Audun Dybdahl hadde i Heimen nr. 3 2020 eit svar til artikkelen min i Heimen nr. 4 2019 om eigarforholda i trøndersk sagbruksnæring 1610–63.

Dybdahl skriv at artikkelen min er ein slags opposisjon til to dr. philos.-avhandlingar, av Jørn Sandnes og han sjølv, frå hhv. 1971 og 1980. Desse to avhandlingane hadde ikkje som overordna mål å analysere sagbruksdrifta i Trøndelag. Dei korte analysane av tidleg sagbruksdrift utgjorde berre ein liten del av dei, og datagrunnlaget var nettopp derfor spinkelt: ei oppteljing av sager på seks tidspunkt, med rundt ti års intervall, og ein gjennomgang av kven som var sageigarar på desse tidspunkta. Sjølv om analysane måtte bli svært begrensa, er det desse to arbeida som til no har definert historia om tidleg sagbruksnæring i Trøndelag.

Grunnlaget for min artikkel var ein fullstendig gjennomgang av alle listene over sagavgift og sagskatt i perioden 1610–63. Dette gir eit heilt nytt grunnlag for analysar og konklusjonar om sagbruksdrift enn det som låg til grunn for desse 40–50 år gamle arbeida.

Datagrunnlaget for analysen til Dybdahl var denne tabellen:

Tabell 1.

Sager i Trøndelag 1610–1655 

161016201630163816471655
Sager i Trøndelag294573907792

Ei grafisk framstilling er den beste måten å vise forskjellen mellom dette datagrunnlaget over talet på sager og mitt datagrunnlag:

Illustrasjon 1.

Talet på sager i Trøndelag.

Datasettet til Dybdahl gir inntrykk av ein jamn vekst i talet på sager mellom 1620 og 1630. Vi ser at dette er sterkt misvisande. Han går glipp av den spesielle utviklinga i den første perioden, med ein sterk vekst til 1625 og ein kraftig reduksjon fram mot 1630.

Dybdahl hadde ingen informasjon om produksjonsomfanget i perioden. Dette utvikla seg slik:

Illustrasjon 2.

Produksjon av tylfter sagbord i Trøndelag 1610–1643 

Dersom vi samanliknar produksjonskurva med kurva over talet på sager, så ser vi at det er umuleg å gi ei sannferdig framstilling av utviklinga for sagbruksdrifta i Trøndelag på grunnlag av ei oppteljing av sager.

Datagrunnlaget som Dybdahl brukte, gir grunnlag for nokre få og enkle konklusjonar:

  • Det kan seie noko om endringar i talet på sager for seks utvalde år, men ikkje kva som skjedde mellom desse åra.

  • Det kan seie noko om kor mange bondesager det var, kor mange sager som var eigde av geistlege, og kor mange som var eigde av borgarar og verdslege embetsmenn for akkurat desse åra – men ikkje korleis dette utvikla seg mellom desse åra.

Likevel drog han konklusjonar som det er vanskeleg å sjå at det kan vere dekning for i dette datagrunnlaget:

  • Bøndene vart trengt ut av næringa. (Sandnes brukte uttrykket «pressa ut».)

  • Otte Lorch var den mest framgangsrike sageigaren i tida fram til 1630. Grunnlaget var at han hadde flest sager, men det var likevel tretten andre som hadde større produksjon.

Kva Dybdahl legg i begrepet «trengt ut», er ikkje godt å seie. Etter mitt syn er den einaste rimelege tolkinga at det er andre aktørar som aktivt trenger bøndene ut. Eit slikt syn er det dekning for i for eksempel Telemark, men ein finn ikkje spor av det i Trøndelag. Årsaka er jo enkel og grei: Det var så få bondesager i Trøndelag at problemstillinga var uaktuell. Kva han eigentleg har meint å seie, forklarer han heller ikkje i svaret til meg, men uttrykker at eg har tillagt han og Sandnes meiningar dei ikkje har hatt.

Datagrunnlaget mitt gir gode forklaringar på kva som skjedde. Hovudårsakene til nedgangen i talet på sager og produksjon fram mot 1630 var høgare skattepress og internasjonale konjunkturar. Dette ramma alle eigargruppene, men gjekk hardast ut over dei få bondesagene. Dybdahl sin konklusjon set fokus berre på bondesagene.

Dybdahl skriv, heilt korrekt, at «Sandnes ønsket å fastslå hvilken rolle sagbruksdrift spilte for økonomi og bosettingsutvikling i distriktene». Sandnes konkluderte slik, blant anna på grunnlag av talet på sager og at det var så få lokale sageigarar: «Ut fra dette må en anta at sagbruksdrifta i denne eldste tida heller ikke spilte noen rolle for busetningsutviklingen i bygdene.»

Alle framstillingar av sagbruksdrifta i Telemark seier at her betydde sagbruket mykje for økonomi og busettingsutvikling. Det er altså den motsette konklusjonen av det Sandnes hadde for Trøndelag. Kva finn ein så dersom ein samanliknar skattelistene for Telemark og Trøndelag på denne tida?1

For talet på sager får vi denne tabellen for åra 1623–25:

Tabell 2.

Talet på sager 1623–1625

162316241625
Telemark1139984
Sør-Trøndelag727481
Orkdal fogderi i Sør Trøndelag121616

Talet på sager skulle tilseie at Telemark var eit viktigare sagbruksområde enn Trøndelag, men forskjellen er ikkje så stor at det skulle gi nokon forskjell av betydning for lokalsamfunnet. Men kva skjer om vi samanliknar produksjonen i tylfter sagbord?

Tabell 3.

Produksjon av tylfter sagbord 1623–1625

162316241625
Telemark4 8353 3932 498
Sør-Trøndelag11 81512 47012 683
Orkdal fogderi i Sør Trøndelag2 5503 0443 066

Vi ser at Sør-Trøndelag langt overgår Telemark i produksjon, og sjølv vesle Orkdal fogderi er på høgde med Telemark. Sandnes konkluderte bl.a. ut frå ei oppteljing av sager. Men produksjonsvolumet tilseier at sagbruksdrifta i Trøndelag på denne tida må ha hatt stor betydning for lokalsamfunnet. Dette samsvarer også med busettingsutviklinga i Orkdal, der det var ein sterk vekst i talet på skattlagte gardar fram mot 1630.2 Etter 1630 vart det ein nedgang, og talet på skattlagte gardar kom ikkje opp på det same nivået før langt ut på 1700-talet.

Også når det gjeld makeskifte, er Dybdahl sterkt kritisk til det eg skriv. Eg skreiv for eksempel at det ikkje var knytt sagbruksinteresser til garden Gjølme i Orkdal ved makeskiftet i 1624. Argumentet til Dybdahl er eit sitat frå Orkdalsboka som A. Skrondal skreiv i 1958: «Dette i motsetning til Skrondal som skriver at Schøllerfolket på Gjølme ‘veitte Skjenaldelva inn på eigedommen gjennom Sagveita dei kalla, og fekk fall ned mot fjæra. Herifrå var vegen ikkje lang til lasteplassen på Rove’.»

Gjennom mitt lokalhistoriske arbeid har eg brukt bøkene til Skrondal mykje, men har erfart at det er altfor mange feil der til at bøkene kan refererast ukritisk. Slik er det også med dette sitatet; Skrondal tek feil her. Eg skal derfor ta ein kort gjennomgang av situasjonen for Gjølme.

Garden Gjølme var eigd av Schøller-familien frå 1624 til 1761, i 137 år. Men dei hadde ikkje sag på Gjølme i den perioden på 53 år som eg skreiv om. Her tar Skrondal feil. Det var likevel ei sag i Skjenaldelva på denne tida, der garden Gjølme låg på austsida og gardane Skjenald og Dyndal på vestsida. I grunnleigelistene vart denne saga kalla Skjenald sag og i skattelistene Dyndal sag. Denne saga vart bygd av Otte Lorch i 1635, 11 år etter at Schøller-familien overtok Gjølme, og var eigd av han fram til 1662. I 1663 hadde trondheimsborgaren Sigfred Eriksen overtatt saga. Det var eitt unntak tidlegare; i 1660 betalte Christoffer Caspersen Schøller grunnleige for saga.

I 1656 vart alle sager i Orkdal fogderi og dei fleste på Hølonda nedlagt til fordel for det nystarta Løkken koparverk. Sirkumferenskartet for Løkken koparverk har ein radius på tre gamle mil og strekker seg frå Løkken til Gaulosen, Snillfjord og Hemnefjorden. Men det var ein sirkumferens på to gamle mil som vart handheva. Dette medførte at fem sager sør for Laugen i Skaun i Strinda fogderi i 1662 vart dømt til å ligge under Løkken koparverk. Som det står i skattelistene: «Disse sager er forleden aar aff sorenschriffueren och laugrett dømbt under Løchens kobberwerchs circumferens.» Dette medførte at saga i Skjenaldelva i Orkdal vart nedlagt, mens nabosaga på Rove i Geitastrand låg utanfor sirkumferensen på to mil og fekk fortsette. Det same gjaldt Skjetne sag i Børsa, Siim sag og Hove sag i Skaun og dei to Vigdal-sagene i Buvika, som alle kom akkurat utafor sirkumferensen på to mil.

Dyndal/Skjenald sag vart som sagt nedlagt i 1656. Det betydde ikkje nødvendigvis at saga var heilt ute av drift. Saga kunne ikkje produsere for sal, men til «husførnødenhet». Det kan være grunnen til at Christoffer Caspersen betalte grunnleiga i 1660, men utan skattlagt produksjon. I 1662 produserte likevel Otte Lorch 400 tylfter på denne saga.

Schjøller-familien hadde altså ikkje sag på Gjølme i perioden før 1664. Dersom det Skrondal skriv i Orkdalsboka, er korrekt, så må det stamme frå perioden 1664–1761. Når det ikkje var sagbruksinteresser knytt til Gjølme, så fell også noko av botnen bort av kritikken hans av mitt syn på dei fem tidlege makeskifta.

For dei andre makeskifta er eg mykje meir nyansert enn det Dybdahl synest å meine. For å ta den største sageigaren og største private jordeigaren på denne tida, Casper Christoffersen Schøller: I arbeidet mitt har eg geografisk kartfesta alle sagene i Trøndelag, og for Casper Schøller har eg i detalj gjennomgått endringar i eigedomsmassen i perioden. Sagplassering og plassering av eigendommar som inngår i i eiendomstransaksjonane er så sett i samanheng. På grunnlag av dette har eg konkludert med at det i Gauldal og Snillfjord sannsynlegvis var sagbruksinteresser involvert i eigedomskjøpa. Men for andre område er det ikkje så opplagt. I fogderia Stjørdal, Strinda og Orkdal skaffa Casper seg 82 nye eigedommar mellom 1647 og 1661, derav 37 som må ha kravd avtale med kongen. I desse fogderia er det ikkje muleg å sjå nokon samanheng mellom eigedomskjøpa og sagbruksdrift.

Dette formulerte eg slik i artikkelen: «Casper var både ein stor jordeigar og ein stor aktør i sagbruksnæringa, og sjølvsagt hadde han evne til å sjå desse to næringane i samanheng. Dette ser ein i Gauldal og Fosen. Ingen av dei andre makeskifta som Audun Dybdahl omtaler, kan knytast til sagbruksdrift på annan måte enn at eigarane også dreiv sagbruk, men utan at makeskifta gjeld eigedommar i tilknyting til dei aktuelle sagene.» Her kunne eg sjølsagt ha vore meir detaljert, slik at det går klarare fram at eg bygger på ny og detaljert informasjon. Dybdahl har derimot ikkje noko nytt å bidra med, han gjentar bare sin gamle konklusjon: «Casper Christoffersens makeskifte med kronen fra 1647 preges også av sagbruksinteresser.»

Eg har i dette svaret vist at det er eit omfattande og nytt datagrunnlag som ligg til grunn for artikkelen min. Dette gir eit godt grunnlag for å opponere mot 40–50 år gamle doktoravhandlingar som bygde omtalen sin av sagbruksdrifta på eit svært spinkelt datagrunnlag.

Når det er sagt, vil eg legge til at eg i mitt lokalhistoriske arbeid har hatt stor nytte og glede av dei same to doktoravhandlingane.

Litteratur

Dybdahl, A. (1989). Jordeiendomsforhold og godseiere i Trøndelag. Fra Aslak Bolt til Landkommisjonen. Steinkjer: Steinkjer museum.

Dybdahl, A. & Bull. I. (2005).Trøndelags historie, bind 2. Trondheim: Tapir akademisk forlag.

Dybdahl, A. (2020). Eierforhold i trøndersk sagbruksnæring 1610–1660. Heimen 2020 nr. 3, 244–247.

Forfang, F. (2010). Sagbrukstidas første periode i Orkdal og Meldal 1600–1661. Heimen 2010 nr.4, 381–398.

Forfang, F. (2019). Eigarforhold i trøndersk sagbruksnæring 1610-1663. Heimen 2019 nr. 4, 296–311.

Sandnes, J. (1971). Ødetid og gjenreisning. Oslo: Universitetsforlaget.

Skrondal. A. (1958) Orkdalsboka I. Orkanger: Orkanger, Orkdal og Orkland kommunar.