Med denne kjeldesamlinga får vi samla, ordna og gjort tilgjengeleg 178 brev mellom to karar som møttast i ungdomen, vinteren 1885–86 på Seljord folkehøgskule. Seinare møttast dei ein gong til, i 1927. Dei var båe frå Gudbrandsdalen, nabobygdene Heidal og Vågå, og levde heile livet med eitt bein i heimleg landskap og eitt i eit større landskap. Den eine emigrerte fyrst åt Danmark, seinare (1893) åt La Crosse, Wisconsin, etter kvart busette han seg i Decorah, Iowa. Den andre budde i heimbygda heile livet, men var ingen heimføding for det.

Kvifor sett to andre karar seg ned i dag, transkriberer, ordnar og gjev ut ei slik brevveksling 85 år etter at siste brevet gjekk med båt over Atlanterhavet i november 1932? Slikt gjer ein nyfiken.

Boka er på totalt 498 sider, av desse er 414 sider direkte avskrift av breva. Det er 12 sider emneregister med ca. 429 emne, og 20 sider personregister, totalt ca. 846 personnamn, av desse ca. 108 kvinner. Dei har tematisk eit stor spenn i si eige samtid og historisk tid, i alt dei drøftar fritt og ope seg imellom. Dei omtalar familie, vener, politiske tilhøve, kunstnarar, alt frå greske fabeldiktarar til Leo Tolstoj.

Kven er så desse brevskrivarane?

Kristian Prestgard (1866–1946) er den minst kjende av dei to. Han vart kjend i si eige samtid som redaktør, seinare sjefredaktør, av Decorahposten, den største norskspråklege avisa i USA i ei tid med stor immigrasjon frå Noreg. Han jobba særleg med formidling av norsk litteratur og gav t.d. ut antologien Norske Kvad 1814–1905 og tidsskriftet Symra. Av utdanning hadde han nokre år på folkehøgskule, seinare også praksis som lærar der.

Ivar Kleiven (1854–1934) er av dei store lokalhistorikarane på Austlandet. Han vart kjend i eige samtid for å skrive mange bygdehistorier med særleg vekt på kulturhistorie, basert på arkivstudium kopla med tradisjonsstoff. Han skreiv òg ei mengde artiklar. Han var fødd på garden Kleiven i Lalm, men flytta til Kleivsetra, der han budde resten av livet. Der var det mange som gjesta han, han hadde òg ein omfattande brevkontakt med mange.

Det er mykje likt ved dei, men også mykje ulikt. Dei skreiv båe på dialektprega nynorsk som unge. Men breva syner korleis dette endra seg, at dei ikkje følgde ein mal for rettskriving gjennom breva sine. Dei ynskja eit nynorsk meir prega av målformer på Austlandet. Prestgard gjekk seinare over til meir standardmål, riksmål. Motsetnadene mellom norsk og dansk vart ikkje lenger det viktigaste for han, anglofiseringa truga dei skandinaviske språka i USA. Han skreiv meir dansknorsk etter kvart som han vart eldre. Kleiven prøvde òg ut eit meir dialektprega skriftspråk som kunne variere med t.d. kva for bygdebok han jobba med til ei kvar tid. Dei var båe nært knytt til folkeopplysningstanken frå Grundtvig og folkehøgskulane, og var båe kulturradikale i si samtid.

Politisk kan dei plasserast i den liberale fløya, med inspirasjon frå m.a. det demokratiske Radikale folkepartiet. Kleiven var m.a. med på å stifte arbeidarforening i Vågå, ei bygd med omfattande steinindustri, med stor vekst etter at jernbana kom til Otta i 1896. Dei kom båe frå bygdesamfunn med sterke røter i bondestanden. Det var sterke nasjonale straumar i deira samtid, fyrst med lausrivinga frå Sverige, stemmerett, verdskrig, seinare med heilt andre utfordringar i mellomkrigsåra. Prestgard gifta seg og stifta familie, medan Kleiven var ugift. I boka er det veldig god biografi om båe to.

I innleiinga til boka presenterer Kruken og Harildstad grundig arbeidet dei har gjort med omdanning av breva til bok, arbeidsdeling og metodikk i transkribering, skrivemåte, personnamn mm. I resten av boka lar dei Kleiven og Prestgard sine brev stå utan kommentarar eller tillegg, med til saman 520 fotnotar på personar mm. Men transkriberinga er skjemma av at bannorda i originalbreva er fjerna. Ein del av den sterke koloritten, vektinga i språkbruken deira, blir såleis borte. Dette skulle ein tru ikkje var naudsynt i dag, og ein undrar på kvifor dette er gjort.

Breva er ordna kronologisk, av dei 178 er 108 frå Kleiven (61 %) til Prestgard. Det er diverre ikkje ei komplett samling, ein del er gått tapt eller er ikkje funne. 49 % av breva i boka er frå 1886–89 (64 stk) og 1892–93 (23 stk). Brevsamlinga er over 46 år, i snitt fire i året. Dei mest aktive åra var 1888: 13 brev, 1889: 16 brev og 1893: 16 brev, dvs. ca. 1. juli 1893 drog Prestgard åt USA, og seks av breva det året er etter at han emigrerte.

At boka har så rikt emneregister og personregister gjer boka enda meir leseleg, og kan hende meir som ei oppslagsbok for dei som jobbar med denne perioden: seier ein av dei noko om dette, tru? Forma dei skriv på er utprega munnleg, direkte, kommenterande, til dels uferdige setningar. «Men skulle du sett argare gut ... te å skrive her i væren, du!» (Kleiven til Prestgard 13.11.1886.) Dette fortel om ei god forståing dei imellom, dei uttrykker glede i utvekslinga av informasjon og kommentarar, og har båe eit vidt kunnskapstilfang som dei auser av saman.

Dei nemner mange interessante tema, og brevsamlinga kan såleis vera eit supplement til andre artiklar dei har skrivi. Brevsamlinga kan òg stå fritt som kommentarar frå deira samtid, to godt orienterte karar, godt forankra i eit førindustrielt bygdesamfunn, men med vakne auge og klar penn for eige samtid.

Etter at Kleiven var død, vart brevsamlinga lånt ut til historikaren Arne Odd Johnsen for publisering, etter samtykke frå Prestgard og Pål Kluften. Dette vart ikkje gjennomført før i 2017, og det kan vi vera glade for. Eit kjeldeskrift er det viktig er transkribert «reint», utan omskrivingar, fortolkingar eller kommentarar frå ei anna samtid, ein annan penn. Slik framstår nå denne brevsamlinga som eit kjeldeskrift, ei skattkiste, for mange ulike i vår samtid og framtid. Verken Prestgard eller Kleiven var særleg medvetne om bruken av andre kjelder, så alt får stå for deira eige penn, med mindre dei har nemnt noko anna i brevet.

Det er berre nokre av breva som har vore publiserte tidlegare. Samlinga er i dag i Opplandsarkivet i Vågå, avdeling av Gudbrandsdalsmusea.

Det siste brevet frå Kleiven (13.11.1930) innleiast slik: «Kjære Kristian! Nei nå held oss båe tvo på å felle attende i den gamle Adam ...» (sitat frå Pontoppidan og brukt av m.a. A. Kielland i Skipper Worse). Prestgard hadde planlagt ein tur i 1930, og svarar Ivar 30.11.1930: «.. Det var særlig to steder som drog. Blant dem verken Nidaros eller Trondhjem. Alt det vrøvlet deroppe hadde gjort mig arg. Hellerikke likte jeg at drukne i den forfærdelige flom af norsk-amerikanere, hvoriblant jeg ved det var mange vrøvlepaver. … og vilde ha faat liten tid til overs for heimbygden.»

Dette er ein murstein av eit kjeldeskrift, innhaldet er rikt og variert, såleis ei samtidig direkte kjelde. Når ein nå i ettertid les det som var meint å vera mellom to personar, føler ein seg litt som ein «kikkar». Men dei to levde av å omsetta munnleg tradisjon og meiningar til skrift og publisering, så det tåler breva.