Frå middelalderen og fram til førre hundreår fanst det hundrevis av jekter frå Finnmark i nord til Hordaland i sør. Desse store opne fraktefartøya med råsegl bar med seg varer og impulsar mellom by og bygd, kyst og fjord. Trass for si betydning for landbruk, fiske, handel og kommunikasjon har jekta fått tildelt ei birolle i framstillinga av historia om Noreg – om den er nemnt i det heile. I boka «Jekta. Eventyrets farkost» spelar den hovudrolla. Dette er på høg tid, ettersom jektene har vore eit sentralt bindeledd mellom folk i over 400 år.

«Jekta. Eventyrets farkost» kom ut i oktober 2019, same år som Jektefartmuseet opna i Bodø. «Den dagen Nordlandsmuseet vedtok å bygge museum over [jekta] Anna Karoline, bestemte jeg meg for å skrive denne boka», skriv forfattaren i forordet. Bjørn Tore Pedersen er journalist frå jektebygda Petvik i Vestvågøy i Lofoten. Han har skrive fleire bøker, mellom anna om profilerte nordlandskunstnarar, lofotfisket og Hurtigruten.

Boka både startar og sluttar med Anna Karoline, jekta som vart bygd nord i Trøndelag i 1879, og som har fått Jektefartmuseet reist kring seg i Bodø. I fyrste kapittel greier Pedersen ut om historia til Anna Karoline. Vi følgjer ho frå tradisjonell jektefart til ho vert modernisert med motor og dekk, vidare som lekter og til slutt som kulturminne. Forfattaren har valt å dekke mange tema, og i dei påfølgande elleve kapitla nyttar han eit stort tal jekter som eksempel på bygging og bruk, handel og krig, død og gjenoppstandelse.

Kvart kapittel vert innleia av eit kort utdrag frå ein skjønnlitterær tekst, eit grep som viser at jektene har vore i medvita til kjende forfattarar. Dei er det også i kunsten, noko dei flotte illustrasjonane i boka vitnar om. Her er det gjort ein framifrå jobb med å finne relevant kunst, både eldre og ny, samt dokumentasjonsbilde og teikningar.

I tillegg til historia til Anna Karoline, får vi i fyrste kapittel skildra korleis ein bygde jekt utan arbeidsteikningar, der berre storleiken på jekta var spesifisert. Forfattaren tek også for seg val av materiale, tilverkinga av dette og ulike byggemetodar.

Jekta sitt opphav er framleis ei gåte. Jektene varierte i storleik og form, avhengig av kor den vart bygd. Men den har også sine karakteristika. Kapittelet «Jekta» tek føre seg kor særeigenheitene som den høge framstamnen, den tverre akterspegelen, at fartøyet var utan dekk og rigga med råsegl, kan ha kome frå. Som fleire har gjort før, trekk Pedersen linjene attende til vikingskipa, spesielt knarren, som var vikingane sitt lasteskip. Han viser også til eit anna alderdommeleg fraktefartøy, byrdingen, og teorien til professor emeritus Arne Emil Christensen, om at ein norsk skipsbyggar på bytur har sett ei skute med akterspegel ein gong i seinmellomalderen. Frisiske kjøpmenn skifta ut sideror med ror på akterstamnen kring år 1200, og då skandinavar tok i bruk dette rorsystemet, vart fleire fartøy bygde med rett akterstamn.

Forskjellen på jekt og jakt er ein diskusjon som stadig går føre seg i den «engere krets». Ein kjem ikkje utanom den i eit bokverk som dette, då nemningane skapar forvirring. Pedersen viser både til historiske kjelder, ulike nemningar og teoriar om dette. I tillegg til jakta, vert galeasen, tendringen og jektegaleasen omtala.

Ein kort historikk om tørrfiskhandelen kjem også i dette kapittelet. Forfattaren nemner svartedauden og hanseatane sitt monopol på eksportmarknaden, men lite om konsekvensane. Dette er element i norsk historie som står meir om mange andre plassar, men det hadde vore interessant å sjå det tettare knytt opp mot jektefarten.

Mannskapet sine roller og plassering på jekta, og moderniseringa av jektene som gjekk føre seg i andre halvdel av 1800-talet, vert i dette kapittelet dekka på ein grundig måte. Pedersen kjem inn på både forandring i form som kravellhud og fast dekk, i nemningar som lugar og kahytt, og type folk som dreiv jektefart grunna konkurranse og låge fraktsatsar.

«Nordfarerne» var namnet på dei som segla med jekter frå Nord-Noreg til Bergen med tørrfisk, tran og rogn. I kapittelet med dette namnet vert vi kjende med Nordfarstemnet, kjøpsstemnet som fann stad i Bergen vår og haust. Pedersen gjev ei fyldig skildring av bryggemiljøet, handelsvarene og persongalleriet som var involvert. Her er også ein av få plassar i boka det vert presisert at det også kom jekter frå Nordmøre, Sunnmøre, Sunnfjord, Sogn og Hardanger til Bergen. Men i oversiktene over tilhaldsstaden til jekteskipperane er berre tal frå Nordland og Troms attgjeve. Vidare blir konfliktane med bergenske kjøpmenn som stramma inn kreditten og reduserte prisane på varene, vigd stor plass. Det vert også organiseringa av jektefarten i Nord Noreg, og Pedersen handsamar bygdefar og jekteartiklane på ein interessant og lærerik måte. Avhengigheita av Bergen vert konkretisert med historiske eksempel som gjev inntrykk.

Kapittelet «Der jekta ble til» tek føre seg stader der det vart bygd jekter. Her er forholdsvis fyldige omtaler av bygder som Beiarn og Rana i Nordland. Forfattaren skriv om vurdering av material, bygging, arbeidslag og arbeidsdag. Her blir det også fortalt om den største jekta som nokon tid er bygd, «Bue Digre». I dette kapittelet kjem Pedersen inn på jekter andre stader i Noreg, både frå Trøndelag og Vestlandet. Det er imidlertid lite informasjon, og det verkar noko tilfeldig kva som er plukka fram. I nokre område er det jektenamn, andre eigarforhold, bruk, kven som bygde eller i kva tradisjon. I nokre fogderi har ein tal på kor mange jekter her var visse år, men heller ikkje dette er gjennomført frå kvart område. I kapittelet er også dei andre to eldre bevarte jektene Holvikejekta i Nordfjord og Bakkejekta frå Sunnfjord omtala.

Det var ikkje uvanleg at nordlandsjektene brukte fleire månader på seglasen til Bergen og heim igjen. Kapittelet «Leia» tek føre seg sjølve reisa, både rekordane og ferdene som tok lang tid på grunn av dårleg ver. Her glir dei mange historiene og samtidsskildringane godt inn. Den eldste skildringa av den indre jekteleia frå Bergen til Finnmarken er attgjeve på ein god måte, og skildringa av Nordlandiakartet og hjelpemidla ein hadde for å finne leia er interessant lesnad. Her vert det også fortalt om matstell om bord, postgang og passasjerfart.

I kapittelet «Til prisonen i England» skriv Pedersen om korleis Napoleonskrigen påverka jektefarten. Då Danmark-Noreg var i krig frå 1807, fekk det konsekvensar for både prisen på varene og tryggleiken til dei som segla. Historier om både svolt og kapringar gir eit verdifullt tilskot til jektehistoria.

I kapittelet «Korn, brennevin og flaggermusvinger» er det varene jekta hadde med seg, som står i fokus. Her er det interessante opplysningar om mengder nødvendigheitsvarer samt typar av gjenstandar jekta tok med seg attende igjen. Ordninga med «sjøbrev» og kreditt blir forklart på ein god og lettfatteleg måte. I dette kapittelet kjem forfattaren også inn på magiske ritual, og i forlenginga av dette dei underjordiske som jektemannskapet måtte tenke på.

Jekteskipperen sette aldri sin signatur på jekta, men henta namn frå Bibelen, mytologien, naturen, kongelege eller kvinnene i familien. I «Gud er med oss» er det jektenamn som er tema. Til mange av namna som blir nemnde, er det knytt konkrete jekter som det blir fortalt litt om.

Historia om forliset til jekta Anna Margrete i 1852 har fått eit eige kapittel med namnet «Da Haabet ble redningen». Skildringa er basert på historiene til dei overlevande jektefarerane. Det er på sin plass at det ikkje berre er solskinshistoriene som er med. I «De som aldri kom hjem» vert det fortalt om forlis og ulykker. Kor mange jektefararar som havet tok, finst det ikkje tal på, men i dette kapittelet er her fleire døme. Det blir også gjeve plass til å fortelje om konsekvensane for dei som blei igjen, dei som sat heime og venta på livberging for vinteren, og dei som mista løna for eit år med arbeid.

«Den siste jekta» handlar om jekta Brødrene Nygaard frå Gildeskål, som var den siste jekta i drift, og som forliste i 1957. Her blir slutten på jektefarten, og frykta for at jekta skulle forsvinne ut av vår kollektive hukommelse, skildra. Pedersen presenterer også dei fyrste initiativa til å bevare ei jekt som kulturminne i Nord-Noreg.

Å ta vare på jektekulturen handlar også om å ta vare på kunnskap om korleis jektene vart bygde. I den siste delen av boka skriv Pedersen om revitaliseringa av jektene i nyare tid. I kapittelet «Jekta setter seil igjen» får vi fortsettinga på historia om «Brødrene Nygaard», som det blei bygd ein kopi av i 1993. Her kan vi også lese om restaureringa av trønderjekta Pauline, og dei nybygde jektene Gjertrud av Ranen, Tordenskjold, Anna Olava, Bakkejekta og Den Gode Hensigt – alle bygd etter gamle førelegg og sjøsett på 1990- og 2000-talet.

Det siste kapittelet er «Anna Karolines Hus», fortellinga om Jektefartmuseet. Det fortset der innleiinga slutta, og fortel om prosessen fram mot grunnsteinen vart lagt ned i 2016. Restaureringsprosessen er kort presentert, og inneheld hovudsakleg flotte dokumentasjonsbilde av prosessen med å tilbakeføre jekta til opphaveleg utsjånad. Lengst bak i boka finn vi teikningar av ei jekt med nemningar, attgjeve frå boka «Jekter og jektefart i Innherred», eit svært nyttig tillegg til Pedersens tekst. Her er også eit register over jekter registrert ved Bodø Tolldistrikt 1854–1871, samt jekter som kom nordfrå til Bergen med tørrfisk, rogn og tran på slutten av 1800- og byrjinga av 1800-talet.

Pedersen skriv inn kjelder og faguttrykk på ein lettfatteleg og god måte. Han vekslar mellom å lage scene for lesaren, så ein kan sjå det for seg, og reine kjeldeskildringar. At boka tek for seg heile tidsbolken frå mellomalderen til moderne tid, er ein styrke. Også bruken av eldre ikonografiske kjelder gjer dette interessant.

I boka er det gjennomgåande vist til mange kjelder. Noko er Pedersen sine eigne framstillingar, og noko er stoff frå andre forfattarar. Det er utdrag av bøker eller artiklar henta frå årbøker til historielag og ymse andre kjelder. Samansettinga av desse er ein kvalitet ved bokverket. Det er gjort eit stort innsamlingsarbeid av stoff som har vore publisert her og der, gjerne i mindre skrift, kombinert med anerkjende fagfolk og munnlege fortellingar frå dei som hadde erfaring frå jektefarten, inkludert dei forfattaren sjølv har høyrt.

«Jekta. Eventyrets farkost» er ei bok med mange fortellingar. Det er dokumentasjon av ein livsstil som involverte store delar av befolkninga, og «vanlege folk» vert løfta fram. Men det vert litt for mange eksempel. Det er eit fint grep å veksle mellom den vesle og den store historia. Somme plassar vert det likevel uklårt når det er det eine og når det er det andre.

Mykje av stoffet er ikkje knytt direkte til tematikken i kapitla. Både stoffutvalet og rekkjefølja på det som vert presentert, verkar noko tilfeldig, og boka får slik ein uklår struktur. Det er fine og morosame overskrifter, men dei gjer samstundes til at boka i liten grad kan brukast som eit oppslagsverk.

Jektefarten i Nord Noreg fortener ei eiga bok, men det blir litt utydelig om det er det dette er. Ut frå tittel og omtale kan ein få inntrykk av at bokverket i større grad handlar om heile landet. Eg saknar difor noko meir om jektefarten i resten av Noreg. Det hadde vore interessant å sett opplysningane om Trøndelag og Vestlandet fordelt over fleire kapittel, og supplert med korleis organiseringa av jektefarten var annleis der. Likeleis ville det vore fruktbart å sjå bevaringa av Brødrene og Anna Karoline i samanheng med Holvikejekta og Bakkejekta som kom på museum tidleg på 1900-talet. Her får ein kan hende smake sin eigen medisin, då Nord-Noreg ofte blir hoppa over i framstillinga av det norske.

I boka siterer Pedersen eit av oldeborna til han som i si tid bygde Anna Karoline. «Når jeg ser Anna Karoline står her i all sin storhet, er det trist å tenke på hvor liten plass jekta og jektefarten har fått i vår historie. Men nå tror jeg at den snur». Det trur eg også. Med denne boka har vi endelig fått ei bok om jekta, og berre den. Ein historisk dokumentasjon som er tilgjengeleg for alle, anten ein bur i nærleiken av ei jekt eller ei.