Då offiserssonen Jacob Thode Ræder (f. 1798) døydde i København i 1865, etterlét han seg eit manuskript med tittelen «Barndoms og Ungdoms Erindringer».1 Dei tidlege barneåra sine fram til 1805 hadde han i Grytten prestegjeld i Romsdal. Forteljinga hans legg særleg vekt på å poengtere at den kondisjonerte kapteinsfamilien, som kontrast til det pulserande livet dei kjende frå København, måtte tilpasse seg eit sosialt svært avsondra liv i «en af Snee bedekket Ørk [ørken]» då dei i 1787 kom til Grytten. «Skjæbnen havde henkastet min Vugge i en øde og forladt Egn.» For å bøte på dette søkte den «stakkels» familiefaren ein viss smakebit av urbant liv ved av og til å oppsøke nokre vener i Molde «for at samle nye Kræfter til at udholde sit stille Liv». Barna gjekk ikkje i omgangsskulen saman med allmugeborna, men fekk ei slags undervisning heime.2

Hovudbodskapen i framstillinga til Ræder, mynta på kondisjonerte og urbant orienterte lesarar, er i høg grad i samsvar med ei etablert førestilling om ei markert sosial og kulturell kløyving av den norske landsbygda mellom embetsmenn på den eine sida, og bondesamfunnet på den andre. Ei slik førestilling vart kraftig forsterka som ledd i ei kulturell og politisk mobilisering på 1800-talet, og har halde fram å vere ein dominerande modell i forståinga av dei norske rurale samfunna på 1700- og 1800-talet.

Like fullt skulle og måtte jo embetsmenn i mange samanhengar møte representantar for det breie bondesamfunnet, enkeltvis eller i flokk. Slik sett kan vi uansett tale om at det nødvendigvis måtte finne stad verkelege kulturmøte. Dette var også grunnen til at tema kring den kulturkløyvde landsbygda vart valde då vi i åra før 2008 ved Høgskulen i Volda meisla ut eit større forskingsprosjekt. Prosjektet fekk namnet «Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn ca. 1660–1870» og var eitt av fleire framstøyt når det historiske fagmiljøet i Volda saman med Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag skulle bygge breiare kompetanse for same året å starte eit nytt masterstudium, nettopp med namnet «Kulturmøte».

Prosjektet skulle ikkje først og fremst beskrive møte mellom bønder og embetsmenn, men heller fokusere på spørsmålet om i kva grad den rådande «tokulturlæra» samsvarte med realitetane. Var kløyvinga eintydig og absolutt, kan vi likevel spore ein meir mangesidig dialog og tilpassingar dei to gruppene imellom, og fanst det jamvel personlege venskapsband på tvers av den påståtte kløfta?

Det kjem sjølvsagt også an på kva ein leitar etter i kjeldene. Ein nærare analyse av den ovanfornemnde teksten av Jacob Thode Ræder fortel såleis at det i røynda var mange typar samkvem mellom den kondisjonerte kapteinsfamilien og bondesamfunnet. Det var slett ikkje resultat av ein naudssituasjon at berre bønder var fadrar både ved Jacob og den yngre broren sin dåp. I små glimt kjem det fram at småguten var nokså husvarm på grannegardane og var vel kjend med folkelege arenaer som den årlege Romsdalsmarknaden. Reint rørande er skildringa av avskjeden med bondehuslydane då familien i 1805 skulle flytte til Trondheim. Ho etterlet knapt tvil om at det også, rett nok blanda med patron–klient-relasjonar, dreidde seg om klare personlege band.

I den første av artiklane som følgjer, har underteikna i ei brei framstilling prøvt å presentere heile prosjektet, både problemstillingar, organiseringa, kva som er blitt undersøkt, og kor vidt og på kva måtar dei mange større eller mindre prosjektbidraga kan ha vore med å nyansere førestillinga om dei splitta bygdesamfunna.

Jens Johan Hyvik, som har vore post.doc.-stipendiat på prosjektet, trekker i sitt gjensyn med tokulturlæra fram debatten omkring denne forståinga og kvifor forteljinga om dei skilde kulturane fekk så breitt rom utetter 1800-talet. I tillegg poengterer han at viktige element frå denne læra framleis kan sporast i den aktuelle samfunnsdebatten.

Mette Vårdal har vore doktorgradsstipendiat og fullført ei avhandling som innebar brei næranalyse av Vågå-samfunnet. I artikkelen her reindyrkar ho noko som var eit viktig poeng i avhandlinga: Endå ho avdekka ei temmeleg djup sosial kløft også innanfor sjølve bondesamfunnet mellom storbønder og husmenn, kunne likevel husmenn som enkeltindivid ha eit uventa stort handlingsrom og jamvel nære band til embetsmenn.

Harald Johannes Krøvel, likeins doktorgradsstipendiat på prosjektet, set fokus på ein omfattande strid tidleg på 1800-talet om innføring av ny salmebok i Vågå. Ulike aspekt ved denne striden kan kaste lys over kor vidt omgangsskulelærarane var i ein mellomposisjon mellom embetsmenn og bønder. Ei stadfesting av dette ville jo i seg sjølv ha tent til å nyanserte tokulturlæra.

Til slutt har Birger Løvlie, kyrkjehistorikar og prosjektmedarbeidar, ein artikkel som kastar lys over prestane si rolleforståing i høve til bondeallmugen. I spenningsfeltet mellom eit temmeleg statisk lovverk og den røynlege samfunnsutviklinga frå tidleg 1700-tal til over midten av 1800-talet måtte dei tilpasse denne rolleforståinga, og jamvel gje slepp på mykje makt.