Det andre Heimen-nummeret i 2020-årgangen er klart, denne gongen med ein sterkare konsentrasjon periodisk og geografisk enn det me har brukt å ha. Alle dei fire vitskaplege artiklane og to av dei tre bokmeldingane er om 1900-talet med eit klart tyngdepunkt i etterkrigstida, og med eit geografisk tyngdepunkt i Trøndelag og Nord-Noreg. Tematisk og metodisk er breidda likevel minst like stor som vanleg.

Julian P. Cadamarteri og Alma Elizabeth Thuestad (NIKU) har granska seriar av flyfoto av to flyplassar frå okkupasjonstida – Lade i Trøndelag og Skattøra i Troms. Ved hjelp av GIS-analyse har dei identifisert kva strukturar frå okkupasjonstida som har overlevd fram til i dag, kva typar element som er tekne vare på, og kva periodar det forsvann flest strukturar i. Den tyske okkupasjonsmakta sette i gang massive byggjeprosjekt som dei seinare åra er grundig dokumentert gjennom det store Organisation Todt-prosjektet. Cadamarteri og Thuestad viser metodisk veg til korleis tap og overleving av desse strukturane kan sporast gjennom etterkrigstida og drøftar det opp mot forvaltninga av krigens kulturminne. For redaksjonen er det viktig at Heimen er ein kanal for denne typen lokal- og regionhistorisk relevante arbeid frå kulturminneforskinga.

Kongsberg Våpenfabrikk satsa i etterkrigstida på ein omfattande sivil produksjon attåt den militære. May Tove Nyrud har granska ein mindre omtalt del av den sivile verksemda mellom 1951 og 1967, nemleg produksjonen av trykkpresser. I perioden produserte fabrikken to djuptrykkpresser og minst 13 høgtrykksrotasjonspresser der ein tredel vart kjøpt av norske aviser. Nyrud skriv grundigare om denne produksjonen enn det som er gjort før og drøfter kvifor dette aldri vart ei vellukka satsing frå våpenfabrikken si side, særleg vurdert opp mot dei store ambisjonane i startfasen. Ein faktor i den samanhengen er inntoget til utanlandske offsetpresser midt i 1960-åra, men Nyrud får fram at fleire faktorar må trekkjast inn i forklaringa.

Eit kuriøst samantreff var at Rana Blad gjekk over til offsetrotasjon som fyrste norske avis i 1965. Dette fall saman med gjennombrotet for rocken i Rana, som er tema for artikkelen til Ove Larsen. Og medan Cadamarteri og Thuestad bokstaveleg tala ser forskingsobjektet sitt frå lufta, held Larsen seg definitivt på bakkenivå. Industristaden Mo opplevde stor tilflytting av unge folk, ei rekkje orkester og rockeband kom i gang, og over 20 ulike spelstader i Mo og omeign er nemnde. Artikkelen til Larsen har to lag. Karrieren til ein nøkkelperson i Rana-rocken, Willy Andersen, er utgangspunktet for artikkelen. Historia til rocken i Rana frå 1960-åra og framover får si framstilling, men hovudfokuset ligg på dagens minnekultur kring den lokale rockehistoria. Her får reunion-konsertane frå dei siste åra ein sentral plass. Larsen viser korleis reflektert bruk av munnlege kjelder og minneteori kan nyttast til å dokumentere viktig lokal kulturhistorie som berre i avgrensa grad kan sporast i skriftlege kjelder.

Den fjerde artikkelen flytter seg over fylkesgrensa til Nord-Trøndelag der Hilde Gunn Slottemo skriv om Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk (NTE), som vart skipa i 1919. Nord-Trøndelag var fylket som i størt grad realiserte tanken om eit heilt fylkesdekkjande verk både med eigen produksjon og heile fylket som konsesjonsområde. Ambisjonen til Slottemo er å skrive elektrisitetshistoria for fylket inn i samfunnshistoria, og på denne måten viser ho korleis fylkesverket kan bli eit prisme til den breie utviklinga i fylket gjennom hundre år. Heimen skal gje lokal- og regionhistoriske djupdykk, men det skal også vise korleis syntesar og lange linjer med utgangspunkt i lokale og regionale institusjonar og tema kan framstillast. Innanfor det energihistoriske feltet er artikkelen dessutan eit tilskot til tendensen til meir kontekstualiserande framstillingar, mellom anna representert med Heimen sitt temanummer om energihistorie i 2018.

Hilde Gunn Slottemo står saman med Harald Rinde også sentralt i den fyrste bokmeldinga, der Gunnar Yttri melder hundreårshistoria deira om NTE med den talande hovudtittelen Samfunnsbyggeren. Meldinga, som i all hovudsak har ros å by på, er også med på å ta den energihistoriske diskusjonen vidare.

Anders Kirkhusmo har lagt det fyrste bandet i Ingar Sletten Kolloen sitt verk om okkupasjonstida under lupa. Kolloen har ikkje hatt ambisjonar om å skrive eit forskingsbasert verk, men Heimen melder òg viktige populærhistoriske arbeid som byggjer på eit breitt tilfang av sekundærlitteratur, slik Kolloen gjer. Kirkhusmo er sympatisk til prosjektet og har ei god blanding av ris og ros å dele ut.

I den siste bokmeldinga tek Arnfinn Kjelland føre seg Finn-Einar Eliassens biografi om Peter Dahl (1747–1788) frå Fjære som slo eg opp som handelsmann, skippar og reiar og vart søkkrik. Kjelland vurderer boka opp mot dei nye tilnærmingane i mikrohistorie, der koplinga mellom globalhistorie og mikrohistorie står sentralt. Redaksjonen ønskjer å følgje med på utviklinga innanfor mikrohistorie, og bokmeldingar er ein viktig måte å gjere dette på.

Me vonar dette nummeret er med på å inspirerer både etablerte og nye historikarar til å skrive og sende oss artiklar. Hugs at det er fullt mogleg å kontakte redaksjonen for å lufte ein artikkelidé før du går i gang med skrivinga. Til hjelp er no forfattarrettleiinga vår revidert og modernisert, sjå idunn.no.

Til slutt vil me nytte høvet til å gratulere den eldste i syskenflokken vår, Historisk Tidsskrift, med sine 150 fyrste år!

God lesnad!