn dei danske embetsbrørne viste vilje til å framheve også positive sider ved bøndene, ved sida av dei negative karakteristikkane. Her støttar han seg også til den danske historikaren Peter Henningsen si omfangsrike doktoravhandling.29 Rett nok kunne det vere store skilnader embetsmennene imellom, men enkelte av dei såg på sokneborna sine nærast som likeverdige samfunnsborgarar. Bøndene var arbeidsame, og det var berre fattigdom som hindra dei i å utvikle evnene sine. Sprauten har studert det omfattande publiserte materialet frå 1743 der embetsmennene fekk i oppdrag å svare på 43 «Questioner». Han spekulerer på kvifor det ikkje var ein like sterk forakt for bøndene i Noreg som i Danmark, og set fram fleire teoriar om dette.30

Nokre mindre studiar innanfor prosjektet er avgrensa til å drøfte synspunkta til enkeltrepresentantar for embets- og elitesjiktet. Jens Johan Hyvik har såleis studert jernverkseigaren og stortingsmannen Jacob Aall (1773–1844) sitt syn på kultur, elite og folk.31

Jacob Aalls ytringar er henta frå ymse artiklar tidleg på 1800-talet. Her hevdar han at norske bønder, særleg dei som finst i innlandet og til fjells, sit inne med spesielle talent i høve til bønder i andre land. Dei er «muntre og raske, uvillige mot ethvert Aag og begavede med herlige Aandsgaver». Dette er resultat av harde klimatiske vilkår som har gjort det vanskeleg med «beqvem og behagelig Levamaade». Kystbuarane er derimot noko skjemde av ureine nyansar i karakteren, påverka av det ein elles kjenner frå handelsprega nasjonar. Men også innlandsbøndenes eigenskapar vil lett utarte om dei ikkje vert aga og foredla av gode «Forbedrelses-Anstalter til Opdragelse og Kultur».32 For sikkerheits skuld framhevar rett nok også Aall kongetruskap som ein verdfull eigenskap hos norske bønder, og ein stad modifiserer han den avgjerande rolla naturen har: borgarlege tilhøve og eit mildt styresett har også vore svært viktig. Men hovudtanken er altså i samsvar med ein utbreidd tanke på denne tida: at natur skapar «folkekarakter», medan det må danning til for å skape «kultur». Bondeallmugen var såleis i 1830-åra endå for lite danna til å overta den makta formannskapslovene tilla dei.33

Kultur kunne altså tileignast, men fanst primært hos dei høgare stendene (embetsmennene og delar av borgarskapet). Bønders danning burde dessutan avgrensast til det som hadde praktisk og nyttig funksjon: «De ringere Stænders Leveveie kunne forædles.»34 Aall la vekt på fridom og likskap for lova, men forsvarte likevel at det burde vere eit skilje mellom dei ulike samfunnsklassene. Han var såleis ein representant for eit synspunkt som tilsa at «dannelsens aristokrati» var dei som burde styre og rettleie. Aalls kultursyn var langt frå uvanleg, hevdar Hyvik. Difor er det også ein viktig nøkkel til å forstå også resten av den norske samfunnseliten si oppfatning av «forholdet mellom elite og folk – styrende og styrte – i det norske samfunnet».35

Nokre studiar har vore vinkla mot embetsmenn (særleg prestane) si rolleforståing når det gjeld maktutøving overfor bønder og annan allmuge. (Såleis ligg dei kan hende nærare delprosjekt 3 enn delprosjekt 1.) Birger Løvlie har sett nærare på dei geistlege si rolleforståing.36 Medan den lutherske vedkjenninga hadde sett eit skilje mellom kyrkje og verdsleg øvrigheit, innebar den eineveldige lovgivinga at all kyrkjeleg myndigheit vart tillagt kongen. Makt og rettar skulle ikkje lenger vere spreidd på fleire, men sentraliserast i hendene på ein eineveldig fyrste, som dermed også var kyrkja sin patron. Kyrkjeretten vart heilt og fullt ein statsrett. Eineveldet innebar også ei læremessig einsretting som kyrkja vart sett til å kontrollere. Konventiklar (private religiøse samlingar) utan presten til stades var forbodne (jamfør konventikkelplakaten frå 1741). Prestens roller og plikter overfor allmugen var svært detaljert fastsett av kongen i Christian Vs Norske Lov (1687). I alle fall utvendig sett måtte dei geistlege embetsmennene tilpasse seg dette. Erik Pontoppidan, som fungerte som ein slags sjefsideolog, forsvarte dette mellom anna med at eit menneske som etter syndefallet var gjennomsyra av vond vilje mot Gud, burde regjerast av eit sterkt og myndig monarki. Men i og med at presten var kongens embetsmann, innebar vel dette at også han kunne gjere krav på full lydnad frå allmugen.

Både den lutherske ortodoksien og pietismen gjekk god for denne ordninga. Men då opplysningsideane vann fram på slutten av 1700-talet kom dei geistlege til å oppfatte rolla si noko annleis. Opplysningsprestane var ideologisk sett meir orienterte mot det praktiske livet og la mindre vekt på det reint teologiske og det å vere kongens embetsmenn. Opplysningspresten Hans Strøm sitt forsvar for eineveldet vart dermed nokså pragmatisk. Dei vitskaplege interessene prega også den teologiske forståinga til desse prestane. Opplysningspresten «forsto seg selv som allmuens opplysningsagent; han ble en bondepatron».37 Dette innebar også at han leita etter nye måtar og arenaer for å formidle til allmugen. Det han ville formidle, passa ikkje nødvendigvis i høgmessa. Presten burde legge vinn på å ha eit mildt, muntert og behageleg vesen for å nå fram til allmugen.

Opplysningsprestane prøvde særleg å påverke bonden til mindre drukkenskap, og dei var føregangsmenn for undervisning av barn og unge. Ein av dei mest kjende, Andreas Faye (1802–69), såg såleis den gode presten som ein ålmennkompetent fagmann med formidling som hovudsak. Han skulle vere bondepatron i den forstand at han skulle sjå på seg sjølv som allmugens lærar. «De underviste i ‘kirkens forgård’ og la etter hvert grunnen for 1800-tallets oppfatning av skolen som den sanne kirke.»38

Den lekmannskristelege vekkingsrørsla til Hans Nielsen Hauge innebar endringar av det folkelege synet på presterolla. Rørsla fekk så mykje å seie at den offisielle kyrkja ikkje kunne sjå bort frå ho. I denne samanhengen er det sjølvsagt også eit poeng at eineveldets tid var over. Presten var etter denne nye forståinga redusert til berre å vere forvaltar av det som høyrde til god orden, særleg sakramenta, og i det heile til handheving av religiøs lovgiving. Men kyrkja sitt åndelege sentrum vart flytta frå embetsmann til bonde. Presten vart i mindre grad patron. Dette var også bakgrunn for opphevinga av konventikkelplakaten i 1842. Dissenterlova frå 1845 gjorde det dessutan mogeleg å etablere kristne forsamlingar utanfor statskyrkja. I utgangspunktet var altså dette ei forståing av presterolla som oppstod utanfor den geistlege standen, men etter kvart vart også mange prestar haugiansk påverka. «Som embetsmann måtte presten avfinne seg med at kongens undersåtter kunne velge seg bort fra ham, mens han selv sto i patronatsforhold til øvrigheten.»39 Stat og ålmenn-kyrkje var ikkje lenger same sak. Med nye skulelover utetter 1800-talet vart også prestens rolle betydeleg redusert, samstundes som det religiøse innhaldet i skulen vart dempa.

At nye trendar gjorde seg gjeldande, hindra ikkje at eldre synsmåtar hang att hos mange. Beate Moltubakk Ørstavik har i si masteroppgåve granska synet til den danskfødde prestefrua og forfattarinna Magdalene Thoresen, slik det kjem fram i boka Billeder fra Vestkysten af Norge (1872). Thoresen hadde sjølv dansk mellomklassebakgrunn, men vart gift med ein norsk prest.40 Ho synest framleis i 1872 i hovudsak å henge att i opplysningstida sitt syn på bønder, og kva rolle prestar og andre embetsmenn burde ha overfor dei. Dette var likevel oppblanda med element av bonderomantikk og ein viss mystisisme. Ei rad observasjonar og betraktningar samanblanda med myteprega forteljingar i boka hennar fortel om dette. Moltubakk Ørstavik konkluderer slik når det gjeld Thoresens syn: «Dersom presten ikkje har det sanne hjartelag eller den sanne humanistiske danning, kan han ikkje nå ut til folket.» Ho føyer likevel til at Thoresen er meir intuitiv enn analytisk i forteljingane sine.41

Dei refererte synspunkta frå embetssjiktet sprikte altså ein god del. Det er ikkje rett å hevde at dei bar preg av gjennomført arroganse og nedvurdering av folk av bondestand. Særleg opplysningsorienterte embetsmenn interesserte seg genuint for det som rørte seg i bondesamfunnet. Likevel var dei ikkje i tvil om at det var dei sjølve som stod for ein verkeleg sofistikert kultur og eit høgare opplysningsnivå. Bønder kunne foredlast ved å godta embetsmannens rettleiande rolle. Utetter 1800-talet var ikkje bøndene så villige til å tilkjenne embetssjiktet ei slik rolleforståing. Haugianismen hadde truleg mykje å seie for dette klimaskiftet.

Bønders syn på embetsmenn

I mindre grad har det vore mogeleg å trekke inn det motsette perspektivet: bønders syn på embetsmennene. I eit forsøk på å dekke dette likevel har prosjektet valt å hente fram nokre moment frå dei eldre og mindre kjende avhandlingane til Andreas Seierstad og Halvor Landsverk om synet på presten i norsk folketradisjon og på heile spekteret av embetsmenn i norske folkeeventyr.

Andreas Seierstad publiserte alt i 1925 ein artikkel basert på gjennomgang av ei mengd segnmateriale og eventyr og i tillegg noko frå folkevisetekstar. Han konsentrerer seg likevel berre om oppfatningar av presten. I 1948 skreiv Halvor Landsverk ei meir systematisk utforma hovudoppgåve om korleis ymse typar embetsmenn vart framstilte i folkeeventyra, også jamført med eventyr frå ein del andre land.42

Både Seierstad og Landsverk viser at presten var den klart hyppigast omtalte embetsmannen i folketradisjonen. Dette viser i seg sjølv at han må ha spelt ei sentral rolle på godt og vondt i bygdesamfunna. Seierstad si framstilling svulmar over av ei mengd konkrete eksempel. Desse er likevel slett ikkje eintydige, og det er difor vanskeleg å trekke ut hovudmønster. Presten kan til dømes vere respektert og beundra både for framtoning, kunnskap og magiske evner (som langt frå er avgrensa til det teologiske). Ikkje minst treng folket presten når dei ligg for døden.43 På den andre sida kan han også vere forakta for levemåte, grådigheit og jamvel ynkeleg framferd. Dessutan er han ein hardhendt avgiftsinnkrevjar, også fordi han er jordherre for leiglendingsbønder. Han må såleis ofte få hjelp frå ein kløktig og jordnær klokkar. «Kjende bygdelyden noko band millom seg og presten, var det fyrst og fremst dette at han skulle ha deira korn, deira krøterskrottar, deira ost, deira smør , deira pylsor.» Likevel ser folk gjerne at presten kjem i gjesteboda deira og er med i springdans, kortspel og drikkelag, men han må te seg slik at han ikkje «slepper all vyrnad for seg sjølv».44 Trass i dette har presten først og fremst nær omgang med andre embetsmenn og dernest heller med storbønder enn småbønder. Han strevar såleis hardt etter å «skaffe gifte til seg og sine innan sitt eige stand». Dessutan er «maal-skilnaden (…) ein fast grense-mur mellom embetsstand og bondefolk». Av bondefolket var det berre til ein viss grad klokkaren som prøvde å «humpe etter presten og tala fint».45

Halvor Landsverk reknar litt misvisande også klokkaren og lensmannen til kategorien «embetsmenn». I aller sterkast grad er presten ein sentral figur i eventyra, deretter klokkaren og lensmannen. Til ein viss grad er futen også med (men då ofte nærast synonymt med sjølve djevelen). Nokre gonger dukkar også doktoren eller offiseren opp. Skrivaren og amtmannen er svært perifere personar som ikkje kjem så ille ut som lensmann og fut. Landsverk analyserer desse ulike embetsmannstypane etter tur slik dei er omtalte i eventyra. Han samanliknar dei, men finn også felles trekk. Dernest samanliknar han med eventyrtradisjonar i andre utvalde europeiske land.

Dei norske eventyra har visse særtrekk. Ikkje minst ber dei norske variantane preg av opprørsånd og brodd mot overklassen. Landsverk forklarar at i Noreg hadde bonden ein uvanleg fri og sjølvstendig status. Desse særtrekka saknar ein til dømes i dei tysk-danske variantane. I Danmark og Tyskland kan «livet i ufridom og delvis rettsløyse i hundreår etter hundreår ha knekt både von og vilje til opprør og frigjering. Midt i vonløysa synest sjølve fantasien å vere bunden til tilhøva slik dei var, og i staden for oppreisten og hemnen kjem fatalismen inn i eventyret.» Difor finn ein ofte ein tendens til «krypande ovundring» for den rike og mektige.46

Landsverk er likevel open for at eventyrforteljinga knapt kan reknast som dekkande for det eigentlege synet til bøndene. At embetsmenn så hyppig og på såpass krast vis er omtala, kan nemleg og ha samanheng med «dei episke lovene» knytte til eventyret. Viktig her er «motsetnadslova»: Når ei segn eller eit eventyr lar to personar opptre på ein gong, vert dei framheva som motsetningar i karakter, og vert også ofte plasserte i handlingsmotsetning til einannan. Fordi embetsmannen nesten utan unnatak er sett opp som motsetnadsfigur til ein av «folket», er karakteristikken av han gjennomført negativ.47

Vidare set Landsverk den norske eventyrtradisjonen inn i Halvdan Kohts klassekamp- og framandvelde-perspektiv, jamfør boka Norsk bondereising.48 I striden for livet som den frie norske bonden førte mot framande herrar, «låg han alltid under for den rå makta, men hugen og fantasien kunne ingen leggje band på, og her tok han sin mon att. I folkediktinga fann han atterklang for kjenslene sine, og ingen ting er meir naturleg enn at kvar og ein her freista å finne vederlag for all sut og motgang i det røynlege livet. Eventyret gav seg heller ikkje ut for å vere noko anna enn rein fri dikting, og utan noko ansvar kunne bonden derfor skildre embetsmannen slik han hadde hug til.» Lengst går dei reine skjemteeventyra.49 (Det Landsverk her skriv, høver bra med James C. Scott sitt før nemnde omgrep, «hidden transcripts», motstand og kritikk av makta som skjedde på uoffisiell og tilslørt vis, og som ikkje gav dei styrande påskot til å gripe inn.)

Med desse atterhalda set likevel Landsverk stor lit til analyse av eventyra: «Det store romet embetsmannen har fått over alt i folkediktinga, viser kanskje meir enn noko anna den sterke samanhengen mellom denne og sjølve livet. Derfor må også all folkedikting vere ei framifrå kjelde til kunnskap om sjelelivet til forfedrane våre. Innhaldet kan nok ofte vere både einfelt og folkeleg, men det er alltid ekte.»50

Bønders verkelege syn på embetsmenn og deira avstandsoppleving i høve til ein eventuell embetsmannskultur er det altså ikkje så lett å finne kjelder til, endå vi i eventyr og segner kan få visse glimt av dette. Dei «episke lovene» i sjølve forteljinga, der det var effektfullt å framheve motsetningar, kan nok få kritikken og avstandskjensla til å bli overdriven. På somme vis vert likevel ikkje embetsmannen hengt ut stort verre enn bondekaksen (noko ikkje Landsverk omtalar). Men skal ein ta slike innslag i forteljingane på alvor, er den sosiale avstanden meir framheva enn den kulturelle.

Aksjonar og annan bondemotstand

Meir handfaste enn reine meiningar og haldningar er dei konkrete konfrontasjonane mellom samfunnsgruppene. Spørsmålet er likevel om dei to gruppene eintydig opererte i kvar si verd i slike situasjonar. Nettopp ved slike høve kunne ein jo forvente at avstanden mellom dei vart utvida. Ifølgje den svenske historikaren Martin Linde kan ein analyse av ekstremsituasjonar få det som var normaltilstanden til å avteikne seg klarare. Dessutan vil gjerne politiske handlingsmønster sette tydelegare spor i kjeldene når relasjonane mellom styrande og styrte var mest tilspissa.51

Fleire masterstipendiatar – Arvin Grepperud, Eyvind Urkedal York, Marthe Glad Munch-Möller og Amund Pedersen – har levert bidrag der bønders kollektive handlingar i konflikt-situasjonar har vore tema. Alle desse har også levert samanfattande artiklar. Dei stadfestar at embetsmenn ikkje nødvendigvis stod saman som gruppe i konfliktar med bønder. Dialogen med og kontaktflata til bøndene trong ikkje å vere broten. Men det var viktig for dei å bidra til prosedyrar som først og fremst gjekk ut på å gjenopprette den etablerte sosiale ordenen.

Bønder, liksom andre innbyggarar, hadde frå gammalt av høve til å ytre seg på legalt vis gjennom supplikkordninga. Arvin Grepperud har analysert supplikkane frå Akershus stift i åra 1661–1662.52 Fordelinga av supplikkar samfunnsgruppene imellom viser rett nok at det var ein klart høgare terskel for å få i stand slike for bønder og annan allmuge enn det var for høgare samfunnsgrupper som borgarar og embetsmenn. Held vi unna kjøpstadene, utgjorde likevel kollektive allmugesupplikkar over ein tredel av det samla talet supplikkar. Plussar vi også på dei individuelle bondesupplikkane, er vi oppe i over 80 prosent. Resten kom frå embetsmenn.53

Bøndene klaga over utlikning av skattar og andre byrder som dei meinte embetsmenn praktiserte på ulovleg vis. Av og til dreidde det seg jamvel om valdsbruk. Særleg førte plikta til å skysse kongelege ombodsmenn til direkte konfrontasjon, men også militær utskriving og innkvartering skapte kraftige spenningar. I tillegg klaga bøndene på overgrep frå jordeigarar som ofte kunne vere embetsmenn. I klagene viser dei gjerne til gjeldande lover og sedvane, og overfor kongen er dei svært underdanige og opptekne av å vise truskap. Geografiske samanlikningar illustrerer også at det må ha vore nokså god kontakt og samordning bygdene imellom når det gjeld klageaksjonar – til dels over store avstandar.54 Embetsmennene sine supplikkar var derimot individuelle og galdt personlege forhold. Ein finn knapt klager retta mot andre samfunnsgrupper som kollektiv.

Tilsynelatande la styresmaktene stor vekt på å undersøke grunnlaget for klagene, anten dei kom frå bønder eller embetsmenn. Men det betydde ikkje nødvendigvis at klagarane fekk medhald. Trass i denne ordninga fann bøndene det ofte nødvendig å yte meir eller mindre tildekt passiv motstand mot ymse pålegg. Likevel kom det nokre gonger til opne ulovlege aksjonar.

Tre av masteroppgåvene som er knytte til prosjektet, er analysar av slike aksjonar. Eyvind York har studert bondemotstanden i Bergen stiftamt mot dagskatten 1712–15. Endå ein skattemotstand sjølvsagt generelt auka konfliktnivået mellom styrande og styrte, var det likevel slik at det mellom embetsmennene eksisterte ei ambivalent haldning til bøndene og pålegga som skulle settast ut i livet. Nokre embetsmenn var nokså lydhøyre for bondesynspunkta, eller fann det i alle fall taktisk rett å gje etter eit stykke på veg. Stiftamtmann Anders Undall arbeidde såleis for å moderere skattekrava. Han var i direkte dialog med bøndene både gjennom brev til lensmennene og ved sjølv å oppsøke dei lokale tinga. Dette var med på å dempe konflikten. Det synest å ha vore ein viss samanheng mellom haldningane til den enkelte embetsmannen, kva bakgrunn han hadde, og til kva tidlegare erfaringar han hadde med bønder som gruppe. Det var altså ikkje tale om ein altomfattande konflikt mellom embetsmenn og bønder. Dette betyr at det trass i ein hard konflikt fanst grader av dialog mellom dei to gruppene.

I hovudsak prøvde bøndene å agere på ein slik måte at dei ikkje utfordra dei etablerte rammene i dei eksisterande maktforholda (jamfør James C. Scotts omgrep «hidden transcripts»).55 Dei sette seg ikkje opp mot sjølve dagskatten, og dei viste underdanigheit og truskap til kongen. Dermed kunne dei også lettare rette motstanden mot enkelte lokale embetsmenn, som dei hevda ikkje handla i samsvar med kongens vilje.

York hevdar likevel at bøndene, særleg i Indre Sogn, ved sterk kollektiv organisering også kunne gå utanfor rammene for dette. Dei valde open konfrontasjon med styresmaktene «dersom vilkåra låg til rettes for det».56 Trass i tilkalla soldatvakt synest futane å ha vore temmeleg hjelpelause når dei stod overfor eit mangment og mishagytrande bygdekollektiv. Jamfør likevel futen Peder Iversen Leganger i Sogn, som viste stor ringeakt for bøndene og ønskte hemn for nederlaga sine. Futen Oluf Larsen i Sunnhordland og Hardanger var derimot oppteken av å bevare ein positiv dialog. Han endra tydeleg haldning og prøvde å hindre harde straffer for bøndene som hadde stått han imot.

Marthe Glad Munch-Møller har studert eitt av fleire såkalla matoppløp tidleg på 1800-talet. Det dreidde seg om ein allmugeaksjon året 1801 i Dypvåg i Aust-Agder under ei påstått hungersnaud. Bondeallmugen tok hand om eit fullasta britisk kornskip som hadde søkt naudhamn i Lyngør, og dei slepte fartøyet til Dypvågkilen lenger inne. Her delte dei ut kornet utan krav om betaling eller kreditt. Likevel var dei opptekne av å opptre ryddig og førte nøyaktige lister over kven som hadde fått korn.

Ei samtidig hending i Arendal synest å vise at dersom embetsmennene gjennom god dialog med allmugen såg seg i stand til å handle i samsvar med folkeviljen i ein kriseprega situasjon, kunne dette vere med på å styrke embetsmannens posisjon eller prestisje. Likevel var det viktig at ein ikkje måtte la allmugen tru at det var dei som hadde «bestemt Øvrighedens Forhold». I Dypvåg-aksjonen skjedde nettopp dette. Her var det allmugen som på sjølvstendig vis tok dei viktige initiativa og avgjerdene.57

Bøndene prøvde å argumentere med at dei handla ut frå ein rein naudssituasjon og ut frå førestillingar om «moralsk økonomi», det vil seie ut frå tanken om ein patriarkalsk samfunnsorden der dei øvre samfunnslaga hadde eit moralsk ansvar for å lose dei lægre gjennom økonomiske krisesituasjonar. I den konkrete situasjonen såg det ikkje ut til at dette ansvaret vart oppfylt, og dermed hadde allmugen rett til å aksjonere. Men det vart viktig å markere at dei ikkje hadde noko ønskje om å endre den etablerte sosiale ordenen. Det er såleis ikkje rett å sette merkelappen «subversiv», eller samfunnsomstyrtande, på denne typen bondepolitisering.58

For embetsmennene var det maktpåliggande å gjenopprette den sosiale ordenen ved å sette i verk formelle avhøyr og rettslege prosessar. Når først dette var gjort, var dei ikkje opptekne av straffeutmålingar som ville øydelegge forholdet deira til allmugen på lengre sikt. Gjennom dette oppnådde dei på sett og vis ei reetablering av autoriteten sin.

Amund Pedersen har analysert dei skriftlege kjeldene kring eit opplaup i Arendal i 1813.59 Her var dei eigentlege motpolane bøndene og borgarskapet. Men embetsmennene måtte handtere konflikten. Gjennom dialogen med bøndene oppnådde dei lokale embetsmennene at bøndene fekk forsyningar frå militære kornmagasin, men dei feila når det galdt korleis dette kornet skulle fordelast mellom bønder frå ulike distrikt. Det var dette som utløyste det verkelege opplaupet. Undersøkingskommisjonen i etterkant av dette ønskte temmeleg strenge straffer for dei leiande bøndene, og denne gongen støtta dei lokale embetsmennene straffeutmålinga gjennom heile rettsprosessen. Dette hadde truleg samanheng med at denne aksjonen gjekk inn i ei rekke av mange bondeaksjonar i Arendals-området like frå 1723, jamfør også aksjonen i 1801 som er nemnd ovanfor. Her dreidde det seg såleis om ein opprørstradisjon eller politisk kultur mellom bøndene med aksjonar som fleire gonger hadde gjeve bra resultat sett frå deira side. «Embetsverkets beviselige behov for å dømme og vise muskler i etterkant er et vitnesbyrd om dette. Disse faktorene gjør denne konflikten like mye til et Arendalsoppløp som til et spontant matoppløp», skriv Pedersen.60

Nettopp fordi embetsmenn og bønder ikkje eintydig opererte i kvar si verd, ser det ikkje nødvendigvis ut til at dei kollektive bondeaksjonane som er behandla i prosjektundersøkingane, auka avstanden dei imellom. Tvert om gjorde nødvendigheita av å bevare visse tettare band sitt til å dempe konfliktane, eller i alle fall hindre langvarige etterverknader. Ved store aksjonar som «Strilekrigen» i 1765 og Lofthusreisinga i 1784, som ikkje er behandla her, kunne det likevel vere annleis. Mykje hardare ordelag frå begge sider synest å ha prega dialogen mellom dei to gruppene i ettertida mot slutten av 1700-talet, og i Bergens omland vart det ofte vist til aksjonane i 1765.61

Det som elles vart sagt på fordekt måte, kunne, slik vi har sett, komme fram meir ope i samband med større allmugeaksjonar. Likevel var strategisk tenking slett ikkje fråverande mellom dei aksjonerande bøndene. Dei såg gjerne til at aksjonen ikkje utan vidare kunne oppfattast som samfunnsomveltande. Dei fleste embetsmennene prøvde også å handtere slike saker på ein måte som ikkje skulle skape for mykje vondt blod på lengre sikt. Ingen av partane ønskte å bidra til å auke kulturkløfta dei imellom.

Gryande politisering

Bondeaksjonane innebar oftast ei form for politisering. Men etter kvart som legale politiske arenaer opna seg tidleg på 1800-talet, hende det også at framståande bønder og embetsmenn «politiserte» saman.

Gunnar Bolstad har i si masteroppgåve studert politisk kulturdanning i Bratsberg amt (Telemark).62 Mot slutten av 1700-talet vart bøndene flinkare til å bruke dei tilgjengelege arenaene på ein meir taktisk måte. Det kom til nye arenaer som skule- og fattigkommisjonar, og dei fekk også hand om forliksråda frå 1797. Deltaking i leseselskap og rolla som lensmenn eller skulemeistrar var også med på å styrke «den sosiale kapitalen» til mange bønder. Dei makta å skape alliansar inn mot enkelte embetsmenn og slo dermed sprekkar i tokulturfronten, skriv Bolstad. Dei fann ofte allierte mellom ulike embetsmenn. I særleg grad skjedde dette frå og med 1814, då bøndene også fekk vere med å velje representantar til Stortinget og jamvel sjølve kunne bli valde inn.63

Bøndene som såleis fekk spele ei rolle i rikspolitikken, høyrde stort sett til ein elite, gjerne med handel eller anna næringsdrift ved sida av bondeyrket og ofte med band seg imellom. Dei fremste deltok jamvel i uformelle politiske forum saman med einskilde embetsmenn. Kanskje er det også eit symptom på dette når dei, endå dei utgjorde det store fleirtalet av valmennene (særleg frå Øvre Telemark), like fullt ikkje nytta makta si til å velje berre bønder som representantar på Stortinget. Dei var ikkje framande for verdien av akademisk kompetanse.

Nokre av bøndene frå Telemark hevda seg likså godt som mange embetsmenn på stortingssamlingane. Endå dei hadde ein viss omgang med nokre av embetsmennene, heldt dei likevel fast på bondeidentiteten sin. Rett nok var det ikkje slik at embetsmennene generelt rekna bøndene som likeverdige; nokre av dei ironiserte kraftig over dei politiserande bøndene.

Også Jens Johan Hyvik har teke føre seg Telemark i ein publikasjon som dreiar seg om dei politiske hendingane i året 1814 på lokalnivå.64 Emnet hans gjeld prosessane kring eidsavlegging og val av representantar til Eidsvoll-forsamlinga. Dette var den vaklande starten på det som skulle bli det norske demokratiet. Det var ei indirekte valordning som i sterk grad var styrt ovanfrå. Bøndene skulle trekkast aktivt inn ved at minst ein av dei to valmennene frå kvart prestegjeld skulle vere av bondestand. Dette var viktig for styresmaktene som legitimeringsgrunnlag for heile den kommande politiske prosessen. Korleis valet skulle skje, var langt frå bestemt i detalj, og presten, som stod for organiseringa, hadde i realiteten nokså fritt spelerom.65 Ofte verkar det som dei utkåra langt på veg vart utpeika av presten. Like fullt var det fleire prestegjeld som lét begge valmennene vere bønder. Men dei utvalde bøndene var ikkje kven som helst. Mange av dei hadde alt før hatt viktige lokale ombod, til dømes som lensmenn, kyrkjeverjer eller prestens medhjelparar, eller hadde hatt militære posisjonar. Dette var rett nok verv dei var utpeikte til av embetsmenn, og vala av dei var neppe kontroversielt sett frå embetsstandens ståstad. Dei fleste var også nokså velståande.

Harald Krøvel har i same publikasjonen utført ei liknande undersøking for Møre og Romsdal. Resultata her samsvarar i hovudsak godt med Hyviks resultat frå Telemark.66 Endå bøndene også her var i klart fleirtal mellom valmennene, valde valmannsforsamlinga, akkurat som i Telemark, til sjuande og sist to embetsmenn og berre éin bonde som utsendingar til Eidsvoll. Krøvel poengterer jamvel at valmannsforsamlinga sitt val står fram som «ei stadfesting av formelle, hierarkiske relasjonar» meir enn ein reell valprosess: Dei tre valde vart den fremste verdslege embetsmannen (amtmannen), ein av dei fremste geistlege (prosten), og så til slutt den obligatoriske bonden. Det same gjorde seg gjeldande i rekkefølgja av underskrifter under den såkalla «adressa» som alle valmennene skreiv under.

På den andre sida opnar Krøvel for at visse trekk ved valmannsforsamlinga, særleg at ho trass alt var meir ueinsarta enn ein kunne vente, kan tolkast som teikn på at valet ikkje einsidig var styrt ovanfrå. Kvar fjerde bonde var verken knytt til det hierarkiske styringsapparatet på lokalnivå, eller kunne reknast som særleg velhalden. Dette tyder på «at valprosessen våren 1814 kan ha vore djupare forankra i bondesamfunnet og famna vidare i lokalsamfunna i Møre og Romsdal, enn det ein i utgangspunktet skulle tru».67

Med gradvis opning av legale politiske arenaer på 1800-talet, er det interessant å merke seg at einskilde bønder kunne vere del av det same politiske nettverket som folk frå embets- eller kjøpmannssjikt, eller i alle fall vere allierte med enkelte elitepersonar. Embetsmenn hadde rett nok i stor grad høve til å dominere og dirigere dei første politiske vala i 1814, men likevel var ikkje bøndene eintydig passive tilskodarar. Vala i seg sjølv avspeglar ikkje utan vidare klare motsetnader eller stor avstand mellom embetsmann og bonde.

Grupper i skjeringspunkt mellom embetsmenn og bønder

Av særleg interesse for prosjektet er spørsmålet om det i bygdesamfunna også fanst formidlarar mellom dei to samfunnsgruppene, og korleis deira rolle var. Innanfor prosjektet er det to gode og omfattande bidrag om rolla til slike mogelege mellomgrupper mellom bønder og embetsmenn. Brynjulv Gjerdåker har skrive ei bok om bondelensmennene i det nordafjelske Noreg både som statstenestemenn og samstundes som «almuens» formenn, og Harald Krøvel har nesten fullført ei doktorgradsavhandling om allmugeskulelærarane.68 Ved sida av dette har det også innanfor prosjektet vore gjort små innhogg i artikkels form, som fortel noko om eiga identifisering og samfunnssyn hos enkeltaktørar i slike mellomposisjonar (sjå nedanfor). Dette gjeld særleg lensmenn og klokkarar. Her vil vi likevel presentere undersøkingane ordna etter ombodstype: lensmenn, klokkarar, underoffiserar og skulehaldarar.

Gjerdåker gjer greie for lensmannen sine temmeleg samansette samfunnsoppgåver. Vidare kjem sjølve tilsettingsprosedyren, og kven som faktisk vart peika ut til å vere lensmann. Med tanke på å dempe mogelege konfliktar mellom samfunnsgruppene var det viktig for regimet at lensmennene hadde nettopp denne doble rolla som er nemnd ovanfor. Det var såleis viktig at han hadde utgangspunkt i sjølve bondesamfunnet. I praksis utvikla det seg bondeætter som utgjorde reine lensmannsdynasti i mange delar av landet, særleg i dei mest reindyrka jordbruksdistrikta. Slike dynasti kunne også overlappe prestegjeldsgrenser dels som følgje av giftarmålspolitikk. Dette tyder også at ombodet må ha gjeve prestisje. Men dette at ombodet vart knytt til eit avgrensa tal ætter, kunne likevel i seg sjølv vere med på å auke avstanden til det jamne bondesamfunnet.

I endå sterkare grad kunne avstanden frå bonde til lensmann bli stor i område der dei, kanskje av praktiske grunnar, gjorde unnatak frå hovudprinsippet. Dette synest særleg å ha vore i dei viktigaste fiskeridistrikta, der lokale handelsmenn, gjerne utan rot i bondesamfunnet, ofte vart utnemnde. Bønders mobile næringsverksemd, som kravde mykje fråvær, gjorde at eit lensmannsombod ville ha blitt ei stor hindring for dei. Det var altså vanskeleg å få ein bonde til å ta på seg lensmannsstillinga.69

Lensmannsløna i seg sjølv var i alle høve ikkje nok til å gje prestisje, men stillinga kunne gje makt og skape plattform også for økonomisk verksemd og inntekter som låg utanfor ombodet. Involveringa i prestisjetunge nettverk synest å ha vore viktig fram til ca. 1770-åra. Nokre lensmenn hadde då også temmeleg klare klientband både til fut og andre regionale embetsmenn. Frå slutten av 1700-talet, og særleg inn på 1800-talet, med stadig sterkare innslag av lokalt sjølvstyre, forandra stillinga og funksjonane til lensmennene seg. Kravet til formelle kvalifikasjonar auka, og meir enn før fekk lensmannsombodet eit byråkratisk preg. Stillingane vart ofte offentleg utlyste og gjerne besette av folk som kom utanfrå.

Atle Døssland har skrive ein liten artikkel om den kjende lensmannen og opplysningsmannen Sivert Aarflot i Volda.70 I den nystarta avisa si, Norsk Landboeblad, skreiv Aarflot, visstnok på oppmoding, «Klogskabsregler for landboeungdom» i 22 punkt. Hovudbodskapen er at kvar skal halde seg innanfor sin eigen stand og vere nøgd med det. Utan god grunn skulle ein heller ikkje søke omgang med dei som var meir fornemme enn ein sjølv. I ein omfangsrik serie, «Sædelighedsregler for ungdom», er han i fleire punkt inne på korleis ein skal vise underdanigheit og respekt for fornemme. Endå han eksplisitt definerer seg sjølv innanfor bondestand, er det ikkje tvil om at han samstundes på ei rekke punkt likevel søkte og oppnådde nær kontakt med embetssjiktet, fekk mykje heider frå desse og i stor grad altså vart talerøyr for regimet og dei kondisjonerte si samfunnsforståing. Det var altså klare kontrastar mellom liv og lære hos Aarflot.

Klokkarane stod også i ein mellomposisjon. Fleire av prosjektmedarbeidarane har vore innom desse, utan at dei likevel er grundig behandla. Såleis har Jens Johan Hyvik gjort ein liten studie av korleis klokkaren er vurdert i det kjende agitasjonsskriftet «Ola-boka», som den bondepolitiske leiaren John Neergaard gav ut i 1830.71 Endå ein skulle tru at klokkaren her ville vore plassert i ein type meklarposisjon mellom bønder og embetsmenn, er han i staden eintydig framstilt som embetsmennene sin lakei og talerøyr for dei. Dette er i den konstruerte samtalen forklart med at han «staaer i den Stilling, at han maae bukke paa sig, om han kun troer at see et Stykke af en Embetsmann». Klokkaren brukar også dansk talemål i motsetning til bonden, Ola. I det heile er klokkaren sett i eit negativt lys. «Ola-boka» representerer starten på den tida då bøndene ikkje lenger nøydde seg med å bli rettleidde av embetsmenn. Stilt overfor dette svinga embetsmennenes haldning, ifølgje Jens Arup Seip, meir i antidemokratisk lei. Ein kan merke seg at klokkaren i Ole Neergaards framstilling nok var ein hovudsokns-klokkar, som på 1800-talet hadde meir omfattande ansvar og rettar og stod presten nærare enn klokkarane i annekssokna. Dei sistnemnde stod difor venteleg bondesamfunnet nærare.72

Det er ikkje så stor avstand mellom den oppdikta klokkaren i «Ola-boka» til den i si tid høgt beundra Klæbu-klokkaren Lars L. Forseth (1731–1812). Han var av embetsmenn høgt vurdert og premiert, særleg som ein idealbonde. Stiftamtmann Frederik Adeler hadde jamvel, for å vise respekt, fått måla ein miniatyr av Lars Forseth. Dette hadde han alltid i ei nål på brystet. I det heile hadde Lars Forseth så mange kondisjonerte velynderar i Trondheim at han fekk dei til å yte heile 1255 spesidalar, attåt 300 dalar frå Forseth sjølv, til et fond for fattigvesenet i Klæbu.73 Lars L. Forseth var også den første i eit klokkardynasti i Klæbu. Fleire av etterkommarane kom også til å få andre framståande samfunnsposisjonar som lensmenn, ordførarar og stortingsmenn. Det verkar sannsynleg at Lars L. Forseth, i alle fall til ein viss grad, hadde omgang med kondisjonerte personar. Det hadde også fleire av etterkommarane hans. Til dømes hadde barnebarnet hans, lensmann Lars Paulsen Forseth, i 1827 fleire kondisjonerte som gjester då han feira bryllaup med syskenbarnet sitt, Karen Larsdotter. Her var både fut, sorenskrivar, prest og løytnant.74

I 1811 fekk Forseth trykt Afskeeds-Ord til menig Mand i Klæbo Præstegield, og til Alle i Almindelighed. Liksom lensmann Aaflot i Volda var Forseth i sanning ingen opprørar, og framstår i skriftet som i ei sjølvmedviten og nærast patriarkalsk rolle i høve til sambygdingane sine. Samstundes er han klart eit talerøyr for den opplyste embetsstanden og for etablert samfunnsorden. Bonden skulle såleis streve etter å vere både arbeidsam, opplyst og samfunnsnyttig, men ikkje prøve å heve seg over sin stand: «[V]i maae altid betænke hvorfor Guds Forsyn har sat os i den Stand, fram for saa mange tusinde Andre, saa skal vi aldrig blive misfornøyede.» Han finn vidare at «[p]aa denne Vei troer jeg, vi alle maatte blive hvad vi bør, for at virke i den Kreds vi ere satte til vort eget Bedste».75

Forseth nemner spesifikt at ein skal besøke kyrkja flittig og nytte seg av «Lære-Embedets Indretninger», det vil seie presteembetet: «Lyder Eders Lærere, som de der vaage over Eders Siele, og skal giøre Regnskab derfor, at de kunde giøre det med Glæde og ikke med Suk.» Like fullt skil han mellom gode og mindre gode prestar.76

Lars Forseth ber også sambygdingane studere og ta lærdom av opplysningsskrifter som «Mænd av andre Stænder» gjev ut. Av dette kan ein late seg bli oppmuntra til å nå ein god velstand innanfor den kretsen ein er sett. Vidare må gode husfedrar akte kongen, lovene og dei offentlege innretningane og vise lydigheit mot «Øvrighedens Anordninger».77

Forseth legg for dagen eit svært harmoniserande samfunnssyn: «Den virksomme og ærlige Landmand, bliver i vor Tid agtet og elsket av sin Øvrighed og sin Lærer [presten] og af alle Retskafne. Disse vurdere nu ikkje længere deres Medborgere, efter den mere eller mindre kostelige Klædning, men seer fornemmelig paa Menneskeværd og sædelig Tænkemaade, god Opførsel og retskaffen Vandel.»78

Eit anna bidrag i prosjektet trekker fram ei anna mogeleg mellomgruppe i bondesamfunnet. Dette er Arnfinn Kjelland sin studie av underoffiserar i Lesja og Lom.79 Underoffiserane var stort sett rekrutterte frå allmugen, tyngda av dei kom frå mellomstore gardar og slo seg også helst ned anten som brukarar eller som andre typar husstandsmedlemer på slike gardar, endå mange også høyrde til husmannssjiktet. Tenesta kunne vare nokså lenge for nokre av dei, men berre eit fåtal stod i tenesta etter dei passerte 50 år. Det skilde seg ut fleire slekter i Lom, men dels også i Lesja, med underoffiserar i fleire generasjonsledd. Rett nok stod dei i etter måten tett kontakt med høgare offiser, som jo høyrde til embetssjiktet, men underoffiserstillinga innebar berre i få tilfelle verkeleg sosialt opprykk.

Kjelland gjer greie for organiseringa av den temmeleg omfattande norske hæren, grupper av underordna offiserar og kva oppgåver og løn dei hadde. Løna vart utpå 1700-talet klart høgare enn for tenestefolk i heilårs teneste, og jamvel høgare enn det lensmennene (vel å merke formelt sett) hadde. Dei fekk også pensjon. Dei var likevel ikkje alltid så tett knytte til lokalsamfunnet sidan dei gjerne gjennom karrieren flytta mellom avdelingane liksom dei overordna offiserane. Statusen til underoffiserane vart noko sterkare etter kvart som dei til ein viss grad fekk formell utdanning, først gjennom kortare kurs, dernest skule, først for enkelte delar av underoffiserskorpset, og frå 1804 for alle underoffiserar.80

Underoffiserrolla i seg sjølv innebar mindre direkte kontakt med heile bygdesamfunnet enn omboda som lensmann eller klokkar. «Aktiviteten til militærvesenet påverka nok lokalsamfunna i mindre grad enn både lensmannens og klokkarens funksjonar, i alle fall i fredstid», skriv Kjelland.81 Dette er jo eit viktig poeng. Dei eventuelle klientrelasjonane til offiserar galdt også i stor grad til personar som fanst utanfor sjølve lokalsamfunnet.

Harald Krøvels avhandling er eit tungtvegande bidrag, særleg når det gjeld å gå i djupna.82 Det dreiar seg om ei anna mogeleg mellomgruppe i perioden 1750–1850: skulehaldarane. Krøvel har gjennomført ein samanliknande studie av omgangsskulelærarane si rolle i Vågå og Lesja i Nord-Gudbrandsdalen og Kvernes på Nordmøre. Han spør i utgangspunktet om det er korrekt at skulehaldarane gjekk inn i ein posisjon som mellomledd mellom dei to sosiale og kulturelle gruppene. Vart i så fall rolla utøvd på ein måte som minska ei skarp todeling? Låg det eit overskridande potensial i rolla?

I den tiltenkte rolla skulle skulelærarane utan tvil vere ein del av bondesamfunnet. Dei skulle rekrutterast frå bondesamfunnet, leve på bondevis, og undervisninga skulle gå føre seg i bondeheimane. Likevel vart den kulturelle identiteten til omgangsskulelæraren i realiteten sett under debatt når det seinare vart snakk om heve statusen hans gjennom formell utdanning, betre løn eller tildeling av skulegardar, slik som i Kvernes.

Storparten av omgangsskulelærarane både i Vågå og Kvernes var rekrutterte frå eit mellomsjikt i bondesamfunnet. Mange av dei høyrde til same sosiale nettverk, men dette var nettverk som ikkje kryssa standsgrensene. Dei bar til ein viss grad på ein felles kulturell kapital, til dømes boklege interesser, i alle fall dei som utøvde profesjonen ut over dei 7 åra som skulle til for å sleppe å gjere militærteneste. Dette gav likevel ikkje spesiell prestisje i bondesamfunnet, og avstanden til prest og andre embetsmenn, også på dette feltet, var i dei fleste tilfella svært stor.

Nokre av dei som var lærarar heile livet (dei som sat i stillinga vesentleg lenger enn dei obligatoriske sju åra), var likevel i relativt nær kontakt med presten, men då nærast som klientar. Presten var i så fall patron, eller nokre gonger mentor. På 1800-talet vart ofte klokkarstillinga i hovudsoknet knytt til ei lærarstilling. Denne kombinerte stillinga vart kalla «kyrkjesongar». Liksom den tidlegare klokkaren fekk læraren i denne stillinga disponere over ei jordbrukseining som del av løna. Det vart stilt strengare faglege krav til kyrkjesongaren enn til dei vanlege omgangsskulelærarane, og i kraft av klokkarfunksjonen hadde desse lærarane nødvendigvis tettare band til presten enn det som elles var vanleg. Dette innebar også at skiljet mellom lærar og klokkar vart mindre skarpt enn det hadde vore før.83 Likevel kan det seiast at ein berre i nokre få tilfelle kan finne noko som synest å vere reelle venskapsband mellom prest og omgangsskulelærar der lærarane vart gjenstand for såpass kulturell påverknad at dei verkeleg synest å ha hamna i ein mellomposisjon mellom bonde og embetsmann.

Både i avhandlingsmanuskriptet og i artikkelen i denne publikasjonen har likevel Harald Krøvel brukt ein nokså omfattande strid om ny salmebok i Vågå 1806–09 som innfallsport for å synleggjere at lærarens posisjon vart ein annan innanfor «hustavleideologien» som styresmaktene lenge hadde prøvt å innprente, enn innanfor bondesamfunnets eigeninitierte bondekommunalistiske tenkemåte. I den første skulle han vere prestens forlengde arm, men i den andre vart han dirigert av bondesamfunnets kollektive ønskje. I denne konflikten vart den formelle og hierarkiske relasjonen mellom prest og lærar spelt ut mot skulehaldarane sin sosiale og kulturelle identitetsfellesskap med bøndene.84

Ei eventuell rolle som bygdeintellektuell kunne til ein viss grad komme i konflikt med klientrolla, særleg etter at det i første del av 1800-talet utvikla seg fleire arenaer både innanfor det bygdekommunale livet og i rikspolitikken. Dette gjorde politikken til eit felt der bygdeintellektuelle kunne gjere seg gjeldande. Lærarane i det meir egalitære Kvernes inntok slike porsjonar mykje oftare enn kollegane i Vågå, der ein bondeelite heilt ut dominerte desse verva. Likevel gjorde Kvernes-lærarane seg ikkje nytte av posisjonane til å bli leiarar for progressive bonderørsler. Tvert om agerte framleis dei som sat i slike posisjonar, i stor grad som klientar for prestane og deira politiske prosjekt, tiltak som embetsmannsstaten hadde initiert. Skulelærarane stod dermed ikkje fram som såkalla organisk intellektuelle innanfor sin stand, sidan dei ikkje representerte bøndene som gruppe (jamfør Antonio Gramsci sine teoriar).

Alt i alt viser rett nok desse undersøkingane at det ikkje var ei skarp deling mellom dei to gruppene, embetsmenn og bønder. Likevel var den kategorien som verkeleg kunne seiast å vere i skjeringspunktet, eller mellom borken og veden, mindre talrik enn det førehandsteoriane våre tilsa. Dette kjem mest av at underoffiserar og allmugeskulelærarar, trass i relasjonar til visse embetsmenn, likevel klart må plasserast som del av bondestanden. Att i ein mellomposisjon står då berre bondelensmenn og klokkarar av det tradisjonelle slaget. I tillegg fanst det i nokre lokalsamfunn, særleg ved kysten, bønder som dreiv former for borgarleg næring og i kraft av dette fjerna seg noko frå opphavet sitt. Dette kunne til dømes vere tilfelle med såkalla jekteskipparar i Nord-Noreg.

Fadderskapsrelasjonar og andre personlege nettverk

I nokre av arbeida under prosjektet er dei ymse samfunnsgruppene si nettverkstilknyting forsøkt behandla empirisk på ein, rett nok einsidig, men likevel målbar, måte. Det dreiar seg om fadderskapsanalysar. Viktige bidrag er artiklar og mindre web-publikasjonar av Arnfinn Kjelland og Atle Døssland og ei masteroppgåve av Grethe Sliper, ved sida av nokre innslag i avhandlinga til Mette Vårdal. Eit godt stykke på veg stadfestar også desse verkeleg at bønder og embetsmenn på landsbygda ikkje heilt ut levde i kvar si verd, og at det også kan anast ei gruppe mellom dei.

Arnfinn Kjelland gjer greie for formål, regelverk og praksis rundt fadderskapsordningane reint generelt.85 Han finn klare teikn på at val av fadder må ha vore viktig som del av ei generell nettverksbygging. Dette forsvarar også at slike undersøkingar er tillagt stor vekt innan prosjektet vårt. Med dette som utgangspunkt har han samanlikna Lesja og Lom i Nord-Gudbrandsdalen. Det han sjølvsagt har vore oppteken av, er om kondisjonerte og bønder gjensidig opptrer som fadrar i kvarandre sine barnedåpar. Han finn ut at det i begge bygder, men særleg i Lesja, i perioden før midten av 1700-talet slett ikkje var uvanleg at kondisjonerte også kunne velje bønder mellom fadrane til barna sine, men i Lom galdt dette i så fall bønder frå store gardar. Samstundes var det heller ikkje sjeldan at kondisjonerte stilte som fadrar i bønders barnedåpar, men også dette var særleg hos bønder på større gardar. Ikkje noko av dette hadde endra seg betydeleg i 1830-åra heller. Denne stabiliteten over tid er verken i samsvar med førehandsteoriane våre, eller med undersøkingar frå meir kystnære område som Hosanger og Herøy (sjå nedanfor).

Atle Døssland har valt ut Hosanger sokn, som låg i Bergens relativt nære omland. Han har registrert fadrar ved alle barnedåpar (også hos bønder og husmenn) i to ulike tiårsperiodar: 1750–59 og 1845–54. I tillegg har han også registrert forlovarar i samband med giftarmål. Fadderskap er likevel mest interessant i denne samanhengen. I ikkje liten grad utveksla embetsmennene og bøndene fadrar i den første tiårsperioden. Innanfor bondesamfunnet ser det ut til å ha skjedd ei gliding mot sterkare privatisering, det vil seie at fadrane meir enn før vart henta frå nær familie eller aller næraste grannelag. Desse endringane ser også ut til å ha gjort seg gjeldande mellom dei kondisjonerte, og synest å ha vore ein av grunnane til at det i den siste perioden også vart meir sjeldan enn før å hente fadrar på tvers av standsgrensene. Samstundes er dette også i samsvar med førehandsteoriane våre om eliten, særleg embetsmennene, si endra rolleforståing (sjå ovanfor i den innleiande delen). Endå dei er meir positivt opptekne av bønder og annan allmuge, tilseier den nye rolla deira som mentorar og oppsedarar at dei ikkje skal ha for intim kontakt. Derimot ser vi at eliten i Hosanger, i alle fall til ein viss grad hadde høve til å hente fadrar gjennom kontakt med byeliten, slik også ein av førehandsteoriane våre postulerte.86

Grethe Slipers masteroppgåve handlar om kystprestegjeldet Herøy på Sunnmøre.87 Ho tek føre seg samfunnsgruppene «prestefolk», «andre kondisjonerte», «handelsborgarar» og «halvkondisjonerte» i perioden 1741–1843. Den sistnemnde gruppa er personar som høyrer heime i det sosiale mellomsjiktet mellom embetsmenn og bønder, i dette tilfellet lensmenn og klokkarar (underoffiserar og lærarar er ikkje tekne med). Alle desse gruppene er skilde ut frå den store massen av «gardsfolk». Undersøkinga dreiar seg både om kven folk frå dei ulike samfunnsgruppene valde som fadrar for eigne barn, og kven dei sjølve stod fadder for. Oppgåva hennar har stor bruksverdi i form av ein omfattande empiri med mange tal og tabellar.

Frametter perioden var det, frå den eine til den andre prestefamilien, individuelle skilnader i kor vidt dei opna for fadrar frå andre grupperingar enn det kondisjonerte sjiktet, men i sterkare grad var dei fleste «prestefolk» etterspurde og opne for å sjølve stå fadder for barn frå lægre samfunnslag. Utviklinga tenderte likevel noko i retning av aukande eksklusivitet. Det same synest å gjelde gruppa «andre kondisjonerte». I Herøy var det eit relativt sterkt innslag av handelsfolk eller «handelsborgarar» til bygdesamfunn å vere. Også dei imellom var det stor skilnad når det gjeld fadderskap, men alt i alt synest det å ha vore større opningar mot allmugen der enn hos embetsfolket.

Dei halvkondisjonerte, særleg klokkarane, valde ofte bondefolk som fadrar, men like gjerne folk frå eiga gruppe eller frå embetsgruppa. Fleire av lensmennene dreiv også handelsnæring og hadde gjerne nære relasjonar til embetsfolk. Dei fleste av dei valde likevel ofte også bønder til fadrar ved sida av handelsfolk og embetsmenn.

Mette Vårdal nyttar også fadderskapsanalyse som del av avhandlinga si om Vågå.88 Ho avgrensar undersøkinga til berre ei utvald gruppe av personar frå embetsstanden, storbondegruppa og husmannsgruppa. I alle fall finn ho ut at det slett ikkje var uvanleg at prestefamiliane i Vågå valde bønder som fadrar. I perioden 1737–1845 kom vel 40 prosent av fadrane ved barnedåpar i prestefamiliane frå bondestanden. Dei fleste av desse var frå storgardar. Nesten alle dei andre fadrane høyrde til embetsstanden. Bondeinnslaget var ikkje systematisk endra over tid, bortsett frå at siste presten i perioden ikkje valde bønder i det heile, men avgrensa seg til fadrar frå eiga nær slekt og familie. Heller ikkje dei sivile eller militære embetsmennene var framande for å velje bønder som fadrar. For alle tre gruppene av embetsmenn samanlagt utgjorde bønder nærare halvparten av fadrane. Det kunne likevel vere store skilnader dei enkelte embetsmennene imellom, her var det altså snakk om individuelle val og stort handlingsrom. Like fullt ser det ut til å vere ein aukande tendens til privatisering. Derimot valde storbønder sjeldan embetsmenn som fadrar. Når husmenn i nokre tilfelle fekk fadrar frå embetsstanden eller frå storgardar, var nok desse fadrane helst ein slags velgjerarar.

Prosjektet har funne grunn til å hevde at val av fadrar i denne perioden kan seie noko om nettverk på tvers av samfunnsgruppene. I alle slike undersøkingar innanfor prosjektet finn ein uventa ofte innslag av standsoverskridande fadderval i kondisjonerte familiar. At bønder og annan allmuge hentar fadrar mellom kondisjonerte, finn ein på grunn av bøndenes store overvekt i tal, mykje sjeldnare. Likevel var slike tilfelle langt frå eineståande. Kor eksklusive embetsfolk skulle vere i samband med fadderval og eiga fadderrolle, var høgst ulikt frå person til person i same bygd. Men nokre stader var det rett og slett ikkje så mange å velje mellom, dersom dei skulle halde seg til eigen stand. Vi anar likevel at det vart meir uvanleg med standsovergripande faddergrupper mot slutten av perioden enn det hadde vore tidlegare. Dette kan dels ha samanheng med ei meir medviten rolleforståing for embetsmennene, men også at det generelt vart vanlegare, både hos embetsmenn og bønder, å velje fadrar innanfor eiga slekt, altså ei sterkare privatisering av heile dåpsseremonien.

Tette samfunnsanalysar

Mette Vårdals doktorgradsavhandling om Vågå-samfunnet har særleg tyngd når det gjeld breiare og meir samansette analysar av forholdet mellom samfunnsgruppene og delkulturane i lokalsamfunna. Tilnærminga hennar har ei klart kulturhistorisk og mikrohistorisk vinkling.89 Ho omtalar likevel både økonomiske, sosiale og kulturelle relasjonar samfunnsgruppene imellom. I tillegg kjem det ho kallar «sammensatte relasjoner». Ho finn grunn til å sette eit klart skilje ikkje berre mellom embetssjiktet og bondesamfunnet, for også innanfor bondesamfunnet går det eit markert skilje mellom bønder (særleg bondeeliten) og husmenn.

Når det gjeld ytre kjenneteikn og oppførsel, var det likevel embetsmennene som merka seg ut, men dette var ikkje i strid med folks forventningar og var difor ikkje konfliktskapande i seg sjølv. Vårdal kallar dette «kjent og anerkjent annerledeshet». Men ikkje alle former for å markere skilje var godtekne. Ho konkluderer tvert om med at demonstrative markeringar av skiljeliner var sterkast der skilnadene i røynda var moderate og utydelege, og hegemoniet dermed truga. Såleis kunne det relativt uproblematisk vere nærare band mellom embetsmenn og husmenn, også ut over reine patron–klient-relasjonar. Her var jo gruppeskilnadene udiskutable, og langt større enn mellom embetsmenn og storbønder eller mellom bønder og husmenn.

Eit viktig grep i Vårdal si avhandling er at ho ikkje er oppteken av gjennomsnittspersonane innanfor dei ulike samfunnsgruppene. Tvert om trekker ho fram aktiviteten og ytringane til framståande samfunnsaktørar som eigentleg var atypiske i si gruppe. Dette er ofte aktørar som har nokre av kjennemerka til det Antonio Gramsci har kalla «organisk intellektuelle». Å trekke fram desse tener til å vise kva handlingsrom dei faktisk kunne ha utan å klart bryte med gjeldande normer. Dette handlingsrommet er mykje vidare enn det ein statistisk gjennomsnittsanalyse skulle tilseie.

For embetsmenn var det etter måten vanleg med gruppeoverskridande relasjonar. Men sidan bønder og husmenn var langt fleire i tal, var det sjølvsagt berre eit fåtal av desse som kunne ha nær kontakt med personar innan embetssjiktet. Ved likevel å trekke fram dei få som hadde slike relativt nære kontaktar, får ein fram at også desse lågare samfunnsgruppene teoretisk sett kunne ha eit relativt vidt sosialt handlingsrom utan å bryte heilt med normene.

Ivar Teigum sin studie av Vågå-samfunnet er eit fint supplement til Mette Vårdals avhandling. Han har, mest ut frå tingbokmateriale, trekt fram ei rekke døme på interaksjon mellom embetsmenn og bønder i perioden 1680–1720.90 Såleis tek han føre seg ein episode i 1682 der nokre embetsmenn (geistlege og militære) møttest i eit drikkelag. Men nokre av dei hadde med følgjesveinar som høyrde til bondestanden. Alle desse sat ved same bord. Latente spenningar embetsmennene imellom førte til slåstkamp, der bøndene i liten grad var involverte; dei hadde snarare ei meklarrolle. Trass i den sams bordseta var det viktig for dei kondisjonerte deltakarane å markere kva stand dei høyrde til. Dette skjedde gjennom visse typar æreskodeksar av symbolsk karakter. Teigum trekker elles fram fleire døme på patron–klient-roller når det gjeld embetsmenn og bønder, men finn på den andre sida også døme på at embetsmenn utan blygsel hersar med bønder eller husmannsfolk. Andre embetsmenn kunne derimot ofte ta på seg rolla som talsmenn for allmugen. Vi møter også sjølvmedvitne velståande bønder med store jordeigarinteresser, og som sikrar seg framståande ombod innanfor bondesamfunnet. Nokre av dei hevda å ha adelege aner. Desse var svært kapable til å fremje interessene sine både overfor andre grupper i bondesamfunnet, til embetsmenn som individ og til styresmaktene meir generelt. Av og til kunne dei også ta saka i eigne hender, til dømes når nokre framståande bønder i strid med styresmaktenes retningsliner og løyve ringer med kyrkjeklokkene under gravferda til ei såkalla «laus kvinne».91 På den andre sida kunne slike framståande bønder nokre gonger finne det for godt å alliere seg med embetsmenn.

Kor som er, kan ein ikkje ut frå Ivar Teigums tingboksgjennomgang konkludere med at embetsmenn eller bønder eintydig stod på kvar si side som grupper i konfliktar og ved maktutøving. Dei kunne altså jamvel delta i same drikkelag.

Atle Døssland gjer i ein artikkel eit poeng av at det kulturelle skiljet mellom kondisjonerte og bønder i mange samtidige forteljingar kan framstå som skarpare enn det i røynda var. I livsminneforteljinga til offiserssonen Jacob Thode Ræder, som i tidlege barneår budde i Romsdal, vert tilværet til offisersfamilien framstilt nesten som eit sosialt isolat i «en med Snee bedækket Ørk [ørken]». Der var få andre å omgåast, sidan dei nesten berre var omgjevne av bønder. Såleis var det ein dyd av nødvendigheit at berre bønder var fadrar ved dåpen hans i 1798. Men så er då også forteljinga forma med tanke på ein kondisjonert og urban lesarkrins i Danmark og Noreg, og dermed innretta etter deira førestillingar og normer, det vil seie i samsvar med rådande diskurs. Ved nærare analyse av teksten hans finst det nemleg fleire element som fortel at det i røynda må ha vore temmeleg nære band, og jamvel venskap, mellom offisersfamilien og mange av bøndene. Nærare undersøking viser då også at det, ved sida av nokre kondisjonerte, også var bønder mellom fadrane til dei eldre syskena hans, men både han og den yngre broren fekk berre bønder som fadrar. Verken årstid, avstandar til andre kondisjonerte familiar eller andre tilhøve tilseier at dette var reine naudløysingar.92

Som del av prosjektet har Linda Andersson Burnett gjort ein studie av nettverksbygginga til den skotske presten, naturhistorikaren og topografen George Low (1747–95), som frå 1767 heldt til på Orknøyane, først som huslærar og sidan som sokneprest. Burnett er rett nok mest oppteken av nettverket han prøve å knyte seg til for å lykkast som topograf og naturhistorikar. Om dette brukar ho begrepet «an ecology of knowledge». George Low, som sjølv hadde bakgrunn i bondesamfunnet, mangla eigen kapital og var heilt avhengig av mektige støttespelarar for å bli ein del av eit større fagleg nettverk. At han også heldt til på ein fjern utpost, gjorde dette desto meir nødvendig.

I vår samanheng er eit viktigare poeng at Low sjølv også skaffa seg eit nettverk av informantar på Orknøyane. Mange av desse var embetsmenn, særleg prestar, og det er desse han namngjev.93 Indirekte går det likevel fram at også mange bønder var viktige informantar eller hjelpesmenn (samstundes som dei sjølve utgjorde ein del av Lows studieobjekt). Det er rimeleg at Low, med sin bondebakgrunn, lettare enn andre kunne få i stand slike kontaktar. Men med eitt enkelt unnatak fann han altså ikkje grunn til å namngje vanlege bønder.

I nokre undersøkingar har altså prosjektet valt å gå meir i djupna for å kartlegge dei sosiale nettverka til dei to samfunnsgruppene. Mette Vårdals Vågå-undersøking tek føre seg heile det sosiale spekteret. I dette samfunnet finn ho elles grunn til å sette eit klart skilje mellom bønder og husmenn innanfor det som elles vert kalla bondestanden. Også på denne måten vert då førestillinga om den klare sosiale todelinga i bygdesamfunna nyansert. Men både hennar og Ivar Teigums undersøkingar viser dessutan at trass i klare standsmarkeringar var ikkje hemningane store for situasjonsbestemte og vekslande alliansar på tvers av standsgrensene. Både Vårdals og Teigums undersøkingar viser elles at det var rom for klare individuelle skilnader i korleis ein kunne tillate seg å agere. Det var altså opning for eit relativt vidt handlingsrom innanfor dei etablerte standsgrensene, så lenge det ikkje innebar fare for omvelting av heile samfunnsstrukturen.

Konklusjon

Hovudsaka i prosjektet var altså å avkrefte ei nokså gjengs oppfatning av ei tydeleg og temmeleg bastant sosial og kulturell todeling på den norske landsbygda i perioden ca. 1660 til 1870. Ei slik avkrefting kan likevel gjerast langs ein gradert skala, der den mest moderate varianten er å nyansere eller påvise at todelinga ikkje nødvendigvis var så skarp og klar. Ei nyansering ville det også vere om ein kunne påvise at todelinga fanst i ulik grad dei ulike landsdelane eller lokalsamfunna imellom. Den meir vidtgåande avkreftinga langs ein slik skala vert sjølvsagt å avvise at det i det heile kan snakkast om ei kulturell skiljeline mellom dei to sosiale grupperingane.

Det er i alle fall klart at resultata frå undersøkingane knytte til dei tre delprosjekta ikkje kan seiast å gje støtte til ei total avvising av tokulturlæra. Det er likevel absolutt mogeleg å påvise grader av sosial integrasjon mellom embetsmenn og bønder på det personlege planet i alle dei undersøkte områda. Omfanget av dette kunne likevel veksle frå embetsmann til embetsmann. Mest nødvendig var det, i samsvar med hypotesane våre, i lokalsamfunn der embetsfamilien langt på veg var det einaste kondisjonerte innslaget. Ein lægre terskel for nær personleg kontakt mellom folk frå embetsmiljø og frå husmannsmiljø enn mellom embets- og storbondemiljø, slik Mette Vårdal har påvist i Vågå, er eit uventa funn i høve til hypotesane våre, men det er ikkje sikkert dette kan generaliserast. Eit godt stykke på veg er følgjer av ei endra rolleforståing hos embetsmenn frå slutten av 1700-talet, i samsvar med hypotesen vår, blitt underbygde, men også haldningsendringar blant bønder tidleg på 1800-talet synest viktige.

Generelt kravde også sjølve maktutøvinga at embetsmenn måtte unngå å sette motsetnader på spissen. For å sikre betre gjennomslag kunne dei ha store fordelar av å skaffe seg klientar eller halde seg på talefot med viktige personar innanfor bondesamfunnet – i det minste med bondelensmenn og klokkarar som stod bondesamfunnet nærare. Då var det heller ikkje så taktisk å markere dei kulturelle skiljelinene for bastant. Trass i målsettinga vart det ikkje mogeleg å innrette undersøkinga slik at vi kan seie noko klart om systematiske landsdelskilnader. Hypotesar knytte til dette er langt frå usannsynlege, men likevel ikkje tilstrekkeleg dokumenterte her.

Likevel meiner vi å ha funne grunnlag for å nyansere påstanden om dei kulturkløyvde lokalsamfunna såpass mykje at «tokulturlæra» heretter berre bør brukast med store atterhald. Då patriotisk sinna embetsmenn utetter 1700-talet fekk ei meir medviten forståing av rolla si overfor bondeallmugen, såg dei rett nok på seg sjølve som dei som skulle danne og gjere bøndene til verkelege medborgarar. Rolla medførte likevel tettare kontakt med og forståing for bondesamfunnet. Utetter 1800-talet aksepterte ikkje bøndene lenger utan vidare leiarrolla til embetsmennene, aller mest galdt dette haugiansk påverka bønders syn på prestemakta. Bønders syn på embetsmenn uttrykt i det offentlege var lenge relativt audmjukt, men i det løynde var denne ærbødigheita mykje mindre. På 1800-talet gjorde ein bondekommunalistisk tenkemåte seg etter kvart langt meir opent gjeldande.

Litteratur

Berggren. B. (1986). «Slekten frå 1814». Embetsmenn og bønder – om virkelighetskonstruksjoner og kulturmøter. I E. Reiersen & D. Slettan (red.), Mentalitetshistorie – Muligheter og problemer (s. 80–91). Trondheim: Tapir.

Bolstad, G. (2010). «Der blev dygtig politiseret…» (masteroppgåve i kulturmøte, Høgskulen i Volda). http://brage.bibsys.no/hvo/

Bolstad, G. (2011). Politisk kulturdannelse i Bratsberg amt (Notat nr. 17, Høgskulen i Volda. Møreforsking). https://www.hivolda.no/forsking/publisering/hvos-skriftseriar

Burke, P. (1978/1994). Popular Culture in Early Modern Europe. Cornwall: Ashgate.

Burnett, L.A. (2014). An Eighteenth-Century Ecology of Knowledge: Patronate and Natural History. Cultur Unbound. Journal of Current Cultural Reseach, 6, 1275–1297.

Dyrvik, S. & Feldbæk, O. (1994). Mellom brødre 1780–1830. Aschehogus Norgeshistorie, bd. 7 (s. 47–49). Oslo: Aschehoug.

Døssland, A. (1980). Klæbuboka. Natur og befolkning gjennom tidene. Klæbu: Klæbu kommune / Eide.

Døssland, A. (1998). Strilesoga. Nord- og Midhordland gjennom tidene, bd. 3, Frå 1650 til 1800. Bergen: Eide.

Døssland, A. (2001). In the shadow of the town. Counter-culture and market economy in the Northern and Middle Hordaland in the eighteenth century. I F.-E. Eliassen mfl. (red.), Regional Integration in Early Modern Scandinavia (s. 247–262). Odense: Odense Universitetsforlag.

Døssland, A. (2009). Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn. Arbeidshypotesar om tid og rom (Notat 1, Høgskulen i Volda og Møreforsking). https://www.hivolda.no/forsking/publisering/hvos-skriftseriar

Døssland, A. (2010). Embetsmenn, bønder og fadderskap i Hosanger sokn 1750–1854 (Notat 20, Høgskulen i Volda og Møreforsking). https://www.hivolda.no/forsking/publisering/hvos-skriftseria

Døssland, A. (2011). Milesteinar på bondens sjølvstandeveg. Sivert Aarflot og «Voldens Sogneselskab» – 200 år. Voldaminne. Årbok, 27–37.

Døssland, A. (2012). «Lutter bønder vare Faddere til min Daab». Kulturmøte mellom embetsmann og bonde sett gjennom forteljinga til ein offisersson. I A. Døssland mfl. (red.), Frå Volda til verda – fjerne og nære kulturmøte (s. 241–253). Akademika.

Døssland, A. (2014). Kulturkløft og fadderskap i Hosanger på 1700- og 1800-talet. Heimen, 51(3), 209–223.

Forseth, L.L. (1811/1923). Afskeeds-Ord til menig Mand i Klæbo Præstegield, og til Alle i Almindelighed. Trondhjem: W. Stepphanson.

Gjerdåker, B. (2008). ‘Bonde’/‘bønder’ – ein omgrepseksegese, knytt til den historiefaglege nasjonsbyggingsdiskursen sett gjennom hermeneutiske prisme til nokre historikarar frå Ernst Sars til Øystein Rian (Notat 9, Høgskulen i Volda og Møreforsking). https://www.hivolda.no/forsking/publisering/hvos-skriftseriar

Gjerdåker, B. (2011). Statstenestemann og «Almuens Formand». Lensmannsombod og lensmenn i det nordafjellske Noreg ca. 1660–1870. Trondheim: Tapir akademisk forlag.

Grepperud, A.A. (2010). Supplikkene fra Akershus len, Christiania, Brageness og Strømsø 1661–1662. Forholdet mellom bønder, embetsmenn og borgere (masteroppgave i historie, Universitetet i Oslo).

Grepperud, A.A. (2011). «…med ond Bescheed, hug och slag…». Forholdet mellom bønder og embetsmenn slik det går fram av supplikker i åra 1661–62 fra Akershus len (Notat nr. 15, Høgskulen i Volda. Møreforsking). https://www.hivolda.no/forsking/publisering/hvos-skriftseriar

Henningsen, P. (2006). I sansernes vold. Bondekultur og kultursammenstød i enevældens Danmark. København: Landbohistorisk Selskab, Københavns Stadsarkiv.

Hyvik, J.J. (2003). «Fædrelandske Ideer». Jacob Aalls nasjonsforståelse 1799–1814. Kristiansand: Høyskoleforlaget.

Hyvik, J.J. (2010). Jacob Aalls oppfatning av kultur, elite og folk. I I Jacob Aalls fotspor i København og omegn. Den danske forbindelsen (Jacob Aall-prosjketet. Skrift nr. 3) (s. 107–122). Tvedestrand: Næs Jernverksmuseum.

Hyvik, J.J. (2011). Klokkeren i Ola-boka. En studie av forholdet mellom folk og elite i Norge omkring 1830. I P. Halse mfl. (red.), Guds folk og folkets gud. Artiklar om kyrkjeliv og gudstru i historie og samtid. Festskrift til Birger Løvlie (s. 101–116). Trondheim

Hyvik, J.J. (2014). Valgmennene i Bratsberg amt våren 1814. I J.J. Hyvik mfl. (red.), Med Påhalden penn? 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark (s. 123–158). Oslo: Novus.

Hyvik, J.J. (2016). Tokulturlæra i norsk historie. Oslo: Samlaget.

Hyvik, J.J., McColl, R. & Newby, A.G. (2016). Language and Nationalism in the Ninteenth Century: Nynorsk and Scots in Comparative Context. Scandinavica. An International Journal of Scandinavian Studies, 55(2), 6–42.

Kjelland, A. (2010). Fadderskap som sosial relasjon. Forskingsstatus, kjelder og metode (Notat 16, Høgskulen i Volda og Møreforsking). https://www.hivolda.no/forsking/publisering/hvos-skriftseriar

Kjelland, A. (2012). Underoffiserane i bygdesamfunna på 1700-talet. I A. Døssland mfl. (red.), Frå Volda til verda – fjerne og nære kulturmøte (s. 287–311). Trondheim: Akademika.

Kjelland, A. (2014). Embetsfolks fadderskapspraksis i Nord-Gudbrandsdalen på 1700- og 1800-talet. Ei samanlikning av to bygder, Lesja og Lom. Heimen, 51(3), 225–238.

Koht, H. (1925/1975). Norsk bondereising. Oslo: Pax.

Krøvel, H.J. (2012). «Længe har jeg anraabt Retfærdigheden og Loven. Men det har været et Raab i Ørken». Ein avmektig embetsmann i strid med allmugen i Vågå. I A. Døssland mfl. (red.), Frå Volda til verda – fjerne og nære kulturmøte (s. 313–348). Trondheim: Akademika.

Krøvel, H.J. (2014). Valmennene i Romsdals amt våren 1814. I J.J. Hyvik mfl. (red.), Med Påhalden penn? 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark (s. 215–258). Oslo: Novus.

Krøvel, H.J. (2017). Øvrigheit og allmuge – disiplin og motstand. I H.J. Krøvel & H.E. Tafjord, Soga om Sogn og Fjordane, bd. 1, Folk i fjordrike – før 1763 (kap. 13, s. 259–285). Bergen: Fagbokforlaget.

Krøvel, H.J. (2018). «Omgangsskulelæraren – mellom prest og allmuge?». Ei undersøking av omgangslæraren si sosiokulturelle orientering i to regionar på 1700- og 1800-talet (upublisert manus til doktoravhandling).

Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder. (2007). Søknad på strategisk høgskoleprosjekt frå Høgskulen i Volda, Historisk institutt og Institutt for religion, livssyn og kristendom. Volda. https://www.hivolda.no/sites/default/files/documents/Soknad_kulturperspektiv.pdf

Landsverk, H. (1948). Embetsmannen i norske folkeeventyr med ei jamføring med nærskylde eventyrtradisjonar (hovudoppgåve i norsk til språkleg-historisk embetseksamen, Universitetet i Oslo).

Løvlie, B. 2019. Med kall fra Kongen. Presten under eneveldets lover (manus).

Munch-Møller, M.G. (2010). Med plikt til å redde sine liv. Hungersnød og protest i Dypvåg i 1801 (mastergradsavhandling i historie, Universitet i Oslo).

Munch-Møller, M.G. (2011). Mat, protest og verdighet. Kommunikasjoner mellom allmue og embetsmenn under hungersnøden i Dypvåg 1801 (Notat nr. 10, Høgskulen i Volda. Møreforsking). https://www.hivolda.no/forsking/publisering/hvos-skriftseriar

Pedersen, A. (2011a). Kornoppløpet i Arendal 1813. Deltagere, organisering og legitimering (masteroppgave i historie, Universitetet i Oslo).

Pedersen, A. (2011b). Matopprør eller maktoppgjør? En nærstudie av kornoppløpet i Arendal 1813 (Notat nr. 16, Høgskulen i Volda. Møreforsking). https://www.hivolda.no/forsking/publisering/hvos-skriftseriar

Scott, J.C. (1986). Everyday Forms of Peasant Resistance. I J.C. Scott (red.), Everyday Forms of Peasant Reisistance in Soth-East Asia, The Journal of Peasant Studies, Volume 13, Number 2, 5–35.

Seierstad, A. (1925). Presten i norsk folketradisjon. Norvegia Sacra, 97–144.

Seip, J. A. (1963). Fra embetsmannsstat til ettpartistat og andre essays. Oslo: Universitetsforlaget.

Skjånes, A. sen. (1978). Jacob Hersleb Darre 1757–1841. Sokneprest – Eidsvolls-mann. Med trekk fra det kulturelle miljø i en Trøndelags-bygd (Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, Skrifter 2).

Sliper, G. (2011). Fadderskapsrelasjoner mellom embetsfolket og allmuen i Herøy prestegjeld 1731–1843 (mastergradsavhandling i kulturmøte, Høgskulen i Volda).

Sprauten, K. (udatert). Forakt for danske bønder, aksept for norske? (upublisert manus).

Teigum, I. (2011). Embetsfolk og allmuge i Vågå 1680–1720 (Notat nr. 14, Høgskulen i Volda. Møreforsking). https://www.hivolda.no/forsking/publisering/hvos-skriftseriar

Try, H. (1979). Norges historie, bd. 11, To kulturer en stat 1851-1884. Oslo: Cappelen.

Vårdal, M. (2012). Mikrohistorie og spørsmålet om representativitet og relevans. I A. Døssland mfl. (red.), Frå Volda til verda – fjerne og nære kulturmøte (s. 255–269). Trondhem: Akademika.

Vårdal, M. (2018). «Ligesaavel i Vadmel som i Fløiel». Uformelle relasjoner mellom embetsmenn, bønder og husmenn i Vågå ca. 1745–1844 (avhandling for doktorgraden, Universitetet i Bergen).

York, E.U. (2010). Kongens tru tenar? Møtet mellom statsapparat og allmuge i Bergenhus stiftamt i samband med dagskatten, 1712–1715 (masteroppgåve i historie, Universitetet i Bergen).

York, E.U. (2011). «der effter blef stor Bulder og Allarm». Bondemotstand og embetsmenn i Bergenhus stiftamt i samband med prosessen rundt dagskatten 1712–1715 (Notat nr. 9, Høgskulen i Volda. Møreforsking). https://www.hivolda.no/forsking/publisering/hvos-skriftseriar

Ørstavik, B.M. (2012). Magdalene Thoresen og Sunnmøre. Forfattar blant embetsmenn og bønder (masteroppgåve i kulturmøte, Høgskulen i Volda).

Ørstavik, B.M. (2013). Magdalene Thoresen og Sunnmøre. Forfattar blant embetsmenn og bønder (Notat nr. 1, Høgskulen i Volda. Møreforsking). https://www.hivolda.no/forsking/publisering/hvos-skriftseriar

1Try 1979.
2Dyrvik & Feldbæk 1996.
3Jamfør Berggren 1986.
4Burke 1978/1994.
5Kulturperspektiv 2007.
6Seip 1963.
7Scott 1986.
8Døssland 2009.
9Døssland 2012. Uttrykket er brukt av ein offisersson i Romsdal som berre hadde bønder som fadrar.
10Døssland 2009.
11Døssland 2001.
12Den eine, av Harald Krøvel, er endå ikkje heilt sluttført (Krøvel 2018).
13Jens Johan Hyvik.
14Mette Vårdal og Harald Johannes Krøvel.
15Atle Døssland (prosjektleiar), Arnfinn Kjelland (leiar for delprosjekt 2), Brynjulv Gjerdåker og Birger Løvlie (leiarar for delprosjekt 3) og Reidun Høydal.
16Knut Sprauten.
17Andrew Newby og Linda Andersson Burnett.
18Grethe Sliper, Gunnar Bolstad, Beate Moltubakk Ørstavik, Marthe Glad Munch-Møller, Arvin Grepperud, Amund Pedersen og Eyvind Urkedal York.
19Ivar Teigum.
20Desse var Arne Bugge Amundsen, Narve Fulsås, Øystein Rian, Anne-Hilde Nagel og Steinar Supphellen. Dei to sistnemnde vart også hovudrettleiarar for dei to doktorgradsstipendiatane.
21Vårdal 2018.
22Gjerdåker 2008.
23Hyvik 2016.
24Hyvik 2016: 151.
25Hyvik 2016: 140.
26Hyvik 2016: 140.
27Hyvik 2016: 22–32.
28Hyvik mfl. 2016.
29Henningsen 2006.
30Sprauten, udatert manus.
31Hyvik 2003; Hyvik 2010.
32Hyvik 2003: 101–104.
33Hyvik 2010: 109–110, 114.
34Hyvik 2010: 111, 117.
35Hyvik 2010: 118–120.
36Løvlie 2019; Sprauten, udatert manus.
37Løvlie 2019: 14.
38Løvlie 2019: 16.
39Løvlie 2019: 15.
40Ørstavik 2012; Ørstavik 2013.
41Ørstavik 2013: 7–8.
42Seierstad 1925; Landsverk 1948.
43Seierstad 1925: 110.
44Seierstad 1925: 103, 109.
45Seierstad 1925: 112.
46Landsverk 1948: 94.
47Landsverk 1948: 125–127.
48Koht 1925/1975.
49Landsverk 1948: 128–129.
50Landsverk 1948: 128–129.
51Referert i York 2011: 4.
52Grepperud 2011.
53Grepperud 2010: 20–28.
54Grepperud 2011: 9.
55York 2010: 25–26.
56York 2011: 27. Sjå også Krøvel 2017: 282–285.
57Munch-Möller 2011: 6.
58Eg refererer her til Brynjulv Gjerdåker slik han er attgjeven i Bolstad 2011: 1, 10.
59Pedersen 2011a.
60Pedersen 2011b: 12.
61Døssland 1998: 173–174.
62Bolstad 2010.
63Bolstad 2011: 2.
64Hyvik 2014.
65Hyvik 2014: 132–133.
66Krøvel 2014.
67Krøvel 2014: 255.
68Gjerdåker 2011; Krøvel 2018.
69Gjerdåker 2011: 136–142.
70Døssland 2011.
71Hyvik 2011.
72Hyvik 2011: 105, 109.
73Forseth 1811/1923: 42.
74Døssland 1980: 346–347; Skjånes 1978: 15.
75Forseth 1811/1923: 10–12.
76Forseth 1811/1923: 23–24, 29.
77Forseth 1811/1923: 16–17, 25.
78Forseth 1811/1923: 14.
79Kjelland 2012.
80Kjelland 2012: 289.
81Kjelland 2012: 310.
82Krøvel 2018.
83Krøvel 2018: 82–83.
84Krøvel 2018: 156–190.
85Kjelland 2010; Kjelland 2014.
86Døssland 2010; Døssland 2014.
87Sliper 2011.
88Vårdal 2018: 130–140; Vårdal 2012.
89Vårdal 2018.
90Teigum 2011.
91Teigum 2011: 40.
92Døssland 2012.
93Burnett 2014: 1286–1289.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon