Kjenneteikna kolet og dampmaskinen den fyrste, blei elektrisiteten typisk for den andre industrielle revolusjonen. Oppfinninga av generatoren i 1867 gjorde det mogleg å produsera elektrisitet i nær sagt ufattelege mengder. Kol kunne i prinsippet også nyttast, men bruk av rennande, miljøvennleg, reint og fornybart vatn til å driva turbinane hadde likevel meir sus over seg. Med sine høge fjell, vassdrag og elvar var Noreg, og særleg Vestlandet, i ein drøymeposisjon. I Europas periferi var eit eldorado for kraftintensiv elektrometallurgisk og elektrokjemisk industri. Og det oppdaga og skjøna både utanlandske og norske industrifolk og investorar. Frå slutten av 1800-talet og fram til 1920 kom ein arbeidsdag som verkeleg sette spor etter seg. Det Berge Furre kallar den tungindustrielle revolusjonen, sveipa over landet og skapte nye industristader som Rjukan, Jørpeland, Sauda, Odda, Ålvik, Høyanger m.fl. Den næraste parallellen energimessig sett er oljeverksemda eit lite hundreår seinare. Bak ordspelet «det hvite kull» og «det sorte kull» ligg også strukturelle likskapar på mange plan. Vatnet, verket og byen. Høyanger 100 år – 1915–2015 krinsar om det kvite kolet og korleis det gav opphav til tungindustri og fabrikkby og ei mangslungen utvikling.

Det var Høyanger kommune som tok initiativet til dette tobindsverket. Oppdragsgjevaren ynskte ei allmennsoge for tettstaden og kommunen, men også om fabrikken, AS Høyangerfaldene, Norsk Aluminiumscompany (NACO), som namnet i starten var. Oppdraget gjekk til Høgskulen i Sogn og Fjordane, og historikarane Martin Byrkjeland og Jan Anders Timberlid blei hyra som skrivarar. Ut frå oppdragskonteksten måtte forfattarane ha blikk både for lokalsamfunnet og fabrikken. Bestillinga var på ein måte å laga ei integrert fabrikk- og tettstadhistorie, eller som dei skriv i føreordet – å fylgja «utviklinga av bedrift og arbeidsliv, bustadbygging, fritid og organisasjonsliv, utvikling av offentlege tenester og politikk, kvardagsliv og folk sin identifikasjon med staden». Dette må kunna omtalast som ei ambisiøs målsetjing, og spørsmålet som melder seg er om denne blir innfridd. Heng framstillinga i hop, eller har resultatet blitt mange delhistorier?

Lat det vera sagt med det same: Vatnet, verket og byen. Høyanger 100 år – 1915–2015 har blitt ei omfangsrik, heilstøypt og spennande industrihistorie/tettstadhistorie. To fyldige bind på vel 800 sider er ikkje kvardagskost i denne sjangeren. Då er alt, notar, litteratur og indeks rekna med. Det er også tale om eit gjennomillustrert verk. Dei mange gode bileta, forsynt med opplysande tekstar, er eit slåande trekk. Nokre kart er vel det einaste eg saknar. Så er begge forfattarane framifrå nynorskbrukarar. Dei fører ein lett, munnleg og presis stil. Ein hyppig, men ikkje overdriven bruk av råkande sitat, må også nemnast.

Martin Byrkjeland har arbeidslivs-, teknologi- og industrihistorie som sine spesialfelt, så han er på mange måtar industrimannen i prosjektet. Og tilsvarande kan kanskje medforfattaren, Jan Anders Timberlid, karakteriserast som bygda og bondesamfunnet sin mann. Han har i alle fall mange bygdebøker på samvitet. Dermed har dei kvar sine teigar, utan at bøkene har blitt noko lappverk av den grunn. Det merkast knapt på framstillinga når pennen går frå den eine skrivaren til den andre. Dette samyrket er det all grunn til å honorera.

Når det gjeld dei einsidige industristadene, er det gjort mykje om grunnleggingsåra – og mindre jo nærare vår eiga tid ein kjem. Det er ikkje tilfellet med dette bokverket. Her blir utviklinga ført heilt opp til jubileumsåret 2015. Dermed kan ein også sjå ting i perspektiv og betre forstå kva som har gått føre seg. Til slutt i det andre bindet løftar forfattarane blikket og peikar på «naturlege» fasar i utviklinga. Det hadde nok letta lesinga om denne nøkkelen hadde blitt presentert noko tidlegare.

Byrkjeland og Timberlid opererer med tre fasar. Den fyrste går frå slutten av 1800-talet og fram til bortimot 1930. I denne tidbolken tok Høyanger spranget frå tradisjonelt bondesamfunn til moderne industrisamfunn. Det blir på ein god og lærerik måte greidd ut om tilhøva før industrien kom. Med sine rike vassressursar baud Sogn og Fjordane på mange potensielle industriprosjekt, og nokre blei realiserte. I Høyanger var to norske ingeniørar på ferde alt i 1899. Dei sikra seg vassrettar med tanke på «opdæmning og rørledning». Men det blei med planane. Det var fyrst i 1914/1915 at ting tok til å skje. Og viktige pådrivarar var ingeniørane Sigurd Kloumann og Emil Collett. Med Hydro-bakgrunn hadde Kloumann kompetanse på store utbyggingsprosjekt, medan Collett, som også kom frå Hydro, var ekspert på kjemiske og elektrometallurgiske prosessar. AS Høyangfaldene, Norsk Aluminium Company (NACO) blei stifta på Grand Hotel i Kristiania i 1915, og interessa for det nye føretaket var det ingen ting å seia på. Men for å realisera planane måtte mykje klaffa, og ikkje alt gjorde det.

Det som etter kvart blei til tettstaden Høyanger låg i Sogn og Fjordane, på nordsida av Sognefjorden, i det som den gongen var Kyrkjebø herad. På byrjinga av 1900-talet var dette ei avsides og på mange måtar isolert bondebygd som talde 128 innbyggarar fordelt på 15 familiar. Så kom den industrielle revolusjonen og snudde opp ned på alle vande tilhøve. Folketalet skaut i veret og vippa 1000 i 1920. Ti år seinare hadde det meir enn dobla seg. Bortsett frå vatnet hadde bygda i utgangspunktet ikkje industrielle fortrinn. Det var manko på omtrent alt. Anleggsbusen kom utanfrå, fabrikkarbeidarane, funksjonærane, ingeniørane og økonomane gjorde også det, i alle fall i starten. Det same var tilfellet med kapitalen og teknologien. Fabrikken og samfunnet måtte såleis byggast frå grunnen av. At det baud på utfordringar og spenningar, er knapt å undrast på.

Lenge hang aluminiumsfabrikken i ein tynn tråd. Med mykje storpolitikk involvert lukkast det endeleg å skaffa råstoffet aluminiumsoksyd, levert frå ein fabrikk i Frankrike. Produksjonen starta i 1919. Men vanskane var på ingen måte over. Kombinasjonen av forsyningsproblem og dårleg inntening var som ein møllestein, og det gjekk på livet laust for NACO. Redninga, skulle det visa seg, låg utanfor landegrensene. I 1923 kom den amerikanske aluminiumsgiganten ALCOA (Aluminium Company of America) inn på eigarsida. Dermed løyste både dei økonomiske problema og den sårbare råstofftilgangen seg. Den internasjonale storkapitalen redda selskapet, og tida som heilnorsk selskap blei heller kort.

Den andre fasen til Byrkjeland og Timberlid tek til rundt 1930 og går fram til 1970-åra. I denne bolken er det livet utanfor fabrikken, industrisamfunnet, som mykje av framstillinga krinsar om. Det var skil på folk i Høyanger. På toppen av det lokale industrihierarkiet trona den allmektige direktøren. Under seg hadde han ein samansett og mangslungen arbeidsstokk. Den romma mange kategoriar, frå hjelpearbeidaren til fagarbeidaren, og til høgt utdanna teknisk og merkantilt personell. Den nye fabrikkbyen spegla denne lagdelinga. Jo viktigare og høgare i rang ein var, di betre budde ein. Det oppstod spenningar, konfliktar og mykje uro dei fyrste åra. Det blei skipa foreiningar og bygd «klassehus». Folkets Hus blei arbeidarane sin arena, medan funksjonærane sokna til sine respektable hus. «Utforminga av byen», «Smeltedigelen», «Det samansette kulturlivet», «Det politiske Høyanger», for å referera kapitteloverskriftene, rommar mykje god lokalhistorie. Fabrikken forma samfunnet, men på ulike måtar slo samfunnet også inn i fabrikken.

I denne perioden var det NACO (aluminiumsfabrikken) som sat i førarsetet. Høyanger blei ein «Company town», eller «eittselskapsby», som forfattarane skriv. I desse åra var Høyanger på det næraste jamgodt med fabrikken. Den var overalt i byen og tok på seg mange oppgåver som normalt var eit kommunalt ansvar. Som dei skriv: «Kommunen var i Høyanger ein restfaktor. Det som andre stader heitte teknisk etat, heitte i Høyanger verket». NACO fylte ikkje berre det lokale rommet, avdelingar og underbruk blei oppretta både i Holmestrand og i Sverige og Danmark. Slik blei verksemda i Høyanger også senter og knutepunkt i eit norsk, nordisk og amerikansk aluminiumskonsern.

Etterkrigstida var prega av nye kraftutbyggingar og meir energi som verksemda kunne nytta. Det bana veg for rasjonalisering, effektivisering og mekanisering/automatisering av drifta i stort omfang. Og innsatsen betalte seg. Nemningar som «Det komplette verket», «Den gode tida» og «gullalder» fortel at pilene peika oppover og at både fabrikk og lokalsamfunn var på rett veg. Men denne harmonien skulle ikkje vara ved. Det statseigde ÅSV (Årdal og Sunndal Verk) steig etter krigen fram som ny aluminiumsgigant, noko som også la føringar for liknande verksemder. I prosessane som leia fram til at NACO forsvann og Høyanger-verksemda blei innlemma i ÅSV-konsernet, ligg mykje dramatisk og spennande industrihistorie. ALCAN (dotterselskapet til ALCOA) overtok 50 prosent av staten sine aksjar i ÅSV, og med denne omstruktureringa byrja ei ny tid. Dei stabile etterkrigsåra var over, og ein meir turbulent periode sette inn. At sluttstrek for det fyrste bindet blir sett på 1960-talet, er det såleis gode grunnar for.

I den tredje fasen, som byrjar på 1970-talet og går fram til 2015, kom Høyanger på ny i støypeskeia. Byen og tettstaden tok spranget frå eit moderne industrisamfunn til eit postmoderne tenestesamfunn, for å vera i sjargongen til forfattarane. Det innebar mellom anna at fabrikken, som hadde vore alfa og omega, drog seg meir attende. Den ville ikkje lenger vera pytt og panne i lokalsamfunnet. Samstundes med at verksemda greidde seg med færre tilsette (som skuldast outsourcing og meir rasjonelle produksjonsprosessar), dukka også ny industri opp. Då Hydro kom inn som eigar i 1986, også det ein prosess med mykje politikk og tautrekking knytt til seg, blei dette draget endå tydelegare. Det halvstatlege industriselskapet hadde primært fokus på aluminiumsproduksjon og ikkje så mykje på kommunen og lokalsamfunnet.

Samstundes med dette fann det stad ein sterk vokster i dei kommunale ytingane. I desse åra steig kommunen fram som ein ny og stor arbeidsgjevar, ikkje minst for kvinner. Med utbygging av kommunikasjonane blei også vegen kortare til andre sentra i regionen. Som fylgje av dette opplevde Høyanger lekkasje av både det eine og det andre slaget. At folketalet viste ein stagnerande tendens, er ein viktig del av dette biletet. Inntrykket av eit industrisamfunn i solnedgangen er ikkje godt å fri seg frå. For å demma opp for denne utviklinga, kom behovet for nytenking, entreprenørskap og gründerverksemd meir i framgrunnen. Skulle Høyanger vera liv laga, kunne folk ikkje sitja med hendene i fanget og venta på «utviklinga». Innbyggarane måtte sjølv ta initiativ i større grad. På bakgrunn av den strukturen og mentaliteten som hadde vore, var ikkje det berre lett.

Sjølv om Høyanger-historia er unik og noko for seg, kan ho eit stykke på veg lesast som ei «generell» framstilling om dei einsidige industristadene si grunnlegging, vekst og stordomstid, forvitring og nedbygging. Legg ein dette lange perspektivet til grunn, må denne framstillinga vera noko av det beste på feltet. Bøkene er prega av godt handverk. Det viser seg i detaljane, men også i dei store linjene. Innfløkte og avanserte produksjons- og arbeidsprosessar blir bretta ut og forklara på skjønleg vis. Korleis fabrikkorganisasjonen var bygd opp og fungerte, om ulike sjikt og spenningar, rivingar som også strukturerte bysamfunnet, blir òg dekka på ein lærerik måte. Det same er tilfellet med det sosiale, kulturelle og religiøse livet, korleis folk levde, tenkte og handla. Bøkene inneheld mykje verdfull arbeidarhistorie, funksjonærhistorie, kvinnehistorie og barndomshistorie. Lokalpolitikken blir det også greidd grundig ut om. Det er i det heile tale om ei tett og «nærgåande» historieskriving som kastar lys over det meste.

Termen «totalhistorie», som franske historikarar står bak, er eit krevande omgrep. Det føreset i prinsippet at «alt» skal med. Men i praksis er det uråd. Eg vil likevel hevda at forfattarane nærmar seg eit slikt ideal. Det skuldast også det regionale, nasjonale og internasjonale perspektivet som pregar framstillinga. Kva som elles skjer på tungindustrifronten i Sogn og Fjordane, blir omtala på ein lærerik måte. At hovudkontoret til fabrikken var i Oslo, er berre eitt aspekt av den nasjonale innramminga. På dette nivået er det også snakk om industripolitikk. Utviklinga i Høyanger involverte både storting og regjering, noko som kjem tydeleg fram ved fleire høve. Det internasjonale aspektet kjem inn både når det gjeld teknologi, kapital, råstofftilgang og eigarstruktur. Verksemda i Høyanger blei tidleg sugd opp av «aluminiumskapitalen», både den norske og den internasjonale. Dermed er det også tale om føretakshistorie på ulike nivå. Så rett forstått er den gode lokalhistoria også framifrå globalhistorie. Det er også ein kvalitet med dette bokverket.