Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Regulert rettshjelp i Romsdals Amt

Lov og praksis for «sjølvlærde bygdesakførarar» i eit landdistrikt før 1850
Farmers’ Legal Activities in Romsdals Amt
Law and Practice in Rural Norway before 1850
Ph.d.-stipendiat, Handelshøgskulen, institutt for økonomi, historie og samfunnsfag, Universitetet i Søraust-Noreg

Artikkelen ser på praksisen til bønder i det norske rettssystemet før 1850, og spør om det var mogleg for dei å verke som forsvarar utan juridisk eksamen og løyve frå kongen. Empiri frå ei straffesak i Romsdals Amt blir samanlikna med lovene. Artikkelen viser at sakførarpraksis var eit resultat av det lokale behovet for rettshjelp heller enn statsmakta sine lovreguleringar, og at denne praksisen bidrog til å presse rettskulturen og den politiske kulturen i liberal retning.

Nøkkelord: bondeopposisjon, rettssystem, Neergaard, Mjelva, Møre og Romsdal, rettskultur, politisk kultur

The article examines to what extent farmers in rural Norway had the opportunity to act as lawyers within the legal system before 1850. Laws which regulated people’s freedom to give and receive professional legal support are compared to empirical data from counties in Romsdals Amt. The article argues that laymen who acted as lawyers without a law degree or a certificate from the king contributed to a liberal shift in Norwegian political and judicial culture.

Keywords: farmers’ opposition, legal system, Neergaard, Mjelva, Møre and Romsdal, legal culture, political culture

Innleiing

«Du Neergaard! Er det sandt som de siger, – at du skal ha sagt, at vi sakførere er varger, der flår eder bønder?»1 Spørsmålet blei ropt etter den radikale bondeagitatoren og stortingsmannen John Neergaard under eit bygdeting i Eidsvåg i Romsdal rundt 1830.2 Han som ropte, var prokurator, eit yrke han kvalifiserte til i kraft av sin juridiske eksamen og bestalling frå kongen.3 Neergaard hadde ingen av delane.4 Han svarte embetsprokuratoren, visstnok med ein hånande latter: «Nei, detan veit i no ret alder tå i skal ha sagt, – men tenkt det, jau det he i no gjort mang ein ideleg gong!»5 Neergaard si meining var klar: Embetsprokuratorane burde ikkje ha einerett på å gi profesjonell rettshjelp, slik lovene sa. Vi skal sjå at det fanst bønder som utfordra dette monopolet på fleire måtar, før sakførarlova blei liberalisert i 1848.

Artikkelen tar for seg grensene for kven som i praksis hadde lov til å verke som profesjonell rettshjelpar i eit norsk landdistrikt før 1850.6 Var det muleg for ein bonde å verke som sjølvlært sakførar, trass i lovreguleringane? Førte praksisen til sterkare rettstryggleik i landdistrikta? Bidrog den lokale praksisen til endring i den politiske kulturen?

Tese

Med lovene som kjelde kan vi slå fast at høve til å gi profesjonell rettshjelp i rettssystemet var reservert dei mest ressursrike, frå embets- eller borgarstanden. Prokuratorstillinga hadde vore relativt strengt lovregulert sidan slutten av 1600-talet: Ein måtte ha juridisk eksamen med god karakter, reint rulleblad og ikkje minst: bevilling frå «Over-Øvrigheden».7

Det fanst likevel smetthol som opna for å godkjenne bønder som rettshjelparar i enkeltsaker. Lovene opna nemleg for bruk av ufaglærte bygdesakførarar – i spesielle tilfelle. I tillegg var det avgjerande at nokre bønder med juridisk kompetanse stilte seg tilgjengelege til å gi profesjonell rettshjelp. På den måten var det muleg for allmugefolk å få profesjonell rettshjelp frå ein person som var organisk knytt til deira miljø. Dei var altså ikkje alltid tvungne til å ta imot rettshjelp frå ein embetsmann som formelt var knytt til statsmakta. Artikkelen viser at handlingsrommet til allmugen i møte med rettssystemet i praksis var større enn dei overordna lovene fortel oss.

Det er usikkert om bruken av ufaglærte rettshjelparar førte til styrka forsvar for rettssubjekta i kvar enkelt sak. Eg meiner likevel at praksisen bidrog til styrka rettstryggleik, fordi den dytta den politiske kulturen i ei meir liberal retning: Praksisen til bygdeprokuratorane viste at lekfolk kunne ta på seg oppgåver som var beskytta av privilegium. Dette forma tankegodset til allmugen, den lokale øvrigheita og stortingsrepresentantar som var lovgivarar. Slik var bygdesakførarane med på å utfordre embetsmennenes hegemoni lokalt og nasjonalt.

Illustrasjon 1:

Bondeagitatoren John Neergaard dreiv mangslungen juridisk aktivitet på Nordmøre kring 1830. Dette var ein del av hans politiske prosjekt. Han inspirerte truleg bonden Ole H. Mjelva til å bruke bygdetinget som plattform for å endre den politiske kulturen.

Portrett ca. 1820–1840, KMb-2007-015.0010, Stiftelsen Nordmøre Museum/digitaltmuseum.no.

Disposisjon

Først gir eg eit oversyn over prokuratoren i norsk rettskultur. Lovene er sentrale, saman med folk og øvrigheit si oppfatning av den profesjonelle rettshjelparen. Dette er ramma for den lokale nærstudien i del II. Del II tar for seg aktiviteten til ein bonde utan kongeleg løyve og juridisk eksamen i Romsdals Amt i 1830-åra. Ole Halvorsson Mjelva brukte fleire plattformar for å opponere mot prokuratorprivilegia. Hovuddelen tar for seg hans arbeid som bygdesakførar i ei stor straffesak på Sunnmøre og i Romsdal mellom 1830 og 1843, kjend som Stry-saka.

Lov og praksis

Det har blitt foreslått at rettsstatsprinsippet om «rule of law» låg som ein overordna, tacit dimension for styresmaktene i den unge embetsmannsstaten.8 Men – som Francis Sejersted peikar på – ein analyse av ein slik «taus, overordna kunnskap» må vere forankra i empiri frå praksis.9 Derfor er eit historisk studium av forholdet mellom lov, praksis og politikk elementært. Artikkelen bidrar til ein analyse av endringane i rettsstaten, demokratiet og rettstryggleiken i Noreg på 1800-talet.

Fleire viktige bidrag til historiografien ligg til grunn for artikkelen. Hilde Sandvik har vist at lover og rettsinformasjon nådde ut til folk flest i Noreg både før og etter 1814.10 Men ho minner om ei viktig historisk erkjenning: «At lovgivning og rettsinformasjon er kjent, betyr ikke nødvendigvis at lovene blir fulgt.»11 Jørn Øyrehagen Sunde slår fast at det reelle behovet for rettshjelp har vore styrande for sakførarpraksis i Noreg – ikkje styresmakta sine reguleringar.12 Sunde har også sett på praksis med ufaglærte forsvararar i Nordhordaland sorenskriveri mellom 1735 og 1775, der han mellom anna viser at bønder, særleg lensmenn, blei brukt som forsvararar i straffesaker.13 Bruken av ufaglærte prokuratorar blei dessutan peika på i Stortinget i ein debatt om lovendringar for sakførarverksemd i 1845. 14 Artikkelen er eit bidrag til den historiografiske samtalen om lov og praksis.

Det var Halvdan Koht som først sette meg på sporet av avviket mellom prokuratorreguleringane og den faktiske praksisen i bygdenoreg: Han kalla Neergaard ein «sjølvlærd bygdesakførar» i Bondestrid – smaa segner og uppskrifter fra Nordmøre (1906).15 Denne kategorien rettshjelparar har ikkje blitt handsama som hovudobjekt i nyare historiografi. Carl Bernhard Dunker skreiv ei hovudoppgåve om debattane fram mot sakførarlova av 1848, der dei han kallar for «piratsakførere», fell utanfor analysen.16 Hans Eyvind Næss og Harald Rinde skriv grundig om prokuratorane i boka Våpendrager og veiviser: Advokatenes historie i Norge, men dei som verka i gråsona av lovene før 1848, er ikkje systematisk behandla.17

Rettskultur og politisk kultur

Marthe Hommerstad viser til den dominerande definisjonen av «politisk kultur» i dag, nemleg «de normer, vurderinger og symboler som omgir den politiske interaksjonen, samt dens praksis».18 Som Karin Sennefelt har poengtert, er altså ikkje politisk kultur berre knytt til politiske institusjonar, men kan skje på ulike arenaer på ulike måtar.19 Sunde definerer «den totale rettskulturen» som noko meir enn smal, juridisk kultur; den er også avhengig av «materielle og intellektuelle forhold i det samfunnet retten verkar».20 Rettskulturen og den politiske kulturen flyter klart over i kvarandre. Bygdetinget der sakførarane verka, var ein offentleg arena for maktinteraksjon mellom øvrigheit og allmuge. Denne artikkelen tar såleis for seg rettskulturen som ein del av den politiske kulturen før 1850, der praksis førte til endring i kulturen.21

Praksis på bygdetinget

Torkel Thime har presentert statistikk som viser at det i snitt var 3075 saker som blei behandla i underretten årleg mellom 1826 og 1828, og 5121 saker årleg mellom 1847 og 1849.22 Tala viser at tinget var ein vital offentleg arena på 1800-talet.23 Sandvik skriv dessutan at «gjengangerne på tinget var [...] større saker, gjerne med prokuratorer».24 Etter den nye forfatninga var lovene frå einveldet førebels gjeldande etter Grunnlovas § 94, og tinget heldt fram med å vere ein pressa offentlegheit.25 Men det var også ein plass kor strukturane i rettskulturen og den politiske kulturen kunne bli utfordra og endra gjennom praksis.26 For å seie det med orda til Sandvik: «Det som skjedde på tinget, ble tankegods».27

DEL I: RAMMENE FOR SAKFØRARVERKSEMD PÅ BYGDENE FØR 1848

Rettshjelp: lange linjer

I mellomalderen var det rett at ein i Noreg kunne bruke ein partsrepresentant på bygdetinget. I ein mindre systematisert rettsorden var rolla til ein slik «forsvarar» ulik den vi kjenner i dag. Den var ikkje avhengig av kunnskap om den lærde retten, men av status i lokalsamfunnet.28 Ordninga baserte seg likevel på folk sitt høve til å få og gi rettshjelp. Med den gradvise innføringa av eit rettssystem kom forordningar som regulerte dette handlingsrommet.

Dersom rettssystemet fungerte ideelt, skulle ikkje rettssubjekt behøve hjelp.29 Men i praksis fordra det aukande gapet mellom folket og den lærde retten eit profesjonelt mellomledd. Framvoksteren av eit rettssystem tok med seg eit avansert språk og eit intrikat hierarki som allmugefolk streva med å navigere i.30 Rettssubjektets behov for hjelp frå ein prokurator auka i takt med rettssystemets utvikling. Lovene som regulerte sakførarverksemda, ignorerte dette behovet, slik Sunde har peika på. Ideen om å kunne velje ein eventuell forsvarar viser seg likevel som eit seigt element i den norske rettskulturen.

Illustrasjon 2:

Adolph Tidemands framstilling av ei tingstove i eit norsk landdistrikt, ca. 1840.

Nasjonalmuseet / Foto: Dag Andre Ivarsøy (CC BY 4.0).

Prokuratoren: Eit nødvendig vonde i rettssystemet

Statsmakta opna for lovleg bruk av prokuratorar i landdistrikta i 1735, med Rettspleieforordning II. § 14 klare beskjed om at det ikkje var lov å verke som prokurator med mindre «de enten af Kongen ere beskikkede eller og af Øvrigheden, enhver i sit Stift, Amt eller Bye, dertil forordnede...».31 I tillegg til å bli utpeikt av øvrigheita, kom krav om juridisk eksamen med god karakter i 1736.32 Lova la opp til ei relativt stram regulering av fleire grunnar. Kongen trong tette band til aktørane i rettssystemet, og i tillegg oppfatta mange prokuratoren som uærleg i samtida. Den munnlege prosedyreforma i rettssystemet opna for ein rettsleg argumentasjon som kunne forvirre og hale ut tida i rettssaker.33 Skjellsord som «prokuratorknep» og «Thingstud» blei ofte brukt.34 Også i populærlitteraturen blei prokuratorane portretterte som uærlege utsugarar.35 Sunde og Næss har peika på at denne oppfatninga av prokuratorar slett ikkje alltid stemte med praksis – mange av dei utnemnte prokuratorane gjorde ein tilstrekkeleg jobb, under forhold som ikkje alltid var enkle.36 Likevel: Synet på dei statlege prokuratorane var prega av mistillit, samstundes som rettssystemet blei meir og meir avhengig av dei.

Reforma frå 1735 gjorde at fleire såg nytten av å bruke pengar på profesjonell rettshjelp.37 På 1790-talet kom ein ny rettsreform, som ifølgje Sunde tok utgangspunkt i at dei fleste brukte advokat i retten, med unnatak av tynnare folkesette område i Noreg.38 Reforma bidrog også i seg sjølv til å forsterke behovet for profesjonell rettshjelp, fordi ein gjekk over til skriftleg prosedyreform i underretten, som kravde betre innsikt i rettslæra. Prokuratorane med løyve var altså ei stadig meir innflytelsesrik gruppe som statsmakta måtte halde under kontroll.

Overgangen til 1800-talet markerte toppen av sentralisert kontroll over sakførarane.39 I 1810 kom ein Cancellie-Placat som sa at berre kongen hadde myndigheit til å velje alle nye juristar som skulle få sakførarembete.40 Dermed var sakførarane frå 1810 å rekne som embetsmenn, noko som styrka deira status. Men sjølv om prokuratoren frå 1810 var embetsmann, blei han ikkje lønna i betydeleg grad av staten.41 Dette førte til at både øvrigheit og allmuge framleis mistenkte at sakførarane ville auke eigen økonomisk vinning gjennom embetet. Vi skal sjå at kontinuiteten i dei negative oppfatningane av embetsprokuratoren skapa eit handlingsrom for den sjølvlærte bygdesakføraren.

Avstand mellom allmugen og embetsprokuratoren

Dunker meiner at den dansk-norske autorisasjonsordninga for sakførarar var relativt liberal i europeisk kontekst.42 Det var likevel eit yrke for borgar- og embetsstanden, og rekrutteringa av var prega av dynastibygging.43 Berre 6,8 % av prokuratorane før 1815 hadde foreldre som var bønder eller handverkarar, ein tendens som haldt fram utover i det 19. hundreåret.44 Altså var det avstand mellom rettssubjekta frå allmugen og juristane med løyve til å verke som prokurator i landdistrikta etter 1800. 45 Allmugefolk med eit sterkt samfunnsmedvit såg at embetsforsvararane ikkje alltid sto på lag med sin klient. Derfor ville dei ta saka i eigne hender. Den juridiske aktiviteten til Mjelva var ein konsekvens av denne maktubalansen.

«Praktiske paragrafar»: Lovene opnar for bruk av lekmenn

Tilgangen på godkjend, profesjonell rettshjelp på bygdene før 1848 var ikkje jamn. Det kunne vere vanskeleg å få tak i ein embetsprokurator i landdistrikt med store avstandar.46 I tillegg kosta det pengar å leige rettshjelp frå ein embetsprokurator i sivile saker, og også i straffesaker frå 1827.47 Nokre embetsprokuratorar var dessutan uskikka til embetet, og gjorde livet vanskeleg for allmugen.48 Truleg stilte nokre rettssubjekt seg skeptiske til å bli forsvart av ein embetsprokurator, og ønskte å velje han bort. Det var altså svakheiter ved prokuratorordninga før 1848, som kunne sabotere for rettssystemet og truge rettstryggleiken.

Det ser ut til at lekmannsprokuratorane utan kongeleg bestalling kunne fungere som bufferar i landdistrikt der bruk av embetsprokuratorar var ei utfordring av ulike grunnar. Det kjem ikkje mist til uttrykk i paragrafar i lovene frå før og etter 1814. Dei viser mellom anna at styresmaktene tok innover seg at embetsprokuratoren ikkje alltid var brukbar.

Rettspleieforordning II §§ 14–15: «Vinkel-Skriver og Bøide-Procurator» eller «oprigtig Mand»?

I § 14 i forordninga frå 1735 sto det at

...om en Bonde eller andre enfoldige Mænd af Øvrigheden begiere en i Tinglavet bekiendt oprigtig og boesadt Mand til at tale for sig i nogen Sag, som for Retterne skal udføres, og samme Person ikke staaer i nogen virkelig Tieneste hos samme Steds Foged eller Sorenskriver; Da, naar det er Øvrigheden bekiendt, at han for billigere Betaling efter Parternes Vilkaar bliver at erholde, og kan betiene dem; saa maae det i den henseende af Øvrigheden bevilges, og ellers ikke...49

Lovteksten sa altså at det fantast nokre allmugefolk som var verdige oppgåva som profesjonell rettshjelpar, sjølv om dei ikkje fylte dei formelle kriteria om eksamen og løyve. Kriteria for å bli godteken etter overnemnte tekst var riktig nok ikkje enkle å fylle i praksis: Lekmannsrettshjelparen skulle ta lite betaling; dessutan var ein framleis avhengig av at øvrigheita skulle vurdere den aktuelle rettshjelparen som «opriktig». Men Sunde har vist at sorenskrivarar i Nordhordaland brukte paragrafen hyppig som heimel når dei delegerte forsvararansvar i straffesaker til lensmenn eller slekt mellom 1735 og 1775.50

Rettspleieforordning II markerte eit skilje mellom dei «nyttige undersåttane» og dei uærlege aktørane som saboterte for eit dugeleg rettssystem. Det kjem tydeleg fram at kongen var oppteken av å kvele praksisen til sistnemnte gruppe. § 15 slo nemleg fast at «Vinkel-Skrivere og Bøide-Procuratorer, der ikke af Øvrigheden efter Loven ere forordnede eller have Kongelig Tilladelse til at gaae i Rette…» skulle «aldeles være afskaffede».51

For allmugen må det ha vore ei gråsone mellom desse to kategoriane av lekmenn i § 14 og § 15. Lova tok utgangspunkt i at Vinkel-Skrivere og Bøide-Procuratorer ikkje kunne vere oppriktige. Det økonomiske elementet var truleg avgjerande: Dersom ein mann i bygda kunne stille som prokurator for ein billigare penge enn prokuratoren med bevilling, var saken klar – han var ikkje ute etter å gjere jobben for økonomisk vinning. Rettshjelparar utan løyve, som tok like mykje betalt som prokuratoren frå borgar- eller embetsstand, var derimot ein trussel mot systemet. Frå allmugen sin ståstad kan ikkje dette skillet ha vore like klart. Truleg meinte nok fleire og fleire at dei ville bruke ein prokurator som ikkje var knytt til statsmakta, sjølv om dei måtte betale like mykje for han. Handlingsrommet til bygdesakførarane må i alle høve bli sett i lys av desse paragrafane, fordi dei opna for lekmannsaktivitet under spesielle forhold.

Rescript av 1740: «...i Mangel af andre beqvemme Personer...» i straffesaker

Ei viktig ordning som kom på plass i 1735, var innføringa av offentleg forsvarar i alle straffesaker, såkalla Delinqvent-saker, i alle instansar. Lova var relativt progressiv samanlikna med resten av Europa på denne tida.52 Ordninga blei til ein viss grad eit kvalitetsstempel på sakførarverksemda, fordi den slo fast at ein prokurator kunne verke disiplinerande på rettssystemet.53 Og sidan prokuratoren var ein kontrollør, måtte det også komme ein instruks som sa kva amtmannen skulle gjere dersom ein prokurator med løyve ikkje var tilgjengeleg. Med det kom det ei ny opning for bruk av lekmenn som profesjonelle forsvararar.

I 1740 sende amtmannen i Finnmark, Vardehuus Amt, eit brev til Kanselliet i København. Han hadde problem med å skaffe prokurator til Deliqvent-saker, fordi det «i Amtet ei findes nogen, som hertil kunde beskikkes».54 Responsen kom i eit rescript frå kongen som sa at

...enhver Undersaat, som boer og bygger i Kongens Riger og Lande, efter Pligt, naar de dertil ere beqvemme og af vedkommende Øvrighed beordres, skal paatage sig Delinqventers Forsvar [...] i Mangel af andre beqvemme Personer...55

Det var altså mogleg for ein «Undersaat» å verke som profesjonell forsvarar på bygdetinget, også i dei alvorlege straffesakene, i spesielle tilfelle. Stortingmannen og juristen Anton Martin Schweigaard nemner reskriptet i innføringsboka Norsk Proces frå 1845, og meiner at det var gjeldande fram til 1827 og kanskje lenger.56 Truleg gjorde reskriptet av 1740, saman med § 14 av 1735, det til ein viss grad muleg for ein sjølvlært jurist av allmugen å verke som profesjonell sakførar i norske landdistrikt med heimel i lov før 1848.

Sakførarlova av 1821: Stadig innstramming

Det skulle ta nesten 40 år før staten løsna på innstramminga av sakførarverksemda frå 1810, trass i at Noreg fekk ei folkevalt lovgivande forsamling få år etterpå. Det skjedde to større lovendringar på 1820-talet, men ingen av dei førte til meir handlingsrom for rettssubjekta i systemet. Tvert imot: Lova av 1821 «bidro til å gjøre prokuratorene til fortsatt lydige redskaper for statsmakten».57 § 5 sa klart at kriteria for å verke som sakførar ikkje kunne vikast frå, med mindre ein sakførar ikkje var tilstades eller «andre særdeles Omstendigheder».58 Dette var altså ei vidareføring av einveldelovene.

Tal frå Vilhelm Aubert viser at mengda embetssakførarar auka frå 87 i 1815, til 110 i 1825. Talet låg så relativt stabilt rundt 110 fram til liberaliseringa på 40-talet.59 Vi veit at bygdetinga i snitt behandla 5000 saker i året på denne tida – sjølv om ikkje alle var så omfattande at dei kravde profesjonell rettshjelp. Det seier seg likevel sjølv at omtrent 100 embetssakførarar fordelt over heile landet ikkje kunne møte det reelle behovet for rettshjelp i perioden.60 Innstrammingane i lova frå 1821 bidrog dermed til at det framleis var behov for ufaglærte sakførarar på bygdene utover 1800-talet.61

1827: Referentlova svekker rettstryggleiken

Lova om «Referent» i straffesaker kom i 1827.62 Frå då av skulle tiltala i straffesaker ikkje lengre ha krav på offentleg utnemnt forsvarar i under- og overretten. I staden skulle det bli oppnemnt ein referent, som skulle fylle rolla som både defensor og aktor. Referenten skulle vere embetsmann – fogd eller sakførar, eller «hvor Sagfører mangler, en anden duelig Mand til Referent i Fogdens Sted...».63 Lova opna altså for at ein kunne bruke ein annan «duelig Mand» dersom andre ikkje var tilgjengelege, i kontinuitet med reguleringane frå før 1814. Eg har til gode å finne empiri som viser at ufaglærte allmugefolk fekk rolle som referent.

Det var riktig nok lov for den tiltala, «Delinqventen», å leige ein ekstra prokurator, dersom ho eller han hadde råd til å betale det. Det blei ikkje presisert i lova at ein slik eventuell prokurator måtte ha embete, men alt tyder på at referentlova la sakførarlova av 1821 til grunn. Nærstudien frå Romsdals Amt i del II viser likevel at dette kan ha vore ein diffus paragraf: Bonden Ole H. Mjelva blei leigd inn som ufaglært prokurator utan bestalling for dei sikta, i tillegg til referenten som var embetsprokurator Hagerup.

Stortingsfleirtalet på 1820-talet hadde tydeleg lite medvit om økonomisk ulikskap og korleis dette svekka rettstryggleiken. Det var ikkje noko ankepunkt i debattane at berre den som hadde råd til det, fekk tilgang til ekstra rettshjelp.64 Referentordninga varte til 1866. At den svekka rettstryggleiken, blei i etterpåklokskapens namn poengtert i debatten før opphevinga i 1866: Referentlova hadde ikkje gitt den tiltala «fuld Tillid til at hans Tarv bliver ligesaa omhyggelig iagttaget som det Offentliges».65 Då hadde det gått nesten tredve år. Referentordninga var altså meir enn noko anna eit tilbakeslag for rettssubjekta som trong hjelp i møte med systemet.

1848: Ny, liberal sakførarlov

Den nye sakførarlova, som fjerna bestallingskravet for juristar som ville drive sakførarpraksis, blei sanksjonert av kong Oscar i 1848. Bandet mellom statsmakta og forsvararane var no kutta, og alle med juridisk eksamen kunne gi profesjonell rettshjelp. Mange i bondeopposisjonen argumenterte for totalt frislepp av næringa i Stortinget, men vann ikkje fram. Likevel prega erfaringane frå lokal praksis debattane heilt fram til liberaliseringsvedtaket.66 Resultatet av lovendringa var uansett eit klart brot med linja frå einveldet: Mistanken mot prokuratoren var ikkje lenger institusjonalisert, og rettssubjekt fekk eit større handlingsrom i val av forsvarar.

Illustrasjon 3:

Utsnitt frå Stortingsforhandlinger, sesjonen i 1845 då den nye sakførarlova blei vedtatt. Lovene frå einveldet blei trekt fram, og vi ser også at praksisen til bygdesakførarar i landdistrikta blei nemnt eksplisitt i debattane.

Stortingsforhandlinger 1845, vol. 11, nr. 8, side 122.

Samanfatting: Smetthol opnar for bønder

Den relativt liberale, men framleis strenge reguleringa av sakførarstanden gjorde at embetsprokuratorane ikkje klarte å dekke det reelle behovet for rettshjelp i landdistrikta utover 1800-talet. I tillegg hadde lovene opna for bruk av andre «opriktige» menn som profesjonelle rettshjelparar, under spesielle forhold. Det stadig meir avanserte rettssystemet, mistilliten mot embetsprokuratorane samt dei pragmatiske paragrafane som opna for små smetthol, laga eit handlingsrom for sjølvlærte bygdesakførarar som ønskte å gi profesjonell rettshjelp.

DEL II: ROMSDALS AMT

Bonden versus embetsprokuratoren: Eit døme frå Grytten prestegjeld

Ein av dagane før jul i 1833 sat bonden Ole Halvorsson på garden sin Mjelva i Romsdalen og skreiv eit innlegg til Morgenbladet. Innlegget var motivert av misnøye mot den lokale øvrigheita – Mjelva hadde som mål at «...Publicum kan vide, hvilke Embedsmænd der blive sendte op til os».67 Sommaren same år hadde han møtt opp til ei skiftesamling på Veblungsneset i Romsdal futedøme. Den lokale embetsmannen prokurator Jørgen Jordhøy var også til stades, og var alt anna enn edru ifølge skribenten. Rettshjelpar Jordhøy hadde angripe Mjelva med både hugg og slag under samlinga, og i tillegg kalla han for ein Skielm og ein torsk, et cetera.68 Mjelva runda av avisinnlegget med ein sylskarp brodd mot den lokale embetsprokuratoren: «Mit og – jeg tør lægge til – den hele Almues eenstemmige Ønske er, at blive dette Menneske qvit...»69

Ole Halvorsson Mjelva var bonde og son av haugianarar som dreiv veve- og fargeverksemd til gode skotsmål i Grytten prestegjeld, ikkje langt frå Åndalsnes.70 Han var minst to gongar valmann frå prestegjeldet mellom 1829 og 1841; i 1835 blei han vald til stortingsrepresentant på valmannsforsamlinga i Molde. Ifølge riksavisa Den Constitutionelle var han ein som «altid stod forrest i Oppositionens Rækker».71 I tillegg til å vere valmann og stortingsmann verka Mjelva som ufaglært bygdesakførar i Stry-saka som vi skal kome tilbake til. Det er tydeleg at han tok rolla som «allmugens forsvarar» i Grytten.

Eg vil trekke fram to hovudfaktorar kan ha gjort at Mjelva tok denne rolla. Han hadde ei radikal politisk tenking, og var truleg påverka av agitasjonen til John Neergaard frå nabofutedømet. Neergaard delte nettverk med Mjelva, og inkluderte han i den intellektuelle blokka som gjorde det muleg for bøndene å utfordre embetsmennenes hegemoni før 1850.72 Som opningsanekdoten frå tinget i Eidsvåg illustrerer, var det godt kjent at Neergaard såg på embetsprokuratorane som eit samfunnsproblem.73 Å involvere seg i juridisk aktivitet i underretten var ein del av Neergaard sin strategi for å bryte embetsmannshegemoniet; slik er han også eit døme på ein annan bonde som verka som sjølvlært bygdesakførar på 1830-talet.74 Eg meiner at han inspirerte Mjelva til å gjere det same.

Den andre potensielle katalysatoren for juridisk-politisk aktivitet kan sporast tilbake til haugiansk tankegods og organisering.75 Mjelva vaks opp blant sterkt truande haugianarar på Mjelva, som var ein arnestad for lekmannsinitiativ i regionen.76 Haugianarane braut med prestane sitt forkynningsmonopol. I kraft av sitt kall tok dei samfunnsroller som ikkje var forventa av allmugefolk i samtida. Ideen om den driftige og dugelege lekmannen smitta over på dei som var i kontakt med det haugianske nettverket. Mjelva sto ikkje sjølv i kjernen av haugianarar då han blei vaksen, men at han blei prega av tankegodset i barndomsheimen, er heva over all tvil.77

Ein uskikka embetsprokurator

Den valdelege prokurator Jordhøy hadde, som dei fleste andre godkjende sakførarar i Noreg på denne tida, fått bevilling direkte frå Karl Johan til å verke som forsvarar i Romsdals Amt.78 Men ikkje lenge etter at han blei tilsett i Romsdal, blei Jordhøy utpeikt som uskikka til embetet av sorenskrivar Møller. 79 Jordhøys måte å prosedere på var ikkje i takt med den lærde retten – han hadde mellom anna for vane å gjere narr av namna til andre juristar under prosederinga.80 Oppførselen til Jordhøy i privatlivet blei dessutan karakterisert som «en brutalitet som i sine utroligste utslag likefrem grenset inn på det abnorme».81 Det var også tydeleg at han såg ned på allmugen, altså potensielle rettssubjekt som han skulle forsvare, til dømes når han påsto at Mjelva ikkje kunne ha skrive avisinnlegget sitt sjølv: «...thi det staaer ikke i nogen af disse Mænds Magt at føre en saadan Stil».82 Men ikkje før på 1850-talet blei han frådømt sitt embete i Høgsterett etter å ha mishandla partneren Elen Tokle, mellom anna med å slå ho med jernstenger og furutrær, og smøre avføring i ansiktet hennar.83 Jordhøy hadde altså ein svak sans for rettstryggleik for sine medborgarar i praksis. Likevel verka han som embetsprokurator i Romsdal i over to tiår. Hans store handlingsrom må ha vore ei plage for allmugen i amtet, som potensielt var avhengige av rettshjelp frå han.

Ulike måtar å ta til motmæle på

Mjelva tok valdssaka mot Jordhøy til tings. Rettargangen enda med tap fem år etterpå. Mjelva blei dømd til å betale ein ukjent sum i erstatning til prokurator Jordhøy for ærekrenking, samt 350 spesiedalar i kostnadar.84 Dette var ein omfattande sum, omtrent tilsvarande eit middels stort bruk i Romsdal på denne tida, som Mjelva måtte betale innan 15 dagar.85 Situasjonen resulterte i at Mjelva, kona Marith (f. Devold) og deira seks ungar blei tvungne til å flytte til fiskeveret Bud utafor Molde. Det var altså stor risiko knytt til å ta ei sak mot ein embetsprokurator til retten. Bonden som hadde tillit frå dei røysteføre i Grytten gjennom 1830-talet, var no fjerna frå sitt miljø.86 Det neste vi finn av kjelder etter Mjelva, er ein skifteprotokoll etter hans død.87 Seinhausten 1843 kullsigla Ole i Hustadvika utafor Bud, og radikalaren Mjelva var ikkje lenger ein trussel mot det beståande.

Friksjonen mellom Mjelva og Jordhøy kom av at embetsprokuratoren oppførte seg dårleg. I staden for å sørge for rettstryggleik, gjorde han etter alt å døme det motsette. Mjelva opponerte gjennom pressa, og ved å ta saka til rettssystemet. Vidare illustrerer den såkalla Stry-saka korleis bønder kunne utfordre embedsprokuratorane på ein tredje måte: Ved å sjølve ta rolla som rettshjelpar i underretten, og dermed gjere privilegiet til embetsprokuratoren ugyldig i praksis. Slik praksis rokka på strukturane i dei etablerte systema, og bidrog til ei endring i den politiske kulturen.

Havet, folket og eigedomsretten: Stry-saka 1830–1843

Stry-saka handla om allmugefolk som var sikta for tjuveri og heleri. Den ramma eit stort samfunn: Nesten 200 personar blei kalla inn som mistenkte.88 Dei måtte vente tretten år før dei fekk endeleg dom i Høgsterett. Forsvararen til fleire av dei sikta var bonden Ole Halvorsson Mjelva.

Eit engelsk skip, «Albion», forliste 27. oktober 1830 utafor Uksnøya heilt nord i Haram sokn på sunnmørskysten, på grensa til Romsdal.89 Forliset var eit resultat av ein hard hauststorm som herja i fleire døgn. Seks lokale menn, blant dei fleire under tjue år, rodde ut til vraket og berga mannskapet. Fram til midten av november var 355 allmugefolk involverte i dugnaden for å berge alt som var muleg av gods – for det meste plankar og stry.

Illustrasjon 4:

Då «Albion» forliste utanfor Uksnøy i 1830, var lokalfolk raskt ute for å hjelpe. Bergingsarbeidet var krevande. Ifølge etterkomar Rasmus Løvøy (siste fastbuande på Uksnøy, 1958) blei denne jernkloa smidd for å grabbe jernstenger som låg på havbotnen etter forliset.

Frå privat samling med løyve.

«Løn» for strevet: Allmugen bryt med eigedomsretten

Med bergingsretten, som blei tvungen fram av kapteinen på skipet og den mektige kjøpmann Rønneberg i ladestaden Ålesund, kom imidlertid eit vendepunkt. Fleire av dei som hadde bidrege i redningsarbeidet, hadde tatt med seg gods til eige bruk, og altså ikkje lagt det fram for bergingsretten. Vinteren 1831 måtte dei til tings og stå til rette for skuldinga om eigedomsinngrep – dei aller fleste tilstod og leverte ut det dei hadde tatt. Til saman blei 37 plankar levert tilbake, og kvar som hadde tatt stry, kom tilbake med omtrent to og ein halv kilo kvar. I tillegg kom ein messingbolle, ei vassmugge og ei teskei til rette.90 Norsk Retstidende refererte seinare til objekta som ein «ubetydelig Deel vaad Strye [...] nogle faa Planker».91Tjuveri som brotsverk hadde blitt meir og meir vanleg i Noreg utover 1800-talet. Berre i året 1831 var nesten 1500 menneske sikta for «Tyverie, Hælerie og ulovlig Omgang med Hittegods» – allmugen rundt Uksnøy var altså ikkje aleine i å gjere eit slikt ulovleg eigedomsinngrep.92

Illustrasjon 5:

Romsdals fogderi i Romsdals Amt, kart frå 1704. Uksnøy låg midt mellom Sunnmøre og Romsdal, og folk frå begge fogderi tok del i dugnaden rundt «Albion». Øya Oxenöe kan skimtast i øygruppa nærmast kompasset i venstre hjørne. Mjelva kom frå Grytten, der fjorden møter dei massive romsdalsfjella og elva Rauma, nedst i høgre hjørne.

Kartverket. Amtskartsamling, Romsdals amt nr. 2, 1:400000. Ulrik Frederik Aagaard, 1704 (CC BY 4.0).

Det var altså ikkje uvanleg at folk på byrjinga av 1800-talet forsøkte å få tak i varer ved tjuveri på grunn av armod.93 Situasjonen for allmugen rundt Uksnøy var prega av middels til dårlege høve for dyrking og beite. Dei hadde riktig nok det ressursrike havet rundt seg.94 Men matforsyninga var til ein viss grad vilkårleg – det var ikkje alltid godt fiske. Dessutan låg fleire fiskever langs kysten i Romsdal under styringa til kjøpmenn som hadde forkjøpsrett på rå fisk herfrå; dei var vereigarar og hadde verrettar, som gjekk på akkord med fridomen til fiskarane.95 Kjøpmennene fekk stor forteneste av dette, og tente store pengar i spansketida omkring 1830.96 Deler av allmugen blei då fråtekne ein viktig kjelde til likviditet i den stadig meir omfattande pengeøkonomien.97 Forholdet mellom øvrigheit og fiskarbønder ytst langs kysten var altså ikkje utan friksjon. Motivasjonen for dei små tjuveria frå Albion kan ha vore basert på eit grunnleggande behov for materiell, og i tillegg kan nokre ha hatt eit agg mot øvrigheita i amtet.

Sommaren 1832 blei det sett opp ein dømmande kommisjon.98 Dommarane var skrivarane i dei to sorenskriveria, Knut Carl Krogh frå Sunnmøre og Hans Møller frå Romsdal. Ifølge Retstidende blei prokurator Hagerup sett til å vere referent. Dei neste åra blei det arrangert fleire møte i kommisjonen, der nokre av dei sikta blei frifunne. I 1839 kom den endelege dommen: 150 menneske blei funne skuldige i tjuveri og heleri av vrakgods, og blei dømde til tukthus i fleire månader, nokre opp til to år, nokre på vatn og brød.99 8. mai 1841 var saka oppe i Høgsterett, men blei avvist på grunn av for mykje rot i kommisjonsarbeidet. Det blei avgjort etter forsvarsskriftet frå den sjølvlærte bygdesakføraren Mjelva.

Defencor Mjelva – profesjonell rettshjelpar?

Saka fann stad etter referentlova av 1827. Rettssubjekta var prisgitt referenten, som var embetsmann og fylte rolla som både aktor og forsvarar. Men det var fullt lovleg å sjølv leige ein prokurator i tillegg til referenten, dersom ein kunne betale for det. Og det viser seg at dei sikta i Stry-saka gjorde det: Den radikale bonden Ole H. Mjelva blei deira Defencor. Og han hadde altså verken løyve frå kongen eller juridisk eksamen på norsk eller latin.100

Referata frå Høgsterett i Retstidende, både i 1841 og 1843, viser til Mjelva. Han står som Defencor for 77 av dei sikta. Det kan sjå ut som om Mjelva opererte i ei gråsone: Han verka heilt klart som profesjonell forsvarar sidan han blir referert til som defensor. Altså er det sikkert at dei sikta fekk lov til å bruke han som forsvarar i tillegg til referent Hagerup. Dette var til ein viss grad i tråd med lova av 1827 – men Mjelva var heilt klart ikkje ein av dei rundt hundre embetsprokuratorane i Noreg på denne tida. Han verka på kanten av lova, og øvrigheita ser ut til å ha godtatt han.

Uorden i prosessen: Eit reelt behov for forsvar

Rotet i kommisjonsarbeidet i Stry-saka viser at dei lokale embetsmennene ikkje alltid navigerte på lovleg vis i rettssystemet. Referent Hagerup hadde ikkje fylt kontrollfunksjonen tilstrekkeleg: Det var ikkje han, men den sjølvlærte bygdesakføraren som peika på kommisjonsfeila som Høgsterett tok stilling til i 1841.101 Mjelva blei via eit heilt avsnitt i Retstidende, som tydeleg illustrerer to ting: at bonden hadde juridisk kompetanse, og at hans forsvar sikra dei tiltala sterkare rettsvern.

Defensor paastod principaliter Sagen enten Afviist fra Commissionen eller dog fra Høiesteret, eller i al Fald hjemviist til ny og lovligere Behandling, og paaberaabte sig i denne Anledning deels det allerede ved Underretten i samme Øiemed brugte Argument fra Actionsordenens Form og Feil ved Commissionsdommen, navnlig med Hensyn til dem, der vare enten ganske udeladte eller for hvis Vedkommende man ei havde nogen Vished om enten deres Navne eller øvrige Personlighed, og i hvilken Henseende de af Actor bevirkede Rettelser ei antoges at kunne komme i Betragtning, samt endelig ogsaa paa Grund af at Dommen kun var afsagt af een af Commissionens Medlemmer, uden at den Anden derom havde yttret sig.102

Dommen i 1841 blei eit slag i trynet for den lokale øvrigheita: Saka blei avvist og sendt tilbake for «ny og lovligere Paakjendelse». 103 Dei slo fast at dommen til kommisjonen var, «saavidt paaanket er, uefterrettelig».104 Mjelva fekk altså klar støtte frå Høgsterett i sine ankepunkt. Det må ha vore audmjukande for det lokale embetsverket at feila blei blottlagde i Høgsterett, med referat i både Retstidende og Rigstidende.105

Ein ny kommisjon blei sett ned etter 1841, og saka kunne igjen bli behandla i Høgsterett 30. september 1843. Med få korreksjonar dømte Høgsterett alle dei gjenlevande 117 menneska til 2 til 6 månader tukthusstraff, dei 29 losane som var sikta mista losretten sin, og i tillegg skulle dei 117 dekke kostnadane i saka med nokre få unnatak.106 Forsvaret frå Mjelva strakk altså ikkje til når alt kom til alt.107

Illustrasjon 6:

Uksnøy etter vinterstorm.

Foto: Daniel Fjørtoft

Kvifor blei Mjelva godkjend som sakførar?

Det er usikkert kvifor øvrigheita godkjende den radikale Mjelva som prokurator for dei sikta i straffesaka. Familien Mjelva hadde hatt eit rykte som dyktige bønder sidan dei flytta til Romsdal då Ole var gut.108 I tillegg var Ole gift med dottera til lensmann Devold i Grytten, noko som kan ha flytta han nærmare øvrigheita sin tillit.109 Altså kan det gode ryktet til familien ha gjort at 35-åringen blei godkjend som forsvarar i den omfattande saka. Amtmann Krogh skulle seinare i tiåret vise mistillit mot Mjelva, men dette var truleg på grunn av den radikale aktiviteten hans på Stortinget i 1836/37.110 Mjelva kom seinast inn i saka i 1833, og da var han enno ikkje godt kjend som bondepolitikar i amtet.

Som vist, fanst smetthol i lova som kunne opne for den juridiske aktiviteten til Mjelva. I tillegg til reskriptet frå 1740, var § 14 frå Rettspleieforordning II «ikke ophævet» på midten av 1800-talet ifølge Schweigaard.111 Vidare sa sakførarlova frå 1821 at mangel på embetsprokurator kunne opne for alternative løysingar. Det er mogleg at det var ein faktisk mangel på tilgjengelege embetsprokuratorar i Romsdal ca. 1830. I Norsk Rigstidende frå juni 1831 kan vi lese at to embetsprokuratorar, Sivers og Embretson, flytta frå Romsdal til Austlandet omtrent samtidig.112 Prokurator Jordhøy blei tilsett omtrent ni månader etterpå.113 Dette viser at det kan ha vore manko på tilgjengelege embetssakførarar i amtet akkurat i tida då kommisjonen begynte arbeidet. Dette kunne opne for godkjenning av ein annan «duelig Mand».

Eit anna moment kan vere press frå allmugen: Sidan så mange var involverte i saka, kan det hende at øvrigheita på pragmatisk vis let dei «få viljen sin», nemleg å bli forsvart av ein mann som var organisk knytt til deira miljø. Den ustabile oppførselen til embetsprokurator Jordhøy styrkar ei slik tese. Dersom Jordhøy var til stades og tilgjengeleg for bruk, er det ikkje sikkert at allmugen ønskte å bruke han som forsvarar. Konflikta mellom han og Mjelva styrkar eit slikt scenario. Det er tydeleg at Jordhøy følte seg trua av lekmannen Mjelva gjennom 1830-talet. Slik eg foreslo i del I, kunne bygdesakførarar som Mjelva verke som ein buffer i rettssystemet dersom embetsprokuratoren av ulike grunnar ikkje kunne brukast. Den dårlege oppførselen til Jordhøy bidrog på den måten til å utvide handlingsrommet til Mjelva og allmugen.

Samanfatting: Kraftfull lekmannspraksis

Mjelva tok opp kampen mot embetsprokuratorane på fleire vis. Han gjekk til sak mot prokurator Jordhøy, og skreiv om ugjerningane hans i rikspressa. I tillegg gjorde han privilegiet til Jordhøy ugyldig, då han sjølv blei godkjend forsvarar for allmugen i Stry-saka. Dette til trass for at han verken hadde juridisk eksamen eller løyve frå kongen. Dette var eit kraftfullt prosjekt i og rundt bygdetinget, som bidrog til å forme medvitet til folk om rett og politikk.

Vi har sett at det var ein risiko for at den lokale øvrigheita truga rettstryggleiken til folk, fordi underretten kunne vere prega av uorden. Det var lekmannen Mjelva som peika på feila, og sørga for at saka fekk ny behandling i underretten. Den ufaglærte bonden hadde altså ein viktig kontrollfunksjon som prokurator. Forsvaret frå Mjelva gjorde ikkje utslag i den endelege dommen i Stry-saka. Praksisen hans illustrerte likevel at ein lekmann kunne spele ei minst like god rolle i rettssystemet som ein embetsmann. Mjelva bidrog på den måten til endring i rettskulturen og den politiske kulturen.

Konklusjon

Artikkelen viser at sakførarpraksis i norske landdistrikt på 1800-talet var eit resultat av reelle behov for rettshjelp, heller enn statsmakta sine overordna lovreguleringar, slik Sunde tidlegare har vist. Aktiviteten til sjølvlærte bygdesakførarar utfordra dei etablerte rammene for maktutøving i landdistrikta, og bidrog til ei liberal endring i rettskulturen og den politiske kulturen.

Del I såg på rammene for aktiviteten til rettshjelparane, juristar så vel som ufaglærte. Både statsmakta og allmugen sitt syn på profesjonelle prokuratorar var prega av ein viss mistillit. Samstundes kravde det meir og meir avanserte rettssystemet eit mellomledd mellom dommar og rettssubjekt. Lovverket før og etter 1814 opna eit lite, men reelt handlingsrom for bønder som ville gi juridisk hjelp til sine sambygdingar. Dette la til rette for praksisen til dei Koht har kalla «sjølvlærde bygdesakførarar».

Del II av artikkelen viste eit døme på juridisk aktivitet i Romsdals Amt, av bonden Ole Halvorsson Mjelva. Han var inspirert av bondeagitatoren John Neergaard – eit anna døme på ein bonde som brukte tingstovene til å ta til motmæle om ujamne maktforhold i samfunnet. I tillegg vaks Mjelva opp blant lekmannskristne haugianarar, som hadde eit sterkt medvit om bondens rett til å ta del i styre og stell. Aktiviteten til Mjelva viser korleis ein bonde kunne ta i bruk underretten for å endre den politiske kulturen før 1850.

Empirien frå Stry-saka viser at det var muleg for ein bonde utan juridisk eksamen og bestalling å verke som profesjonell rettshjelpar. Den viser også at rettsstatsprinsippa ikkje alltid låg som eit overordna ideal for embetsmennene. Forsvaret til Mjelva førte ikkje nødvendigvis til styrka rettstryggleik i Stry-saka. Men praksisen hans bidrog til å styrke rettstyggleiken i det lange løp, fordi Mjelva pressa grensene for kva som var akseptert i rettskulturen og den politiske kulturen. Praksisen på bygdetinget prega folk sine oppfatningar av og forventningar til maktforhold i rett og politikk.

Denne gradvise endringa hadde potensiale til å påverke debattane på Stortinget, og på den måten dytte lovgivinga i ei meir liberal retning etter 1814. Då den nye sakførarlova blei debattert fram mot slutten av 1840-talet, hadde debattane markante innslag av ideen om at sakførarnæringa burde vere fri. Som nemnt i innleiinga, viser sitat frå stortingsforhandlingane i 1845 at representantane var klar over gapet mellom praksis på bygdene og dei gamle lovene. Aktiviteten til bygdesakførarane var eit argument for vedtaket av den langt meir liberale sakførarlova som blei sanksjonert i 1848. Endringane i kulturen førte altså til styrking av dei liberale rammene for den norske staten. Dette la premissene for utviklinga i siste halvdel av hundreåret, som gjekk i retning av eit sterkare folkestyre med auka grad av rettstryggleik.

Artikkelen er skriven som takk for at eg fekk masterstipendet frå Norsk Lokalhistorisk Institutt hausten 2017, då eg byrja å skrive mi masteroppgåve ved IAKH, UiO. Takk til Hilde Sandvik, Nils Ivar Agøy og Daniel Morken Farstad for innspel undervegs i arbeidet med artikkelen. Takk også til Knut Sprauten og Oddmund L. Hoel for stønad.

Kjelder og litteratur

Uprenta kjelder

Statsarkivet i Trondheim (SAT), Romsdal sorenskriveri, Skifteutlodningsprotokoll 4, 1840–1843, s. 326. SAT/A-4149/1/3/3A/L0018. https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000771131.

Statsarkivet i Trondheim (SAT), Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Settedommerprot. m/bilag i sak mellom prokurator Jordhøy og Ole Halvorsen Mjelva 1834–1839. SAT/A-0497/1/L/La/L0008/0002.

Prenta kjelder og litteratur

Brovold, I. (1991). John Neergaards Liv og Virken. Utgiven av Nils Tore Leivdal. Bud: Nota-trykk.

Bødtker, H. (1933). Den Norske sakførerforening 1908–1933. Oslo: Fabritius.

Den Constitutionelle. (1836–1838).

Den Norske Rigstidende. (1831–1841).

Dunker, C. B. (2005). Fra Thingstud til sakfører: prokuratorlovgivningens utvikling fra 1814 til 1848 (Hovudoppgåve). Universitetet i Oslo.

Dørum, K. (2017). Haugianerne i norsk politikk på 1800-tallet. I Knut Dørum & Helje Kringlebotn Sødal (red.), Hans Nielsen Hauge: Fra samfunnsfiende til ikon. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Døssland, A. (1990). Med lengt mot havet: 1671–1835. Oslo: Samlaget.

Farstad, E. M. (2019) Myndige bønder frå Romsdals amt: Ein nærstudie av seks stortingsrepresentantar og verknaden av haugerørsla (Masteroppgåve). Universitetet i Oslo.

Finne-Grønn, S. H. (1928). Norges prokuratorer, sakførere og advokater 1660–1905. Biografiske oplysninger. B. 2 D. 2: De embedsmæssig utnævnte advokater 1814–1860 og prokuratorer 1814–1848. Oslo: Den norske sakførerforening.

Gjerdåker, B. (2011). Statstenestemann og «Almuens Formand»: lensmannsombod og lensmenn i det nordafjelske Noreg ca. 1660–1870. Oslo: Tapir.

Haraldsen, S. (1992). See et skib med flag i top. Loser og losvesen på romsdalskysten 1800–1870 (Hovudoppgåve). Universitetet i Trondheim.

Hommerstad, M. (2013). ’Politisk kultur’ og politiske omveltninger i tidlig nytid. På Historieblogg.no. Publisert 16. mai 2013. Henta frå https://www.historieblogg.no/?p=928.

Hommerstad, M. (2014). Politiske bønder: bondestrategene og kampen om demokratiet. 1814–1837. Oslo: Scandinavian Academic Press.

Koht, H. (1906). Bondestrid – smaa segner og uppskrifter fra Nordmøre. Oslo: Aschehoug.

Langeland, N. R. (2005). Siste ord: Høyesterett i norsk historie 1814–1965. Oslo: Cappelen Damm.

Langnes, M. (2001). Meir om Halvor Ophuus. I Austigard, Skarstein, Strand (red.), Romsdal Sogelag Årsskrift 2001. Molde: EKH Trykk.

Leigh, E. (1956). Prokurator Jørgen Jordhøy. I J. Olafsen-Holm, Con Mowinckel & Nils Parelius (red.), Romsdal Sogelag Årsskrift 1956. Molde: EK Hansens Prenteverk.

Leivdal, N. T. (1990). Ola Olson Holen: 1802–1880: ein radikalar i Nesset. Batnfjordsøra.

Morgenbladet. (1834).

Myhre, J. E. (2011). Kunnskapsbærerne 1811–2011: akademikere mellom universitet og samfunn. Oslo: Unipub.

Norsk Retstidende. (1842). Vol. 7. Oslo: Den norske advokatforening.

Norsk Retstidende. (1844). Vol. 9. Oslo: Den norske advokatforening.

Norsk senter for forskningsdata. Data om det politiske system: Politikerarkiv 1814-1905. Biografier: John Gundersson Neergaard. https://nsd.no/polsys/index.cfm?urlname=storting&lan=&MenuItem=N1_1&ChildItem=&State=collapse&UttakNr=33&person=12138

Næss, H. E. (2008). De første prokuratorene. I Hans Eyvind Næss, Harald Rinde & Harald Espeli (red.), Våpendrager og veiviser: Advokatenes historie i Norge. Oslo: Universitetsforlaget.

Rinde, H. (2008). En næring vokser frem. I Hans Eyvind Næss, Harald Rinde & Harald Espeli (red.), Våpendrager og veiviser: Advokatenes historie i Norge. Oslo: Universitetsforlaget.

Rogne, M. (Ukjent årstal). Stry-saka i Haram, Sandøy og Aukra 1830–1843. 6 sider. Maskinskrive pamflett, Ålesund Bibliotek.

Sandvik, H. (2002). Kvinners rettslige handleevne på 1600- og 1700-tallet, med linjer fram til gifte kvinners myndighet i 1888. (Avhandling). Oslo: Det historisk-filosofiske fakultet, UiO.

Sandvik, H. (2010). Demokratisk teori og historisk praksis. Forutsetninger for folkestyre 1750–1850. Oslo: Scandinavian Academic Press/Spartacus forlag.

Sandvik, H. (2011). Om Grunnlovens §94 og rettsinformasjon. Henta frå grunnloven.lovdata.no. 17.02.2011.

Sandvik, H. (2018). Tre lærestykker om motstand. I Trine Rogg Korsvik, Idar Helle & Jardar Søvoll (red.), Kollektive bestrebelser: Ei bok til Knut Kjeldstadli på 70-årsdagen. Oslo: Novus Forlag.

Schou, J. H. (1795). Chronologisk Register over de Kongelige Forordninger og aabne Breve samt andre trykte Anordninger som fra aar 1670 af ere udkomne: tilligemed et nøiagtigt Udtog af de endnu gieldende, for saavidt samme i Almindelighed angaae Undersaatterne i Danmark og Norge: forsynet med et alphabetisk Register. 3: Som indeholder K. Christian VI Frr. fra 1730 til 1746. Breum.

Schou, J. H. (1849). Chronologisk Register over de Kongelige Forordninger og aabne Breve samt andre trykte Anordninger som fra aar 1670 af ere udkomne: tilligemed et nøiagtigt Udtog af de endnu gieldende, for saavidt samme i Almindelighed angaae Undersaatterne i Danmark og Norge: forsynet med et alphabetisk Register. D. 11: Som indeholder K. Christian VII Frr. fra 1793 til 1796. Breum.

Schweigaard, A. M. (1879). Den norske Proces. 1. Christiania: Det Mallingske Bogtrykkeri.

Seland, B. (red.). (2018). Opprør og opposisjon under enevelde og demokrati. Oslo: Cappelen Damm Akademisk/NOASP.

Sennefelt, K. (2001). Den politiska sjukan: Dalupproret 1743 och frihetstida politiska kultur. Hedemora: Gidlunds Förlag.

Sejersted, F. (1984). «Rettsstaten og den selvdesturerende makt: Noen refleksjoner og det 19. århundres embedsmannsstat». I Francis Sejersted (red.), Demokrati og rettsstat: politisk-historiske essays. Oslo: Universitetsforlaget.

Statsborgeren. (1832–1836).

Studentmatrikkelen. Museum for universitets- og vitenskapshistorie, Universitetet i Oslo. https://www.muv.uio.no/samlinger/studentmatrikkelen/index.html.

Sunde, J. Ø. (2019). Speculum legale – rettsspegelen: Ein introduksjon til den norske rettskulturen si historie i eit europeisk perspektiv. Bergen: Fagbokforlaget.

Sunde, J. Ø. (2009). ’Enhver Borger har ret til at fordre Sikkerhed af Staten’ – Ordninga med offentleg forsvarar mellom 1735 og 1775. I Jon Petter Rui (red.), Rettshjelp frå kyst til vidde – festskrift til jusshjelpa i Nord-Norge 20 år. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Thime, T. (1991). Fra bygdeting til herredsrett. I Hans Eyvind Næss (red.), For rett og rettferdighet i 400 år: Sorenskriverne i Norge 1591–1991. Oslo: Fabritius Forlag og Justisdepartementet.

Timme, F. (1842). Kongelige Forordninger, aabne Breve og andre trykte Anordninger for Norge: udkomne i Tidsrummet 1648–1814. 2: Inneholdende Aarene 1771–1814. Cappelen.

Timme, F. (1788). Kongelige Rescripter, Resolutioner og Collegialbreve for Danmark og Norge. 4:2. 1740–1746. Gyldendal.

Tvinnereim, J. (1992). Grotid i grenseland: 1835–1920. Oslo: Samlaget.

Utheim, J. (1899). John og Kari Utheim: deres liv og deres slegts historie. Horten: Kildahls trykkeri.

Aasen, J. A. (1989). Isfjordinger i arbeid og konflikt med prokurator Jordhøy i Fræna rundt 1850. I Bjørn Austigard & Nils Parelius (red.), Romsdal Sogelag Årsskrift 1989. Molde: EKH Trykk.

1Leivdal 1990: 25. Kjelda er Ola Hola den yngre, som fortel om sin bestefar Ola Holen (1802–1880) og hans vennskap med Neergaard. Vi veit ikkje om desse eksakte fornærmingane blei utveksla utanfor tingstua i Eidsvåg. Likevel illustrerer fortellinga dei steile frontane mellom nokre politiske bønder og embetsprokuratorar rundt om i Noreg.
2Det var omkring 1830 at Neergaard var mest aktiv som omreisande agitator. Han blei lensmann i 1836, og truleg gjorde dette at han måtte redusere den openlyse juridiske aktivismen for å kunne holde på stillinga som oppmann. Farstad 2019: 111ff.
3Dette var dersom prokuratoren hadde fått løyve etter 1810. Det kunne framleis verke prokuratorar på denne tida som hadde fått tittelen før kravet om kongeleg «bestalling».
4Neergaard arbeidde som ung vaksen for ein sakførar i Kristiansund, og sto oppført som «jurid.» ved stortingsvalet i 1826. Biografen Brovold skriv ingenting om juridisk eksamen, og Halvdan Koht kalla han ein «sjølvlærd bygdesakførar». Han er ikkje å finne i Studentmatrikkelen (Museum for universitets- og vitenskapshistorie) som viser alle som tok eksamen på latin ved Det Kongelige Frederiks Universitet 1813–1912. Sjå også Brovold 1991; Norsk Senter for Forskningsdata, «John Neergaard» i Politikerarkivet 1814–1905.
5Leivdal 1990: 25.
6I stortingsdebattane om sakførarar etter 1814, og i lovene før 1814, blei sakførarar i underretten og stiftsoverretten kalla prokuratorar, imens sakførarane i Høgsterett blei kalla advokatar. Etter frisleppet av næringa i 1848 blei «sakførar» det vanlege omgrepet å bruke. Sjå Stortingsforhandlinger, Od. Th., 02.05.1821: 461.
7 Stortingsforhandlinger, Od. Th. 02. 05. 1821: 452.
8Sejersted 1984: 17.
9Sejersted 1984: 17.
10Sandvik 2002 og 2010; Seland 2018.
11Sandvik 2011.
12Sunde 2019: 214.
13Sunde 2009.
14 Stortingsforhandlinger, Od. Th. 18.06.1845: 122.
15Koht 1906: 98.
16«Det dreier seg her dels om personer som, særlig på landet, hjalp allmuen med opprettelse av rettsdokumenter som klager, skjøter, testamenter og lignende. Mange av disse hadde juridiske studier bak seg, og prøvet seg også ofte på å gi bistand når folk ønsket å gå til rettssak.» Dunker 2005: 6.
17Sjå til dømes Rinde 2008: 66.
18Hommerstad 2014: XV.
19Sennefelt 2001: 18.
20Sunde 2019: 15.
21Hommerstad 2013.
22Thime 1991: 73.
23Sandvik 2002: 10.
24Sandvik 2002: 94.
25Sjå til dømes saka på bygdetinget i Borgund, 1816 i Sandvik 2018.
26Sandvik viser til dømes at kvinner hadde rettsleg handleevne som «lokal norm» på tinget, sjølv om lovene sa det motsette. Sandvik 2002: 260.
27Sandvik 2002: 11.
28Sunde 2019: 211; Næss 2008: 28.
29Sunde 2019: 228.
30Sunde 2019: 216.
31«Forordning om adskilligt, Justitiens og Rettens Betiente i Norge vedkommende», 19. 08. 1735. Sjå Schou 1795: 188–189.
32Dunker 2005: 18.
33Sandvik 2002: 120.
34Næss 2008: 39.
35Bødtker 1933: 200–203. Sjå til dømes Ludvig Holberg om prokuratorane i Barselstuen; Den 11te Junii; Mester Gert Westphaler. For Wergeland sin store disputt med prokurator Praëm på 1830-talet, sjå til dømes Statsborgeren 3. 8. 1834: 113ff.
36Næss 2008: 43; Sunde 2019: 213.
37Sunde 2019: 215.
38Sunde 2019: 216.
39Næss 2008: 51.
40«Cancellie-Placat» av 4. september 1810. Timme 1842: 521.
41Næss 2008: 50 ff.
42Dunker 2005: 28.
43Næss 2008: 43 ff.
44Næss 2008: 46.
45Myhre 2011: 46.
46Reskriptet av 1740 illustrerer til dømes dette.
47Sunde 2019: 215. Sjå også Dunker 2005: 41.
48«Det fanst døme på ein uheldig tilstand», skriv Sunde 2019: 213; Næss 2007: 42.
49«Forordning om adskilligt, Justitiens og Rettens Betiente i Norge vedkommende», 19. 08. 1735. Schou 1795: 189.
50Sunde 2009.
51«Forordning om adskilligt, Justitiens og Rettens Betiente i Norge vedkommende», 19. 08. 1735. Schou 1795: 190.
52Sunde 2019: 214.
53Sunde 2019: 214; det var i tillegg tvungen appell til neste instans i alle straffesaker på denne tida, som hadde ein sentral kontrollfunksjon.
54«Rescript, ang. at Ingen, efter hans Befaling, maa verge sig ved at være Delinqventens Forsvar», 9. 04. 1740. Timme 1788: 50.
55«Rescript, ang. at Ingen, efter hans Befaling, maa verge sig ved at være Delinqventens Forsvar», 9. 04. 1740. Timme 1788: 50.
56Schweigaard 1879: 151.
57Dunker 2005: 42.
58 Stortingsforhandlinger, 02.05.1821: 460.
59Myhre 2011: 43.
60Thime 1991: 73.
61Innstramminga var i hovudsak å fjerne høvet til å verke som prøveprokurator, som hadde blitt innført i 1796/97, sjå «Forordning om Rettens Vedbørlige og hurtige Pleie», 3. 06. 1796. Schou 1849: 325; Dunker 2005: 22.
62Rinde 2008: 77.
63 Stortingsforhandlinger, Od. Th. 09.07. 1827: 218.
64 Stortingsforhandlinger Od. Th. 20. august 1821 (Tillægshefte): 93.
65Rinde 2008: 77.
66Sjå til dømes lensmann Osmundsens forslag i Stortingsforhandlinger, Od.Th., 02.02.1815: 152; Sjå Ole G. Uelands innlegg for toalt frislepp i Stortingsforhandlinger, Od. Th. 19. juni 1845: 127.
67 Morgenbladet, 22.04.1834.
68Skielm = Slyngel, skurk.
69 Morgenbladet, 22.04.1834.
70Farstad 2019: 87; Hommerstad 2014: 17.
71 Den Constitutionelle, 12.08.1836.
72Neergaard og Mjelva sto begge nært haugianarrørsla. Neergaard skreiv eit forsvar for Mjelva då han av pressa og embetsmenn blei skulda for å la seg bestikke av kongen i 1836. Sjå Farstad 2019: 88.
73Farstad 2019: 88.
74Farstad 2019: 88; Koht 1906: 98.
75Sjå til dømes om haugerørsla og politisk deltaking i Dørum 2017.
76Foreldra delte garden med Daniel Arnesen, ein av dei mest markante lekpredikant på Vestlandet. Haugianarar kom frå fjern og nær for å ta del i miljøet. Hans Nielsen Hauge sjølv roste verksemda og hadde stor tillit til Halvor Ophuus (far til Ole) og Arnesen. Farstad 2019: 85.
77Farstad 2019: 77 ff.
78Finne-Grønn 1928: 221.
79Aasen 1989.
80Delphin var eit «sjøsvin», og Dass var «dritthuset». Sjå Aasen 1989: 152.
81Leigh 1956: 21.
82 Morgenbladet, 17.05.1834.
83Leigh 1956: 18. At kona hans på 1830-talet, Fortuna Berger, rømte til Christiania, er ikkje vanskeleg å forstå.
84Statsarkivet i Trondheim (SAT), Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Settedommerprotokoll m/bilag i sak mellom prokurator Jordhøy og Ole Halvorsen Mjelva 1834–1839.
85Sjå til dømes prisen på garden Utheim (488 spd) i Tingvoll. Utheim 1899: 71.
86Mjelva var vald stortingsrepresentant i 1835, og var valmann i 1838. Sjå Den Constitutionelle, 04.09.1838. Grunna Arkivverkets mangelfulle opningstid knytta til Covid-19, har eg ikkje hatt høve til å undersøke kjelder ved Statsarkivet i Trondheim. Derfor kan eg ikkje seie for sikkert om Mjelva var valmann frå Grytten i 1832.
87SAT, Romsdal sorenskriveri, Skifteutlodningsprotokoll 4, 1840–1843, s. 326.
88Rogne ukj.år.
89 Norsk Retstidende 1842: 492–495.
90Rogne ukj.år.
91 Norsk Retstidende 1842: 492–495.
92Langeland 2005: 66.
93Langeland 2005: 79.
94Døssland 1990: 439.
95Tvinnereim 1992: 92 ff.
96Tvinnereim 1992: 92 ff.
97Tvinnereim 1992: 92 ff.
98Rogne ukj.år.
99 Norsk Retstidende 1842: 494.
100Namnet hans er ikkje å finne i studentmatrikkelen frå Det kongelige Fredriks universitet 1813–1912, men dei såkalla preliminæristane er ikkje noterte ned her. Det er likevel ikkje sannsynleg at Mjelva tok juridisk eksamen på norsk, sidan han ved alle val blei notert som Gaardbruger; Dessutan brukte han aldri tittelen «jurist» når han ytra seg i offentlegheita.
101 Norsk Retstidende 1942: 493.
102 Norsk Retstidende 1942: 495.
103 Norsk Retstidende 1842: 494.
104 Norsk Retstidende 1942: 495.
105 Den Norske Rigstidende 14.05.1841.
106 Norsk Retstidende 1944: 11.
107For ei undersøking av skjebnen til dei 20 losane som blei dømde i saka, sjå Haraldsen 1992
108Langnes 2001: 75–77.
109Gjerdåker 2011: 96.
110Farstad 2019: 79.
111Schweigaard 1879: 136.
112 Den Norske Rigstidende, 28.06.1831.
113 Den Norske Rigstidende, 12.02.1832.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon