Det siste Heimen-nummeret i 2019-årgangen er konsentrert om 16-, 17- og 1800-talet, men kan by på både tematisk og geografisk variasjon.

Åsmund Forfang går inn i ein mykje omdiskutert del av norsk rettshistorie i artikkelen om bonden Ole Wernsen Klungseth frå Nes i Hedmark som i 1815 æreskjelte generalmajor Knud Andreas Gyldenstierne Meyer. Regjeringa reiste straffesak mot Klungseth, og saka gjekk heilt til Høgsterett. Forfang har følgt saka gjennom alle rettsinstansar og viser at ho var den fyrste saka om trykkefridomsparagrafen i Grunnlova (§ 100) som nådde Høgsterett. Eit sentralt spørsmål har vore om og i kor stor grad den strenge trykkefridomsforordninga frå 1799 spelte ei rolle i rettsprosessane også etter 1814. Forfang viser altså gjennom djupdykket i Klungseth-saka at Høgsterett sette 1799-forordninga til side alt i 1817. Slik går artikkelen også inn i ein debatt som var framme i Heimen sitt temanummer 4/2018 om politisk kultur på 1800-talet.

Stoughton i Wisconsin, USA, er staden for Trond Espen Teigen Bjoland sitt nedslag i norsk-amerikansk migrasjonshistorie. Dei siste tiåra på 1800-talet busette mange norske immigrantar seg denne småbyen der vognfabrikkane var store og dominerande arbeidsplassar. I 1900 utgjorde immigrantane med norsk bakgrunn eit fleirtal av innbyggjarane. Studien av Stoughton gjev eit interessant innblikk i korleis busetnadsmønsteret mellom norske immigrantar i USA tok form når folk med norsk bakgrunn valde å busetje seg nær kvarandre. Bjoland viser korleis samspelet mellom ei rekkje ulike faktorar var med på å skape det norske immigrantmiljøet i småbyen, og studien gjev på denne måten innsikt i den norsk-amerikanske migrasjonsprosessen. Artikkelen er basert på Bjoland si masteroppgåve frå 2018, og redaksjonen er glad for å ha endå ein ung historikar mellom Heimen-forfattarane. Redaksjonen reknar elles norske emigrantmiljø for å vere klart innanfor det som eit tidsskrift for norsk lokal og regional historie skal bry seg med, og me tek gjerne imot fleire artiklar om tematikken.

Utover på 1800-talet såg jordbruksreformatorane på jordfellesskapen i bygdene som eit stadig større hinder for modernisering og framsteg. Med utskiftingslova av 1857 og etableringa av jordskifteverket i 1859 kom det fart i utskiftingsarbeidet, og det har sidan 1800-talet kome ein stor forskingslitteratur om jordfellesskap og utskifting, ikkje minst om årsakene til det omfattande jordfellesskapet. Opphavet og omfanget til teigdelinga har vore eit klassisk agrarhistorisk problem som både historikarar, etnologar, geografar og andre forskarar har gått inn i. Mads Langnes har gjort ein ryddejobb i dette innfløkte feltet og presenterer her ein historiografisk studie der han kategoriserer og drøftar forklaringsmodellane som har vore nytta til å svare på når og kvifor jordfellesskapet oppstod.

Midt-Noreg utvikla seg tidleg på 1600-talet til å bli området i landet med størst sagbordproduksjon. Ei hovudkjelde om sagbruksnæringa i Midt-Noreg i hundreåret er skatterekneskapane, men denne viktige næringa er tidlegare berre granska gjennom spadestikk i skattelistene. Folke Forfang har gått systematisk gjennom fogdane sine rekneskapar i ein femtiårsperiode 1610–1663, og gravearbeidet har resultert i ein meir omfattande og detaljert dokumentasjon av sagbruksdrifta i Trøndelag, Romsdal og Nordmøre enn det som er publisert tidlegare. I analysen av materialet stiller han seg òg kritisk til den tidlegare litteraturen og kjem til nye konklusjonar, både om borgarane sine motiv for å investere i sager, makeskifta med kongen og grunnane til at bondeeiga gjekk ned.

Det er to bokmeldingar i dette nummeret. Lars Gisnås si bok om Nasjonal Samling i Oppdal under krigen er meld av Gunnar D. Hatlehol. Boka er ei vidareføring av det omfattade trebandsverket om krigen i Oppdal som Gisnås gav ut for nokre år sidan. I ei elles rosande bokmelding reiser Hatlehol eit spørsmål som okkupasjonshistoria på langt nær er ferdig med: Kven av medlemene, aktivistane og leiarane i NS, og andre som vart dømde for landssvik, skal namngjevast, og kven skal få bli verande anonyme? Hatlehol meiner Gisnås her har vore for tilbakehalden.

Den andre meldinga er av Hans Sevatdal si bok om norsk eigedomshistorie frå 1600-talet fram til i dag, meld av Aud Mikkelsen Tretvik. Sevatdal var bortimot ferdig med manuskriptet då han gjekk bort i 2015, og eit titals kollegaer har fullført boka. I tillegg til å vere lærebok i eigedomsfag på Ås meiner Tretvik at også historiestudia hadde hatt godt av å bruke denne innføringsboka.

Med dette nummeret er den nye redaksjonen i mål med sin fyrste årgang. Ei viktig målsetjing for redaksjonen er å vidareføre Heimen som ein møteplass for etablerte historikarar ved universitet og høgskular, fagfolk ved arkiv og museum, yngre historikar som er i ferd med å etablere seg i feltet, og frie historikarar som driv viktig historieforsking, men kanskje manglar ei formell historikarutdanning. Dette nummeret viser fram det mangfaldet av forfattarar som me ønskjer å ha, med eitt unntak, og det er kjønnsbalansen.

Me vil sterkt oppmode alle, både kvinner og menn, unge og gamle, og historiekunnige både med og utan forskarutdanning og titlar om å sende oss artiklar til vurdering. Me tek også meir enn gjerne imot debattinnlegg. Bokmeldarar og fagfeller som kan vurdere artiklar treng me òg. Redaksjonen avgjer suverent kven som skal spørjast om å melde ei bok eller fagfellevurdere ein artikkel, men me ser svært gjerne at fleire melder interesse for å ta på seg ulike typar oppdrag. Heimen kan, som dei fleste vitskaplege tidsskrift, berre fungere om det er ein dugnad i fagmiljøet, så skal redaksjonen etter beste evne organisere denne dugnaden.

God lesnad!