Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Lokal von, global ambisjon. Framveksten av småkraftverk i Noreg etter 2000

Local hope, global ambition. The emergence of small hydropower in Norway after 2000.
Førsteamanuensis, Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap.

Since 2000, extensive expansion of small hydropower has taken place in Norway. Landowners and power companies have played key roles. This study from the County of Sogn and Fjordane and the national level indicates that differences in the publicly owned companies' strategies can explain the widely different ways small power plants got organized and owned. Regional power companies empowered farmers to establish independent and self-owned power plants, while power companies operating on a national level signed long-term lease contracts of waterfalls with landowners and took control of the plants. These contracts and power plants were later sold to foreign companies.

Innleiing

Satsinga på småkraft fekk frå byrjinga av 2000-talet ein framskoten politisk posisjon i Noreg. Medan tida for store utbyggingar vart sett til å vera over, vart det lagt til rette for mange små utbyggingar. Småkraftverka skulle auka tilfanget av norskprodusert elektrisitet og fornyeleg, klimavennleg energi. Samstundes var det ei viktig grunngjeving at småkrafta kunne verta ei ny næring for landbruket og bidra til lokal verdiskaping i distrikta. Med dette utgangspunktet freista styresmaktene å tilpassa lovverk og retningsliner slik at grunneigarar med fallrettar, men utan særskilt erfaring frå kraftutbygging, kunne satsa. I åra som følgde fann fleire hundre utbyggingar av småkraftverk stad, fleire i regi av grunneigarar. Samstundes kom tradisjonelle norske kraftselskap på bana og tok på ulikt vis del i utbygginga av småkraft. Heilt nye selskap, særskilt etablerte for å gå inn i eit nytt og lovande forretningsområde, kom til å prega utviklinga. Småkraftverk med langvarige leigeavtalar til fallrettar vart ei handelsvare der utanlandsk kapital fatta interesse. Etter 2015 var dei største aktørane i norske småkraftverk av utanlandsk opphav.

Hovudliner og perspektiv, utval og grunnlag

Denne studien teiknar hovudliner i den utviklinga som har funne stad av norske småkraftverk. Utviklinga vert plassert innanfor ramma av norsk vasskrafthistorie. Vasskraftutbygging rører ved mange fenomen, mellom desse råderett over naturressursar, nasjonalt lovverk, internasjonale avtalar, nasjonaløkonomi, teknologiutvikling, utvikling av lokalsamfunn, energiforsyning og klima. Eit innfløkt felt krev fokus for at meiningsfulle liner skal kunna teiknast og forståast. I studien er det særskilt dei ulike måtane småkraftverka vart utvikla og organiserte på som er sett under lupa. For det eine ser me på det nasjonale nivået ved at me studerer politikkutforminga og følgjer eit utval større kraftselskap, Småkraft AS, Norsk Grønnkraft AS, Nordkraft og Troms Kraft, og korleis dei har arbeidd i småkraftfeltet. Men fokuset er også lokalt og regionalt ved at me særskilt studerer utviklinga av einskilde småkraftverk og dei regionale og lokale kraftselskapa si rolle i fylket Sogn og Fjordane. På dei ulike nivåa finn me at måten dei ulike etablerte kraftselskapa har arbeidd på, har prega utviklinga. Dette fordi desse selskapa på ulikt vis har vore dei fremste tilbydarane av aktuell ekspertise til fallrettshavarar.

På nasjonalt nivå kunne fleire store selskap enn dei me her har sett under lupa vore granska. Småkraftfeltet har trekt til seg fleire store norske aktørar, også aktørar utan nemnande røynsle frå kraftbransjen. Eit interessant døme kunne ha vore OBOS. Noregs største bustadbyggjelag har i eigen regi bygt ut fleire småkraftverk, tyngda av desse på Vestlandet, og har fram mot 2020–2021 mål om å forsyna 40 000 bustader med elektrisitet frå desse.1 Men vårt utval av større selskap på nasjonalt nivå har bakgrunn i at nett desse selskapa i vårt materiale peikar seg ut som særleg pregande for den nye småkraftbransjen. Dette i kraft av tradisjonar, storleik, ekspertise, organisatorisk og politisk tyngd, og særskilt i faktiske handlingar i småkraftfeltet slik det går fram av det materialet me legg til grunn.

Utviklinga av småkraftverk i Sogn og Fjordane er interessant å studera av fleire grunnar. I eit fylke der landbruket tradisjonelt har hatt ein sterk posisjon og der folketalsutviklinga har vore svak, vart småkraft peika ut som ein næringsveg som kunne gi lokal verdiskaping og grunnlag for ny vekst.2 I ei nasjonal kartlegging i 2004 fekk fylket registrert størst potensial for utbygging av småkraftverk.3 Det er frå dette fylket det vart registrert flest konsesjonssøknader i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE)4, og det er også i dette fylket det er bygt ut flest prosjekt.

Eit oversyn frå NVE synte at det i tidsrommet 2000–2016 vart bygt ut 432 småkraftverk (1–10 MW) i 15 ulike fylke i Noreg.5 Dei utbygde småkraftverka fordelte seg slik per fylke:

FYLKETAL SMÅKRAFTVERK (1–10 MW)
1Sogn og Fjordane80
2Møre og Romsdal 63
3Hordaland60
4Nordland46
5Rogaland 40
6Buskerud23
7Sør-Trøndelag19
8Troms17
9Telemark16
10Aust-Agder15
11Oppland15
12Nord-Trøndelag14
13Vest-Agder12
14Hedmark8
15Finnmark4
I alt 432

Små kraftverk vert gjerne nytta som ei samlenemning for tre ulike kraftverk. Desse kan kategoriserast slik etter storleik: mikrokraftverk med installert effekt under 100 kW, minikraftverk med installert effekt mellom 100 kW og 1000kW, og småkraftverk med installert effekt frå 1MW til 10MW.6 Det er den største av desse typane kraftverk denne artikkelen omhandlar. Det er småkraftverk det har vore særskilt stor satsing og utbygging av etter 2000.

Artikkelen byggjer på eit utval av skriftleg kjeldemateriale: aviser på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå, nettaviser og tidsskrift, NVE sine databasar og nettsider, informasjon frå dei ulike kraftselskapa, fag- og organisasjonsblad, historisk orientert litteratur, og ymse faglitteratur og offentlege dokument som omhandlar småkraftverk særskilt og fornybar energi generelt. Studien spring ut av det forskningsrådfinansierte RELEASE-prosjektet ved Høgskulen på Vestlandet, eit prosjekt som undersøker lokale verknader av innføringa av fornyeleg energi.7

Historisk bakgrunn

Noreg er i dag den sjuande største vasskraftprodusenten i verda.8 Ei rekkje utbyggingar på 1900-talet ligg til grunn for denne posisjonen. Dette er dei same utbyggingane som låg til grunn for moderniseringa, elektrifiseringa og industrialiseringa av Noreg i førre hundreår. Etter ei bølgje med private og utanlandske oppkjøp, bestemte Stortinget med konsesjonslovgjeving frå 1906 (endeleg utforma i 1917) og den særmerkte heimfallsordninga at det offentlege hadde særlege rettar i utnyttinga av landet sine vassressursar.9 I den sosialliberale Venstre-staten10 fekk kommunar og fylkeskommunar ei dominerande rolle i norsk kraftutbygging og elektrisitetsforsyning fram mot 1940.11 Med den samtidige utbygginga av ny storindustri fekk Noreg eit to-delt energisystem delt mellom ei offentleg eigd allmennforsyning og store private industrikraftanlegg. Kraftkommunalisme og storindustri var slik pregande for vasskraftutbygging og elektrifisering i tida frå 1906–1945.12 I Arbeidarparti-staten og utviklinga av sosialdemokratiet etter 1945 var omfattande kraftutbygging og elektrifisering i statleg regi eit kjenneteikn og ein føresetnad for industrialisering og utbygging av det norske velferdssamfunnet.13 I 1960- og 1970-åra kom natur- og miljøvern langt sterkare på dagsordenen. Verneomsyn vart etter kvart integrert i all planlegging og forvalting av norske vassdrag. Verneplan for vassdrag kom i 1973, og Samla plan i 1984.14

Med energilova av 1990 vart den norske kraftsektoren mykje endra. Dei offentlege kraftselskapa med pålagde samfunnsoppgåver vart omdanna til marknadsstyrte aksjeselskap. Den liberaliserte energimarknaden tok vekk grunnlaget for at kommunale og statlege kraftverk var monopolistar med plikt til å levera elektrisitet innanfor kvar sitt område, og gav rom for nye kraftprodusentar, mellom desse småkraftverk. Det teknologiske grunnlaget for småkraftverka, i prinsippet det same som for store, tradisjonelle vasskraftverk, men i regelen utan magasin, hadde lenge vore kjent. Samstundes gjorde nye automatiserte løysingar sitt til at behovet for bemanning knytt til tilsyn og kontroll var minimalt.15

Den nye kraftmarknaden gav sterkare tildriv til strukturrasjonaliseringar. Kommunale kraftlag som einsidig leverte straum innanfor kommunegrensene, vart meir sjeldsynte. Fleire kraftføretak slo seg saman, og det vart skipa regionale og nasjonale selskap med internasjonale ambisjonar.16 Fleire store kraftselskap kjøpte seg inn i mindre selskap, medan fleire kommunar selde partar dei åtte i kraftselskapa for å finansiera andre kommunale investeringar. I Sogn og Fjordane fekk BKK til dømes kjøpa store aksjepostar i viktige regionale kraftselskap som Sogn og Fjordane Energi, Sunnfjord Energi og Sognekraft, men utan å få aksjemajoritet i nokon av desse selskapa.17

Etter år 2000 kom nytt tilfang av vasskraft i hovudsak frå ei omfattande utbygging av småkraftverk. I 2011 utgjorde vasskrafta om lag 95 prosent av kraftproduksjonen i Noreg, og kraft frå småkraftverk vart berekna til å utgjera over 7 prosent av det norske vasskraftpotensialet. «Ved inngangen til 2017 var midlere årlig produksjon i det utbygde vannkraftsystemet beregnet til 133,4 TWh, hvorav små kraftverk utgjør 9,9 TWh».18 Utviklinga etter 2000 skjedde under eit avregulert norsk kraftregime. Det var samstundes eit regime som hadde vorte europeisert; institusjonelt gjennom ulike EU-direktiv, og materielt ved utanlandskablar og nettsamband mellom Noreg, Norden og Europa. I EU vart energi- og klimapolitikken i perioden voven tettare i hop, ikkje minst for å følgja opp avtalar i FN-regi. Vasskrafta og den fornyelege energien i Noreg vart slik også sett som løysing av globale klimaspørsmål.19

Medan vasskraftutbyggingane på 1900-talet20 og store kraftselskap si utvikling21 har gitt ein omfattande historisk litteratur i Noreg, har småkraftsatsinga etter 2000 i liten grad fenga historikarane si merksemd. Fenomenet er nytt og framleis ungt for historiske studiar. Småkraftverka er dertil talrike og geografisk spreidde, og har til no ikkje gitt opplagde oppdragsgjevarar for historiske framstillingar. Den samfunnsvitskapleg og historisk orienterte artikkelen «Distriktsvenleg, miljøvenleg og klimavenleg? Drivkrefter i utviklinga av småkraft i Hardanger»22 er eit viktig, banebrytande unntak. Her vert småkraftutbygginga i Hardanger sett inn i ei historisk og nasjonal politisk ramme. Gjennom studiar av den nasjonale styringa av småkraftfeltet, NVE sine konsesjonsprosessar og av framstillingar i lokalavisene, vert utviklingsliner teikna og drivkrefter identifiserte. Artikkelen gir viktig grunnlag for vår eigen studie, idet brytinga mellom sentral politikk og lokal og regional utvikling vert fokusert. Organiseringa av småkraftutbyggingane vert dertil studert og gir eit visst grunnlag for jamføring mellom regionar. 68 småkraftprosjekt i Hardanger søkte i tidsrommet 2000–2012 konsesjon hjå NVE. I høve til organisering var mønsteret at seks av ti av prosjekta var organisert på ein slik måte at fallrettane vart leigde vekk til eksterne verksemder som hadde spesialisert seg på småkraftutbygging, tre var organisert som grunneigarstyrte aksjeselskap og eitt av grunneigarar i partnarskap med lokale kraftlag.

Ein politikk for vekst og vern

I nyttårstalen i 2001 kunngjorde statsminister Jens Stoltenberg at tida for nye, store kraftutbyggingar var over.23 Dette vert rekna som det politiske startskotet for satsinga på småkraft. For medan nye, store kraftutbyggingar av politiske grunnar vart skrinlagde, vart det opna for meir småkraftutbygging og vindkraft, tiltak som etter mykje å døma kravde mindre inngrep i naturen. Både på 2000- og 2010-talet fann det stad ei aktiv tilrettelegging frå styresmaktene si side for å auka utbygginga av småkraft. Dette vart i det vesentlege politisk felleseige for alle regjeringar frå og med Stoltenberg si første regjering til og med regjeringa Solberg.24 Vekstpolitikken skulle særleg tena to mål: Det eine var å styrka næringsgrunnlaget i distrikta, det andre var å auka tilfanget av fornyeleg, klimavennleg energi. Samstundes vart småkraftsatsinga ramma inn av nokre av dei same reguleringane og verneomsyna som gjaldt for dei store kraftutbyggingane. Grunneigarar med fallrettar var dei som for ein vesentleg del sat med råderett over dei aktuelle naturressursane. Utbygging og kraftinntekter kunne vera ei kjærkomen ny næring i det norske landbruket, men fallrettshavarane her var i mykje aktørar utan røynsle frå kraftutbygging. Olje- og energidepartementet var medvitne om dette då dei meisla ut ein strategi for auka utvikling av små vasskraftverk i 2003:

Utbyggere av små kraftverk er som regel ukjente med vannkraftbransjen og konsesjonsbehandlingen. En av hovedmålsettingene for Olje- og energidepartementet er derfor å lette saksbehandlingen både knyttet til etableringen og til den senere driften. Vi har med andre ord fokus på forenkling.25

Nokre forenklingar skjedde. Særleg merkande var delegeringa av fullmakter frå Olje- og energidepartementet til NVE, og at dei småe kraftverka vart gjeve romslegare vilkår i høve det opparbeida planverket for vern og forvalting av naturressursar enn det som var tilfellet for større kraftverk. I 2004 fekk NVE mynde til å konsesjonshandsama vasskraftprosjekt under 10 MW. Same året vedtok Stortinget at berre prosjekt større enn 10 MW var del av Samla plan,26 og opna opp for at mikro- og minikraftverk kunne søka om konsesjon i verna vassdrag.27

Politikkutforminga for småkraftverk etter 2000 freista på ei og same tid å leggja til rette for vekst og vern. Den rådande oppfatninga dei første åra synest vera at småkraftverk gjorde høvesvis mindre naturskade enn større utbyggingar, men dette møtte fagleg kritikk.28 Olje- og energidepartementet sine nye retningsliner i 2007 sikta mot å sjå dei ulike utbyggingane i samanheng,29 og NVE sine stadig strengare krav til dokumentasjon for å få konsesjon30 tydde på at vernemedvitet vart styrka på vegen.

Ordninga med «grøne sertifikat» synte at småkraftsatsinga i Noreg hadde ei global ramme der energi- og klimapolitikk var kopla saman. I 2009 vedtok EU-parlamentet fornybar-direktivet som sa at innan 2020 skulle 20 prosent av energibruken koma frå fornyeleg energi. Det vart utarbeidd og forhandla om individuelle mål for kvart EU- og EØS-land. For vasskraftnasjonen Noreg, der ein rekna delen fornyeleg energi til 58,2 prosent i 2005, vart målet for 2020 sett til 67,5 prosent. Stortinget slutta seg til fornybar-direktivet i desember 2011.31

Eit viktig verkemiddel for å følgja opp fornybar-direktivet, var innføring av ein felles sertifikatmarknad i Sverige og Noreg frå 1. januar 2012. Dei «grøne sertifikata» vart finansiert ved at forbrukarane årleg fekk eit påslag på straumprisen, eit påslag som kom nye produsentar av fornyeleg energi til gode. Produsentane skulle få nyta godt av påslaget i 15 år, men eit vilkår for å nyta godt av dei «grøne sertifikata» var at nye produksjonsanlegg måtte vera i drift seinast 31.12.2020, i 2015 forlenga til 31.12.2021.32

Ved innføringa av dei såkalla «grøne sertifikata» kom det doble omsynet til vekst og vern særleg godt fram i NVE si handsaming. Innføringa førte til ein eksplosjon i konsesjonssøknader. NVE effektiviserte saksbehandlinga ved å handsama ulike søknader innanfor eit geografisk avgrensa område under eitt i «småkraftpakkar». Metoden gav grunnlag både for å gje fleire konsesjonar og slik auka produksjonen, men også for å sjå «sumverknader» i naturen i samanheng og slik gje fleire avslag.33

Det innfløkte startpunktet

Trass politisk satsing og ei viss tilrettelegging av regelverk og rutinar; utbygging av småkraftverk var uansett krevjande. For å forstå den aktuelle utviklinga som har vore, må me kjenna litt til kva naturgjevne, sosiale, juridiske, tekniske, økonomiske og lovpålagde utfordringar som møtte utbyggingsinteresserte grunneigarar med fallrett. I mange tilfelle var det fleire grunneigarar med fallrett i det same vassdraget. For å koma i gang med eit prosjekt, fordra dette at alle grunneigarane samla interessene om éi utbygging. I samanheng med og i framhaldet av dette måtte det avklarast kor stor del av fallretten som høyrde til dei ulike grunneigarane. Grunnlaget for å koma i gang med eit prosjekt ville slik både vera avhengig av dei eksisterande sosiale forholda mellom grunneigarane, og av at ein kom fram til ei juridisk semje ikring fordeling av fallrettar. Grunnlaget for å få til slik semje kunne variera mykje. Ikkje mindre var spennet i dei tekniske og økonomiske utfordringane i dei naturgjevne føresetnadane ikring dei ulike vassfalla som skulle byggjast ut. Likeins ville avstand og tilgjenge til aktuelle kraftsamband å kopla småkraftverket til, variera mykje for ulike prosjekt.

Uansett skilnad i sosiale og naturgjevne tilhøve; dei lovpålagde krava var dei same. For å få byggja ut småkraftverk måtte tiltakshavar søkja om konsesjon frå NVE. Krava til søknadane var (og er) så omfattande og innfløkte at ein studie har reist spørsmål ved om småkrafta vart underlagt eit «industrikraftregime».34 Grunneigarar med fallrett fekk litt å bryna seg på. Søknaden skulle mellom anna innehalda utgreiingar om biologisk mangfald, reiseliv, kulturminne, jordbruk og skogbruk, og søknaden skulle dertil skildra avbøtande tiltak og gje tekniske spesifikasjonar for utforming av kraftstasjon, røyrgater, inntaksdam og minstevassføring. Etter mottak av søknad arrangerte NVE høyringsrundar og synfaringar der tiltakshavar og ulike interessentar tok del. Tida frå NVE tok imot søknad om konsesjon til det fatta vedtak kunne dra ut, stundom fleire år.35 Dersom det vart gitt løyve til utbygging, gjaldt det om å kunna finansiera ei utbygging til mangfaldige millionar kroner og setja i gang eit relativt komplekst byggjeprosjekt der mange ulike leverandørar og verksemder måtte engasjerast.

Gjengangar og eingangar

Utbygginga av småkraftverk fordra store juridiske, økonomiske og tekniske ressursar og evne til å bera fram dette over fleire år. På hi sida; vasskrafta si mest evigvarande verdiskaping og utsiktene til økonomisk vinning lokka fleire ulike interessenter til å satsa. Grunneigar med fallrett som låg gunstig til for utbygging kunne sjølv ta initiativ til utbygging, men andre interesserte, for ein stor del etablerte kraftselskap, kunne også ta kontakt med fallrettshavar med sikte på ei utbygging. Materialet vårt frå Sogn og Fjordane peikar i retning av at fallrettshavarar, uansett kvar initiativet kom ifrå, sin tilgang på relevant ekspertise var formande for utviklinga. I stor grad vart denne tilgangen bestemt av dei tradisjonelle kraftselskapa si tilnærming eller strategi for småkraft. Det var desse selskapa som i hovudsak kunne mønstra og tilby det spekteret av ekspertise som skulle til for at fallrettshavarar kunne byggja småkraftverk.

I prinsippet legg me her til grunn mykje same forståing av grunnsituasjonen for utbygging av småkraftverk som ligg føre i den no smått klassiske studien «Dynamikk i borehullene. Om kraftutbygging og lokalsamfunn» som vart publisert i 1977.36 Studien var av den store kraftutbygginga som Oslo Lysverker (forgjengar til dagens E-CO) gjorde i Aurlandsvassdraget frå 1969 (fullført i 1984). I studien av tilhøvet mellom utbyggjar (Oslo Lysverker) og kommunen der vassdraget var lokalisert (Aurland kommune), vert nøkkelspørsmålet skilnaden i ressursar mellom dei to partane. Ein grunnleggjande skilnad var at medan kraftutbygginga for Aurland kommune var eit eingongsføretak, var Oslo Lysverker ein røynd kraftutbyggjar. Oslo Lysverker var ein gjengangar, Aurland kommune ein eingangar. Gjengangaren hadde rik tilgang på ekspertar og spesialistar av ulikt slag som arbeidde med kraftutbygging på heiltid, og hadde rutinar og organisering som var bygde opp nett for å hanskast med kraftutbygging på profesjonelt og effektivt vis. Eingangaren var i denne samanhengen amatør, arbeidde for første gong med fleire komplekse problemstillingar, arbeidde med dette på deltid ved sidan av andre kommunale gjeremål, måtte stadig improvisera for å hengja med på framdrifta i kraftutbygginga, og hadde knapp tilgang på ekspertise.37

I utbygginga av småkraft etter 2000 var det dei etablerte norske kraftselskapa som hadde status som «gjengangarar». Den tekniske, organisatoriske, juridiske og økonomiske ekspertisen som selskapa rådde over og hadde utvikla gjennom mange år for å byggja og driva større kraftverk, kunne skytast inn i småkraftverk. Det at statsministeren lyste stogg i alle større kraftutbyggingar, gjorde at fleire selskap kunne retta ekspertisen inn mot småkraftverk. I dette biletet var fallrettshavar «eingangar», altså ein førstegongsutbyggjar med avgrensa tilgang på ekspertise og ressursar.

Samstundes er det viktig å vera merksam på det store spekteret av fallrettshavarar og deira ulike føresetnader for å satsa på småkraftutbygging. Det var skilnader i nærings- og livsgrunnlag. Nokre dreiv aktivt landbruk, og småkraftverket vart der ei ny næring som kunne styrka gardsdrifta.38 Andre fallrettar var heilt eller delvis knytte til nedlagde eller fråflytta gardsbruk og område.39 I nokre tilfelle kunne grunneigar arbeida i ein bransje som gav visse kunnskapar og erfaringar frå kraftbransjen.40 Stundom ville det også vera slik at fallrettshavar, aktiv bonde eller ikkje, kunne ha heilt særskilde kunnskapar om kraftutbygging.41 I einskilde tilfelle kunne det vera meir langstrekte tradisjonar for kraftutbygging, og eksisterande kraftselskap kunne ha ein såpass sterk stilling i bygda eller kommunen at basiskunnskapar om vasskraftutbygging mest kunne vera allemannseige i kommunen. Gloppen kommune i Nordfjord, lokaliseringsstad for Sogn og Fjordane Energi og kommunen som i 2012 hadde hatt flest småkraftutbyggingar av alle norske kommunar, synest vera døme på dette.42

I historisk perspektiv er det også viktig å merka seg at småkraftverk ikkje var noko heilt nytt fenomen. I Sogn og Fjordane til dømes, skjedde viktige delar av elektrifiseringa i mellomkrigstida og fram mot 1945 med hjelp av små, private gards- og grendaverk.43 Mange gards- og grendaverk vart i etterkrigstida overtekne av og avløyst av større offentlege kraftlag som då spela hovudrolla og fullførte elektrifiseringa av fylket.44 I høve til dei fysiske anlegga var det slik sett sjeldan ei ubroten line frå grende- og bygdekraftverka i mellomkrigstida til småkraftverksatsing på 2000-talet (slik kontinuitet var nok uansett meir sannsynleg innanfor mikro- og minikraftverk). Men det kunne likevel vera opparbeidd kunnskapar om både teknologi og potensialet som låg i vassfalla, kunnskapar som hadde gått i arv gjennom generasjonar. Desse viktige variasjonane hjå fallrettshavarar gav openbert ulike vilkår for å driva fram småkraftverk. Men jamført med dei etablerte kraftselskapa, kan me uansett trygt tala om at den store tyngda av fallrettshavarar var eingangarar.

Skipinga av Småkraftforeninga i 2002, interesseorganisasjonen for små vasskraftverk, sto i ein slik samanheng. Småkraftforeninga representerte småkraftinteressene i ordskifta i politikk, samfunn og media.45 Foreininga sytte for at småkraftutbyggjarar fekk betre tilgang på ulike typar ekspertise og kunne utveksla viktig informasjon seg imellom. Foreininga utvikla seg snøgt til eit kraftfullt politisk talerøyr som talte småkrafta sine interesser i høve til politiske styresmakter og styringsverk, skipa til seminar og konferansar, gav ut medlemsbladet Småkraftnytt, og delte ut prisar til politikarar og andre som hadde gjort ein særleg innsats for at småkrafteigarar skulle få betre rammevilkår. Skipinga av Småkraftforeninga kan slik sjåast på som ein parallell til skipinga av Landssamanslutninga av vasskraftkommunar i 1977, ei samanslutning som skulle styrka eingangarar som mellom anna Aurland kommune.46 Grunnmotivet var det same som for småkraftutbyggjarane: Organisatorisk samling av spreidde eingangarar gav von om samla styrke.

Store kraftselskap inn i småkrafta

Ulikt tradisjonelle større kraftverk, kjem ikkje småkraftverka inn under lovvedtektene i industrikonsesjonslova om heimfall til staten etter 60 år. For kraftverk som yter under 4000 naturhestekrefter, trengst ikkje konsesjon etter dette lovverket. Dette fritaket frå heimfall var fastsett i industrikonsesjonslova frå tidlegare, men vart stadfesta i 2008 etter at den norske heimfallsordninga i nokre år hadde vorte sett under press i samband med EØS-avtalen.47 Fritaket frå statleg heimfall gjorde både fallrettar og utbygde småkraftverk lettare omsetjelege, og kapitalsterke interesser gjorde seg snøgt gjeldande. Småkraftverka kunne også vera investeringsobjekt med sikte på rask vinning. Dei første åra etter 2000 kom norske private investeringsselskap, gjerne omtala som gründerar og med firmaadresse i Oslo, i Bergen eller på det sentrale Austlandet, og gjorde avtalar med grunneigarar. Selskap som Fjellkraft AS (skipa i 2003) og Kraftkarane AS (skipa i 2005) var døme på dette.

Hausten 2009 fekk Småkraftforeninga selskap av ein ny organisasjon som organiserte ein viss type småkraftinteresser. Organisasjonen bar namnet Småkraftalliansen G4. Medan Småkraftforeninga i hovudsak organiserte private grunneigar-eigde småkraftverk, skulle Småkraftalliansen G4 fremja Småkraft AS, Norsk Grønnkraft AS, Fjellkraft AS og Elvekraft AS sine interesser. Alle desse fire selskapa var på dette tidspunktet norske offentleg eigde utbyggingsselskap, og vitna om at store norske kraftselskap hadde gått inn med tyngde i småkraft.48

Bak skipinga av selskapet Småkraft AS i 2002 sto fleire større kraftselskap samla i den såkalla «Statkraftalliansen»: Statkraft, Bergenshalvøens kommunale kraftselskap (BKK), Skagerak Energi, Trondheim Energiverk og Agder Energi. Småkraft AS etablerte kontor i Bergen, men det var selskapet Statkraft som var den leiande aktøren av kraftselskapa. Statkraft var den største eigaren i kvar av dei andre kraftselskapa (eineeigar av Trondheim Energiverk) og var åleine Noregs største produsent av vasskraft og den nest største aktøren innan fornybar energi i Europa.49 Gjennom styresamansetjinga i Småkraft AS hadde Statkraft bestemmande innverknad.50 I årsrapporten for 2002 skreiv Statkraft at målet for Småkraft AS var «å etablere miljøvennlige småkraftverk i samarbeid med grunneiere over hele landet.»

Norsk Grønnkraft AS (NGK) vart skipa i 2004 av Akershus Energi, EB Kraftproduksjon (Buskerud), E-CO Energi (Oslo) og Østfold Energi, med mål om å eiga og drifta småkraftverk i Noreg.51 Selskapet med kontorstad Oslo kombinerte dei første åra ei rekkje oppkjøp med nokre utbyggingar, og hadde i 2008 20 kraftverk spreidde frå Lindesnes i sør til Trøndelag i nord. Ved årsskiftet 2008/2009 fusjonerte NGK med Elkem Fornybar Energi.52 I åra etter følgde fleire utbyggingar av nye småkraftverk, mellom anna i Nordland.53

I Nordland var kraftselskapet Nordkraft, med base i Narvik og historisk opphav i Narvik kommunale elektrisitetsverk frå 1913, i nokre få år ein stor aktør innanfor småkraft. I byrjinga kom satsinga med eigne utbyggingar i eige nærområde, men i 2009 gjennom eit større oppkjøp der selskapet aksla ei nasjonal rolle innanfor småkraft. Dette året kjøpte Nordkraft alle aksjane i selskapet Fjellkraft.54 Fjellkraft AS var etablert i 2003 av dei to Oslo-baserte gründerane Thorstein Jenssen og Halvor Vislie saman med private investorar.55 I 2010 vart samla marknadsverdi på dei overførte verdiane sett til 700 millionar kroner. På dette tidspunkt hadde Fjellkraft fem kraftverk i drift, åtte med konsesjon og ytterlegare nesten 100 småkraftverk under planlegging.56

I 2009, det same året som Nordkraft satsa for fullt på småkraft, gjekk Troms Kraft også tungt inn i det same feltet. Det skjedde gjennom oppkjøp av selskapet HydroPool Gruppen AS i Lier. På dette tidspunktet hadde HydroPool tre småkraftverk i drift, to var under bygging, 15 var til konsesjonsbehandling i NVE, og 22 til var under planlegging.57 Troms Kraft, eigd av Troms fylkeskommune (60 %) og Tromsø kommune (40 %), kunngjorde dette som eitt av høgdepunkta i årsrapporten for 2009: «I januar 2009 kjøpte Troms Kraft 100 % av aksjene i HydroPool Gruppen AS. Med dette ble konsernet Nord-Norges desidert største – og et av landets største – innen småkraftverk. Selskapet endret navn til Elvekraft AS.» I styret si årsmelding heitte det at «Elvekraft AS har en omfattende portefølje av småkraftprosjekter i ulike stadier av realisering. Prosjektene er lokalisert i hele landet, med hovedvekt i Nord-Norge».58

Eigarskap, lokal verdiskaping og etableringsvekst

I det politiske arbeidet for å betra rammevilkåra for småkraftverk, hadde Småkraftforeninga og Småkraftalliansen G4 jamt over same interesser. Dette anten det var tale om skattar og avgifter eller ulike miljøkrav. Men dei to organisasjonane skilde seg fullstendig i synet på kven som burde eiga og utvikla småkraftressursar i Noreg. Småkraftforeninga la til grunn at småkraftverka, både av distrikts- og landbrukspolitiske omsyn, burde eigast av grunneigarar og fallrettshavarar og var ein organisasjon som skulle hjelpa til dette.59 Den viktigaste forretningsideen som låg til grunn for skipinga av selskapa i Småkraftalliansen G4, stod i direkte motsetnad til dette grunnlaget. Desse selskapa, alle med lang røynsle frå kraftbransjen, gjorde avtalar om leige av fallrettar med grunneigarar, primært med sikte på at det var selskapa som skulle byggja, eiga og drifta småkraftverka.60

Ved inngangen til 2010-talet hadde det avteikna seg tre typiske driftsformer, tre ulike måtar å organisera utbygging og drift av småkraftverk på.61 For det første kunne grunneigar, åleine eller saman med andre fallrettshavarar, skipa eit aksjeselskap og deretter leiga inn naudsynt ekspertise på ulike område. For det andre kunne grunneigarane også velja å leiga bort fallrettane til ei spesialisert småkraftverksemd som så tok totalansvar for konsesjonssøknad, finansiering, bygging og drift av småkraftverket. Selskapa i Småkraftalliansen G4 var av dette slaget. Men grunneigarane kunne som ei tredje løysing velja å samarbeida med eit lokalt kraftlag om utbygginga.

Kven av desse driftsformene gav den største lokale verdiskapinga? Spørsmålet var ganske grunnleggjande i og med at næringsutviklinga i distrikta var ei sentral grunngjeving for småkraftsatsinga, ei legitimering av utnytting av urørde naturressursar, og også for at småkrafta fekk meir liberale rammer enn tradisjonell kraftutbygging. I stortingsmeldinga «Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen» som vart lagt fram våren 2009, vart lokalt eigarskap sett fram som ønskjeleg: «Landbruks- og matdepartementet mener det ut fra landbrukspolitiske forhold er ønskelig at grunneierne selv eier småkraftverkene og at de leverer i strømnettet».62 Departementet hadde fleire støtteordningar og tiltak som skulle gjera bønder i stand til å utvikla småkraftverk i eigen regi. I 2012 og 2013 føregjekk eit oppheta ordskifte om lokal verdiskaping av småkraftverk med utgangspunkt i Sogn og Fjordane. I ein rapport frå Høgskulen i Sogn og Fjordane vart det hevda at størst lokal verdiskaping skjedde ved lokalt eigarskap. 63 Rapporten vart sterkt kritisert og imøtegått av Småkraft AS, det største småkraftselskapet i landet.64

Småkraftforeninga var tidleg tydelege på at grunneigarstyrte småkraftverk var det beste, og kom med direkte åtvaringar mot langvarige samarbeid med kommersielle interesser.65 Men over eit lengre tidsrom, etter kvart som spesialiserte småkraftverksemder vaks fram, dei største og tyngste av desse med offentleg eigde store kraftselskap i ryggen, vart spørsmålet om verdien av eigarskap mindre pregande for det offentlege ordskiftet. Til dette kom nok det omstendet at fleire fallrettshavarar ønskte å alliera seg med større kommersielle selskap.66 Dette kunne gi framdrift i utbygginga, minimert risiko og utsikt til sikre leigeinntekter. Til ulike tider var det oppslag i media om småkraftverk styrte av grunneigarar som sleit økonomisk. Grunneigarane avhenda heller ikkje sjølve fallretten, dei leigde han ut. Leigeavtalane kunne også stilla i utsikt at sjølve småkraftverket etter visst mange år skulle tilfalla grunneigar, altså eit slags privat avtala heimfall. Kva som faktisk var vilkåra for fallrettshavar i dei ulike leigeavtalane, er ikkje undersøkt systematisk. Truleg ville vilkåra variera, avhengig av eigenskapar ved vassfallet og dei til ei kvar tid gjeldande kalkylar for utbyggingskostnader og framtidige inntekter frå straumsal.

I mange høve var uansett det å alliera seg med selskap som Småkraft AS det einaste realistiske høvet for fallrettshavarar med avgrensa ressursar til få utnytta fallretten høvesvis raskt. Gitt at rennande vatn frå norske fjell er ein mest evigvarande ressurs, kunne ein kanskje tenkja seg eit større tolmod. Men fleire ønskte å koma kjapt i gang. Det eine var medieoppslag som på eine sida framstilte småkraftverk som reine pengemaskiner.67 Det andre var at innføringa av dei grøne sertifikata frå 1. januar 2012 gjorde tidshorisonten særleg avgrensa. Om småkraftverka skulle nyta godt av denne lukrative ordninga, måtte produksjonen av fornyeleg energi koma i gang innanfor faste tidsfristar.

I tilbakeblikk ser me at den store veksten i småkraftverk som faktisk fann stad på så kort tid, i mykje var avhengig av den økonomiske krafta og teknologiske og juridiske ekspertisen som dei nyss og særskilt oppretta spesialiserte småkraftselskapa kom med frå byrjinga av 2000-talet. Dette var i mange tilfelle selskap som sprang ut av dei største kraftselskap i landet. Det at det faktisk var fleire måtar å driva småkraftverka fram på, og også at det var fleire tilbydarar som ville leiga fallrettar, påverka fallrettane sin marknadsverdi. Informerte fallrettshavarar fekk høve til å vurdera mellom fleire alternativ for utbygging. Vurderingsgrunnlaget vinning og risiko vart styrka. I nokre høve førte vurderingane fram til at fallrettshavarar fann å villa utvikla småkraftverka i eigen regi. Døme på dette finn me på Veitastrondi i Sogn og Fjordane i 2005.68 I Seimsdalen i Årdal i Sogn var det til dømes den oppsøkande verksemda til profesjonelle småkraftselskap som i det heile fekk fallrettshavarar interesserte i å vurdera utbygging. I dette høvet tok fallrettshavarane sjølv den vidare kommandoen og utvikla det sjølvstyrte Seimsdal Kraft AS.69

Ekspertise med regionalt ankerfeste

Tyngda av dei spesialiserte småkraftverksemdene som gjekk inn i direkte tingingar om langtidsleige og utnytting av fallrettar med grunneigarar, var verksemder som var skipa av nokre av dei største, offentleg eigde kraftselskapa i Noreg, som til dømes Statkraft, BKK og E-CO. To av dei største regionale kraftverka i Sogn og Fjordane, Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi, synest i det meste å ha ei heilt anna tilnærming til småkraftfeltet. I materialet vårt finn me i liten grad spor av at desse selskapa arbeidde for å kjøpa leigekontraktar på fallrettar for så å byggja ut småkraftverk i eigen regi eller hausta gevinst av vidaresal av småkraftverk eller leigekontraktar. Heller gjorde dei to verksemdene, på kvart sitt vis, det til eit nytt forretningsområde å gi rettleiing og teknisk bistand til fallrettshavarar som ønskte å byggja ut i eigen regi.

Sunnfjord Energi, med hovudkontor i Førde kommune i Sunnfjord, etablerte ei eiga småkraftgruppe som arbeidde spesielt med eit spekter av økonomiske, tekniske og juridiske einskildtenester og totalløysingar for grunneigarar som ønskte og vurderte å utvikla mikro-, mini- eller småkraftverk på fallrettane sine. I 2018 kunne dei visa til å ha om lag 35 småkraftverk knytt til Sunnfjord Energi sine linjer, dei hadde utført tolv konsesjonssøknader for potensielle småkrafteigarar, og bygt fire småkraftverk.70

Sogn og Fjordane Energi (SFE), med hovudkontor i Gloppen kommune i Nordfjord, var tidleg ute med å tilby tenester til grunneigarar som vurderte å utnytta fallrettane sine. På byrjinga av 2000-talet vart dette ein stadig viktigare del av arbeidet til ingeniøren Hermod Seim, med fartstid i selskapet tilbake til 1970-åra. Med den veksande interessa for småkraft kom det stadig nye grunneigarar som ville byggja ut småkraftverk, og Sparebanken Sogn og Fjordane kom med på finansieringssida. I 2003 hadde pågangen frå grunneigarar vorten så stor at Seim slutta i SFE og starta opp sitt eige firma, Hermod Seim AS. Firmaet tilbydde rådgjevingstenester som kunne hjelpa fallrettshavarar til å ta småkraftverk frå plan til realisering. Då Seim gjorde opp status i 2014, hadde firmaet vore involvert i 60–70 småkraftverk på Vestlandet, dei fleste i Sunnfjord, Nordfjord og på Sunnmøre.71

Verksemda til Sunnfjord Energi, SFE og Hermod Seim AS er døme på at måten dei etablerte kraftselskapa gjekk inn i småkraftfeltet på, vart formande for måten småkraftverka vart organiserte. På kommunenivået var fallrettshavarar i Førde, Jølster og Gloppen tidleg ute med å utvikla småkraftverk.72 Den store tyngda av desse vart eigde og drivne av grunneigarar. Fleire av desse hadde bygt seg opp via tenester frå Sunnfjord Energi, SFE eller Hermod Seim AS. Ei klynge av slike sjølvstendige småkraftverk tok i 2008 steget vidare og skipa Fjord Energi AS for å omsetja kraftproduksjonen på ein best mogleg måte.73

Lat oss så ta føre oss to døme frå same fylket, der lokale og regionale kraftselskap følgde andre baner enn dei me nett har synt. Sognekraft AS, det regionale kraftselskapet i Sogn og med hovudkontor i Vik, representerte i hovudsak ei anna satsing i småkraftfeltet enn døma frå Sunnfjord og Nordfjord. Selskapet satsa på utvikling og drift av småkraftverk i eigen regi i sitt nærområde. I fleire år samarbeidde Sognekraft med Småkraft AS om utvikling av fleire småkraftverk i Fjærlandsfjorden.74 Då selskapet i 2017 sto overfor store investeringar i større kraftutbyggingar (Feios Kraftverk og Leikanger Kraftverk), vart dei aktuelle småkraftverka i Fjærlandsfjorden (samla i Fjærland Kraft AS) selde til det tyske investeringsselskapet KGAL. I mykje minna denne framferda om handlemåten til større kraftselskap (sjå avsnittet om småkraft som internasjonal handelsvare). Men Sognekraft var framleis lokalt engasjert ved at dei fekk driftsansvar for dei aktuelle småkraftverka, og hadde ein avtale om å kjøpa tilbake anlegga etter 25 år.75

Luster kommune fekk i 2004 påvist det største potensialet for småkraftutbygging av alle kommunar i landet,76 ei påvising som snøgt vart følgt opp med ei meir inngåande gransking.77 I 2003 hadde Luster kommune, Luster Energiverk AS og Luster sparebank starta opp eit eige småkraftprosjekt. I framhaldet spela Luster Energiverk AS ei viktig rolle i småkraftsatsinga i kommunen, der ein freista å halda på den lokale styringa samstundes som ein samarbeidde med ein nasjonal aktør. Energiverket gjekk slik saman med Småkraft AS og skipa det nye selskapet Luster Småkraft AS for å utvikla småkraftverk i Luster kommune.78 Selskapet hadde altså både lokale og nasjonale eigarinteresser. Målet frå Luster Energiverk AS si side var å sikra størst mogleg lokal verdiskaping. Luster Småkraft AS med base i Luster sto bak seks av dei 30 konsesjonssøkte småkraftsakene i Luster kommune, Luster Energiverk AS åleine to, og Småkraft AS éin.79

Døma frå Sogn og Fjordane syner at dei etablerte kraftselskapa si tilnærming til småkraftfeltet vart viktig for driftsformer og eigarskap. Eit sveip til studien av 68 småkraftprosjekt i Hardanger tyder på det same. Når seks av ti av prosjekt her vart organisert på ein slik måte at fallrettane vart leigde vekk til eksterne verksemder som hadde spesialisert seg på småkrafutbygging,80 forstår me dette slik at regionale selskap med mål og middel, som Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi, ikkje gjorde seg gjeldande. Men nærare studiar trengs for å avgjera dette.

Norsk småkraft som internasjonal handelsvare

Etter kvart fekk utanlandsk kapital spela ei stadig større rolle i den norske småkraftbransjen. «Utlendinger satser 1 mrd. i norske fosser», heitte det i overskrifta i Bergens Tidende 13. juli 2007. Artikkelen omhandla islandske, finske og nederlandske interesser som sikta seg inn mot utbygging av småkraftverk i Noreg. Satsinga skulle skje gjennom investeringsselskapet Blåfall Energi, som var i direkte tingingar med grunneigarar om leige av fallrettar. Dei neste fem åra planla selskapet å byggja ut om lag 40 norske fossefall på Vestlandet, Trøndelag og i Nord-Noreg for totalt 1,1 milliardar kroner. Noko av det som gjorde det interessant å investera i småkraft i Noreg, var gode statlege støtteordningar for utbygging av fornybar energi.81

Blåfall Energi si satsing var døme på at utanlandske selskap konkurrerte med norske aktørar om å få leiga fallrettar og gjekk i direkte tingingar med grunneigarar. Ein annan veg inn i norske småkraftverk for utanlandske interesser, vart rydda av norske private investorar som hadde fått i stand lokale avtalar som kunne seljast vidare. Kraftkarane AS var døme på dette. Kraftkarane AS vart skipa i februar 2005 med aksjeeigarar frå Bergen og Hardanger. Same året gjekk selskapet saman med tre energiverk i Hardanger i den sokalla «Hardangeralliansen». Dei lokale energiverka var Jondal Energi, Kvam Kraftverk og Indre Hardanger Kraftlag AS. Alliansen skulle bidra «med kapital, kompetanse og forretningsteft», men fallrettshavarar skulle likevel få rå over småkraftverket og sitja att med over 50 prosent av fortenesta. Ordninga skulle sikra lokale arbeidsplassar, og vart i Bondebladet presentert som eit mottiltak mot «passive grunneigarar og ‘eksport’ av verdiskapinga ut or distrikta.» Artikkelen hadde her særleg brodd mot hovudstaden.82 Men for Kraftkarane AS vart det lokale ankerfestet snøgt kutta. Selskapet vart i 2007 kjøpt av Scanergy AS, eit selskap med svensk hovudaksjonær.83

Det største utanlandske innslaget i norsk småkraft kom likevel ved salet av dei to største norske aktørane, Norsk Grønnkraft AS i 2014 og Småkraft AS i 2015. I 2014 kjøpte Aquila Capital aksjepostane i Norsk Grønnkraft AS, med 33 småkraftverk frå Lindesnes i sør til Hemnes i nord.84 I november 2015 kunngjorde så Statkraft sal av Småkraft AS til det tyske investeringsfondet Aquila Capital. På dette tidspunktet var Småkraft AS bygt opp til det største småkraftselskapet i Noreg, med 45 kraftverk i drift og meir enn 100 under utvikling.85 Aquila Capital slo i desember 2016 saman Norsk Grønnkraft AS og Småkraft AS og vidareførte verksemda i Småkraft AS. Ved samanslåinga slo Nationen fast at Aquila Capital var Europas største operatør av småkraftverk.86 Våren 2017 vaks selskapet ytterlegare, idet Småkraft AS gjorde avtale med BKK om kjøp av ytterlegare seks småkraftverk, fire i Hordaland og to i Sogn og Fjordane.87

Det at dei store offentlege kraftaktørane bak Norsk Grønnkraft AS og Småkraft AS ville selja seg ut av småkraft, synest særleg ha to grunnar. Den eine var at innteninga ikkje var god nok for eigarane. Låge kraftprisar i perioden etter 2010, og med ein historisk botn i 2015, gav dystre utsikter for store investeringar.88 Den andre var at Aquila Capital betalte ein sum som gjorde sal særleg attraktivt. «Gevinsten var på 226 millioner kroner for Statkraft og 108 millioner kroner for de tilknyttede selskapene BKK og Agder Energi», heitte det i årsrapporten frå Statkraft i 2015.89 E-CO, ein av eigarane i Norsk Grønnkraft, noterte ein gevinst på aksjesalet på 49 millionar kroner.90 På kjøparsida rådde eit langt større tolmod og vesentleg lågare krav til inntening. Aquila Capital sin representant i Noreg framførte hausten 2016 dertil følgjande grunnar for å investera i småkraft i Noreg: politisk stabilitet, utvikla lovverk på miljøsida, føreseieleg rettssystem og ein velordna kraftmarknad.91

Salet av Norsk Grønnkraft AS og Småkraft AS frå norske til utanlandske eigarar føregjekk i høvesvis kontrollerte former der ansvarlege norske kraftselskap sa seg nøgde med utkomet av sitt kortvarige engasjement i småkraft. I Troms og Nordland var stoda ei anna. I 2010 kjøpte Troms Kraft seg inn i Nordkraft med 33,3 prosent av aksjane med langsiktige vyar om sterkare samarbeid og sterkare samhandling i kraftbransjen i Nord-Noreg.92 Men for begge selskapa vart den store småkraftsatsinga av kortvarig karakter. Bakgrunnen for dette var ulik og samansett, men for båe selskapa var omstenda ulukkelege. Nordkraft hadde overvurdert dei reelle verdiane av Fjellkraft ved kjøpet i 2009. I 2013 vart verdiane mykje nedskrivne.93 I 2014, etter langvarige forsøk på å selja unna Fjellkraft, vart selskapet selt til Clemens Kraft.94 Dei 13 småkraftverka som Nordkraft hadde bygt ut i eigen regi, vart sommaren 2015 kjøpt av det britiske pensjonsfondet Standard Life, der Nordkraft vidareførte operatøransvaret.95 I 2012 selde Troms Kraft selskapet Elvekraft til Clemens Kraft. Salet sto i ein særs uheldig økonomisk samanheng. Fleire nye investeringar på 2000-talet utvikla seg sterkt negativt. Verst mellom desse var satsinga i Sverige på selskapet Kraft & Kultur, som frå 2011 vart politietterforska for alvorleg rekneskapsjuks. 2012 vart i Troms Kraft sin årsrapport omtala som «det mørkeste».96 Salet av Elvekraft til Clemens Kraft var eitt av fleire tiltak som skulle gi Troms Kraft høve til å samla seg om kjerneverksemda igjen.97

Ulikt dei andre overdragingane nemnde ovanfor, gjekk salet av Elvekraft og Fjellkraft til ein norsk eigar, nykomar i og heller utypisk for kraftbransjen. Clemens Kraft, med kontorstad i Oslo, vart skipa i 2006 av Opplysningsvesenets fond for å gjera seg nytte av vasskrafta knytt til fondet sine ulike eigedommar. Fondet var (og er) ein av Noregs største grunneigarar med eigedomsrett til prestegardar, prestebustader, festetomter, kontoreigedommar og skog og utmark. Avkastingar frå fondet kjem Den norske kyrkja til gode.98 Clemens Kraft bygde for det første ut småkraftverk på fondet sine eigedommar, men nytta også dei finansielle musklane til å gjera oppkjøp av andre småkraftverk. Ved utgangen av 2016 hadde Clemens Kraft i alt 19 småkraftverk i produksjon, og hadde ytterlegare seks under bygging. Selskapet presenterte seg i 2016 som ein av dei største utbyggjarane av småkraftverk i Noreg og som ein langsiktig aktør. Men satsinga kosta. I februar 2017 vart 49,9 prosent av aksjane i Clemens Kraft selde til sveitsiske CVP/CAP Pensionskasse (Coop Sveits pensjonskasse). Dette med sikte på finansiell og langsiktig styrke.99

Avslutning og utsyn

I denne artikkelen har me freista teikna hovudliner i den komplekse og raske utviklinga av småkraftverk i Noreg etter 2000. Det har vore ei omfattande utbygging, med 432 ferdigstilte småkraftverk i perioden 2000–2016. I åra fram mot 2021 vil fleire titals småkraftverk verta ferdigstilte. Me har sett særleg fokus på rolla dei etablerte kraftselskapa spela i den nye småkraftbransjen. Dette fordi desse selskapa i kraft av sitt spekter av ressursar vart særleg viktige for utviklinga av småkraft. Dei gav truverde til ei satsing som skulle kombinera auke i fornyeleg, klimavennleg energi med distriktsvennleg næring. Medan dei etablerte kraftselskapa var «gjengangarar», var mange fallrettshavarar «eingangarar» som var avhengige av tilførsle av ein samansett ekspertise for å koma i gang med småkraftutbygging.

I nyårstalen i 2001 annonserte statsminister Jens Stoltenberg at tida for dei store kraftutbyggingane var over. Men tida for dei store kraftutbyggjarane var på ingen måte over på 2000-talet. Fleire av dei etablerte kraftselskapa nytta sin ekspertise og ressursar i småkraftfeltet, eit felt som frå politisk hald vart søkt tilrettelagt for at grunneigarar med fallrett, men utan særskilde kunnskapar og større ressursar, skulle få høve til å utvikla og eiga småkraftverk. Medan vasskrafta dei offentlege kraftselskapa sjølve rådde over etter gamalt var verna av heimfallsretten, var småkrafta open for kjøp og sal, og denne opninga vart nytta av fleire.

I framstillinga har me lagt vekt på at dei ulike offentlege kraftselskapa gjekk inn i småkraftfeltet med ulike mål og middel, og dette vart formande for driftsformer og eigarskap. Nokre døme og tydelege kontrastar kan dragast fram til slutt. Statkraftalliansen med Småkraft AS var tidleg ute. Etter å ha gått for fullt inn i småkraft frå 2002, gjort leigeavtalar med ei rad grunneigarar og bygt ut 45 småkraftverk i eigen regi, var Småkraft AS i 2015 Noregs største småkraftselskap. Det same året vart selskapet selt til Aquila Capital, og selskapa i Statkraftalliansen kunne notera seg for gevinstar på nokre hundre millionar kroner. I Sogn og Fjordane arbeidde korkje Sunnfjord Energi eller Sogn og Fjordane Energi for å kjøpa og selja leigekontraktar, eller å byggja eigne småkraftverk. Heller vart det bygt opp og tilbydd eit spekter av tenester som sette grunneigarane sjølve i stand til å utvikla småkraftverk. Det var også denne tenesteytinga desse selskapa rapporterte om til sine kommunale og fylkeskommunale eigarar, og i desse selskapa sitt nærområde var det eit høvesvis stort innslag av grunneigarstyrte småkraftverk. Selskapa i Statkraftalliansen, Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi, var etter energilova av 1990 marknadsstyrte aksjeselskap, men gjekk altså inn i småkraftfeltet med vidt ulike mål og middel. Dømet frå Noregs største småkraftkommune, Luster, syner også korleis eit lokalt kraftselskap søkte samarbeid med ein nasjonalt og internasjonalt orientert aktør for å sikra både utbygging og lokal verdiskaping. Det kan vera ei påminning om at i utviklinga av småkraftverk i Noreg, har truleg ei rad ulike tilnærmingar vore i aksjon og har på ulikt vis ført fram. Studien vår dokumenterer slik at dei ulike offentlege kraftselskapa, trass fristilling og marknadsstyring, aksla ulike samfunnsmandat. Dette opnar for ei prinsipiell drøfting av innverknaden av ulike former for offentleg eigarskap til norske vasskraftressursar generelt – kommunalt, fylkeskommunalt eller statleg – ei drøfting det ikkje er rom for her.

Me har vektlagt at i 2009 sto dei to småkraftorganisasjonane, Småkraftforeninga og Småkraftalliansen G4, steilt mot kvarandre i spørsmålet om kven som burde eiga og driva småkraftverk i Noreg. Men med den etterfølgjande utviklinga i næringa forsvann Småkraftalliansen G4 frå dagsordenen, og spørsmålet om eigarskap vart stadig mindre viktig i Småkraftforeninga. Det viktigaste vart heller at grunneigarar skulle få utvikla næring og tena pengar på fallrettane sine. Småkraftforeninga helsa slik ulike eigarar og utanlandsk kapital velkommen inn i næringa, og fann at dei utanlandske eigarane var meir langsiktige og hadde lågare avkastingskrav enn det dei store norske kraftselskapa hadde lagt for dagen.100

Utviklinga av Småkraftforeninga kunne ha vore vel verdt ein studie åleine. Foreininga har gjennom åra vunne fram i fleire politiske stridssaker for å betra rammevilkåra for småkrafteigarar. Viktige stikkord er tidspunkt for innføring av grøne sertifikat, fritak for grunnrenteskatt og forenkla sakshandsaming i NVE. Politisk har linja i det meste vore liberalistisk. Småkraftforeninga har fått viktige politiske gjennomslag under regjeringane til Erna Solberg.101 Nett dette gjer foreininga særleg interessant fordi sentrale deler av medlemsmassen er bønder som i landbruksnæringa har hatt interesse av omfattande statlege reguleringar. Ser me her konturane av eit politisk skifte i den delen av norsk landbruk som er velsigna med småkraftverk?

For mange grunneigarar har småkraftsatsinga gitt store kraftinntekter, dette gjeld anten dei driv og eig småkraftverket sjølv eller det er leigd vekk til andre aktørar. Det ligg ikkje føre systematiske studiar av korleis desse nye inntektene har vorte nytta, men det ligg nær å tru at det for ein god del bønder har styrka gardsdrifta og livsgrunnlaget. Slik sett har småkraftsatsinga styrka landbruksnæringa, men i finansnæringa har også denne verdiauken på gardane vorte problematisert, for kombinasjonen norsk odelsrett og inntektsbringande småkraftverk kan gjera generasjonsskifte på gardane meir komplisert og konfliktlada enn nokon gong tidlegare. Det store innslaget av utanlandsk kapital kan også spela inn her.102

«Vindauge» for norsk småkraftutbygging vart sett på vidt gap då det i 2001 vart lyst full stogg i dei store vasskraftutbyggingane. Nokre av selskapa som selde seg ut av småkraft, grunngav sala med behov for å samla ressursane om kjerneverksemd.103 Dette innebar større vasskraftutbyggingar med magasin. Samstundes som den store bølgja av småkraftutbyggingar er i ferd med å ebba ut, er det slik teikn til ein ny æra for store utbyggingar i vasskraftnasjonen Noreg.

Litteratur

Angell, S. I. 2014: Heimfallsinstituttet i norsk vasskraftforvaltning. Plan, 46(03–04), 34–40. Henta frå http://www.idunn.no/plan/2014/03-04/heimfallsinstituttet_i_norsk_vasskraftforvaltning

Angell, S. I. & Brekke, O. A. 2011: Frå kraft versus natur til miljøvenleg energi? Norsk vasskraftpolitikk i eit hundreårsperspektiv. Rokkanrapport 3/2011. Bergen: Uni Rokkansenteret.

Bakken, J. D. 2016, 8. desember: Tysk investorselskap største småkraftaktør i Norge. Nationen. Henta frå http://www.nationen.no/naering/tysk-investorselskap-storste-smakraftaktor-i-norge/

Bakken, T. H., Sundt, H. & Ruud, A. 2012: Mange og små eller store og få? En sammenligning av miljøvirkningene ved ulike strategier for utvikling av vannkraft. Trondheim: SINTEF Energi AS.

Beheim, S. F., Nes, M. S. & Rath, M. R. 2017: Kan lokal satsing på fornybar energi løna seg? Ein rekneskapsanalyse av lønsemda i Seimsdal Kraft AS 2011–2015. (Bacheloroppgåve ). Høgskulen på Vestlandet, Sogndal.

Berge, K. A. 2015: Småkraft – til glede eller besvær? Firdaposten. Henta frå https://www.firdaposten.no/smakraft-til-glede-eller-besvar/s/5-16-67746

Bergens Tidende 2005, 2. april: Nyheter, notiser. Henta frå https://web.retriever-info.com/services/archive/displayDocument?documentId=02002120050402622193&serviceId=2

Bergh, M., Bleskestad, B. & Bøeng, A. C. 2014: Høye mål for fornybar energi .Samfunnsspeilet, 3. Henta frå https://www.ssb.no/energi-og-industri/artikler-og-publikasjoner/hoye-mal-for-fornybar-energi

Bjørk, T. V. 2017: Vasskrafta mellom EØS og marknad. Ein analyse av den politiske prosessen om heimfall 2000–2008. (Masteroppgåve). Bergen: Universitetet i Bergen.

Bøeng, A. C. 2011: Hvordan kan Norge nå sitt mål om fornybar energi i 2020? Økonomiske analyser, 30(6). Henta frå https://www.ssb.no/a/publikasjoner/pdf/oa_201106/oa2011-6.pdf

E-CO Energi 2005: Årsrapport 2004. Oslo: E-CO Energi AS.

E-CO Energi 2015: Årsrapport 2014. Oslo: E-CO Energi AS.

Elkem 2014, 15. desember: Elkem Fornybar Energi og Norsk Grønnkraft fusjonerer. Henta 5. april 2018 frå https://www.elkem.com/no/nyheter/Elkem-Fornybar-Energi-og-Norsk-Gronnkraft-fusjonerer/

Engås, T. 2017, 31. mars: Norske småkraft frister. Sunnmørsposten.

Fjord Energi AS 2018: Bakgrunn for etablering av Fjord Energi AS. Henta 8. mars 2018 frå http://www.fjord-energi.no/bakgrunn/

Forland, G. & Rørmark Åsberg, A. 2015, 19. august: Britiske investorer kjøper 13 norske småkraftverk. Norsk Rikskringkasting. Henta frå https://www.nrk.no/nordland/britiske-investorer-kjoper-13-norske-smakraftverk-1.12505906

Hageskal, A. 2015, 3. august: 53 kraftverk skal selges innen oktober. Adresseavisen. Henta frå https://www.adressa.no/nyheter/okonomi/article11371711.ece

Hoel, O. L. 2017: Soga om Sogn og Fjordane. Fjordfylket på nye vegar: 1875–1945. Bergen: Fagbokforlaget.

Husebø, R. 2012, 25. februar: Ideologi pakket inn som forsking. Firda. Henta frå https://web.retriever-info.com/services/archive/displayPDF?documentld=05516320120225feac63dd64df78867f7a561eadc6d123&serviceld=2

Høgskulen på Vestlandet 2018: Renewable Energy Projects: Local Impacts and Sustainability (RELEASE). Henta 10. mars 2018 frå https://www.hisf.no/nn/renewable-energy-projects-local-impacts-and-sustainability-release

Idsø, J. 2012: Småkraft og regionaløkonomisk vekst. HSF-rapport 1/12. Sogndal: Høgskulen i Sogn og Fjordane, Avdeling for samfunnsfag.

Jensen, T. & Voksø, A. 2004: Beregning av potensial for små kraftverk i Norge: Forutsetninger, metodebeskrivelse og resultater. Oslo: Norges vassdrags- og energidirektorat.

Johnsen, L. 2009, 13. januar: Kraftselskap solgt. Drammens Tidende. Henta frå https://www.dt.no/nyheter/kraftselskap-solgt/s/2-2.1748-1.3089257

Korvald, A., Slapgård, J. & Juliussen, E. 2006: Manuell kartlegging av småkraftpotensial i Luster kommune. Delvis basert på NVEs digitale kartlegging i 2004 (Rapport nr 8-2006). Oslo: Norges vassdrags- og energidirektorat. Henta frå http://publikasjoner.nve.no/rapport/2006/rapport2006_08.pdf

Lauritzen, B. 2018: Siste natt med gjengen. Småkraftnytt, (1), 4–5. Henta frå https://issuu.com/smakraftforeninga/docs/godkjent_sm_kraftnytt_0118

Lie, Ø. 2014: Investeringer for en halv milliard i 1 TWh småkraft ble verdiløse. Teknisk ukeblad. Henta frå https://www.tu.no/artikler/investeringer-for-en-halv-milliard-kroner-i-1-twh-smakraft-ble-verdilose/232180

Liland, I. A. 2004: Hva med lokalsamfunnet? Småkraftnytt, 3(1), 16–17.

Luster Energiverk AS 2018: Luster Småkraft AS. Henta frå www.lusterenergiverk.no/cms/smakraft/luster-smakraft

Nilsen, J. 2014, 9. desember: Tysk selskap får sertifikatmillioner etter småkraftkjøp. Teknisk ukeblad. Henta frå https://www.tu.no/artikler/tysk-selskap-far-sertifikatmillioner-etter-smakraftkjop/225389

Nilsen, Y., Thue, L., Skjold, D. O., Nilsen, Y., Svinningen, T. & Ellingsen, A. 2006: Statens kraft 1965–2006: Miljø og marked. Oslo: Universitetsforlaget.

Nordkraft 2009, 20. november: Nordkraft blir 100 % eier av Fjellkraft AS. Henta 27. mars 2018 frå https://www.nordkraft.no/nyheter/nordkraft-blir-100-eier-av-fjellkraft-as-article544-814.html

Nordkraft 2014: Nordkraft selger Fjellkraft til Clemens Kraft. Henta frå https://www.nordkraft.no/pressemeldinger/nordkraft-selger-fjellkraft-til-clemens-kraft-article389-1257.html

Nordkraft 2016: Årsrapport 2015. Narvik: Nordkraft.

Nordkraft 2018: Nordkrafts historie. Henta 7. april 2018 frå https://www.nordkraft.no/historie/nordkrafts-historie-article289-851.html

Nordlund, E. 2015, 22. august: Stopp salget av norsk vannkraft til utlandet. Nationen, s. 2–3, del Meninger.

Nordstrand, L. 1993: «Lys og kraft til bygdens behov ...». Kraftforsyninga i Sogn og Fjordane 1893–1993. Sandane: Sogn og Fjordane energiverk.

Nordvik, F. 2007, 13. juli: Utlendinger satser 1 mrd. i norske fosser. Bergens Tidende. Henta frå https://web.retriever-info.com/services/archive/displayDocument?documentId=02002120070713552d3a4d7bc2a80151f32c494cdb8b8e&serviceId=2

Norges vassdrags- og energidirektorat 2003: Veileder i planlegging, bygging og drift av små kraftverk 2-2003. Oslo.

Norges vassdrags- og energidirektorat 2009: Kartlegging og dokumentasjon av biologisk mangfold ved bygging av småkraftverk (1-10 MW). Revidert utgave: Mal for utarbeidelse av rapport (Norges vassdrags- og energidirektorat 3-2009). Oslo.

Norges vassdrags- og energidirektorat 2010: Veileder i planlegging, bygging og drift av små kraftverk. Ny utgave (1-2010 ). Oslo.

Norges vassdrags- og energidirektorat 2011: Rettleiar i planlegging, bygging og drift av små kraftverk (4-2011 ). Oslo.

Norges vassdrags- og energidirektorat 21. mars, 2012: Nye rutiner for behandling av søknader om konsesjon for småkraft. Oslo.

Norges vassdrags- og energidirektorat 2015: Energi i Norge. Henta frå https://www.nve.no/Media/3776/energifolder_no.pdf

Norges vassdrags- og energidirektorat 2016a: Historisk lave kraftpriser i 2015. Henta 21. april 2018 frå https://www.nve.no/nytt-fra-nve/nyheter-energi/historisk-lave-kraftpriser-i-2015/

Norges vassdrags- og energidirektorat 2016b: Kraftsituasjonen 4. kvartal/ året 2015. (Kvartalsrapport for kraftmarkedet). Oslo.

Norges vassdrags- og energidirektorat 2016c, 2. august: Småkraftpakker. Henta frå www.nve.no

Norges vassdrags- og energidirektorat 2017, 8. juni: Vannkraftpotensialet. Henta frå www.nve.no

Norges vassdrags- og energidirektorat 2018, 10. mars: Konsesjonssaker. Henta 10. mars 2018 frå https://www.nve.no/konsesjonssaker/

Norsk Grønnkraft 2018, udatert: Vår historie. Henta 27. mars 2018 frå http://www.ngku.no/var-historie/

NOU 2012:9 2012: Energiutredningen – verdiskaping, forsyningssikkerhet og miljø. Utredning fra et utvalg oppnevnt ved kongelig resolusjon av 4. mars 2011. Avgitt til Olje- og energidepartementet 5. mars 2012. Oslo: Statens forvaltningstjeneste.

OBOS 2018: Vannkraft. Henta 27. april 2018 frå https://www.obos.no/dette-er-obos/datterselskaper-i-obos-konsernet/obos-energi/vannkraft

Olje- og energidepartementet 2003: Strategi for økt etablering av små vannkraftverk. Oslo.

Olje- og energidepartementet 2004: Supplering av Verneplan for vassdrag. (St.prp. nr. 75 (2003–2004)). Oslo.

Olje- og energidepartementet 2007: Retningslinjer for små vannkraftverk – til bruk for utarbeidelse av regionale planer og i NVEs konsesjonsbehandling. Oslo. Henta frå https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/oed/pdf_filer/retningslinjer-for-sma-vannkraftverk-komplett.pdf

Olje- og energidepartementet 2015: Prop. 97 L (2014–2015). Endringer i lov om elsertifikater (første kontrollstasjon). Oslo. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-97-l-2014-2015/id2406493/

Olje- og energidepartementet 2016: Meld. St. 25 (2015–2016). Kraft til endring: Energipolitikken mot 2030. Oslo.

Olstad, F. 2017: Den lange oppturen: Norsk historie 1945–2015. Oslo: Dreyers forlag.

Omland, L. E. 2018: Kraftpris – beretningen om en varslet kollaps. Energi og Klima (2. april 2018). Henta frå https://energiogklima.no/kommentar/kraftpris-beretningen-om-en-varslet-kollaps/

Opplysningsvesenets fond 2007: Årsrapport 2006. Oslo: Opplysningsvesenets fond.

Opplysningsvesenets fond 2010: Årsrapport 2009. Oslo: Opplysningsvesenets fond.

Opplysningsvesenets fond 2014: Årsrapport 2013. Oslo: Opplysningsvesenets fond.

Opplysningsvesenets fond 2015: Årsrapport 2014. Oslo: Opplysningsvesenets fond.

Opplysningsvesenets fond 2016: Årsrapport 2015. Oslo: Opplysningsvesenets fond.

Opplysningsvesenets fond 2017: Årsrapport 2016. Oslo: Opplysningsvesenets fond.

Riksrevisjonen 2014: Riksrevisjonens undersøkelse av effektivitet i konsesjonsbehandlingen av fornybar energi. (Dokument 3:5 (2013–2014)). Oslo: Riksrevisjonen.

Rosvold, K. A. 2011: Fjellkraft AS. I Store Norske Leksikon. Henta frå https://snl.no/Fjellkraft_AS

Ryslett, T. 2005: I starten på ei spennande tid. Småkraftnytt, 4(1), 2–3.

Rønningsbakk, K. 2016a, 26. august: Gigantisk småkraftutbygging. Henta 3. april 2018 frå http://kraftnytt.no/2016/08/26/gigantisk-smakraftutbygging/

Rønningsbakk, K. 2016b, 8. desember: OBOS bygger småkraftverk. Kraftnytt. Henta frå http://kraftnytt.no/2016/12/08/obos-bygger-smakraftverk/

Rønningsbakk, K. 2017, 26. april: Småkraft AS kjøper seks småkraftverk fra BKK. Kraftnytt. Henta frå http://kraftnytt.no/2017/04/26/smakraft-as-kjoper-seks-smakraftverk-fra-bkk/

Sataøen, H. L., Brekke, O. A. & Angell, S. I. 2014: Hardanger som småkraftregion: Frå industrikraft til kortreist kraft. Rokkanrapport 4/2014. Bergen: Uni Rokkansenteret.

Sataøen, H. L., Brekke, O. A. & Angell, S. I. 2017: Distriktsvenleg, miljøvenleg og klimavenleg? Drivkrefter i utviklinga av småkraft i Hardanger. Tidsskriftet Utmark, (1), 68–82.

Selvik, A. & Hernes, G. 1977: Dynamikk i borehullene: Om kraftutbygging og lokalsamfunn. Bergen: Universitetsforlaget.

Skjold, D. O. 2015: Organisering og samarbeid i norsk elforsyning, ca. 1900–1985. Trondheim: NTNU.

Slagstad, R. 1998: De nasjonale strateger. Oslo: Pax Forlag.

Småkraft AS. 2008: Fem nye småkraftverk i Fjærland / ny kraftlinje frå Fjærland til Grindsdalen. Informasjon om planlagt utbygging. Bergen: Småkraft AS.

Småkraftforeninga 2003: Årsmelding. Småkraftnytt, 2(1). Henta frå http://www.smakraftforeninga.no/visartikkel.php?id=2996

Småkraftforeninga 2009a, 27. august: HydroPool blir Elvekraft. Henta 9. april 2018 frå http://www.smakraftforeninga.no/visartikkel.php?id=984

Småkraftforeninga 2009b, 5. november: Ny småkraftorganisasjon. Henta 22. mars 2018 frå www.smakraftforeninga.no/visartikkel.php?id=1096

Småkraftnytt 2018: Bjørn takkar av. Småkraftnytt, (1), 6–11. Henta frå https://issuu.com/smakraftforeninga/docs/godkjent_sm_kraftnytt_0118

Sogn og Fjordane fylkeskommune 2003: Fylkesdelplan for klima og energi . Vedteken av fylkestinget 3. juni 2003. Leikanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Sognekraft 2018: Ny vasskraft. Henta 27. april 2018 frå https://www.sognekraft.no/framside/om-oss/kraftproduksjon/ny-vasskraft/

Starheim, H. A. 2012: Kommunen med småkraft i blodet. Småkraftnytt, (3), 6–9.

Starheim, O. 2011, 19. juli: Sognekraft. Henta frå https://www.allkunne.no/framside/fylkesleksikon-sogn-og-fjordane/samfunn/industri-naring-og-bedrifter/sognekraft/1900/77891/

Starheim, O. 2014, 4. juni: Sogn og Fjordane Energi AS. Henta frå https://www.allkunne.no/framside/fylkesleksikon-sogn-og-fjordane/historie-i-sogn-og-fjordane/historie/sogn-og-fjordane-energi-as/1901/77196/

Statkraft 2003: Årsrapport 2002. Oslo: Statkraft AS.

Statkraft 2004: Årsrapport 2003. Oslo: Statkraft AS.

Statkraft 2010: Årsrapport: Bærekraftrapport 2009. Oslo: Statkraft.

Statkraft 2015: Aquila Capital kjøper Småkraft AS. Pressemelding 11. november 2015. Henta frå https://www.statkraft.no/media/pressemeldinger/Pressemeldinger-arkiv/2015/aquila-capital-kjoper-smakraft-as/

Statkraft 2016: Årsrapport 2015. Oslo: Statkraft AS.

St.meld. nr. 39 (2008–2009). Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen. Oslo.

Stoltenberg, J. 2001, 1. januar: Statsminister Jens Stoltenbergs nyttårstale. Dagbladet. Henta frå https://www.dagbladet.no/nyheter/statsminister-jens-stoltenbergs-nyttarstale/65676039

Sunde, R., Vie, J. & Slettehaug, K. 2014: 100 år i Jølstra. Førde: Sunnfjord Energi.

Sunnfjord Energi 2018: Småkraft. Henta 27. april 2018 frå https://www.sunnfjordenergi.no/smakraft-og-sunnfjord-energi/

Thue, L. 1994: Elforsyning og kraftutbygging som etterkrigshistorisk forskningsfelt. Bergen: LOS-senteret.

Thue, L. 1996: Strøm og styring: Norsk kraftliberalisme i historisk perspektiv. Oslo: Ad Notam Gyldendal.

Thue, L. 2017: Vertskap for vannkraft: Landssamanslutninga av vasskraftkommunar 40 år. Bergen: Fagbokforlaget.

Tjelle, S. 2015, 23. september: Rekordlav strømpris – tøffe tider for småkraftverkene. Driva.

Troms Kraft 2010: Årsrapport 2009. Tromsø: Troms Kraft.

Troms Kraft 2011: Årsrapport 2010. Tromsø: Troms Kraft.

Troms Kraft 2012: Clemens Kraft KS overtar Elvekraft AS. Pressemelding. Tromsø: Troms Kraft. Henta frå http://www.tromskraftnett.no/portalWeb/ShowProperty.pdf?nodeId=/BEA%20Repository/374003

Troms Kraft 2013: Årsrapport 2012. Tromsø: Troms Kraft.

Aam, S. 2012a, 18. februar: Småkraft AS: – Dette er eit makkverk. Sunnmørsposten. Henta frå https://web.retriever-info.com/services/archive/displayPDF?documentld=0200312012021812645071&serviceld=2

Aam, S. 2012b, 28. februar: Støttar Småkraft AS. Sunnmørsposten, s. 16–17.

Aam, S. 2012c, 18. februar: – Tappar lokalsamfunna. Sunnmørsposten. Henta frå https://web.retriever-info.com/services/archive/displayPDF?documentId=0200312012021812645071&serviceId=2

Aarre, E. 2016, 9. desember: Når norske kraftselskaper rømmer, kommer tyskerne og kjøper opp for milliarder. Bergens Tidende, s. 1, 6–8.

Åsen, A. 2005, 24. november: Auka konkurranse om småkraftverka. Bondebladet. Henta frå http://www.bondebladet.no/article/auka-konkurranse-om-smakraftve/

1OBOS 2018. Rønningsbakk 2016b.
2Sogn og Fjordane fylkeskommune 2003.
3Jensen & Voksø 2004.
4Norges vassdrags- og energidirektorat 2018.
5Oversynet vart stilt til disposisjon for forfattaren i e-post datert 21. juni 2017 frå senioringeniør Seming Skau, NVE.
6Olje- og energidepartementet 2003, s. 3.
7Høgskulen på Vestlandet 2018.
8Norges vassdrags- og energidirektorat 2015.
9Angell 2014, s. 34–39.
10Slagstad 1998, s. 134–140.
11Skjold 2015, s. 40–73.
12Thue 1996, s. 41–58.
13Olstad 2017, s. 16.
14Angell & Brekke 2011, s. 27–52.
15Sunde, Vie & Slettehaug 2014, s. 16–31.
16Angell & Brekke 2011, s. 73–75 og s. 100–103.
17O. Starheim 2011 og 2014. Sunde et al. 2014, s. 12–15.
18Norges vassdrags- og energidirektorat 2017.
19Thue 2017, s. 22–46.
20Thue 1994.
21Y. Nilsen et al. 2006.
22Sataøen, Brekke & Angell 2017.
23Stoltenberg 2001.
24Olje- og energidepartementet 2016.
25Olje- og energidepartementet 2003, s. 1.
26Olje- og energidepartementet 2004.
27Sataøen et al. 2017, s. 72.
28T. H. Bakken, Sundt & Ruud 2012.
29Olje- og energidepartementet 2007.
30Norges vassdrags- og energidirektorat 2003, 2009, 2010.
31Bergh, Bleskestad & Bøeng 2014. Bøeng 2011. NOU 2012:9.
32Olje- og energidepartementet 2015.
33Norges vassdrags- og energidirektorat 21. mars 2012, 2016c.
34Sataøen et al. 2017, s. 74–75.
35Riksrevisjonen 2014.
36Selvik & Hernes 1977.
37Selvik & Hernes 1977, s. 15–24.
38Sunde et al. 2014, s. 20–23 og s. 28–31.
39Småkraft AS 2008.
40Beheim, Nes & Rath 2017, s. 7–8.
41Sunde et al. 2014, s. 28–31.
42H. A. Starheim 2012.
43Hoel 2017, s. 242–246. Nordstrand 1993, s. 171–177.
44Nordstrand 1993, s. 195–286.
45Småkraftforeninga 2003, s. 10–11.
46Thue 2017.
47Bjørk 2017. Norges vassdrags- og energidirektorat 2011.
48Småkraftforeninga 2009b.
49Statkraft 2003, s. 7 og s. 23–24.
50Statkraft 2004, s. 90.
51E-CO Energi 2005, s. 25.
52Elkem 2014.
53Norsk Grønnkraft 2018.
54Nordkraft 2009.
55Rosvold 2011.
56Nordkraft 2018.
57Johnsen 2009.
58Troms Kraft 2010, s. 3 og s. 24.
59Småkraftforeninga 2009b.
60Nordkraft 2009. Norsk Grønnkraft 2018. Småkraftforeninga 2009a. Statkraft 2003, s. 7 og s. 23–24. Statkraft 2010, s. 4 og s. 29.
61Idsø 2012, s. 14–15. Sataøen et al. 2017, s. 76.
62St.meld. nr. 39 (2008–2009), s. 130.
63Idsø 2012.
64Aam, 2012a; Husebø, 2012
65Liland 2004. Ryslett 2005.
66Aam, 2012b.
67Aam, 2012c.
68 Bergens Tidende 2005.
69Beheim et al. 2017, s. 7–8.
70Sunnfjord Energi 2018.
71Sunde et al. 2014, s. 24–27.
72Sunde et al. 2014, s. 16–31.
73Fjord Energi AS 2018.
74Rønningsbakk 2016a. Småkraft AS 2008.
75Sognekraft 2018.
76Jensen & Voksø 2004.
77Korvald, Slapgård & Juliussen 2006.
78Luster Energiverk AS 2018.
79Norges vassdrags- og energidirektorat 2018.
80Sataøen et al. 2017, s. 76.
81Nordvik 2007.
82Åsen 2005.
83Sataøen et al. 2014, s. 30.
84J. Nilsen 2014.
85Statkraft 2015.
86J. D. Bakken 2016.
87Rønningsbakk 2017.
88Hageskal 2015. Norges vassdrags- og energidirektorat 2016a og 2016b. Norsk Grønnkraft 2018. Omland 2018. Tjelle 2015.
89Statkraft 2016, s. 52.
90E-CO Energi 2015, s. 15.
91Aarre 2016.
92Troms Kraft 2011, s. 3 og s. 53.
93Lie 2014.
94Nordkraft 2014.
95Forland & Rørmark Åsberg 2015. Nordkraft 2016, s. 7. Nordlund 2015.
96Troms Kraft 2013, s. 5.
97Troms Kraft 2012.
98Opplysningsvesenets fond er eit sjølvstendig rettssubjekt skipa i 1821, er heimla i Grunnlovas § 106, og fondet er underlagt Kulturdepartementet. Opplysningsvesenets fond (2007). Årsrapport 2006. Oslo: Opplysningsvesenets fond.
99Engås 2017. Opplysningsvesenets fond: 2007, s. 17. 2010, s. 28. 2014, s. 14–15. 2015, s. 34–35. 2016, s. 38–39. 2017, s. 50–53.
100 Småkraftnytt 2018.
101Lauritzen 2018.
102Berge 2015.
103Rønningsbakk 2017. Sognekraft 2018.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon