Denne gongen har Heimen-redaksjonen gleda av å sende ut eit temanummer. Under Norske Historiedagar i Kristiansand i 2018 vart det halde ein sesjon, «The Shipping News», om maritim historie. Sesjonsleiar og gjesteredaktør for dette nummeret er Finn-Einar Eliassen. Han presenterer dei fem temaartiklane grundig i innleiinga, så ei nærare omtale og plassering av artiklane og forfattarane finn ein der.

Det har kome bandsterke verk om maritim historie opp gjennom åra, med Norges fiskeri- og kysthistorie (2014) som det største. Vårt temanummer tek opp to emne som gjerne har vore mindre omtalte, men har stor lokalhistorisk interesse, nemleg havarinæringa (Grude) og naturisen si rolle i kystøkonomien (Norseng). Me vonar dei to artiklane vil inspirere fleire til å gjere lokalhistoriske punktnedslag om desse temaa. Redaksjonen har tidlegare etterlyst fleire artiklar med regionale komparative perspektiv, både nasjonale og internasjonale, og det får ein i dette nummeret med analysen av økonomiske strukturar i Fiskar-Noreg (Løseth). Fleire innslag frå museums- og arkivsektorane har me også etterlyst, og dette er representert med artikkelen om det nye jektefartmuseet i Bodø (Søfting og Hutchinson). Eit breiare oversyn over teori og forsking på maritim historie i tidleg nytid er dessutan med (Eliassen), og det er ein type artikkel som det òg er eit stort behov for innanfor det lokal- og regionhistoriske feltet. Sjølv om artiklane denne gongen held seg innanfor eit definert tema, står dei samstundes for ei breidde i tilnærminga til lokal og regional historie som me vonar vil inspirere komande artikkelforfattarar.

To bokmeldingar følgjer i dette nummeret. Svein Carstens si hundreårssoge om Trondheim Renholdsverk er meld av Yngve Nilsen og Alf Kjetil Igland sin biografi om Mons Fuhr av Gunnar Yttri. Redaksjonen vil satse på eit jamt tilfang av bokmeldingar framover og ser behovet for å knyte eit fastare korps av bokmeldarar til tidsskriftet.

God lesnad!