Samfunnsbyggeren. Ei fortelling om krafta som formet Nord-Trøndelag heiter historieverket som kom ut i samband med at Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk (NTE) fylte 100 år i 2019. Forfattarar er historikarane Hilde Gunn Slottemo (professor i historie ved Nord universitet) og Harald Rinde (professor i historie ved Universitetet i Agder).

Som tittelen syner er målet for boka høgare og vidare enn ei strengt avgrensa institusjonshistorie. Visst handlar boka om etablering, vekst og utvikling av NTE gjennom 100 år. Kva var bakgrunnen for skipinga? Når vart det einskilde anlegget bygt? Kven sat i leiinga? Når byrja framgangen? Kvifor har ein lukkast? Ofte er det nett slike spørsmål ein betalande oppdragsgjevar, ved dette høvet NTE, mest vil ha og helst vil betala for. Det å få dokumentert det vellukka føretaket sin aktivitet over tid vert den enkle bedriftshistoria sitt enkle mål. Men sjangeren festskrift har den ulempa ved seg, at dei sjeldan er av interesse for andre enn nokre fåe omtala personar, deira næraste pårørande og moglegvis ei marknadsavdeling. Ikkje sjeldan manglar festskrifta truverd i høve til historiske og samtidige realitetar. Det er grunn til å framheva dette viktige omstendet; forfattarane av Samfunnsbyggeren, med prosjektleiar Hilde Gunn Slottemo i brodden, har i NTE hatt ein oppdragsgjevar som har gitt rom for å skriva ei større, meir samansett og viktigare soge: Boka handlar om NTE og samfunnsrolla verksemda har spela i Nord-Trøndelag. Boka fortel om sambandet mellom elektrisitetsverket, fylket og folket.

Samfunnsbyggeren er disponert i fire delar og i alt tretten kapittel. Dei fire delane omhandlar det som forfattarane har skilt ut som markerte historiske periodar i NTE si historie. Den første delen omhandlar åra frå 1919 til 1937, karakterisert som strevsame skipingsår. Den andre delen i tida frå 1938 til 1969 ringar inn dei viktige og stabile vekståra. I den tredje frå 1969 til 1990, vert NTE integrert i den nyskipa fylkeskommunen sine velferdsvisjonar og vekstambisjonar. Den fjerde delen omhandlar tida frå ny marknadsorientert energilov i 1990 og fram mot at NTE fylte 100 år i 2019. Hilde Gunn Slottemo har skrive dei tre første delane, Harald Rinde den siste. I tillegg har Slottemo skrive ei fyldig innleiing og avslutning. Innleiinga plasserer NTE i norsk vasskrafthistorie og gjer også greie for dei val og utval som historikarane har gjort for å skriva boka. Avslutninga «Fra rødt amt til grønt fylke» trekkjer historiske liner gjennom 100 år, fram mot ei samtid der Noreg i ei globalisert verd er inne i eit grønt skifte og der Nord-Trøndelag ikkje lenger eksisterer som eige fylke. Boka byggjer i alle delar på eit rikt tilfang av litteratur og kjelder, og alt er nøye dokumentert.

Lat det vera sagt med det same; forfattarane har lukkast i den store ambisjonen. Samfunnsbyggeren er ei kritisk og reflektert framstilling av den historiske utviklinga av både NTE og fylket, og dei ulike folka som har bidrege eller vorte råka. Men boka er meir enn som so; boka evnar også å plassera NTE og Nord-Trøndelag i ein større nasjonal samanheng, ein samanheng som fram mot vår eiga tid innanfor feltet fornybar energi inngår i stadig sterkare internasjonale straumdrag. Dermed kjem både energiverket og fylket sine særlege kjenneteikn og utviklingstrekk rikt til syne, samstundes som forståinga for nasjonale og internasjonale drivkrefter vert auka.

21. juni 1919 vedtok ordførarane i Nord-Trøndelag, det vil seia fylkestinget, å oppretta NTE og starta bygginga av kraftstasjonen i Follafoss. Dette er det viktige startpunktet for soga. Samfunnsbyggeren skildrar korleis satsinga og planane om eit fylkeskommunalt kraftlag møtte motbør i ei mellomkrigstid med økonomisk stagnasjon og gjeldstyngde kommunar. Etterspurnaden etter elektrisitet fekk ikkje den forventa eksplosjonsarta veksten. Først fram mot andre verdskrigen kjende fylkestinget gjeldsbøra letta. Tunge etableringsår vart avløyst av ein mannsalder med vekst, frå 1938 til 1969. I desse åra kjøpte NTE opp fleire kommunale kraftanlegg og gjennomførte nye kraftutbyggingar. NTE vart ei stor verksemd som ved sidan av basis i kraftproduksjon, bygging og vedlikehald av linjenett og levering av elektrisitet, leverte eit heller stort spekter av varer og tenester.

Med oppkjøpa og utbyggingar i eigen regi vart NTE eit verk som leverte straum til både private heimar, offentlege institusjonar og til industrien og næringslivet. Det to-delte kraftsystemet som elles vaks fram i Noreg i første halvdel av 1900-talet, med allmennforsyning på eine sida og industriforsyning på den andre, gjaldt ikkje i Nord-Trøndelag. Fråværet av store industriverksemder, som frå inngangen til 1900-talet bygde den eine delen av det nemnde kraftsystemet andre stader i Noreg, gav NTE eit særmerkt stort ansvar og spelerom.

I fleire fylke var det også slik at det var ei arbeidsdeling mellom fylkeskraftverk og kommunale kraftverk. I Nord-Trøndelag tok NTE etter kvart det heile. Oppkjøp av kommunale kraftlag byrja i 1938 og vart fullenda i 1968 då NTE tok over «dei fem store», Steinkjer, Stjørdal, Verdal, Levanger og Namsos.

Denne prosessen fann stad, ikkje utan brytingar mellom kommunar og fylke, i det som har vorte kalla «det røde amt». Partiet Venstre stod etter gamalt sterkt, men i etterkrigstida sette eit «klassekompromiss» mellom Senterpartiet og Arbeidarpartiet retninga; geografisk utjamning. Motkulturane treivst. NTE vart ein viktig reiskap i det kollektivt orienterte fylkestinget sitt strev med å tilgodesjå alle kommunar. Verksemda med hovudkontor og ingeniørstab på Steinkjer vart karakterisert av utjamning og desentralisering. Dette gav seg naturleg nok utslag i elektrifiseringa av Nord-Trøndelag, men NTE hadde dertil installasjonsverksemd, butikkar og avdelingskontor spreidd utover heile fylket, «det sunne desentraliseringsprinsipp» vart lagt til grunn.

Jordbruksfylket Nord-Trøndelag hadde noko småindustri, i det meste verksemder som foredla produkt frå jordbruk og skogbruk, men ingen storindustri. Etter 1945 og fram til 1970-åra synest draumen om å få etablert stor-industri å vera gjengs i fleire norske kraftkommunar. Det handla om å få auka den lokale verdiskapinga, styrka livsgrunnlaget og talet på arbeidsplassar frå lokale kraftressursar. Stadane der slikt fann stad, som Rjukan, Odda og Høyanger tidleg på 1900-talet, og Årdal og Sunndal etter andre verdskrigen, sto i mykje fram som idealsamfunn kjenneteikna av gode løner og velferdsordningar, veldrivne kommunar og industriproduksjon for eksport som sikra nasjonen kjærkomen valuta. I Nord-Trøndelag vart NTE den viktige drivaren i arbeidet for å få etablert storindustri. Det lukkast først med opprettinga av Nordenfjeldske Treforedling/Norske Skog i 1962.

Trass fellesskap og desentralisering; viktige delar av soga til NTE har i seg grunnleggjande interessekonfliktar. Fleire av konfliktane kjenner ein att frå andre fylke; tilhøve mellom magasinkommunar og elvekommunar, og mellom grunneigarar (bønder) og utbyggjarar, og konfliktane som ligg i kjølvatnet av at eit fylke prioriterer å nytta kraftressursane til å få etablert storindustri. Alt dette er utførleg handsama i Samfunnsbyggeren. Men boka handsamar dertil eit omstende som kan vera lite synleg i norsk historieskriving frå 1950- og 1960-talet: samane sine rettar. Det var først i samband med Alta-utbygginga på slutten av 1970-åra at samane sine interesser for alvor kom til syne i norsk kraftutbygging. Men NTE si kraftutbygging i Namdalen greip inn i eit område med sørsamiske hevdvunne rettar mellom anna til reindrift og ferdsle. Det tener boka mykje til ære at ein har gått inn i og tydeleggjort kva som stod på spel for sørsamane og fylket, trass i at nett denne delen av soga kanskje ikkje er den som ruvar mest og stikk seg fram i dokumentbunkane og tidlegare historieforteljing. Reindriftsskjønnet som tok til i 1966 med samiske skjønnsmenn var det første i sitt slag, og gav samane eit visst gjennomslag.

Trass særkjenne i dei første femti åra av sin eksistens; det var i åra frå 1969 til 1991 at sjølvforståinga som «Annerledesverket» breidde seg, eit verk som bygde ut og dreiv på anna vis enn andre fylkeskraftverk. NTE hadde avdelingar og aktivitet i heile Nord-Trøndelag. Drifta var prega av stabilitet og jamn framgang i det som vert kalla «NTEs» glanstid med skuta stødig styrt av direktøren. Trass i fylkeskommunalt eigarskap, var det direktøren som rådde, og han kunne jamt støtta seg på fylkesrådmann og fylkesordførar. Noko større demokratisk ordskifte og styringsiver er vanskeleg å spora. Samstundes; toppfolka si semje synest ha grunnlag i ein breiare nordtrøndersk politisk konsensus. Boka grip begge desse perspektiva. Ja, det var i mykje eit fåmannsvelde, men det var også eit velde som hadde eit visst demokratisk grunnlag.

Det store skiljet og brotet i nyare norsk energihistorie går med liberaliseringa og marknadsstyringa som kom med Stortingets vedtak av ny energilov i 1990. Endringane var store og gjennomgripande, frå samordning og forsyningsplikt til fri priskonkurranse og omsetjing i ein marknad. Skiftet var vanskeleg for mange, og kan hende særleg vanskeleg for «Annerledesverket» som med sitt store nedarva samfunnsansvar og spekter av desentraliserte avdelingar og aktivitetar, fekk mykje å hanskast med i ein samanheng der marknadsprinsippa skulle råda. Gjennomføringa av skiftet vart først trenert, og då det kom, følgde opprivande konfliktar og personskifte.

NTE vart ikkje skipa om til aksjeselskap før i 2007. Saka var oppe fleire gonger tidlegare, men vart teken ned ut frå eit politisk ønskje om å framleis utvikla NTE som ein offentlege eigd og styrd reiskap for velferd og samfunnsbygging i heile Nord-Trøndelag. Og då aksjeselskapsforma vart innført, var det ikkje dei forretningsmessige prinsippa som var den primære grunngjevinga. Det var utsiktene til regionreform og samanslåing med Sør-Trøndelag som gav støyten. Skipinga av aksjeselskap ville sikra at aksjane i NTE ved ei fylkessamanslåing, kunne tilbakeførast til kommunane i Nord-Trøndelag, og ikkje verta ein del av felleseiget i det nye fylket. Regionreformdiskusjonane materialiserte seg ti år seinare. Den 1. januar 2018, same dag som Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag vart samla i Trøndelag, vart eigarskapet i NTE overført til dei 23 kommunane i tidlegare Nord-Trøndelag fylke.

Ei innvending mot framstillinga kan vera at den særmerkte utviklinga til NTE og for so vidt Nord-Trøndelag, vert noko overdriven. Truleg er det slik at fleire regionale kraftverk og fylke har gått sin historiske «sonderweg». Dei ulike regionalhistoriske framstillingane som har kome dei siste åra, kan tyda på dette. Ei slik innvending må balanserast mot det omstendet at studiar av sambandet fylkeskraftverk og fylket likevel er mangelvare. Medan statleg energipolitikk, kraftproduksjon og -forsyning, har vorte rikt framstilt og også har prega den nasjonale sogeskrivinga, har dei regionale energiverka vore mindre synlege i den historiske litteraturen. Historia om NTE har i veldig liten grad vore utforska tidlegare. Det å framstilla denne soga på ein fagleg innsiktsfull, etterretteleg og forståeleg måte er Samfunnsbyggeren sitt fremste bidrag. Boka kombinerer slik folkeopplysning og flytting av forskingsfront. Meir utførlege jamføringar på tvers av regionar kan koma seinare.

Den historiske utviklinga av vasskraft i Noreg, i nyare tid innringa i feltet fornybar energi, kan lett verta take lett på; det er noko smått deterministisk, mest uomgjengeleg ved det heile. Med ingeniørar og økonomar i førarsetet i kvar sine epokar, har tekniske berekningar og lønsemdskalkylar prega dei ulike historiske ordskifta med kald rasjonalitet. Men Slottemo og Rinde si framstilling gjer tydeleg at det er menneske som gjer både dei ulike viktige vala og det omfattande arbeidet som ligg til grunn for den materielle utviklinga.

I dei retningsgjevande sakene i NTE si utvikling har forfattarane også lagt vinn på og lukkast med å lata fleire perspektiv og fleire røyster koma til orde. Eitt døme er den nemnde utbygginga i Namdalen der dei ulike interessene er tydeleg framstilt. Teksten går heller ikkje i den fella at ein i etterpåklokskapens politisk korrekte lys, harselerer med utbyggar sine haldningar til samane sine interesser i 1950- og 1960-åra. Dei ulike interessene er forstått utifrå den tida dei gjorde seg gjeldande i og med grunnlag i gransking av samtidig kjeldemateriale. Eitt anna døme er frå den ambisiøse og særs kostbare vindkraftsatsinga på 2000-talet. Vanskane med å få til vindkraftutbygging som eit levedyktig forretningsområde, og ikkje minst å få utvikla ein tilhøyrande leverandør-industri (ScanWind) i Nord-Trøndelag, fall i tid saman med at kritikken mot det politikarstyrte NTE auka. Først etter skipinga av aksjeselskap og drift etter meir bedriftsøkonomiske prinsipp, kom vindkraftsatsinga ut av eit økonomisk og industrielt uføre. Boka går utviklinga heller nøye i saumane. Det går fram at vindkraft og den tilknytte ambisiøse industrisatsinga, var eit framhald av NTE sitt verke som fylkespolitisk samfunnsbyggar. Men det går også fram at det ikkje var gitt at det politikarstyrte føretaket skulle mislukkast med ei slik satsing. Det var på kritiske tidspunkt dei ulike vurderingane og iverksettinga av tiltak det skorta på. Eit aksjeselskap kunne ha prestert tilsvarande.

Samfunnsbyggeren har vorte ei vakker bok. Fotografen Merete Halseth ulike foto-studiar av vatn er ein serie vakre, fleire blåtona, kunstverk som prydar omslag og som lagar skilje ved ulike kapittel og bokdelar. Tidt får bileta følgje av utvalde dikt og tekstar der vatn og naturressursar er omtala. Diverre er det på foto- og illustrasjonssida elles at boka har nokre veikskapar. Det eine er at det burde ha vore gjeve meir plass til å setja både kraftinstallasjonar og økonomisk aktivitet på kartet i Nord-Trøndelag. Det som er nytta av kartmateriale er noko smått i attgivinga. Til dømes burde kartet over Nord-Trøndelag (side 6) og panorama for kraftutbygging i Namdal (side 165) opplagt ha vore bretta ut over to sider for å koma til sin rett. Fleire av bileta som er nytta i boka er dessutan gjennomgåande lite dokumenterte. Det er smått frustrerande for her det mange gode bilete til ulike tider av menneske i arbeid og fest, av ulike reiskapar, av kraftverk og industrianlegg, og av natur og tettstader. Men bilettekstane kan vera knappe. Opplysningar om tid, stad, namn på personar og skildring av samanheng burde ved fleire høve ha vore meir fullstendige. Dermed vert informasjonsverdien mindre enn han kunne ha vore. Andre gonger kjem biletmaterialet meir til sin rett ved forseggjorde bilettekstar, slik som side 276 og 277 der bilete av kraftstasjonar bygde i ulike epokar frå 1923 til 1994 er innsiktsfullt kommenterte. Men då er det sjølve bileta, av ganske monumentale byggverk, som vert noko småe.

Kanskje er eit ønskje om større kartmateriale og betre dokumenterte og større bilete noko kravstort. Boka er på dryge 400 sider og slike ønskjemål kunne lett ha bidrege til 200 nye. Dessutan; alle som har arbeidd med historiske kjelder som kart, teikningar og fotografi veit kor uhyre arbeidskrevjande det er å få dokumentert kjeldene tilfredsstillande i ettertid. Ofte vil ein vera avhengig av spesialiserte arkivtenester som alt då arkivlegging fann stad, sytte for at fotografiet vart godt dokumentert. Men formulerte ønskje om større og meir dokumenterte bilete og illustrasjonar spring også ut av den forventinga som teksten til Slottemo og Rinde skapar. Samfunnsbyggeren legg lista særs høgt. Det er å vona at andre regionale kraftselskap i den store vasskraftnasjonen Noreg i samarbeid med dyktige historikarar lagar seg historieverk av dette formatet.