Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Store verdiar til liten nytte

Elektrisitetsutbygginga i Sogn og Fjordane før 1940
Big values to little benefit
The development of the electric grid in Sogn og Fjordane County before 1940
Førsteamanuensis, Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap.

The development of the electric grid started in the years before the First World War in Sogn og Fjordane, as in the rest of rural Norway. Nevertheless, in the late1930s, Sogn og Fjordane was by far the county in Southern Norway with the lowest degree of electrification. This article examines the slow-paced electrification of Sogn og Fjordane before 1940, focusing specifically on the role of the county government. Earlier works have emphasized topographical and demographic factors combined with weak private and public finances to explain the late and fragmented development of the electric grid in Sogn og Fjordane. While these factors were undoubtedly significant, the analysis here also considers some political and organisational factors. Sogn og Fjordane County had for 50 years been more involved in the transport sector than any other county government. County-owned companies or inter-municipal companies, including the county as a shareholder, were well known in Sogn og Fjordane and were also introduced in the electric grid in a set-up that combined inter-municipal and county ownership. Major problems caused by the Ålfot scandal are emphasised to explain the county government's withdrawal from the electricity sector in the interwar period. It is also argued that the existing organisational model likely was less conducive to securing financial support from the government during the interwar crisis.

Innleiing

Fram til 1914 hadde nær alle større bykommunar fått elektrisitetsforsyning i kommunal regi. Landkommunane låg etter, men under fyrste verdskrigen skaut elektrisitetsutbygginga fart også her, og kraftkommunalismen vart ei landsfemnande rørsle.1 Sogn og Fjordane var ikkje noko unntak. Fylkesmann Ingolf Elster Christensen tok våren 1914 til orde for at kommunane måtte ta grep om utbygging av elektrisitetsforsyninga og syta «for baade lys og kraft til bygdens behov» før alle vassdraga gjekk til kapitalsterke aksjeselskap.2 Same sommaren sette fylkesmannen òg elektrisitetsforsyninga på saklista til fylkestinget for fyrste gong. Mange bygder og kommunar var då i full i gang med skiping og planlegging av kraftlag, kraftverk og linenett. Det fyrste elektrisitetsverket for allmennforsyning i fylket var kome i drift på den gryande tettstaden og industristaden Sandane i Nordfjord i 1909.3

Kontrasten er stor når ein jamfører kraftoptimismen kring 1914 med forsyningsstatistikken ved utgangen av mellomkrigstida. I 1940/41 hadde 46 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane elektrisitetsforsyning medan landssnittet låg på oppunder 80 prosent. Berre tre fylke hadde lågare forsyningsgrad – Finnmark, Nordland og Troms, og over Sogn og Fjordane var det eit sprang til Møre og Romsdal og Hordaland (utan Bergen) med 58 og 61 prosent.4

Kvifor gjekk det så seint med utbygginga av allmennforsyninga i Sogn og Fjordane fram til andre verdskrigen? Det er det eine spørsmålet denne artikkelen skal prøva å gje svar på. Eit anna sentralt spørsmål, som heng saman med det fyrste, er kvifor strukturen i kraftnæringa vart slik han vart. Ved utgangen av mellomkrigstida hadde knapt halvparten av alle registrerte kraftverk i landet ein installert generatoreffekt på under 500 kilovoltampere medan to av tre kraftverk i Sogn og Fjordane fall i denne kategorien.5 Såleis var Sogn og Fjordane med ein meir moderne nemningsbruk eit av dei mest utprega småkraftfylka i landet.

Ser ein på dagens forsyningsområde, ser ein at fylket òg er prega av mange små nettselskap. Dei indre delane av Sogn og Nordfjord er dominerte av nettselskap som fylgjer kommunegrensene. Berre i somme område har ein større interkommunale nettselskap, som Sogn og Fjordane energi i dei ytre delane av Nordfjord og Sunnfjord, Sunnfjord energi som dekkjer det meste av Sunnfjord, og Sognekraft som dekkjer fire kommunar i midtre og indre Sogn. I alt er det i dag (2018) 11 områdekonsesjonar og nettselskap i Sogn og Fjordane med 26 kommunar og kring 110 000 innbyggjarar. Den same fragmenterte situasjonen pregar òg ei rekkje andre fylke, så slik sett er stoda i Sogn og Fjordane typisk.

Det fanst likevel ein annan modell der elektrisitetsforsyninga vart organisert i fylkeskommunale kraftselskap i mellomkrigstida, som i Aust-Agder (1919), Vest-Agder (1920), Nord-Trøndelag (1919), Troms (1920), Buskerud (1921) og Akershus (1922), og dessutan Vestfold der fylkeskommunen deltok i eit interkommunalt selskap.6 I Sogn og Fjordane var andre større samfunnsoppgåver, som dampskipstrafikk og rutebiltransport, organiserte gjennom fylkeskommunale eller større interkommunale selskap, så det er eit nærliggjande spørsmål kvifor ikkje fylkesmodellen vart vald for elektrisitetsforsyninga. Kort oppsummert enda Sogn og Fjordane gjennom mellomkrigstida opp med mange små private verk for allmennforsyning, og nokre få, store, private industriverk, få kommunale verk, ingen bykommunale verk, nokre få interkommunale verk og statsverk og ikkje noko fylkesverk.7

Harald Rinde har granska prosessane som i ein kort periode kring 1920 førte til skipinga av dei sju fylkesverka.8 Han konkluderer med at det er vanskeleg å peika på strukturelle faktorar som førte til at denne modellen vart vald i somme fylke, men ikkje i andre, og meiner at utfallet i kvart fylke berre kan forståast ved å studera dei særeigne, konkrete omstenda. Rinde meiner samstundes at topografi og spreiddbygd busetnad er faktorar med «stor forklaringskraft» når det gjeld mangelen på fylkesverk i Vest- og Nord-Noreg. Leiv Nordstrand slår i krafthistoria for Sogn og Fjordane òg klart fast at «modellen i eit oppsplitta og dårleg geografisk integrert fylke var ikkje eit fylkeskraftverk».9 Like fullt vart det, som Rinde peikar på, trass alt etablert eit fylkesverk i Troms, og den fylkeskommunale medverknaden i utbygginga av elektrisitetsforsyninga i Sogn og Fjordane vil bli vigd stor merksemd. Boka til Nordstrand utgjer elles eit viktig grunnlag for denne artikkelen saman med offentlege dokument og statistikk,10 og elektrisitetsforsyninga har fått stor plass i dei to siste banda av Soga om Sogn og Fjordane (2017).11

Elektrifiseringa fram til 1915

Frå naturen si side er Sogn og Fjordane utstyrt med store høgdeskilnader, mykje nedbør og vassdrag som ligg godt til rette for kraftutbygging. Vasskrafta vart utnytta mekanisk gjennom hundrevis av år i kverner, møller og oppgangssager, og frå 1850-åra i den tidlege industrien i fylket. Ved inngangen til 1900-talet var det framleis den mekaniske vasskrafta som rådde – ingen av dei 70 motorane i industrielle verksemder i Sogn og Fjordane vart i 1900 drivne av elektrisitet medan talet på landsplan var seks prosent.12

Den heimvende englandsfararen Truls Rasmussen går for å ha introdusert elektrisiteten i Sogn og Fjordane. I 1893 laga han eit enkelt, lite kraftverk for å forsyna snikkarverkstaden sin i Loen med lys frå 10–12 elektriske pærer. Eit par år etter vart det andre kraftverket i fylket bygt for å utstyra sjoddifabrikken i Vadheim med elektrisk lys.13 I 1897 kom det fyrste tillaupet til kraftkrevjande industri med etableringa av ein torvkolfabrikk i Stongfjorden i Askvoll som henta energien frå det som då var det største kraftverket i fylket. Industrianlegget til Stangfjorden Elektrochemiske Fabriker vart i 1907 grunnlaget for ei større kraftutbygging og etableringa av den fyrste aluminiumsfabrikken i Norden.14 Same året gjekk Vadheim Electrochemiske Fabriker i gang med produksjon av natriummetall med kraft frå eit nybygt kraftverk, og dermed var grunnen lagd for den kraftkrevjande industrien som skulle bli viktig for fylket. Frå hundreårsskiftet til fyrste verdskrigen dominerte framleis den mekaniske vasskrafta i industrien, men fram til 1915 bygde kring 15 industriverksemder i fylket kraftverk for å elektrifisera produksjonen eller til lys i produksjonslokala.15 Den breie elektrifiseringa av småindustrien kom likevel ikkje før med utbygginga av allmennforsyninga i mellomkrigstida.

Oppkjøpet av dei viktigaste fallrettane i fylket skjedde frå sist i 1890-åra til fyrste verdskrigen, og i 1917/18 var dei største fallkompleksa samla i eit fåtal private fossekompani. Vassdraga på Vestlandet hadde den store føremonen framfor austlandsvassdraga at dei var kortare og dermed enklare å få hand om fordi dei involverte langt færre grunneigarar. Ei ulempe var at dei låg langt unna større, tettbygde område, men difor var fallrettane i fylket lenge òg rimelege. Investeringane i fallrettar måtte forrentast gjennom industriutbyggingar i dei små bygdene der elvane låg, og det skulle visa seg at berre eit fåtal større kraftutbyggingar vart realiserte før andre verdskrigen medan fleire fossekompani og spekulantar som sat på unytta fallrettar, gjekk på store tap i krisetida etter fyrste verdskrigen. Etter industrietableringane i Stongfjorden og Vadheim i 1907 vart aluminiumsverket i Høyanger (selskapsetablering 1915, produksjonsstart 1919) den største og viktigaste.16 I Bremanger stod kraftverket i Svelgen ferdig i 1921, men det lukkast ikkje å få i gang industriproduksjon før i 1928. I Øvre Årdal kom kraftutbygginga i gang, men vart ikkje fullførd før under andre verdskrigen. I dei andre større vassdraga kom prosjekta aldri lenger enn til planleggingsstadiet og vart ikkje realiserte før i etterkrigstida, som Aurlands-, Fortun-, Breheimen- og Åskåra-utbyggingane, eller ikkje realiserte i det heile før vassdraget vart freda, som Gaula.

Den nasjonale todelinga mellom industriforsyning og allmennforsyning som tok form fram mot 1920,17 vart reindyrka i Sogn og Fjordane. Berre eit fåtal stader kom det i stand utbyggingar som kombinerte allmennforsyning og forsyning til større industriverksemder, og industrikraftverka forsynte i høgda berre eit lite område ikring industriverksemdene, i hovudsak eigne arbeidarar. Eit unntak var fylkets fyrste kraftverk for allmennforsyning, Sandane elektricitetsværk, som kom i stand som eit samarbeid mellom kommunen og Evebøfos Fabriker og vart sett i drift i desember 1909.

Av kraftverka til allmennforsyning over ca 50 hestekrefter kom det deretter eitt i 1909 (Framfjorden i Vik), tre i 1913 (Vik, Hornindal, Sogndal), fire i 1914 (Førde, Breim, Innvik, Eid) og tre i 1915 (Luster, Fjærland, Balestrand). Gjennombrotet for satsing på elektrisitetsforsyning i bygdene fall dermed saman med det nasjonale gjennombrotet på bygdene – før 1914 hadde berre eit par dusin landkommunar kome i gang med utbygging av elektrisitetsforsyninga.18 Utbygginga i Sogn og Fjordane var i nasjonal målestokk altså komen godt i gang då fylkesmann Christensen våren 1914 for alvor tok tak i saka for å leggja ytterlegare til rette og stimulera til auka interesse. Martin Byrkjeland har vist korleis dei fyrste små, private kraftverka i Hardanger bidrog til å avmystifisera den nye energien og demonstrera at elektrisiteten var oppnåeleg òg i mindre skala, ikkje berre i storindustrien.19 Dette er råkande også for Sogn og Fjordane.

Kommunane i Sogn og Fjordane hadde vore svært atterhaldne med å ta opp lån. Målt i prosent av driftsutgiftene gjekk kommunegjelda i fylket ned frå 1885 til 1900 og var deretter stabil fram til 1910 medan gjelda auka for norske landkommunar samla gjennom perioden.20 Etter 1910 endra dette seg. Fram til 1915 auka kommunegjelda meir i Sogn og Fjordane enn landssnittet for bygdene, og frå 1915 til 1930 auka ho mykje meir. Då elektrifiseringa tok til, vart altså skepsisen til å ta opp lån i kommunane avløyst av ein markant vilje til å lånefinansiera utbygginga av allmennforsyninga.

Det fyrste initiativet til fylkesmann Christensen var å få kommunane til å ta eit sterkare grep om elektrisitetsforsyninga gjennom å sikra seg fallrettar før dei hamna på hendene til kapitalsterke aksjeselskap som «for alvor tænker paa at sætte stordrift igang».21 Ekspropriasjonslova av 1911 hadde gjort det lettare for kommunane, men då måtte dei koma raskt i gang før elvane vart utbygde av private interesser. Allmennforsyninga burde vera ei kommunal oppgåve, meinte fylkesmannen.

Verka vart organiserte på ulike måtar, som heilt ut private aksjeselskap, heilt ut kommunale selskap, soknekommunale selskap eller ein kombinasjon av privat og kommunal eigarskap og oftast med finansiering frå den lokale sparebanken. Organisasjons- og eigarforma var likevel underordna – dette var verksemder der eldsjeler i bygdene gjekk i spissen, der mykje arbeid vart gjort på dugnad, og der føremålet ikkje var å tena pengar, men å forsyna bygdene med eit viktig samfunnsgode. Unytta fallrettar som kunne nyttast til industrikraft, var handelsvare og spekulasjonsobjekt, men kraftverk og linenett til allmennforsyning var ikkje det. For dei fleste verka som forsynte meir enn éin gard eller éi grend, låg det ein kommunal garanti i botn for lånefinansieringa uavhengig av selskapsorganiseringa, så kommunane fekk i alle høve rekninga om det gjekk dårleg. I den grad det var tendensar til korleis verka vart organiserte, var det ei overvekt av kommunale verk på dei større stadene.22

Løysingane varierte mykje, frå små billege likestraumsverk som forsynte nokre få abonnentar i det næraste området kring kraftstasjonen, til større og dyrare vekselstraumsverk som kravde høgspentliner, transformatorar og eit større lågspentnett for å få straumen ut til mange abonnentar. Det normale var at det lokale kraftselskapet var både produksjons- og fordelingsverk, altså hadde både kraftanlegget og linenettet. Ved utgangen av 1920 fanst kring 30 elektrisitetsverk i fylket, av dei berre ti med høgspentnett. Det samla nettet var på drygt 700 kilometer, og framleis dekte nettet berre nokre få tusen abonnentar i dei mest tettbygde områda. Mykje hadde skjedd på kort tid, men det meste stod att, og det skulle bli eit stort løft for bygdene å få orden på kraftforsyninga.23

Tid for større utbyggingar 1915–1920

Fylkesmann Christensens initiativ i 1914 vart møtt med entusiasme på fylkestinget der mange av ordførarane sjølve leia kommunar som var i gang med elektrifiseringa. Spørsmålet i fylkestinget var ikkje om fylkeskommunen burde engasjera seg, men korleis det kunne skje raskast råd. Typisk var ordførar John Myklebust i Eid som meinte at «dette er en sak, som det ikke gaar an at vente med, da der er saa mange anlæg under arbeide allerede nu».24 Fylkestinget vedtok å be staten dekkja 2/3 av løna til «ein elektroinsjinør for amtet» som kunne vera til hjelp for kommunane slik ordninga var for vegingeniørane.25

Det same behovet og kravet hadde meldt seg i fleire fylke, og 1916 tilsette Hordaland og Møre og Romsdal eigne ingeniørar. Både i Vest-Agder, Sør-Trøndelag, Nordland og Sogn og Fjordane var det ynske om ingeniørar, og i 1917 vedtok Stortinget ei ordning om statstilskot etter framlegg frå vassdragsdirektøren og departementet.26

Ingeniør Aksel Mollø Christensen vart tilsett frå september 1917 med kontorstad i Balestrand, og det innleidde ein ny fase i elektrisitetsutbygginga i Sogn og Fjordane.27 Christensen kom då frå stillinga som anleggssjef for Høyangerutbygginga, og med han kom det kompetanse og kapasitet i fylkesadministrasjonen til å driva ei systematisk planlegging og prosjektering av elektrisitetsforsyninga. Ein grunntanke hjå Christensen var at ein måtte vekk frå dei små grende- og kommunekraftverka og tenkja i større forsyningsområde.28 Christensen var ein typisk representant for den nye trua på ein storskalaorientert elektrifisering som slo gjennom både i dei teknologiske fagmiljøa og i statleg politikk frå 1917. Fram til fyrste verdskrigen hadde statleg politikk basert seg på å stimulera til småskalautbyggingar i kommunal regi. Fylkesmann Christensens initiativ i 1914 var det mest markante uttrykket i Sogn og Fjordane for denne strategien, som både nasjonalt og i fylkesadministrasjonen i Sogn og Fjordane no vart avløyst av ei sterk tru på større regionale løysingar, sentralisert planlegging og større kraftselskap.29 Utover i landet fekk dei nye fylkeselektroingeniørane, som Christensen, hovudrolla i å setja den nye politikken ut i livet.

Med forkjøpsretten i konsesjonslova av 1917 hadde kommunane fått ein ny tilgang på fallrettar, og fylkestinget slutta seg til framlegget om at også fylket burde sikra seg fallrettar. Augo til Christensen fall fyrst på Årøyelvi i Sogndal og Ålfotvassdraget i Davik i Nordfjord. Han rekna seg raskt fram til at det ville kosta 100 mill kr å dekkja opp fylket.30 Skissa som Christensen og fylkestinget i 1918 la til grunn, var at det spreiddbygde og opprivne fylket var lite eigna for eit fylkesdekkjande kraftselskap og eit felles forsyningsområde. Planen som tok form i løpet av eit par år, gjekk i staden ut på tre hovudforsyningsområde med utgangspunkt i vassdraga i Ålfoten, som skulle dekkja Nordfjord og delar av Sunnfjord, Gaular, som skulle dekkja delar av Sunnfjord og Ytre Sogn, og eit forsyningsområde i Indre Sogn der ei meir avgrensa utbygging i Lærdalselvi var fyrste steg då det viste seg at Årøyelvi ikkje var aktuell.

Selskapsmodellen som ingeniør Christensen tok til orde for, var interkommunale selskap der fylkeskommunen var inne som eigar med ein eigardel som seinare vart fastsett til 20 prosent. Våren 1917 hadde etableringa av Tafjord Kraftselskap med Ålesund og elleve landkommunar vore eit føredøme på Nord-Vestlandet for denne typen organisering med fylkesadministrasjonen som organisator, rådgjevar og pådrivar, men ikkje som medeigar.31 I sør var organiseringa av Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap i full gang frå 1918 (skipa 1920) med Bergen kommune i førarsetet.32 To andre interkommunale kraftselskap vart sameleis organiserte kring Bergen: Hosanger, Haus og Hamre kommunale elektrisitetsverk (1916, i 1925 reorganisert som Herlandsfoss kommunale kraftverk), og Nordhordlands kommunale kraftlag (1918), attåt Haugesundshalvøens og Karmøy kraftselskap (1919) nord i Rogaland.33 «Sammenslutningsplaner har været drøftet baade i nord og sør. Bladene har indeholdt utførlige planer om sammenslutninger paa mange kanter. Sidste amttingsforhandlinger for søre amt [Hordaland] hadde mere end 100 sider angaaende elektricitetssammenslutningen», kommenterte den entusiastiske ordførar Anders Hjelle frå Eid under Ålfot-ordskiftet i fylkestinget i 1918.34

Organiseringa av kraftselskapa i Sogn og Fjordane hadde òg viktige føredøme i måten samferdslesektoren var organisert på, noko som ikkje minst kom til uttrykk gjennom fylkeskommunen si rolle. Alt frå 1858 var dampskipstrafikken i fylket organisert gjennom eit heileigd fylkeskommunalt selskap, Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (seinare Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane), og frå 1913 gjekk fylkesmann Ingolf Christensen i spissen for å organisera rutebillaga som interkommunale selskap med fylkeskommunalt medeigarskap. Dei fyrste var Fjordenes Automobilselskap (1913) og Firda Billag (1920).35 Der kraftselskapa i nord og sør hadde byar i leiande roller (Ålesund, Bergen og Haugesund), fylte fylkeskommunen denne rolla i Sogn og Fjordane der det ikkje fanst byar som kunne ta leiarskapen. Dei gode røynslene med Fylkesbaatane vart eksplisitt nytta som argument av fylkesmann Christensen då han prøvde å få med kommunar i Ålfotselskapet. 36

Hovudarbeidsfeltet for ingeniør Mollø Christensen gjekk etter kvart over frå å vera overordna planlegging til prosjektering og gjennomføring av utbyggingar. Ynsket om eit engasjement frå fylket og ein vasskraftingeniør i fylkesadministrasjonen kom nedanfrå, frå kommunane som dreiv med kvar sine utbyggingsprosjekt og hadde dårleg og tilfeldig tilgang på naudsynt kompetanse. Ingeniør Christensen vart likevel ikkje primært ein støttefunksjon for kommunar og lokale kraftselskap, men arkitekten bak nye større satsingar som skulle koma i staden for mindre kommunale utbyggingar.

Ålfoten-saka

Det store prosjektet ingeniør Christensen raskt gjekk i gang med og la ned både arbeidstid, energi og entusiasme i, var Ålfot-utbygginga, som har ein heilt spesiell posisjon i soga om mellomkrigskrisa i Sogn og Fjordane. Det finst ein omfattande litteratur om saka, så her skal ho berre oppsummerast kort.

Ingeniør Christensen hadde raskt gått i gang med Ålfot-planane etter at han byrja hausten 1917. Industrimannen og fossespekulanten Ragnvald Blakstad hadde i 1914 kjøpt Vestlandske Fossekompani som sat på fallrettane, og han var i januar 1918 viljug til å selja.37 Fossekompaniet hadde i 1916 òg laga ein utbyggingsplan. Aalfot Interkommunale Kraftselskap fekk våren 1918 tilslutnad frå elleve kommunar i ytre og midtre Nordfjord og Sunnfjord og overtok fallrettane for 786 000 kr etter at fylkestinget sommaren 1918 sa ja til kjøpet. Den 7. august vart så Aalfot Interkommunale Kraftselskap skipa på eit møte i Florø.38 Fullt utbygd meinte Christensen at utbygginga i overskodeleg framtid kunne dekkja behovet til dei 50 000 menneska som budde innanfor ein radius på 50 kilometer frå Ålfoten. Det ville seia heile Nordfjord og mykje av Sunnfjord inkludert Jølster, Naustdal og Førde – desse tre kommunane gjekk likevel ikkje med.

Kostnadsproblemet melde seg raskt. Utbygginga av linenettet ville kosta 10–12 millionar kroner, altså ein million per deltakande kommune. Til samanlikning var alle kommunebudsjetta i fylket i 1918 på til saman 1,9 millionar.39 På fylkestinget sommaren 1918 meinte ordførar Gjert Hegrenæs frå Vevring at ein tok på seg eit stort ansvar «og kan lamme amtet i lange tider», men ordførar Lars P. Lefdal i Davik avviste innvendinga: Saka var «saa forretningsmæssig god, at vi godt kan ta løftet alene her i Nordfjord».40 Eit par månader seinare vart Lefdal formann i direksjonen for det nyskipa Aalfot Interkommunale Kraftselskap. Sjef for Ålfotselskapet vart ingeniør P. August Hysing, som tidlegare hadde arbeidd for Blakstad. Både ingeniør Christensen med bakgrunn frå Høyanger-utbygginga, Hysing med bakgrunn frå Aura-utbygginga på Nordmøre og Lefdal med bakgrunn frå det sterkt ekspanderande fiskerikapitalistiske miljøet i Måløy var vane med å tenkja stort og naut tillit som profesjonelle forretningsfolk. Kystkommunane, og særleg dei sterkt ekspanderande småbyane Florø og Måløy, hadde få eller ingen vassdrag som eigna seg for utbygging og var heilt avhengige av større, regionale løysingar på energiforsyningar. Florø og Måløy hadde sidan 1910/11 hatt noko straumforsyning frå koldrivne kraftverk.

Dyrtida under krigen gjorde at Ålfotselskapet utsette bygginga av kraftverket og satsa på utbygging av linenettet. Kraft vart leigd frå A/S Bremanger Kraftselskab der industriutbygginga hadde stogga opp og det var ledig kraft. Frå det kom i drift i februar 1922, var Ålfoten såleis eit reint fordelingsverk. Men få teikna seg som abonnentar, kostnadene skaut i vêret og store kapitalkostnader kom på toppen av driftsunderskotet. I 1920-åra måtte selskapet og eigarkommunane gjennom ei rekkje forsøk på refinansiering, akkordforhandlingar og ein beisk, politisk strid. Eit stort problem var at eigarkommunane stod solidarisk ansvarlege. Akkorden i 1933 enda med at bankane fekk att 45 prosent og leid monalege tap, medan kommunane sleit med sin del av Ålfot-gjelda i mange år. Fylkeskommunen overtok fallrettane og eigedomane i Ålfoten medan kommunane overtok linenettet. Dette vart grunnlaget for Ytre Fjordane Kraftlag (1936) som i 2002 vart kjøpt opp av Sogn og Fjordane energi.41 Ålfotvassdraget vart ikkje utbygt før i 1970-åra.

Dei to andre store utbyggingane i ingeniør Christensen og fylkestinget sin plan frå 1918 vart lagde på is. Fylkestingsmøtet sommaren 1919 vart lagt til Førde med synfaring i Gaularvassdraget for å få Førde kommune med på planane. Det var ei stor sak, og dokumenta fylte kring 100 sider.42 Men Førde hadde alt hatt straumforsyning frå eit mindre kraftverk i nokre år og var tvilande. Norsk Aluminiums-Compani (Naco) i Høyanger ytte òg motstand mot planane og ynskte heller å selja kraft til Gaularsamskipnaden, som i dei mest omfattande planane skulle forsyna eit område med 13–14 kommunar frå Hafslo i Indre Sogn til Vevring i Sunnfjord. Marknadsundersøkingar i 1920 auka skepsisen i kommunane for å bli med, og ingeniør Mollø Christensen byrja å mista trua på dei store utbyggingane – han og fylkesadministrasjonen sat no med dei veksande problema i Ålfoten. Såleis vart det ikkje noko av Gaula-utbygginga, som etter krigen skulle bli ei særs langdryg og omstridd sak fram til vassdraget vart varig verna i 1993.43 Også dei meir avgrensa planane om ei utbygging i Lærdalselvi vart lagde til side etter 1920 og vart ikkje realiserte før midt i 1930-åra.44

Småkraftperioden 1920–1940

I 1919 vart den statlege Elektrisitetsforsyningskommisjonen oppnemnd under leiing av Olav Heggstad, professor i vassbygging ved Norges Tekniske Høgskole i Trondheim. I innstillinga frå 1923 tok kommisjonen føre seg alle kommunar og bygder i landet og konkluderte med at ti forsyningsområde var det mest realistiske for Sogn og Fjordane. Fylket ville då få ein dekningsgrad på 87 prosent med bygging av fem nye kraftverk til 5,3 millionar kroner og linenett til 20,3 millionar.45 Ingeniør Mollø Christensen hadde spela ei viktig rolle i arbeidet med innstillinga for Sogn og Fjordane. Kommisjonen gjorde framlegg om flest forsyningsområde for Nordland (20), deretter fylgde Hordaland (19), Møre og Romsdal (12) og Finnmark og Sogn og Fjordane (10).46

Kommisjonen løyste likevel ikkje det som var hovudproblemet til kommunane. Då Mollø Christensen same året oppsummerte stoda for elektrifiseringa av Sogn og Fjordane, var hovudbodskapen for det fyrste at det hadde skjedd «en ganske betydelig forbedring» dei siste åra, og for det andre at den vidare utbygginga av elektrisitetsforsyninga i dei økonomiske krisetidene var avhengig av at det kom på plass statlege støtteordningar. Dei mørke områda «står avventende overfor statens stilling til elektrisitetsforsyningen», og planane ville fyrst bli tekne opp att når statsstøtta var «bragt på det rene».47

Elektrisitetsforsyningskommisjonen til Heggstad konstaterte at dei rimelegaste utbyggingane alt var gjennomførte og at dei dyraste stod att, og når føresetnaden var at kommunane skulle ta seg av utbyggingane, skjedde ikkje noko før dei hadde skaffa den naudsynte kapitalen.48 Men kommunane hadde nok med å få bukt med den økonomiske krisa og gjelda som utbyggingane fram til 1920 hadde gjeve dei, og den fyrste statlege løyvinga til utbygging av kraftforsyninga i Sogn og Fjordane kom ikkje før i 1939 etter at den nye ordninga med statsstønad til elforsyninga var komen i stand.49

Når tida mellombels var ute for dei store, samla utbyggingane, var kraftforsyninga attende der ho hadde byrja før 1910, som småskalautbyggingar nedanfrå. Dette tok regjeringa òg konsekvensen av då innstillinga frå Elektrisitetsforsyningskommisjonen vart handsama i 1928. Regjeringa konstaterte at «Små grendeverker … tør i stor utstrekning vise sig å være det rette» for områda som enno ikkje var elektrifiserte.50 Utbyggingstakta i Sogn og Fjordane gjekk markant ned etter 1920. Kraftutbygginga i fylket i det dryge tiåret frå 1910 til 1922 hadde dekt opp kring 20 000 av innbyggjarane i fylket.51 Dei to fylgjande tiåra gjekk utbyggingstakten ned til det halve – i 1938 hadde talet auka til drygt 37 000, som tilsvara 40 prosent av innbyggjarane, og som altså var den klart lågaste dekningsgraden i Sør-Noreg. Austlandet, Agder og Rogaland låg no på ein dekningsgrad på 73–100 prosent, og Hordaland, Møre og Romsdal og Trøndelagsfylka på 55–64 prosent.52

Det eine perspektivet på elektrifiseringa av Sogn og Fjordane etter 1920 er såleis lågare utbyggingstakt og slutt på store utbyggingar. Det andre perspektivet er at utbygginga trass alt heldt fram, men då gjennom små utbyggingar. Teknologien og kompetansen var meir tilgjengeleg og kjend utover på bygdene, og bygging av små kraftanlegg var innanfor rekkjevidde for langt fleire. Eit godt døme er Ålhus i Jølster, ein kommune som stod utanfor Ålfot-samarbeidet. Det private Ålhus Elektrisitetsverk stod ferdig i 1928 med 22 partshavarar som var solidarisk ansvarlege. Det kunne truleg forsyna kring 100 menneske, og straumrekninga var avgrensa til kring 50 kroner året. Straumen skulle primært nyttast til lys og drivkraft, dinest koking. Gjelda på 13 000 kroner skulle nedbetalast over 20 år, noko som gjekk fint, forsyninga vart betre enn venta, og eigarane var nøgde.53 Mange ordna seg sjølve som gardbrukarane i Ålhus. I Naustdal dukka det opp heile 14 kraftverk langs Nausta og i sideelvane.54 Naustdal kommune hadde tidlegare motsett seg både å bli med i Aalfot Interkommunale Kraftselskap og det ikkje-realiserte Gaula Interkommunale Kraftselskap.

Småskalautbygginga sette spor etter seg i kraftstatistikkane mot slutten av mellomkrigstida. I 1940 var 29 kraftverk i Sogn og Fjordane store nok til å koma med i statistikken over kraftanlegg, og av dei hadde heile to av tre ein installert generatoreffekt på under 500 kilovoltampere (400–450 kilowatt). I landet under eitt var som nemnt berre halvparten av kraftverka så små, i Hordaland berre fire av ti og i Møre og Romsdal seks av ti.55 Med dagens omgrep var Sogn og Fjordane i mellomkrigstida altså eit utprega småkraftfylke.

Statistikken hadde berre med kraftverk over 100 kVA (ca 80 kW), noko som gjorde at ei rekkje grendekraftverk som det i Ålhus (13 kW) og dei mange i Naustdal var for små til å bli registrerte. Leiv Nordstrand har registrert alle kraftverka i fylket og funne at berre i Stryn kommune (dagens grenser) vart det bygt kring 40 kraftverk frå 1893 til 1949.56 Den vantande statistikkføringa gjer det vanskeleg å jamføra talet på dei minste kraftverka i Sogn og Fjordane med andre fylke. Likevel er det rimeleg å tru at di dårlegare utbygging av allmennforsyninga gjennom større kraftanlegg, di fleire små kraftverk vart bygde som erstatning. I så fall vart det bygt fleire små kraftverk i Sogn og Fjordane enn i fylke der oppdekkinga var betre, noko som forsterkar småkraftprofilen til Sogn og Fjordane endå meir.

Det skal elles ikkje undervurderast kva dei små kraftverka hadde å seia. I statistikken over elektrisitetsforsyninga i 1940/41 hadde ikkje Jølster eit einaste kraftanlegg og var såleis heilt mørklagd. Men ovanfor er Ålhus Elektrisitetsverk (1928) nemnd som døme på eit vellukka grendekraftverk. Nordstrand har dokumentert 13 gards- og grendekraftverk i Jølster som vart bygde mellom 1916 og 1939, og endå sju i 1942/43. Dersom dei rundt rekna i snitt forsynte fem husstandar med 20 personar, var 250–300 personar oppdekte i Jølster før 1940, det vil seia kring 10 prosent oppdekking (Jølster hadde kring 2900 innbyggjarar i 1930). Jordbruksteljinga i 1939 viser då òg at «mørklagde» Jølster hadde 13 elektromotorar i drift.57 Breim, som heller ikkje hadde kraftforsyning i statistikken frå 1940/41, hadde sidan 1913/14 hatt tre små kraftverk i drift, og desse forsynte 100–150 personar. Fleire små verk kom til i 1920- og 1930-åra, og i 1939 fanst det 18 elektromotorar på gardsbruka i kommunen.

Bruken av elektrisiteten viser at det langt frå var stillstand gjennom mellomkrigstida. I 1929 talde jordbruksteljinga 252 elektromotorar på gardane i Sogn og Fjordane. Det var berre 18 motorar per 1000 gardsbruk, mot 58 per 1000 gardsbruk i landet under eitt. Sogn og Fjordane var på same nivå som Hordaland og litt bak Møre og Romsdal. Utgangspunktet var altså lågt, som følgje av sein elektrifisering av bygdene. Gjennom 1930-åra var det derimot ei rivande utvikling. I landet under eitt auka elektromotortalet på gardane med 50 prosent, i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal var det mest ei dobling, i Hordaland derimot ein svakare vekst enn landssnittet.58 Elektromotortettleiken i landet under eitt var framleis dobbelt så høg som i Sogn og Fjordane sidan Austlandet drog kraftig opp, men avstanden til landssnittet var mindre.

Kvifor små og fragmenterte utbyggingar?

Leiv Nordstrand dreg fram fleire faktorar som forklarer kvifor Sogn og Fjordane fekk ei sein, fragmentert og småskalabasert utbygging av elforsyninga før andre verdskrigen framfor eit fylkeskommunalt eller større interkommunale verk.59 Den vanskelege topografien og den spreidde busetnaden vert framheva som avgjerande faktorar, som rimeleg kan vera. Høgspentliner måtte kryssa fjordar og mykje bratt og uframkomeleg terreng, og det fanst ingen større vassdrag som fungerte samlande og strukturerande på utbyggingane slik tilfellet i større grad var utover i bygdene på Austlandet og i Trøndelag.

Andre fylke hadde òg eit spreidd busetnadsmønster, men det som verkeleg skilde Sogn og Fjordane frå andre fylke, var mangelen på ein stor eller jamvel mellomstor by. Dei einaste tettstadene i Sogn og Fjordane med over 1000 innbyggjarar i 1930 var Høyanger (2218 innbyggjarar), Måløy (1510) og Florø (1405). Til samanlikning hadde Ålesund 19 000 innbyggjarar, for ikkje å snakka om Bergen med 115 000.60 Tafjord kraftselskap hadde i 1922 ei gjeld på kring 20 millionar kroner, det doble av Aalfot Interkommunale Kraftselskap, men Tafjord hadde Ålesund som storeigar med 50 prosent av selskapet.61 Sogn og Fjordane fylkeskommune med sine 20 prosent i Ålfotselskapet hadde på langt nær dei same økonomiske musklane til å kompensera for mangelen på ein større by. Eit særtrekk med organiseringa av kraftforsyninga i Sogn og Fjordane i denne perioden var nettopp eit interkommunalt selskap med fylkeskommunen som ein stor eigar. På den eine sida hadde ein dei reine fylkesverka. På hi sida hadde ein interkommunale kraftselskap som anten hadde ein stor by som største eigar, eller som var eit samarbeid mellom landkommunar (som Nordhordland og Herlandsfoss), men då utan fylkeskommunalt medeigarskap – sjølv om det i Hordaland fanst underliggjande fylkeskommunale garantiar. Berre eitt anna fylke hadde i 1922 kombinasjonen av fylkeskommunalt og kommunalt eigarskap: Vestfold kraftselskap der bykommunane og fylkeskommunen garanterte for halvparten kvar av gjelda. Det var elles berre i Sogn og Fjordane, i Ålfot- og Gaula-selskapa, at ein fylkeskommune og primærkommunar saman eigde kraftselskap.62

Sogn og Fjordane sat ikkje berre med høge utbyggingskostnader på grunn av topografi og busetnadsmønster – fylket var òg mellom dei økonomisk svakaste i landet. Før andre verdskrigen var Sogn og Fjordane jamt mellom fylka i landet med lågast skatteinntekter og svakast kommuneøkonomi.63 Privatøkonomien var òg svak – i 1938 var til dømes Sogn og Fjordane det fylket i landet med nest lågast gjennomsnittleg personinntekt per innbyggjar – berre Troms låg bak.64 Hushalda hadde såleis ikkje økonomi til å bera særleg høge straumutgifter, og elektrisiteten vart heller sedd på som ei luksusvare det vart kutta ned på i tronge tider. Det er jamlege klagemål frå mellomkrigstida om at det var vanskeleg å få folk til å teikna seg som abonnentar. Kombinasjonen av høge utbyggingskostnader og dårleg råd gjorde at dei små og rimelege utbyggingane heller vart valde.

På denne bakgrunnen kan det sjå ut til å vera ei ufråkomeleg utvikling at Sogn og Fjordane fekk ei fragmentert utbygging av elforsyninga gjennom mellomkrigstida og ikkje noko fylkesverk. Det er likevel ein konklusjon ein skal vera varsam med å dra. Det fyrste store vegvalet i den fylkeskommunale energipolitikken var vedtaket om å gå med i Ålfotselskapet i 1918. Då tok ingen til orde for eit reint fylkesverk slik fleire andre fylke som nemnt var i ferd med å etablera, og det lyt nok primært tilskrivast topografi og busetnadsmønster. Det trongst fleire forsyningsområde med ulike kraftkjelder for å dekkja opp fylket, og det fall då naturleg å skipa eitt selskap for kvart forsyningsområde. Det var såleis ikkje Fylkesbaatane-modellen som vart valt for elforsyninga, men billagsmodellen som fylkespolitikarane var fortrulege med. Det ville seia interkommunale selskap der kommunane i forsyningsområdet deltok og der fylkeskommunen var inne med den største eigardelen (20 prosent).

Krisa i Aalfot Interkommunale Kraftselskap fekk den konsekvensen at fylkeskommunen gjekk ut av selskapet, overdrog dei unytta fallrettane i Ålfotvassdraget til primærkommunane i selskapet og fordelte sitt eige tap på alle kommunane i fylket utanom Florø, som ikkje var med i fylkeskommunen. I den kritiske fasen 1927–1928 fanst likevel ei anna løysing. Driftsleiaren i Ålfotselskapet, ingeniøren P. August Hysing, arbeidde for ei løysing der Ålfotselskapet vart eit reint fylkesenergiverk som tok hand om både produksjon og fordeling. Men slik gjekk det ikkje. På det avgjerande fylkestingsmøtet i 1927 vart det i staden vedteke å overdra verdiane og noko av gjelda til dei 13 Ålfot-kommunane. Fylkeskommunen sine engasjement i Lærdalselvens Kraftselskap og Gaula interkommunale Kraftselskap vart òg avvikla i andre halvdel av 1920-åra.65

Nordstrand oppsummerer at interkommunale verk med fylkeskommunal deltaking og leiing «viste seg å vere ein dårleg modell rundt 1920, iallfall vart han oppgitt», men han legg til at det meir kan skuldast den langvarige økonomiske krisa enn konseptet.66 Det er nok eit viktig tillegg, og krisa i elforsyninga i Sogn og Fjordane er dominert av Ålfot-skandalen. Når fylkeskommunen trekte seg ut av elforsyninga i 1920-åra, var grunnen framfor noko dei svært dårlege røynslene med engasjementet i Aalfot Interkommunale Kraftselskap. Fylkeskommunen hadde ved inngangen til mellomkrigstida ei femtiårig suksesshistorie med forretningsdrift, fyrst Fylkesbaatane og dei siste åra med billag. Transportselskapa var organiserte med selskapsleiingar på ei armlengds fråstand frå den administrative og politiske leiinga i fylket, samstundes som dei årlege fylkestinga sat med det overordna økonomiske ansvaret og avgjorde dei større, strategiske vegvala i drifta. Slik vart det selskap som måtte visa seg økonomisk berekraftig og gå med eit overskot som kunne brukast til ekspansjon i drifta, samstundes som det overordna føremålet var å løysa eit vitalt samfunnsoppdrag for fylket, ikkje minst når det galdt å halda oppe desentraliserte rutenett. Å byggja opp transportselskap steg for steg over lang tid viste seg likevel å vera noko anna enn rask og lånefinansiert oppbygging av kraftselskap, særleg når dei økonomiske nedgangstidene kom.

Ålfoten-saka er hovudforklaring på kvifor Sogn og Fjordane fylkeskommune trekte seg ut av elforsyninga i mellomkrigstida. Det er liten tvil om at dårleg planlegging, for usikker finansiering (i form av kassakreditt), ei selskapsorganisering der kommunane stod solidarisk ansvarleg og dårlege disposisjonar i selskapet gjorde risikoen særs høg. Dag Ove Skjold har oppsummert at inntrykket av «mangel på kritisk sans» vert styrkt av den måten mange kommunar finansierte prosjekta på, ikkje minst når det galdt kortsiktige låneformer. Ålfotenselskapet var truleg «det mest ekstremet tilfellet» med 9 millionar i kassakreditt av ei samla gjeld på 10 millionar, skriv han.67 Til samanlikning hadde Tafjord Kraftselskap på same tidspunkt ei gjeld på 20,7 millionar kroner, men berre 2,7 millionar i kassakreditt. Av dei fylkeskommunale verka hadde Nord-Trøndelag elektrisitetsverk ei gjeld på 30,5 millionar der heile 21,4 var skaffa gjennom obligasjonslån. Det same galdt Akershus der det fylkeskommunale elverket hadde ei gjeld på heile 63 millionar. Det finst likevel to interessante unntak. Vest-Agder elektrisitetsverk hadde ei gjeld på 19,7 millionar der kassakredittlånet utgjorde kring 19 millionar, og for Aust-Agder var dei tilsvarande tala 24,6 millionar i gjeld, av dei 10 millionar i kassakreditt.68

Vest-Agder sleit tungt gjennom 1920-åra, men fekk i 1927 til ei gjeldsordning der kassakreditten vart gjort om til ihendehavarobligasjonar. Stortinget ytte eit lån på 4 millionar i 1926, og Vest-Agder var dei fyrste åra den desidert største lånekunden i den nyskipa Kommunalbanken (skipa 1928).69 Departementet si grunngjeving for statslånet på 4 millionar var at «det gjelder her å hindre kaoslignende forhold i distrikter så omfattende som en fylkeskommune», og Aust-Agder fekk av same grunn 2 millionar.70 I 1920 hadde Stortinget sett av 50 millionar som skulle lånast ut til kommunale kraftverk, frå 1924 til «nødlidende kraftverker». Alt i 1922 hadde Tafjord kraftselskap fått eit statslån på 14,5 millionar, Nord-Trøndelag 8,1 millionar og Aust-Agder 6 millionar før det altså seinare kom 2 millionar i direkte stortingsløyving attåt.71 Ålfotselskapet fekk òg kriselån frå ordninga, som ved akkorden i 1934 utgjorde ca 1,2 millionar av ei samla gjeld på 14,3 millionar, altså under 10 prosent av gjelda.72 Dette kan tyda på at staten dekte ein monaleg mindre del av Ålfotselskapet si gjeld over låneordninga til naudlidande elverk enn for ein del av dei større verka.

Kanskje var det politiske problemet til Ålfotselskapet at det var for lite heller enn for stort. For fylkespolitikarane dekte det berre ein tredel av kommunane i fylket, og fylkeskommunen sat med berre 20 prosent av selskapet. Når det røynde på, var det politisk problematisk for fylkestinget å gå endå tyngre inn i selskapet, slik P. August Hysing ville. Og så lenge selskapet ikkje dekte ein større del av fylket og ikkje sette heile fylkeskommunen i fare, slik som i Vest-Agder, Aust-Agder og Nord-Trøndelag, var det ikkje politisk naudsynt for staten å gripa tyngre og raskare inn. I Vest-Agder måtte krisa løysast akutt 1925–1927 – i Sogn og Fjordane kunne derimot Ålfot-akkorden venta til 1934. Ålfot-saka var definitivt ei økonomisk krise for dei involverte kommunane og fylkeskommunen, men dei største konsekvensane kom kanskje av at det også var ei politisk krise av dimensjonar, skapt av at 13 kommunar og fylkeskommunen vart bundne til einannan i ein lagnadsfellesskap.

Resultatet vart i alle høve at modellen med fylkeskommunale eller interkommunale selskap for å løysa større samfunnsoppgåver, som i Sogn og Fjordane var nytta med stort hell i samferdslesektoren, havarerte totalt. Topografi, spreidd busetnad og svak offentleg og privat økonomi gjorde sitt til å skapa ei fragmentert og småskalabasert utbygging av elforsyninga i Sogn og Fjordane i mellomkrigstida, men det var nok òg ein konsekvens av at fylkesstrategane rota seg inn i det som viste seg å bli eit politisk uføre.

Kjelder og litteratur

Angell, Svein Ivar, Martin Byrkjeland, og Knut Grove 2015: Hardanger. Ei regionhistorie. Etter 1900. (Bd. 3). Bergen: Fagbokforlaget.

Byrkjeland, Martin, og Jan Anders Timberlid 2015: Vatnet, verket og byen. Høyanger 100 år 1915–2015. Band 1 1915–1965. Bergen: Fagbokforlaget.

Christensen, Axel Mollø 1923: «Sogn og Fjordane fylke». I Oversikter over elektrisitetens utbredelse i fylkene 1923 (s. 65–67). Kristiania: Elektrisitetsdirektøren.

Elektrisitetsforsyningskommisjonen 1923: Om en landsplan for elektrisitetsforsyningen. Innstilling 5 fra den kongelige elektrisitetsforsyningskommisjon. (Hovedinnstilling). Kristiania: Arbeidsdepartementet.

Engesæter, Aage, og Johs B. Thue 1988: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. Oslo: Samlaget.

Førsund, Finn Borgen 1997: Firdakraft 1947–1997. Frå vatn til kraft. Sandane: Firdakraft.

Henden, Johan 2008: «Først og minst. A/S Stangfjordens Elektrokemiske Fabriker». I Johan Henden, m.fl. (red.), Globalisering gjennom et århundre. Norsk aluminiumindustri 1908–2008 (s. 33–67). Bergen: Fagbokforlaget.

Hoel, Oddmund L. 2017: Soga om Sogn og Fjordane. Fjordfylket på nye vegar 1875–1945. (Bd. 3). Bergen: Fagbokforlaget.

Hovland, Edgar 1987: «Grotid og glanstid. 1837–1920». I Hans Eyvind Næss (red.), Folkestyre i by og bygd. Norske kommuner gjennom 150 år (s. 31–154). Oslo: Universitetsforlaget.

Leirnes, Leif 1978: «Elektrisitetsforsyning». I Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik. Bygdesoge (Bd. 3, s. 612–618). Bergen: Bygdeboknemnda.

Lorentzen, Bernt 1950: Fossekraften temmes. Bergenshalvøens kommunale kraftselskap 1920–1950. Bergen: John Grieg.

Losnegård, Gaute 2016: Historia om Flora. Bymann og fiskarbonde 1860–1945. (Bd. 2). Flora: Selja forlag.

Myklebost, Hallstein 1979: Norges tettsteder. Folketall og næringsstruktur. Bergen: Universitetsforlaget.

Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger 1914–1918.

Nordstrand, Leiv 1993: «Lys og kraft til bygdens behov...». Kraftforsyninga i Sogn og Fjordane 1893–1993. Sandane: Sogn og Fjordane energiverk.

Nordstrand, Leiv 1998: «‘Når nettene blir lange’. Organiseringa av kraftforsyninga i Sogn og Fjordane ca 1910–1990». Heimen (nr. 1/98), 35–44.

NOS 1908: Industristatistik for aar 1900. Norges officielle statistik. V. 58. Kristiania: Riksforsikringsanstalten.

NOS 1931: Jordbrukstellingen i Norge 20 juni 1929. Annet hefte. Arealet og dets anvendelse m. v. Norges offisielle statistikk. VIII. 145. Oslo: Det statistiske centralbyrå.

NOS 1940: Jordbrukstellingen i Norge 20 juni 1939. Første hefte. Arealet, husdyrholdet m. v. Herredsvise oppgaver. Norges offisielle statistikk. IX. 191. Oslo: Det statistiske sentralbyrå.

NOS 1945: Norges elektrisitetsverker 1937 og 1938. Norges offisielle statistikk. X. 83. Oslo: Statistisk sentralbyrå.

NOS 1949: Norges elektrisitetsverker 1939–1941 med tekniske tilleggsopplysninger for 1946. Norges offisielle statistikk. X. 200. Oslo: Statistisk sentralbyrå.

NOS 1978: Historisk statistikk 1978. Norges offisielle statistikk. XII. 291. Oslo: Statistisk sentralbyrå.

Rinde, Harald 1995: Fylkeskraft og folkestyre. Linjer i Vest-Agder energiverks historie. Kristiansand: Fædrelandsvennen.

Roll-Hansen, Hege 2017: Soga om Sogn og Fjordane. Kraft og motkrefter, etter 1945. (Bd. 4). Bergen: Fagbokforlaget.

Rødland, Kjartan 1995: Mykje lys og mykje varme. Nordhordland kraftlag gjennom 75 år. 1918–1993. Isdalstø: Nordhordland kraftlag.

Sandal, Per 1979: Soga om Gloppen og Breim. Frå om lag 1800 til vår tid. (Bd. 2). Sandane: Gloppens sparebank.

Seip, Hans 1958: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Leikanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Sjurseth, Karl 1937: Hordaland fylke 1837–1937. Bergen.

Skjold, Dag Ove 2015: Organisering og samarbeid i norsk elforsyning, ca. 1900–1985. Avhandling (ph.d.) i historie. Trondheim: NTNU.

Sogn og Fjordane Fylkestings Forhandlinger 1919.

Solheim, Olav Birger 1986: Aalfotsaka 1918–1938. Upublisert hovudoppgåve i historie. Universitetet i Trondheim.

SSB 1922: «Kommunenes lånegjeld pr. 30 juni 1922». Statistiske meddelelser, 40 (nr. 11 og 12), 693–718.

Sætherskar, Johs. (red.) 1953: Det norske næringsliv. Sogn og Fjordane fylkesleksikon. Bergen: Det norske næringslivs forlag.

Thue, Lars 1994: Statens kraft 1890–1947. Kraftutbygging og samfunnsutvikling. Oslo: Cappelen.

Thue, Lars, og Harald Rinde 2001: Samarbeidets kraft. Elforsyning og bransjeorganisering 1901–2001. Lysaker: Energi forlag.

Tvinnereim, Jon 1992: Fylkeshistorie for Møre og Romsdal. 1835–1920. Grotid i grenseland. (Bd. 2). Oslo: Samlaget.

Tysse, Hallvard 1995: Kamp om kraft. Fotlandsvåg: Herlandsfoss kommunale kraftverk.

Ulvedal, Terje 2002: Kampen om Gaula. Historia om utbygging eller vern av Gaularvassdraget. Førde: Selja forlag.

1Hovland 1987, s. 149, Thue og Rinde 2001, kapittel 7.
2 Bergens Tidende, 16.4.1914.
3Sandal 1979, s. 642–643, Nordstrand 1993, s. 37.
4NOS 1949, s. 20*.
5NOS 1949, s. 14–15*.
6Thue og Rinde 2001, s. 160–173.
7Nordstrand 1993, s. 20, Thue og Rinde 2001, s. 148–159.
8Thue og Rinde 2001, s. 160–173.
9Nordstrand 1993, s. 107.
10Nordstrand 1993, jf. Nordstrand 1998.
11Hoel 2017, Roll-Hansen 2017.
12NOS 1908, s. 17 (eiga samanrekning).
13Nordstrand 1993, s. 23 og 28, Leirnes 1978, s. 612ff.
14Henden 2008.
15Nordstrand 1993, s. 416 (liste utarbeidd av Kåre Herland).
16Byrkjeland og Timberlid 2015, Hoel 2017, s. 161–167.
17Thue 1994, kapittel 2, Thue og Rinde 2001, kapittel 7.
18Hovland 1987, s. 149.
19Angell m.fl. 2015, s. 110.
20Hoel 2017, s. 204.
21 Bergens Tidende, 16.4.1914, Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger 1914, s. 311–313.
22Nordstrand 1993, s. 93.
23Nordstrand 1993, s. 102.
24 Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger 1914, s. 670.
25 Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger 1914, s. 581–582.
26St.prp. nr. 1 (1917) Hovedpost X. Angaaende bevilgning til vasdragsvæsenet, s. 35–37, Sjurseth 1937, s. 635, Thue 1994, s. 106–107.
27Engesæter og Thue 1988, s. 170–172.
28 Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger 1918, s. 314.
29Thue og Rinde 2001, s. 163–164.
30Nordstrand 1993, s. 107.
31Tvinnereim 1992, s. 294–296, Thue 1994, s. 92.
32Lorentzen 1950.
33SSB 1922, s. 713, Tysse 1995, Rødland 1995.
34 Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger 1918, s. 672.
35Hoel 2017, s. 31–33.
36Nordstrand 1993, s. 112.
37St.prp. nr. 77 (1965), s. 9. Framstillinga om Ålfoten byggjer på Solheim 1986, Seip 1958, s. 581–596, Engesæter og Thue 1988, s. 184–203, og Nordstrand 1993, s. 107–116.
38Losnegård 2016, s. 195.
39Førsund 1997, s. 16.
40Seip 1958, s. 583.
41Førsund 1997, s. 17.
42 Sogn og Fjordane Fylkestings Forhandlinger 1919, s. 334–437.
43Ulvedal 2002.
44Nordstrand 1993, s. 186–190.
45Elektrisitetsforsyningskommisjonen 1923, s. 86.
46Elektrisitetsforsyningskommisjonen 1923, s. 13.
47Christensen 1923, s. 65–67.
48Elektrisitetsforsyningskommisjonen 1923, s. 86.
49Nordstrand 1993, s. 197, Thue 1994, s. 216.
50St.med. nr. 29 (1928), s. 4, jf. Nordstrand 1993, s. 171.
51Nordstrand 1993, s. 142.
52NOS 1945, s. 11*.
53Sætherskar 1953, s. 653–654, Nordstrand 1993, s. 173f.
54Nordstrand 1993, s. 175–177.
55NOS 1949, s. 14–15*.
56Nordstrand 1993, s. 469.
57NOS 1940, s. 242–243.
58NOS 1931, s. 120–121, NOS 1940, s. 242–243.
59Nordstrand 1993, s. 393–409.
60Folketalet gjeld tettstadene, ikkje bykommunane (Myklebost 1979, s. 14).
61SSB 1922, s. 713.
62SSB 1922, s. 713.
63Hoel 2017, s. 203–205.
64NOS 1978, s. 568.
65Nordstrand 1993, s. 165–169.
66Nordstrand 1993, s. 406.
67Skjold 2015, s. 57, som byggjer på SSB 1922, s. 713.
68SSB 1922, s. 712.
69Rinde 1995, s. 80–82.
70St.prp. nr. 1 (1926) Tillegg nr. 10 (Vest-Agder) og Tillegg nr. 11 (Aust-Agder).
71St.med. nr. 27 (1922), s. 3, jf.
72Seip 1958, s. 69.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon