Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Salt – ressurs og handelsvare i middelalderen

Salt – a resource and commodity in the Middle Ages

ph.d. i arkeologi ved Universitetet i Bergen

Throughout the Middle Ages there was a surplus production of salt in several of the inner fjords of Norway. For farms in these areas, salt production was part of a diversified economy where a number of resources could be utilised, such as animal husbandry, agriculture or fishing. Salt was produced by heating seawater in large shallow iron pans. This required substantial amounts of firewood, thus making the inner fjord areas especially suited for salt production.

Another likely contributing factor for the surplus production of salt in the inner fjord areas was proximity to mountainous and valley regions, where salt had to be imported. Place names and written sources indicate that salt was an important commodity between inner fjords and the inlands of South Norway.

Introduksjon

Salt er eit naudsynt tilsetningsstoff, både til menneskje og husdyr. I tillegg til å dekke reint fysiologiske behov gav salt også variasjon i kosten og maten ein meir markant smak. Gjennom middelalderen fekk salt òg ei aukande betyding til konservering av mat, pels og skinn.

I internasjonal samanheng ligg det føre fleire nyare forskingsverk om salt i førhistorisk tid,1 medan framstilling og bruk av salt i norsk middelalder i liten grad har vore gjenstand for arkeologisk eller historisk forsking. Det finst likevel enkelte artiklar og bidrag i lokalhistorisk litteratur, og historikar Bernt Lorentzen sin relativt omfattande bok Salt.2

Eg vil i denne artikkelen sette fokus på salt som ressurs i middelalderen i Sør-Noreg: Korleis vart salt framstilt, og er det noko område som skil seg ut med stor saltproduksjon? Eg vil òg forsøke å syne omfanget og verdien av saltproduksjonen. Behovet for ein stabil tilførsel av salt aukar di lenger unna ein kjem det salte sjøvatnet. Eg vil difor drøfte kva rolle salt spela som handelsvare, særleg mellom kyst- og fjordstrøk og fjell- og dalbygdene i Sør-Noreg.

Metode og materiale

Det eksisterande datamaterialet om saltets økonomiske rolle i middelalderen er sparsamt og fragmentert, og ein er avhengig av å bruke av opplysningar frå eit breitt spekter av relevante skriftlege, geografiske og arkeologiske kjelder.

Nærleik i tid og rom er alltid halde som eit kriterium for ein god analogi. Eg meiner såleis at nordisk seinmiddelalder og tidleg moderne tid kan utgjere eit verdifullt samanlikningsgrunnlag for å forstå bakgrunnen og motivasjonen for val som vart tatt i tidleg- og høgmiddelalder. Ved å ta i bruk kjelder frå tidleg moderne tid kan ein nyansere det arkeologiske og historiske kjeldematerialet frå middelalderen, og dette kan omtalast som retrospektiv metode.

Retrospektiv metode er kort fortalt å kaste ljos over strukturar som har halde seg meir eller mindre uforandra i det tidsrommet ein sluttar bakover, eller at endringane har skjedd i eit mønster som er kjent for forskaren.3 Opplysningar må korrigerast mot anna, eldre kjeldemateriale der dette finst.4

Det er sannsynleg at for delar av landet var levevilkåra nokså stabile over lang tid. Om ein ser på gardsreiskapar eller om ein tek utgangspunkt i føresegna i lovene, ser det ikkje ut til at det har vore drastiske endringar i driftsmåtane frå tidleg middelalder og fram mot 1800-talet.5 Det betyr likevel ikkje at ein utan vidare kan overføre 1700- og 1800-talets bruksmåtar til tidleg- og høgmiddelalder, men det betyr at det er visse naturgjevne føresetnadar og avgrensingar som har vore til stades og som ein må ha tatt omsyn til, i middelalderen så vel som på 1700-talet.6

Kjeldene viser at iallfall frå vikingtid og middelalder har det vore ein viss spesialisering med utgangspunkt i tradisjonar og ulike naturvilkår, og då også ei vareutveksling mellom grender. Samstundes vil hendingar spele inn på denne strukturen, som oppkomst av kyrkje- og kongemakt eller endring i etterspørselen etter ulike varer og ressursar.

I arbeidet med å identifisere område med saltframstilling og saltets økonomiske betyding, har eg, så langt det let seg gjere, tatt utgangspunkt i skriftlege kjelder og arkeologiske funn eller strukturar. Ei kartlegging av regionar som betalte landskyld i salt, kan gje viktige indikasjonar på sentrale område for saltproduksjon. Det same kan konsentrasjonar av stadnamn om salt og saltframstilling. Det må bli presisert at denne framgangsmåten gjev utfordringar knytt til tidfesting.

For å kartlegje regional overskotsproduksjon og for å visualisere sentrale område for saltframstilling, har eg tatt i bruk geografiske informasjonssystem (GIS). Dei fleste arkeologiske funn og kulturminnelokaliteter i Noreg er digitalisert og ålment tilgjengeleg.7 I tillegg har eg tatt i bruk data frå andre felt som historiske kjelder, stadnamn og historiske kart. For å indikere ferdselsårer og moglege handelsruter der salt inngjekk, har eg nytta historiske kart og beskrivingar frå tidleg moderne tid. Det er vist ein høg korrelasjon mellom kommunikasjonsruter frå tidleg moderne tid og i middelalderen.8

Framstilling av salt i Noreg

Salt kan bli framstilt på fleire måtar, men det mest utbreidde er utvinning frå sjøvatn eller uttak frå gamle saltavleiringar.9 Bergsalt finst ikkje i Skandinavia, og framstilling frå sjøvatn er såleis det einaste alternativet til import av salt frå kontinentet.10

Vanleg sjøvatn inneheld om lag 3,5 gram salt per liter. Det betyr at det er store mengder væske som må bli fordampa for å framstille salt. I varme strøk kan dette bli gjort i grunne basseng ved hjelp av solvarmen. Dette er ein energieffektiv måte å framstille salt på og krev få ressursar, medan i Skandinavia gjev sola mindre varme, og i tillegg er luftfuktigheita relativt høg. Ein var såleis avhengig av å tilføre varme for å kunne framstille salt.11 Dette vart gjort ved å fyre under store jernkjelar eller jernpanner fylt med sjøvatn. Kjelen måtte vere stor og så flatbotna som mogleg, så vatnet fortast mogleg kunne fordampe.

På grunn av dei store mengdene vatn som måtte fordampe, kravde saltkoking eller saltsyding store mengder ved til brensel. Det fanst rett nok metodar for å auke saltinnhaldet i sjøvatnet. På sommaren vart solvarmen brukt så langt det let seg gjere, og på vinteren kunne ein fryse sjøvatn og fjerne isen etter kvart, sidan salt blir skilt frå når saltvatn frys til is.12

Saltvatn er tyngre enn ferskvatn, og særleg i indre fjordområde er dette merkbart ved at elvar tilfører ferskvatn og bidrar til eit mindre salthaldig overflatevatn. Olaus Magnus skriv på 1500-talet korleis nordmenn brukte uthula furu- eller granstokkar for å få opp meir salthaldig vatn frå større djup.13

Sjølv om ein kunne auke saltinnhaldet i vatnet, vil det framleis ta tid å framstille salt ved fordamping. For at regn ikkje skulle utvatne sjøvatnet i løpet av prosessen, vart det ofte bygd tak over saltkjelen, såkalla sydehytter eller saltbuer.14 Slike buer må ein rekne var særleg viktige på Vestlandet.

Saltframstilling er nemnt i middelalderlovane, sagaer og i diplommaterialet.15 Men det er få opplysningar om sjølve arbeidsprosessen og det er heller ikkje bevart kjelar som ein veit har vore saltkjelar i det arkeologiske materialet.

Frå 1800-talet finst likevel ei beretning frå Romsdal om framstilling av salt som ein kan rekne er relativt lik framgangsmåten i middelalderen. Saltframstilling i Romsdalen fekk eit oppsving i samband med blokadane som fylgje av Napoleonskrigane, og i ein notis i Romsdals Budstikke 1. mai 1897 står det nokre utfyllande opplysningar om denne verksemda. Det er då opplyst om at i 1805 gjekk fire menn saman og laga ein «en ‘Kindel’ av Stangjern til Saltkogning; den var opsat på en Mur og der var bygget et Stenhu. Saltvandet bragtes op af Søen ved en Pumpe. ‘Kindelen’ var 6 ¾ sjællandske Alen lang og 2 Alen bred».16 Den beskrivne kjelen er av betydeleg storleik, omrekna til å vere på 4,24 x 1,25 m.

Fordamping av sjøvatn produserte såkalla kvitt salt, medan såkalla svart salt vart produsert ved å brenne tang.17 Tang vart tørka og brent, før ein blanda oska med sjøvatn og kokte inn laken til salt. Saltet vart også kalla tangsalt og hadde betrakteleg dårlegare kvalitet, og det er sannsynleg at det fyrst og fremst vart gjeve til husdyr.18 Men heller ikkje kvaliteten på kvitt salt var vidare god, det var grått og bittert på smak.19

Figur 1. Produksjon av salt på Læsø etter tradisjonelle metodar. Foto: Gunnar Bach Pedersen.

Sentrale område for saltframstilling

Det føregjekk ein omfattande produksjon av salt på kontinentet, og dette saltet hadde ein betrakteleg høgare kvalitet enn salt framstilt i Noreg. Trass i dette ser det ut til at hovuddelen av saltet som vart nytta fram til 1400–1500-talet, var heimleg produsert.20 Frå midten av 1200-talet blir ei rekke verksemder og ressursutnyttingar tiendepliktig, derunder saltframstilling.21 Dette i seg sjølv syner eit visst omfang av saltproduksjonen. Noko salt vart også eksportert, både til England og til Sverige. Blant anna ligg eksport av salt til grunn for toll-lovgjevinga i 1316.22

Det er likevel ingen indikasjonar på at saltframstilling i Noreg i middelalderen i noko stor grad vart organisert utanfor gardssfæren – dette i motsetnad til i Danmark, der det på øya Læsø i Kattegat gjekk føre ein storstilt saltproduksjon frå om lag 1200 til midten av 1600-talet, jf. figur 1.23 Så mange som 25 salthytter var i bruk samstundes, og det var naudsynt med åtte–ti personar for å drifte ei salthytte.24

I Oslofjordområdet var riktig nok cisterciensarklosteret på Hovedøya ein betydeleg aktør, både i samband med framstilling av og handel med salt, men då fyrst og fremst gjennom eigarskap i saltkjelar og mottakar av store mengder salt som landskyld.25

I lag med Oslofjordområdet, står Hardanger fram blant dei mest sentrale områda for framstilling av salt. Salt frå Hardanger er spesielt nemnt av Arent Berntsen i Danmarckis og Norgis fructbare Herlighet frå 1656, og av Peder Claussøn Friis i Norrigis Bescriffuelse som kom ut i 1632.26 Berntsen skriv at det vart framstilt så mykje salt i Hardanger «at de der aff til andre kunde hafve at affhende». Om lag 100 år tidlegare skriv Absalon Pederssøn Beyer det same i sitt verk Om Norgis Rige (1567–70):

Udi Hardanger brender man maadelig godt salt, der vanker godt smør, fæ, lax, vildvare. Disse Hardanger havue i fordom tid verit saa rige, mandelige oc duelige, at de have seglet til Grönland, Island, Biarmeland, oc ført dit salt, jern oc andre gode varer, oc have de havt der til store skib, som deris store naust, murede op med stene, nocksom tilkenne give.27

Salt som landskyldvare

Salt opptrer altså også som landskyldvare og er nokre stader den dominerande landskyldvara. Landskyld var opphavleg den årlege avgifta leiglendingen utreidde til eigaren for bruken av leigd jord, medan i Landslova vart landskyld bruka som grunnlag for utlikning av leidangsskatten, og landskyld vart etter kvart ein verdimålar også for sjølveigarbruk.28

Fyrst gjennom skattematrikkelen 1647 får me ein heilskapleg oversikt over landskyldvarer i Sør-Noreg. Desse fell i grove trekk bra saman med nærings- og ressursgrunnlaget slik me kjenner det frå nyare tid, der kornvarer, smør og huder var dei viktigaste landskyldvarene. Landskyld vart også betalt med varer som laks, jern, tjære eller gråskinn, medan salt er oppført som den dominerande landskyldvara i ytre Vestfold og indre Oslofjord.29

Figur 2 syner den geografiske fordelinga av dominerande landskyldvarer frå rundt midten av 1600-talet. Dette viser likevel ikkje heile biletet då landskylda ofte vart betalt i fleire varer. Det gjekk i tillegg føre seg ei uniformering av landskyldvarer, og lenger bakover i tid møter ein eit breiare utval av landskyldvarer. I tillegg kan bøndene ha betalt med pengar eller andre vareslag tilsvarande verdien oppgjeve i «normalvaren».30

Figur 2. Kart over dominerande landskyldvarer ved ulike regionar, 1647. Kart etter Martinsen 1980: 15.

I Norske Lensrekneskapsbøker 1548–1567 er det òg ført opp ei rekke gardar i Oslofjordområdet og Hardanger som betalte landskyld og tiend med salt, og enkelte gardar ved Trondheimsfjorden.31 I rekneskapane til Bergens Kongsgaard frå 1518 og 1519 er det ført opp fleire tønner med «Hardangersalt».32 Også i lensherren Vincents Lunges jordebok frå 1535 er salt vanleg som landskyld for gardane i Jondal, Øystese, Kinsarvik og Ullensvang sokn.33

I tidleg- og høgmiddelalder er skriftlege kjelder som omhandlar salt som ressurs og vare sjeldnare. I diplommaterialet frå høgmiddelalderen er salt likevel nemnt i samband med fleire eigarskifte, og også i dette materialet står Oslofjordområdet, saman med Hardanger, fram som sentrale regionar34 – til dømes i brev frå 1316, der Munkelivs kloster i Bergen makeskifta imellom Vambheim i Ulvik og Bakke i Herand, og saltkokeplassen blir halden utanfor skiftet.35

Stadnamn kan òg peike mot saltbrenning som ein ressurs, og stadnamn knytt til salt finst mange stader i landet, men også her skil Oslofjordområdet og Hardanger seg ut.36 Som nemnt er det likevel usikkert kva tidsperiode saltnamna stammar frå.

Verdien

Frå slutten av 1300-talet var salt ein halv gong til så dyrt som rug i Lübeck, og saltprisane var høge fram mot slutten av 1500-talet.37 Saltutvinningsmåtar og mange stader ein lang transport gjorde at også heimleg salt var ein kostbar vare. Det er såleis lite sannsynleg at salt vart nytta til konservering i noko utstrekt grad, men at ein minimerte bruken av salt og heller tørka eller røykte fisk og kjøt. Salt var i fyrste rekke nytta i samband med mat til det direkte konsum ein trong av fysiologiske grunnar.38

At landskyld vart betalt i salt fleire stader, tilseier at salt hadde ein varig og stabil verdi.39 Kostnadane knytt til saltframstilling kjem fram i eit dokument frå 1395 som beskriv salet av garden Reinlid i Valdres, saman med halvparten av eigarrettane til ein saltkjele.40 Verdien på halvparten av saltkjelen er i diplomet sett til å vere 14 kyrlag. Verdien av ein saltkjele finn ein òg beskrive i eit diplom frå 1356, mest sannsynleg frå Hallingdal.41 Her blir det opplyst om ein jordhandel der tre firedelar av eigarrettane til ein saltkjele fylgde handelen. Verdien på desse tre firedelane er sett til 10 ½ kyrlag, det vil seie det same som meir enn ti fullgode kyr.42

I diplomet frå Valdres er kjelen beskrive å romme 7 laupar à 16,2 liter, eller 113,4 liter. Det er som nemnt ikkje bevart saltkjelar, men det er likevel grunn til å rekne med at saltkjelane hadde låge kantar og størst mogleg areal. Slik kan ein fordampe mest mogleg vatn på kortast tid, og ein utnyttar mest mogleg av jernet. Om ein reknar kjelen som er beskrive frå Romsdal i 1805 med kantar på om lag ein tomme, romma denne kjelen 126 liter.43 Dette er nær volumet på saltkjelen som er beskrive frå Valdres, og ein kan anta at saltkjelane i middelalderen kunne svare til storleiken på kjelen som er beskrive frå Romsdal i 1805.

Det er sannsynleg at jernet til saltkjelane kom frå fjell- og dalbygdene, sidan det gjekk føre ein storstilt overskotsproduksjon av jern i det sørnorske innlandet frå sein vikingtid og til og med høgmiddelalderen.44 Frå seinmiddelalder er det sannsynleg at jernet kom som handelsvare frå Sverige og seinare moglegvis frå norske jernverk.45

I tillegg til kostnadane knytt til saltkjelen var ein avhengig av store mengder ved til brensel. Tilgang på trevirke til framstillinga av salt har vore rekna som ein gardsrett, og det er tydeleg at allmenningsskog ikkje fritt kunne bli brukt til saltbrenning etter dei gamle norske lovene.46

Salt – ressurs og vare

Dei høge prisane på importert salt betydde at det var eit økonomisk grunnlag for heimleg produsert salt gjennom høgmiddelalderen, og det er heller ingen indikasjonar på at salt vart importert i tidleg middelalder. Ein ytterlegare årsaksfaktor til saltproduksjonen i Noreg ligg i landskap og topografi. Sjøvatn var det rikeleg tilgang på langs kysten, men fjordane gjorde at det også var relativt lett tilgang på trevirke til brensel. Difor finn ein òg at saltframstilling var meir utbreidd i indre fjordområde enn ute ved kysten. Likevel blir saltframstillinga forsøkt regulert gjennom middelalderlovane, og det er sannsynleg at det er frykta for avskoging som har vore blant drivkreftene for å regulere produksjonen.47

Som vist var salt del av landskyldvarene når desse blir synlege i kjeldene. Landskyldvarer som basis for oversikt over dominerande vareslag blir vanskelegare dess lenger ein går bakover i tid. I tilfellet salt kan det likevel nyttast for å indikere regionmessig spesialisering også i tidleg- og høgmiddelalder, då det ikkje er økonomiske eller teknologiske endringar som tilseier store forskuvingar i saltframstillingsområde gjennom middelalderen.

Framstillinga av salt vart utført som gardserverv av éin eller fleire gardar, og for enkelte område kunne saltframstilling vere ein betydingsfull ressurs. I ei rettarbot frå 1380 finn ein òg salt som del av dei mest sentrale handelsvarene til bøndene, i lag med varer som naut, sau, svin, smør, vadmål, lerret, høns eller gjæser.48 Ein kan såleis rekne med ein viss regional overskotsproduksjon av salt fleire stader i Noreg i middelalderen. Det er sannsynleg at det var ein stabil etterspurnad etter salt, og av naturlege årsaker var salt særleg ettertrakta i innlandet.

Både i Valdres og Hallingdal er det døme på gardar med eigerettar i saltkjelar ved Hardangerfjorden.49 Dette var ein måte å oppretthalde ein stabil tilførsel av salt, men det kravde varige økonomiske og sosiale nettverk med gardar langs kyst eller fjord som kunne framstille salt.

Også gjennom handel kunne innlandet sikre ein tilførsel av salt. Fjell- og dalbygdene hadde varer som var ettertrakta i kyst- og fjordstrøk, som jern, gevir, skinn og pels, og det gjekk føre seg ein omfattande overskotsproduksjon basert på desse ressursane i innlandet i tidleg- og høgmiddelalder, sjå figur 3.50 Det er sannsynleg at salt har vore del av handelsvarene som gjekk mellom kyst- og fjordstrøk og innlandet, i lag med varer som korn, fisk, jern, skinn og pels.

Saltets rolle i innlandshandelen er vanskeleg å påvise arkeologisk, men stadnamn kan indikere betydinga av salt som handelsvare – til dømes Saltmannaveg, som er namnet på fleire av vegane frå Valdres mot Vestlandet, Saltvoll ved marknadsplassen i Røldal, og marknadsplassen Saltpytt på Hardangervidda frå tidleg moderne tid.51

Figur 3. Oversiktskart over område med sannsynleg overskotsproduksjon i perioden 1000–1300. Kartet viser òg dei mest sentrale slepa, i tillegg til 1800-talets hovudvegar og gode bygdevegar, samt middelalderens marknadsplassar og sesongmessige møte- og marknadsplassar omkring Hardangervidda (Loftsgarden, 2017, s. 213).

Samla vurdering

Gjennom middelalderen gjekk det føre seg ein overskotsproduksjon av salt i indre fjordområde, og særleg Oslofjordområdet og Hardanger står fram som sentrale regionar. For gardane i desse områda kunne saltframstilling inngå som del av ein gardsøkonomi der ein tok i bruk ei rekke ressursar, som korndyrking, februk eller fiske. Særleg relativt god tilgang på trevirke og nærleiken til saltfattige fjell- og dalbygder har vore viktige faktorar for overskotsproduksjon av salt i indre fjordområde. Vidare må ein rekne at stabile økonomiske relasjonar har vore ein viktig føresetnad for å gå i gang med omfattande saltproduksjon. Ein saltkjele var verdifull og representerte ei stor investering, og fordamping av sjøvatn kravde store mengder brensel i form av trevirke. Ein måtte såleis vere viss på å få igjen for ressursane ein la ned i saltframstillinga.

Stadnamn, skriftlege kjelder og beskrivingar frå nyare tid tyder på at salt har vore ein viktig handelsvare mellom indre fjordområde og fjell- og dalbygdene. Gjennom handel på marknadsplassar kunne befolkninga i innlandet få tilgang på naudsynte varer som salt, men også korn eller kleber. Likeins kunne salt som handelsvare vere med å sikre ein stabil tilførsel av varer som jern, skinn, pels og gevir til kyst- og fjordstrøk.

Litteratur

Austigard, B. & Holsbøvåg, K. M. 1991: Saltbrenning i Romsdalen. I B. Austigard & N. Parelius (red.), Romsdal Sogelag Årsskrift 1991 (s. 7‒15). Molde: EKH Trykk.

Berntsen, A. 1656: Danmarckis oc Norgis Fructbar Herlighed: Udi Fire Bøger forfattet. Kiøbenhafn: Prentet aff Peder Hake, paa Jørgen Holsts Bogf. Bekostning.

Beyer, A. P. 1928 [1567–1570]: Om Norgis rige. Bergen: F. Beyers forlag.

Bjørke, S. 1987: Fjord- og fjellfolket: Handel og vandel i eldre tid. Os: Samson Bjørke.

Bjørkvik, Halvard 1970a: Skatter. I KLNM XV, redigert av Finn Hødnebø, s. 425–435. Oslo: Gyldendal.

Blom, G. A. 1969: Salthandel. I KLNM XIV, redigert av Finn Hødnebø, s. 712. Oslo: Gyldendal.

Bowitz, B. C. 2009: Hovedøya Maria kloster – langt fra menneskers ferdsel? En analyse av klosterets økonomiske forhold. Upublisert mastergradsoppgave i historie. Oslo: Universitetet i Oslo.

Brigand, R. & Weller, O. (red.) 2015: Archaeology of Salt: Approaching an invisible past. Havertown: Sidestone Press.

Bugge, A. 1925: Den norske trælasthandels historie. Skien: Fremskridts Boktrykkeri.

DN: Diplomatarium Norvegicum. Oldbreve til Kundskab om Norges indre og ydre Forhold, Sprog, Slægter, Sæder, Lovgivning og Rettergang i Middelalderen. Utgjeven av Christian Christoph Andreas Lange, Carl Richard Unger mfl. 1847–2011. 23 bind. Christiania/Oslo (http://www.dokpro.uio.no/dipl_norv/diplom_felt.html).

Egils-soga. Oversatt av Leiv Heggstad. Oslo: Samlaget 1942.

Friis, P. C. 1632: Norriges oc omliggende Øers sandfærdige Bescriffuelse: indholdendis huis vært er at vide, baade om Landsens oc Indbyggernis Leilighed oc Vilkor, saa vel i fordum Tid, som nu i vore Dage. Kiøbenhaffn: Hos Melchior Martzan: paa Jochim Moltken Bogførers Bekostning.

Fritzner, J. 1896: Ordbog over det gamle norske Sprog, vol. III. Kristiania: Den norske Forlagsforening.

Fønnebø, R. 1988: Langs Nordmannsslepene over Hardangervidda. Oslo: Universitetsforlaget.

G: Den ældre Gulathings-lov, NgL I, s. 1–118 / Gulatingslovi, omsett av Knut Robberstad. Oslo: Samlaget 1981.

Hansen, L. I. 1980: Markebol og ødegårder: Bosetning og økonomiske forhold i Fyresdal ca. 1300–1660, vol. 10. København: I kommission hos Landbohistorisk Selskab.

Hansen, L. I. 2010: Arkaiske bønder eller alternativ sosial logikk? Om telemarksbøndenes forhold til stat, eiendom, kirke og helvete i middelalderen. I H. J. Orning, K. Esmark & L. Hermanson (red.), Gaver, ritualer og konflikter – et rettsantropologisk perspektiv på nordisk middelalderhistorie (s. 117–161). Oslo: Unipub.

Holmsen, A. 1970 [1940]: Nye metoder innen en særskilt gren av norsk historieforskning. Hundre års historisk forskning: Utvalgte artikler fra Historisk tidsskrift (s. 156–179). Oslo: Universitetsforlaget.

Holmsen, A. 1976: Om å gå bakover i historien. Heimen, 17, 3–12.

Hovda, Per 1969: Salt. I KLNM XIV, redigert av Finn Hødnebø, s. 696–697. Oslo: Gyldendal.

Hvattum, H., Aars, I. & Hamre, T. B. 1993: På gamle vegar i Valdres: Vegbygging, vegvedlikehald og vegstyring i Valdres fram til slutten av 1800-talet: Vegkulturminne i dag. Fagernes: Valdres forlag og Valdres folkemuseum.

Indrelid, S. 1988: Jernalderfunn i Flåmsfjella. Arkeologiske data og kulturhistorisk tolkning. I A. Hagen, S. Indrelid, S. H. H. Kaland & B. Solberg (red.), Festskrift til Anders Hagen (s. 106–119). Bergen: Historisk museum, Universitetet i Bergen.

Iversen, F. 2008: Eiendom, makt og statsdannelse: Kongsgårder og gods i Hordaland i yngre jernalder og middelalder. Bergen: Universitetet i Bergen.

KLNM: Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder fra vikingtid til reformasjonstid. Bind 1–20, 1956–1978. Rosenkilde og Bagger. Oslo.

L: Den nyere Lands-Lov, udgiven af Kong Magnus Haakonssøn, NgL II, I–178 / Magnus Lagabøters landslov. Omsett av Absalon Taranger. 1915. Kristiania: Cammermeyers boghandel.

Landnåmsboken: Beretningen om landnåmet på Island ca. 870–930. Oversatt av Liv Kjørsvik Schei, 1997. Oslo: Aschehoug.

Larsen, J. M. 2013: Saltproduksjon – en stor industri i indre Oslofjord. Årbok for Asker og Bærum, vol. 53, s. 44–57. Asker og Bærum historielag.

Loftsgarden, K. 2017: Marknadsplassar omkring Hardangervidda – ein arkeologisk og historisk analyse av innlandets økonomi og nettverk i vikingtid og mellomalder. Upublisert doktorgradsavhandling i arkeologi. Bergen: Universitetet i Bergen.

Lorentzen, B. 1952: Salt. Bergen: Norske Saltkompagni.

Lunden, K. 2002: Frå svartedauden til 17. mai: 1350–1814. Oslo: Samlaget.

Magnusson, G. 2009: Om järnets roll. I B. Helgesson (red.), Järnets roll: Skånelands och södra Smålands järnframställning under förhistorisk och historisk tid (s. 7–19). Kristianstad: Regionmuseet Kristianstad/Landsantikvarien i Skåne.

Martinsen, L. 1980: Landskyld og landskyldvarer. I H. Winge & R. Fladby (red.), Den eldste matrikkelen: En innfallsport til historien: Skattematrikkelen 1647 (s. 13–18). Oslo: Universitetsforlaget.

Naylor, J. & Richards, J. D. 2010: A 'productive site' at Bidford-on-Avon, Warwickshire: Salt, communication and trade in Anglo-Saxon England. I S. Worrell, K. Egan, J. Naylor, K. Leahy & M. Lewis (red.), A Decade of Discovery. Proceedings of the Portable Antiquities Scheme Conference 2007 (s. 193–200): Oxford Archaeopress.

NgL: Norges gamle Love indtil 1387. Udgivne ved Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch. Bind I–V. 1846–1895. Christiania.

Nikolov, V. 2012: Salt, early complex society, urbanization: Provadia-Solnitsata (5500–4200 BC). I V. Nikolov & K. Bacvarov (red.), Salt and gold: tTe role of salt in prehistoric Europe: Proceedings of the international symposium (Humboldt-Kolleg) in Provadia, Bulgaria, 30 September – 4 October 2010 (s. 11–65). Provadia / Veliko Tarnovo: Verlag Faber.

NRJ: Norske Regnskaber og Jordebøger fra det 16de Aarhundrede, vol. 1–4. Det Norske historiske Kildeskriftfond. Christiania.

Olafsen, O. 1908: I gamle dage: Fortællinger og skildringer fra Hardanger. Bergen: C. Floor.

OM: Magnus, Olaus 2010 [1555]: Historia de gentibus septentrionalibus, earumque diversis statibus, conditionibus, moribus, ritibus ... necnon universis pene animalibus in Septentrione degentibus, eorumque natura. 22 Bind. Giovanni M. Viotto. University of Ghent. Elektronisk bok, tilgjengelig på https://books.google.no/books?id=O9lEAAAAcAAJ

Omdal, F. T. 2011: Saltproduksjonen i Indre Oslofjord. Vellum, 5, 37–47.

Opedal, H. 1951: Makter og menneske: Folkeminne ifrå Hardanger, vol. 7. Oslo: Norsk folkeminnelag.

Pettersen, G. I. 2013: Priser og verdiforhold i Norge ca. 1280–1500. Oslo: Riksarkivet.

RN: Regesta Norvegica. kronologisk Fortegnelse over Dokumenter vedkommende Norge, Nordmænd og den norske Kirkeprovins. Oslo: Norsk historisk kjeldeskrift-institutt (http://www.dokpro.uio.no/dipl_norv/regesta_felt.html).

Roland, H. 2001: Prosjekt Nordmannsslepene. Drammen: Buskerud fylkeskommune.

Rundberget, B. 2013: Jernets dunkle dimensjon: Jernvinna i sørlige Hedmark, sentral økonomisk faktor og premiss for samfunnsutvikling c. AD 700–1300. Upublisert doktorgradsavhandling i arkeologi. Oslo: Universitetet i Oslo.

Rynning, L. & Robberstad, K. 1968: Bidrag til norsk almenningsrett. Oslo: Universitetsforlaget.

Sandklef, Albert 1969: Salt. I KLNM XIV, redigert av John Granlund, s. 692–696. Gyldendal, Oslo.

Sandvik, E. 1992: Saltkoking i Trondheimsfjorden. I A. B. Øwre, E. Moen & O. Skevik (red.), Årbok for Nord-Trøndelag Historielag, vol. 1992. Steinkjer: Steinkjer Trykkeri.

Sanmark, A. 2009: Administrative Organisation and State Formation: A Case Study of Assembly Sites in Södermanland, Sweden. Medieval Archaeology 53, 205–241.

Steen, S. 1929: Ferd og fest: Reiseliv i norsk sagatid og middelalder. Oslo: Frydenlunds bryggeri.

Steinnes, A. 1930: Gamal skatteskipnad i Noreg. Oslo: I kommisjon hos Dybwad.

Steinnes, A. 1936: Mål, vekt og verderekning i Noreg i Millomalderen og ei tid etter. I S. Aakjær (red.), Maal og vægt (s. 84–154). Stockholm: Bonnier.

Swahn, J.-Ö. & Bryde, S. 1991: Krydder: Historien om kryddernes opprinnelse, bruk og egenskaper. Oslo: Teknologisk forlag.

Torsteinsson, Björn 1969. Salt. I KLNM XIV, redigert av Jakob Benediktsson og Magnús Már Lárusson, s. 698. Oslo: Gyldendal.

Vellev, J. 1993: Saltproduktion på Læsø, i Danmark og i Europa. Højbjerg: Forlaget Hikuin.

Weller, O. 2015: First salt making in Europa: A global overview from neolithic times. I R. Brigand & O. Weller (red.), Archaeology of Salt: Approaching an invisible past (s. 67‒82). Havertown: Sidestone Press.

Øye, I. 2002: Landbruk under press, 800–1350 Jorda blir levevei: 4000 f.Kr. – 1350 e.Kr. (s. 215–414). Oslo: Samlaget.

1T.d. Brigand & Weller, 2015; Naylor & Richards, 2010; Nikolov, 2012
2T.d. Bugge, 1925, s. 14–20; Larsen, 2013; Lorentzen, 1952; Olafsen, 1908; Omdal, 2011; Sandvik, 1992.
3Holmsen, 1970 [1940], 1976.
4Iversen, 2008, s. 50.
5Lunden, 2002; Øye, 2002.
6Indrelid, 1988, s. 116.
7I kulturminnedatabasen Askeladden.ra.no og databasen over dei arkeologiske gjenstandssamlingane; unimus.no/arkeologi/forskning/
8Fønnebø, 1988; Roland, 2001; Sanmark, 2009, 210; Steen, 1929, s. 211.
9Weller, 2015, s. 68.
10Omdal, 2011.
11KLNM XIV: 692.
12Lorentzen, 1952, s. 55.
13OM, 2010, bind 13, kap. 43.
14Austigard & Holsbøvåg, 1991, s. 7.
15T.d. Egils-soga kap. 4; G V 4; Landnåmabok kap. 123; NgL III: 118–119 og soga om Fridtjov den frøkne.
16Austigard & Holsbøvåg, 1991, s. 13.
17Fritzner, 1896, s. 163.
18Swahn & Bryde, 1991, s. 138.
19Lorentzen, 1952, s. 51.
20KLNM XIV: 712.
21NgL II: 468–477; RN I, nr 1009 Øye, 2002, s. 362.
22NgL III:118–119; Pettersen, 2013, s. 98–99.
23Vellev, 1993.
24Hansen, 2010, s. 16, 21.
25Bowitz, 2009, s. 94.
26Berntsen, 1656, s. 298; Friis, 1632.
27Beyer, 1928 [1567–1570], s. 80.
28Hansen, 1980, s. 36; KLNM XV: 424–435; L III 6.
29Martinsen, 1980, s. 14–15.
30Martinsen, 1980, s. 16–17.
31KLNM XIV: 696.
32NRJ I: 191, 386.
33NRJ IV: 471–72.
34T.d. DN VIII, nr 225 og DN XXI, nr 288; KLNM XIV: 696–697.
35DN XII, nr 52.
36Larsen, 2013; Lorentzen, 1952: 52–53.
37Lorentzen, 1952, s. 49.
38Bjørke, 1987, s. 29; KLNM XIV: 696–697.
39Pettersen, 2013, s. 98; Rynning & Robberstad, 1968, s. 577–578.
40DN III, nr 520; Steinnes, 1936, s. 151.
41Steinnes, 1930, s. 151.
42DN I, nr 348; Pettersen, 2013, s. 307.
43Asgaut Steinnes (1936: 58) reknar ein tommelalen til å vere på 2,37 cm.
44Loftsgarden, 2017, s. 69; Rundberget, 2013, s. 253–254.
45Loftsgarden, 2017, s. 266; Magnusson, 2009, s. 12.).
46Rynning & Robberstad, 1968, s. 574.
47G V 4.
48NgL III: 203–204.
49DN I, nr 348, DN III, nr 520; Steinnes, 1930, s. 151.
50Loftsgarden, 2017, s. 209–211.
51Hvattum, Aars & Hamre, 1993, s. 26; Opedal, 1951, s. 168.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon