Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}
Leiar
Åpen tilgang
(side 247-248)
av Oddmund L. Hoel, Annette Langedal Holme, Yngve Nilsen, Mari Sofie Sandvik og Gunnar Yttri
Åpen tilgang
Ein Nes-bonde æreskjeller ein generalmajor
Vilkåra for trykkefridommen i dei første åra etter 1814
Vitenskapelig publikasjon
(side 249-263)
av Åsmund Forfang
SammendragEngelsk sammendrag

I 1814 innførte § 100 i Grunnlova trykkefridom i Norge. Men kva var lovgrunnlaget ved tiltale og dom i saker reiste for misbruk av trykkefridommen – § 100 sjølv eller den upopulære trykkefridomsforordninga av 27. september 1799 som hadde vore gjeldande straffelov under siste del av det dansk-norske eineveldet? Spørsmålet oppstår ved at lovverket frå eineveldets tid ifølgje § 94 i Grunnlova skulle fortsette å gjelde der det ikkje kom i konflikt med Grunnlova eller nye norske lover, inntil landet fekk sine eigne lover; den nye norske straffelova kom først i 1842. Vart forboda i 1799-forordninga straks og utan vidare sette ut av kraft i 1814? Eit utbreidd syn i dag er at det var dei ikkje, og at forordninga fortsette å vere heimel i skyldspørsmålet ved både tiltale og dom. Eit motsett syn er at dei gamle forboda var oppheva, og at § 100 fram til 1842 var einaste heimel for straffskyld. Ei sak frå 1815–17 antydar at domstolane dømte i tråd med dette siste synet, ikkje berre frå 1823, slik den som først og fremst har hevda dette synet, har meint, men alt frå denne aller første saka som nådde Høgsterett i 1817.

What was the legal basis of charges and verdicts in cases raised against misuse of the freedom of the printed word imposed by § 100 of the Norwegian constitution of 1814 – § 100 itself, or the unpopular decree of the 27th of September 1799 that regulated this freedom during the pre-1814 Danish-Norwegian absolute monarchy? This question is based on § 94 of the constitution, which maintained that all old laws, if not in conflict with the constitution or other new laws, were in force until Norway gained its own legislation; the new criminal code did not appear until 1842. Was this decree immediately and automatically nullified in 1814? One established view is that it was not, and that it still was the legal basis of both charges and verdicts. An opposite view is, naturally, that the old interdicts were nullified, and that § 100 in their place until 1842 was the one and only legal basis. This article shows, illustrated by a case from 1815–17, that the courts acted according to this last view, not only from 1823 on, as the main holder of this view claims, but already in this very first case that passed the High Court in 1817.

Åpen tilgang
Vitenskapelig publikasjon
(side 264-278)
av Trond Espen Teigen Bjoland
SammendragEngelsk sammendrag

Mellom 1825 og 1930 krysset hundretusenvis av nordmenn Atlanterhavet i håp om en bedre fremtid i Amerika. Migrantene spredte seg over det amerikanske kontinentet og bosatte seg i ulike former for lokalsamfunn. Noen av dem bosatte seg i storbyer, noen i små rurale jordbrukssamfunn og andre i småbyer i Midtvesten. I denne artikkelen undersøkes mønstre ved studier av den demografiske utviklingen i småbyen Stoughton i Dane County i Wisconsin. Norske immigranter utgjorde et flertall av byens innbyggere rundt år 1900, og dette illustrerer en relativt vanlig utvikling blant norske immigranter. Mange av dem valgte å bosette seg i relativ nærhet til andre immigranter fra Norge. Dette har også blitt beskrevet i tidligere studier, men historikere har vektlagt ulike årsaker bak denne utviklingen. Studien av Stoughton tyder på at et samspill mellom en rekke faktorer, som kjedemigrasjon, klima, politiske avgjørelser på lokalt nivå og sentrering rundt lutherske menigheter, bidro til å føre utviklingen i den nevnte retningen. På denne måten illustrerer den demografiske utviklingen i Stoughton en mer generell utvikling blant norskamerikanere, og studien kan bidra i forståelsen av bosetningsmønstre blant norske immigranter i Amerika.

Between 1825 and 1930, hundreds of thousands of Norwegians crossed the Atlantic Ocean in the hope of a better future in America. The migrants spread across the American continent and settled in different forms of local communities. Some of them settled in big cities, some in rural farming societies and others in small Midwestern towns. In this article, I investigate demographic patterns by studying the demographic development in the small town of Stoughton in Dane County, Wisconsin. Norwegian immigrants constituted most of Stoughton’s population around 1900, and this illustrates a rather normal development amongst Norwegian immigrants. Many of them chose to live relatively close to other immigrants from Norway. This has also been found in earlier studies, but historians have emphasized different causes for this development. This study suggests that an interaction between several factors, such as chain migration, climate, political decisions and centring around Lutheran congregations, contributed to leading the development in the described direction. In this way, the demographic development in Stoughton may illustrate a more general development amongst Norwegian-Americans, and this study may contribute to the understanding of the settlement patterns amongst the Norwegian immigrants in America.

Åpen tilgang
Vitenskapelig publikasjon
(side 279-295)
av Mads Langnes
SammendragEngelsk sammendrag

Fram til utskiftingsreformene på 1800-talet hadde bøndene i delar av Noreg valt å organisere jordbruksdrifta si i ulike former for såkalla jordfellesskap. Artikkelen har ei historiografisk tilnærming og handsamar ulike forklaringsmodellar bak ein slik jordeigedomsstruktur. Med utgangspunkt i både norsk og utanlandsk litteratur viser artikkelen at ulike forfattarar har forklart jordfellesskapet både som eit resultat av naturen og materielle vilkår, og av kulturen og sosiale tilhøve.

Until the enclosure movement in Norway in the 19th century, farmers in parts of Norway had chosen to organize their agricultural use of the land in various forms of the so-called «jordfellesskap» (common field system and strip field system). The article has a historiographical approach and discusses various explanatory models behind such a land ownership structure. On the basis of both Norwegian and foreign literature, the article shows that various authors have explained the organization of the land use both as a result of natural and material conditions, and of culture and social practice.

Åpen tilgang
Vitenskapelig publikasjon
(side 296-311)
av Folke Forfang
SammendragEngelsk sammendrag

Kongen oppheva i 1618 forbodet mot sagbruksdrift på kongens grunn. Etter dette utvikla sagbruksdrifta i Midt-Norge (Trøndelag, Nordmøre og Romsdal) seg i løpet av få år til å bli det området i Norge med størst sagbordproduksjon. Fordi tidlegare studiar av sagbruksdrifta i Trøndelag ikkje har analysert produksjonstala, er omfanget av produksjonen ikkje tidlegare dokumentert. Trøndelag var ein utkant i sagbruksnæringa og dermed sårbar for konjunktursvingingar. Analysar av produksjonen avdekker desse konjunktursvingingane, som er viktige for å forstå utviklinga.Tidlegare analysar har basert seg på stikkprøvar omtrent kvart tiande år av talet på sager og kven som var sageigarar. Denne artikkelen utnyttar derimot heile datamaterialet om sagbruksdrifta i Trøndelag for perioden 1610–1663, slik ein finn det i lensrekneskapane. Artikkelen viser at datagrunnlaget i tidlegare analysar var altfor spinkelt til å dra generelle konklusjonar.Som eksempel kan nemnast at analysar av produksjonen gir andre svar på kven som var dei viktigaste sageigarane, enn ei opprekning av kor mange sager den enkelte sageigaren hadde. Vidare at parten bondesager ikkje gjekk ned fordi bøndene vart pressa ut av næringa, men som følgje av at bøndene stort sett hadde små sager med dårleg økonomi, og dermed ikkje tolte sterkare skattlegging og dårlege konjunkturar.

In 1618, the king repealed the ban on sawmill operation on the king's land. After this, sawmill operations in central Norway (Trøndelag, Nordmøre and Romsdal) developed within a few years to become the area in Norway with the largest sawmill production. Because earlier studies of sawmill operations in Trøndelag have not analyzed the production figures, the extent of production is not previously documented. Trøndelag was marginal in the sawmill industry, and thus vulnerable to cyclical fluctuations. Production analyses reveal these cyclical fluctuations, which are important for understanding developments.Earlier analyses have been based on sampling about every tenth year of the number of saws and who were saw owners. This article, on the other hand, utilizes the entire data on sawmill operations in Trøndelag for the period 1610–1663, as one finds in the Norwegian «Lensregnskap». The article shows that the data in earlier analyses were far too flimsy to draw general conclusions.As examples, it can be mentioned that analyses of production give different answers to who was the most important saw owner than did a list of how many saws the individual saw owner had. Furthermore, the proportion of farmer saws did not decrease because the farmers were squeezed out of the industry, but as a result of the farmers having mostly small saws with poor finances, who thus did not tolerate stronger taxation and poor business cycles.

Innkomen litteratur

www.idunn.no/heimen

Heimen er det sentrale vitskaplege tidsskriftet for lokal og regional historie. Tidsskriftet har vore organ for Landslaget for lokalhistorie sidan skipinga i 1922.

Heimen har som mål å publisere studiar over lokale samfunn eller fenomen som kan kaste lys over større einingar eller spørsmål. Redaksjonen har som ambisjon å løfte fram nye tema som er i forskingsfronten innanfor feltet og legg vekt på det nyskapande både med omsyn til teoriar og metode. Gjennom artiklar, debattinnlegg og bokmeldingar avspeglar tidsskriftet heile landet, men redaksjonen held òg ope for relevante internasjonale bidrag. Lokal- og kulturhistorisk interesserte med ulik bakgrunn og frå ulike fag er velkomne som bidragsytarar.

Redaktørar

Oddmund Løkensgard Hoel

Annette Langedal Holme

Yngve Nilsen

Mari Sofie Sandvik

Gunnar Yttri

Redaksjonssekretær

Tina Veronica Bjørk

Redaksjonsråd

Line Grønstad, Oslo

Hans Hosar, Oslo

Berit Eide Johnsen, Kristiansand

John Ragnar Myking, Bergen

Aud Mikkelsen Tretvik, Trondheim

Steinar Aas, Bodø

  

Sats: Tekstflyt AS

ISSN Online: 1894-3195

DOI: https://doi.org/10.18261/issn.1894-3195

  

Heimen blir utgjeve av Landslaget for lokalhistorie i samarbeid med Universitetsforlaget. Tidsskriftet mottek støtte frå Nasjonalt tidsskriftkonsortium for humaniora og samfunnsvitskap.

  

Framsidebilete: Kart over tun- og teigstrukturen på Follestad i Ørsta (1803), teikna av lensmann Sivert Aarflot. Riksarkivets kartsamling.

  

© Universitetsforlaget 2019 / Scandinavian University Press

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon