Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

«Det fordervelege jordfellesskapet»

– teigar og teoriar
A historiographic discussion about the causes of the agrarian strip field system
Førstekonservator NMF, dr.philos., Romsdalsmuseet

Fram til utskiftingsreformene på 1800-talet hadde bøndene i delar av Noreg valt å organisere jordbruksdrifta si i ulike former for såkalla jordfellesskap. Artikkelen har ei historiografisk tilnærming og handsamar ulike forklaringsmodellar bak ein slik jordeigedomsstruktur. Med utgangspunkt i både norsk og utanlandsk litteratur viser artikkelen at ulike forfattarar har forklart jordfellesskapet både som eit resultat av naturen og materielle vilkår, og av kulturen og sosiale tilhøve.

Nøkkelord: Agrarhistorie, jordfellesskap, teigblanding, jordskifte

Until the enclosure movement in Norway in the 19th century, farmers in parts of Norway had chosen to organize their agricultural use of the land in various forms of the so-called «jordfellesskap» (common field system and strip field system). The article has a historiographical approach and discusses various explanatory models behind such a land ownership structure. On the basis of both Norwegian and foreign literature, the article shows that various authors have explained the organization of the land use both as a result of natural and material conditions, and of culture and social practice.

Keywords: Agrarian history, common field system, strip field system, enclosure movement

Innleiing

Fram til siste halvdelen av 1800-talet var det såkalla jordfellesskapet, med ei organisering i det jordbruksautoritetane gjerne omtalte som ei «forderveleg» teigblanding, den rådande jordeigedomsstrukturen på mange av gardane i Vest-, Sør, og Nord-Noreg. Under denne organiseringa kunne kvar enkelt gardbrukar ha innmarka si oppdelt i mange titals små og store teigar, som låg samanblanda med teigane til dei andre brukarane på garden. Dette medførte at teigane dels vart så små at ein ikkje kunne bruke dei nye landbruksreiskapane på dei, at det var vanskeleg tilkomst til teigane, mykje daudareal og ein viss grad av driftstvang for bøndene. Utetter 1800-talet vart dette sett på som ei lite tenleg organisering av gardsskipnaden, og i løpet av få tiår vart det som følgje av utskiftingslova av 1857 og opprettinga av Utskiftingsvesenet utført innmarksutskiftingar som medførte ein overgang til langt meir konsoliderte eigedomar.1

Forfattarar innan ulike fag har prøvd å forklare kvifor bøndene valde å organisere jorda og jordbruksdrifta si i ulike former for innfløkt jordfellesskap både i Noreg og i andre land, og teigdelinga sitt opphav og omfang har vorte omtalt som eit av dei klassiske agrarhistoriske problema både hjå historikarar, etnologar, geografar og andre forskarar.2 I denne artikkelen skal me difor gå historiografisk til verks, og drøfte kva ulike forklaringsmodellar ein har nytta til å svare på spørsmåla om kvifor bøndene hadde valt å organisere innmarksarealet i form av teigblanding og sameige i utgangspunktet, og korleis denne jordeigedomsstrukturen hadde vakse fram heilt frå mellomalderen til systemet stort sett vart oppløyst frå 1860 og utetter. Sentrale spørsmål vil vere om ein kan finne årsaksforklaringane til framvoksteren av jordfellesskapet i sjølve naturen og ei tilpassing til denne i form av klima, jordkvalitet, årstider osb., eller om det var meir kulturelle/sosiale trekk som tradisjonar, lover/forordningar, sosiale forventingar i gardsfellesskapet og eventuell rein fornuft eller ufornuft, som hadde resultert i det teigdelte og sameigde jordbrukslandskapet – altså kulturen.3

Jordfellesskap

Før me byrjar analysere dei potensielle årsakene, skal me sjå at ein i Noreg reint praktisk har delt eigedomar på fleire ulike vis. Ved skyldpartdeling vart sjølve matrikkelskylda på ein einbølt gard eller på eit gardsbruk delt i to eller fleire partar, men jorda vart framleis drive av ein brukar. Skyldpartdeling kunne finne stad i og med at ein i Noreg såg på landskyld og landskyldpartar som ideelle partar som gav rettar til ideelle gardpartar, der det ikkje var noko i denne verdien som identifiserte fysiske arealeiningar.4 Skyldpartdeling var altså ei deling av den abstrakte landskylda og ikkje av den reint fysiske jorda, og gav med det ikkje nokon ny eller eventuelt endra teigstruktur. Når to eller fleire skulle eige, og i motsetnad til med skyldpartdeling; at dei alle også skulle bruke ein einbølt gard eller eit bruk som ein brukar tidlegare hadde hatt for seg sjølv, kunne dei gå fram på ulikt vis med motsette prinsipp som ytterpunkt. Eit vis å dele gardar og bruk på var ved grensedeling, eit anna var ved teigdeling. Ved grensedeling valde ein å leggje ut heile eigedommen som skulle delast, slik at kvar mann fekk ein særskild part til bruk og eige ved å dra opp ei grense utan at bruka vart liggande i noko slags teigblanding. Alternativet til ei fysisk grensedeling var at ein kunne late alt liggje i sameige og berre dele avkastinga; altså fellesskap.5

På den andre sida hadde ein teigdelinga som innebar at to eller fleire brukarar delte eit bruk på det viset at dei alle fekk sin eigedom utlagt i fleire teigar, men der ein ofte trekte med seg meir eller mindre fellesskap i bruksmåtar. Gardsdelingar innan det teigblanda systemet inkludert, i større eller mindre grad, ein del fellesskap, blir også kalla for ufullkomne fellesskap eller skiftedeling.6 Innan skiftedelinga hadde ein det regelmessige teigskiftet og det uregelmessige teigskiftet.7 Etter det regelmessige teigskiftet, vart innmarka først oppdelt i naturleg mest mogleg einsarta stykke kalla for teiglag, teigbol eller teigkast. Desse stykka vart så delte i like mange jambreie, jamlange og jamgode teigar som det var eigarar, og etter omsyn til landskylda til den einskilde.8 Det har likevel vorte peika på at ei slik oppdelinga i lange, smale teigar for kvar einskild brukar i kvart teiglag meir er ein teoretisk modell enn ein realitet i alle høve.9 Ved seinare brukskløyving kunne så teigane bli delte ytterlegare, og ein fekk ein meir og meir innvikla teigstruktur for kvar deling. Ved eit uregelmessig teigskifte vart derimot teigane allereie i første omgang større, færre og med meir uregelmessige grenser. Det uregelmessige teigskiftet fann ein oftast i samband med den suksessive skiftedelinga. Gardane har då først vore grensedelte, før skiftedelinga kom inn etter kvart utan at grensedelinga stansa opp.10 Ut frå granskingar av teigstrukturen i fleire ulike herad, veit me likevel at dette må sjåast på som stiliserte ytterpunkt.11

Illustrasjon 1

Omfanget av jordfellesskap i Noreg i 1859, etter oppgåver frå utskiftingskommisjonen av 1875. Storleiken på sirklane for kvart einskilt amt står i høve til talet på bruk. Den svarte sektoren i kvar sirkel syner kor stor del av bruka som låg i ei eller anna form for jordfellesskap.

Kjelde: Thunæs 1934, s. 17.

Skiftedelinga, eller teigdelinga, førte til det me kjenner som teigblanding – eller jordfellesskap, som ein gjerne sa i samtida. Reint praktisk kunne dette medføre at einskilde gardbrukarar t.d. på ein vestlandsgard hadde innmarksarealet sitt splitta opp i fleire titals teigar – og i visse tilfelle er det dokumentert både 100 og fleire teigar til einskilde bønder.12 For innmarksarealet medførte dette særbruk, der areala var delte slik at kvar oppsitjar (der det var likegyldig om garden var drive av sjølveigarar, leiglendingar eller ei blanding av desse) hadde sine reserverte einingar (teigar). For utmarka sin del var det ein større grad av sambruk, der utnyttinga av areala skjedde kollektivt. Samstundes skal det nemnast at særbruken var på veg inn også i utmarka, først ved at det vart sett tak på kva ressursar den einskilde kunne ta ut, og sidan ved ei regelrett deling av ressursane ved at somme fekk skogen, andre beitet, fiskerettar osb.

Opphavet til jordfellesskapet

Frå slutten av 1800-talet og utetter 1900-talet, byrja forskarar frå ulike fag å interessere seg for jordfellesskapet og kvifor bøndene hadde valt å organisere jorda og jordbruksdrifta si på dette viset. Og med det er me attende til det som me alt i innleiinga las, har vorte rekna som eit av dei klassiske agrarhistoriske spørsmåla hjå forskarar frå ei rekke fagfelt: Kvifor førekom i det heile teke sameige, teigblanding og fellesbeiting av innmarka vår og haust, dersom slike ordningar var så ineffektive og ufornuftige som utskiftingstilhengjarane i ettertid hevda?

Med utgangspunkt både i den nasjonale og internasjonale litteraturen, vil eg gruppere dei ulike forklaringsmodellane på kvifor bøndene organiserte jordbrukslandskapet i ulike former for jordfellesskap, i sju ulike hovudkategoriar. Ei forklaring har vore etnisk grunngjeve, med vekt på opphavet til folkesetnaden. Systemet har også vorte forklart med at bøndene ikkje visste sitt eige beste, og at dei difor ofte valde ineffektive organisatoriske løysingar. Ei tredje forklaring har vore at bøndene visste sitt beste og var individualistisk kalkulerande, der teigblanding var vald i tilfelle der denne delingsmåten var naudsynt for å sikre den einskilde luteigar sin part av den jorda som var best eigna til ulike driftsformer. Ei fjerde forklaring med slektskap til denne, har vore at bøndene gjorde rasjonelle val, men at dei langsiktige verknadene av eit valt system kunne bli irrasjonelle. Ein femte forklaringsmodell har teke utgangspunkt i at bøndene var prega av ueigennytte, og at teigblanding var vald av di dei ønskte å fordele jorda på ein mest mogleg rettferdig måte.13 Ei sjette mogleg forklaring har teke utgangspunkt i eldre lovverk frå mellomalderen, medan den siste modellen me skal sjå på, forklarar opphavet til teigblandinga med handel og makeskifte av jord.

Illustrasjon 2

Kart som viser tun- og teigstruktur på garden Follestad i Ørsta på Sunnmøre i 1803, teikna av lensmann Aarflot i Volda.

Kjelde: Riksarkivets kartsamling.

Etnisk opphav

Den etniske forklaringsmodellen har sine røter hjå den tyske rettshistorikaren August Meitzen, som stod for dei dominerande synspunkta i den busetnadshistoriske forskinga fram til andre verdskrigen.14 Meitzen, med sine tankar om ein sterk kontinuitet i busetnadshistoria,15 forklarte skilnadene i busetnadsformer og sosiale organisasjonsformer med etnisk opphav og folkevandringar. Han tok også føre seg norske tilhøve, og meinte m.a. at dei mangbølte og teigbytte vestlandsgardane måtte sjåast på som eit resultat av vest- og austgermansk innvandring og med eit tydeleg preg av «vestgermanske» åkersystem.16 Einbølte gardar fann ein derimot i følgje Meitzen hovudsakleg i område dominert av keltisk kultur.17

Desse tankane fann også grobotn i Noreg, og landnåmet og den opphavlege busetjinga av landet vart trekt inn som forklaring mellom fleire norske forfattarar som søkte røtene til og forsøkte forklare framvoksteren av det norske jordfellesskapet.18 Av dei som hevda at dei mangbølte og teigdelte gardane ein fann i delar av Noreg stamma frå det opphavlege landnåmet, stiller Andreas Hansen seg i ei særstilling med si samanstilling mellom gardsskipnad, raseopphav og skalleform/frenologi, dels inspirert frå Meitzen.19 Hansen var den første som prøvde å anvende funn, fortidsminne, gardsnamn, frenologiske trekk og andre faktorar i eit arbeid av busetnadshistorisk karakter, m.a. for å føre prov for at landet hadde hatt ei omfattande innvandring av ei arisk, jordbrukande folkegruppe i bronsealderen.20 Hansen meinte at ariarane som vandra inn i landet hadde busett seg med landsbyorganisering og med teigblanding heilt frå byrjinga av, og at det var feil å hevde at fellestun og jordfellesskap berre hadde sine røter i brukskløyvingar i seinare hundreår. Hansen meinte at dei langskalla ariarane måtte organisere gardsbusetnaden i landsbyar når dei innvandra til område som tidlegare var busett av kortskallar, og at ein difor såg at «… det er i kortskalle-bygdene man har tunene og teigblandingen i bøerne.»21 Dette synet vart presentert på ulike vis i fleire bøker kring hundreårsskiftet,22 og ein finn spor etter Hansen sine tankar også hjå seinare forfattarar.

Illustrasjon 3

Kartet viser eigedomstilhøva på garden Benæs i Nordfjord i 1875. Garden, som er av dei mest kjente døma på ei omfattande teigdeling i Noreg, var delt i 433 ulike teigar mellom fem luteigarar.

Kjelde: Grendahl 1959, upag.

Eit samtidig døme kan vere Ivar Mortensson, som i ei bok frå 1904 sa seg samd med Hansen si grunngjeving av kvar ein fann jordfellesskap og fellestun. Mortensson peika på at jordfellesskapet var sjeldan på Austlandet mot kva det var på Vestlandet, og: «Grunnen til dette tvidrage skulde daa vera at ute mot have budde det folk fyrr, som ein maatte verja seg imot ved slik samflytjing, men det inre av lande var folklaust, so der var det ingin faare um gardane laag langt ifraa kvarandre.»23 Ifølgje Mortensson kunne ein difor sjå føre seg ei trinnvis utvikling der ein frå byrjinga hadde hatt fullstendig fellesskap mellom alle bruk på ein mangbølt gard i heile gardsdrifta, før ein sidan hadde gått over til årbytteteigar og at organisasjonsforma til slutt hadde fastna i ei særeigd teigblanding.24

Få år etter Hansen hadde presentert sine etnisk baserte teoriar om opphavet til jordfellesskap og tunfellesskap, vart desse gått tvert imot av Olaf Olafsen. Olafsen såg klare fellestrekk mellom jordeigedomstilhøva i Noreg og andre germanske land, men meinte at medan den opphavlege busetnaden i dei andre landa var skjedd med tun- og jordfellesskap, var det annleis i Noreg: «Her var Landnám, hver enkelt Mand tog sig Land selv og blev Eneeier.»25 Ei organisering i ulike former for jordfellesskap likt med kva ein gjorde i andre germanske land hadde derimot først kome på dei norske gardane etter kvart som folketalet byrja vekse og opphavsgardane vart kløyvde.

Anton Espeland var også kritisk til Hansen sine tankar om busetnadstilhøva på Vestlandet, og meinte ein heller måtte søke opphavet til dei vestnorske, teigdelte gardane i ein bruksdelingsprosess som hadde sitt utspring i gardar med berre ein eller to oppsitjarar. Espeland tok også med at det ikkje var noko skilnad på kort- og langskalledistrikt, slik Hansen hadde hevda då han meinte at tun- og jordfellesskapet «… tilhører kortskallenes kyststripe».26 Og at innmarksarealet vart delt i teigar, såg Espeland nett som eit prov på at det ikkje hadde vore noko urgermansk «sameige» i eldre tid, men at kvar skulle få råde over sitt.27

Ufornuft

I den andre forklaringsmodellen har me forfattarar som både frå jordbruksteknisk og sosial synsstad har rekna jordfellesskapet som ei lite gagnleg ordning, og har grunngjeve organisasjonsforma med at bøndene ikkje visste sitt eige beste, og vurdert dei som sterkt prega av konservative drag i høve eigedomsrett og bruk.28 Jordfellesskapet har i så høve også vorte rekna som eit utslag av eit såkalla «leiglendingsstuttsyn» som berre hadde fokus på å løyse vanskane for dagen, utan tanke for framtida.29

Organiseringa av jordbrukslandskapet i jordfellesskapt vart til dømes rekna som lite fornuftig av Henry Nærstad. Han hevda at organisasjonsforma hadde oppstått utan noka praktisk årsak, då ein både frå jordbruksteknisk og ein sosial synsstad måtte rekne ordninga som lite gagnleg. Nærstad la også vekt på dei konservative draga som til ei kvar tid hadde prega bøndene sitt syn på eigedomsrett og bruk, som ei forklaring.30 Dette hadde også O. J. Broch vore inne på alt på 1870-talet, då han skreiv at jordfellesskapet i Noreg ikkje minst grunna i at: «… den for Nordboere frå de ældste Tider karakteristiske Tilbøielighed til at holde paa sin juridiske Ret til det yderste og heraf følgende Utilbøielighed til ved gjensidig Eftergivenhed at legge en frivillig hensigtsmæssigere Ordning».31 At det skulle vere nokon samanheng mellom eit «leiglendingsstuttsyn» og utbreiinga av jordfellesskapet vart elles seinare sagt imot av Sigurd Rysstad, som viste til at teigblandinga var utbreidd både i område med høg og låg sjølveigarprosent.32

Rasjonelle bønder

Den tredje moglege forklaringa har teke utgangspunkt i at bøndene tvert om visste sitt eige beste, og at teigblandinga altså må ha vore eit produksjonsfremjande system i det førindustrielle jordbruket. I ein slik meir materialistiske forklaringsmodell har ein lagt vekt på at teigblandinga var eit resultat av ei lang økonomisk retta utvikling, der bøndene var rasjonelt tenkjande økonomiske aktørar som søkte å oppnå optimal ressursutnytting, med det resultatet at alle ressursar vart samfunnsmessig og økonomisk optimalt utnytta.33 Organisasjonsforma var på det viset kalkulert ut frå at ho lønte seg frå bøndene si side.

Forklaringsmodellen legg vekt på effektiviteten i at alle driftseiningar fekk tilnærma like naturmessige produksjonsvilkår ved at dei alle fekk tilgang til den gode jorda, sjølv om dei også måtte ta til takke med noko av den dårlege, og systemet var med det sosialt utliknande og gav større produksjon enn om ein valde ei organisering der berre nokre av bøndene fekk tilgang til den beste jorda.34

Omgrepa «risikominimering» og «lagelighetskostnad» skal særleg nemnast i høve slike forklaringsmodellar, med utgangspunkt i teoriane til dei internasjonale forskarane Donald McCloskey og Stefano Fenoaltea. Båe desse har hevda at bøndene var individualistisk kalkulerande og at teigblandingssystemet ikkje var ufornuftig, men dei nytta ulike forklaringsmodellar på kvifor dette var ei rasjonell tilpassingsform. Teigspreiinga kunne ifølgje McCloskey forklarast ut frå eit ønske om å stabilisere kvart hushald si avling frå år til år med ei risikospreiing og risikominimering. Visst førte teigstrukturen til meirarbeid, men dette vart likevel vege opp att og vel så det av at ein stabiliserte avlingsvariasjonen frå år til år med å ha teigar spreidd utover eit større areal. På det viset kunne kvar luteigar få teigar i alle variantar av jordkvalitet i høve drenering, vatning, sol og vind, kjemisk struktur osb.35 Jordbruksareal som var gunstige i regntunge år, kunne vere dårlege i tørkeår og omvendt. Hadde ein teigar i «alle» slags bonitetar og jordartar var dette meir som ein «forsikringspremie» som bøndene var villige til å betale. McCloskey rekna med at ei slik spreiing av risiko ville føre til om lag 10 % lågare utnytting enn maksimalt, men at dette var ein forsikringspremie bøndene godtok for å eliminere katastrofeavlingar.36

Som svar til dette hevda Fenoaltea at bøndene kunne nytte langt betre og meir kulturavhengige strategiar for å stabilisere mattilgangen enn gjennom stabilisering av produksjonen ved hjelp av teigspreiing, med utgangspunkt i teoriar om «lagelighetskostnad». For det første kunne dei spare korn frå gode år til dårlege år. Dei kunne også i dårlege år låne korn av bruka som det året sat på dei «gode» partane av garden. I tillegg til dette hadde ein m.a. kyrkja si tiendeordning som kunne fungere som ei slags kollektiv forsikringsordning. Eit anna argument for teigblandinga kunne då vere at spreiing av teigane var økonomisk rasjonelt ut frå ein agronomisk synsstad, der ein vurderte det som fordelaktig å ha teigar der jordbotn- og lokalklimatiske tilhøve varierte. På det viset vart det optimale jordarbeidings- og haustingstidspunkt fordelt over lengre tid. Om bøndene hadde hatt meir einsarta areal, ville dei anten måtte gjere våronn, så og hauste delar av arealet på mindre heldige tidspunkt, eller alternativt bruke meir innleigd arbeidskraft for å få utført arbeidet til rett tid.37 Dette synet vart igjen motsagt av McCloskey som stilte spørsmål ved om lagring av korn frå år til år kunne fungere som ei god «forsikringsordning», då ein måtte rekne med monaleg lagringssvinn ved bruk av tradisjonell lagringsteknologi, og då særleg i fuktig klima. McCloskey sette heller ikkje noko stor lit til at kyrkja ville spele noka stor rolle i å dele ut korn til dei som var ramma av avlingssvikt.38

Sjølv om systemet representere ein tvangssituasjon ut frå den einskilde luteigar si side, under den føresetnaden at han ønskte å handle individuelt, har det altså vorte hevda at det under visse føresetnader var rasjonelt både frå den einskilde si side og frå fellesskapet si side å innrette seg på dette viset. I eit slikt perspektiv blir det teigdelte jordbrukslandskapet det sosiale kittet som heldt gardsfellesskapet i hop og gav moglegheit til ei effektiv organisering og vedtak om t.d. fellesbeiting og bruk av innmarksarealet.39 For å unngå problem knytt til negative faktorar ved dei tette sosiale, fysiske, økonomiske og driftsmessige tilhøva som dei ulike formene for jordfellesskap innebar, har fleire forskarar vist til at ein eventuelt måtte innføre institusjonelle ordningar til fordeling av innsats og hausting etter partsstorleiken i sameiget.40 Fellesbeiting vår og haust kunne også sjåast på som ei rasjonell tilpassingsform under dette systemet, då bøndene på det viset kunne utnytte stordriftsfordelar som felles gjeting og låge kostnader til gjerding.41 Ein kunne også utarbeide reglar for å minimere konfliktpotensialet når det galdt felles beitebruk vår og haust, ved t.d. å presisere kor mange dyr kvar einskild luteigar kunne ha på beita med omsyn til skylda til den einskilde. Dette synet har derimot vorte motsagt av andre som har meint at fellesbeiting kunne medføre for hard beiting av innmarksarealet, då ein jf. «allmenningens tragedie» ville oppleve at berre delar av overbeitingskostnadene fall på brukaren sjølv.42

Illustrasjon 4

Kartet viser teigstrukturen på garden Mittet indre i Romsdal i 1877.

Kartgrunnlag: Jordskifterettens kartarkiv XIII-574.

Irrasjonell løysing over tid

Ein fjerde forklaringsmodell der jordfellesskapet i utgangspunktet var positivt, men sidan vart irrasjonelt, finst også mellom fleire forskarar. Utstykking i teigblanding blir då sett på som ei rasjonell tilpassingsform, ut frå det synet at alle måtte sikrast moglegheit til å dyrke korn gjennom fordelinga av jordressursane på ein gard, og teigblanding var same kva eit stort framsteg i høve dei eldre organisasjonsformene samdrift og årbytte.

Eit slikt syn finn ein m.a. alt hjå Walter Scott Dahl på 1880-talet. Dahl peika på at jordfellesskapet var gagnleg for landet i eldre tid, då det sikra ei best mogleg ressursutnytting og batt familiar og grannar saman. På 1800-talet var ein likevel komen over i ein ny fase: «Indrømmes maa det imidlertid, at i det Store, har Jordfællesskabet nu udspillet sin Rolle under Udviklingen af vort Jordbrug, og at der er en Nutidsopgave ikke blot at hindre dets videre Udbredelse, men at søge det afløst af en Tilstand, der levner hver enkelt Jordbruger størst mulig Uafhængighed og Selvstændighed under Udøvelsen af hans Bedrift og sikrer ham sammes Udbytte helt og ubeskaaret.»43

Illustrasjon 5

Kartet viser teigstrukturen på garden Hjelvik i Romsdal i 1860.

Kartgrunnlag: Jordskifterettens kartarkiv XIII-140.

Det var heller ikkje noko ulempe at teigane var små så lenge jorda vart opparbeidd ved hjelp av handreiskap, og ei slik organisering av jordbrukslandskapet var trass alt den normale organisasjonsforma i jordbrukssamfunn over store deler av Europa gjennom ein lang tidbolk, hevda Paul Borgedal. Det var først då nye jordbruksteknologiar kom i bruk, organisasjonsforma vart ein klamp om foten til bøndene.44 Likevel var det slik at ein ibuande dynamikk i denne organisasjonsforma gjorde at ho ikkje stoppa opp når ein først hadde byrja. I følgje Sigvald Hasund hadde jo systemet vore ein naturleg og rettvis måte å dele på frå byrjinga,45 men organisasjonsforma vart meir og meir som ei tvangstrøye etter kvart: «Til dess at ei stor grend vart som ei stor garnvase, der det var mest umogleg aa greida ut ein einaste einskild traad. Systemet gjorde seg sjølv ubrukeleg.»46 Til dette har ein seinare forskar som Rysstad kommentert at det kunne stemme, men då under den føresetnaden at det var vanskeleg, kostbart eller tidkrevjande å gjennomføre makeskifte som forenkla teigstrukturen før den nådde eit for irrasjonelt nivå.47

Ueigennytte og rettferd

Som ei femte forklaring skal eg nemne at det i den agrarhistoriske litteraturen finst forklaringar på teigblandinga som meir direkte vektlegg at denne strukturen i samtida sine auge var ein ueigennyttig og rettferdig delingsmåte etter kvart som fleire og fleire gardar og bruk vart delte i hundreåra etter folketalet tok seg opp att etter svartedauden. Oppdelinga i fleire og fleire teigar var ein kontinuerleg prosess i takt med bruksdelinga og ein naudsynt fordelingsnøkkel for at alle skulle få ein del av både god og dårleg jord, og då særleg etter kvart som presset på ressursane auka. Med auke i folketalet og påfølgjande jordhunger vart dette framheva som årsaka til at teigblandinga auka og teigstorleiken minka.48

At teigblandinga var rettferdig var elles eit syn me finn allereie hjå Hans Strøm på 1700-talet, når han omtalte korleis ein delte gardar og gardsbruk på Sunnmøre: «… thi enhver skal have noget af den gode saavelsom slette marck».49 Dette synet vart teke opp att av landbruksdirektør Jonas Smitt på 1880-talet, då han forklarte at ein i tidlegare tider valde å dele slik at kvar brukar skulle få ein del av alle jordkvalitetar: «Denne fremgangsmåte frembragte teigblandingen; ti på denne måte lod det sig ikke gjøre å gi hver arving et sammenhengende stykke.»50 Kristian Østberg var også mellom dei som såg oppdelinga av bruka i teigar, anten særeigde eller årbytte, som eit resultat av rettferdssans mellom bøndene,51 og likeins Hasund: «Det aukande kravet om rettferd i jorddelinga førde òg til ei vidaredeling av teigane, so det vart meir og meir umogleg å driva jorda på rasjonell vis.»52

Dette synet om at ein gard berre kunne delast rettferdig når kvar brukar fekk ein del av kvart slags jordstykke, er også delt av Ståle Dyrvik og Francis Sejersted i deira band av Norges historie frå 1970-talet, der dei hevda at teigblanding og fellesskap kunne vere ein fornuftig måte å organisere jordbrukseigedomane på i gamal tid i delar av landet.53 Likeins såg Helge Salvesen på framvoksteren av teigblandinga som ein naudsynt fordelingsnøkkel for at alle skulle få ein del av både god og dårleg jord, og då særleg etter kvart som presset på ressursane auka.54 Denne samanhengen mellom tilgjengelege ressursar og auka press var også Jostein Nerbøvik inne på, då han hevdar at auke i folketalet og påfølgjande jordhunger var årsaka til at teigblandinga auka og teigstorleiken minka.55

Ifølgje Hans Try var det jo slik at alle prinsipielt hadde del i alt på ein gard så lenge eigedomsretten til eit bruk var å eige ei viss landskyld i garden. Dette førde til at oppsitjarane følgde eit funksjonelt prinsipp i oppdeling og fordeling av dei verdiar og gode garden hadde å by på. Try meinte det berre var i tilfelle der det var naudsynt for den praktiske bruken, eller i tilfelle der det var for lite av ein ressurs sett opp mot etterspurnaden, at garden vart delt opp i spesifiserte, varige eigedomsrettar eller bruksrettar til ulike jordstykke og andre gode. Bøndene tydde då til det lettaste og mest rettferdige viset å dele garden på, ifølgje Try. Dette innebar at ein følgde eit partikularistisk prinsipp der kvar einskild brukar på ein gard skulle få ta del i kvar lita eining på garden, om det var ein åker, ei eng eller anna, der skyldverdien avgjorde storleiken på den einskilde brukar sin tilgang til ressursane. Dette førte også til at dei små bruka kunne få mest like mange teigar som dei store bruka, berre at teigane til dei små bruka var så mykje mindre som skylda tilsa.56

Eldre lovverk

Teigblandinga sitt opphav er også dels forklart med delingsmåtar som går fram av det eldre, norske lovverket.57 I Christian Vs norske lov av 1687, § 3-14-8, står det jo at: «Og skal da Jorden, hvad heller noget af den er ubygt, eller den er bygt til flere, maalis udi lige store og lige velgiødde Parter, saa at den sidste kand faa lige saa stor Lod, som den der først kom; Og giøre siden hvilket de ville, enten lade Lod gaa, om den anden kommer tilig nok dertil, eller hver have det, som hand tager.»58 Denne regelen var å finne heilt attende til landskapslovene, med rettslege omsyn bak. Dersom ein eigde ei viss skyldmengde i ein gard, skulle ein også ha rett på ein tilsvarande del av ressursane på garden. Om bøndene ikkje vart samde om anna delingsvis, påbaud lova lutkasting, der dette føresette lik verdi av det ein kasta lut om. Det ville seie ein skulle kaste lut om like store teigar i eit teiglag/teigkast, der ein bonde som eigde eller leigde dobbelt så mykje som ein annan skulle få dobbelte så mange teigar i teiglaget/teigkastet som den andre, ikkje dobbelt så store teigar.59

Også Ottar Rønneseth har peika på at teigblandinga hovudsakleg er eit resultat av garddelingar på 1600- og 1700-talet, men at delingsmåten som medfører teigblanding går attende til mellomalderen. Dette fann han belegg for i Landslova, men berre i liten grad i dei eldre landskapslovene slik andre forfattarar har gjort.60 Rønneseth peika på at ein ved odelsskifte etter Gulatingslova skulle dele ein gard tvers over på midten, om ein ikkje meinte at noko anna var riktig. Ved leiglendingsskifte etter Landslova innførte ein derimot ei deling i teigar og med omsyn til skylda. Rønneseth peika difor på at båe desse delingsmåtane eksisterte parallelt fram til 1800-talet, men at det var slik at ein ikkje kunne utføre delingar på desse to visa samstundes på ein og same gard: «Etter at en gard først var blitt skiftet i tråd med Landslovens bestemmelser, kunne den ikke lenger deles etter o alsskipti61 Rønneseth meinte også at leiglendingsskifte i tråd med føresegnene i Landslova primært vart utført i Vest-Noreg og Nord-Noreg, og jordeigedomstilhøva ein fann på 1800-talet var eit resultat av desse hovudtrekka.62

Lovføresegnene om åsetesrett skal også nemnast, då desse har vorte trekt fram som ei forklaring på utbreiinga av jordfellesskapet. Då gardane jamt over vart sjeldnare delte i bygdelag og regionar der åsetesretten stod sterkt i tradisjonen, oppstod det mindre teigblanding og andre former for jordfellesskap i desse lutane av landet.63 Den ulike praktiseringa av åsetesretten, der bruka langt sjeldnare vart delte austafjells enn vestafjells, har vorte forklart med både ulike sosiale normer, ulik utvikla rettferdssans og skilnader i ressursgrunnlag, og er med det ein interessant faktor sett opp mot kulturen.

Illustrasjon 6

Teigstrukturen på garden Hopland i Nordfjord i 1893.

Kjelde: Vestlandets Historie, bd. 2: Samfunn. Bergen 2006: Vigmostad og Bjørke AS.

Kjøp, sal, makebytte, gåver og bøter

I all hovudsak har ulike forfattarar hatt fokus på at teigblanding oppstod ved at eit nytt bruk vart etablert eller ved at eit eksisterande bruk vart delt. Ei anna, og sjeldnare nytta årsaksforklaring, er at teigblanding også kunne oppstå ved at skyldpartar vart overført frå eit bruk til eit anna anten ved arv frå ein leiglending til ein annan, ved kjøp og sal av skyldpartar proprietærar imellom eller til leiglendingar, som mellomlag i handel, makeskifte, gåver og som bøter.64 M.a. veit me at bøter i samband med hundebit har vorte nytta som forklaring på kvifor små teigar har skift eigar ifølgje folketrua.65 Ein slik teig, namngjeve som Hundebiddet, finn ein t.d. på eit utskiftingskart frå Lom herad frå 1864.66 Ifølgje Andreas Holmsen høyrde denne tradisjonen med grannetransaksjonar med jorda, der teigar skifte eigar ved sal, overdraging, bytte, gåver osb., heime i dei delane av landet der jordfellesskapet alt var vanleg, medan ein kjente lite til slikt frå Austlandet og Trøndelag.67

Sal av einskildteigar kjenner me elles også frå ulike mellomalderdiplom, som t.d. då Hans Kortssøn selde ein teig i garden Lerheim i Romsdal til Mats Jude i 1531.68 Likeins kjenner me til at einskildteigar vart gjevne som gåver i ei sak frå Ullensvang i Hardanger, der me i samandraget av diplomet les at: «To Mænd vidne, at de for over 60 Aar siden hörte Ragna Thorsteinsdatter give sin Sön Eilif Helgessön en Teig i Gaarden Bergven i Ullensvangs Sogn, da han friede til Sigrid Aslaksdatter i Ose.»69 Også frå Nord-Gudbrandsdal har me døme på at det oppstod teigblanding utan at det hadde røter i brukskløyving. M.a. heiter det seg at det vart spelt om innmarksteigar då nokre karar frå Våga prestegjeld sat og tura i triveleg lag på 1870-talet.70

Avslutting

For å samanfatte, så har me i denne gjennomgangen sett at det har vorte nytta fleire ulike forklaringsmodellar for å forklare jordfellesskapet i sine ulike former.

Jordeigedomsstrukturen vart først forklart med opphavet til folkesetnaden. Andre teoriar har peika både på at systemet var ineffektivt og grunna i bøndene si vankunne, eller at jordfellesskapet var eit resultat av individualistisk kalkulerande bønder som gjorde rasjonelle val, men der desse i eit langt perspektiv kunne bli irrasjonelle. Samstundes har det vorte vist til teoriar som har tolka fenomenet sosialt, framvakse mellom ueigennyttige bønder som ønskte ei rettferdig fordeling av jordressursane for å motverke ei sosial differensiering innan fellesskapet. Og til sist har meir særnorske delforklaringar vorte nemnt, som rolla til åsetesretten og eldre norsk lovverk.

Låg så årsaksforklaringa til teigblandinga i naturen og det materielle, eller i kulturen og det sosiale? Dei ulike årsaksforklaringane bak opphavet til jordfellesskapet har som me har sett, lent seg på båe desse hovudfaktorane som spelte inn på gardsskipanden, der det interessant nok også er slik at ein del av dei ikkje er gjensidig ekskluderande. Samstundes skal det nemnast at fleire av teoriane er høvesvis smalt innretta, utan at dei tek føre seg heile den totaliteten som låg til grunn for kva organisering av jordbrukslandskapet bøndene hadde valt. Det er også ein mangel ved fleire av teoriane at dei i liten grad diskuterer når teigblandinga oppstod, og om den var ein dynamisk prosess heilt fram til utskiftingane. Då dei ulike teoriane har ulikt syn på når teigblandinga vaks fram, og når fenomenet blei oppløyst, blir det også vanskeleg å gjera ei direkte samanlikning av dei ulike modellane. Nokre av dei nemnte særnorske forklaringsmodellane kan også synast mindre viktige i meir overordna perspektiv. Å nytte eldre lovverk kan til dømes synast lite gagnleg som forklaring, dersom dette berre konserverer ein røyndom, og ikkje skaper han. Eit anna døme kan vere kjøp, sal, makebytte, gåver og bøter, der dette er lite nytta som forklaring bak teigblandinga, men likevel er interessant då det kan vise at eigedomsretten kan kome inn og påverke mindre viktige sider ved denne strukturen.

Grovt sett kan me med dette gruppere dei ulike forklaringsmodellane me har sett på i ei etnisk, ei materialistisk og ei sosial retning.71 Sjølv om etnisk grunngjeve forklaringsmodellar bak opphavet til det norske jordfellesskapet synest noko utdaterte i våre dagar, har det vorte peika på at dette har vore seigliva teoriar i den busetnadshistoriske forskinga til langt ut på 1900-talet. Frå midten av 1900-talet vart det difor vanlegare med meir materialistisk retta teoriar, der jordfellesskapet ikkje vart forklart med etnisk opphav, men som resultat av økonomiske og teknologiske faktorar. Frå dei siste tiåra av 1900-talet og fram mot vår tid har det parallelt med dette vorte lagt stadig meir vekt på sosiale faktorar i forklaringsmodellane, med institusjonelle ordningar og samarbeid som det sosiale kittet som både førte til at teigblandinga oppstod og som heldt denne strukturen ved like. Ein har då vist til at ei slik organisering visst måtte ha røter i bruksteknologi og økonomi, men at det samstundes var eigedomsmessige og sosiale faktorar som måtte ligge til grunn for ei slik organisering. Ikkje minst medførte dette at ein gjekk vekk frå det eldre synet om at jordfellesskapet var ineffektivt og grunna i bøndene si vankunne. Teigblandinga har heller vorte sett på som ei effektiv og produksjonsfremjande organisering, både om ein har lagt ei materialistisk eller ei sosial forklaring til grunn – eller ein kombinasjon av desse. Om ein vil søke ei meir fullstendig årsaksforklaring bak det norske jordfellesskapet ein fann før innmarksutskiftingane sist på 1800-talet, må me nok difor nytte ein kombinasjon av desse teoriane, der jordfellesskapet nett er ein resultat både av natur og materielle vilkår, og av kva kultur og sosiale tilhøve som låg til grunn i eit samfunn.

Litteratur

Bjerva, Hans Jakob og Sevatdal, Hans 2009: «Jordskifte i teoretisk perspektiv». I: Ravna, Øyvind (red.): Perspektiver på jordskifte. Jordskifterettene 150 år. Oslo: Gyldendal.

Bjørkvik, Halvard 1956: «The farm territories». The Scandinavian economic history review-1956.

Bjørkvik, Halvard 1959: «Gardsskipnad på Sunnmøre for 150 år sidan». Tidsskrift for Sunnmøre Historielag-1959.

Bloch, March 1966: French Rural History. An Essay on its basic Characteristics. London: Routledge & Kegan Paul.

Borgedal, Paul 1959a: «Jordeiendommens historie i Norge». I: Grendahl, Torleif (red.): Jordskifteverket gjennom 100 år. 1859-1958. Oslo: Det kgl. Landbruksdepartement.

Borgedal, Paul 1959b: «Jordskiftets betydning for landbruk og samfunn». I: Grendahl, T. (red.): Jordskifteverket gjennom 100 år. 1859–1958. Oslo: Det kgl. Landbruksdepartement.

Borgedal, Paul 1966: Norges jordbruk i nyere tid, bd. I. Oslo: Bøndenes forlag.

Borgedal, Paul 1968: Norges jordbruk i nyere tid, bd. III. Oslo: Bøndenes forlag.

Brandt, Fr. 1883: Forelæsninger over den norske retshistorie, bd. I. Kristiania: Damm.

Broch, Ole Jacob 1876: Kongeriget Norge og det norske folk, dets sociale forhold, sundhedstilstand, næringsveie, redningsvæsen, samfærdselsmidler og ekonomi. Kristiania: Steenske Bogtrykkeri.

Dahl, Walter Scott 1882: Norges Landnæringsret. En systematisk Fremstilling. Kristiania: Den norske Forlagsforening.

Dahlman, Carl Johan 1980: The Open Field System and Beyond. Cambridge: Cambridge University Press.

Diplomatarium Norvegicum, bd. IV. Christiania: P. T. Mallings Forlagshandel.

Dodgshon, Robert 1980: The origin of British field systems. An interpretation. London: Academic press.

Dyrvik, Ståle 1978: «Den lange fredstiden 1720–1784». I: Mykland, Knut (red.): Norges historie, bd. 8. Oslo: Cappelen.

Dyrvik, Fossen, Grønlie, Hovland, Nordvik, Tveite 1979: Norsk økonomisk historie 1500–1970, bd. 1. Bergen: Universitetsforlaget.

Dørum, Knut 1994: «Eiendomsrett til jord i perioden 1600-1800». Heimen 4-1994.

Espeland, Anton 1925: «Adel og træl i den vestnorske landsbyen. Bosetningsforholdene i Vest-Noreg». Norsk Folkekultur. Folkeminne-tidsskrift 2-1925.

Espeland, Anton 1931: Tun og teig. Av den norske bosetnings historie. Skien: Norsk folkekulturs forlag.

Fenoaltea, Stefano 1988: «Transaction costs, whig history and the common fields». I: Politics and society 16-1988.

Frandsen, Karl-Erik 1983: Vang og tægt. Studier over dyrkingssystemer og agrarstrukturer i Danmarks landsbyer 1682-1683. Esbjerg: BYGD.

Gjerdåker, Brynjulf 2002: Norges landbrukshistorie. III 1814–1920. Oslo: Samlaget.

Granér, Staffan 2002: Samhävd och rågång. Om egodomsrelationer, ägoskiften och marknadsintegration i en värmländsk skogsbygd 1630–1750. Göteborg: Ekonomisk-historiska institutionen vid Göteborgs universitet.

Grendahl, Torleif (red.) 1959: Jordskifteverket gjennom 100 år. 1859–1958. Oslo: Det kgl. Landbruksdepartement.

Hansen, Andreas 1943: Norsk Folkepsykologi. Oslo: Det norrøne forlag.

Hansen, Andreas 1904: Landnåm i Norge. En udsigt over bosætningens historie. Kristiania: Fabritius.

Hansen, Andreas 1907: Oldtidens nordmænd. Ophav og bosetning. Kristiania: Cammermeyer.

Hasund, Sigvald 1914: «Grendskipnad og utskifting». Syn og segn-1914.

Hasund, Sigvald 1935: «Fraa gamal til ny gardsskipnad». Tidsskrift for Det norske Utskiftningsvesen-1935.

Hasund, Sigvald 1944: Or Noregs bondesoge. Glytt og granskingar, bd. II. Oslo: Noregs Boklag.

Hegstad, Einar 2003: Om eiendomsregistrering: med hovedvekt på norske forhold. Avhandling (dr. scient.). Norges landbrukshøgskole 2003.

Helle, Knut 2001: Gulatinget og Gulatingslova. Leikanger: Skald.

Helle, Knut 2005: «Under kyrkje og kongemakt 1130–1350». I: Aschehougs Norges historie, bd. 3. Oslo: Aschehoug.

Hellesnes, Torstein 1945: Jorddelinga i Noreg. Frå dei eldste tider og til idag. Oslo.

Helmfrid, Staffan 1985: Europeiska agrarlandskap. Stockholm: Kulturgeografiska inst.

Holmsen, Andreas 1949-1951: «Det gamle bygselsystemet». Heimen 1949–1951.

Holmsen, Andreas 1982: Før bonden ble forretningsmann. Oslo: Universitetsforlaget.

Holmsen, Andreas 1966: Gard bygd rike. Oslo: Universitetsforlaget.

Holmsen, Andreas 1956: «The Old Norwegian Peasant Community». I: The Scandinavian economic history review-1956.

Holsbøvåg, Kåre Magne og Kavli, Eilert 1988: «Hundebetet». Romsdal sogelag årsskrift 1998.

Hoppe, Gunnar 1991: «Svenska jordskiften och samhällsutvecklingen». I: Myrdal, Janken (red.): Statens jordbrukspolitik under 200 år. Stockholm: Nordiska museet.

Johnsen, Oscar Albert 1919: Norges bønder. Kristiania: Aschehoug.

Klokk, Olav 1920: Oversigt over det norske landbruks utvikling siden 1750. Kristiania: I kommission hos Erichsen.

Kong Christian den femtes norske lov 15de april 1687 – med kongeloven 1665. Oslo: Universitetsforlaget.

Kvale, Sølfest 1875: Jordfællesskab og Udskiftning. Kristiania.

Langnes, Mads 2009: «Frå utskiftingsvesen til jordskifterett – jordskifterettane si historie frå 1800-talet og fram til i dag». I: Ravna, Øyvind (red.): Perspektiver på jordskifte. Oslo: Gyldendal akademisk.

Langnes, Mads 2018: Utskiftingsrett og gardsskipnad. Innmarksutskiftingar, tun og teigblanding i tre ulike landslutar. Oslo: Instituttet for sammenlignende kulturforskning/Novus forlag.

Lillehammer, Arnvid 1999: Farm and village, the problem of nucleation and dispersal of settlement – seen from a Norwegian perspective. I: Fabech, Charlotte og Ringtved, Jytte (red.): Settlement and landscape – proceedings of a conference in Århus, Denmark, May 4–7 1998. Højbjerg: Jutland Archaeological Society.

Mayhew, Alan 1973: Rural Settlement and Farming in Germany. London: Batsford.

Meitzen, August 1895: Siedelungen und Agrarwesen der Westgermanen und Ostgermanen, der Kelten, Römer, Finnen und Slawen. Bd. I-IV. Berlin: W. Hertz.

Mjøs, Leiv Bjarte og Sevatdal, Hans 2011: «Eigedomstvistar og matrikkelsystem». Kart og plan 3-2011. Fagbokforlaget 2011.

Moen, Knut Johannes 1965: Historikk om jordeigedomstilhøva i Noreg. Vollebekk: Norges landbrukshøgskole, Institutt for jordskifte og eigedomsutforming.

Mortensson, Ivar 1904: Bondeskipnad i Norig i eldre tid. Kristiania: Norli.

Nerbøvik, Jostein 1996: Norsk historie 1870–1905. Frå jordbrukssamfunn mot organisasjonssamfunn. Oslo: Samlaget.

Nærstad, Henry 1942: Sameieretten til jord. Oslo 1942.

Olafsen, Olaf 1914: Jordfællesskab og sameie. Kristiania: Det Mallingske Bogtrykkeri.

Olsen, Magnus 1926: Ættegård og helligdom. Norske stedsnavn sosialt og religionshistorisk belyst. Oslo: Aschehoug.

Pilø, Lars 2005: Bosted – urgård – enkeltgård. En analyse av premissene i den norske bosetningshistoriske forskningstradisjon på bakgrunn av bebyggelsesarkeologisk feltarbeid på Hedemarken. Oslo: Institutt for arkeologi, kunsthistorie og konservering, Universitetet i Oslo.

Riksarkivet: Jordskifteverket, utskiftingskart IV-9.

Robberstad, Knut 1978: «Tingsrettssoga». I: Austenå, Torgeir (red.): Jus og jord. Heidersskrift til professor dr. juris Olav Lid på 70-årsdagen, 24. april 1978. Oslo: Det Norske Samlaget.

Rysstad, Sigurd 1988: Agrar struktur og økonomisk utvikling. Strukturelle endringer og deres betydning for landbrukets økonomiske utvikling. Eksempler fra norsk agrarhistorie – 17. Til 20. århundre. Dr.scient avh. NLH. Ås.

Rysstad, Sigurd 1990: «På sporet av den rasjonelle bonde. Samdrift, teigblanding og grensedeling rundt 1800». I: Hovland, Lange, Rysstad (red.): Det som svarte seg best. Studier i økonomisk historie og politikk. Oslo: Ad Notam.

Rønneseth, Ottar 2001: Gard og gjerde. Faser i utviklingen av Jærens kulturlandskap. Stavanger: Erling Skjalgssonselskapet.

Salvesen, Helge 2003: «DNØ og det historiske perspektivet». Heimen 3-2003.

Salvesen, Helge 1996: «Om opphavssituasjonen for norske klyngetun». I: Haarstad, Kjell og Tretvik, Aud Mikkelsen (red.): Bønder jord og rettigheter. Rapport frå agrarhistorisk symposium. Trondheim: NTNU, Historisk institutt.

Schacke, Adam Tybjærg 2003: Enkelt- og enestegårde på Fyn – i dyrkningsfællesskabets tid. Kerteminde: Landbohistorisk Selskab.

Scheel, Herman 1912: Forelæsninger over norsk Tingsret. Kristiania: I kommisjon hos T.O. Brøgger.

Sejersted, Francis 1978: «Den vanskelige frihet 1814–1851». I: Mykland, Knut (red.): Norges historie, bd. 10. Oslo: Cappelen.

Sevatal, Hans 1991: «Jordfellesskap og klyngetun». Jord og gjerning 1991.

Sevatdal, Hans 1996: «Lokale institusjonar for allmenningar og sameiger». I: Haarstad, Kjell og Tretvik, Aud Mikkelsen (red.): Bønder jord og rettigheter. Rapport frå agrarhistorisk symposium. Trondheim: NTNU, Historisk institutt.

Skadsem, Marius 1954a: «Deling av gardar i eldre og nyare tid». Heimen 1954.

Skadsem, Marius 1954b: «Gard og bonde i gamal tid». Heimen 1954.

Skeie, Jon 1933: Utskiftningssaker. Oslo: Norli.

Sky, Per Kåre 2002: «Effekter av jordskifte. Et litteraturstudium». I: Serie B, rapport nr 1/2002. Ås: Institutt for landskapsplanlegging.

Smitt, Jonas 1883: Norges landbrug i dette aarhundrede. Et tidsbillede. Kristiania: Mallings.

Stenseth, Geir 2005: Almenningens janusansikt. En sammenlignende rettslig analyse av almennings- og sameieforhold i norsk utmark. Oslo: Gyldendal akademisk.

Strøm, Hans 1997: Annotations Boog over de Merkværdigheder som udi Syndmørs Fogderie forefindes indrette[t] Anno 1756. Volda: Haram kulturhistoriske lag/Høgskulen I Volda.

Stylegar, Frans Arne 2003: «Plog og spade – gård og landsby. Synspunkter på middelalderens agrare driftsformer og bebyggelsesstruktur i Vest-Agder». Heimen 2-2003.

Søvik, Olav 1980: Bygdaboka for Voll, Bd. II. Åndalsnes: Bygdaboknemnda for Voll.

Taranger, Absalon 1904: Udsikt over den norske rets historie, Bd. II. Christiania: Cammermeyer.

Teigum, Ivar 2004: Bygdebok for Vågå og Sel. Band 2: Frå 1600-talet til 1907. Otta: Sel kommune.

Thunæs, Johan (red.) 1934: Norske utskiftningsfunksjonærer gjennem 75 år 1959–1934. Oslo: Utskiftningsfunksjonærenes landsforening

Try, Hans 1969: Gardsskipnad og bondenæring. Sørlandsk jordbruk på 1800-talet. Oslo: Universitetsforlaget.

Widgren, Mats 1997: Bysamfällighet och tegskifte i Bohuslän 1300–1750. Uddevalla: Skrifter utgivna av Bohusläns museum och Bohusläns hembygdsförbund.

Widgren, Mats 1995: «Individuellt eller kollektivt ägande i bondesamhällen». I: Widgren, Mats (red.): Äganderätten i lantbrukets historia. Stockholm: Nordiska museet.

Østberg, Kristian 1936: Norsk bonderet. Fellesskap i jord og skog, bd. XI. Oslo: Cappelen.

Østberg, Kristian 1928: Norsk bonderet. Sedvaner i granneforhold, bd. V. Oslo: Cappelen

Øye, Ingvild 2002: «Landbruk under press 800–1350». I: Myhre, Bjørn og Øye, Ingvild.: Norges landbrukshistorie, bd. I, 4000 f.Kr.-1350 e.Kr. Oslo: Samlaget.

1Sjå t.d.: Borgedal 1959a og 1959b, Langnes 2009 og Langnes 2018.
2Hoppe 1991, s. 46ff. Widgren 1997, s. 11. Sjå også historiografiske oversyn i Rysstad 1988 og Rønneseth 2001, der desse oversyna er høvesvis økonomisk og arkeologisk retta.
3Artikkelen er basert på eit foredrag under Forening for kulturforsknings nasjonale fagkonferanse på Universitetet i Oslo 01.02.2019, med tema: «Naturens kulturer».
4Nærstad 1942, s. 48. Sevatdal 1991, s. 56. Dørum 1994, s. 258. Hegstad 2003, kap. 4.2. Sjå også: Holmsen 1949-1951, s. 404ff. Mjøs og Sevatdal 2011, s. 154.
5Holmsen 1982, s. 87. Ein fyldig gjennomgang av ulike former for jordfellesskap, sameige og allmenningar i utmark finn ein hjå: Stenseth 2005.
6Scheel 1912, s. 153.
7Holmsen 1982, s. 88.
8Jf.: Olafsen 1914, s. 32.
9Jf.: Bjørkvik 1956, s. 52. Langnes 2018, kap. 7.4.
10Holmsen 1982, s. 88f.
11Jf.: Langnes 2018, kap. 7.4.
12Jf. oversyn over graden av teigblanding i: Langnes 2018, s. 109-112.
13Jf.: Rysstad 1990, s. 70. Widgren 1997.
14Jf. hovudverket: Siedlung und Agrarwesen der Westgermanen und Ostgermanen, der Kelten, Römer, Finnen und Slawen frå 1895. Rønneseth 2001, s. 39. For eit oversyn over dansk forsking på emnet, sjå: Schacke 2003, s. 13ff.
15Pilø 2005, s. 23.
16Jf.: Rønneseth 2001, s. 39.
17Jf.: Mayhew 1973, s. 16ff. Sjå også eit historiografisk oversyn over samanhengen mellom etnisk opphav og jordfellesskapet i England i: Frandsen 1983, s. 30f.
18Sjå t.d.: Kvale 1875, s. 7. Hansen 1904, s. 35f. Mortensson 1904, s. 34ff. Taranger 1904, s. 21ff. Hansen 1907, s. 28f. Olafsen 1914, s. 25ff. Johnsen 1919, s. 24ff. Olsen 1926, kap. II. Østberg 1928, s. 12ff. Espeland 1925, s. 33ff. Espeland 1931. Hasund 1935, s. 131. Nærstad 1942, s. 27. Hansen 1943, s. 32ff . Skadsem 1954a, s. 181. Skadsem 1954b, s. 490. Holmsen 1956, s. 30f. Holmsen 1966, s. 77ff. Rønneseth 2001, s. 40 og 42.
19Hansen 1943, s. 32ff. Førsteopplaget av boka kom i 1899. Sjå også: Hansen 1907, s. 28f.
20Jf.: Pilø 2005, s. 10.
21Hansen 1943, s. 34.
22Sjå t.d.: Hansen 1904, s. 35f.
23Mortensson 1904, s. 77.
24Mortensson 1904, s. 41.
25Jf.: Espeland 1931, s. 6.
26Hansen 1943, s. 34.
27Espeland 1925, s. 39.
28Sjå t.d.: Broch 1876, s. 84. Nærstad 1942, s. 27 og 41.
29Hasund 1935, s. 132ff.
30Nærstad 1942, s. 27 og 41.
31Broch 1876, s. 84.
32Rysstad 1990, s. 70.
33Widgren 1997, s. 14. Sjå også: Widgren 1995, s. 9.
34Salvesen 2003, s. 203.
35Jf. Granér 2002, s. 41f.
36Jf.: Rysstad 1990, s. 73. Dette var i tråd med eit syn som den franske historikaren Marc Bloch også delte, jf.: Bloch 1966, s. 55.
37Eit døme på problem ein kunne få om ein måtte gjere våronn på mindre laglege tidspunkt, finn ein t.d. i det gamle norske ordspråket som gjeld tidspunkt for utsånad av kornet: «Ein dag i saanaden gjer ei vika i skuren,» der ein meir vitskapleg reknar at ein med dagens byggsortar får ei redusert avling på om lag 1 % pr dag for kvar dag som går etter ideell såtid. Jf.: Klokk 1920, s. 17. Rysstad 1990, s. 77.
38Historiografiske oversyn over forskingstradisjonen knytt til teigblandinga sitt opphav og utbreiing finn ein m.a. hjå: Dodgshon 1980. Helmfrid 1985. Fenoaltea 1988, s. 171ff. Rønneseth 2001, s. 39ff . Sky 2002, s. 9f.
39Dahlman 1980. Widgren 1997, s. 16. Bjerva og Sevatdal 2009, s. 82.
40Rysstad 1988, s. 64f. Sevatdal 1996, s. 113f. Eit praktisk døme finn ein i: Kvale 1875, s. 8. Sjå elles: Langnes 2018, 55.
41Granér 2002, s. 42f.
42Rysstad 1990, s. 72ff.
43Dahl 1882, s. 27f.
44Borgedal 1959a, s. 140. Borgedal 1959b, s. 320, 332ff og 329. Borgedal 1966, s. 18f . Borgedal 1968, s. 82f. Sjå også: Dahl 1882, s. 27f. Espeland 1931, s. 35. Moen 1965, s. 68. Frandsen 1983, upag. føreord og s. 255. Sevatdal 1991, s. 57 og 60.
45Hasund 1944, s. 227.
46Hasund 1914, s. 295.
47Rysstad 1990, s. 71.
48Jf. t.d.: Smitt 1883, s. 200. Espeland 1931, s. 42. Skeie 1933, s. 8. Østberg 1936, s. 11f. og 57ff. Nærstad 1942, s. 30. Hasund 1944, s. 229. Hellesnes 1945. Dyrvik 1979, s. 52f. Sejersted 1978, s. 133. Nerbøvik 1996, s. 30. Salvesen 1996, s. 54. Strøm 1997, s. 20.
49Strøm 1997, s. 20.
50Smitt 1883, s. 200.
51Østberg 1936, s. 11f. og 57ff.
52Hasund 1944, s. 229.
53Jf.: Dyrvik 1978, s. 52f. Sejersted 1978, s. 133.
54Salvesen 1996, s. 54.
55Nerbøvik 1996, s. 30.
56Try 1969, s. 83 og 91f.
57Brandt 1883, s. 225. Taranger 1904, s. 22. Nærstad 1942, s. 26ff. Bjørkvik 1956, s. 50ff. Moen 1965, s. 33ff. Robberstad 1978, s. 177f. Sevatdal 1991, s. 57. Lillehammer 1999, s. 132. Helle 2001, s. 116. Rønneseth 2001, s. 183. Øye 2002, s. 309. Helle 2005, s. 136.
58 Kong Christian den femtes norske lov 15de april 1687 - med kongeloven 1665. Universitetsforlaget 1982, s. 132f.
59Sevatdal 1991, s. 57. Sjå også: Brandt 1883, s. 225. Nærstad 1942, s. 35.
60Jf.: Stylegar 2003, s. 90.
61Rønneseth 2001, s. 183.
62Rønneseth 2001, s. 183.
63Gjerdåker 2002, s. 198.
64Thunæs 1934, s. 16. Rønneseth 2001, s. 214. Sjå også: Diplomatarium Norvegicum IV nr. 302 og 1097. Søvik 1980, s. 178. Holsbøvåg og Kavli 1998, s. 183ff. Teigum 2004, s. 247.
65Holsbøvåg og Kavli 1998, s. 183ff.
66Riksarkivet: Jordskifteverket, utskiftingskart IV-9.
67Holmsen 1966, s. 147 og 152.
68Diplomatarium Norvegicum IV nr. 1097.
69Diplomatarium Norvegicum IV nr. 302.
70Teigum 2004, s. 247.
71Sjå også: Widgren 1997, s. 12ff.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon