Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Ein Nes-bonde æreskjeller ein generalmajor

Vilkåra for trykkefridommen i dei første åra etter 1814
A farmer abuses a major general
The conditions of the freedom of the printed word in the first years after 1814

I 1814 innførte § 100 i Grunnlova trykkefridom i Norge. Men kva var lovgrunnlaget ved tiltale og dom i saker reiste for misbruk av trykkefridommen – § 100 sjølv eller den upopulære trykkefridomsforordninga av 27. september 1799 som hadde vore gjeldande straffelov under siste del av det dansk-norske eineveldet? Spørsmålet oppstår ved at lovverket frå eineveldets tid ifølgje § 94 i Grunnlova skulle fortsette å gjelde der det ikkje kom i konflikt med Grunnlova eller nye norske lover, inntil landet fekk sine eigne lover; den nye norske straffelova kom først i 1842. Vart forboda i 1799-forordninga straks og utan vidare sette ut av kraft i 1814? Eit utbreidd syn i dag er at det var dei ikkje, og at forordninga fortsette å vere heimel i skyldspørsmålet ved både tiltale og dom. Eit motsett syn er at dei gamle forboda var oppheva, og at § 100 fram til 1842 var einaste heimel for straffskyld. Ei sak frå 1815–17 antydar at domstolane dømte i tråd med dette siste synet, ikkje berre frå 1823, slik den som først og fremst har hevda dette synet, har meint, men alt frå denne aller første saka som nådde Høgsterett i 1817.

Nøkkelord: ytringsfridom, pressefridom, trykkefridom, ærekrenking, Grunnlova, forordninga av 27. september 1799, 1814, § 100

What was the legal basis of charges and verdicts in cases raised against misuse of the freedom of the printed word imposed by § 100 of the Norwegian constitution of 1814 – § 100 itself, or the unpopular decree of the 27th of September 1799 that regulated this freedom during the pre-1814 Danish-Norwegian absolute monarchy? This question is based on § 94 of the constitution, which maintained that all old laws, if not in conflict with the constitution or other new laws, were in force until Norway gained its own legislation; the new criminal code did not appear until 1842. Was this decree immediately and automatically nullified in 1814? One established view is that it was not, and that it still was the legal basis of both charges and verdicts. An opposite view is, naturally, that the old interdicts were nullified, and that § 100 in their place until 1842 was the one and only legal basis. This article shows, illustrated by a case from 1815–17, that the courts acted according to this last view, not only from 1823 on, as the main holder of this view claims, but already in this very first case that passed the High Court in 1817.

Keywords: Freedom of speech, freedom of the press, freedom of the printed word, defamation, the Norwegian constitution of 1814, the decree of the 27th of September 1799

Innleiing

«Den almindelige Glæde, som den Eidsvoldske Rigsforsamlings eenstemmige Beslutning angaaende Trykkefriheden, udbredte over det hele Land synes retsom at vise, hvormeget den stemmede med hver god Borgers Ønske», skreiv «Grunnlovas far» Christian Magnus Falsen i 1815 om trykkefridomsparagrafen i Grunnlova, § 100.1

Dette var ein paragraf Falsen og mange nordmenn med han såg på som ein ny rettsorden og eit brot med det strenge regimet for offentlege ytringar i det gamle Danmark-Norge, da det hadde vore harde straffer for å sette regimekritiske synspunkt på trykk. Lovene hadde diktert dødsstraff for å ytre ønske om «Forandring i den, ved Fædrenelandets Grundlov bestemte, Regieringsform», dvs. det dansk-norske eineveldet. For å spreie «Had og Misnøie imod disse Rigers Constitution, eller imod Kongens Regiering» var straffa landsforvising, ei straff som så menn vart brukt, og som den nye norske regjeringa no i 1815 atter ønskte å bruke i trykkefridomssaka mot bonden frå Nes på Hedemarken som denne artikkelen handlar om. Desse lovboda stod i paragraf 1 og 2 i den såkalla trykkefridomsforordninga av 27. september 1799.

Kor langt den nye rettsordenen av 1814 eigentleg gjekk, har dei siste 20 åra vorte eit omdiskutert spørsmål i faglitteraturen. Sikkert er det at § 100 gav norske borgarar rett til å sette meiningane sine på trykk utan hinder. Sikkert er det òg at dei som da braut med dei grensene § 100 drog opp for trykkefridommen, risikerte å bli dratt for retten og straffa. Regjeringa, og særleg regjeringssjef og kronprins Karl Johan, var på vakt mot slikt, og før eitt år var gått, var det reist fire saker mot «frekke» skribentar for «Misbrug av Trykkefriheden», dvs. brot mot grensene i § 100, som gjekk slik:

Trykkefrihed bør finde Sted. Ingen kan straffes for noget Skrift, af hvad Indhold det end maatte være, som han har ladet trykke eller udgive, medmindre han forsætligen og aabenbare har enten selv viist, eller tilskyndet Andre til, Ulydighed mod Lovene, Ringeagt mod Religionen, Sædelighed eller de constitutionelle Magter, Modstand mod disses Befalinger, eller fremført falske og ærekrænkende Beskyldninger mod Nogen. Frimodige Yttringer, om Statsstyrelsen og hvilkensomhelst anden Gjenstand, ere Enhver tilladte.

Spørsmålet denne artikkelen vil belyse, er kva slags rolle § 100 i Grunnlova spelte når ei trykkefridomssak vart behandla først i underretten, så i stiftsoverretten og endeleg i Høgsterett. Dette er kjernen i eit sentralt spørsmål i fagdiskusjonen rundt trykkefridommen etter 1814: Kunne skyldspørsmålet i ei slik sak framleis avgjerast etter den strenge og sterkt mislikte trykkefridomsforordninga av 27. september 1799, eller avgjorde dommarane skyld eller uskyld direkte ut frå den nye grunnlovsteksten i § 100?

Hovinsholm gard i 1885. Jacob Hoel kjøpte tilbake denne gamle familieeigedommen i 1800 og dreiv den opp til eit mønsterbruk for nye metodar i landbruket. Her feira òg Ole Wernsen Klungseth sigeren med eit stort kalas etter den første norske høgsterettsdommen i ei trykkefridomssak.

(Foto: Jacob Hoel)

Lovgrunnlaget for skyld eller uskyld

Bakgrunnen for spørsmålet er at riksforsamlinga på Eidsvoll i § 94 i Grunnlova bestemte at inntil eit nytt lovverk kom på plass, måtte heile det gamle gjelde som før, bortsett frå lovbod som kom i konflikt med Grunnlova eller andre nye norske lover. Var så 1799-forordninga blant dei lovene som straks måtte vike for Grunnlova, eller fortsette forboda der å gjelde i dei 28 åra fram til den nye norske straffelova vart vedtatt i 1842?

I den skilsettande læreboka si i forfatningsrett frå 1833 skreiv jurist og seinare statsminister Frederik Stang om dette at «adskillige Straffebestemmelser for Overtrædelsen af den politiske Yttringsfrihed […] maatte idethele eller tildeels bortfalde, efterat den politiske Yttringsfrihed, som Følge af den nye Statsforfatning, var bleven udvidet».2 Han utdjupa det ikkje vidare der, men ifølgje historikar Nils Rune Langeland meinte Høgsterett i 1823 at forboda i 1799-forordninga var å rekne som oppheva og erstatta av § 100 i Grunnlova som gjeldande rettsgrunnlag for straff.3

Eit motsett syn gir den viktige Ytringsfridomskommisjonen med historikar Francis Sejersted som leiar uttrykk for i innstillinga si frå 1999. Ifølgje den «fortsatte lover og forordninger fra enevoldstiden å stå ved makt. Det gjaldt også for trykkefrihetsbestemmelsene».4 Slik ser også historikar Odd Arvid Storsveen på det: 1799-forordninga vart ikkje automatisk oppheva av § 100, og «de konkrete bestemmelser om hva som var ulovlig, kunne fremdeles komme til anvendelse».5 Enda lenger går den finske rettshistorikaren Lars Björne: § 100 uttrykte nok prinsippet om trykkefridom, skriv Björne, men nordmennene stod utan praktiske reglar for korleis prinsippet skulle realiserast, og som ein nødutveg måtte dei ty til dei gamle lovboda i 1799-forordninga.6 Med det meiner han at dei stod utan andre lover enn 1799-forordninga som kunne brukast ved domstolane som heimel for tiltale og rettsavgjerder i trykkefridomssaker. I same spor går historikar Kjetil Jakobsen når han hevdar at § 100 hadde så omfattande unntak at forordninga «med noen forbehold kunne forbli positiv norsk rett fram til den nye straffeloven kom i 1842».7

Slik står to hovudsynspunkt mot kvarandre om forholdet mellom § 100 i Grunnlova og forordninga av 27. september 1799.

Ein viktig grunn til at dette siste synet står så sterkt som det gjer, er at ein grunnlovsparagraf etter vanleg jus ikkje kan brukast som om den var ein straffelovsparagraf med forbod som ein tiltalt kan kjennast straffskyldig etter. Ifølgje jurist Anine Kierulf, som har arbeidd mykje med ytringsfridomsspørsmål, inneheldt § 100 i 1814-grunnlova slett ikkje forbod. 8 Ei grunnlov reknar berre opp dei prinsipielle rettane til borgarane, som trykkefridom i § 100, mens dei konkrete lovforboda som regulerer bruken av rettane, blir formulerte i den positive retten, i betydninga den lovgivinga ein domstol kan hente heimel for ein dom frå. Johs. Andenæs slår òg i si bok om den norske statsforfatninga fast at «grl. § 100 ikke selv gir hjemmel for å straffe de misbruk av trykkefriheten den tar sikte på i 2. punktum. Hjemmelen for straffbarhet må alltid søkes i den alminnelige straffelovgivning».9

Jusprofessor Eirik Holmøyvik peikar likevel på at § 94 faktisk hadde som konsekvens at Grunnlova av 1814 straks måtte gjelde som positiv rett.10 Korleis skulle den elles kunne bestemme om eit gammalt lovbod framleis gjaldt? Norge var det andre landet i verda der prinsippet om grunnlova som positiv rett kom inn i bildet, etter USA, og det gjekk lang tid før andre land følgde etter, når vi ser bort frå det særtilfellet at den svenske trykkefridomsforordninga alt frå 1810 hadde status som både grunnlov og positiv rett. Årsaka til at Norge og USA skilde seg ut, var at begge grunnlovene vart vedtatt i ein ekstraordinær situasjon utan eit alminneleg lovverk som harmonerte med dei. Jusprofessor Eivind Smith skriv at ei naturleg følgje av prinsippet var at Grunnlova «om nødvendig måtte settes foran loven,11 i denne ekstraordinære situasjonen altså «om nødvendig» framfor forordninga av 27. september 1799. Smith tenker nok her primært på prøvingsretten, retten domstolane har til å avgjere om ei lov vedtatt av Stortinget strir mot Grunnlova, der Grunnlova som overordna norm avgrensar kor langt ei lov kan gjelde. Spørsmålet er om prinsippet òg kunne tilllate at ein grunnlovsparagraf erstatta ei oppheva straffelov frå før 1814. Kva skulle ellers gjelde der ei eldre lov var oppheva utan at ei anna nyare lov fanst?

Overfor lover frå det gamle lovverket var det vel å merke ikkje den såkalla prøvingsretten som var verksam, inntil 2015 ein konstitusjonell sedvanerett utan uttrykkeleg heimel i Grunnlova. Opphevinga av lovbod frå før 1814 var direkte heimla i § 94, og i motsetning til prøvingsretten, som bygger på lex superior-prinsippet, at Grunnlova står over alle alminnelege lover, oppheva § 94 gamle lover frå før 1814 også etter lex posterior-prinsippet, at nye lover gjaldt framfor gamle. Ei gammal lov måtte ganske enkelt vike dersom ei ny norsk lov dekte det forholdet den gjaldt for. Da vart den gamle utan vidare sett på som oppheva og ugyldig som lovheimel, utan at det måtte finnast noka formell avgjerd om det; den måtte «umiddelbart tabe Gyldighed».12 Dei lovboda i 1799-forordninga som fram til 1814 hadde bestemt grensene for trykkefridommen, trong derfor ikkje å bli eksplisitt vurderte av domstolane på den måten § 4-1 i lov om Røros koparverk vart i ein høgsterettsdom av 6. desember 1822, den første av dei to gongene prøvingsretten kan seiast å ha vore utøvd i perioden fram til 1842. Lovboda kunne vere oppheva uansett.

Paragraf 100 var både lex superior og lex posterior, og 1799-forordninga var kandidat til å måtte vike både som eldre lov og som underordna lov, slik at dei nye grensene i § 100 kunne ta dei gamles plass som positiv rett, slik Nils Rune Langeland meiner skjedde. Med Eirik Holmøyviks ord: «Dersom grunnlova var ein del av den positive retten, så var det òg naturleg at domstolane handheva dei rettane som denne gav individet.»13

Skulding om nepotisme

La oss så sjå på prosessmåten i den aller første trykkefridomssaka som nådde endeleg dom i Høgsterett. Dommen der fall 10. mai 1817 i ei sak den norske regjeringa i mars 1815 hadde reist mot bonde Ole Wernsen Klungseth frå Nes på Hedemarken.

I den historiske litteraturen er Klungseth kjent frå rettsoppgjeret etter bondetoga mot Christiania i 1818. For rolla si som agitator under storbonde og hovudtiltalt Halvor Hoel, også han frå Nes, vart han i 1826 dømt til fengsel og sakskostnader på svimlande 697 spesidalar og 99 skilling, fleire årslønner for ein vanleg mann, som kosta han garden.14 I 1814 hadde han elles vore medunderskrivar av eit grunnlovsforslag til riksforsamlinga på Eidsvoll frå Hedemarkens fogderi, også det initiert av Halvor Hoel.15

Klungseths synd var dette anonyme lesarinnlegget i Christiania Intelligentssedler:

Da man vistnok kan gjøre sig fuldkommen Haab om, at vor nye Regjering ei vil tillade nogen Uretfærdighed, saa maae det herved tillades at anmærke et sjeldent Tilfælde: at en i Søndenfjeldske Dragonregiment staaende Lieutnant er bleven foretrukket tvende af sine Formænd baade som Ritmester og Compagnie-Chef, og begge hans Formænd endnu maae staae tilbage som Lieutnanter. Dette ønskes af kyndige Mænd offentlig besvaret, om saadant stemmer overeens med Retfærdighed og med vor nye antagne Constitution; eller maaskee det kan ansees for rigtigt, da det er Regiment-Chefens kjære Stedsøn. Det var ei godt skulde Regimenterne være fyldte med mange saadanne kjære Stedbørn. Hvilken himmelraabende Uretfærdighed, om denne Tilsidesættelse havde rammet en fattig Mand med stor Familie, som havde bygget sit hele Haab paa sin Fremtids Lykke i den militairiske Løbebane!16

Garden Klungset i Nordbygda på Nes, som Ole Wernsen Klungseth seinare måtte selje på auksjon etter i 1826 å ha vorte idømt skyhøge sakskostnader av Høgsterett for sin del i bondeopptøyane i 1818. I trykkefridomssaka regjeringa reiste mot han i 1815, vart han derimot frikjent.

(Foto: Digitalt Museum / ukjent fotograf)

Her skulda han regimentssjefen i Søndenfjeldske Dragonregiment, generalmajor Knud Andreas Gyldenstierne Meyer, for nepotisme, å ha gitt avansement til stesonen Johan Fredrik Næser i strid med ansiennitetsreglane. Det var ei opplagt ærekrenkande skulding: Dersom den var sann, var generalmajor Meyer beviseleg ein mann utan ære, og var den usann, var Ole Wernsen Klungseth ein ærekrenkar som fortente straff etter lovene. Det måtte bli rettssak.

Eit avansement med forviklingar

Dei to som var forbigått, var premierløytnantane Bielefeldt og Hoel, begge med lengre ansiennitet enn Næser. Det var saka til Hoel Ole Wernsen Klungseth hadde tatt mål av seg til å prosedere i avisinnlegget. Denne premierløytnanten er i norsk historie betre kjent som proprietær Jacob Hoel på Hovinsholm gard på Helgøya i Ringsaker, bror til Halvor Hoel og ein sentral opposisjonspolitikar på stortinga i 1818 og 1821, på det siste som ein av dei to leiarane for «det Flor-Hoelske parti».

Men han var òg ein erfaren offiser. Jacob Hoel hadde vorte opptatt i det militære som korporal mens han studerte til veterinær i København i 1793–1798. Etterpå tenestegjorde han som fekte- og ridelærar ved Det norske militaire Institut i Christiania. Så vart han kornett, dvs. fenrik, i Oplandske nationale Dragonregiment i 1799, men gjekk ut av aktiv teneste for å gjenoppbygge den tidlegare slektsgarden Hovinsholm, som han kjøpte i 1800. I 1803 kom han i aktiv teneste att som sekondløytnant i Søndre Totenske Kompagni og avanserte i 1811 til premierløytnant.

Hoel følte seg krenkt og forbigått ikkje berre av at Meyer hadde innstilt til regjeringa at stesonen Næser skulle få den ledige stillinga som rittmeister og kompanisjef, men òg av at Meyer i innstillingsbrevet hadde innstilt premierløytnant Bielefeldt til formell ansiennitet som rittmeister, slik at han seinare kunne stå for tur til reelt avansement. Hoel meinte at også han burde ha fått formell ansiennitet. Da oversjåinga gjekk opp for Meyer, skreiv han i eit brev til Hoel at dette var «en Forglemmelse, som gjør mig meget ondt».17

Men pipa fekk ein annan lyd etter at innlegget til Ole Wernsen Klungseth ei veke etterpå hadde stått på trykk i Christiania Intelligentssedler. Sjølv om Klungseth tok på seg ansvaret for det anonyme innlegget slik at det var han det måtte reisast sak mot, var det ikkje vanskeleg å forstå at Jacob Hoel sjølv stod bak. Da Hoel like etter søkte departementet direkte om å få same formelle ansiennitet som Bielefeldt, møtte han ei kald skulder: Han var ikkje kvalifisert til avansement før han hadde avlagt eksamen ved kavaleriets ekserser- og rideskule.

Jacob Hoel følte avslaget frå departementet som ei tredje krenking. Denne underoffisersskulen for kavaleriet var oppretta i 1807, og visst var det tre år etterpå gått ut ordre om at alle ståande kavalerioffiserar måtte ha avlagt eksamen der før dei kunne komme på tale til avansement. Men da Jacob Hoel stilte opp i 1811, fritok statthaldaren, prins Frederik av Hessen, han for å ta underoffiserseksamen mot at han på vegner av Selskabet for Norges Vel tok på seg å arbeide med å utvikle nye metodar i landbruket, ei sak Hoel brann for, og han gjekk atter ut av aktiv teneste. Da han i 1812 likevel vart innkalla til ekserser- og rideskulen, minte han dei om fritaket.18 Generalkommandoen – og prins Frederik av Hessen – bestemte da at det berre kunne gjelde for eitt år til. Jacob Hoel var dermed pliktig til å melde seg ved skulen i 1813, eit påbod som beviseleg aldri vart gjort kjent for han.19 Det var derfor han i 1815, i motsetning til premierløytnant Næser, stod utan den påkravde eksamenen, og generalmajor Meyer oppgav no denne mangelen som grunn for at Hoel ikkje hadde komme i betraktning til den ledige rittmeisterstillinga i kompaniet.

Men premierløytnant Bielefeldt hadde heller ikkje avlagt nokon eksamen, sjølv om han hadde fått innvilga formell ansiennitet som rittmeister. I tillegg hadde generalmajor Meyer både før og etter avansementet til stesonen innstilt offiserar utan eksamen til avansement, og regjeringa hadde utan vidare godkjent dei. Kravet om eksamen hadde aldri vore praktisert i regimentet og vart brukt som forklaring først da Jacob Hoel hadde blamert seg gjennom det gjennomsiktige arrangementet med avisinnlegget til bonde Ole Wernsen Klungseth. Kva som var rett og sant i denne saka, kunne sanneleg ikkje vere lett å avgjere for ein dommar.

Forsettleg og openbart

Det kan synast pussig at regjeringa reiste straffesak mot Klungseth for ei personleg ærekrenking mot generalmajor Knud Andreas Gyldenstierne Meyer. Men saka regjeringa reiste, gjaldt ikkje forholdet mellom Klungseth og Meyer. Generalmajor Meyer måtte sjølv reise privat ærekrenkingssak mot Klungseth for å kunne bli reinvaska. Det var nemleg kongen og regjeringa som utnemnte offiserar i hæren, ikkje regimentssjefen, som berre foreslo kandidatar. Når Klungseth i avisinnlegget antyda at det ved dette avansementet hadde skjedd ei «himmelraabende Uretfærdighed», var det ifølgje tiltalen regjeringa han klandra og viste ringeakt.

Tankegangen var typisk for rettsforståinga under det tidlegare eineveldet. Da sprang alle forhold i samfunnet ut frå kongen, og den som ytra kritikk, ramma kongen same kva saka gjaldt, og risikerte dom for å ha fornærma majesteten. Men under det nye konstitusjonelle kongedømmet stod kongen i ei anna stilling. Han var som leiar for regjeringa si berre ei av tre konstitusjonelle makter. Spørsmålet tiltalen reiste, var om § 100 hadde innført eit nytt rettsprinsipp for slike forhold, eller om den gamle praksisen framleis skulle gjelde. Altså: Kunne Klungseth ha ramma regjeringa når det var regimentssjefen orda hans sikta mot? Det var duka for eit første oppgjer mellom den gamle og den nye rettsordenen.

Det denne tiltalen støytte an mot i § 100, var orda som i samtida vart oppfatta som sjølve kjerneuttrykket i den nye rettsordenen, og som gav kraft til trykkefridomsparagrafen, at ei ytring måtte vere forsettleg og openbart ulovleg for å kunne straffast. Det var ikkje ordet forsettleg som var nytt i 1814. At eit brotsverk måtte vere forsettleg for å vere straffbart, var eit gammalt prinsipp. Det nye var ordet openbart. Det betydde at ei ytring kunne vere straffbar berre dersom den ordrette meininga, utan fortolking, var lovstridig.

Ordet var avleidd av eit uttrykk i ei prinsippformulering den danske presten og trykkefridomsforkjemparen Michael Gottlieb Birckner lanserte i ei bok om trykkefridommen i 1797: Berre ei direkte oppfordring til opprør burde vere straffbar.20 Det straffbare måtte da gå direkte, dvs. innlysande, fram av orda som var brukte. Dette argumenterte motdebattanten hans i den oppsiktsvekkande diskusjonen den gongen, jusprofessor Johan Frederik Wilhelm Schlegel, heftig imot: Indirekte oppfordringar var minst like farlege for staten og samfunnet som dei direkte, hevda han, og måtte straffast like hardt.

Da Sverige i 1810 i oppgjeret med regimet til den avsette Gustav 4. Adolf innførte ei heilt ny trykkefridomsforordning, var det Birckners tanke som vart innarbeidd, og den bidrog sterkt til å gi forordninga det liberale preget den fekk. Der vart også ordet openbart brukt for første gong i ei trykkefridomslov. Men både det og liknande Bircknerske ord vart effektivt fjerna da Karl Johan like etterpå tok over som regent og på ein grunnlovsstridig måte stramma inn den svenske forordninga.21 Alt dette kjente Falsen og konstitusjonskomiteen på Eidsvoll godt til,22 og dei valde bevisst Birckners linje framfor Schlegels. Med det ville dei gjere slutt på at ein dommar kunne vri og bende på orda i ei ytring for å presse ei lovstridig meining ut av dei etter makthavarane sin vilje.

Historikar Kristian Holen Nymark skriv i ein artikkel i Heimen nr. 4 2018 at det var «Schlegels mer moderat-konservative syn på en innskrenket trykkefrihet som vant frem i Norge», framfor Birckners syn.23 Det stemmer når det gjeld Birckners ytterleggåande syn på kva for nokre område det skulle vere fritt fram å ytre seg krenkande og usant på. Men på dette vel så sentrale punktet, kva slags ytringar som kunne vere straffbare, vann Birckners radikale syn fram. Han hadde ei høg stjerne på Eidsvoll, blant andre var Christian Magnus Falsen ein beundrar av «denne al fornuftig Friheds sande Ven og Forfægter».24

Som regjeringsadvokat Hans Christian Petersen forklarte det i sin berømte forsvarsprosedyre i riksrettssaka mot statsminister Severin Løvenskiold i 1836: Med forsettleg og openbart ville statsforfatninga «at Straf alene skulde kunne anvendes der, hvor Bedømmelsen af det, som gjør Handlingen til en Forbrydelse, falder indenfor den simple Menneskeforstands Sphære og fornuftigviis ikke tillader mere end een Fortolkning».25

Spørsmålet er så om domstolane oppfatta dette som ein del av den positive retten dei kunne hente heimel frå i avgjerda om ein tiltalt var skyldig eller uskyldig, eller om dei måtte hente heimel i ein paragraf i 1799-forordninga.

Strategien til forsvar og aktorat

For Ole Wernsen Klungseth og forsvararen hans var saka klar: Forsvarsstrategien deira bygde utelukkande på dei sentrale elementa i § 100: for det første at skuldinga hans mot generalmajor Meyer var sann og etter § 100 aldeles straffri, og for det andre at dersom skuldinga likevel skulle bli funnen usann, så var den verken forsettleg eller openbart retta mot regjeringa, slik at ytringa uansett ikkje vart ramma av aktors tiltale. Ordlyden i 1799-forordninga vart ikkje tatt opp i forsvarsinnlegga deira. At § 100 åleine bestemte dei forboda som gjaldt som grenser for trykkefridommen, ytra dei ikkje tvil om.

Det same stod òg klart for regjeringa, som når den reiste ei trykkefridomssak, peika ut «hvilke af de i Grundlovens § 100 forbudte Handlinger» tiltale skulle reisast etter.26 Det var forbodet i § 100 mot ringeakt mot ei konstitusjonell makt Klungseth var tiltalt for å ha brote. Derfor nemnte heller ikkje aktoratet 1799-forordninga før det kom til påstanden om straffeutmåling: Som straff for ringeakt mot regjeringa fortente Klungseth landsforvising etter § 2 i forordninga av 27. september 1799, ei frykteleg straff for ein bonde frå Nes.

No var § 2 var ein av dei paragrafane Frederik Stang i boka si frå 1833 hevda var openbart oppheva av § 100.27 Men det var forbodet i paragrafen Stang sikta til. Det var nemleg ikkje slik at enten alt eller ingenting i ein gammal paragraf måtte vere oppheva. Ut frå § 94 i Grunnlova kunne det leddet som utgjorde forbodet i ein paragraf, vere sett ut av kraft, samtidig som det leddet som formulerte straff, framleis gjaldt. § 100 kunne nok ta over funksjonen med å avgjere straffskyld, men anviste ikkje sjølv straffer, så den funksjonen til 1799-forordninga kunne den ikkje tre inn i.28 Etter eit slikt mønster ville det vere muleg for dommaren først å gå til § 100 for å avgjere om ein tiltalt var skyldig, og dersom ei grense der var broten, å gå til den paragrafen i 1799-forordninga som likna mest på det lovbrotet som var skjedd, og utmåle ei passande straff etter analogi av forordningsparagrafen, som var det vanlege uttrykket ved ein slik domsmåte.

Vi ser her at både forsvar og aktorat i tingretten følgde ein strategi som harmonerer med det synet Nils Rune Langeland hevdar, at forboda i 1799-forordninga var oppheva og erstatta av dei i § 100 – men altså åtte år før Langeland meiner at Høgsterett såg på det som gjeldande rett.

Unknown

Den kjente stortingspolitikaren Jacob Hoel, som stod bak lesarinnlegget som førte til at Ole Wernsen Klungseth vart dratt for domstolane. Hoel var òg premierløytnant ved Søndenfjeldske Dragonregiment, og kjente seg krenkt da han vart forbigått ved eit avansement.

(Ukjent kunstnar)

Tingrettsdommen

Dommaren som på garden Stolpestad i Ringsaker 2. november 1815 avsa den aller første underrettsdommen etter 1814 i ei trykkefridomssak reist av det offentlege, var sorenskrivar Erik Gløersen i Nord-Hedmark sorenskriveri, ein 64 år gammal eineveldets tru tenar gjennom eit langt sorenskrivarliv i fleire sorenskriveri på Austlandet.

For han var saka opplagt: Når Ole Wernsen Klungseth hadde kvesst pennen og skulda ein regimentssjef for å ha handla himmelropande urettferdig ved urettmessig å ha forfremma sin eigen steson, så var det konge og regjering pennesplitten sikta mot. Han hadde vist ringeakt mot ei konstitusjonell makt. For sorenskrivaren i Nord-Hedmark gjaldt prinsippet frå einevaldstida enno, at å klandre ei offentleg innretning var å klandre konge og regjering for urettferd.

Formuleringa i dommen viser tydeleg kva for ei lov han hadde vurdert straffskyld etter: Klungseth måtte «blive at straffe efter Gundlovens §. 100 og Forordningen af 27de September 1799».29 Her er rettsgrunnlaget for å kunne idømme straff faktisk plassert i § 100 og heimelen for straffeutmålinga i 1799-forordninga, noko som stemmer godt med det som vart drøfta under rettsforhandlingane. Det sorenskrivar Erik Gløersen ikkje gjorde, var å vurdere Klungseths forsett eller om ytringa hans openbart retta seg mot regjeringa. At dette kunne vere viktige uttrykk i den nye rettsordenen, rekna han tydelegvis ikkje med.

Å landsforvise bonden frå Nes veik Gløersen likevel tilbake for. I dommen skreiv han at «Tiltalte af Enfoldighed, har ladet sig forlede, i Uvidenhed om Følgerne» – av Jacob Hoel, må vi tru. Han nøgde seg så med å dømme Klungseth til ei arbitrær, dvs. skjønnsmessig, pengemulkt på 100 riksbankdalar sølvverdi30 etter § 12 i 1799-forordninga. I tillegg måtte Klungseth svare for alle sakskostnader, til saman 120 riksbankdalar, totalt eit betalingskrav på 220 riksbankdalar.

Det var ingen liten sum. Ei vanleg årslønn for ein offentleg tilsett i underordna stilling den gongen var 200–400 riksbankdalar.31 Mulkta og sakskostnadene var såleis eigna til å knuse ein allmugemann – om han da ikkje var så heldig å ha ein velyndar som proprietær Jacob Hoel på Hovinsholm gard. Alternativet til å betale var å sone som «Extraarbeider […] i den Fæstning, som af Militairetaten bestemmes»32 til mulkta var å sjå på som nedbetalt.

Men dommen vart aldri rettskraftig. Begge partar anka.

Unknown

Unknown

Partsinnlegget Klungseth la fram for Akershus stiftsoverrett, og som var skyld i at han vart mulktert, enda han vart frikjent for trykkefridomsbrot.

Klungseth-saka i overretten

I Akershus stiftsoverrett var aktor og forsvarar frå tingrettssaka skifta ut med juristar med rett til å føre saker for overretten. Aktor var høgsterettsadvokat Nils Aars, som seinare, i 1830, vart dommar i Høgsterett. Tiltale og straffepåstand var som i tingretten; Aars endra ingenting, og heller ikkje han førte inn 1799-forordninga anna enn som ei straffekjelde for brot på forbodet i § 100 mot å vise ei konstitusjonell makt ringeakt.

Forsvararen, overrettsprokurator Ole Arndtsen, uttrykte seg i sitt rettsinnlegg svært tydeleg om § 100, som etter hans oppfatning «for Øjeblikket formeentligen er vores eeneste Trykkefriheds Lov»,33 utan å bli motsagt av høgsterettsadvokat Aars. Arndtsen la vekt på at «de Tilfælder, § 100 i Grundloven omtaler som strafværdige, langt fra kan anvendes paa Angieldende, der, ved det paaankede Avertissement, ej kan siges hverken direkte eller indirekte at have viist Ringeagt mod de constitutionelle Magter eller fremført falske Beskyldninger mod Nogen», og at «Trykkefriheds Forseelserne skal, naar de skal kunne paatales, være forsætligen og aabenbare, hvilke Betingelser i al Faldmangle in casu».34

Akershus stiftsoverrett følgde i dommen av 6. mai 1816 opp dette og gjorde det sorenskrivar Erik Gløersen i Nord-Hedmark sorenskriveri hadde hoppa bukk over i sin tingrettsdom: Den konkretiserte kva prinsippet forsettleg og openbart i § 100 måtte bety. Når det i retten vart hevda ulike syn på om Klungseth hadde sikta til regjeringa eller regimentssjefen med skuldinga si om ei himmelropande urettferd, måtte han sjølv ha rett til å erklære «hvilken af dem der indeholder den tilsigtede Mening».35 Det hadde Klungseth gjort alt i det første tingrettsmøtet og erklært at han hadde meint generalmajor Meyer. Noko anna kunne heller ikkje lesast ut av uttrykka i innlegget. Ole Wernsen Klungseth vart blankt frifunnen av overretten.

Her ser vi at ikkje berre aktor og forsvarar rekna § 100 som einaste heimel i skyldspørsmålet, men også dommarane ved Akershus stiftsoverrett; 1799-forordninga vart ikkje nemnt. Når overretten seinare same år fekk grunn til å nemne den i ein dom i ei av dei andre trykkefridomssakene regjeringa hadde reist, var det for ettertrykkeleg å erklære at «Forordningen 27de Septbr. 1799 saaledes, forsaavidt den bestemmer Straf for Trykkefrihedens Misbrug, ligesaalidt, som naar den foreskriver vilkaarlige Indskrænkninger i Frihedens Brug, kan antages at være giældende».36 Det var ingen tvil om kvar Akershus stiftsoverrett stod. Den meinte altså at til og med straffene i 1799-forordninga var oppheva, dvs. at alle straffer for misbruk av trykkefridommen inntil vidare måtte utmålast såkalla arbitrært, etter domstolens frie skjønn.37

Klungseth fekk likevel svi. Sjølv om han var frikjent for tiltalen om å ha misbrukt trykkefridommen, idømte overretten han ei bot på 50 riksbankdalar. Grunnen var at den stridslystne bonden frå Nes hadde levert eit eige hissig partsinnlegg der han dundra laus på generalmajor Meyer og kravde at overretten skulle dømme han «for urigtig Embedsførelse» og til å betale Klungseth ei kraftig erstatning for å ha dratt han inn i denne urimelege rettssaka.38 Fordi han på denne måten hadde forlangt dom mot generalmajor Meyer, sa overretten at den måtte vurdere om skuldinga om urett embetsførsel var sann.

Det var den ikkje. Beviset for det var ifølgje retten at departementet hadde avslått Jacob Hoels søknad om formell ansiennitet som rittmeister fordi han utan avlagt underoffiserseksamen var ukvalifisert – altså den søknaden Hoel hadde sendt etter at han alt var blamert av avisinnlegget til Klungseth.39

Men denne mulkteringa var ein prosessuell feil. Overrettssaka var ei ankesak, og andre instans kunne berre pådømme forhold første instans hadde pådømt. Sorenskrivar Erik Gløersen hadde dømt Klungseth for å ha vist ringeakt mot ei konstitusjonell makt, ikkje for forholdet hans til generalmajor Meyer, så overretten kunne ikkje dømme Klungseth for skuldinga hans mot regimentssjefen. Det var derfor Klungseths anke til Høgsterett ikkje vart avvist, enda mulkta på 50 riksbankdalar var berre ein fjerdedel av ankegrensa der. Høgsterett såg det som si oppgåve å rette opp feilen.40

Høgsterettsdommen

Dommen i Høgsterett av 10. mai 1817 var einstemmig: Klungseth var å frifinne. Det fanst ingen «Fornærmelse mod Regieringen» i avisinnlegget hans; starten på innlegget «viiser endog det modsatte, ligesom man lettelig kan tænke sig at den ene Officier kan foretrækkes den anden efter Chefens Forestilling, uden Regieringens Skyld».41 Å klandre ein embetsmann for urettferd var ikkje å klandre regjeringa for det same.

Til grunn for frifinninga låg § 100: «Grundl. § 100 hiemlet derfor Ole Verntzen Tilladelse at giøre Regieringen opmerksom paa saadanne Misligheder.»42 Høgsterettsdommar Andreas Arntzen uttrykte stemninga blant dommarane godt da han erklærte at «Actionen er ubeføjet».43 Og som høgsterettsjustitiarius Johan Randulf Bull peika på, sa det seg sjølv at når Klungseth no var frifunnen, ville «Omkostningerne falde det Offentlige til Last».44 1799-forordninga vart ikkje dratt inn i saka av Høgsterett heller.

Det hører med i dette bildet at alle dei fire sakene regjeringa reiste i 1814–15, enda med fullstendig tap for påtalemakta. I den eine gav regjeringa seg etter ein knusande overrettsdom, mens dei tre andre vart anka til Høgsterett. Grunngivinga for dei fire frifinningane var § 100, og sentralt i dei alle stod uttrykket forsettleg og openbart.

Unknown

Dommen i Nord-Hedmark tingrett 2. november var den første dommen i ei trykkefridomssak i Norge etter 1814, avsagt av sorenskrivar Erik Gløersen. Sorenskrivaren var av den gamle skulen reist av det offentlege i Norge, og dømte Klungseth for ringeakt mot ei konstitusjonell makt.

Konklusjon

Denne saka antydar at det er Nils Rune Langelands syn som best treffer rettspraksisen i trykkefridomssaker etter 1814, eit syn han har bygd på ein gjennomgang av andre rettsprosessar enn Klungseth-saka, som ikkje har vore behandla i faglitteraturen før her i denne artikkelen.

Ein slik dokumentasjon manglar frå dei som hevdar at forboda i 1799-forordninga fortsette å gjelde ved domstolane fram til straffelova av 1842. Synspunkta til så vel Ytringsfridomskommisjonen som Odd Arvid Storsveen, Lars Björne og Kjetil Jakobsen er lagt fram så godt som utan referansar til samtidige kjelder til rettsprosessar og rettspraksis. Vel finst det referansar hos f.eks. Björne til høgsterettshistorikar Guthorm Hallager, som i si jubileumsbok frå 1915 opplyser at tiltalen i to av sakene frå 1815 var tatt ut etter 1799-forordninga.45 Men ein gjennomgang av rettsdokumenta denne artikkelforfattaren har gjort som ein del av eit større arbeid om desse spørsmåla, viser at tiltalen var reist for brot på § 100 i Grunnlova i den eine saka og på §§ 5 og 100 i den andre, og at dommarane slo dette lovgrunnlaget ettertrykkeleg fast i dommane sine.

Det best dokumenterte synspunktet er inntil vidare det til Nils Rune Langeland, at forboda i 1799-forordninga var å rekne som oppheva og erstatta av § 100 i Grunnlova som gjeldande rett. Klungseth-saka – og dei tre andre sakene frå same tid – antydar til og med at dette var rettspraksis alt frå første stund, åtte år før 1823, tidfestinga til Langeland. Eit enda betre grunnlag til å vurdere dette vil føreligge når det større arbeidet blir publisert, der alle dei 17 sakene regjeringa reiste i perioden 1814–1842, blir gjennomgått.

«En stor Opmuntring for den simple Mand»

Nes-bonde Ole Wernsen Klungseth kunne juble: Etter ein meir enn to år lang rettsprosess var alle bører i straffesaka frå 1815 løfta av skuldrene hans. I eit triumferande innlegg i Christiania Intelligentssedler meldte han til «mine Velyndere» at han hadde vunne saka, «hvilket vel heller ikke paa mine saa soleklare Beviser kunde blive anderledes».46 Dette var «en stor Opmuntring for den simple Mand, at Retfærdighed ikke skee paa Stand og Vilkaar, kun paa Ret og Beviser».

Sigeren vart feira med eit storslått kalas heime hos hovudvelyndaren, proprietær og premierløytnant Jacob Hoel på Hovinsholm gard,47 som nok var like glad som Klungseth for at han slapp å dekke mulkter og sakskostnader. Ekkoet av jubelen over punsjglasa lydde slik i eit anonymt lesarinnlegg i Christiania Intelligentssedler kort tid etterpå:

Held Norge med en Høiesteret, der hævder den uindskrænkede Trykkefrihed! Held Nationen med en Høiesteret, der erkjender den Ubetydeligstes Fordringer, som Borger og Menneske, mod den i Rang og Ordener høie Embedsmand!48

At det verkeleg var ein ny rettstilstand i landet, ser vi av at dei frikjente i desse rettsprosessane utan frykt tillét seg å gå ut i avisene og hovere over sigeren over regjeringa, altså kongen, under fullt namn, og nokså fornærmande hevde at sakene var «anlagt uden Grund og Billighed», som ein av dei andre tiltalte skreiv.49 Hadde han prøvd seg på noko slikt i eineveldets tid, ville ei passande, altså hard straff venta han.

Kjelder og litteratur

Utrykte domstolskjelder

Domsprotokoll overretten 1816: Statsarkivet i Oslo, Oslo overrett, SAO/A-11134/F/Fc/Fca, Domsprotokoll 5, 19.12.1814–02.12.1816.

Nord-Hedmark tingbok 1815: Statsarkivet i Hamar, Nord-Hedmark sorenskriveri, SAH/TING-012/G/Gb/L0003A, Tingbok 05.12.1807–02.05.1816.

Overrettssak Klungseth 1816a: Statsarkivet i Oslo, Oslo overrett, SAO/A-11134/F/Fd/Fbd/L0155, Rettergang, Rettsbøker og saksmapper, Saksmapper I, «Sluttede saker» 1816–1816. No 28, Procurator Aars som Actor contra Ole Wærntsen Klungset. A: «Defensions-Indlæg for Ole Wærntzen Klungsæt ctr. Justitien». Upaginert. B: «Undertegnedes eget Indlæg i Anledning af Trykkefriheds Sag anlagt mod mig, for mit Avertissement i Christiania Intelligents-Seddel No 17 f.A.». Upaginert.

Overrettssak Klungseth 1816b: Statsarkivet i Oslo, Oslo overrett, SAO/A-11134/F/Fd/Fdb/L0159, Rettergang, Rettsbøker og saksmapper, Saksmapper I, «Sluttede saker» 1816–1816. No 179, Ole Wærntzen Klungset contr. Generalmajor von Meyer. «Tilsvar for Generalmajor Mejer». Upaginert.

Tingrettssak Klungseth 1815–16: Statsarkivet i Oslo, Oslo overrett, SAO/A-11134/F/Fd/Fdb/L0176, Rettergang, Rettsbøker og saksmapper, Saksmapper I, «Sluttede saker» 1818–1818. Sak 7/1818. Upaginert rettsakt, 53 sider.

Voteringsprotokoll Klungseth 1817: E/Eb/Ebb/L0003, Voteringsprotokoll 06.03.1817–04.09.1817: Aar 1817 Løverdagen den 10 May, Høiesterets Advocat Aars som Actor c: Ole Verntzen Klungseth.

Aviser og tidsskrift

Christiania Intelligentssedler, 28.02.1815, 30.05.1817, 06.06.1817.

Den Constitutionelle, 02.09.1836

Det Norske Nationalblad, 1815, hefte 1; 1816, hefte 2; 1818, hefte 11.

Litteratur

Andenæs, Johs. 1981: Statsforfatningen i Norge. Femte reviderte utgave. Oslo: Tanum-Norli.

Birckner, Michael Gottlieb 1797: M.G. Birckners samlede Skrifter. Første Deel. Om Trykkefriheden og dens Love. Andet forøget og forbedret Oplag. Kiøbenhavn: A. Soldins Forlag.

Björne, Lars 2018: Frihetens gränser. Yttrandefriheten i Norden 1815–1914. Oslo: Akademisk Publisering.

Boberg, Stig 1989: Carl XIV Johan och tryckfriheten 1810–1844. Göteborg.

Falsen, Christian Magnus 1814: Hvad har Norge at haabe, hvad har det at frygte af en Forbindelse med Sverrig, og under hvilken Betingelse kan denne Forening ene være ønskelig? Et par Ord til mine Landsmænd. Christiania.

Forhandlingsprotokoll 1814: Forhandlingsprotokol ført i Regjeringsraadet og Statsraadet Marts til Decbr. 1814. Kristiania: det norske Rigsarkiv, 1899.

Hallager, Guthorm 1915: Norges høiesteret 1815–1915. Første bind. 1815–1863. Kristiania: Aschehoug.

Holmøyvik, Eirik 2007: «Årsaker til utviklinga av prøvingsretten i Noreg og Danmark». Tidsskrift for Rettsvitenskap 5-2007.

Holmøyvik, Eirik 2015: «Utviklinga av prøvingsretten i Noreg», kapittel 16 i Eirik Holmøyvik og Dag Michalsen: Lærebok i forfatningshistorie. Oslo: Pax, s. 326–361.

Jakobsen, Kjetil A. 2016: Etter Charlie Hebdo. Ytringsfrihetens krise i historisk lys. Oslo: Forlaget Press.

Karl Johans brev 1816–1818: Karl Johans brev til riksståthållaren Mörner 1816–1818. Utgivna av Kungl. Samfundet för utgifvande af handskrifter rörande Skandinaviens historia genom Sofie Aubert Lindbæk. Historiska handlingar del 30 : 1. Stockholm 1935.

Kierulf, Anine 2018: «Unøyaktig historiefortelling». Klassekampen 21. september 2018.

Koht, Halvdan 1927: «Innledning», i Jaob Hoel (1927): Fra den gamle bonde-opposisjon. Brev og innlegg fra stortingene 1818, 1821, 1822 og 1833. Utgitt for Den Norske Historiske Forening ved Halvdan Koht. Oslo, s. 1–23.

Koht, Halvdan 1934: «Hoel, Halvor», i Norsk biografisk leksikon, bind VI. Oslo: Aschehoug, s. 163–169.

Kolstad, Gunhild 2004: Nes bygdebok. Andre bind. 4. del. Nes Historielag.

Langeland, Nils Rune 2005: Siste ord. Høgsterett i norsk historie 1814–1965. Bind I, 1814–1905. Oslo: Cappelen.

NOU 1999: «Ytringsfrihet bør finde sted». Forslag til ny Grunnlov § 100. Norges offentlige utredninger 1999:27. Oslo: Statens forvaltningstjeneste.

Nymark, Kristian Holen 2018: «Om Klapper-Slanger og statsborgerlige Skrighalse. Embetsmennene og den nye politiske offentligheten etter 1814». Heimen 4-2018.

Smith, Eivind 2003: «Grunnloven som lov og symbol». Føroyskt Lógarrit 2-2003.

Stang, Frederik 1833: Systematisk Fremstilling af Kongeriget Norges constitutionelle eller grundlovbestemte Ret. Christiania: J.P. Hoppes Forlag.

Storsveen, Odd Arvid 2010: «Ytringers frihet og ufrihet – et streiftog i norsk historisk praksis», i Hilde Sandvik (red.): Demokratisk teori og historisk praksis. Forutsetninger for folkestyre 1750–1850. Oslo: Scandinavian Academic Press, s. 223–241.

Stortingsforhandlingar 1818: Kongeriget Norges andet ordentlige Storthings Forhandlinger i Aaret 1818. Femte Deel, indeholdende Forhandlingerne i August Maaned. Christiania 1820.

1Det Norske Nationalblad 1815, hefte 1, s. 195.
2Stang 1833, s. 616.
3Langeland 2005, s. 205.
4NOU 1999, s. 40.
5Storsveen 2010, s. 225.
6Björne 2018, s. 394–395.
7Jakobsen 2016, s. 185.
8Kierulf 2018.
9Andenæs 1981, s. 374.
10Holmøyvik 2007, s. 719; Holmøyvik 2015, s. 331.
11Smith 2003, s. 89.
12Stang 1833, s. 616.
13Holmøyvik 2007, s. 729.
14Kolstad 2004, s. 624.
15Koht 1934, s. 165.
16Christiania Intelligentssedler nr. 17, 28.02.1815.
17Tingrettssak Klungseth 1815–16, s. [31].
18Sst., s. [28]–[29].
19Overrettssak Klungseth 1816b, s. [2]–[3].
20Birckner 1797, s. 208.
21Boberg 1989, s. 52–54.
22Falsen 1814, s. 16 og 21.
23Nymark 2018, s. 331, note 19. Nymark skriv òg i noten at trykkefridomsforkjemparen Matthias Conrad Peterson ikkje vann fram med sitt syn på trykkefridommen. Men om Peterson var Birckner-inspirert, så gjekk han slett ikkje så langt som Birckner og såg på § 100 som heilt ut dekkande for sitt syn. Og han vann fullstendig i alle tre rettsinstansar i den viktige rettsprosessen regjeringa førte mot han i 1821–23, der kjernen var nettopp synet hans på trykkefridommen.
24Falsen i Det Norske Nationalblad 1816, hefte 2, s. 71.
25Den Constitutionelle nr. 214, 02.09.1836.
26Karl Johans brev 1816–1818, s. 132.
27Stang 1833, s. 616.
28Sjå Christian Magnus Falsens utlegging av dette i Det Norske Nationalblad 1815, hefte 1, s. 195, og høgsterettsadvokat Jonas Anton Hielms utdjuping same stad, s. 217.
29Nord-Hedmark tingbok 1815, s. 388b.
30 Sølvverdi var den faste myntverdien målt i sølv. Det motsette var namneverdi, som var den varierande verdien på pengane som var i omløp. Riksdalaren som mulktene i 1799-forordninga var oppgitt i, hadde 2 lodd sølv. Riksbankdalaren som kom i 1813, hadde 1 lodd sølv, altså halvparten. 1 riksdalar = 2 riksbankdalar sølvverdi. Riksbankdalarane som var i omløp, sokk fort i verdi, slik at 1 riksbankdalar sølvverdi i 1816 tilsvarte 5 riksbankdalar namneverdi. Spesidalaren som vart innført i 1816, hadde atter 2 lodd sølv. 1 riksdalar = 2 riksbankdalar sølvverdi = 1 spesidalar.
31Forhandlingsprotokoll 1814 oppgir ei rekke slike årslønner.
32Nord-Hedmark tingbok 1815, s. 388b.
33Overrettssak Klungseth 1816a, A, s. [6].
34Sst.
35Domsprotokoll overretten 1816, s. 479a.
36Domsprotokoll overretten 1816, s. 605a.
37Dette synet kom ikkje til å få gjennomslag i praksisen ved domstolane.
38Overrettssak Klungseth 1816a, B, s. [2].
39Da forholda rundt søknaden vart undersøkt av ein komité i Stortinget i 1818, erklærte den at avslaget var ei krenking av Jacob Hoel. Grunngivinga for avslaget, at han mangla eksamen frå ekserser- og rideskulen, heldt ikkje. Ein slik eksamen trongst ikkje for å få formell ansiennitet, berre for eit reelt avansement i regimentet; Stortingsforhandlingar 1818, s. 434.
40Voteringsprotokoll Klungseth 1817, s. 178.
41Sst., s. 179.
42Sst.
43Sst., s. 180.
44Sst., s. 181.
45Hallager 1915, s. 80 og 102, note 1.
46Christiania Intelligentssedler nr. 43, 30.05.1817.
47Koht 1927, s. 8.
48Christiania Intelligentssedler nr. 45, 06.06.1817.
49Det Norske Nationalblad 1818, hefte 11, s. 239.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon