Brukseieren er ein historisk biografi over Mons Fuhr (1873–1953) sitt særmerkte liv, skriven av Alf Kjetil Igland. Det er ei forteljing om veksten og fallet til eit arbeidande, skapande og politisk menneske. Veksten var tufta på omfattande og stadig større næringsverksemd frå slutten av 1800-talet til etter andre verdskrigen. Fallet hadde grunnlag i aktivt samarbeid med den tyske krigsmakta frå 1940 til 1945. Mons Fuhr vart dømt for landssvik etter krigen.

Fuhr hadde oppvekstår i Luster i Sogn, utdanna seg til gartnar og tok i 1895 over Grimstad Gartneri i Aust-Agder. Med gartneriet bygde Fuhr gjennom fleire tiår opp ei stor, mangslungen og suksessrik verksemd. Produksjons- og forretningsverksemda fekk eit omfang og ein innverknad som sette spor både regionalt og nasjonalt. Som frøavlar og vinprodusent var Mons Fuhr ein føregangsmann i Noreg. Både mannen og verket var vidkjent. Han samla seg stor økonomisk rikdom, skapte over hundre arbeidsplassar i Grimstad-området, tok aktivt del i lokalpolitikken for Høgre og sat som ordførar ved krigsutbrotet 9. april 1940. Fuhr melde seg inn i Nasjonal Samling same haust og vart sitjande som ordførar i fire av krigsåra. Som næringsdrivande gjorde han seg nytte av den store etterspurnaden etter varer som den tyske okkupasjonsmakta stod for. Etter krigen vart han dømt for si politiske og økonomiske verksemd i krigsåra, og vart dømt til både tvangsarbeid og til å betala økonomisk erstatning.

Medan det som er skrive ovanfor, er eit kort riss av ytterpunkta i Mons Fuhrs liv, har Igland i Brukseieren laga ei detaljert biografisk framstilling. «Dette er fortellingen om ett menneske, men den sier også noe om de mennesker han kom i berøring med gjennom livet, og den tid han levde i», skriv forfattaren innleiingsvis. Forteljinga inkludert sluttnotar, litteraturliste og register er på nær 600 sider, samla mellom harde permar. I tillegg har Igland gjort eit utval av brev, skriv og artiklar av Mons Fuhr ved sida av brev frå ektemake Juliane og sonen Sjur, og samla dette i 300 sider mellom mjuke permar i Brukseieren II.

Forfattaren har hatt tilgang til og gjort seg nytte av eit omfattande privat og offentleg kjeldemateriale. Han har også gjort seg nytte av munnlege kjelder, mellom desse fleire etterkomarar av Mons Fuhr. Desse er takka heilt til sist i boka. Ved sida av Det faglitterære fond, Stiftinga Fritt Ord og Universitetet i Agder har forfattaren motteke støtte frå Fuhr A/S. Jamvel om forfattaren gjennomgåande er ein dyktig kjeldekritikar, ville det truleg ha styrka lesinga av boka om banda mellom forfattar og Fuhr-familien var tydeleggjort innleiingsvis.

Brukseieren er kronologisk bygt opp og er delt inn i tre delar. Forfattaren har late vesentlege kjenneteikn ved Mons Fuhr sitt liv i dei aktuelle tidsbolkane gi titlane: «Gartneren 1873–1919», «Brukseieren 1920–1939», «Ordføreren 1940–1953». Gartnar-gjerning, frøavl og vinproduksjon hadde ved utgangen av første verdskrigen fått eit stort omfang. Grimstad Gartneri med Mons Fuhr i brodden lukkast med å utvikla og utvida verksemda vidare i mellomkrigstida, også gjennom økonomiske krisetider og under vanskelege vilkår. Fuhr fann stadig løysingar og utvegar som gav grunnlag for nye satsingar og ny vekst. Langt på veg heldt denne innstillinga fram etter 9. april 1940. Grimstad Gartneri med sin særdeles driftige leiar utvikla nye forretningsområde med basis i den tyske okkupasjonsmakta sin etterspurnad.

Både før, under og etter første verdskrigen og i heile mellomkrigstida sette Mons Fuhr og verket hans fine spor. Verksemda spelte ei viktig økonomisk rolle og bidrog jamt til både arbeidsplassar og nyskaping. Men fallet etter andre verdskrigen var fullstendig: krigsprofitør og landssvikar. Dommen over Mons Fuhr sin arvtakar, sonen Sjur, var ikkje mildare. Han hadde eit langt meir langvarig og aktivt medlemskap i Nasjonal Samling enn faren, og samarbeidde nært med den tyske okkupasjonsmakta.

Med slike livslagnadar er det snøgt å lata spørsmålet om korleis det kunne gå so gale, verta fullstendig dominerande i ein biografi. Men forfattaren maktar langt meir enn som so. Med hjelp av omfattande kjelde- og arkivstudiar rekonstruerer han historisk viktige delar av Mons Fuhr sitt liv og arbeid frå vogge til grav. Mannen sin stadig meir velståande familie er nøye kartlagt, i sorg og glede. Særleg rørande er framstillinga om den homofile sonen Bernhard, som døydde under tragiske omstende i 1933, 21 år gamal. Materiell rikdom kunne gjera lite for ein gut som var annleis. Samtidas medisinske ekspertise gjorde om mogleg vondt verre. Knut Hamsun, omgangsvenn med Mons Fuhr, skreiv eit minnedikt for Bernhard, «den lyse Gut forskjellig fra alle i Laget».

Mest merksemd er likevel retta mot Fuhr sitt verke som brukseigar. Med Fuhr i brodden fekk Grimstad Gartneri so mange verksemder at forfattaren omtalar det som ei «industriklynge». Denne omfatta etter kvart frøavl og frøhandel, gartneri, planteskule, blomebinding, vinproduksjon, mølle, trykkeri, øskjefabrikk, sagbruk, husdyrbruk, eddikproduksjon og sennepsmølle. Den historiske utviklinga av kvar av dei næringane Fuhr bygde opp, vert studert. Mannen sin formidable innsats og evne til skapande arbeid vert kartlagt og vurdert. Bidraga til lokal og regional politisk og økonomisk historie er store og mange. Gitt det omfanget og posisjonen frøhandelen og vinproduksjonen fekk, har forfattaren også lukkast med å gi solide bidrag til dei høvesvise delar av norsk historie. Studien av både Mons og Sjur Fuhr si åtferd under krigen og det etterfølgjande krigsoppgjeret, gir rom for perspektiva og meiningane til både dei sigrande og dei tapande, til dei dømmande og dei dømde.

Forfattaren har som utgangspunkt for biografien «latt kildene tale». Lesaren får innblikk i dei historiske aktørane sine ord og tankar. Styrken er at lesaren kan få ei djupare historisk forståing for både menneska og tida. Veikskapen er at det lett hemmar den gode forteljinga, og teksten vert lang. Fleire passasjar der forfattaren syner seg fram som ein drivande god forteljar, vert avløyst av lange sitat eller kjeldenære drøftingar. Poenget eller linja i den historiske forteljinga kan verta unødig utydeleg. Den fyldige forklarande innleiinga er likevel til god hjelp, og sikrar inntrykket av eit stort og solid biografisk arbeid.