Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Sosioøkonomisk struktur og økonomisk åtferd

Regionar i Fiskar-Noreg på 1800-talet i eit komparativt nordatlantisk perspektiv
Socio-economic Structure and Economic Behaviour
Regions in Fisheries-Norway in the 19th Century in a Comparative North-Atlantic Perspective
Professor i historie, Høgskulen i Volda

Artikkelen tar føre seg samfunn i Fiskar-Noreg (det vil seie der dei store eksportfiskeria dominerte), Norden og også nokre andre nordatlantiske kystsamfunn på 1800-talet. Korleis utbyttet frå fiskeria var fordelt mellom fiskarane og også – der det gjeld – mellom fiskarane og jordherrane/handelsmennene, vil bli tatt opp. Eigedomsforhold til båtar (sameige eller eineeige) og reiskap i Fiskar-Noreg vil bli drøfta. Det same blir samanhengen mellom utbyttet av fisket og storleiken på jorda som fiskarbøndene eigde eller leigde. Var det ein samanheng mellom storleiken på gardsbruka – eller det å ikkje ha jord – og korleis ein gjorde det som fiskar? Den sosiale strukturen innetter i fiskarbondesamfunnet vil bli problematisert, og også – og ikkje minst – graden av avstand mellom fiskarallmugen og handelsmannen og eventuelt væreigaren. Dei regionale kontrastane mellom forholdsvis egalitære og meir lagdelte og sosialt stratifiserte regionar blir framheva, og sentralt i artikkelen står drøftinga av kva forskjellige regionale sosioøkonomiske strukturar hadde å seie for utviklinga av fiskerinæringa. Var det klare forskjellar mellom meir egalitære kystsamfunn og meir lagdelte og sosialt stratifiserte kystsamfunn? Artikkelen konkluderer med at forskjellige regionale sosioøkonomiske strukturar i Noreg og i Nord-Atlanteren kan ha hatt mykje å seie for forskjellig regional utvikling av fiskerinæringa frå siste halvparten av 1800-talet.

Nøkkelord: fiskeri, egalitet, sosial stratifisering, regional utvikling

The article will focus on Societies in Fisheries-Norway (that is where the great export fisheries dominated), the North and some other North-Atlantic Coast Societies in the 19th century. How the returns from the fisheries were distributed among the fishermen and also – where it prevailed – among the fishermen and the landed proprietors /fishmongers will be touched on. The ownership of boats (joint ownership or sole ownership) and fishing gear in Fisheries-Norway will be discussed. Also, the connections between the returns from the fisheries and the size of the farm which the fishermen owned or rented will be discussed. Was there a connection between the size of the farms – or not to have a farm – and how one succeeded as a fisherman? The social structure within the fisherman community will be discussed, and also – and not least – the degree of social distance between the fisherman community and the fishmonger and the proprietor – if any. The regional contrasts between relatively egalitarian and more socially stratified regions will be stressed, and central in the article will the discussion of how important different regional socio-economic structures were for the development of the fisheries. Were there clear differences between egalitarian coast societies and socially stratified coast societies? The article concludes with the observation that different regional socio-economic structures in Norway and the North-Atlantic may have mattered a lot for different regional developments of the fisheries from the last part of the 19th century.

Keywords: fisheries, egalitarianism, social stratification, regional development

Innleiing

Då engelskmannen William Hurton var med jekta «Bergethe Marie» frå Bergen til Tromsø i juni 1850, fortel han at ho hadde med seg

et dusin familier om bord, på vei til Nordland. De hørte alle til de lavere samfunnslag. […] Disse nordlendingene, så åpenbart fattige de enn var, så hadde de ikke ved seg denne skitne, knugende elendighet som man ser hos tilsvarende samfunnslag i Storbritannia.1

Skotten Samuel Laing (1780–1868) kom frå ein velståande jordeigar- og også fiskebåtreiarfamilie på Orknøyane, og budde nokre år i Trøndelag i 1830-åra. Han meinte det var ei likeverdig haldning blant folk: «Å late som ein er betre enn andre er fullstendig ukjent for den norske folkekarakteren.» Han hevda også at «[g]ode manerar går lenger ned i dei sosiale lag enn i andre land», og samanlikna med Skottland var «ekstrem naud like sjeldan som stor rikdom».2 På denne tida var det ikkje uvanleg blant britiske og andre europeiske overklasseturistar å peike på den «flate» klassestrukturen i Noreg,3 og då vart den sett i forhold til andre europeiske land.

Regionale skilnader?

I det følgande blir dei sosioøkonomiske strukturane i Fiskar-Noreg (området frå Lindesnes i sør til Varanger i nord) på 1800-talet problematiserte – med sideblikk til andre nordatlantiske kystsamfunn. Korleis var eigedomsforholda til fiskebåtane og utbyttedelinga frå fisket, og i kva grad hadde jordeigarar og handelsmenn hand om næringa. Var det regionale forskjellar mellom dei forskjellige kystsamfunna i Nord-Atlanteren?

Fiskebåtane langs Kyst-Noreg var i det vesentlege fiskareigde på 1800-talet, men i kva grad var dei i eineeige eller i sameige? Var partseige meir vanleg nokre stader enn andre stader? Var det å drive jordbruk – og storleiken på gardsbruket – avgjerande for korleis ein gjorde det i fisket, og var fiskarbonden (som kombinerte jordbruk med fiske) meir vanleg i nokre regionar enn i andre? Var regionale sosioøkonomiske kontrastar innetter i fiskarbondesamfunnet også forskjellige?

Forholdet mellom godseigarar/jordeigarar og handelsmenn og fiskarar/fiskarbønder i Fiskar-Noreg vil – med samanlikning med øysamfunn vestover i havet – også bli problematisert. Korleis var den sosiale avstanden, i kva grad var fiskarane avhengige av kreditt og utrustning frå ein væreigar/handelsmann, og i kva grad hadde fiskaren leveringsplikt til væreigaren? Var dei regionale kontrastane markerte?

I framstillinga vil det vere sentralt å drøfte kva forskjellige sosioøkonomiske strukturar kunne ha å seie for den samtidige – og også den seinare – utviklinga av fiskerinæringa. Kunne ein forholdsvis egalitær samfunnsstruktur fremme utviklinga av næringa, mens ein meir lagdelt og stratifisert struktur derimot hemma utviklinga i siste halvparten av 1800-talet?

Fiskarsamfunn i Nord-Europa og Nord-Atlanteren

Samanlikna med mange andre fiskerisamfunn i Europa var store delar av Fiskar-Noreg i varierande grad prega av egalitære samfunnsforhold og av det demokratiske skandinaviske systemet: I dei gamle båtlaga eigde fiskaren ofte part i båten og fekk lott etter det. Sjølve motbildet er dei britiske trålarane frå midten av 1800-talet og utover, der fiskaren fekk fast lønn, same kor store fangstane var.4 Her kom motsetninga kapital–arbeid klart fram. Det gjorde den også i nederlandsk og fransk fjernfiske ved Newfoundland og Island. Fiskarane fekk fast dagleg lønn. Ved det portugisiske fjernfisket utanfor Newfoundland fekk fiskarane oppgjer etter individuelt oppfiska torsk. Slik var det også på dei færøyske sluppane på byrjinga av 1900-talet.5

Illustrasjon 1:

Fiskarlandsbyen Whitehall på Orknøyane. Fiskarlandsbyen Whitehall vart bygd av orknøyingen Samuel Laing (1780–1868) i byrjinga av 1800-talet, og vart eit sentrum for fiskeri på Orknøyane. Opptil 400 båtar med fire–fem fiskarar i kvar var i sving kvart år. I tillegg var fleire hundre kvinner sysselsette på land med reinsing og salting av fisk. Bildet av Whitehall er frå nyare tid. (Foto: Lis Burke / Wikimedia Commons.)

I mange av dei halv-føydale øysamfunna i Storbritannia (Hebridane, Orknøyane og Shetland) var gjerne fiskarane fram til 1880-åra bundne til å fiske for jordeigarane, som fekk mesteparten av fangsten.6 I mange av dei baltiske kystområda i Østersjøen hadde grunneigarane rett til fisken sjølv langt ut på sjøen. På Island kom mange bønder til å kontrollere robåtflåten ut gjennom 1800-talet, fordi dei eigde hamnene og jorda som låg i tilknyting til dei beste fiskeplassane. Det vart etter kvart slutt med dette systemet, og slik var utviklinga også på Færøyane. Dei rikaste bøndene utrusta tradisjonelt båtane, mens andre i landsbyen vart bundne til å vere mannskap («båtsband»). I 1868 vart dette hata «båtsbandet» oppheva, og konsekvensen vart fleire familieeigde båtar. Men etter kvart fekk handelsmenn hand om store delar av fiskeflåten, som på Island.7

Men klare kontrastar fanst. I Storbritannia var den engelske og skotske sildeflåten på fastlandet, som også vart meir kapitalintensiv, i hendene på fiskarane sjølve, etter kvart ofte skipperen. Til forskjell frå damptrålarane greidde fiskarane på sildedampdrivarane å halde på det som tradisjonelt hadde vore vanleg i britisk kystfiske: å få lott som del av fangsten. Mange vanlege fiskarar kunne gjere det godt, og kunne investere i eigne båtar.8 Også i Nord-Russland var lottdeling utbreidd på pomorfiskarstasjonane.9 I New England-statane i USA var det vanleg med lott i fangsten på 1700- og 1800-talet, noko Adam Smith (1723–90) lovpriste i Wealth of Nations (1776) som eit døme på korleis økonomien kan blomstre viss individa får eit miljø utan restriksjonar.10

Variasjonane i kystsamfunna rundt Nord-Atlanteren var altså store. Ein finn døme på både den demokratiske skandinaviske modellen og det at jordeigarar og handelsmenn dominerte i næringa.

Eigedomsforhold til båtar og reiskap i Fiskar-Noreg

I Noreg spelte ikkje eigarinteressene utanfor næringa noko særleg stor rolle i sjølve fisket gjennom det meste av 1800-talet. Væreigarane og handelsmennene dreiv normalt ikkje fiske for eiga rekning i dette hundreåret. Unntak fanst, og klarast kom det til syne i Ålesund og på Sunnmøre, der handelsmenn permanent begynte å investere i større bankbåtar og havgåande fartøy frå 1860-åra. Vi finn noko tilsvarande når det gjeld håkjerringfiske i Hammerfest frå 1840. Men det vanlege var fiskareigde båtar. Vestpå gjekk fiskarbønder saman i partslag. Jo dyrare båtar og reiskap, jo meir sameige. Dette ser ut til å ha vore vanlegare vestafjells enn nordpå.11

Håvard Dahl Bratrein har peika på at det var «svære økonomiske og sosiale ulikheter» innanfor det nordnorske fiskarbondesamfunnet. Bente Hartvigsen framhevar det same, og i ei undersøking frå Hadsel i Vesterålen peikar Edgar Hovland på at det var «store forskjeller mellom fiskerbøndene i bygda når det gjaldt kapitalutstyret til fiskebedriften».12

Fleire og fleire familiar vart også jordlause utover 1800-talet, og den sterkaste veksten av jordlause fiskarhushald finn vi i Nord-Noreg. Særleg frå Lofoten og Vesterålen og nordover utgjer dei jordlause fiskarhushalda dei fleste av alle hushald i 1865.13

Illustrasjon 2:

Jordlause fiskarhushald. Prosentvis jordlause fiskarhushald i 1865 i forhold til alle hushald i kystfogderia frå Mandal i sør til Varanger i nord. På grunn av folketalsauken og press på ressursane vart fleire og fleire jordlause utover 1800-talet. Frå Lofoten og Vesterålen og nordover utgjer dei jordlause fiskarhushalda ein stor del – gjerne godt over halvparten – av alle hushald etter folketeljinga i 1865. (Kart frå Døssland, Løseth og Elstad 2014, s. 439.)

Jo større og dyrare båtar og reiskap, jo høgare grad av sameige av fiskeflåten og også jamnare fordeling av inntektene. Dette ser ut til å ha vore regelen på Vestlandet.14 Mindre sameige og mindre med kombinasjonsbruk (altså færre jordbrukande fiskarar) i nord kan ha skapt større klassedeling. Forholda nordpå var likevel varierande. Ibestad i Troms var blant dei kommunane som merka seg ut med høg grad av «sameige». Nyansar var det sjølvsagt også vestpå. Eilert Sundt, som framheva sameiget på Haram på Sunnmørskysten, la også merke til ein prosess mot eineeige same stad i 1850-åra. Rikt fiske kombinert med relativt store gardsbruk førte til at det vart vanlegare å eige store båtar aleine.15

Men mang ein fiskar eigde ikkje part i båt eller bruk. Leikaren stilte berre med arbeidskrafta si – og fekk ein avtala pengesum for fisket. Han var særleg brukt ved lofotfisket.16 Leikaren – eller rorskaren – var også vanleg på Sunnmøre, og han kom gjerne frå fjordbygdene. I forholdet til båteigaren var desse den underlegne part. Det var også halvlottfiskaren. Halvparten av lotten fekk dei som utrusta halvlottingen.17 Ei tilsvarande gruppe som rorskarane var nothundane – notfiskarar utan part i nota – under vårsildfisket på Vestlandet.18

Samanheng mellom gode gardsbruk og driftige fiskarar?

Storleiken på gardsbruket bestemte langt på veg korleis fiskarbonden dreiv fisket. I ein samanliknande studie av Nordmørskysten og Sunnmørskysten i første halvparten av 1800-talet har etnologen Terje Askevold vist at sunnmøringen gjennomgåande hadde større gardsbruk og større verdiar knytt til jordbruket enn nordmøringen. Han hadde også større verdiar som var knytt til fisket. Alt i alt hadde nordmøringen mindre kapital å rutte med enn sunnmøringen og derfor heller ikkje den same moglegheita til å investere og å ta risiko. Gardsbruket var i større grad ryggrada i hushaldsproduksjonen sør i fylket.19

Variasjonar var sjølvsagt til stades på Sunnmørskysten. Gardsbruka var gjennomgåande større i Haram enn i Herøy, og det er heilt klart at det var dei større båtane (åttringar) som dominerte på Nordøyane i 1860-åra og dei mindre (seksringar) på Sørøyane.20 Ålesund førte an innan fiskeria frå 1860-åra, men av bygdefiskarane på Sunnmøre var det fiskarane frå Nordøyane og det bynære Ulstein/Hareid-området som gjekk føre i moderniseringa av fisket på Sunnmøre frå sist på 1800-talet, ikkje fiskarane frå Herøy/Sande-området.21

I ei utrekning av den daglege kaloriproduksjonen per innbyggar frå jordbruket i kystherada langs Trøndelagskysten og Vestlandskysten i 1865 låg produksjonen i dei fleste herada sør for Stad klart under kystherada på Sunnmøre. Det gjorde dei fleste også på Trøndelagskysten. Haram trona ganske klart på topp med høgast produksjon (med Ulstein og Aukra rett etter). Relativt rikt jordbruk var til fordel for fiskerinæringa.22 Slik var det også i Karlsøy og Helgøy i Nord-Troms, etter Håvard Dahl Bratrein, og frå Hadsel i Vesterålen viser Edgar Hovland at det var dei med mest «solid jordvei» som også dreiv det beste fisket «med forholdsvis stor kapitalinnsats».23

Illustrasjon 3:

Vigra på Sunnmørskysten. Eit nyare bilde av Vigra med dei vide strandflatane sine. Vigra var annekssokn til Haram på 1800-talet, og uviljen mot å stykke opp dei relativt store gardsbruka var stor. Slik var det også blant dei største fiskarbøndene på Karlsøy og Helgøy i Nord-Troms. Befolkningspress kunne altså bli møtt med å nekte oppstykking av jorda, og dette var ein tendens der bruka var forholdsvis store i Fiskar-Noreg. (Foto: Svein Skare / Bergen Museum.)

Befolkningsauken og godt fiske på 1800-talet førte gjerne til kraftig oppstykking av jorda i Fiskar-Noreg. På Sunnmøre gjekk oppstykkinga raskare føre seg i fiskeridistrikta enn i fjordbygdene i perioden 1830–75. Unntaket var Haram. Der var oppstykkinga låg, særleg i annekssoknet Vigra. Uviljen mot oppstykking hadde Sundt lagt merke til i 1850-åra. Søner og døtrer utan odel måtte flytte ut. I Kyst-Noreg elles svarte ein som oftast på befolkningspresset med oppstykking.24

Kva kan grunnen til desse forskjellige strategivala vere? Haramsøyane, særleg Vigra, har forholdsvis flate jordvidder med mykje dyrkbar jord som hadde ført til ein «temmelig jevn velstand hos bønderne», og dei ville halde dei forholdsvis store bruka intakt.25 Også på Karlsøy og Helgøy i Nord-Troms var «[m]ange jordbrukere som satt med store gårder, […] mentalt imot å gi fra seg noe areal, endog til slekta», skriv Håvard Dahl Bratrein. Vi finn på same tid mykje av dei same haldningane på Jæren. På dei større og meir «framståande» gardane på 1800-talet var det liten vilje til å stykke opp bruka og å opprette husmannsplassar. Annleis var det på «mindre framståande» gardar, framhevar Svein Ivar Langhelle.26 Ein måte å møte befolkningspress på var altså å nekte oppstykking av jorda, og vi finn ein slik tendens i Fiskar-Noreg der bruka var forholdsvis store.

Grader av avstand

I Fiskar-Noreg dreiv dei fleste hushald fiske, og heile næringsstrukturen må til ein viss grad ha virka sosialt utjamnande. På til dømes Hitra i Trøndelag og Herøy på Sunnmøre kan vi ikkje snakke om noko vasstett skott mellom husmann og gardbrukar. Det var det heller ikkje nødvendigvis mellom handelsmenn og allmugen. At handelsmenn kunne eige partar i fiskebåtar saman med fiskarbønder, viser at det i visse forhold kunne vere likeverd.27

Den sosiale avstanden i Noreg mellom embetsmenn og større handelsmenn og resten av befolkninga – allmugen – kunne vere stor, men med glidande overgangar. Dei sosiale grensene var til stades, men kanskje sjeldan så bastant som på Rein i Rissa ved Trondheimsfjorden. Det var ein storgard (eller eit lite gods) med leiglendingsbruk og opptil 40 fiskarhusmannsplassar under seg. Forfattaren Johan Bojer (1872–1959) voks opp som fosterbarn hos husmannsfolk i Reinsgrenda. Slik skildrar han det å måtte arbeide på tilseiing på Rein: «Rett som det var kom en nabo innom og sa: ‘Eg skoll hit med Reinsbå.’ Det betød: I morgon skal du til Rein på arbeid. Det var en befaling.» Bojer skildrar også den audmjuke respekten: «Når Hornemans kom i landauer med to hester for, da sto hele grenda og glante. Det var vår egen Horneman. Han hørte oss til.»28

Audmjuk respekt kjem til syne på mange måtar. I den nordlege delen av Nordland var det ikkje uvanleg å bruke slektsnamnet til handelsmenn og prestar som fornamn. Namn som Jentoft, Lind, Koldevin og Schønning var ikkje uvanleg på gutar, og i Hadsel i Vesterålen var det særleg populært blant småkårsfolk, og er eit døme på at «den gemene hop er bare lykkelig for å få lov til å bukke og skrape og vise den fine herren sin aktelse», som den norsk-amerikanske økonomen Thorstein Veblen formulerte det i analysen av amerikanske samfunnsforhold i 1890-åra.29

Illustrasjon 4:

Reinsgrenda i Rissa langs Trondheimsfjorden. Nyare bilde av Reinsgrenda. Forholdet mellom jorddrotten og husmennene skildrar Johan Bojer slik: «Det var her ute en tredve småbruk under Rein, husene lå som fyrstikkesker utover langs fjæra, så kom et belte av torvmyrer og skog, og bak den løftet godsets kvite stuelån seg opp av en furuhaug, med to tårn som pekte mot himmelen. Der bodde den store Hornemann. Der var rikdommen, og der var menneskene høyt hevet over alle oss andre. […] Han hadde halve bygda til eie, tolv leilendingsgårder, som igjen hadde husmenn, det var opp imot halve hundre i alt.» (Foto: perwin/panoramio.)

I Karlsøy og Helgøy i Nord-Troms plasserer Bratrein dei tre nessekongane sosialt under soknepresten, som «utvilsomt [var] på toppen, etterfulgt av doktoren». Til «storkarsgruppa» reknar han også med lensmannen, kyrkjesongarane, lærarane og bygdehandlarane. Overklassa var altså ueinsarta, og det galdt også allmugen, som var alle dei andre. Det øvste sjiktet bestod av fiskarbønder og høvedsmenn, og nedst finn vi eit «regulert proletariat» av mellom anna eigedomslause husmenn, innerstar, strandsitjarar og tenarar. Ved utgangen av hundreåret utgjorde desse over halvparten av skatteytarane i Karlsøy og Helgøy.30

Den sosiale strukturen i Nord-Noreg var prega av ei lita, men mektig overklasse av handelsmenn, væreigarar og proprietærar på den eine sida og ei talrik allmuge av fiskarbønder og fiskarar – ofte med store forskjellar innbyrdes – på den andre sida. Etter Ottar Brox var det «stort sett ingen kapitalistisk dynamikk i nessekonganes karrierar, overskottet ble i hovedsak brukt til konsum og vedlikehold». Kåre Lunden hevdar at samfunnsstrukturen hadde klare føydale trekk som kan minne om det europeiske mellomaldersamfunnet.31

Illustrasjon 5:

Henningsvær i Lofoten. Bildet av Henningsvær frå 1928 er sannsynlegvis det første flyfotoet av øysamfunnet før molo og bruer vart bygde. Der budde 235 fastbuande i 1875, og væreigaren, Henrik Drejer, gjekk for å vere ein av dei rikaste mennene i Nordland. Etter fiskeristatistikken i 1876 dreiv 4185 mann skreifiske frå Henningsvær og frå nabogarden Festvåg. (Frå Døssland, Løseth og Elstad 2014, s. 471.)

Væreigarar, handelsmenn og fiskarar

I Lofoten vart væreigaren si makt over fiskaren innskrenka ved Lofotlova frå 1857, men den fastbuande fiskarbefolkninga var meir bunden av væreigarane enn dei som kom utanfrå. Værtvang var likevel ikkje eit slikt iaugefallande trekk i Lofoten som det var på Fosen og på Nordmøre. Der hadde væreigarane tilnærma full kontroll med fiskeværa. Jordeigar og fiskekjøpar var også éin og same person. Handelsmenn i Kristiansund – men også i Trøndelag og Trondheim når det galdt Fosen – eigde grunnen i og rundt dei største fiskeværa. Eigaren hadde stort sett forkjøpsrett til fiskeprodukta.32

På Fosen, på Nordmøre og i Romsdal deltok om lag 7000 fiskarar i vårtorskefisket «paa Vilkår og under det Tryk som Værtvangen fører med sig», heiter det i rapporten til væreierkommisjonen av 1884. Av alle fiskarane på Nordmøre rodde då 86 prosent under værtvang. Kommisjonen meinte også at i dei verste tilfella minte forholda om «Stavnsbaand og svundne Tiders Tyranni».33

Systemet likna på forholdet shetlandske fiskarar låg under. For å få leige jord måtte fiskarane fram til 1880-åra levere fangsten til jordeigarane, ofte betalt i varer heller enn i kontantar. Kontrollen til godseigaren var nesten total. Klaga fiskaren, risikerte han auka jordleige – eventuelt at godseigaren nekta å fornye den kortsiktige leigekontrakten. Dette er ein klar skilnad frå norske forhold, der jordleigaren sat forholdsvis trygt.34

Men – som på Shetland – batt kreditt og utrustning fiskaren nordpå til Bergens-kjøpmenn eller til lokale handelsmenn. Avhengnaden kunne vere sterkt. Fiskaren kunne leve på forskott. Element av dette utreiarsystemet eksisterte mange stader til langt inn på 1900-talet.35 Saman med den sterkt avgrensa handlefridomen som salsplikta medførte der den fanst, må det ha virka hemmande på initiativet til fiskarane. Fiskarane på Nordmøre og delvis i Romsdal og på Fosen kunne heller ikkje tilverke fisken og gjekk dermed glipp av den meirfortenesta som fiskarane på Sunnmøre og også lenger sør fekk. I byhistoria for Kristiansund blir det peika på det positive ved at fiskarane har fått kreditt i vanskelege tider, men likevel framhevar byhistorikaren Arne Odd Johnsen at systemet hemma initiativet til fiskarane: «Værsystemet ga fiskerne sikkerhet for avsetning, men det dysset deres foretaksomhet i søvn.»36

Eit vanleg ankepunkt her i landet og også på øyane vest i havet mot utreiarsystemet, værtvangen og salsplikta var at det førte til tiltaksløyse og verka hemmande på initiativet.37 Overfor den shetlandske kombinasjonen av kjøpmann og godseigar i éin person – eller med kjøpmannen i godseigarens teneste – stod den shetlandske fiskarbonden svakt. Leiglendingane måtte fiske for godsherrane, og dei måtte også kjøpe varene frå butikken hans («the truck-system»). Når fiskarane på Shetland hadde levert fangsten til «the laird», mottok dei nok til å leve for, men ikkje nok til å investere og ekspandere. Leiglendingane hadde også kortsiktige kontraktar, gjerne berre eitt år. I verste fall kunne godseigaren la vere å fornye kontrakten. Derfor måtte fiskarbonden trø varsamt.38

Illustrasjon 6:

Fiskebåt frå Shetland. Bildet viser ein sixareen/sixern frå Shetland. Båtane gjekk så langt som 40 nautiske mil frå land. Seks mann – til vanleg fire vaksne og to gutar – bemanna ein slik båt. Sesongen for havfiske var frå mai til august, og sixern gjorde to turar til fiskeplassane per veke. Jordeigaren forsynte og heldt ved like båtane og fekk halvparten av fangsten. Mannskapet sørgde for linene og maten. Utbyttet var ofte bra, og havfiske var attraktivt for yngre menn. (E.W.H. Holdsworth, See Fisheries, 1877.)

Fiskeri og sosioøkonomiske strukturar

Handelsfolk som kom utanfrå, var dominerande i næringslivet frå Nordmøre og nordover, også på 1800-talet. Det er påfallande kor mange som hadde namn som peika mot eit opphav også utanfor Noreg. Namn som Jæger (Selsøyvik), Drejer (Henningsvær), Bech Jürgensen (Mosjøen), Giæver (Havnnes), Ulich (Havøysund), Jakhelln (Bodø), Brodtkorb (Vardø), Zahl (Kjerringøy), Figenschou (Nord-Troms), Stuwitz (Loppa), Buck (Hammerfest) er eit lite knippe av slike namn. På Nordmøre og Kristiansund hadde mektige handelsslekter lenge merkt seg ut med etternamn som Ramsay, Moses, Ord, Knudtzon, Backer, Astrup og Lossius. Namna fortel at også på 1800-talet hadde få handelsmenn djupe «folkelege» røter på Nordmøre og nordover,39 slik som fleire og fleire kom til å få lenger sørpå. Ålesund var eit eksempel: «Skilterne paa husene i Aalesunds gader indeholder nesten udelukkende gaardsnavne fra øerne og fjordene», står det å lese i Amund Hellands eine bind om Romsdals amt frå 1911. I Farmand frå 1893 heiter det at kjøpmennene i Ålesund ikkje var «andet end Fiskere og Bønder, der har kravlet sig et Trind høiere end de andre paa den sociale Stige».40

Dette må nyanserast. Eit lite handelsborgarskap prega Ålesund i første halvparten av 1800-talet, men handelsmenn, reiarar, skipperar og fiskekjøparar i Ålesund frå sist på 1800-talet hadde ofte bakgrunnen sin i bonde- og fiskarbondemiljøet på Sunnmøre, og det er mogleg at dette skapte ei bru og ein allianse mellom fiskarane og fiskarbøndene utover bygdene og handelsstanden i Ålesund, ein allianse som var med på å drive fiskerinæringa i Ålesund og Sunnmøre fram i leiarposisjon, hevdar historikaren Karl Egil Johansen.41

Kjøpmennene i Ålesund hadde heller aldri greidd å legge under seg handelen på Sunnmøre. Kjøpmennene i Kristiansund hadde derimot lagt under seg det meste av handelen i sitt omland. I Kristiansund kunne dei samarbeide om prisar og om kontroll med marknaden og hindre nyetableringar.42 Vi kan finne noko av det same i andre norske byar, til dømes Vadsø, der det ikkje var lett for nykomarar å hevde seg: «‘Oppkomlingene’ ble […] stort sett holdt på plass», skriv Einar Niemi.43

Eit nytt borgarskap – personar frå bygdemiljø – og gjerne «med sitt bibelsprog» – karakteriserte mykje av utviklinga i Noreg utover 1800-talet, hevdar Francis Sejersted.44 I Fiskar-Noreg kom dei særleg til å prege kysten frå Sunnmøre og sørover, og det er sannsynleg at mange lokalsamfunn her lettare bevega seg framover gjennom det Thorstein Veblen kalla «emulation»: strevet etter å bli jamgod med eller overgå dei over.45

Illustrasjon 7:

Sildebyen Haugesund, sannsynlegvis i 1859. Fotografiet er det eldste kjende frå Haugesund. Ved sida av sjølve sildefisket bygde Haugesund mykje av den økonomiske aktiviteten sin på alt som ein trengde til sildefisket eller salting av silda. Hovudmengda av innflyttarane til byen fram til 1855 kom frå bygdene i dei næraste kyst- og fjorddistrikta. I Reidar Østensjø si byhistorie frå 1950 heiter det at det var «gudfryktige våghalser som slo seg opp fra ingenting og tjente seg rike på sild. […] Praktisk talt alle var av bondeætt, de hadde sikkert alle fått den samme grundige oppdragelse i nøysomhet og gudsfrykt, [og] [de] skilte seg ut fra de fremmede sildesalterne, særlig handelspatrisierne fra Bergen og Stavanger med deres polerte bakgrunn i gammel, forfinet bykultur». (Haugalandsmuseene.)

Historikaren Kåre Olsen viser dette i ein studie av etableringa av og framveksten av borgarskapet i Haugesund, som fram til slutten av 1800-talet langt på veg var eit «ope» klassesamfunn. Det nye borgarskapet var rekruttert frå fiskarbondemiljøet omkring.46 «Nye» menn kom også til å prege borgarskapet i Stavanger utetter 1800-talet. Det kravdest forholdsvis lite kapital for å bli sildeeksportør, og her var det mogleg for «oppkomlingar» frå bygdene rundt å etablere seg, og dei sprengde hegemoniet til dei etablerte handelshusa i byen.47 Det står i forholdsvis klar kontrast til det etablerte borgarskapet i Bergen, og «gammalt» borgarskap som særleg prega kysten frå Nordmøre og nordover. Også blant fiskarallmugen er Romsdalskysten eit overgangsområde mellom sør og nord i landet. Sørafor hadde fiskarane og fiskarbøndene, med unntak, ei fri stilling, nordafor var dei i varierande grad meir ufrie i forhold til handelsmenn og væreigarar.48

Ulike næringskulturar

Frå Nordmøre og nordover og også i andre kystsamfunn i Nord-Atlanteren hadde jordherrar og handelsmenn meir kontroll over fiskerinæringa enn dei stort sett hadde på Sunnmøre og sørover. Slikt som værtvang, kredittbinding og lenge også salsplikt hemma det frie initiativet til fiskaren, og «framandt» utanlandsk opphav gjorde også den sosiale avstanden større enn i sør, der rekrutteringa blant handelsmennene etter kvart i større grad kom frå fiskarbondesamfunnet.

Her var det også meir vanleg at fiskarbøndene eigde dei større båtane saman (sameige), og det var mykje meir vanleg å kombinere fiske med jordbruk enn nordpå, der det også gjennomgåande var eit større skilje innetter i fiskarbondesamfunnet enn sørpå. Storleiken på gardsbruka hadde mykje å seie både i vest og i nord. Større bruk gav til vanleg større moglegheit til å investere og å ta risiko.

Desse sosioøkonomiske strukturane kan – i alle fall langt på veg – forklare næringsutviklinga i sør og i nord langs norskekysten også i det neste hundreåret. Meir «opne» sosiale og mindre lagdelte strukturar gjorde det lettare for økonomisk sosial mobilitet (oppover) og fremma derfor også økonomiske initiativ nedanfrå.

Den britiske fiskerihistorikaren Paul Thompson har til dømes peika på noko av det same i Skottland. I fiskarbyen Buckie vart fiskareigde båtar – og gjerne i sameige – det vanlege frå siste halvparten av 1800-talet, og økonomisk framgang prega fiskaryrket. På Lewis (på Hebridane) finn vi derimot i mykje mindre grad ei slik utvikling, og Thompson peikar mellom anna på at «the lairds» hadde større makt og innverknad på folk på Lewis («quasi-feudal in character») enn i Buckie. Dei verka derfor også i større grad hemmande på folk sitt initiativ på Lewis.49

Litteratur

Amorim, Inês 2009: «Portuguese fisheries, c. 1100–1830». I Starkey, Thór og Heidbrinck (red.), s. 279–311.

Askevold, Terje 1995: «Myten (?) om den driftige sunnmøringen og den bakstreverske nordmøringen». Upublisert hovudoppgave i etnologi. Universitetet i Oslo.

Bojer, Johan [1942] 1972: Læregutt. Oslo: Gyldendal.

Bratrein, Håvard Dahl 1972: Fisker, kremmer og proprietær i Nordland. Heimen 4: 641–648.

Bratrein, Håvard Dahl 1974: Leikaren – proletaren på Lofothavet. Ottar 79-80: 46–53.

Bratrein, Håvard Dahl 1992: Karlsøy og Helgøy Bygdebok: Folkeliv – næringsliv – samfunnsliv. Bind 3. Frå år 1860 til 1925. Hansnes: Karlsøy kommune.

Bratrein, Håvard Dahl 1994: «En bærgerlig plads og eit børgt land». I Drivenes, Hauan og Wold (red.), bind 2: 90–99.

Brox, Ottar 1984: Nord-Norge: Fra allmenning til koloni. Tromsø: Universitetsforlaget.

Candow, James E. 2009: «The organisation and conduct of European and domestic fisheries in Northeast North America, 1502–1854». I Starkey, Thór og Heidbrinck (red.), s. 387–415.

Coldevin, Axel 1949: «Fisker, kremmer og proprietær i Nordland». Heimen 1: 5–11.

Coldevin, Axel 1973: «Litt nord-norsk sosialhistorie: Fisker, kremmer og proprietær». Heimen 2: 83–88.

Coldevin, Axel 1989: Jordegods og storgårder i Nord-Norge. Espa: Lokalhistorisk forlag.

Drivenes, Einar Arne, Marit Anne Hauan og Helge A. Wold (red.) 1994: Nordnorsk kulturhistorie. Oslo: Gyldendal.

Døssland, Atle 1990: Med lengt mot havet: Fylkeshistorie for Møre og Romsdal. Bind 1: 1671–1835. Oslo: Det Norske Samlaget.

Døssland, Atle og Arnljot Løseth 2006: Havfiskeflåten i Møre og Romsdal og Trøndelag. Bind 1. Mot fjernare farvatn: 1860–1960. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag.

Døssland, Atle (red.), Arnljot Løseth og Åsa Elstad 2014: Ekspansjon i eksportfiskeria 1720–1880. Norges fiskeri- og kysthistorie. Bind II. Bergen: Fagbokforlaget.

Fjågesund, Peter og Ruth A. Symes 2003: The Northern Utopia: British perceptions of Norway in the nineteenth century. Amsterdam: Rodopi.

Gammelsæter, Hallgeir, Oddbjørn Bukve og Arnljot Løseth (red.) 2004: Nord-Vestlandet – liv laga? Ålesund: Sunnmørsposten Forlag.

Hartviksen, Bente 2007: «Fiskerbøndenes arv: Gjeldsforhold i Nordland 1780–1865 vesentlig belyst ved skiftemateriale». Upublisert doktorgradsavhandling i historie. Universitetet i Oslo.

Helland, Amund 1911: Norges land og folk. Bind XV: Romsdals amt. Kristiania: Aschehoug.

Holm, Paul 1989: «Modernisering av fiskeriet: Den skandinaviske og den britiske modell». Sjæk’len: 53–65.

Holm, Paul 1991: Kystfolk: Kontakter og sammenhænge over Kattegat og Skagerrak ca. 1550–1914. Esbjerg: Fiskeri- og Søfartsmuseet – Saltvandsakvariet.

Hovland, Edgar 1995: De bygde landet. Hadsel bygdebok. Bind 1. Stokmarknes: Hadsel bygdehistorienemnd.

Hurton, William [1851] 1982: «Fra København til Nordkapp for 130 år siden». Norsk sjøfartsmuseum. Årsberetning 1981: 41–88. Bergen: Norsk sjøfartsmuseum.

Hutchinson, Alan og Åse Elstad 2015: I Amtmandens dager. Nordlands historie 2: 1600–1900. Bergen: Fagbokforlaget.

Joensen, Jóan Pauli 1987: Frå bonde til fisker. Torshavn: Føroya Fornminnissavn.

Joensen, Jóan Pauli 2009: «Fishing in the ‘traditional’ society of the Faroe Islands». I Starkey, Thór og Heidbrinck (red.), s. 229–249.

Johansen, Karl Egil 1996: «Ein sjølveigande og egalitær norsk fiskarstand? Eigedomstilhøve i dei nord-norske og vest-norske fiskeria». Heimen 4: 301–310.

Johansen, Karl Egil 1998: «Ulikskapar i dei nordnorske og vestnorske fiskeria». Heimen 4: 303–308.

Johansen, Karl Egil 2002: «Proletar eller småborgar? Fiskarane i politikk og samfunn». Historisk tidsskrift 2–3: 347–80.

Johansen, Karl Egil 2011: «Trekanten fiskar – handelsmann – proprietær: Hensiktsmessig balanse eller økonomisk undertrykkjande?». Heimen 3: 243–255.

Johnsen, Arne Odd 1962: Kristiansunds historie. Bind 4. Den store veksttid 1814–ca. 1900. Kristiansund: Burmans bokhandel.

Johnson, Robert L. 1979: A Shetland country merchant: A biography of James Williamson of Mid Yell: 1800–1872. Scalloway: Shetland Publishing Company.

Kallelid, Ole 2012: Stavanger bys historie. Bind 2: Sild og seil 1815–1890. Bergen: Wigestrand.

Kurlansky, Mark [1997] 2000: Torsk: En biografi om fisken som forandret verden. Oslo: Stenersens forlag.

Laing, Samuel [1837] 1997: Dagbok frå eit opphald i Norge i åra 1834 og 1836. Melhus: Snøfugl.

Langhelle, Svein Ivar 2011: «Idealisert og inkludert, men ikkje likeverdig: Ei drøfting av egalitet og mentalitet på Jæren omkring 1850». Heimen 1: 3–18.

Lajus, Julia, Alexei v. Kraikovski og Alexei Yurchenko 2009: «The fisheries of the Russian North, c. 1300—1850». I Starkey, Thór og Heidbrinck (red.), s. 41–64.

Lunden, Kåre 1982: «Kva skjer i Nord-Noreg? Eit historisk gjensyn». I Aarsæther, Nilsen og Reiersen (red.), s. 9–22.

Løberg, Ole Nicolai 1864: Norges Fiskerier. Kristiania: Berntzens Bogtrykkeri.

Løseth, Arnljot 1985: «Et kystsamfunn gjennom et hundreår: Demografisk, økonomisk og sosial utvikling i Herøy sogn på Sunnmøre ca. 1800–1900». Upublisert hovudoppgave i historie. Universitetet i Oslo.

Løseth, Arnljot 2004: «Region, kultur og økonomi – Nord-Vestlandet 1850–1970». I Gammelsæter, Bukve og Løseth (red.), s. 22–51.

Løseth, Arnljot 2014: «Sjø og land, Folkebevegelsens strøm, Høg, låg og midt i mellom i Fiskar-Norge, Tru, livssyn og tenkjemåtar». I Døssland, Løseth og Elstad (red.), s. 427–475, 505–551.

Mæland, Bernt 1981: «Et øysamfunn i endring og kontinuitet: Økonomiske og sosiale forhold sett i lys av demografisk utvikling på Hitra på 1800-tallet». Hovudoppgave i historie. Universitetet i Trondheim.

Niemi, Einar 2003: «Byen bak de nedrullede gardiner? Om sted og mentalitet – Vadsø og vadsøværingene». I Marit Anne Hauan, Einar Niemi, Helge A. Wold og Ketil Zachariassen (red.), Karlsøy og verden utenfor: Kulturhistoriske perspektiver på nordnorske steder. Tromsø, s. 45–62.

Nordvik, Helge W. 1982: «Sildehandelens struktur og utvikling i Stavanger 1820–1860». Stavanger Museum Årbok 1981: 5–42.

Olsen, Kåre 1980: «En del trekk ved oppkomsten av borgerskapet i Haugesund i perioden ca. 1840–1900». Upublisert hovudoppgave i historie. Universitetet i Oslo.

Pavé, Marc 2009: «France’s Atlantic coastal fisheries, c. 1600–1850». I Starkey, Thór og Heidbrinck (red.), s. 229–249.

Rabben, Bjarne 1983: Folk ved havet: Fiskarsoge for Sunnmøre og Romsdal. Bind III. Ålesund: Sunnmøre Fiskarlag, Romsdal Fiskarlag.

Rampini, Charles Joseph Galliari 1884: Shetland and the Shetlanders: Two lectures delivered before the philosophical institution, Edinburgh, on the 5th and 8th February 1884. With additions, notes and appendices. Kirkwall: WM Peace and Son.

Reinert, Erik S. 2014: Forord til den nye norske utgaven (av Veblen 1899). Veblen 1899/2014, s. 9–58.

Sandvik, Pål Thonstad 2005: «Sei, skrei og ‘gylne rikdomme’». I Tretvik, Sandvik, Kirkhusmo og Stugu, s. 61–73.

Sandvik, Pål Thonstad 2007: «En mer demokratisk kapitalisme? Økonomi og samfunnsutvikling i Trøndelag 1750–1920». Historisk tidsskrift 1: 35–56.

Sejersted, Francis 1993: Demokratisk kapitalisme. Oslo: Universitetsforlaget.

Solhaug, Trygve 1976: De norske fiskeriers historie. Bergen: Universitetsforlaget.

Starkey, David J., Jón Th. Thór og Ingo Heidbrink (red.) 2009: A History of the North Atlantic fisheries. Volume 1. Bremen: H.M. Hauschild.

Sundt, Eilert [1858–59] 1971: Harham: Et eksempel fra fiskeridistriktene. Bergen: Universitetsforlaget.

Sunnanå, Klaus 1950: Samspelet mellom fiske og jordbruk i norsk næringsliv. Bergen: Vestlandske bondestemne.

Thingvold, Terje 1986: «Bjørnsund – fra ekspansjon til avfolkning: Næringsliv på to fiskevær på Romsdalskysten 1870–1970». Upublisert magistergradsavhandling i etnologi. Universitetet i Oslo.

Thompson, Paul 1983: Living the fishing. London: Routledge & Kegan.

Thowsen, Atle 1969: «The Norwegian export of boats to Shetland, and its influence upon Shetland boatbuilding and usage». Sjøfartshistorisk Årbok: 145–203.

Tretvik, Aud Mikkelsen, Pål Thonstad Sandvik, Anders Kirkhusmo og Ola Svein Stugu 2005: Trøndelags historie. Bind 3. Grenda blir global 1850–2005. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag.

Tvinnereim, Jon 1992: Grotid i grenseland: Fylkeshistorie for Møre og Romsdal. Bind 2: 1835–1920. Oslo: Det Norske Samlaget.

Ulvan, Edvard 1982: «Fiskebygd i endring: Utvikling av jordbruk og fiske i Hitra i perioden 1875–1914». Upublisert hovudoppgave i historie. Universitetet i Trondheim.

Vea, Jan 2004: Der hav møter land: Fiskerbondesamfunnet i Nordland 1870–1940. Bergen: Fagbokforlaget.

Vea, Jan 2009: To kulturer: En sammenlignende undersøkelse av det vestnorske og det nordnorske kystsamfunnet med hovedvekt på det 19. og 20. århundret. Kristiansand: Høyskoleforlaget.

Veblen, Thorstein [1899] 2014: Den uproduktive klasse. Oslo: Res Publica.

Øien, Johan Arvid 1979: «Væreiersystemet på Nordmøre på 1800-tallet». Upublisert hovudoppgave i historie. Universitetet i Bergen.

Østensjø, Reidar 1950. En by blir til. Haugesund: Lothes Bokhandel A/S forlag.

Aarsæther, Nils, Ragnar Nilsen og Jan Einar Reiersen (red.) 1982: Folkemakt og regional utvikling. Oslo: Pax.

1Hurton 1851/1982, s. 65–66.
2Laing 1837/1997, s. 142, 195, 215.
3Fjågesund og Symes 2003, s. 181.
4Johansen 1996, s. 301; Holm 1991, s. 224ff.
5Pavè 2009, s. 217–218; Amorim 2009, s. 285; Joensen 1987, s. 35–38, 88; Joensen 2009, s. 314–315.
6Thompson 1983, s. 265–269, 314, 322.
7Holm 1989, s. 54; Thór 2009, s. 331–332; Joensen 1987, s. 35–38; Joensen 2009, s. 314–315.
8Thompson 1983, s. 30ff., 228, 237, 321.
9Lajus, Kraikovski og Yurchenko 2009, s. 45, 50.
10Candow 2009, s. 387–389; Kurlansky 2000, s. 80.
11Thingvold 1986, s. 6; Johansen 1998, s. 304.
12Bratrein 1974, s. 46, Hartvigsen 2007, s. 595; Hovland 1995, s. 114; Bratrein 1994, s. 98.
13Løseth 2014, s. 438–440.
14Johansen 1996, s. 305; Sundt 1858–59/1971, s. 69.
15Sundt 1858–59/1971, s. 72–73; Løseth 2014, s. 434–435.
16Bratrein 1974.
17Vea 2004, s. 132–133; Rabben 1983, s. 63ff, Løberg 1864, s. 125.
18Solhaug 1976, s. 424–425.
19Askevold 1995, s. 4, 66–94, 113.
20Løseth 1985, s. 283–285.
21Døssland i Døssland og Løseth 2006, s. 57–68.
22Etter to tabellar i eit utrykt manuskript av A. Døssland. Sjå også Løseth 2014, s. 436.
23Bratrein 1992, s. 264; Hovland 1995, s. 113–114.
24Amtmannsmelding 1871–1875, s. 5; Sundt 1858–59/1971, s. 87–89; Løseth 1985, s. 106.
25Sundt 1858–59/1971, s. 87–89; Løseth 1985, s. 106 og note 34, s. 106.
26Bratrein 1992, s. 375; Langhelle 2011, s. 5–9.
27Mæland 1981, s. 186–190.
28Coldevin 1989, s. 187; Bojer 1942/1972, s. 7.
29Åsa Elstad i Hutchinson og Elstad 2015; Veblen 1899/2014, s. 103.
30Bratrein 1992, s. 86–87, 484.
31Brox 1984, s. 41; Lunden 1982, s. 17–19.
32Solhaug 1976, s. 223–224; Johansen 2011, s. 246–247; Øien 1979, s. 67; Sandvik 2007, s. 40–41.
33Ulvan 1982, s. 167; Sandvik 2005, s. 66–67.
34Thowsen 1969, s. 161–162; Rampini 1884, s. 70; Johansen 2011.
35Drøftinga om dette, sjå Coldevin 1949; Bratrein 1972, Coldevin 1973; Hartviksen 2007; Johansen 2011.
36Sunnanå 1950; Johansen 2011; Johnsen 1962, s. 289.
37Sjå t.d. Johansen 2011, s. 248.
38Johnson 1979, s. iii, 4, 6, 13–18; Rampini 1884; Thowsen 1969, s. 162, 166; Johansen 2011, s. 249–253.
39Løseth 2014, s. 466, 548.
40Helland 1911, s. 1003, sitat frå Vea 2009, s. 125.
41Johansen 2002, s. 365–366; Løseth 2004.
42Døssland 1990, s. 401, 454–455; Tvinnereim 1992, s. 112; Askevold 1995, s. 105–110; Løseth 2014, s. 467–468.
43Niemi 2003, s. 262.
44Sejersted 1993, s. 33.
45Veblen 1889/2024, s. 145–146; Reinert 2014, s. 28–29.
46Olsen 1980, s. 13, 22, 62, 82, 101–104, 213–221, 228, 259–261.
47Kallelid 2012, s. 37; Nordvik 1982, s. 12, 20–21, 29–35.
48Løseth 2004.
49Thompson 1983, s. 243–53, 266, 293–96.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon