Band III av fylkeshistoria for Sogn og Fjordane omhandlar perioden 1875–1945 og har fått tittelen «Fjordfylket på nye vegar», noko som peikar mot ein periode med mykje nytt. Forfattaren har også som målsetting å drøfte «tilhøvet mellom dei teknologisk-økonomiske og dei politisk-kulturelle sidene av moderniseringa».

Derfor er det ikkje tilfeldig at det første kapittelet tar for seg samferdslehistoria som inngang til moderniseringa. Dei følgjande kapitla tar for seg demografiske forhold, utviklinga av handelen, overgang til sjølveige, utskifting, modernisering av jordbruket, skogbruket og fiskeria. I dei siste kapitla kan vi lese om vasskraftutbygging og industrietablering, dei motkulturelle rørslene, utviklinga av dei kommunale oppgåvene, helse-, fattig- og skolestell, kraftutbygging og kriser i mellomkrigstida, og det siste kapittelet tar for seg krigen i 1940 og okkupasjonstida. Oddmund Løkensgaard Hoel har her lagt ned eit stort arbeid i ein grundig dokumentasjon av fylkeshistoria i perioden.

I det siste kapittelet, «I same båt», slår forfattaren fast at det på ei rekke felt gjekk tregare med moderniseringsprosessen i Sogn og Fjordane enn i mange andre fylke. Sjølv om det var store endringar i fylket med blant anna vasskraftutbygging og industri, blei mykje av det tradisjonelle næringslivet drive som mangesysleri med stort innslag av sjølvforsyningsproduksjon.

Samtidig blei fleire nye ressursar tatt i bruk innanfor dei gamle økonomiske tilpassingane. Ein begynte å dyrke frukt og bær som blei vidareforedla i fylket, pelsdyroppdrett blei omfattande, skogsdrifta endra, og fiskarane begynte å fiske etter håbrann.

Endringane i fylket var på mange felt store, men ikkje store nok, samanlikna med andre regionar. Kredittmangelen var ein kritisk faktor her. Kommuneøkonomien var svak, og sist på 1930-talet hadde innbyggjarane den lågaste gjennomsnittsinntekta i landet. Industrialiseringa kom seint og var ikkje så utbreidd.

Hoel si hovudforklaring på etterslepa er at fylket mangla ein større by med byborgarskap og kapitaltilgang. Det var også det minst urbaniserte fylket i landet. Dei to fiskeribyane og industristadene batt ikkje saman fylket, dei hadde sterkast band ut av fylket og landet.

Strategien for å få til ei modernisering i fjordfylket låg i ein trekantmodell for offentleg styring, Ein part var kommunal og fylkeskommunal. Fylkeskommunen finansierte mange fellestiltak, og fleire interkommunale løysingar blei gjennomført. Etableringa av Fylkesbaatane blir framheva som ein av dei viktigaste faktorane i den økonomiske utviklinga i fylket i perioden. Særlig i industrien var det også private utbyggjarar. «Den tredje sektor» var blant anna sparebankar, lokale kraftlag og samvirketiltak.

Som nemnt er det ein hovudintensjon med boka å vise samanheng mellom teknologisk- økonomiske vilkår og dei politisk-kulturelle sidene av moderniseringa. Det er det fleire eksempel på i boka, blant anna om dei kulturelle konsekvensane av utskiftinga og korleis arbeidet på stølen blei endra av utbygginga av meieria. Hovudvekta i framstillinga ligg likevel på dei teknologisk- økonomiske vilkåra. Kapittelet om motkulturen tar også med den politiske utviklinga, men boka omhandlar ikkje kulturelle uttrykksformer som for eksempel byggeskikk, musikk- og handverkstradisjonar, som ofte gir næring til ein regional identitet.

Historia kan skrivast frå mange ulike vinklar. Her er det fugleperspektivet som dominerer. Når arbeidet femner over eit heilt fylke med stort mangfald, rekk ein forfattar sjeldan å gå til så mange primærkjelder, men må halde seg til dei som er publisert. I denne boka er tala frå den trykte, offentlege statistikken mykje brukt. Særleg i dei første kapitla er det lite bruk av kjeldesitat med samtidsstemmer som kunne gitt meir liv til teksten, men dei som blir brukt, er svært gode illustrasjonar. I dei siste kapitla kjem ein nærare innbyggarane gjennom sitat og referat frå offentlege rapportar som distriktslegane sine, men heller ikkje dei representerer stemmene til folk flest.

Den manglande nærleiken til fjordfolket blir til ein viss grad kompensert ved utvalet og presentasjonen av bilete og bilettekstar. Her har biletredaktør Dag Grønnestad gjort ein svært god jobb med samtidsfoto som supplerer og utvidar teksten. Det er store, gode foto, god attgjeving og fotobehandling som gjer at lesaren møter menneska i Sogn og Fjordane auge til auge.

Når ein primært brukar offentlege kjelder, er det vanskeleg å synleggjere den halvdelen av befolkninga som vart minst omtala der. I denne boka er kvinneperspektivet eksplisitt i avsnittet om «Kvinnene og politikken», som går over knapt to sider. Dette stoffet kunne med fordel ha vore grundigare behandla. Kvinnene sine arbeids- og samfunnsroller er lite integrert i framstillinga, for eksempel i omtalen av fiske- og ullvareindustrien. Rett nok skriv forfattaren om kvinnene si rolle i husdyrhaldet, men samanlikna med omtalen av skogsarbeidaren får kvinnearbeidet lite plass. Når konsekvensane av moderniseringa av fiske og jordbruk blir drøfta, blir kvinnene ikkje nemnt.

Dei store variasjonane innanfor fylkesgrensene blir godt dokumentert gjennom heile 13 temakart. Desse gjev både slåande tidsbilete og grunnlag for komparasjon. Når forskjellane mellom dei ulike distrikta er store, slik som her, kan ein spørje seg om eit fylke er eigna som eining for historiegransking. Er det meir enn dei administrative grensene som bind saman innbyggarane? Trass i dei store variasjonane slår forfattaren fast at det i dag er ein sterk fylkesidentitet i Sogn og Fjordane. Det hadde det vore interessant å få vite meir om.

Dei empiriske funna blir også gjennomgåande samanlikna med andre fylke, særleg dei andre vestlandsfylka, og forfattaren finn store likskapar med desse, sjølv om moderniseringsprosessen gjekk seinare i Sogn og Fjordane.

Boka er skrive i eit klårt, lettlese og presist språk med mange råkande formuleringar. Det kjem godt med når framstillinga som her ofte er svært detaljert, spekka med tal og namn. Overskriftene er sakretta og hjelper lesaren til å halde oversikt. Nokre av analysane kunne med fordel ha vore endå tydelegare. Dette blir for ein stor del tatt igjen i det avsluttande oppsummeringskapitlet der trådane blir samla på ein føredømeleg måte, men nokre stopp med ettertanke undervegs kunne kanskje ha gjort boka endå betre. I dag, då faktaopplysningane ofte berre er eit par tastetrykk unna, kan ein kanskje ofre nokre detaljar for at heilskapen skal bli tydelegare.

Hovudinntrykket er likevel ei interessant og spennande reise frå 1870 til 1945 i eit svært skiftande landskap. Når ein legg frå seg boka, forstår ein meir av kvifor Sogn og Fjordane i mange samanhengar skil seg ut frå andre norske fylke.