Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Eigarforhold i trøndersk sagbruksnæring 1610–1663

Ownership in the Trondheim sawmill industry 1610–1663
Lokalhistorikar og pensjonist

Kongen oppheva i 1618 forbodet mot sagbruksdrift på kongens grunn. Etter dette utvikla sagbruksdrifta i Midt-Norge (Trøndelag, Nordmøre og Romsdal) seg i løpet av få år til å bli det området i Norge med størst sagbordproduksjon. Fordi tidlegare studiar av sagbruksdrifta i Trøndelag ikkje har analysert produksjonstala, er omfanget av produksjonen ikkje tidlegare dokumentert. Trøndelag var ein utkant i sagbruksnæringa og dermed sårbar for konjunktursvingingar. Analysar av produksjonen avdekker desse konjunktursvingingane, som er viktige for å forstå utviklinga.Tidlegare analysar har basert seg på stikkprøvar omtrent kvart tiande år av talet på sager og kven som var sageigarar. Denne artikkelen utnyttar derimot heile datamaterialet om sagbruksdrifta i Trøndelag for perioden 1610–1663, slik ein finn det i lensrekneskapane. Artikkelen viser at datagrunnlaget i tidlegare analysar var altfor spinkelt til å dra generelle konklusjonar.Som eksempel kan nemnast at analysar av produksjonen gir andre svar på kven som var dei viktigaste sageigarane, enn ei opprekning av kor mange sager den enkelte sageigaren hadde. Vidare at parten bondesager ikkje gjekk ned fordi bøndene vart pressa ut av næringa, men som følgje av at bøndene stort sett hadde små sager med dårleg økonomi, og dermed ikkje tolte sterkare skattlegging og dårlege konjunkturar.

Nøkkelord: Sagbruk, oppgangssag, sageigar, konjunkturar, makeskifte

In 1618, the king repealed the ban on sawmill operation on the king's land. After this, sawmill operations in central Norway (Trøndelag, Nordmøre and Romsdal) developed within a few years to become the area in Norway with the largest sawmill production. Because earlier studies of sawmill operations in Trøndelag have not analyzed the production figures, the extent of production is not previously documented. Trøndelag was marginal in the sawmill industry, and thus vulnerable to cyclical fluctuations. Production analyses reveal these cyclical fluctuations, which are important for understanding developments.Earlier analyses have been based on sampling about every tenth year of the number of saws and who were saw owners. This article, on the other hand, utilizes the entire data on sawmill operations in Trøndelag for the period 1610–1663, as one finds in the Norwegian «Lensregnskap». The article shows that the data in earlier analyses were far too flimsy to draw general conclusions.As examples, it can be mentioned that analyses of production give different answers to who was the most important saw owner than did a list of how many saws the individual saw owner had. Furthermore, the proportion of farmer saws did not decrease because the farmers were squeezed out of the industry, but as a result of the farmers having mostly small saws with poor finances, who thus did not tolerate stronger taxation and poor business cycles.

Keywords: Sawmills, frame saw, saw owner, business cycles, property exchange

Innleiing

Før oppgangssagas tid var skogen ein ressurs som gardbrukarane rådde over enten dei var leiglendingar eller odelsbønder. Den var ein del av ressursane som hørte til ein gard. Som følge av dette er det naturleg at det var bøndene som stod for sagbruksdrifta i Norge i den første perioden på 1500-talet. Dei kunne hente tømmer i eigen skog, sette opp sag på eigen grunn og selje direkte til innanlandske og utanlandske trelastoppkjøparar.1

Oppgangssaga gjorde at verdien på skogen auka kraftig. Det førte snart til at gardeigarane kravde rettane til sagtømmeret og sagtomtene. Leiglendingane mista dermed denne retten og fekk konkurranse om tømmeret i eigen skog.

Kongen tok tidleg tak i dei nye mulegheitene som oppgangssaga gav, gjennom skattlegging, forkjøpsrett av tømmer og sagbord, avgrensingar på bygging av sager på kongens grunn og ved å ta grunnleige av sager som fekk bevilling på kongens grunn.

I 1587 kravde kongen at alle sagkverner på kongens og kyrkjas grunn som ikkje kongen sjølv brukte, skulle avskaffast og øydeleggast.2 Om ikkje før, så medførte i alle fall dette at rettane til tømmerskogen vart eintydig plasserte: Jordeigaren hadde rettane til sagtømmer og sagtomt.

Kongen stoppa det meste av sagbruksverksemda i Trøndelag i 1616 ved å forby alle sager på kongens og kyrkjas grunn i Norge.3 Forbodet varte ikkje lenge. I brev av 21. mars 1618 fekk dei tidlegare sagene i Trøndelag lov til å starte opp att, fortrinnsvis av dei tidlegare sageigarane, men med ei grunnleige på 20 riksdalar per sag.4 To månader seinare, i brev av 24. april 1618, vart forbodet oppheva for heile landet.5 Grunnleiga vart meir differensiert med 10, 15 og 20 riksdalar ut frå størrelsen på sagene/sagelvene (årgangssag, flaumsag og bekkesag). I eit brev i 1619 til lensherren i Trøndelag, Claus Daae, vart takstsystemet korrigert.6 Det står at sagene i sjøkanten er leigde ut til 10, 15 og 20 riksdalar, men oppe i dalane til 2, 3 og 4 riksdalar.

Den låge sagleiga oppe i dalane var nok eit grep for å opne store skogsområde for sagbruksdrift. Dette, saman med at det vart tillatt å bygge sager på kongens grunn, gjorde at alt låg til rette for ny fart i sagbruksdrifta i Trøndelag. I løpet av få år var Midt-Norge eit av dei viktigaste områda for sagbruksdrift i Norge.7

Eigarforholda i sagbruksnæringa i Trøndelag i første halvdel av 1600-tallet har vore omtalt i fleire bøker, men kjeldene har aldri vore utnytta i si fulle breidde. For det første har tidlegare undersøkingar berre bygd på stikkprøvar, omtrent kvart tiande år. Mykje viktigare er at det berre er talet på sager som er utnytta. Fram til 1644 og frå 1661 har kjeldene også opplysningar om produksjon, utan at dette er tatt inn i analysane.

Denne artikkelen utnyttar derimot heile datamaterialet om sagbruksdrifta i Trøndelag frå 1610 til 1663. Datamaterialet finn ein i hovudsak i to typer lister i lensregnskapa: Lister over sagskatt inngår som ein del av landskatten, mens det er egne lister over sagavgift for sager som stod på kongens grunn. I begge listene er opplysningane sortert etter fogderi. I skattelistene har ein oppgåver over produksjon/tiende fram til 1643 og frå 1661. Endringar i skattereglene gjorde at produksjon ikkje vart rapportert i perioden 1644–1660. Alle sager med produksjon er med, unntatt kongens sager, adelssager, og til dels sager som var fritatt for skatt. Sjølv om namnet på skattelistene endra seg over tid, var prinsippa for føring den same. Dei fleste sagene i Trøndelag stod på kongens grunn (inkludert kirkegrunn). Men sager på grunnen til Reins kloster var ikkje med i listen for sagavgift, og i ein periode var heller ikkje sager på Bakke klosters grunn tatt med. Den enkelte saga i kvar liste er identifisert og geografisk plassert, eigarane av sagene kvart år er identifisert så langt dette lar seg gjere, og både talet på sager og produksjon er brukt i analysane.

I kor stor grad vil så ei slik utnytting av det fullstendige kjeldegrunnlaget gje andre svar enn tidlegare undersøkingar? Eg vil spesielt fokusere på fem problemstillingar der eg kjem til andre konklusjonar enn det som frå før er akseptert kunnskap:

  • kven som var dei største og viktigaste sageigarane8

  • om den ekspansive jordegodspolitikken til ein del borgarar ikkje berre var kapitalplassering, men eit ledd i utbygginga av sagbruksnæringa9

  • om makeskifta med kongen frå 1615 og 50 år fram i tid i dei fleste tilfella var drivne av sagbruksinteresser10

  • om det var ei eksklusivering av sagbruksdrifta i denne perioden11

  • om bøndene vart pressa ut av sagbruksnæringa12

Tidlegare litteratur om temaet

Bjørn Sogner brukte mykje plass på sagbruksdrift i Midt-Norge i Trondheim bys historie, som kom ut i 1962.13 Hovudvekta blir lagt på dei viktigaste personane i næringa, med Casper Christoffersen i ei særstilling. Borgarar og embetsmenn med tilknyting til Trondheim eigde dei fleste sagene i Trøndelag, noko som er eit viktig poeng i ei bok om Trondheims historie. Få bønder var sageigarar, i motsetning til på Nordmøre og Romsdal.

Jørn Sandnes omtaler i 1971 sagbruksdrifta i Trøndelag over sju sider i boka Ødetid og gjenreising.14 Hensikten med omtalen er å analysere i kor stor grad sagbruksdrifta har betydning for gjenreisinga av Trøndelag etter seinmiddelalderen. Fokuset er i hovudsak på utviklinga i talet på sager, og kven som eigde og dreiv sagene. Undersøkinga baserer seg på stikkprøvar for seks år: skattelista for 1610, avgiftslista for 1620, skattelistene for 1630, 1638 og 1647 og avgiftslista for 1655, og han sette opp ein tabell over eigarar i 1620 og 1647.

Tabell 1.

Sagbrukseigarar 1620 og 1647.

EigargruppeTalet på sager 1620Talet på sager 1647
Bønder122
Borgarar, embetsmenn2869
Kan ikkje avgjerast56
Sum4577

Kjelde: Sandnes 1971, s. 328–329.

På grunnlag av denne tabellen konkluderer Sandnes: «Det som skjer, er da at bygdefolket i første halvdel av 1600-tallet presses ut av sagbruksnæringen.» Det er inga forklaring på kva han legg i uttrykket «presses ut». Ein kan også undre seg over at han avgrensar seg til to år som grunnlag for konklusjonen.

Han konkluderer også med at «Den ekspansive jordegodspolitikken til disse herrene var ikke bare ren kapitalplassering, men et ledd i utbyggingen av sagbruksnæringen».15

Audun Dybdahl gav i 1989 ut boka Jordeiendomsforhold og godseiere i Trøndelag, der sagbruksnæringa er vigd fem sider.16 Boka bygger til dels på framstillinga til Jørn Sandnes, med spesiell vekt på kven som eigde og dreiv sagene. Jørn Sandnes hadde tatt stikkprøvar frå seks år mellom 1610 og 1655. For å få klarlagt kven som eigde og dreiv sagene, undersøkte Dybdahl kjeldene frå 1610, 1630 og 1647. Han får fram at talet på bondesager hadde gått kraftig ned til 1630, men kva han legg i uttrykket «bøndene var presset ut», er vanskeleg å forstå.

I boka er det også eit kapittel om makeskifte mellom borgarar og offentlege institusjonar i perioden ca. 1600–1660.17 Han har delt framstillinga i to, før og etter 1630. I den første perioden er det fem makeskifte, eitt i Strinda og fire i Orkdal. Lagmann Jacob Pedersen hadde to makeskifte, orkdalsfogdane Hans Schøller og Otte Lorch eitt kvar og orkdalspresten Jon Jonsen eitt. Alle desse var aktive i sagbruksnæringa. Men er det nok til å konkludere med at «De kjente makeskifter i perioden 1615–30 synes i høy grad å være diktert ut fra den ekspanderende sagbruksnæringen»?

Mellom 1630 og 1660 har han funne 14 makeskifte, nokre like små som dei før 1630, men etter 1640 fleire større makeskifte som gjaldt rundt 50 eigedommar kvar. Han skriv: «De virkelig omfattende makeskiftene kommer omkring 1640, samtidig som det foregår en eksklusivering av sagbruksdriften.»18 Igjen var konklusjonen at sagbruksnæringa var drivkrafta: «sagbruksinteresser var drivkraften i de fleste tilfeller.»19

Sagbruksnæringa fekk fire sider i bind 2 av boka Trøndelags historie, som kom ut i 2005.20 Dette er ein litteraturstudie utan ny forsking, der det blir fokusert på utviklinga i talet på sager og kven som eigde og brukte sagene. Fordi boka er ein litteraturstudie, følger svakheitene frå tidlegare arbeid med. Heilt til slutt kjem det eit hjertesukk: «Dessverre er det ikke mulig å gi noen oversikt over tid med hensyn til hvor mye som ble skåret år om annet i de ulike fogderiene.»21 Det er nettopp slike oversikter eg har laga i arbeidet med denne artikkelen.

Sagbruksdrift og eigedomsforhold

Langt frå alle gardar kunne sette opp sagbruk. For det første måtte det finnast ein foss med ei eigna tomt for å sette opp sagbruk. For det andre burde det gå an å sette opp ein inntaksdam for å ha styring på vasstilførsla, helst også til å demme opp eit vatn for å kunne forlenge driftstida på saga. For det tredje måtte det vere tilgang til skog. Det var ca. 5700 bønder i Trøndelag i 1647,22 mens det i perioden 1617–1663 totalt var 277 ulike sager. Det seier seg derfor sjølv at dei fleste gardar ikkje hadde sag.

Kongen hadde kontroll over ca. 85 % av jordeigedommane i Trøndelag, men dreiv i liten grad sagbruk sjølv, toppen to sager. Borgarar, verdslege embetsmenn og bønder hadde kontroll på berre ca. 10 % av eigedommane.

For å få bygd ei sag måtte ein få løyve av jordeigaren. Det følgde da med rettar til å ta ut tømmer frå ein eller fleire eigedommar. Som betaling for dette måtte det betalast ei grunnleige for saga. Grunnleiga til kongen for sager på kongens eigedommar vart bestemt i eit kongebrev i 1619 til 10–20 riksdalar per sag ved kysten ut frå størrelsen på saga, og oppe i dalane til 2–4 riksdalar. Men ikkje nok med det: Kongen skulle ha denne grunnleiga sjølv om han berre hadde ein liten del av eigedommen, om saga tok tømmer frå kongens eller kyrkjas skogar, og om den eine enden av damstokken stod på kongens grunn. Kongen fekk den same grunnleiga uavhengig av produsert kvantum.

Inntekta frå grunnleiga gav kongen ikkje gjerne slepp på. Ved makeskifte av eigedom mellom kongen og private, der ei sagtomt gjekk over i privat eige, heldt kongen oftast saggrunnleiga unna makeskiftet.

Slik eigedomsforholda var i Trøndelag, skulle vi vente at dei fleste sagbruka stod på tomter som var eigde av kongen. Slik var det også, i 1647 hadde Kongen 103 av 157 sagtomter. Borgarar, embetsmenn og bønder eigde 17 sagtomter og kyrkje og geistlege resten. Det var berre ti tilfelle der sageigaren også var eigar av tomta: sju borgarar/embetsmenn og tre geistlege. Dette talet auka til 40 i perioden 1661–63, og 24 av desse kom av oppkjøp av eigedom. Av oppkjøpa kom éin frå ein bonde, 11 frå kongen, to frå kyrkja og resten internt mellom borgarar. Heile ni av eigedommane frå kongen var overtatt av Casper Christoffersen Schøller, den største borgarlege jordeigaren i Trøndelag på den tida.

Vi har her sett at eigedomsforholda gjer at det berre er kongen som kan ha avgjerande innverknad på utviklinga på eigarsida av sagbruksnæringa i Trøndelag.

Var den ekspansive jordegodspolitikken eit ledd i utbygginga av sagbruksnæringa?

Det har vore ei vanleg oppfatning at den ekspansive jordegodspolitikken til ein del borgarar ikkje berre var kapitalplassering, men eit ledd i utbygginga av sagbruksnæringa.23 Mine funn tyder på at det ikkje er tilfellet. Mange borgarar hadde både sagbruk og jordeigedommar. Sjølvsagt ville dei kombinere desse to måtane for formuesplassering og formuesoppbygging der dette lét seg gjere, men inntrykket mitt er at dette er to uavhengige metodar for formuesforvaltning. Dette bygger på tre forhold: Det var stor overkapasitet i sagbruksnæringa etter 1627, det var lite å hente økonomisk på å kjøpe ein eigedom med sagtomt, og eigedomsstrukturen i Trøndelag gjorde slik planlegging vanskeleg.

Eg skal i det følgande gjennomgå desse tre forholda.

Overkapasitet i sagbruksnæringa

Da sagbruksnæringa slapp fri i 1618/19, kom det ei rask utvikling. Etterspørselen etter sagbord var stor, ein var sikra avsetning. Det var god forretning i å få bygd seg sager, men dette varte ikkje så lenge. Alt frå 1627 kom ein lågkonjunktur, og i den største delen av perioden 1627–1660 gjekk sagene for halv maskin. Etter høgkonjunkturen mellom 1619 og 1627 finn vi berre tre andre høgkonjunkturar, 1642–43, 1649–52, og 1661–63.24

Dei fleste sagene vart bygde etter avtale med grunneigar, berre eit fåtal stod på eigen grunn. Slik eigedomsstrukturen var, var dette heilt naturleg. Det enklaste var jo å gjere det slik det faktisk skjedde: skaffe seg tilgang til sagtomt og tømmer gjennom avtale med grunneigaren. Det var liten grunn til å starte med den vanskelege prosessen å overta ein eigedom. Overfor bønder kunne det vere enkelt dersom bonden hadde økonomiske problem, men for dei andre gruppene er det vanskeleg å finne aktuelle pressmiddel.

Etter høgkonjunkturen i 1620-åra var det altfor mange sager i Trøndelag i forhold til etterspørselen. Mellom 1627 og 1660 var sjeldan over 50 % av produksjonskapasiteten utnytta. Dette kan illustrerast av kva som skjedde da sagene i Orkdal fogderi i 1656 vart nedlagde på grunn av gruvedrifta ved Løkken koparverk. Med eitt slag forsvann ca. 25 % av produksjonskapasiteten i Trøndelag. Likevel kunne sagene i Gauldal med det same erstatte produksjonen frå Orkdal utan at det vart bygd fleire sager.

Ein refleks av dette finn vi att hos den største sageigaren i perioden, Casper Christoffersen Schøller. Han starta berre to nye sager mellom 1630 og 1659, begge i Gauldal i 1651, altså midt under den eine høgkonjunkturen. I same periode overtok han derimot 14 sager frå borgarar og geistlege. Sjølv om det ikkje var god økonomi i å starte nye sager når etterspørselen var liten, så kunne det vere fornuftig å kjøpe opp dei eksisterande sagene til konkurrentane.

Etter 1656 var det tre faktorar som gjorde det attraktivt å starte nye sager. 25 % av produksjonskapasiteten i Trøndelag forsvann da sagene i Orkdal fogderi vart nedlagde i 1656; dei beste skogane i Romsdal og til dels på Nordmøre vart uthogne; og etter 1660 var det gode konjunkturar. I denne perioden vart det starta 88 nye sager i Trøndelag. Casper Christoffersen døydde i 1661, men han eller sønene hans starta åtte nye sager mellom 1656 og 1663. Dette var ein ny giv etter at dei hadde starta berre to nye sager mellom 1630 og 1656.

Eigedomsstrukturen i Trøndelag og makeskifte

Kongen var den dominerande jordeigaren i Trøndelag, med kontroll over 85 % av eigedommane. Kongen gav berre frå seg eigedom ved makeskifte, der motparten måtte gi dobbelt vederlag. Det vil seie at for å få kjøpt ein eigedom av kongen måtte ein som betaling gi kongen dobbelt så mykje eigedom. For den private parten i makeskiftet betydde dette redusert avkastning av eigedomsmassen. Det måtte derfor vere gode grunnar for å be om eit makeskifte. Eksempel på slike grunnar kan vere å få seg ein eigen odelsgard, få samla ein spreidd eigedomsmasse for å få forenkla eigedomsforvaltninga og å få kjøpt sagtomt og tømmerskogar.

Berre svært velhavande personar ville greie å få i stand eit makeskifte. Vi bør derfor vente at dei aller fleste som fekk i stand makeskifte, også var sageigarar. Og slik var det også, alle var sageigarar. Det er ei etablert oppfatning at makeskifta i første halvdel av 1600-talet var dikterte ut frå den ekspanderande sagbruksnæringa.25 Det blir ikkje peika på andre årsaker. Kan det vere korrekt?

Audun Dybdahl har gjennomgått makeskifta i perioden,26 og makeskifte for 13 personar er av interesse her.

Fem av makeskifta har eitt likskapstrekk: Formålet var å få ein odelsgard der ein budde, uavhengig av framtidig stand og stilling. Det gjaldt desse skifta:

  1. Hans Christoffersen var fogd i Orkdal med Gjølme som fogdegard. Han fekk garden ved makeskifte (etter sin død) i 1624. Det var ingen sagbruksinteresser knytte til garden. Audun Dybdahl skriv at Gjølme låg strategisk til for utskiping av trelast.27 Slik var det ikkje. Strandlinja til Gjølme var svært langgrunn, og utskiping her ville vere avhengig av å få inn flåtar på flo sjø som så vart lasta på fjære sjø. Sagborda kunne også bli skipa ut frå Gjølmes grunn ved elva Orkla, men her gjekk elva i yttersving, så det var ikkje ideelt. Det er derimot lang tradisjon for lagring av sagbord på den andre sida av elva. Utskiping av sagbord på vestsida av Orkla var mest naturleg lenger ut, på Geitastrand, frå nabogardane til Gjølme i Strinda fogderi.

  2. Neste fogd i Orkdal, Otte Lorch, fekk Hov, nabogarden på den andre sida av Orkla, som fogdegard i 1623, og overtok garden ved makeskifte i 1629. Det var ingen sagbruksinteresser knytte til garden. Med på kjøpet vart den vesle garden Rove i Strinda. På den garden var det ei sag, men grunnleiga skulle betalast som før.

  3. Neste fogd i Orkdal, Morten Lauritsen, vart leiglending på Nervik i Børsa mens han var fogd i Orkdal. Denne garden fekk han ved makeskifte i 1653, etter at han hadde slutta som fogd. Det var ingen sagbruksinteresser knytte til garden. Historikarane har trudd at Nervika var Morten Lauritsen sin fogdegard i Orkdal, men det er feil. Garden Gjesvål på Fannrem var fogdegard i hans fogdeperiode, første gong registrert som fogdegard i lensrekneskapen for 1631.

  4. Soknepresten hr. Jon Jonsen i Orkdal søkte i 1625 om å få makeskifte på Sundli, ein nabogard til prestegarden, samtidig som han starta sagbruksdrift på garden og overlét saga på Ry til fogden Otte Lorch. Makeskiftet vart godkjent i 1629. Skiftet påverka ikkje sagbruksdrifta, han betalte grunnleige til kongen til 1642.

  5. Soknepresten hr. Melchior Jacobsen i Hemne fekk i 1637 makeskifta til seg garden Kirkesetter, der han budde frå før. Dermed hadde han ein odelsgard i Hemne. Melchior hadde Rosaga på denne eigedommen alt frå 1620. Fram til makeskiftet i 1637 fekk ikkje kongen grunnleige for denne saga, grunnleiga gjekk vel inn i kyrkjerekneskapen. Men ved makeskiftet vart grunnleiga halden utom makeskiftet, og frå 1637 vart det betalt grunnleige for saga til kongen.

Laurids Bastiansen er eit eksempel på eit anna motiv, eigedomsforvaltning: Ein spreidd eigedomsmasse vart samla i Stjørdal og Strinda. Han var delaktig i to store makeskifte i 1640 og 1642, i 1640 som direkte deltakar, og i 1642 truleg med Mads Pedersen Hjort som mellommann. I alle fall kjøpte Laurids alle eigedommane som Mads hadde fått i makeskiftet året etter, unntatt Hommelvik. Frå 1635 var Laurids sageigar, men ikkje på eigen grunn. Han utnytta sjølvsagt mulegheitene han no hadde fått på eigen grunn, dels ved å overta allereie etablerte borgarsager og dels ved å bygge nye sager. I 1661 hadde han seks sager på eigen grunn i Hommelvik, pluss ei sag på Leinstrand som han hadde overtatt frå enka etter ein annan borgar.

Jacob Pedersen hadde derimot to makeskifte som kan knytast til sagbruksdrift. Han fekk Øvre Jervan ved Jonsvatnet ved makeskifte i 1615 og bygde sag her ti år seinare, i 1625. I 1618 søkte han om makeskifte for den delen av garden Fossen i Orkdal som han ikkje hadde frå før. Han fekk også tak i denne parten og bygde sag her i 1620. Dette var i den tidlege perioden for sagbruksnæringa, under den første høgkonjunkturen, da det var god økonomi i å starte nye sager.

Casper Christoffersen kunne drive både eigedomsforvaltning og utvikle eigen sagbruksnæring i sitt eine kjente makeskifte, eit på 12 Spd etter 1647. Eigedomsmassen hans auka med 30 eigedommar frå 1647 til 1661, men eigedomsomsetninga var langt høgare. Når vi samanliknar 1647 og 1661 eigedom for eigedom, ser vi at 97 av dei 167 eigedommane han hadde i 1647, var skifta ut. Eigedomsomsetninga til Casper i perioden var dermed på minst 127 eigedommar, men berre ni av dei kan knytast direkte til sagbruksdrift. Det viktige for eigedomsforvaltninga var at omtrent alle eigedommane han hadde i Inderøy fogderi, var skifta ut mens han bygde seg opp i dei andre fogderia. Casper var både ein stor jordeigar og ein stor aktør i sagbruksnæringa, og sjølvsagt hadde han evne til å sjå desse to næringane i samanheng. Dette ser ein i Gauldal og Fosen.

Ingen av dei andre makeskifta som Audun Dybdahl omtaler, kan knytast til sagbruksdrift på annan måte enn at eigarane også dreiv sagbruk, men utan at makeskifta gjeld eigedommar i tilknyting til dei aktuelle sagene.

Frå rundt 1660 opna det seg nye mulegheiter for å skaffe seg råderett over jordeigedom ved at kongen starta sal og pantsetting av eigedom i stor stil. Men framleis var den beste strategien for å få starte ei ny sag å få ein avtale med grunneigaren.

Kongen var den viktigaste jordeigaren, men ikkje den einaste. Fogdane hadde for eksempel ei eiga evne til å bygge seg opp som jordeigarar i fogdedistriktet sitt. Bondegods var ofte målet, men det var lite odelsgods i dei distrikta der sagbruksnæringa utvikla seg. Elles kunne borgargods bli omsett, og adelsgods kunne bli pantsett. Men i dei fleste tilfella var det vel slik at ein måtte slå til når sjansen baud seg, planmessige oppkjøp i tilknyting til sager var nok vanskeleg.

Kven var sageigarar?

I skattelista for 1610 var over halvparten av sagene i bondeeige, 17 av 32 sager. Borgarar/embetsmenn hadde sju sager, geistlege hadde seks, og det var to adelssager.

Kongen la ned forbod mot sager på kongens eller kyrkjas grunn i 1616. Berre fire sager fekk fortsette etter forbodet, men som tidlegare nemnt vart forbodet oppheva alt i 1618. Aktiviteten kom raskt i gang att etter dette, som vi ser av figuren nedanfor.

Illustrasjon 1.

Talet på produksjonsklare sager for dei tre store gruppene av sagaeigarar 1610–1662.

Talgrunnlag: skattelistene.

Det var stor vekst i talet på sager i to periodar, 1620–25 og 1658–62.

Dei første åra var det vekst i alle gruppene, men snart var det først og fremst borgarar som starta nye sager. Dei vart den dominerande gruppa av sageigarar, men utan at det gjekk ut over dei andre gruppene. På slutten av 1620-talet kom det ein stor lågkonjunktur, på grunn av både internasjonale konjunkturar og auka skattlegging av sagbruksnæringa. Dette førte til at mange av dei minste og svakaste sagene vart nedlagde. Dette gjekk naturleg nok mest utover bondesagene. I perioden 1626–30 var det ein netto nedgang på 11 sager, derav 7 bondesager. Talet på bondesager vart omtrent halvert i denne perioden, frå 15 til 8 sager. Etter 1630 var talet på sager lenge relativt stabilt for alle tre store eigargrupper, men med ein vekst att frå 1658.

Det kan vere tre måtar å måle kven som er mest vellykka som sageigar: Kven har flest sager, kven har størst årsproduksjon, og kven produserer mest over tid. Når vi for perioden 1620–30 gjer ei slik vurdering ut frå total produksjon, kan vi sette opp denne tabellen for sju aktørar:

Tabell 2.

Sju aktørar i sagbruksnæringa 1620–1630

Rangering ut frå produksjonSageigarar 1620–30Tal på sagerStørste årsproduksjonTotal produksjon
1Hr. Melchior Jacobsen, sogneprest i Hemne51 1006 258
2Jørgen Gramb, borgermester i Trondheim31 0506 108
3Johan de Noquer, nederlandsk handelsmann og sagbrukseigar, tollar i Trondheim51 5005 668
4Karen Jensdtr Bull. Enka etter orkdalsfogden Hans Christoffersen (bror til Casper Christoffersen)41 2805 138
5Casper Christoffersen Schøller, den største jordeigaren og sagbrukseigaren i Trøndelag61 0683 908
12Peder Mortensen Grum, fogd på Fosen og Nordmøre, lagmann i Trondheim16752 315
14Otte Lorch, fogd i Orkdal, rådmann og borgermester i Trondheim95032 129

Kjelde: Skattelistene

Otte Lorch er i Trøndelags historie framheva som den mest framgangsrike sageigaren ut frå talet på sager,28 men han var nummer 14 ut frå total produksjon. Med sine ni sager hadde Otte Lorch mindre største årsproduksjon og mindre totalproduksjon enn Peder Mortensen Grum med si eine sag. Det viser kor feil det slår ut å rangere ut frå talet på sager.

I perioden 1631–57 kom engelskmannen Alexander Samson (rådmann og ordførar i Trondheim) og Otte Lorch opp blant dei fire største saman med Casper Christoffersen og hr. Melhcior Jacobsen/fru Milde. Fogd og borgermester Jens Nilsen Friis hadde også vorte ein stor aktør med ni sager, men han kom først med som sageigar i perioden etter 1644, da produksjonen ikkje vart registrert.

I vekstperioden 1658–63 kom det mange nye sageigarar. Casper Christoffersen var framleis størst, men nye store i toppen var bl.a. trondheimsborgarane Jens Jensen Friis og Sigfred Eriksen.

Det normale var at sageigarane hadde sager i eitt eller to fogderi. Nokre sageigarar avgrensa seg til eitt fogderi, mens andre hadde stor geografisk spreiing. Casper Christoffersen Schøller hadde totalt 32 sager i fem fogderi i Trøndelag i perioden 1619–62, mens Sigfred Erichsen hadde 14 sager i fem fogderi i perioden 1657–63. Fogden Morten Lauritsen hadde sager i fire fogderi, mens Otte Lorch, Alexander Samson, Christoffer Caspersen Schøller og presten hr. Bernt Bundsmand hadde sager i tre fogderi.

Var det ei eksklusivering av sagbruksdrifta i den første sagbruksperioden?

Som vi såg tidlegare skriv Audun Dybdahl: «De virkelig omfattende makeskiftene kommer omkring 1640, samtidig som det foregår en eksklusivering av sagbruksdriften.»29 Han meiner å ha påvist at det vart fleire og fleire sager, men færre og færre eigarar. Dette baserer seg på status for to år, 1630 og 1647.30

Når vi ser på heile perioden 1610–1663, får vi denne utviklinga:

Illustrasjon 2.

Talet på sagbrukseigarar 1610–1662.

Talgrunnlag: skattelistene.

Vi ser at påstanden kan stemme dersom ein plukkar ut åra 1630 og 1647. Men som ein generell karakteristikk for perioden blir den feil.

Det vil likevel vere rett å snakke om ein større konsentrasjon, fordi talet på sager voks meir enn talet på sageigarar, og fordi det voks fram ei gruppe med store sageigarar.

Vart bøndene pressa ut av sagbruksnæringa?

Etter at kongen i 1587 gjorde det klart at det var grunneigaren som hadde rettane til sagtomter og sagtømmer, og at ingen andre enn kongen sjølv skulle ha sager og skjere sagtømmer på kongens grunn, kjenner ein berre til tre bønder i Trøndelag som hadde sjølvstendige rettar til sagtomter før 1647, og berre ei av desse sagene var driven av bonden. Likevel hadde relativt mange bønder starta sagbruk i 1610, og bøndene var på det tidspunktet den største gruppa av sageigarar med 17 av 32 registrerte sager. Da kongen i 1616 bestemte at ulovlege sager måtte avslutte, måtte alle desse sagene gå ut av bruk.

Da kongen i 1618 gjorde retrett, kunne stengte sager startast opp att, og da fortrinnsvis av dei gamle eigarane. Den eine store og grunnleggande endringa var at det ikkje lenger var forbode å bygge sager på kongens og kyrkjas grunn, og heller ikkje å hogge sagtømmer i skogane deira. Den andre store endringa var at no var det heilt klart at også embetsmenn og prestar kunne starte sager.31

Mens det i 1610 var flest bondesager, vart borgarar og embetsmenn etter kvart heilt dominerande. Av den grunn er det konkludert slik i Trøndelags historie: «I 1630 var bøndene langt på vei trengt ut av næringen.»32 Men er det hald i ein slik konklusjon?

Talet på bondesager utvikla seg slik:

Illustrasjon 3.

Utvikling i talet på bondesager 1610–1662.

Talgrunnlag: skattelistene.

Vi ser at talet på bondesager var størst midt på 1620-talet for så å gå kraftig ned mot 1630. I perioden 1630–1642 var det berre halvparten så mange bondesager som midt på 1620-talet. I perioden 1643–1653 var talet på eit minimum, men det vart ein ny stor vekst i ekspansjonsperioden etter 1658. Talmessig er det ikkje grunnlag for å seie at bøndene var pressa ut når ein ser perioden under eitt.

Det er ingen som har prøvd å definere kva som ligg i omgrepet «pressa ut». Er det fogdar som har pressa ut bønder for å overta sagene sjølve? Er det kongen som har nekta bønder vidare konsesjon? Er det borgarar som har brukt økonomisk press for å overta sager? Det er rart at eit slikt omgrep blir brukt utan å definere nærmare kva ein legg i det. Men det er så få bondesager det er snakk om at vi kan ta ein gjennomgang av alle bondesagene fogderi for fogderi for å sjå om vi kan finne ut kva som kan ligge i omgrepet.

Fosen fogderi

I perioden 1620–1630 var det fire bondesager i Fosen, og alle var nedlagde i 1627. Alle sagene var små, største årsproduksjon var på mellom 20 og 50 tylfter. Sjølv om alle sagene låg nede ved sjøen, var det ikkje økonomi i sagene når skattenivået vart auka og etterspørselen og prisane gjekk ned. Ingen av sagene kom i drift att.

To nye bondesager vart starta seinare. Krogstad sag i Åfjord var i drift i 1654–63. Alset sag i Rissa var i drift i 1661–63, låg ca. 2,5 mil frå sjøen og skar 40 tylfter i 1662 og 1663.

Ei sag, Langdalselv sag i Åfjord, starta som geistleg sag i 1634–37, var bondesag i 1637–57 og så borgarsag i 1658–63.

Gauldal fogderi

I Gauldal var det sju bondesager, alle låg over to mil frå sjøen og var starta før 1630. Tre av sagene var reine bondesager, mens fire sager hadde periodar med borgareige og geistleg eige.

Dei tre reine bondesagene, Skjegstad, Røgeland og Horg sag, var alle starta i 1620 og nedlagde før 1630. Dei var små sager med ein maksimal produksjon på 50 tylfter sagbord, og dei vart aldri sette i drift att.

Stenset sag var borgarsag i 1620–25 og bondesag i 1626–28. I 1630 var saga nedlagd, men vart tatt opp att som geistleg sag i 1643. Saga var ei middels stor sag med ein største registrert produksjon på 150 tylfter.

Gustad sag var bondesag i 1620–27, men vart så nedlagd. Saga vart tatt opp att som borgarsag i 1642 av orkdalsfogden Morten Lauritsen. Ho var no i drift som borgarsag i to korte periodar, 1642–47 og 1651–55.

Kalduell sag var ei middels stor sag med ein største produksjon på 200 tylfter. Denne saga hadde blanda eigarskap til 1629, ein bonde og ein borgar, men etter to år der gardenka var medeigar, vart den ei rein borgarsag frå 1631. Saga vart nedlagd i 1638.

Kolberg sag var bondesag frå 1620 til 1634. Trondheimsborgaren Alexander Samson tok over i 1635, og saga var enda i drift i 1663. Dette var ei stor sag med ein største årleg produksjon på 400 tylfter. Mens saga var bondesag, var største produksjon 50 tylfter og ei relativt ulønnsam sag. Da Alexander Samson overtok, kom produksjonen opp i 200 tylfter og nådde 400 tylfter i høgkonjunkturen i 1662.

Ingen nye bondesager vart starta etter 1630. Berre to av sagene som hadde vore bondesager, var i drift i 1663, ei som geistleg sag og ei som borgarsag.

Orkdal fogderi

Det var åtte bondesager i Orkdal, av dei var to sager reine bondesager, mens seks også hadde periodar med geistleg eige og borgareige.

Klefsås sag var ei relativt lita sag som låg knapt to mil frå sjøen. Saga var bondesag i 1621–42 og vart så aldri tatt opp att. Den andre reine bondesaga var Normjøen sag i Oppdal. Normjøen sag er berre registrert i 1661 og produserte berre for lokale behov, til «husfornødenhed».

Munkli sag var bondesag til 1642, bortsett frå dei tre åra 1627–29, da naboen og soknepresten hr. Jon stod som eigar. Frå 1643 tok fogden Morten Lauritsen over saga. Saga var ei middels stor sag med ein største registrert produksjon på 300 tylfter og låg ca. ei mil frå sjøen. Dette er eit tilfelle der fogden kan ha brukt press for å overta saga.

Gjesvål var rein bondesag til 1629, med gardenka som eigar dei siste åra. I 1630 vart det delt eigarskap mellom nybonden og Morten Lauritsen. I 1633 vart Morten Lauritsen fogd i Orkdal med Gjesvål som fogdegard, og han vart da eineeigar av saga. Saga var ei middels stor sag med ein største registrert produksjon på 270 tylfter og låg ca. ei mil frå sjøen.

Presten hr. Anders i Meldal starta Drubekk sag i Resdalen i 1647. I 1655 står ein lokal bonde som eigar, Erik Bogevold, men så blir alle sager i Orkdal fogderi nedlagde i 1656. Saga er likevel oppført ved landkommisjonen i 1661, bondesag for sju gardar til «husfornødenhed». Hr. Anders starta Syrstad sag i 1654, som også vart nedlagd i 1656. På same måte som Drubekk sag er saga tatt med i 1661, no som bondesag for fire gardar til «husfornødenhed».

To andre sager kan også kallast bondesager for kortare tid. Skjølberg sag vart starta av sorenskrivaren i Orkdal i 1627. Han budde på Metli, og da han døydde i 1644, vart bonden på Metli eigar av saga. Sonen til presten hr. Jon overtok odelsgarden Sundli og Sundli-saga etter faren, og da kan den kallast ei bondesag.

Strinda fogderi

I Strinda var det ni bondesager. Tre var reine bondesager, mens seks også hadde geistlege og borgarar som eigarar i periodar.

Bonden Elling Jonsen Hommelvik fekk i 1629 bevilling på Halstadbech sag i Hommelvik av lensherren Jens Juell. Denne saga låg ved sjøen, hadde ein største registrert produksjon på 100 tylfter og var bondesag i heile perioden til 1663.

Illustrasjon 4.

Utsnitt av liste over sagavgift 1639–40 for Halstadbech sag.

Kjelde: Digitalarkivet.

Malsø sag i Malvik var ei lita sag med ein største registrert produksjon på 50 tylfter og låg knapt 5 km frå sjøen. Trass i at dette var ei svak sag økonomisk, var ho i drift som bondesag i heile perioden 1621–1663.

Husby sag i Skaun var ei lita bondesag med ein største registrert produksjon på 60 tylfter og låg 8 km frå sjøen. Dette var da ei økonomisk svak sag. Saga var i drift i to periodar: 1636–38 og 1654–62.

Wigdals sag i Buvika var ei stor sag med ein største produksjon på 720 tylfter og låg ca. 7 km frå sjøen. Denne saga dreiv utan opphald i heile perioden til 1663. I perioden 1643–1657 var borgarar medeigarar, men saga må kunne kallast bondesag i heile perioden.

Sjetne sag i Børsa var ei middels stor sag med ein største produksjon på 270 tylfter og låg ca. 2,5 km frå sjøen. Saga vart starta som borgarsag av Morten Lauritsen i 1627, men vart bondesag frå 1633. Frå 1657 var saga borgarsag att.

Solem sag i Klæbu låg ca. 15 km frå sjøen og hadde 100 tylfter som største registrerte produksjon. Dette var derfor ei relativt lite attraktiv sag. Dei først åtte åra var presten i Klæbu deleigar i saga, men saga kan reknast som bondesag i heile perioden 1619–43. Etter 1643 var saga ikkje i bruk.

Haaset sag i Hommelvik låg ca. 1,5 km frå sjøen og hadde ein største registrert produksjon på 100 tylfter. Saga var bondesag i 1610 og igjen frå 1623 til 1625. I perioden 1626–1630 var fogden Baltzar Korde eigar, men så vart saga igjen bondesag til 1635. Så låg saga nede nokre år til ho i 1642 kom i produksjon att som borgarsag. Det er godt muleg at fogden Balzar Korde brukte press for å overta saga i 1626.

Halstadbekk sag i Hommelvik låg ved sjøen og hadde ein største registrert produksjon på 100 tylfter. Saga var bondesag frå 1620 til 1629, stod så ubrukt til 1656. I 1656 starta gardeigaren Laurids Bastiansen ny sag her.

Hønstad sag var ei lita sag i Malvik med ein største registrert produksjon på 60 tylfter og låg 5 km frå sjøen. Saga var bondesag frå 1619 til 1627. Så låg saga nede til 1659, da den vart tatt opp att av presten hr. Peder Albretsen.

Stjørdal og Verdal fogderi, og Inderøy fogderi

Nedre Leksdal sag i Verdal var ei middels stor sag med ein største registrert produksjon på 250 tylfter og låg 1,5 mil frå sjøen. Saga starta som borgarsag i 1624 av borgarmeister Peder Gjertsen. Saga var da i drift i berre tre år, og vart ikkje tatt opp att før i 1654 av bondelensmann Aache Houg i Verdal. Han starta også opp Øvre Leksdal sag i 1662.

Det var også to reine bondesager: Vogøe sag i Mosvik 1661 og 1662 og Vanvikan sag i 1663.

Oppsummering

Denne gjennomgangen har vist at det er to tilfelle der fogdar kan ha brukt press for å overta bondesager. Dette er da Balzar Korde overtok Haaset sag i Hommelvik i 1626, og da Morten Lauritsen overtok Munkli sag i 1643. Begge overtakingane skjedde under ein høgkonjunktur, men to mulege tilfelle av press er ikkje tilstrekkeleg til å dra ein generell konklusjon om at bøndene vart pressa ut av næringa. Mange bondesager vart nedlagde fordi dei var små og/eller låg langt frå sjøen. Dette var sager med svak økonomi, og mange vart nedlagde da skattetrykket auka og etterspørselen og prisane vart svake frå midten av 1620-talet. Berre få bondesager vart overtatt av borgarar og embetsmenn, og i mange tilfelle først etter at dei hadde vore nedlagde i fleire år.

Fordi bøndene var den gruppa som hadde dei svakaste sagene, vart ein større del av bondesagene lagde ned enn sager med eigarar frå dei to andre gruppene, særleg under lågkonjunkturar. Store bondesager og bondesager som låg nær sjøen, kunne derimot fortsette.

Øystein Rian gir ei forklaring som ligg tett opp mot mi forklaring i boka Danmark–Norge 1380–1814. Han skriv at årleg avgift til kongen saman med toll- og skatteopptrapping førte til ei rasjonalisering i større einingar.33 At dette stemmer for vårt område, ser vi av følgande figur over produksjon per sag for dei tre store produksjonstoppane:

Illustrasjon 5.

Produksjon per sag i tre regionar i Midt-Norge 1625, 1643 og 1662.

Talgrunnlag: skattelistene.

Det har skjedd ei endring i strukturen etter 1625. Små sager er lagde ned, og større sager er bygde: ei rasjonalisering til større einingar. På Nordmøre og i Romsdal gjekk produktiviteten litt ned mellom 1643 og 1662 pga. uthogging av skogen.

Avslutning

Gjennomgang av produksjonen i sagskattelistene viser at Trøndelag og Midt-Norge hadde ein relativt stor del av sagbruksproduksjonen i Norge midt på 1620-tallet. Embetsmenn, borgarar og prestar var dei store aktørane i næringa.

Undersøkinga viser at det er oppgåver over produksjonen som gir svar på kven som er dei største og viktigaste sageigarane. Ei rangering ut frå kor mange sager den enkelte sageigaren har, slik det tidlegare er gjort, gir feil svar.

Det blir også påvist at den ekspansive jordegodspolitikken til enkelte borgarar i perioden var ein sjølvstendig måte for formuesforvaltning, og ikkje eit ledd i utbygginga av sagbruksnæringa. Når forholda låg til rette for det, ville sjølvsagd dei to næringsinteressene bli kombinert.

Påstanden om at makeskifta med kongen frå 1615 og 50 år fram i tid i dei fleste tilfella var drivne av sagbruksinteresser er også feil. I nokre få tilfelle er ein slik samanheng sannsynleg, men makeskifta var oftare drivne av ønske om ein standsmessig odelsgard og av å få ei effektiv eigedomsforvaltning.

Det er ikkje dekning for påstanden om ei eksklusivering av sagbruksdrifta. Denne påstanden bør modifiserast, det skjedde ein konsentrasjon. Talet på sager auka meir enn talet på sageigarar, og ein fekk ei gruppe av store sageigarar.

Frå 1610 til 1630 var det ein sterk vekst i sager som var eigd av embetsmenn og borgarar, mens sager eigd av bønder gjekk tilbake. Berre på grunnlag av ei opprekning av sager og eigarar, utan nokon drøfting av konjunkturar og økonomi, er det konkludert med at bøndene vart pressa ut av næringa. Det var med andre ord ikkje i betydninga at bøndene vart pressa ut av næringa økonomisk at det vart konkludert. På eit slikt grunnlag er påstanden om at bøndene vart pressa ut av næringa også feil. Nedgangen i talet på bondeeigarar skyldast i hovudsak svake konjunkturar og hardare skattlegging, og dermed dårleg økonomi i næringa. Dette ramma alle gruppene av sageigarar, men det ramma hardast den gruppa med dei minste sagene, bøndene. Når produksjonskapasiteten i lange periodar var utnytta under 50 % seier det seg sjølv at det blir vanskeleg å drive dei minste sagene med dårlegast økonomi.

Kjelder og litteratur

Utrykte kjelder

Skattelister over sagavgift og sagskatt henta frå lensrekneskapane for Trondheim len 1610–60 og stiftamtstoverekneskapar 1661–63 for Trondheim stiftamt som ein finn i Digitalarkivet. Det er eigne lister over sagavgift, mens listene over sagskatt er ein del av det som fram til 1638 vart kalt landskatten, såkalt unionskatt frå 1638 til 1644, og kontribusjon frå 1644.

Trykte kjelder

Dahl, Svein Tore 1999: Embetsmenn i Midt-Norge i tiden 1536–1660. Trondheim.

Dahl, Svein Tore 1999: Embetsmenn i Midt-Norge i tiden 1660–1700. Trondheim.

Dahl, Svein Tore 1999: Embetsmenn i Nord-Norge i tiden 1536–1700. Trondheim.

Dahl, Svein Tore 2000: Embetsmenn i Nord-Norge og Midt-Norge i tiden 1536–1700. Trondheim.

Dybdahl, Audun 1989: Jordeiendomsforhold og godseiere i Trøndelag. Steinkjer: Steinkjer Museum.

Dybdahl, Audun og Ida Bull 2005: Trøndelags historie, bind 2. Trondheim: Tapir akademisk forlag.

Forfang, Folke 2010: «Sagbrukstidas første periode i Orkdal og Meldal ca. 1600–1661», Heimen, 4-2010.

Jordebok for Fosen Futedøme. Landkommisjonen 1661. Trondheim: Samnemnda for lokalhistorie Nidaros bispedømme 1973.

Jordebok for Gauldal og Fosen futedøme. Landkommisjonen 1661. Trondheim: Samnemnda for lokalhistorie Nidaros bispedømme 1975.

Jordebok for Strinda og Selbu futedøme. Landkommisjonen 1661. Trondheim: Samnemnda for lokalhistorie Nidaros bispedømme 1977.

Jordebok for Stjør- og Verdal fogderi. Landkommisjonen 1661. Trondheim: Samnemnda for lokalhistorie Nidaros bispedømme 1980.

Jordebok for Inderøy fogderi. Landkommisjonen 1661. Trondheim: Samnemnda for lokalhistorie Nidaros bispedømme 1983.

Mosen, Ole Georg m.fl. 2003: Norsk historie 1537–1814. Oslo: Universitetsforlaget.

Norske Rigs-Registranter (NRR), 1861–1891, bind I–XII. Christiania.

Pettersen, Kristian m.fl. 2005: Fosens historie, fra istid til 1730. Orkanger: Fosen Historielag.

Rian, Øystein 1997: Danmark–Norge 1380–1814, bind 2, Den aristokratiske fyrstestaten 1536–1648. Oslo: Universitetsforlaget.

Sandnes, Jørn 1971: Ødetid og gjenreising, Universitetsforlaget.

Skattematrikkelen 1647 XIV Sør-Trøndelag fylke. Oslo: Norsk lokalhistorisk institutt 1974.

Skattematrikkelen 1647 XIII Møre og Romsdal fylke. Oslo: Norsk lokalhistorisk institutt 1975.

Skattematrikkelen 1647 XV Nord-Trøndelag fylke. Oslo: Norsk lokalhistorisk institutt 1975.

Skattematrikkelen 1647 XVI Nordland fylke. Oslo: Norsk lokalhistorisk institutt 1982.

Skattematrikkelen 1647 XVII Troms og Finnmark fylke. Oslo: Norsk lokalhistorisk institutt 1978.

Sogner, Bjørn 1962: Trondheim bys historie II, kjøpstad og stiftsstad 1537–1807. Trondheim: F. Bruns bokhandels forlag.

1Moseng 2003, s. 80.
2NRR II, s. 709.
3NRR IV, s. 604.
4NRR IV s. 688.
5NRR IV s. 694.
6NRR V s. 57.
7Eigne undersøkingar av listene for sagskatt for kystområdet frå Trøndelag til Tønsberg len viser at i 1625 fordelte rapportert produksjon i dette området seg slik: Trøndelag 32 %, Nordmøre 34 %, Romsdal 13 %, området Sunnmøre-Tønsberg 22 %.
8Dybdahl/Bull, s. 174, og Dybdahl1989, s. 88.
9Sandnes 1971, s. 329, Dybdahl, s. 96.
10Dybdahl 1989, s. 93–97, og Dybdahl/Bull 2005, s. 174.
11Dybdahl 1989, s. 88 og 96, og Dybdahl/Bull 2005, s. 174.
12Sandnes 1971, s. 328–329, Dybdahl 1989, s. 88, og Dybdahl/Bull 2005, s. 174.
13Sogner 1962, s. 96–118.
14Sandnes 1971, s. 325–331.
15Sandnes 1971, s. 329.
16Dybdahl 1989, s. 85–90.
17Dybdahl 1989, s. 93–97.
18Dybdahl 1989, s. 96.
19Dybdahl 1989, s. 96.
20Dybdahl/Bull 2005, s. 172–175.
21Dybdahl/Bull 2005, s. 175.
22Oppteljing frå skattematrikkelen 1647.
23Sandnes 1971, s 329, Dybdahl 1989, s. 96.
24Upublisert artikkel av Folke Forfang om sagbruksdrift i Trøndelag og internasjonale konjunkturar.
25Sandnes 1971, s 329, Dybdahl 1989, s 93–96.
26Dybdahl 1989, s. 93–97, side 93–97.
27Dybdahl 1989, s. 93.
28Dybdahl/Bull 2005, s. 174.
29Dybdahl 1989, s. 96.
30Dybdahl 1989, s. 88.
31Kongen kunne tidligere være restriktiv til å la mellom anna fogdar og prester få drive sager. Sjå f.eks. NRR IV side 272.
32Dybdahl/Bull 2005, s. 174.
33Rian 1997, s. 279.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon