Storverket Soga om Sogn og Fjordane var fullendt og ferdig hausten 2017. Redaksjonen med Ola Svein Stugu og Hans Jacob Orning i spissen har gjort eit storarbeid. Mottakinga som verket har fått rundt om i heimefylket, tyder på at dei som Soga om Sogn og Fjordane er skrive for, har fått det dei hadde ønska og håpa på.

Band 2 av dette verket er skrive av dr. philos. Jan Anders Timberlid, og tek føre seg dei drygt hundre åra frå andre halvdelen av 1700-talet fram til 1870-åra. Når ein kapasitet som Timberlid skriv regionhistorie om Sogn og Fjordane, bør ein som lesar ha store forventningar. Ikkje berre har han stor historiefaglig tyngde. Han er sjølv frå dette fylket, og kjenner det ut og inn. Han har gjennom mange tiår levert omfattande høgkvalitets historieverk herifrå. Han er kjend som ei solid historieforteljar. Dermed låg alt til rette for eit godt resultat for band 2 av Soga om Sogn og Fjordane med Timberlid ved tastaturet.

Soga om Sogn og Fjordane band 2 har fått ein undertittel: «Rift om brødet». Her har Timberlid leita etter den mest presise kortversjonen av Sogn og Fjordane si historiske utvikling mellom 1763 og 1875. Kva var det klåraste utviklingstrekket her gjennom desse drygt hundre åra?

Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at dette bandet tek til med året 1763, for det var dette året at det store Bergenhus amt vart delt i to: Søndre og Nordre Bergenhus amt. Nordre Bergenhus amt utgjorde dei fire futedømma Ytre og Indre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Timberlid er innom bakgrunnen for delinga: Var det ein ambisiøs fullmektig hos stiftamtmannen i Bergenhus sitt initiativ som fekk gjennomslag, eller var det sentralmakta som ville ha betre kontroll og meir detaljstyring, slik ein opplevde det andre stader i landet? Kanskje kan det sjå ut som om Joachim de Knagenhjelm si rolle blir gitt vel mykje vekt i sjølve delingssaka, men han er likevel ein viktig person i denne soga, ikkje minst på grunn av familiebakgrunnen sin i Kaupanger, og fordi han som den første – og einaste – amtmannen på 80 år valte å bu i amtet. Om delinga av amtet faktisk førte til at sentralmakta si klamme hand merkast meir, kjem ikkje klårt fram. Men vi får eit godt bilete av kor seigliva embetsstyret var, dei demokratiske nyvinningane på 1800-talet til trass. Interessant er det å lesa om korleis «den folkelege deltakinga» utvikla seg. Timberlid hevdar at «haugianarane var bøndene si reising mot embetsmennene». Denne rørsla styrka den sjølvkjensla som skulle til for å delta i utviklinga av folkestyret, slik at vanlig folk kom meir med i styringa av samfunnet enn «fedrane på Eidsvoll» kanskje hadde tenkt seg. Gjennom lekmannsrørsla kom fleire av dei til orde som best visste korleis kvardagen fortona seg for folk, og det fekk sjølvsagt noko å seie for korleis ressursar vart utnytta og verdiar fordelte. Men noko organisert opprør mot embetsmakt og overklasse i den tida folkestyret vaks fram og utvikla seg, finn ikkje Timberlid mange spor av i Sogn og Fjordane. Thranerørsla fekk ikkje stor grobotn her, men likevel noko i Lærdal på grunn av anleggsdrifta her i 1840-åra.

Utviklinga av demokratiet utgjer ei ramme kring hovudtemaet i band 2 av Soga om Sogn og Fjordane. Jan Anders Timberlid opnar med dei spede spirene og avsluttar med det nyutvikla folkestyret. Men det meste av boka handlar om folket sin kvardag og kampen for tilværet. Vi får møte grendelag, gardar og husmannsplassar, einskildpersonar og familiar, velståande og fattigfolk, husdyrhald, fiskeri og skogbruk, marknad, handel og tettstadutvikling.

Timberlid tek føre seg folketalet og viser korleis det utvikla seg gjennom desse hundre åra i dei fire futedømma. Her ligg grunnlaget for utviklinga. Folketalet dobla seg frå 1760-åra fram til 1875, ulikt geografisk og skiftande over tid. Vi får høyre om sjukdom og demografiske kriseår, men også om hjelpetiltak både mot sjukdom, betring i hygieniske tilhøve og om korleis jordmor- og dokterordningar vart etablerte og utvikla seg. Og etter kvart som det vart fleire munnar å mette og fleire kroppar å kle: Kva måtte til for å dekke behovet? Timberlid viser oss korleis denne situasjonen skapte større forskjellar i samfunnet: Dei som hadde minst, sleit mest.

Sjølv om ressurspresset slo ulikt ut, så var det ikkje greitt for nokon. I dei neste kapitla syner Timberlid oss korleis folket leita seg fram til ulike rådgjerder for å bøte på knappe ressursar. Teknologiske nyvinningar på sjø og land var til hjelp, utmarksbruket auka på denne tida, nydyrking, gjødsling og betring av jordkvalitet gjorde sitt. Poteten sitt inntog i andre halvparten av 1700-talet fekk mykje å seie, utan at forfattaren går mykje inn på å kvantifisere dette.

I kapitlet «Det havvende landskapet» tek Timberlid føre seg fiskeria, og han hevdar at labiliteten i fiskerinæringa på denne delen av kysten gjorde det vanskelig å satse einsidig på denne næringa. Dei var fiskarbønder, med arbeidsdeling og arbeidsfellesskap. Slik kunne dei tilpasse arbeidsinnsatsen etter ressurstilgangen. I tidsrommet frå 1850 til 1870 opplevde Nordre Bergenhus eit stort vintersildfiske som førte til at mange fiskarar kom til – også utanfrå. Vi får eit oversyn over korleis deltakinga i sildefisket fordeler seg mellom kommunane i amtet i 1868, men heller ikkje her gjer Timberlid noko inngåande forsøk på å verdisette sildefangstane for å sjå kva dei verkelig betydde for folk.

«Skogen betydde ikkje så reint lite», skriv Timberlid, og han utdjupar: «Han gav ved, tømmer og trelast, både til husbruk og for sal, dessutan vyrke til tjøre, trekol og bastetau, til reiskapar og bygningar, til tønner og tønnaband, til båtar og fartøy.» Slik får forfattaren fram den mangesysselen som skogen skapte, ofte som grunnlag for andre næringar, ikkje minst sagbruksnæringa. Også kopargruvene hadde bruk for trevyrke, og denne kapitalkrevjande industrien greip om seg utover andre halvparten av 1700-talet. Særlig kopargruvene i Grimelia i Ytre Sunnfjord fekk mykje å seie fordi verksemda her meir eller mindre strekte seg gjennom heile tidsrommet.

Timberlid trekkjer også fram flytting som ein del av løysinga på levekårsutviklinga. At mange unge flytta til Bergen og tok seg teneste der, løyste nokre problem og skapte andre. Utvandringa til Amerika tok så smått til i 1840-åra, og nådde ein topp med 1200 utvandrarar frå Nordre Bergenhus i perioden 1866–70. Timberlid advarar mot å tru at det berre var folkeauken i seg sjølv som førte til utvandringa. Dei sosiale tilhøva var også medverkande, ved at mange unge menneske ikkje slapp til og fekk utnytta arbeidskrafta si. Så valde dei heller å dra.

Timberlid hevdar at landbruksproduksjonen i Sogn og Fjordane godt og vel heldt tritt med folketalsauken i det tidsrommet det her gjeld. Korleis kan vi da snakke om «rift om brødet» om det ikkje var ressursmangel? I avsnittet «Yttergrense for ressursutnytting» drøftar Timberlid nettopp dette: Ved å sette inn nok arbeidskraft – først og fremst unge menneskje – var det mulig å drive opp produksjonen, også under marginale tilhøve, men berre i ein kort, hektisk sommarsesong kvart år. Men det var ikkje råd å utnytte arbeidskrafta til dei unge året igjennom, så løna vart for låg til å kunne leva av, og konkurransen om ressursane og om arbeidsplassane førte til eit konfliktnivå som mange ikkje ønska å leva i. Samfunnet meistra produksjonsauken, men ikkje presset.

Soga om Sogn og Fjordane. Rift om brødet er ei gild bok. Forfattaren har brukt dei gode kvalifikasjonane sine på alle plan. Alt står til truande, men høgst ragar historieforteljaren. Her er ein forteljar som er på trygg grunn, som kjenner landet og miljøet, som veit å ta i bruk det historiske materialet, som gjennom heile forteljinga let oss kome einskildmenneskje inn på livet. Det er litterære grep som berre den historikar kan bruke som kjenner sitt stoff.

Denne boka er ikkje ein murstein. Ho er lett å tileigne seg, på grunn av formatet, layouten, språket, illustrasjonane og – ikkje minst – stikkordlista bak. Slik blir denne boka ein kunnskapsformidlar, ei leseoppleving – og eit oppslagsverk, for den som vil ha det.

Og til slutt: Som band 2 i eit firebandsverk, smett «Rift om brødet» perfekt på plass mellom band 1 «Folk i fjordrike», som sluttar med å ta føre seg korleis folket levde med og stridde mot embetsstaten, og band 3 «Fjordfylket på nye vegar. 1875–1945», som handlar om korleis dei ulike delane av Sogn og Fjordane etter kvart batt seg sterkare til kvarandre og saman utvikla seg til det dei sjølve kallar «annleisfylket».