Boka En kort introduksjon til korstogene er eit kjærkome tilskot til den norske bokheimen. Dette skuldast fyrst og fremst at boka er velskriven og informativ, og den klarar å gje ei oversikt over eit svært komplekst historisk tema på ein lettfatteleg måte. Trass at forfattaren tek føre seg ein periode som strekkjer seg over fleire hundre år, kan lesaren likevel navigere seg gjennom materialet på ein rimeleg god måte (sjølv om der er enkelte strukturelle val som eg skal kome attende til). I tillegg fyller boka eit betydeleg hol i det tilgjengelege norskspråklege akademiske materialet, då den ikkje berre gjer norske lesarar kjende med den fulle geografiske breidda i krosstogsfenomenet, men òg fordi Svenungsen gjev ei solid framstilling av dei skandinaviske rika si rolle gjennom hundreåra. Ein tredje grunn til at boka er så kjærkoma er dessutan at den er relevant for våre eigne dagar, ettersom krosstogstematikk og -symbolbruk er noko som er veldig populært blant militante grupper på høgresida. Svenungsen inkluderer også ein diskusjon omkring dette aspektet ved krosstoga si historie, og det vert derfor lett å forstå kva rolle vår eiga oppfatning av historia spelar i måten vi brukar, eller som i dette tilfellet, misbrukar ho på.

Som ein av våre aller fremste ekspertar på krosstogshistorie er Svenungsen godt oppdatert om forskingsfronten, og også godt kjend med fagfeltet si eiga historie og dei ulike teoriane og tilnærmingane som har dominert forskinga opp gjennom tiåra. At han klarar å formidle dette på eit forståeleg og samanfatta vis, er nok eit positivt trekk ved boka, og det er eitt av dei aspekta som gjer at både akademikarar og ikkje-akademikarar kjem til å ha god nytte av den i lang tid framover. I tillegg har forfattaren god kjennskap til kjeldematerialet, og klarar på ypparleg vis å trekkje inn primærkjelder og sitere relevante passasjar for å tydeleggjere sine poeng og gjere framstillinga meir levande for lesaren. Trass det store kronologiske spennet i boka, vert det likevel høve til fleire djupdykk takka vere denne kjeldenærleiken.

En kort introduksjon til korstogene er inndelt i ein introduksjon og fem kapittel, som til saman gjev lesaren ei grundig innføring i både dei praktiske og dei ideologiske sidene ved krosstoga opp gjennom mellomalderen, og også i dag. Introduksjonskapittelet opnar med ein kort presentasjon av sjølve startpunktet for krosstogsrørsla, og gjev lesaren ei oversikt over kva slags typar kjeldemateriale som vert nytta i den krosstogsrelaterte forskinga. For ikkje-ekspertar er dette eit flott startpunkt for å forstå kor mangefasettert mellomalderhistorie er, samt for å skjøne at ein bør stille seg tvilande til altfor enkle framstillingar av det som hende i samanheng med krosstoga. Dette er særleg viktig kva gjeld nettopp temaet krosstog, ettersom dette ofte vert nytta i simplifiserte historiske narrativ der nyansane forsvinn til fordel for bilete i svart og kvitt.

Fyrste kapittel forklarar kva krosstoga var for noko, i kva kontekst dei vaks fram, og korleis, og i kva grad, ein kan kjenne att eit krosstog frå andre, liknande hendingar i mellomalderen. Til dømes: Korleis skil ein eit krosstog frå ein annan type militær kampanje? Kapittelet gjev også ei oversikt over kva som motiverte ulike deltakarar til å gje seg ut på krosstog, og Svenungsen er særleg her forbiletleg i måten han tydeleggjer for lesaren på at også mellomaldermenneska var komplekse individ med fleire nyansar, nett som vi sjølve er det i dag. I tillegg til desse grunnleggjande elementa for å forstå krosstoga som fenomen, inneheld også kapittelet ein kort presentasjon av kva ein meiner når ein refererer til krosstoga etter nummer. Ettersom nummereringa er noko av det kanskje mest utfordrande å få oversikt over for ein ikkje-ekspert på feltet, er dette også ein flott detalj å ha med.

Kapittel to gjev ei oversikt over krosstoga si historie. Styrken i dette kapittelet er i hovudsak at forfattaren tek føre seg aspekt ved alle konfliktar og hendingar som vert omtala som krosstog, både i hovudområda slik som Palestina, i Baltikum og på den iberiske halvøya, men også i område som er mindre kjende for utanforståande, slik som Sør-Frankrike, Italia og Balkan. Dette vert tydeleggjort av gode og oversiktlege kart.

Trass dei mange sterke sidene ved dette kapittelet er det også her vi finn eit par av boka sine meir utfordrande aspekt. For kapittel to handlar dette fyrst og fremst om at forsøket på å finne balansen mellom ei tematisk og ei kronologisk framstilling kompliserer strukturen. Frå side 41 til og med 69 får lesaren ei god oversikt over den historiske utviklinga til krosstoga til Midtausten, og her syner Svenungsen sine solide evner til å komprimere komplekse hendingar utan eigentleg å forenkle, eit trekk som er sjeldan vare. Men frå side 69 til og med 98 vert framstillinga meir oppstykka, då forfattaren her tek føre seg krosstog i andre område, som Iberia, Baltikum, Italia, samt jødeforfølginga som ofte kom til uttrykk i samband med krosstoga. Sjølv om desse enkelte delane òg vert behandla kronologisk og presenterte på ein velskriven og forståeleg måte, er det ikkje til å unngå at det vert ein del hopp att og fram i tida, noko som gjer at lesaren stundom kan etterlyse omtale av eitt element tidleg i kapittelet, men finn den etterlengta omtalen i ein seinare bolk.

Strukturen i kapittelet tydeleggjer også eit anna problem med boka, men eit problem som truleg skuldast forlaget heller enn forfattaren. Dette problemet er at dei ulike bolkane i kapitla er introduserte med overskrifter i same skriftstorleik. Det er derfor uråd å sjå ut frå sjølve strukturen kva for nokre bolkar som er underordna dei ulike tematikkane, og det er noko som fyrst vert tilstrekkeleg tydeleg etter at kapittelet er lese. Heldigvis er dette problemet minimert av Svenungsen sine formidlingsevner og hans talent som skrivar.

Kapittel tre tek føre seg kven som drog på krosstog. Det er særleg i dette kapittelet at Svenungsen sitt blikk for nyansar kjem til sin fulle rett, då han tek føre seg den fulle breidda av folk frå ymse samfunnslag som ein kunne finne på dei ulike krosstoga. Her vert lesaren medviten om dei betydelege menneskemengdene som var involverte i krosstoga.

I fjerde kapittel får vi ein gjennomgang av dei praktiske elementa knytt til krosstogsfenomenet. Korleis forkynte og oppmana kyrkja til krosstog? Korleis vart krosstoga finansierte? Kor gjekk reiserutene? Korleis fekk ein nok proviant, og kva hende når ein ikkje fekk det? Slike spørsmål var grunnleggjande for krossfararane i mellomalderen, og kanskje noko av det ein tenkjer minst på i våre moderne førestillingar om kva krosstog var. Det er derfor sannsynlegvis i dette kapittelet at dei fleste lesarane får sine største aha-opplevingar.

Det femte og siste kapittelet tek føre seg korleis krosstoga har blitt oppfatta i seinare hundreår, og kva slags forteljingar som har blitt nytta for å formidle krosstoga og for å forsøke å forstå dei som historiske fenomen. Svenungsen peikar her til dømes på korleis krosstoga har blitt ein del av ein destruktiv politisk diskurs, og også korleis høgreekstremistar ser på seg sjølve som våre dagars krossfararar. Dette er eit særleg viktig kapittel, då det minner oss på at historiemisbruk er ein grunnleggjande del av det moderne trusselbiletet, og at krosstoga har ein sentral plass i denne misbruken.

En kort introduksjon til korstogene er, summa summarum, ei ypparleg bok som kan både nytast og nyttast av ein brei lesarskare, frå skuleborn til pensjonistar. Ettersom den både er høveleg detaljert samt lettlesen og oversiktleg, er dette ei bok norske lesarar har bruk for, og som den norske bokheimen treng.