Denne boka har bakgrunn i Hans Sevatdals mangeårige undervising i eigedomshistorie ved Noregs miljø- og biovitskaplige universitet, tidligare Noregs landbrukshøgskole, på Ås. Manuset var bortimot ferdig da Sevatdal gjekk bort i 2015. Kollegaer har bidrege til å skrive ferdig uavslutta kapittel, og Per Kåre Sky og Erling Berge har redigert boka.

Boka har 17 kapittel. Det første tar for seg kva eigedomshistorie er, deretter følgjer to kapittel om eigedomshistorie med ei kronologisk deling på 1600-talet. Kapittel 4–6 handsamar fysisk og rettslig organisering innanfor gardsområdet, utskifting/jordskifte og eigedomsforhold utanfor gardsområdet (allmenningar og sameige), etterfølgd av eit kapittel om eigedomsregistrering. Eigedomshistoria i byane er vigd eitt kapittel (ferdigskrive av Arne Solli), og eigedomshistoria i Finnmark har også eit særskilt kapittel (Jon Gauslaa). Gjennom tida har det oppstått ein del eigedomsforhold utan tilknyting til gardsbruk, og dette temaet er handsama i kapittel 10 (Elisabeth Bjørsvik). Eit sentralt tema i norsk agrarhistorie har vore odels- og åsetesretten, og det er i fokus i kapittel 11 (Per G. Norseng). Kapittel 12 tar for seg allemannsrettar og kapittel 13 oreigning (begge Håvard Steinsholt). Jordskifte kjem att som tema i kapittel 14 (Per Kåre Sky), med utgangspunkt i den nye jordskiftelova av 2016 og med døme frå rettspraksis. Temaet allmenningar kjem også att, i kapittel 15 (Erling Berge), med vekt på allmenningane i dagens samfunn. Kapittel 16 er vigd det matrikulære systemet (Leiv Bjarte Mjøs og Arve Leiknes), og kapittel 17 arkiva og kjeldene (Yngve Nedrebø).

Det er ikkje heilt samanfall mellom denne kapittelinndelinga og dei temaa og den strukturen som Sevatdal skisserer for boka på slutten av innleiingskapittelet. Det Sevatdal hadde tenkt som eit kapittel 3 om viktige typar rettsgrunnlag for brukarrett til jord i norsk historie, har ikkje fått eit eige kapittel, men er handsama i diverse kapittel. Men denne lista (s. 27) fungerer som eit eige lite register som ein kan gå ut frå, når ein slår opp i det omfattande stikkordregisteret bak i boka.

Redaktørane peikar i sluttordet på temaa som ikkje har fått plass i den boka som her ligg føre. Det gjeld Forsvaret sitt eigedomskompleks, og i det heile mange sider av eigedomsforvaltninga i offentlige etatar, både statlige, fylkeskommunale og kommunale. Også utviklingshistoria til dei store utmarkseigedomane som voks fram med bakgrunn i allmenningssala på 17–1800-talet, og som har vore viktig for ein del industriutvikling, har ein måtte utelate. Det same gjeld ordning av eigedomsrettar i samband med utbygging av infrastruktur, forholdet mellom eigedom og friluftsliv i nyare tid og endringane i «den ytre allmenningen», det vil seie endringane i sjøretten.

Denne boka er primært ei lærebok, og ho har mange gode pedagogiske grep. Innleiingskapittelet er føredømelig i så måte. Her får ein innføring i dei sentrale begrepa eigedomsrett, institusjon og eigedomsforhold. Også den offentlige styringsretten høyrer med i bildet, så det er eigedomsretten på den eine sida og reguleringsretten eller forvaltningsretten på den andre sida. Her kan ein omtrent høyre forelesaren snakke, og ein kjenner seg som midt i studentgruppa. Til slutt følgjer ei oppsummering, kjelder og oppgåver/tips til supplerande lesing. Også kapittel 2 og 3 har nyttige oppsummeringar og forslag til vidare lesing. Dette er flott i studiesamanheng. Dei fleste kapittel har oppsummeringar, men ikkje riktig alle. I eit par av dei kortare kapitla fell det heller ikkje naturlig, og i kapittelet om eigedomshistoria i Finnmark er det i staden ei avslutning om framtidsutsikter.

Programmet for boka er å formidle kunnskap om fortida til hjelp for å forstå samtida og gjere fornuftige handlingar for framtida. Utvalsprinsippet har ifølgje Sevatdal vore det som er nyttig for dei yrkesutdanningane som boka er mynta på. Eigedomsforhold knytt til landbruk i vid forstand er ryggrada i framstillinga, men ein kjem også inn på andre typar arealbruk. Det blir understreka (s. 23) at eigedomshistorie ikkje kan sjåast isolert frå anna historie, ein må byggje på kunnskap frå allmenn samfunnshistorie: politisk, økonomisk og sosialt. Derfor er det gitt tips om litteratur som gir bakgrunnskunnskap og tips om vidare lesing.

Når det gjeld supplerande lesing, er det ein del tilvisingar til oppslagsverk som til dømes Norsk historisk leksikon, noko som kan vere nyttig. Det er også tilvisingar til ein del oversiktsverk, nokre av desse av eldre dato. Desse listene kunne ha vore supplert med nyare litteratur.

Som innføring i ulike sider av eigedomshistorie og eigedomsforvaltning er denne boka sentral, ikkje berre for dei som skal skolere seg for å arbeide med eigedomsfag, men også som ei allmenn historisk innføring med fokus på grunneigedom og eigedomsrettar. Mange av oversiktsverka i historie manglar mykje av den grunnleggjande og prinsipielle innføringa i eigedomshistorie som denne boka gir. Om dei fleste temaa blir det her skrive veldig forklarande, eksempelvis om sameige mellom bruk (s. 220) og om skyld og realregister (s. 238–239). Boka har fleire gode oversyn, til dømes om jordskifte (s. 189), historiske utviklingslinjer for matrikkel og grunnbok på landsbygda (s. 233) og om delt eigedomsrett, absolutt eigedomsrett og bruksrett (s. 281).

Ein kunne på mange måtar ønskt at ei slik bok kunne vere innføringsbok også for historiestudiet. Boka blir for så vidt vist til og nytta i mange samanhengar allereie, til dømes ovanfor brukarar av arkiv og for dei som studerer fysisk utvikling i lokal eller regional samanheng, mellom anna blir boka brukt på delar av studieprogramma i kulturminneforvaltning ved NTNU. I alle fall er boka klart å tilrå for dei som arbeider med lokal og regional historie.

Dei enkelte tematiske kapitla kan i stor grad lesast for seg. Om ein til dømes vil setje seg inn i eigedomshistoria i byane eller odels- og åsetesretten i norsk historie, kan ein godt lese desse kapitla som sjølvstendige arbeid. Det vil likevel vere ein fordel om ein les dei innleiande kapitla først.

Boka kan dessutan vere nyttig i mange tilfelle om ein som privatperson treng å orientere seg i spørsmål om eigarskap og bruksrettar. Det som er sagt om dagsaktuelle problemstillingar når det gjeld matrikkelsystemet, har nok mange hatt erfaring med, til dømes det som står om register som skaper sin eigen røyndom (s. 232), og om uoppmålte tomter og juridisk bindande tomtegrenser i plan- og delingsløyve (s. 405 f.).

Likeins er det som er presentert om arkiva og kjeldene nyttig, ikkje berre for den spesielt interesserte, men også for allmenta om ein er interessert i å finne ut noko om ein bestemt eigedom. Men i arkivkapittelet er berre omtalt det som er å finne i statlige arkiv, så her saknast innføring i kommunale arkiv og det som finst om eigedom der, og da først og fremst plan- og byggjesaksarkiva.

Boka er utstyrt med ein bibliografi over Hans Sevatdals produksjon som spenner over 48 år. Ho har også ei oversikt over utgreiingar og lovforarbeid på det aktuelle saksfeltet, ei liste med rettsavgjerder frå ulike domstolar og eit lovregister som strekker seg frå landskapslovene og fram til nyaste tid. Det er dessutan eit fyldig stikkordregister bakarst i boka.

Omslaget fortener ein eigen omtale til slutt. Som ein honnør til Hans Sevatdal og hans faglige virke er det på framsida attgjeve utsnitt av økonomisk kartverk, utsnitt frå Norgeskart og utsnitt av flyfoto, utsnitt som alle viser Sevatdalen i Røros. Desse er lagt oppå eit uutfylt skjema for skøyte. Dette fangar bokas tema og hovudforfattar på ein framifrå måte.

Her har eigedomsfaget fått ei solid lærebok, ei bok som har relevans langt utover dei utdanningane ho er skrive for, og kollegaene til Hans Sevatdal fortener stor takk for å ha ferdigstilt bokprosjektet.