La meg ta konklusjonen først: Harald Rinde har skrive ei regionhistorie det står respekt av. Han har teikna eit portrett av Nordland som er fullt av detaljar, men der detaljane heile vegen bidrar som nyansar i eit heilskapleg bilde av eit mangfaldig fylke. Boka bygger i hovudsak på ein omfattande sekundærlitteratur, men somme stader er det også gjort djupdykk i primærkjeldene, til dømes i ein god gjennomgang av tilhøvet mellom okkupasjonsmakta og leiinga for Sulitjelma gruver under krigen.

Tilnærminga er i hovudsak strukturhistorisk og ber preg av at forfattaren er grundig skolert i bedriftshistorie og næringslivshistorie, men det er også gode glimtar inn i det levde livet i landsdelen, der ikkje minst minneberetningar har vore brukte på ein instruktiv og illustrerande måte. Rinde skal også ha honnør for den måten han har synleggjort den mangfaldige samiske befolkninga i Nordland på. Gjennomgåande har forfattaren eit godt komparativt grep, der han søker å forstå både kva som er særeige og allment i utviklinga i Nordland ved å sjå fylket opp imot så vel andre landsdelar som generelle nasjonale utviklingstendensar. Det gjer at framstillinga også får rikshistorisk interesse, og forfattaren er ikkje redd for å dra inn tilhøve på nasjonalt nivå for å synleggjere og forklare det som har skjedd i Nordland. Stundom er jamført med andre delar av Nord-Norge, andre gonger er det andre distriktsfylke som Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane eller Nord-Trøndelag. Alle desse liknar Nordland i at dei ikkje har noko eintydig fylkessentrum, og at det til tider har vore sterke rivningar mellom regionar på lågare nivå, gjerne i form av gamle fogderi.

Kva slags bilde av Nordland på 1900-talet er det så som stig fram frå boksidene?

Den viktigaste tendensen er det Rinde sjølv i innleiinga karakteriserer som «en mangslungen moderniseringsprosess». Boktittelen «Det moderne fylket» blir dermed noko misvisande, for det framgår tydeleg at Nordland rundt 1900 mangla svært mange av dei særdraga som ein gjerne knyter til det «moderne». Omstillinga var mest grunnleggande på det økonomiske området, slår Rinde fast, «som litt etter litt forvandlet et fattig og lavproduktivt fiskerbondesamfunn til et materielt velstående, teknologi- og industribasert forbrukersamfunn.» Den einaste moderne storbedriften i fylket rundt førre hundreårsskiftet, var Sulitjelma gruver. Men Narvik var under utbygging som utskipingshavn for svensk jernmalm, og dampbåtane var eit moderne innslag i samferdsla. Elles følgde svært mye velkjende mønster frå hundreåret før.

Eit grunntrekk ved utviklinga blir dermed innhenting av eit forsprang som dei meir økonomisk utvikla delane av Sør-Norge hadde opparbeidd seg, og den viktigaste fasen i innhentinga var dei første tiåra etter krigen, da det vart reist ny storindustri fleire stader i fylket, framfor alt i Mo i Rana, Mosjøen og Glomfjord. Staten spela ei avgjerande rolle i denne verksemda, viser Rinde, ikkje berre i form av direkte statseige som på Mo, men også gjennom gunstige avskrivingsreglar, kraftprisar og andre rammevilkår for dei private konserna Hydro og Elkem da dei etablerte seg i fylket. «De nye storindustrielle bedriftene i Nordland ville neppe blitt lagt til fylket, om det ikke hadde vært for statlig tilrettelegging og initiativ», slår Rinde fast. «Trolig ville også omstillingen i landbruk og fiskeri gått noe tregere med en mindre hardhendt moderniseringspolitikk.» Moderniseringa kom med andre ord i hovudsak ovanfrå og utanfrå. Lokale og regionale initiativ var ikkje fråverande, men hadde jamt over mindre å seie.

Fram til krigen var Nordland såleis lite industrialisert, jamført med landsgjennomsnittet. Berre Hedmark og Troms hadde færre industriarbeidarar i høve til folketalet i 1936. Kvifor kom så Nordland så seint med i industrialiseringa?

Rinde stiller seg avvisande til forklaringar som legg hovudvekta på kultur og mentalitet. Allment er kulturelle bindingar til ein tradisjonell økonomi ein faktor ein ikkje skal sjå bort ifrå, skriv han, men han ser ingen grunn til å tru at dei har vore spesielt sterke i Nordland. Det er ikkje vanskeleg å finne andre, fullt tilstrekkelege forklaringar, hevdar han, «forklaringer som dessuten er lettere etterprøvbare enn det svakt underbygde postulatet om en særskilt nordnorsk mentalitet.» Låg lokal etterspørsel, lange avstandar til meir kjøpekraftige marknader, avgrensa tilgang til lokal kapital og høge kostnader knytt til utbygging av infrastruktur, er hovudforklaringane til at Nordland enno like før krigen i hovudsak framstod som eit fiskeri- og småbrukarsamfunn. Om slike strukturelle forklaringar tvillaust ber langt, verkar det likevel vel bastant å avvise at kulturelle skilnader kan ha vore til stades til dømes mellom vestlandsfiskarar med ein sterkare entreprenørkultur og nordnorske fiskarar som fekk livsforma si prega i kystfisket og på Lofothavet. Her er det grunnlag både for meir forsking og meir debatt!

På somme felt innebar også krigen eit skuv framover i moderniseringa. Framfor alt galdt det den forserte utbygginga av Nordlandsbanen og av vegnettet, der krigsfangar og andre tvangsarbeidarar var ein viktig del av arbeidskrafta. Moderne fryseribedrifter i Bodø og Melbu innevarsla dessutan nye tider i fiskeforedlinga. Dei økonomiske sidene ved okkupasjonen er likevel berre eitt av ei rekke tema som blir tekne opp i det innsiktsfylte kapitlet om krigen, det fyldigaste og breiast tilrettelagte i heile boka. Berre eitt tema kunne denne meldaren ha tenkt seg grundigare belyst i dette kapitlet. Det er den fraterniseringa som må ha gått føre seg også i Nordland i bygder med få innbyggarar og mange soldatar. Dette er eit tabubelagt tema som det har vore vanskeleg å finne gode kjelder til; det har nok medverka til at temaet er fråverande også i denne framstillinga.

Rinde passar seg vel for å bruke ordet «primitivt» om det gamle samfunnet, for dei som meistra det, sat på eit forråd av kunnskapar og kompetansar som ein skal vere varsam med å undervurdere. Somme har da også i ettertid framstilt overgangen til eit urbanisert, seinindustrielt samfunn som ei tapsforteljing. Rinde refererer desse haldningane, men synest å ha eit distansert forhold til dei. Forteljinga om moderniseringa av Nordland blir hos Rinde dermed i hovudsak ei vekst- og velstandsforteljing.

Denne meldaren er ikkje usamd i ei slik hovudforteljing, så lenge ein ser at det også kan lagast andre forteljingar om utviklinga. Under alle omstende vart det umogleg alt frå 1970-åra og utetter å oppretthalde den tidlege etterkrigstidas variant av forteljinga, der industrialisering og eit rasjonalisert heilårsfiske skulle avløyse fiskarbonden og småbrukaren som hovudtilpassing. Særleg frå 1990-åra og utetter har utviklinga i fylket vore prega av stagnerande eller minkande folketal i stadig fleire kommunar. Så vel industri som fiskeri og jordbruk har vore gjennom lengre fasar med nedleggingar og rasjonaliseringar, og ein aukande del av innbyggarane både i vekst- og uttynningsområde har henta utkomet sitt frå offentleg verksemd som i siste instans har basert seg på gode oljeinntekter for den norske staten. «Spørsmålet var om den nye formen for statsavhengighet var særlig mer betryggende enn den gamle», skriv Rinde, attpåtil før det nye oljeprisfallet tok til å gjere seg gjeldande etter 2013. Spørsmålet kan stillast i langt fleire fylke enn Nordland, men det gjer det ikkje mindre påtrengande av den grunn.

Med dette er vi over i avslutninga av boka. Det står ikkje til å nekte at framstillinga særleg av tida etter 1980 er langt meir fragmentarisk enn den breie og grundige gjennomgangen av dei tidlegare periodane, og ein kan mistenke at tidsnauda har vorte ganske akutt mot slutten av oppdragstida. Det har mellom anna ført til at fleire tema som har vore inne i framstillinga i dei tidlege kapitla, forsvinn heilt ut av syne i dei seinare. Eitt slikt tema er sjukehusa, som har vore viktig ikkje berre for helsetilstanden til folk, men også som arbeidsplassar og som politisk stridstema. Eit anna tema gjeld handelsomlandet til lokale og regionale sentra, ein variabel som fortel svært mye om sentralitet. Dekningsområdet for avisene i landsdelen blir stundom berørt, men til dømes nedgangen for Lofotposten som største avisa i fylket til lokalavis for Svolvær og omegn, er eit tema ein gjerne skulle ha visst meir om. Omlegginga i rutebåttrafikken da hurtigbåtane kom, er berre nemnt i forbifarten. Heilt mot slutten av boka kjem fleire viktige og innsiktsfulle drøftingar, men dei kjem gjerne i kort, konsentrert form, og ein kunne berre ha ønskt at forfattaren kunne ha utdjupa resonnementa sine grundigare på enkelte sentrale punkt.

Det gjeld framfor alt spørsmålet om i kor stor grad Nordland fylke kan sjåast som ein integrert heilskap med stor grad av indre identifikasjon. Spørsmålet er viktig, og går igjen fleire stader i boka. Hovudsynspunktet til forfattaren er at Nordland gjennom det meste av perioden framstår som ei dårleg integrert eining, der så vel innbyggarar som politiske leiarar identifiserer seg i langt større grad med landskap og lokalsamfunn på lågare nivå. Eit godt eksempel frå tidleg i hundreåret er at dei nordlege og ytre delane av fylket ikkje ville stø arbeidet med å få bygd ein nordlandsbane.

Slik Nordland er arrondert, ville det strengt teke ha vore forbausande om fylket hadde utvikla nokon sterk fylkesidentitet. Det har ein heller ikkje i jamførbare kystfylke som Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Mot slutten reiser Rinde likevel spørsmålet om ein ikkje kan lese ein aukande integrasjon ut av den kjensgjerninga at Bodø framstår som det tvillause vekstsenteret i fylket, der stadig fleire sentrale vekstdrivande funksjonar har vorte lokaliserte. Veksten i Bodø har mellom anna ført med seg at ein felles nordnorsk identitet som var i sterk frammarsj frå 1970 og utetter, har vorte avløyst av ei stadig sterkare rivalisering mellom Bodø og Tromsø, som meir enn gjerne gjer krav på å vere landsdelshovudstad.

Kor vidt veksten i Bodø er eit tegn på at resten av fylket også i aukande omfang orienterer seg dit, er likevel eit spørsmål som krev grundigare undersøkingar og drøftingar. Ein alternativ hypotese er at Bodø som bysamfunn har samla tilstrekkeleg mange vekstdrivande faktorar til at byen aukar av eiga kraft, men at fylkessenterfunksjonen berre er ein mindre og avgrensa faktor i den samla veksten, medan sørdelen av fylket også trekker sørover mot Trondheim og norddelen trekker nordover mot Tromsø. Når Høgskolen i Narvik vart ein del av UiT og ikkje av det nye Nord universitet, kan det vere ein indikator i den retninga.

Det redaksjonelle arbeidet med boka er jamt over av høg klasse. Bokforma er tiltalande, papirkvaliteten og trykket godt. Bildeutvalet, der Guri Dahl har vore bilderedaktør, er av misunningsverdig høg klasse, og bildeattgjevinga er profesjonell. Her har ein ikkje vore redd for å gje gode bilde den plassen dei fortener. På eitt felt held boka likevel ikkje mål. Det gjeld registeret, som er så snargjort og ufullstendig at det gjer det omtrent uråd å bruke boka systematisk. Eit døme er omtalane av to av dei viktigaste lokale gründerfamiliane i fylket tidleg på 1900-talet, brørne Ragnar og Eiler Schjølberg i Bodø og far og son Christian og Gunnar Frederiksen i Melbu. Ragnar Schjølberg har fått tre tilvisingar i registeret; eg har utan å gjere krav på å vere fullstendig, fire til. Dei to blad Frederiksen har til saman fire tilvisingar i boka, eg har seks i tillegg. Å føre opp «etnopolitisk aktivisme» som oppslagsord og berre ha to tilvisingar seint i boka er meiningslaust, enda verre er det at einaste tilvisinga til «samer» er til innleiingskapitlet. Forlaget burde for sin eigen profesjonalitets del utarbeide eit nytt register og legge ut på nettsidene sine som hjelpemiddel for alle som er interesserte i å bruke boka som oppslagsverk.