Peter Dahl. Et globalt liv i opplysningstiden er noko så uvanleg som ein omfattande biografi om ein mann født i Fjære sokn utanfor Grimstad i 1747 utan at eingong fødselsdatoen hans er kjent. Ikkje nok med det, han døydde berre 41 år gamal i København, utan å etterlate seg nemnande av det vi gjerne kallar egodokument: dagbøker eller brev, eller noko privat- eller forretningsarkiv. Dette var utfordringa Finn-Einar Eliassen stod ovanfor da han, etter å ha vore lektor ved Grimstad Gymnas, Dahlske Skole, vart interessert i å finne ut meir om denne Peter Dahl, grunnleggjaren av skulen, gjennom testamentet.

For i det endeleg testamentet Dahl skreiv i september 1787, vart heile 18.000 riksdalar avsett til legat for «til en frieskoles oprettelse i Grömstad i Norge i Cristiansands stift min föde egn». Det inngjekk detaljerte instruksar om hus og innbu som internat for mellom 12 og 16 elevar, og av desse skulle halvparten vere av dei mest fattige og «uformuendes børn». Mønsteret for skulen var Den Trondhjemske Borgerlige Realskole, oppretta etter eit legat i 1778.

Legatet til ein skule for nyare pedagogiske idear og synspunkt speglar, som Eliassen legg vekt på, eit viktig trekk i opplysningstida i Danmark-Noreg. Og han meiner å kunne påvise at Peter Dahl var inspirert av denne epoken i Europa, der særleg skulen var viktig i debatten i den nordlege delen. Men Eliassen finn òg at Dahl hadde ein bakgrunn som i stor grad kan kallast global, og bygger opp store delar av biografien omkring koplinga av desse temaa.

Boka er delt i tre hovuddelar. Den første skildrar heimplassen og oppveksten, der Peter Dahl som så mange andre i landsdelen søkte mot sjøen, og etter kvart blei del av omfattande handels- og kjøpmannsverksemd. Men å kartlegge sjøfolks rørsler på 1700-talet er notorisk komplisert. Her introduserer Eliassen ein metode han kallar «krysspeiling». Han har leita systematisk gjennom alle kjelder der det kan tenkjast namnet til personen dukkar opp, og bygger såleis opp ei forteljing om korleis Dahl truleg kan ha operert i ein karriere frå skipsdreng via overstyrmann til skipper på fart mellom Danmark og Vest- og Ostindia og til slutt handelsborgar og reiar i hovudstaden. Her inngår òg eit lengre opphald i India, og ein nærast eventyrleg økonomisk suksess som skaffa Dahl ei stor formue.

I del II koplar Eliassen Dahl til opplysningstida i Norden gjennom tre teologar han veit Dahl hadde kontakt med. Den viktigaste var Herman Treschow, født 1739 i Vågå der faren var sokneprest. Treschow gjennomførte sjølv ei danningsreise i Europa i åra 1768–1771 før han vart professor i teologi og sokneprest i Garnisonskyrkja i København. Da Dahl slo seg ned permanent i hovudstaden i 1783, var det i Treschows kyrkjelyd, og Eliassen meiner han vart påverka av Treschow og andre til å reise ut på ikkje berre ei, men to lange danningsreiser («grand tours») i Europa. I alle fall på den første må han ha hatt med seg ein «boklærd» (utan eksamen), Christian Krause (f. 1743) med kunnskap om vitskap og kunstmiljø, som Treschow truleg introduserte for Dahl, og som Dahl da tok med seg som reiseleiar og mentor.

Også desse reisene rekonstruerer Eliassen gjennom nitid leiting, «krysspeiling» i eit utal kjelder. På den første reisa finn han at Dahl og Krause må ha besøkt Pisa, Livorno, Roma, Frascati, Napoli, Venezia, Zürich og mange byar i Tyskland. Dahl må òg hatt kontakt med mange vitskapsfolk og kunstnarar, og kjøpte sjølv òg kunst i betydeleg omfang. Det er særleg i gjestebøkene hos kunstnarar, mange institusjonar og andre enkeltpersonar forfattaren har funne spor etter Dahl med reisefølgje.

Peter Dahl kom så heim att frå den første turen seinhaustes 1786, og berre kort tid seinare fekk han den gledelege meldinga om at han var blitt samrøystes oppteken som medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim, for at han «ved sine rejser og handel har gjort sig berömt». Forslaget var fremma av Treschow, som sjølv var medlem frå før, og Dahl var den første skipper og andre handelsmann som var funne verdig til medlemskap, etter at selskapet hadde opna for medlemskap for andre enn vitskapsfolk. Som takk for utnemninga fekk selskapet 150 riksdalar i gåve; det var blant dei aller største bidraget selskapet fekk i siste halvdel av 1780-åra. Og i testamentet sette Dahl av 500 riksdalar, den største enkeltgåve selskapet fekk i siste tredjedel av 1700-talet.

Det var hausten 1787 Dahl sette opp sitt endelege testament, og da det var signert drog han av garde på nok ei 13 månader lang danningsreise. Her er glimta færre, men Eliassen finn spor fleire stader i dei tyske områda; i alle fall Leipzig, Dresden og Frankfurt am Main. Og ut frå boksamlinga i dødsbuskiftet meiner Eliassen at han «etter alt å dømme» også var i Frankrike. Seinhaustes 1788 var Dahl så heime att i København. Eliassen avsluttar denne delen av boka med refleksjonar kring korleis Dahl brukte av den store formuen sin på utdanningsfeltet med hjelp til utdanning for unge menneske og spesielt legatet til skulen i Grimstad, men også meir allment om kva for interesser og haldingar Dahl kan ha hatt til ymse tema i opplysningstida som t.d. slaveriet og trykkefridomsspørsmålet.

Siste hovuddelen av boka handlar om Dahl som «familiens og vennskapet mann», der det går fram at han hadde ikkje mindre enn fire døtrer med to kvinner utan å vere gift med nokre av dei. Men han erkjente jentene og sørga for opphald for mødrene i alle fall så lenge han levde. Han tok til seg fleire norske slektningar, og i testamentet fekk norske familiemedlemer betydeleg bidrag. Eliassen kartlegg òg Dahls vener i hovudstaden ut frå omtale i testamentet, forretningspartnarar og fadderskap han tok på seg. Frå konkursbuet til ein tidlegare kompanjong kjøpte han ein stor bygard i den sentrale gata i København, Gothers Gade, men rakk ikkje å innreie den ferdig før han nokså plutseleg døydde 31. mars 1789.

I ein avsluttande epilog gjer så Eliassen greie for arbeidet med boka og dei viktigaste kjeldene og metodiske grepa. Den er nyttig og bør kanskje lesast før ein les hovuddelane.

Det er freistande å vurdere boka om Peter Dahl mot nyare tilnærmingar innan mikrohistorie. Det anerkjente tidsskriftet Past & Present (Vol. 242, suppl. 14, Oxford) lanserte i november 2019 eit temanummer som drøftar koplinga mellom global- og mikrohistorie. Fleire av bidragsytarane der peiker på relasjonane mikrohistoriske objekt var involvert i og nyttar desse til å kaste lys over større, ja til og med globale samband. John-Paul A. Ghobrial viser i innleiingsartikkelen til at omgrepet ‘global mikrohistorie’ har vore brukt i aukande grad frå 2010, og at ei slik tilnærming analyserer enkeltindivid, -objekt eller -stader for å kaste lys over generelle problemstillingar utan omsyn til stader, periodar eller fagfelt. Bidraga i nummeret deler han i tre kategoriar: ein italiensk-inspirert som følgjer tett på spor i kjeldematerialet for å rekonstruere samanhengane mellom forskjellige kritiske hendingar, tidspunkt eller liknande. Ein annan går djupare inn i samanhengar som gir høve til å revurdere universelle prosessar i til dømes handel og informasjonsflyt, og ein tredje har særleg fokus på små detaljar i kjeldene som elles kan bli ignorerte, det Carlo Ginzburg i si tid nemnde som ‘clues’. Ut frå desse verkar Finn-Einar Eliassens bok om Peter Dahl som ein klar kandidat til nemninga den første norske globale mikrohistoria.

Ein meldar må sjølvsagt alltid finne noko å sette fingeren på. Det er ikkje enkelt i denne store boka, men karta kunne kanskje vore litt meir detaljerte. Og forma på framstillinga har ført til nokre gjentakingar, men det var nok vanskeleg å unngå. Boka er absolutt leseverdig.