Kristian sleng opp vindauget i kjøkkenkammerset. Set foten i karmen og hoppar ut. Smyg seg mellom husnovene. Hjartet slår som ei tromme bak brystbeina. Så hukar han seg ned og spring det han greier, bort frå tunet på Lofthus.

Slik kan vi sjå for oss den dramatiske flukta 29. september 1786, då Kristian Jensson Lofthus med naud og neppe kom seg unna dei som var sende for å arrestere han. Fire offiserar i spissen for femti soldatar hadde omringa garden. Då dei skjøna at bondeføraren hadde greidd å flykte, tok ein soldat og ein underoffiser opp jakta frå hesteryggen. Ordren var å «kløve hans Hoved eller skyde ham for Panden». Drapsmannen var lova ti riksdalar.

Denne dramatiske hendinga er berre ei av fleire i den spanande historia kring ei av dei største bondereisingane under unionstida med Danmark, Lofthusoppreisten. Protestaksjonen retta seg mot embetsverket og dei økonomiske tyngslene bøndene møtte i det daglege sist på 1700-talet, som høge prisar, skattar og avgifter. Opprøret spegla ei misnøye utbreidd over heile landet, og omfanget protestrørsla fekk verka difor særs skremmande både på lokale embetsmenn, borgarar og sentrale styresmakter.

Kjeldene til Lofthusoppreisten er omfattande og ligg spreidd i ulike arkiv i Noreg og Danmark. Når Riksarkivet no har gitt ut utvalde delar av rettsmaterialet samla i ei bok, er det for at alle som ønskjer det skal ha enkel tilgang til dei viktigaste kjeldene. I denne samanhengen hadde det vore interessant å vite kva som er utelate og kvifor. Sidan materialet ligg så spreidd, hadde det også vore kjekt med eit samla oversyn over kva kjelder som finst og kvar dei er plasserte. Eit slik oversyn blir kanskje publisert seinare?

Når ein tek fatt på dette materialet, er det viktig å ha klart for seg at kjeldene først og fremst speglar styresmaktenes synspunkt på bondeoppstanden og korleis dei reagerte på han. Men dokumenta gir også innblikk i hendingane som tvang fram dei rettslege reaksjonane, og ikkje minst i kva allmugen tenkte gjennom det som vart sagt under rettsforhøyra.

I innleiinga gir Margit Løyland oss ei interessant historisk innføring i Lofthusoppreisten og i diskusjonen mellom ulike forskarar som har arbeidd med han. Vi blir sett inn i bakgrunnen og om korleis protestaksjonen vart organisert med underskriftskampanjar, møte og demonstrasjonar. Vidare får vi høyre korleis styresmaktene reagerte med kommisjonsarbeid, bruk av militærmakt, arrestasjonar, dom og straff. Leiaren og dei andre hovudmennene vart alle dømde i 1792. Dommen frå Akershus var knusande. Kristian Lofthus vart dømd til livvarig fengsel, og 13 av 17 opprørarar fekk bøter og fengsel i eitt til tre år. Trass i at Generalfiskalen ønska strengare straff og anka til Høgsterett, vart dommen ståande. Då den endelege avgjerda kom i 1799, var Lofthus for lengst død.

Etter innleiinga er boka delt i tre delar, der kvar del inneheld kjeldemateriale frå ulike rettsinstansar. I den første delen finn vi rettsmaterialet frå den første Lofthuskommisjonen som var sett i Kristiansand i 1787. På dette tidspunktet var Lofthus fri, og allmugen hadde von om å vinne fram med krava sine. Kommisjonsmaterialet ligg føre i to protokollar, Tome I og II. I starten av den første protokollen får vi eit greitt oversyn over dokument innsendt til kommisjonen. Nokre av desse dokumenta er transkriberte i boka. Deretter følgjer avhøyra av allmugen i ei rekkje kyrkjesokn. Referat av avhøyra held fram i protokoll II, som blir avslutta med forklaringar frå futar, sorenskrivarar, lensmenn og leiinga ved Froland verk.

Del to er den mest omfattande delen av boka, og inneheld rettsmaterialet frå Lofthuskommisjonen på Akershus som verka i åra 1789–92. Kristian Lofthus var no fengsla og situasjonen var alvorleg. Materialet startar med utnemningar og stemningar før avhøyret av Lofthus, og fortset med innlegga til aktor og forsvararar. Strid rundt forsvararar og dokument er også grundig dokumentert. Her finst også avhøyr av dei medtiltalte og mange andre personar frå allmugen. Deretter følgjer forhandlingar, og til sist kommisjonsdomen datert 1792.

Den tredje og siste delen av boka presenterer oss for rettsoppgjeret ved Høgsterett i København 1798–99. All von syntest no å vere ute for Lofthus og dei medtiltalte, i og med at det var Generalfiskalen som hadde anka for å få ei strengare straffutmåling. I starten ligg eit oversyn over saksgangen med utnemningar og utallege utsetjingar, før vi blir presenterte for anken ved Generalfiskal Schibsted og innlegget til Rottbøll som var forsvarar. Sist finn vi referatet frå voteringa med påfølgjande dom i 1799.

Kjeldematerialet i boka er transkribert som det ligg føre. Det er reint og etterretteleg utført, og som lesar er eg glad for all luft som er lagt inn på sidene for å bryte opp teksten. Det gjer materialet lett å lese. Trass dette er det til tider vanskeleg å orientere seg. Eg saknar eit overblikk slik ein lettare ville fått om ein sat med dei fysiske kjeldene. Det kunne kanskje ha vore ei tydelegare markering mellom dei ulike delane? Uansett vonar eg materialet vil bli digitalisert i sin heilskap, slik at den som forskar på desse kjeldene kan ha høve til å sjå originalane når det trengst.

Alle som har jobba med kjelder på arkiv veit at det å sjå kjelda fysisk, er viktig for tolking og forståing. I eit kjeldeskrift som dette er difor forklarande tillegg særs viktige for at lesaren skal kunne gjere seg nytte av materialet best muleg. Eit minimum i så måte er at lesaren blir presentert for prinsippa som er nytta i avskrivingsarbeidet. I dette kjeldeskriftet finn vi dette utgreidd på beste vis. Vi får viktig kunnskap om kjeldematerialet, kva som er tenkt og gjort i samband med transkripsjonen, og ei forklaring til dei utgivarteikna som er nytta. Fotnotar med til dømes ordforklaring, personalia og opplysing om når det er ny skrivarhand i originalen, følger det transkriberte materialet gjennom heile boka. Dette vil vere til god hjelp for lesaren under arbeidet med kjeldene og er tidssparande.

Bak i boka er det litteraturliste, personnamnregister, stadnamnregister, hovudstikkord, sakregister og ordforklaringar. Det følger gode forklaringar til alle desse tillegga. Her vil eg særskilt halde fram personnamnregisteret som er førebiletleg utført.

Med denne flotte utgåva ved førstearkivar Margit Løyland, har studentar, forskarar og andre interesserte fått eit godt utgangspunkt for å sette seg inn i det dramatiske opprøret Lofthusoppreisten var. Og det kjem meir. Arkivverket har planar om å publisere andre delar av rettsoppgjeret på ein ny plattform for digital kjeldepublisering. Her er det berre å gle seg for alle med hjarte for 1700-talshistorie.