For å tilfredsstille forventningane til lokale lesarar har gjerne forfattarar av norske by- og bygdehistorier hatt eit svare strev med å dekke eit mylder av tema knytt til lokalsamfunnet. Ikkje sjeldan har dette gått på kostnad av sideblikket. Bygda eller byen vert eit rike for seg. I Forskingsrådets evaluering av det norske historiefaget var denne kritikken om manglande sideblikk, også ut over landegrensene, mynta på norsk historieforsking generelt, men i særleg sterk grad på den lokalhistoriske litteraturen. Denne kritikken er eitt av fleire viktige utgangspunkt i Ida Bull si bok.

Ein kunne tilføye at den tradisjonelle gards- og slektshistoriesjangeren, som i volum har utgjort største delen av den lokalhistoriske litteraturen, naturleg nok har konsentrert seg om slektsledda som var bufaste i bygda. Dei som forlet ho, vert i stor grad tapt av syne. Slikt styrkar også inntrykket av at det dreidde seg om svært tilstivna og lite mobile samfunn. Dette er samstundes i tråd med forfattaren og kulturhistorikaren Inge Krokann si kjende formulering frå 1942: «I det gamle bondesamfunnet var – så vidt vi skjønar – det store mål for mannen i uminnelege tider attende å kunne sitja i fred og ro som «sjølbergand´mann» på eigen grunn». Krokann talar elles om gufsen frå mellomalder med isolasjonstendens og autoritativ moralsk formyndarskap overfor miljø og menneske.1 Fleire historikarar, som til dømes Andreas Holmsen, var med på å underbygge dette biletet av lokalsamfunna i det førindustrielle Norge. På nasjonalt plan har det same inntrykket sete att i forlenginga av nasjonsbyggingsprosessen frå 1800-talet og frametter. Her var det viktig å framheve det særnorske. Den best bevarte norskheita meinte ein best kunne finnast i innlandet og i minst grad på kysten som var meir framandpåverka. I doktrinen på 1970-talet om å skrive lokalhistorie på lokalsamfunnets premissar, forsvann også i stor grad dei internasjonale utsiktspunkta. Like fullt har mange lokalhistorikarar vore opptekne av flytterørsler, men det har helst vore utflytting og i mindre grad innflytting. Særleg har utvandringa til Amerika vore i fokus. Alt dette er Ida Bull innom i forordet og det innleiande kapittelet.

Ida Bull plasserer rett nok ikkje eksplisitt boka si som eit innlegg i ein debatt kring dei ovanfornemnde synspunkta. Boka handlar likevel, som ho sjølv skriv både i forordet og kapittel 1, om lokalsamfunnet – ikkje i isolasjon, men derimot i kontakt eller samspel med omverda. I dette ligg det vel mest eit ønskje om å inspirere lokalhistorikarar til å framheve impulsar utanfrå og kontaktar med utanverda. Ida Bull ønskjer altså å påverke forfattarar til å ha opne auge for kva kontaktar og innverknad utanfrå kan ha hatt å seie. Ho plasserer sin eigen ståstad innanfor det ho i kapittel 1 kallar eit «transnasjonalt perspektiv». I framstillinga brukar ho jamt over generaliserande karakteristikkar når ho trekker fram faktorar frå utanverda som på ulikt vis kunne gjere seg gjeldande i norske lokalsamfunn. Det går rett nok fram at dette må ha vore i vekslande grad dei ulike lokalsamfunna imellom, og ho spekkar framstillinga med gode lokale døme, dei fleste frå Trøndelag som ho sjølv kjenner best.

Utgangspunktet til Ida Bull er elles prosjektet, «Lokalhistorie som grensekryssende historie» ved NTNU, som ho sjølv har stått i spissen for. Tilvisingane i teksten er i stor grad til artiklar og innlegg medarbeidarane i dette prosjektet har stått for, men elles er ein relativt omfattande både eldre og nyare litteratur frå ymse deler av landet teken i bruk. Kanskje kunne dei etter kvart mange regionhistoriene vore trekt meir inn for å få jamnare fordeling landsdelane imellom.

Boka er veldisponert. I kap. 1 skriv Ida Bull at ho vil «prøve å systematisere de grenseoverskridende aspektene ved lokalsamfunnets forbindelser», og det er nettopp dette ho gjer. Etter eit par meir teoretisk prega innleiande kapittel ordnar ho det mangfaldige stoffet ved å starte med kontaktar og varebyte innanfor «den nærmeste verden», det vil seie innanfor landegrensene. Dernest kjem kontaktar over Nordsjøen, først og fremst skapt gjennom handel. Til slutt dreg ho inn eit globalt nivå gjennom den gryande verdshandelen som utvikla seg som følgje av handelsrevolusjonen frå 1600-talet. Innanfor dette dekker framstillinga direkte kontakt gjennom sesongflyttingar eller permanent flytting som i størst grad skjedde innanfor landegrensene, men også ut over desse. Naturleg nok er forfattaren meir oppteken av innvandringssida ved migrasjon enn utvandring. I tillegg handlar det i minst like stor grad om indirekte kontakt og påverking som resultat av varebytte og, etter kvart som lesekunna vart meir allmenn, jamvel gjennom litteratur. Den indirekte påverkinga kan såleis ha fått både økonomiske og sosiale følgjer og kulturell innverknad. Religiøs innverknad, som godt kunne ha vore eit tema, er Ida Bull lite inne på.

Når det gjeld flytting og kontaktar over landegrensene på ulike premissar, trekker Bull i kapittel 9, rangert etter sosial status, fram alt frå «karrieremigranten» på embetsmannsnivå og toppsjiktet av borgarskapet via spesialistar som funksjonærar og arbeidarar ved bergverka og ned til omstreifarar. Dette er rett nok for ein stor del grupperingar som også er behandla ymse stader gjennom eksempel i tidlegare kapittel.

Eit interessant poeng kunne også vore at i samtida var gjerne embetsmennene, som sjølve i høg grad kunne spele på nettverk og påverking utanfor eigne landegrenser, lite begeistra for framand påverking og kontakt som allmugen dyrka. Amtmann Peder Holm i Lister og Mandals amt såg i 1773 rett nok fordelar i at kystfolket i embetsdistriktet hans gjennom kontaktar med utanverda både var reinslege, hadde bra kosthald og gode klede og hus. Men samstundes låg dei under for «pyntesyke». Dei var dessutan påverka av framand og «slet» tenkemåte og «bagvendte Sæder». Av og til kunne det jamvel dukke opp ei republikansk ånd!2

Framstillinga til Bull er ryddig også i den forstand at kvart kapittel mot slutten er utstyrt med oppsummering av viktige hovdupunkt. I det avsluttande kapittel 10 fokuserer Bull meir bevisst på lokalsamfunnet reint generelt, men dette er samstundes ei god oppsummering av heile boka. Når det vert skissert såpass mange former for mulege kontaktar og innverking generert ned til det enkelte lokalsamfunnet, sit lesaren unekteleg att med eit heilt anna bilete enn det sjølvtilstrekkelege og statiske preget som Krokann, Holmsen og altså den tradisjonelle lokalhistoria synest å ha presentert, utan at Bull direkte polemiserer mot dette.

Går vi Ida Bulls framstilling litt nærare etter i saumane, trekker ho, som sagt, likevel fram moment og konkrete døme som tilseier at det må ha vore vesentlege skilnader lokalsamfunn imellom når det gjeld kontakt med utanverda. Næringsstrukturen utanom sjølve modernæringa, jordbruket, var ulik regionar og landsdelar imellom; såleis kjenner vi omgrep som «Fiskeri-Norge», «Trelast-Norge» og «Bergverks-Norge. I tillegg kan ytre delar av Agder gjerne kallast «Sjøfarts-Norge». Byane, som i så stor grad var eksport- og importhamner, vert ein kategori for seg sjølv.

Det var opplagt svært ulik grad av kontakt med utanverda i bysamfunna kontra bygdesamfunna, men også i innland kontra kyst. Det trengst sjølvsagt nærare analyse for å seie meir eksakt kor viktige dei marknadsretta næringane eigentleg var i høve til sjølvbergingsinnslaget? Ein annan type diskusjon er kor vidt folkevekst kom som følgje av nye næringar, eller om det var omvendt. Grad av samfunnpåverking elles er jo også ei stor utfordring å måle.

Det er i alle fall klart at innslag og omfang av kontaktar utetter generelt var klart mest omfattande og mangesidig langs kysten, der også dei fleste byane låg. Den lange kystlina og kvar folk flest budde, tilseier at god direkte og indirekte kontakt med utanverda nok burde vore meir framtredande enn det tradisjonsbundne og isolerte dersom ein vil seie noko om kva som var «typisk norsk». Ida Bull er absolutt inne på slike skilnader, men eg kunne nok ønske at ho gjorde desse skilnadene tydelegare og gjorde meir ut av dei. I det heile kunne boka blitt ekstra spenstig med eit noko meir drøftande fokus innanfor det stort sett beskrivande og konstaterande.

Det er få faktafeil å finne i boka; Ida Bull er ein svært kunnskapsrik og påliteleg historikar. Det vert likevel ikkje heilt treffande (s. 97) på generaliserande vis å seie at dei norske byane fekk eksportvarene sine frå det næraste omlandet, når det i alle fall i liten grad var tilfelle for den største av dei, Bergen. Det er heller ikkje heilt rett å seie at norsk klippfisk i hovudsak gjekk via Bergen (s. 170). Ida Bull er elles ein god formidlar med klar og nøktern språkføring. Boka er såleis veleigna til å nå breie lesargrupper. Eit overkomeleg omfang (ca. 190 sider), hendig format og edrueleg innslag av gode illustrasjonar bidreg opplagt til det samme.